29.06.2008
 
Mai-juni 13-14 månadar
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
 
29.06.08
Artemis har debutert på jaktprøve, og i følgje mine planar skulle denne dagboka då avsluttast :-)

Men litt info om korleis det gjekk skal bli, det skjedde ingen ting av det eg var redd for skulle skje.. som at ho knalla eller stikke til skogs :-) derimot satt ho spikra på markeringa, ho framviste stor fart og fin apportering på første markeringa, den andre fann ho ikkje, men jobba intens i stort tempo( eg ser det som mykje unødvendig springing, eller mangel på rutine)

Så var det feltet, her blei Artemis skremt av eit eller anna ( der var ein mann i skogen som bygde seg bru over elva, ved å kaste stein i elva like bak feltet) unge Artemis låste seg heilt, og eg valte derfor å bryte prøva.

Dette med spøk i ufarlige ting er ein ting som kan dukke opp av og til, det er lite vi kan styre slike hendingar, det einaste er å forsette trening som før, og unghunden blir etterkvart meir solid i sitt lille hovud. Artemis er min gullklump, og ho likar veldig godt å apportere så berre vent til ho får litt meir erfaring innabords så kjem vi sterkt tilbake.

 
26.06.08
Vi terpar på lydigheit, men om det vil funke på søndag, det er derfor uvist om eg trekker Artemis. Det er litt mot min filosofi å starte hund som har manglar i form av lydigheit. Førarstyrt moment av type lydigheit bør  eigentlig være på plass. Artemis blir betre etter kvart, men det treng tid før det sit. Vi har trena på å gå fot, vi kastar dymmi i fart, og Artemis skal berre forsette på fot, dette momentet taklar ho bra, også å sitte på fot til ho får signal om å hente. Problemet er at vi ikkje har fått generalisert det til prøvesituasjonar eller under liknande forhold.
 
25.06.08
I går hadde vi igjennom kjøring av ei simulert prøve, det var både og... eg er faktisk i tvil om eg startar på søndag. Dommar var Vidar, og han gjor ein suveren jobb takk for god hjelp, du har ei framtid føre deg som dommar..

Artemis blir ein knall bra hund med tida, men er det "ikkje ennå". Artemis starta med å bryte fotgåinga ta seg ei springe runde... etter på var det to knall apporter ;-) felte kom ho ikkje i gang det vil sei ho rasa over feltet, men kom seg liksom ikkje i arbeid. Dirigeringa løyste ho bra, på siste apporten hindra eg ho i å knalle.

Ser eg på det positive og det skal ein gjere, så har Artermis stor fart,  god markør, og ikkje noko form for lyd, kva meir kan ein ønske seg.. vi manglar lydigheit, men det er førar styrt og det må eg ta på mi kappe og ikkje belastar hund for.

Artemis har akkurat det eg ville ho skulle ha, stor motor og tyst :-) ikkje nokk med det så er ho ein sterk hund, og det ser ut som ho ikkje har plagar frå hofta, Artemis skal sjå lyst på livet, med mykje trening framom seg.

I dag var det symjing som sto på programmet, og her går det fort i svingane, ho formleg hopp i vannet i dag, fort symjar ho også, og har blidt tryggare i vannet. Måse var oppgåva, det var litt problem med taket, Artemis tok tak i vingen ho, men det er det ofte unghundar gjer, dette med grep på vilt kjem etterkvart veit eg..

 
Stor fart heim :-) ja det var Artemis dette. Foto Anne Lene
 
22.06.08
Litt små terp i dag også, vi trenar i hagen på signal ut.. Artemis har også uvanar som å ikkje komme inn når ho får beskjed.

Dette unngår eg ved at eg hentar ho støtt, med meg får ho aldri lov å være ulydig, men her i huset er vi fleire og ho får alltid vere med ut når nokon går ut, men ho vil bestemme sjølv når ho skal inn. Eg ser aldri igjennom fingrane her, alltid inn når eg har bedt ho om det. Ho prøva seg med meg også, men det går nokk ikkje nei.. Sjølvstendig og sta kan ho være, men er verdens beste koseklomp. Tur har vi hat i dag også i fleksiline, ho er ein resar, og alle grøfter skal springast i masse energi har ho.

Artemis har også ei periode no at Arwen skal plagast så mykje som råd, Arwen har lang lunte, men av og til smell det kraftig når Arwen har fått nokk, då blir Artemis litt utsatt, og finn seg noko anna å sysselsett seg med ei lita stund.

Arwen er blidt rar, ho trur nemlig at ho skal ha kvalpar og grev hi overalt, Arwen har eit prosjekt på gang med å grave hi ute, Arwen blir ful av mold etter ho har vore i hagen ein tur. Artemis har heldigvis ikkje fått dette syndromet ennå.

Artemis skal denne veka (trur eg) få prøve seg på litt forskjellige vatn, dette fordi eg har tenkt "kanskje prøve" henne på jaktprøve til helga, og da bør ho kunne hente ei dymmi frå vann. Artemis har supertalent på apportering, men ho manglar erfaring og trening og vi er nokk litt i modigaste og tidligaste laget med å starte henne, men skit litt prøveerfaring kan være moro det.

 
21.06.08
Terp på detaljer, Artemis må bli lydig skal det bli noko premie på ho.. vi terpar på gå på fot, kjekt å kunne, kastar dymmi, og går vidare på fot. Eg vil ha rask hund, og brukar derfor lite korrigering i min trenings filosofi, men eg vil også ha lydige hund, og det krevjast derfor at eg som trenar er våken, unngår at Artemis feilar, trenar slik at ho skal lykkast. Målsetting rask og lydig hund.

I dag har vi vore ved sjøen og sumt, Arwen er med som bakup hund i tilfelle Artemis ikkje hentar dymmi. Idag måtte ho hente Artemis :-) Artemis la i vei i bøljande blå og fann ikkje dymmien, men sømte vidare til havs. Artemis er både rask og god symjar blidt, ho rotar litt med utgangane ennå, men blir tryggare etter kvart, det er likevel usikkert om ho går i vann overalt, dette på grunn av at ingen vann er like, og kanten er ofte hindringar for unge og uerfarne hundar i vannmomentet.

 
19.06.08
Signal er tingen Artemis må programmerast på, rett ut,  stopp, og søk signal. Innkalling på fløyte, det er nokk ein "liten" Arwen i henne då "døv" innkomst utan funn :-( det vil ho ikkje, men med funn er det stor fart heim og alt er berre kjekt.... Artemis er i ferd med å utvikle seg til ein liten turbo, alt skal gå fort, langbeint og rask.. så dette blir ei spennandes dame med tida..

I går hadde vi vitjing av ein liten flokk men lyse apportørar, mine hundar måtte då sitte i ei grind mit på plenen, og det er god trening for dei, det var vist ok for dei å sitte slik å beundre desse små knall fine, og dyktige kvalpane. Her ligg eit lite knippe av bilda>>>>

Vente eller trene på å være rolig burde alle gjere av og til, det er nemlig veldig bra å kunne beherske teknikken med venting. Desse to var ganske tolmodige og rolige i fleire timar berre låg å såg eller sat.
 
17.06.08
Fellestrening for ferskingane i dag, bra oppmøte og det var positivt. I dag starta vi med feltsøk, og alle hundane fekk prøve seg på det, vi jobba på linje, og ein og ein hund må ut kvar sin gong å søke. Artemis er effektiv slik opplever eg henne, stor søklyst har ho.

Vi var også innom momentet utsending, og her er vi ikkje kommet langt, og Artemis får kun svert enkle oppgåver då vi er på signal -stadiet, og det aller viktigast for meg er å programmere signal på henne.

Eit par markeringar fekk også alle hundane, Artemis fekk også to markeringar, og her er eg også tilhengar av enkle oppgåver, trening av hukommelse og lokalisere markeringa spikra er liksom mine treningsmål. Artemis tok markeringane sinne meget bra.. når det gjeld fart så hadde Artemis brukbar fart i dag. God fart heim ikkje nøling etter opptak.

Artemis oppføre seg bra, ikkje berørt av andre hundar eller skott, i dag blei det nesten i meste laget med skott for oss tobeinte, det var ein eller annen som starta å skyte leirduer, og vi fekk såleis haglskuren over oss... litt på grensa det då, men det var ingen av hundane som reagerte negativt sjølv om vi synast det var utidigt.

 
16.06.08
Her skjer det ikkje mykje vi tar det litt rolig etter helgas tur.. , Artemis har vore heime med familien medan eg å Arwen var på tur til Trøndelag, vi skulle ha mini kvalpetreff på Gjølme på fredag, og vi skulle på jaktprøve på fosen på laurdag og søndag.

Det var Aron som kom å møtte oss på fredag, og maken til flott gut, han gjekk rett i hjerte på meg, og nydelig var han, ikkje store karen, men etter min smak. Eit fantastisk fint og mjukt grep på dymmien hadde han også, eg såg ein uslipt diamant i denne karen.

Dei som vi sjå ein fin og (uklipt) diamant kan sjå innom fotosida mi>>>

 
11.06.08
Lydigheit er det som står høgast på ønskelista vår no... Målet blir å få Artemis bra på fot i forbindelse med at ting skjer, holde seg på fot i nye situasjonar. Vi har trena på dette med å gå på fot ganske ofte, men det er likevel ein vanskelig øving å få god. Kanskje den aller viktigaste øvinga for oss å trene på dette, Artemis er så gåverik utrysta med dette med god appetitt på søk, og ho er også bra på å markere, desse momenta kan vi holde igjen i treninga litt, lydigheit er det viktigaste momentet for ein prøvehund.

Daglig stell å pleie går bra med Artemis, i dag klippet vi klør oppe på bordet for første gang, inntil no har vi sitte på golvet, men i dag prøvde vi å få klippet klør oppe på bordet, og det gjekk supert, mykje enklare for meg å få gjorte det på bordet.

Klipping av pels, børsting og daglig oversyn etter flått er nødvendig for ein hund å finne sei i, og det går bra.. her.

 
10.06.08
Nybegynnar trening på Artemis i dag, følte meg litt trøtt i kroppen i dag, og klarte ikkje yte maksimum. Treningsykta blei kort, men likevel bra, og vi rakk over mykje :-) Det var ikkje mange nybegynnarar som dukka opp, men det gjor ingen ting..  etter færre vi er dess meir rekk vi over på kort tid. (men håper ingen er blidt skremt bort, og at dei dukkar oppat på neste trening)

Vi starta med innlæringsmetode på rett -ut , der er det litt delte meiningar korleis vi går fram når vi trenar det (fleire veier til rom som alle veit), men det aller viktigaste er å få hundar som går rett- ut, utan å gå omvegar med søk før dei er framme på staden vi vil ha dei..

Artrmis har ei tendens til å ikkje sitte på bli når eg går å legg ut dirigerings dymmi, eg må derfor trene meir på det momentet. Ho er no tolmodig, men ho har også av og til rakket i rumpa :-) det liker eg, men eg vil jo ha ho lydig likevel. Eg skal derfor ved neste trening ha ho med på fot når eg legg ut dirigerings- dymmi, og trene bli separat sitt og bli, litt dumt av meg å ikkje gjer det i dag, men eg var litt ukonsentrert og sliten eg og .. . :) eit kvart må ein skulde på..

Etter denne trenings sekvensen med ut -sending blei det litt forflytting i bil, for å komme til eit vatn. Vi har alle ferske hundar med lite erfaring i vatn, dette momentet med å gå i vatn trengs trening i, det var lite systematisk trening her, fokuset var symjeferdigheiter, og bli trygg i vatn, vi brukte derfor ikkje skot, for å unngå å stress opp hundane. Artemis symjar fort og effektivt, og ho hadde bra tempo både ut og tilbake, ho nølte litt på den første appoteringa, men så var det gjort, modigare og tøffare etterkvart.

Klumpen min... Artemis
04.06.08
I dag har vi vore med veterinær og teke rønkenbilde av allbuar og hofter, allbuane og venstrehofta så heilt perfekt ut, den høgre hofta som Artemis hadde eit brud i når ho var ca 5 månadar, er nokk ikkje heilt prefekt og kva resultat vi evt. får ved avlesing kan bli diagnose HD, vi har derfor bestemt å lagre bilda med veterinæren inntil vidare. (dette på grunn av at dette ikkje er noko arveleg, men er påført ved ulykke).

Høgre hofta ser elles ikkje altfor gale ut, litt forkalkingar er der, men Artemis skal holdas i god fysisk form og jobbe aktivt med jakttrening så lenge vi har det moro, god fysisk form er bra for alle, og spesielt i slike tilfelle. Håpet er at vi skal ha mange fine år med trening og konkurranse framom oss, og det er ein realistisk tanke, ho fungerar nemlig ganske bra. Vi nytta elles høvet til å få sett ei ny vaksine.

 
03.06.08
Eg og Artemis etter vi har bestått  kvalifiserings-prøva !!
 
02.06.08
Artemis er rar.. i dag skulle ho være med for å prøve eit anna vatn enn det ho har lært å hente dymmi i, men det var ikkje tale om ho skulle, sjølv om vi kasta mange dymmi i vatnet så skulle ho ikkje hente i det heile. Det einast vi oppnåde  var å få Arwen i opera stemning :-) Stor tabbe, men ein lærer av tabbar også. Ein god ting kom ut av det, eg sparer pengane til påmelding til prøve i år. Artemis skal kunne momenta godt før eg melder henne på noko prøve, og det kan ho ikkje.

Derimot er ho flink på passivitet, flink å gå i band til og frå treningsplass, men der stoppar det heile, talent har ho, men vi manglar mykje før vi er prøveklar.

 
01.06.08
Artemis har hatt ei ny økt med trening i apport på vatn, her har vi ein jobb føre oss :-) men vi skal nokk få det til.. vi har framgong i treninga, og det nærmar seg det punktet at eg kan kalle det, ho tør å symje for å hente. Elles så terpar vi på litt av kvart, gå på fot, innkalling med fløyte, sitt og bli, men ho er faktisk unghund som av og til er full av fant ennå.... og eg veit aldri kva ho finn på.

Ferske bilde av Birk er ute på fotosida mi, og på Birk sin side.

 
Dette er Birk og Artemis, som hadde namna haletipp -hann og haletipp -tispe :-)
 
28.05.08
Dette var ikkje enkelt, sitte stille og kunn sjå på kamera, det gjekk ikkje, med sjå på Anna gjekk betre... Kjekt å få tatt bilde av kull bror Birk, flott gut med eit triveleg lynne. Birk var her for å få ny frisyre, og han var villig til å la seg klippe og var rolig og tolmodig. Tok som altid mange bilder, og det blir å plukke ut dei beste å plassere litt her og der, også ein serie på fotosida er planane, det kjem etterkvart.
Artemis til høgre, Arwen i miten, og Birk til venstre.
 
28.05.08
Litt sida eg har hat tid til å oppdatere, men endelig har eg satsa på å oppdatere litt. Artemis har vore på utstilling i sunnmørshallen laurdag og søndag, stor takk til Henriette for hjelp til handling.. resultata og kritikk er ute.

Eg og Artemis har også sett av tysdagane for fellestrening i jakt, moro... Det var første fellestrening i går, og Artemis fekk trene på sit og bli i lag med andre retrieverar litt fot gåing, masse passivitet, skudd når vi sat i passivitet enkel trening men effektiv. Ho er ikkje berørt av andre hundar, det ser ho på som eit naturleg innslag i terrenget, kjempe rolig var ho.

Dette med andre hundar er ikkje noko problem for Artemis, men hadde eg slept fri tøylane så hadde ho vore ganske aktiv og ville leike og springe tulling, men her er eg ganske bestemt, i trenings samanheng er det ingen leik eller snusing, då er det kun jobb som gjelder.

Dette er som oftast enkelt få til på retrieverane, grunnen er kort og godt.. dei elskar jobben med apportering, ( andre hundar blir då som nr 3) eg blir nr 2 og dymmien blir nr 1....  og det ser dei på som målet ganske kjapt, det å få lov til å hente ein apport.. .

I unghund perioden kan det være ein fordel å styre lysta på apporter slik hunden ikkje blir for heit, tenke på alt :-) det same gjelder dette med lysta til å springe tulling i lag med andre hundar. ( vi kan få heite hundar av begge deler) også ganske håplause hundar vist vi ikkje styrar dette. Alle har sikkert sett pinnegalne hundar, slik kan ein trene apportering også, men resultatet blir så som så...

Det var også kjekt at det var så mange som møtte opp og ville trene apportering og som også har konkrete mål om å bli bra. Det har vi også og vi har såleis sikra oss treningskompisar på Artemis sit nivå. Arwen har sit nivå og sine treningskompisar, og da skal Artemis også ha det.

 
22.05.08
Lett trening i hagen etter ein langtur i dag, det blei fri ved fot, hopp over hinder, sitt og bli, og innkalling, og ho fekk hente treapporten, der har ho god fart ut, men ho har ikkje likegod fart heim, her må eg jobbe med saken.

Etter helga skal eg starte å trene henne i lag med andre ferske hundar i jaktmoment, det har ho ikkje opplevd før, og Arwen skal være heime, det skal kun være Artemis eg skal ha med, og Artemis kan berre glede seg på litt åleinetid for jakttrening. Vi skal trene til vi er god nokk til å nå toppplassering før vi startar, vi startar ikkje med håp om 3 premie, vi startar med håp om 1 premie, og kan få 0 eller 3 premie ved at vi er uheldige.

Det er endelig blidt godkjente kvalifiserings dommarar her på sunnmøre, og vi får tatt prøva her. Vi har gidt beskjed til dommar at vi skal ta prøva når dommaren har tid.

 
21.05.08
Handlings-trening på Artemis i kveld, ho og Henriette er flinke. Artemis er veldig lett å handtere, og derfor også lett å stille. Ho står fint, spring fint, står i ro når dommar ser på tennene og kjenner på henne. Flink jente  Artemis.
Her trenar Henriette Artemis i å stå fint framfor dommaren, det regna og det synast ikkje Artemis var noko å logre for :-)
 
Litt tettare på Artemis her.
 
19.05.08
I dag var det handlings-trening på Artemis og Henriette, og begge to er flinke. Litt trening i forkant av utstilling er bra, Artemis er rolig og ho er enkel å handtere reine lammet :-)Tidlegare i dag vart det både klipp av pels og klør som måtte gjerast, så no er ho klar til utstilling igjen..

På hundetrening i dag trena eg med Artemis fotgåing, sitt å bli, alt dette med ein stubb line i halsbandet. Litt avstand til dei andre hundane var det, men Artemis har bra kontakt likevel, vi trenar til kvalifiseringsprøva.

Momenta som lineføring, fri ved fot må fungere før vi stiller til jaktprøve, det er ikkje berre apporteringa som skal sitte, mange små detaljer som også skal være på plass. Vi skal på utstilling til helga så det blir ikkje fleire symje treningar på henne før etter utstillinga. Eg har derfor kanskje utsett prøvedebyen til Artemis til etter ferien, ingen bør starte før dei er klar på prøve, det aller viktigaste er at hunden er klar, ikkje berre nesten klar.

Vi tok også ei naseprøve øving på hundetrening i dag, Aud hadde med pinnar, og eg lånte ein pinne med henne, rørte den minimalt, og la den i lag med to andre pinnar, Artemis søker å søker på pinnane, og plukkar riktig utan å plukke på dei to andre, så sjølve søksmomentet sitter godt i henne.

I Formiddag det lang tur i fleksiline, været var pøsande regn med innslag av kaldt regn.. ikkje noko sommar i lufta nei, snøen har lava ned i fjellet, men turen var likevel forfriskandes.

 
15.05.08
Ny time for å få Artemis i vannet :-) he he.. Vi venter med prøvestart til hausten tenker eg, vi har mykje ennå som skal inn spikrast. Artemis er veldig glad i vatten, men når det ikkje er feste for beina er det stopp, og på grunn av at det er fole kaldt i vatnet ennå, så kan vi ikkje holde på for lenge i gangen. I snor var dymmien, men Artemis er ei klok frøken, og fann fort ut at dymmien kom til lands berre ho venta lenge nokk, veldig tolmodig hund dette. Vi gav opp og prøver på nytt ein anna dag.

Eg har vore på lang tur i regnværet med begge hundane, Arwen gjekk i kort koppel og Artemis i fleksi, elles ikkje noko trening på oss. Skal sjå om eg for organisert litt fleire med ferske hundar så Artemis får trene litt ho også i lag med andre, eg tar ikkje henne med når eg trenar Arwen dette for å unngå halvgjort jobb.

Litt trening på plene er det kvar dag, og eg jobbar med innkalling med henne, ho er litt sån, eg tar den tid eg treng. Artemis er ein meir bedagelig type enn Arwen, og det fører til at farta er nokre hakk lavare. Ho lar seg ikkje påvirke av stress, ho er eigentlig ei utruleg herleg type som vi har blidt veldi glade i, ein snill koseklump som blir dullet med av alle.

 
13.05.08
Første time i symje treninga er unnagjort :-) Artemis tok sats sprang etter dymmien, og plump så måtte ho symje, men ho sumde ikkje etter dymmi, men i land. Det var den timen, ikkje så langt ut fleire gonger. Vi skal prøve på nytt då med dymmi i snor, vi gir ikkje opp så lett. Artemis synast nemelig at Arwen kunne hente dei inn på grunna så kunne ho ta i frå Arwen dymmien for så komme til meg med den, dette ser eg ikkje som noko god løysing, så det blei heim på plenen å trene på å sitte stille, når Arwen kom med dymmi, steling liker eg nemlig svert dårlig. Kjøre reglar må vi ha.

Neste trening blir det dymmi med snor i, den metoden brukte eg på Arwen også, ho var ca 1 år før ho var trygg på symje jobben. I dag har Artemis i tilegg til symje timen fått søk på prøvepinne, og heile øvinga naseprøva.

Øvinga i søket er topp, det eg ikkje er nøgd med er at ho vil ete litt på pinnen på veg heim eller stoppe å smake litt, veit ikkje heilt kvifor, men Artemis likar å gi seg tida til det ho vil, så er må eg nokk søke assistanse på korleis ting skal handterast. Ikkje alltid det er plankekjøring her med treninga.

Vi har fått bilde av Bruno i Finland, han ser ut til å likne mykje på Arwen, han er brun, men ser nesten svart ut, ta gjerne ei tit på Bruno, klikk på linken så kjem du direkte til bilda.. Flatcoat-Arwen's Art-Brown>>>>

 
12.05.08
Det har vore lite trening på Artemis i ei periode, men no er konfirmasjonen overstått, og den dagen gjekk flott, vi hadde ein fin dag, men 34 gjestar og masse av mat, Artemis og Arwen måtte tilbringe nokre timar i bilen, det har dei gjort før, og er ikkje noko problem. Dei blir nokså nysgjerrige når plutseleg så mange gjestar dukkar opp på ein gong, og... ein del nysgjerrige små barn som vil helse, og flattane mine kan nokk være litt intense, og eg synast derfor at å ligge i bilen er den aller beste løysinga.

Treningsmålet blir no å få Artemis til å symje, har ikkje meldt ho på prøve, og eg kjem ikkje til å gjere det heller før ho kan symje, og har tatt kvalifiserings prøva, vi har eit hav av tid. Vi skal også få oss ein time med veterinær for å få tatt bilde av hoftene hennar, dette er viktig så eg får ein liten peikepinn på korleis hofta har utvikla seg. Alle  Ar- barna bør ta ein tur til veterinær for å ta bilde av hofter og albogar nå.

 
02.05.08
Lang tur i dag også i fleksi line... heime trenar vi fri ved fot, og litt apport ( gode vane) sitt i ro til du får lov til å hente.. Apport da er ho som Arwen i lause lufta, synspåverking av dymmi eller ein apportbukk tenner Artemis til å gå av skaftet, og rett til vers :-) kjempe kjekt det.. Men vi må då også ha absolutt lydigheit når slik adferd blir utløyst.

Artemis sitt også i koppel og ser på Arwen trenar lydigheit, og då sitt ho still, og følgjar godt med i timen, og det er fin passivtests trening. I tilegg ser ho på meg som vaskar her og der, vi skal ha konfirmasjon neste helg, og huset må ha rydding og skjeing i form for glas og takvask :-)

 
01.05.08 
Artermis har fått lang tur kvar dag i fleksi uten Arwen, dette med å prioritere åleinetid med henne er viktig, ho må også lære kjørereglane.. Vi har så å sei gått i skogen heile vinteren utan å treffe folk, og andre hundar, no er det plutseleg mykje folk og hundar på tur. Artemis trenar mykje på å gå fint når vi treff andre/ ser andre, det går faktisk godt ann å trene på innkalling sjølv om ein er i band :-) kom til meg å gå med kontakt når noko dukkar opp, sitte fint og vente når vi treff nokon å snakke med, enkle reglar, og meget nyttige.

Gå påfot trenar vi mykje i hagen dette er eit moment som må sitte skal ho trene apportering. Sitt og bli må eg trene mykje meir, ho har ein tendens til å glømme seg bort, og røyser seg opp for å gjer noko anna:-) grunnen er nokk eg som har slurva med innlæringa, meir terp, terp.. Har ikkje noko ønskje om å stille for strenge krav til henne, (skal like jobben) ho likar kjempegodt å apportere, og prøver seg på stadig på å stikk utan lov signal .. Artemis er litt døv, og ikkje fult så samarbeidsvillig som eg ønskjer, men ho blir betre og betre etter meir eg trenar henne.

Skal nokk presentere henne for vatn snart, og sjå kor enkelt/vanskelig det blir å få henne symjandes på vatnet. Har mål om å starte henne på nokre Bk prøver i år, men det er mange prøver vi stressar ikkje med å starte, målet må være høgaste premie, og det er det langt igjen ennå før vi er der.

Det tar tid å utdanne hund og få den sikker i øvingar, men å gjer det skikkeleg har ein igjen for seinare, bruke tid på alle moment, og spesielt dette med kontakt å tillit. Mange veier til rom, men eg brukar den mest effektive etter mit syn... trenar med betigaforsterkar og eg brukar både klikkar og bra og takk på Artemis. Det gir best læring når ein beherskar riktig taiming og serverar beløninga etter at signalet forsterkar er på veg er gidt. Det viktigaste av alt er at vi veit korleis vi vil ha vår hund, då belønnar ein den adferden som ein vil ha, og forhindrar uønska handling som ofte er sjølvforsterkandes og like lærerikt som ønska adferd.

Artemis 1år.