30.12.2008  November 08
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
Denne boka er eigentlig opphørt, men alle reglar kan endrast synsast eg :-)Vi skulle stoppe dagbok til Artemis når ho hadde starta på jaktprøve, men... ny regel er at vi stopper når ho har gjennomført ei prøve med premie.
30.12.08 
Abbi  på veg heim med dummy, er nokk nær mor nå ser vi på auge kontakten.
Artemis og eg hadde treningskompis i dag også, heldige oss, det var Britt og Abbi som tok turen og vil trene litt.

Nokk ei økt med god trening, vi trena markering, og i tilegg hadde eg to retningspunkt.

Artemis måtte plukke inn dummy frå utlagde/kasta høgt opp.. som er plasserte på eit kjegle punkt, og eit anna punkt over ei grøft. Ho får vekselvis markering, sitte passiv å sjå på Abbi, og gå til punkta for å hente dummy.

Denne klompen har hovudet på rett plass :-) husker og går i anvist retning utan å tvile eit sekund. Markeringane løyste ho også bra, og tempo og avlevring kan heller ikkje klagast på.

Det eg liker godt med Artemis er at ho held fokuset og eig ikkje eit snev av stress. Alltid avslått, men når det er hennar tur trår ho til. Vi fekk vår dose med passivitet når Abbi og Britt jobba, og dette må til med alle som vil opp å fram, passivitet er å kunne sjå annen hund jobbe, og sitte laus utan å forstyrre anna hund i jobb.

Ha Referanse å forholde seg til synast eg er nyttig både på markering og i uttrening. Når vi trenar på openmark kan det være lite referanse, men det kan vi fikse og eg brukar kjegler når mark er frosen og pinnar ikkje går i jorda, og det gjer nytte vertifall for mit auge, eg ser kvar dummyane er, og er aldri i tvil om retninga eg peikar inn hunden på.

Markeringstrening handlar om å fotografere av området, på mark utan referanse kan ein snøflekk, eit traktorspor osv.. nyttast til referanse, men ei kjegle kan også nyttast som referanse, her skal vi hugse på at det var nettopp dette med å trene opp unghunden til å fotografere av området, og då legg vi forholda til rette i markeringstrening. Legge ut på store tokt og søke av store område er ikkje markeringstrening... Har sikkert mana om dette før, men minner meg sjølv på det ofte :-)

Det blei litt tid til å fare over hundane med børste også i dag, eg tok dei opp på benken ute i hagen ein etter ein, og gjekk raskt over dei. Litt laus pels er der, men eg vil ikkje prøve på å fjerne ull, dette på grunn av at ulla varmar litt. Derimot er det laus ull, det ser eg på golva inne og det tyder på at ? løpetid på gang håper berre på at det er rette hunden som får løpetid først. Arwen har lange intervall på sine løpetider,( og det er positivt) men når ein skal pare hund så kan ein vente og vente :-)men kanskje det er noko på gang, ho har nemlig blidt litt vell glad i å ri på Artemis, så vi får sjå i morgon..

 
 
29.12.08 
Artemis og Emma
Vi er heldige ennå med veret, ein del bare marker finst, og det er trening og atter trening :-) I dag var vi så heldige at Henriette og Emma var med oss på trening, og det blei derfor etterlengta markeringstrening, i tilegg retningsending.

Artemis skal få mykje åleinetrening med meg når andre stiller opp og vil trene, dette for at eg må få perfeksjonere ei del adferder. Artemis er stødig etter min meining den perfekte flat :-) Det eg vil jobbe med på åleine treninga (utan Arwen, men med treningskompis) er dette med gå fot, sitt og bli, sette seg i riktig posisjon ved foten, reagere på ein kommando osv.. altso bli flink pie. Dette er momenta som blir slurva med når eg går med to hundar, dette tar tid å etablere og ein treng å trene ein del på det skal det bli bra.

Over til treninga, vi trena markering både enkle og doble, Artemis løyste alt utan nemne verdige feil, ho hadde også eit depo med dummya ved eit kjegle punkt, som ho måtte hente inn av og til. Alt forgikk med laus hund når det var tid for arbeid, i alle andre pausar fekk ho på koppel, dette for å unngå mas, og masse sjølvbelønning.

Retningssending over ei grøft var også med i treninga vår. Artemis blanda seg ikkje inn i Emmas jobb, men sat rolig å følgde med til det var henna tur.

 Litt bilde av tennisballleik etter trening ligg her >>>

 
27.12.08 
Vi er såååå heldige og har eit praktver her med oss, mildt reine våren :) Vi har derfor hat korte ykte med dummy trening både i går og i dag. I går var det atelege trening det vil sei (innmark). Ut og atter ut bestod treninga av + litt fotgåing på Artemis. begge hundane var med og det vart derfor passivitet i tilegg.

Momenta var enkle, og eg prioriterar trening på hundane sine primissar, dette å lukkast på treninga er mykje betre å prioritere enn å gjer det så vanskelig at det blir mykje feil, det kan som dei fleste som trenar hund veit, føre til frustrasjon både på førar og hund. Hundetrening skal være ei glede og ein berikelse for alle, og vi bør derfor ha det moro og lykkast utan at ein treng noko form for korrigering.

Artemis kan eller vill ikkje sitte spikra i bakken når eg jobbar med Arwen, dette momentet med henne ser eg meir på som eit gode eller noko negativt, ho får styre med sitt når eg trenar Arwen. Det positiv med dette er at ho rett å slett ikkje skrur seg opp i passivitet med kjedar seg, og finn på små ting rundt oss, men ho legg seg ikkje inn i Arwen sit arbeid :-) pussig med positivt. Når det er henna tur er ho klar å ho jobbar både fort og rutinert.

Over ein bekk eller ei djup elv var ein av vegane i utsendinga, dette med naturlige hindringar legg eg inn i treninga når eg trenar hundane, rett ut er rett ut og ikkje langs med, viktig å trene på dette. tilslutt fekk ho ei dobbelmarkering på open mark, eg kasta sjølv sida eg trena åleine. ( same øving til Arwen, og Artemis sitt spikra i passiviteten her)

I dag var det også ei kort ygt med trening, men i skogen. Rett ut eller retningsending var også øvinga i dag, over grøft i dag også, med knappare vinkel til dummy, og anna kvar inn. Vi avslutta med felt 11 dummy delt på to. Artemis er god på felt det kan eg trykt dele med dokke, ikkje noko knussel her, og nasa hennar er meget god. Ho markerar vitring på veg heim, men byter ikkje.

I tilegg sida det er jul og vi har god tid til det meste, har vi trena litt klikkar dette inne i kjellargangen, fri/ved fot sitt å bli, dekk å bli, er øvingane eg jobbar med på Artemis.

 
25.12.08 
Artemis fekk tur åleine i dag :-) Åleinetid er tingen skal vi få framgang i treninga vår. Artemis skal fungere i trenings settingar åleine, derfor må eg av og til ta med kunn henne. Ho har ein liten uvane med å boffe litt det håper eg ho veks av seg, men men .. ho startar med nokre djupe boff når ho ser ting ho ikkje heilt har kontroll på.  I dag var det kanskje mykje folk i skogen som ikkje brukar vere der til vanlig :-) litt mørk boffing  må til synast Artemis. Dette gjer ikkje Arwen og eg håper i det lengste at det forsvinn med Artemis, ikkje noko moro når folk blir skremde av hundar, dei som ikkje kjenne hundar/raser eller annen adferd på hund, kan bli skremde av slik boffing.

Dette med å gå bak når ikkje Arwen var med var litt vanskeligare enn eg hadde trudd, Artemis hadde problem med å holde seg bak, og kom opp på sida og fram om i eit sett :-) hum hum.. ho går mykje betre bak når ho går i lag med Arwen ? kvifor. Tren meir åleine er einaste sikre løysing.

Vi hadde ei treningsøkt før tur og ei etter. Den første  økta bestod av utsending i to retningar, og eg kasta dummyane til sameplass 3 x 3 ho måtte hente ein i frå kvar retning anna kvar gong, stor fart og flott arbeid.

Neste moment etter turen var felt, her var Artemis med ut når eg la ut 6 dummya, og eg la dei opp i tre, på stein og tuer. Her med gjor ho utmerket arbeid, og i stort tempo, dette var også etter ein timers tur med mykje springing i bratt terreng, eg var spent på motivasjonen hennar etter turen, og det å ikkje ha Arwen som konkurranse faktor, men motivasjonen sat den, stor nøgd med klompen min i dag eg..

 
 
23.12.08 
Tuttene klare til Jul, her har det blidt lite konstruktiv trening i det siste, har så vidt rukket å få tat eit nytt bilde det er alt :-) eller så går det i vasking og handling, men no er vi klar til julefeiring !!!

God Jul til alle og takk for alle julehelsingar vi har fått, ein del e-postar er det og somme inneheld kort eller bilde/kort, og no i desse digitaletider, så kan ein godt sjå julekort på internett og eg har derfor lagt ut korta mine så alle kan få lese kort, og eg  har då lettare tilgang på å lese dei på nytt smart ikkje sant :-)

 
19.12.08
Artemis har vor med åleine utan Arwen heim til Sandsøya på julegåvebyting :-) snartur... i ruskever.

Ho var litt urolig å ville helst være ute... ikkje fult oppdratt koseklumpar er ikkje det enklaste å dra på når ei er ute og reiser, men stort sett gjekk det bra, masse niser juletre og litt av kvart hadde mamma fått fram, men det gjekk no bra, Artemis oppførte seg og lot ting og tang stå i fred.. ho sov på golvet til kl 7.30 då var det gjort skulle det liggast lenger så skulle ho ligge i senga :-)

Litt tur fekk ho i fleksi line, litt springing på marka etter tennisball blei det også tid til.. Hadde med kamera men mørkt var det så ikkje noko optimale forhold til fartsfylte bilde i dag nei.. det meste gjekk i bosset som normalt er.

Må vell til å spare til eit betre kamera tenker eg, og endå betre optikk :-)

 
17.12.08
Jakttrening, kort økt i dag. Det er mildt, og enkelte bare flekker i skogen for oss ut i jobb, og i dag kjørte vi felt, rett ut og doble markeringar. Artemis er litt løya, men det er er alle klompar :-) Ho vill ikkje lenger sitte still når eg går å legg ut felt, vi må altso ta å reinnlære sitt å bli eller vent her. No har eg koppel så saken var grei å løyse, eg har tidlegare løyst problemet ved at ho har fått blidt med ut å legge feltet, det er ikkje noko problem det heller, men ho skal sitte å bli medan eg legg ut.

Stort felt med 11 dummyis, to hundar som plukkar inn så det går fort. Passiviteten er bra, still er ho, men har ein tendens til å dette ut, altso legg seg å spis gras eller finn på eit eller anna (det er mykje meir behagelig enn om ho hadde laga lyd). Derimot når ho er i jobb så går det for full rulle, og ho finn dummy i dag var det dummy over alt, og oppe på steinar og i trær. Ho bytte i feltet i dag, eg klarte ikkje å stoppe henne, men skit slikt skjer sjølv med rutinerte hundar, og det er ikkje noko ho gjer til vanlig og vi har ikkje hat problem med byting så.. dette ser eg lett på.

Eg laga rett-ut sendingsøvinga på ein enklare måte i dag enn eg har hatt til vane å gjort tidlegare. Eg kasta ein del dummya på to forskjellige kantar, men til ca same område, brukte rett-ut signal i utsendinga, det var byting av retning, og Artemis gjekk rett på plukka å kom fort heim, dette er for å spikre retningssans inn i hunden.

Tilslutt fekk ho to doble markeringar som ho løyste bra, i tilegg måtte ho sjå på Arwen når ho fyk i veg på sine øvingar, og her er Artemis flink ho ser på Arwen eller snur rompa til og starta med eit eller anna, blandar seg aldri i Arwen sin jobb.

 
12.12.08
Ei kort økt med jakttrening på Artemis i dag, eg tok ho med åleine til den same plassen som vi var sist. Treninga i dag var kort, men vi hadde ikkje unødige feil i treninga vår, og det er det allerviktigaste. Opplegget ved ein kvar trening skal være av ein slik art at Artemis lukkast 98 % .

Ho starta med å ville beite i dag også, men sida eg hadde kun med henne er det lettare å være meir aktiv, og dermed oppnå ei ønska handling på Artemis i staden for å sjå igjennom fingrane med beite på graset som stikk opp igjennom snøen overalt.

Eg prøvde å få litt fart på henne for å kunne blåse eit støyt i fløyta og kaste ballen med tennisball kastaren, men det gjekk ikkje ho ville ta ting med ro. Det blei derfor ikkje noko effektiv stopp trening i dag, vi gav oss på det.

Vi starta i standen med å gå litt fot, som seg hør og bør høyre til på kvar trening :-) vi slurvar litt her .. dette på grunn av at eg har med to, då blir det gåbak i staden. Artemis skal trenast ein del åleine, og eg vil prioritere det.

Linjetag i to retningar trena vi og det går kjempebra, ho spring fort når ho er i det hjørna, både ut og inn, og kan øvinga veldi bra. Vi brukar ikkje dei store avstandar ennå, og på slik skaresnø er det rein tortur for labbar eller potar, så vi modererar oss ein del for å unngå skade.

Litt retning anvisning var vi innom og ho har god forstålese for å vente på signal også kva signala tyder( dette har ho trena ekstremt lite, men Artemis er klok og husker godt) Ho fekk også ei dobbel markering som ho løyste fort og greitt.

 
09.12.08
Her blei det litt apport trening på Artemis i dag, Ho starta bra, med godt tempo og jobba effektivt, vi var på ein ny plass som ho aldri har trenet før, og Artemis var kanskje litt for mykje opptatt i ting som ikkje hadde med trening å gjere, snuse osv.. fann seg katta -skit og gras, ting som eg vil at ho skal oversjå når vi trenar.. men men slik er det ikkje alle dagar er like for nokon.

På Artemis kjørte eg linjetag i to retningar, og eg kasta opp dummyane slik at ho skulle være bombesikker på retningane. Det blei kanskje litt for tøft for henne for ho starta å byte dummy det har ho ikkje gjort under trening tidlegare, kvifor tja.. ny plass for mykje påverking med fleire kast opp eller eit eller anna utløyste feil handlingar.

Siste dummyen som ho fekk starta ho også å tygge på, og då blei det hennar siste i dummy i dag. Artemis kan ikkje få så mykje jobb som Arwen ho får heller sitte å ete gras og trene på passivitet. Neste økt skal være kort for henne, ikkje mengde trening på henne kun kvalitet :-)

Etter trening kjørte vi til skogen, og Artemis og Arwen fekk lov til det dei likar aller best, springe tulling og kjempe om kjeppar så store som trær.. snuse litt i reve og hjortetråkk eit og anna harespor ser vi også, så det er mykje å holde styr på for tuttene på tur. Kjekt å være hund vil eg tru...

Har frå i dag av putta klikkar i lomma igjen, eg har ikkje brukt så mykje klikkar ( som betinga forsterkar ) for Artemis, men eg har no endra litt på mine planar, og eg vil ha ein raskare reaksjonsmønster  på Artemis derfor blir det klikk i staden for bra. he he..

Artemis har derfor i kveld trena bakpartskontroll ved vegg, ho har rygga, og ho har svinga i rygginga, og er mykje raskar i arbeidssituasjonar når eg klikkar. Eg hadde eigentlig ikkje tenkt å trene noko særleg lydighet med henne, men eg gjer det no for å få litt vintertrening, og vil lære henne dekk å bli, det kan ho ikkje fordi eg ikkje har lært henne det. Det ho er veldig flink på er avstandsbelønning, eller versogod, Artemis trivst ikkje med mengdetrening eg må derfor trene henne opp til å holde lenger, ho er utrolig utoldane på tur og når ho spring fri og leika seg, også i fri søksoppgåver fungerar ho meget bra.

Problema kjem når ho skal konsentrer seg å jobbe over lenger tid med noko, då går ho tom eller flippar ut.

 
Tur.. er moro, her er Artemis på ein av sine ekspedisjonar, som de ser så er det mørkt i skogen og vanskelig fotoforhold, men på grunn av at eg tar bilda mine i raw format så er det mulig både å over, og under eksponere, derfor kan ein skimte at det er ein hund, og ikkje ein hjort som står der bak ei rotvelta bjørk.
 
 
08.12.08
Lite som skjer her med oss i desse snø tider... tur har vi som oftast kvar dag, og i dag var standar turen opp på heiane i meir snø enn sist. Einaste kommandoen vi brukar er bak, og bak må dei gå der vi kryssar tur råser, og eg ikkje har oversikt eller full kontroll. :( Vi, eg Artemis og Arwen hadde ein fin tur og vi blir nokså trøtte etter turen alle tre så resten av dagen går til å kvile seg ut igjen :) he he.. ikkje fult så gale då, men etter tur er det soving på hundane og i dag blei dei skikkeleg trøtt.

Snøen som kom i natt kom temmeleg overraskandes då det var mildever i gårkveld, og eg hadde trudd det var regn som ville komme, slik at snøen reiste meir, kontra la ned meir eg vil ha barmark eg til trening. Snøen i dag var likevel betre for hundane enn den skaresnøen som har vore, det er særdeles hardt for potane, og har ein to hundar så blir tempo og bevegelse mønster mykje større enn med kunn ein hund. Desse to eig nemlig ikkje hemningar i det heile verken på fart eller terreng, det går fort og hardt føre seg i skogen, og ein del slitasje på potar har det blidt. Neste gang eg skal på felleskjøpet skal eg kjøpe spenefeit, det skal vist være bra for potar, og har ein det klart i bilen så er det berre å smørje på før vi dreg på tur, det er viktig å førebygge skade også ikkje berre reparere :-)

I desse førjulestider så er det litt som må gjerast, men eg er ikkje så hyper på alt... det meste blir i siste liten før jul, men litt ekstra julehandel, vask og baking blir det her også. Det blir tidleg mørkt og seint lyst så dagane er kote, så den tida det er lyst går fort. Vi kan glede oss til at det ikkje er så mange dagane før sola snur, og då ser vi lysare på alt :-) håper eg.

Lite bilde taking blir det også no, eg likare rikeleg med lys når eg knipsar, og kan ikkje fordra verken blits eller høg ISO derfor minimalt med bilde. Eg har derimot hatt ei økt med snekring på heimesidene mine, bytt farge på foto og koppel sida mi, er det nokon som synast fargane var pyton eller ? høyrer gjerne frå dokke som har oppdaga skifte, blei det så gale som nokre sei eller ? he he.. litt for mørkt eller for brunt eller for gult :-)

 
01.12.08
 
Første desember og tida går fort..

Det har vore litt tur kvar dag, men ikkje noko trening av betyding, her er det fri oppdraging hi hi.... Kva er det, jau det er kort å godt berre være hund utan mas.

Skal ein ha lydige hundar som eg vil ha, då er ein kommando nokk..  Kommandoen skal utførast utan så mykje om eller men. Derfor er ikkje humøret eller treningslyst til stede så er det fri flyt av adferd ( hum sjølvbeløning tenker nok nokon no, det er noko som eg maner om på kurs, hunden forsterkar seg sjølv med uønska adferd) tja, det kan nokk hende mine også gjer til tider, men når slike ting dukkar opp er eg i forkjøpet, og eg har ikkje kvalpar lenger, og ein del adferder/ vaner er allereie etablert..

Det eg vil få fram at eg seier ikkje gå å legg deg eller sit i hytt å pine, når eg ikkje jobbar med hunden. Mine hundar gjer som dei vil, legg seg litt her og litt der, sit med hovud på kneet mit og vil ha kos og får å klart det, eller hoppar opp på fanget når eg setter meg ned, dette også for å få kos, dette er det kun Artemis som gjer ikkje Arwen ho må inventerast opp. Arwen ligg alltid i nærheita av meg, Artemis ligg der ho ligg best, og er ikkje så avhengig av meg inne i huset.

Det same ser eg på tur i skogen Artemis har mykje større radius enn Arwen, Arwen  ruslar mest i lag med meg, og vil ikkje gå glipp av evt. oppmerksem, kanskje.. Derimot er eg ute med kommando, innkalling både med og utan fløyte, gå på plass, gå bak, så er Artemis på plass ganske tjapt, eg har altso både ein sjølvstendig hund og ein lydig hund i Artemis. Eg misbrukar berre ikkje kommandoane, og eg masar ikkje.

I dag blei det ein ganske har tur i vanskelig snø, ikkje laus og ikkje hard sån mit i mellom, og det er ekkelt og tungt å gå i. Artemis klarte seg bra, og det gleder meg storvegs. Vi hadde også med oss 6 dummya, vi leika oss litt med før vi gjekk på tur. Eg plasserte alle 6 dummy i ein runding, og vi rusla oss ein 100 meter, same øving både til Arwen og Artemis, Arwen får hente 1 dette for å vise veg, hum hum, ho lære opp Artemis :-) Så får Artemis hente 2 dummya, dette går i stor fart, og i unnabakke for hente og i motbakke tilbake. Arwen får ta inn dei neste tre.

I denne øvinga så er det både, sitte og vente på tur, vi har rett utsignal, vi har søkdersignal når dei er på rett plass. Faste rutinar.. med fløyta i munnen på meg, hund sitt fast i sjå i rett retning før ut signalet blir gidt. Dette gjor vi to gangar, og dummyane låg igjen når vi reiste på tur. Etter turen kom igjen  igjen frå ei anna retning, og fekk dermed treent ut -signal i motbakke på 150 meter i snø, dette er både hardt og tøft for dei fleste. Vi starta med Arwen igjen, ho tok inn to, så fekk Artemis ta inn inn to, og så Arwnen og Artemis til slutt, dette gjekk fort unna, planke opplegg, men det er ut på jobb utan å mokke, vi har lydighetsmomentet i tilegg som er sitt medan den andre jobbar, og ikkje noko mas eller lyd.

Hundane trivast med denne type aktivitet, eller er det eg som gjer det :-) nei mine hundar elskar å apportere, men eg kastar aldri pinnar eller ball unødig det er alltid kopla opp mot jobb. Når vi er på tur så er vi på tur, hundane river seg opp greiner store som trær for å springe rundt med, men eg tar aldri i ein pinne for å kaste til hundane mine, fole løye det synast andre som meinar det at pinnar må ein kaste til hundane for det likar dei så godt, mine med så klart, men dei får finne pinnane sjølv og springe rundt med, det er lov..

 
24.11.08
Så blei det tur på hundane i skogen i dag likevel :-) Masse snø, Arwen ruslar i lag med meg, men Artemis må undersøke alle hjortetråkka so ho har nokk ein del meir fart på enn Arwen, godt å sjå at snøen ikkje hindra henne i aktivitet, det er ikkje det enklaste å bevege seg i djupsnø...

Trening blir det så som så med, i dette snøvêret, men det får tar vi  ta igjen.

 
23.11.08
Då er ny sveis eit faktum, om eg ikkje er så glad i utstilling så vil eg ha velstelte hundar med fin frisyre likevel. Mine hundar er derfor nesten alltid skamklipt eller nyklipt :-) he he... ikkje like enkelt å få det likt på begge sidene, men det tar eg ikkje så nøye. Derimot skal hundane på utstilling så klippe eg i god tid slik det vekse litt ut -igjen, og det er finstuss rett før utstilling, ein flat skal ikkje sjå for mykje klippa ut, men den skal være velstelt.

Dei har også fått seg ei dose med drontal ( markemiddel) begge to, det er haust og vår rutine, dette er for hunden sit beste, snyltarar som orm skal ikkje hundar plagast med. ( No er det diskusjon om vi brukar for mykje preparat til dette, og det trur eg, somme brukar for mykje og somme for lite.) Misbruk føre til at hundane blir imun mot middelet, og må bruke andre middel. Det kan derfor være lurt å skifte merke av og til, dette gjelder spesielt om hunden bær preg av å være angripen av orm. Gir vi middel og synast at hunden er like pjaskete, så prøve eit anna merke, eller eit merke som tar alt. Eller snakk med veterinær om dette. Det er forskjell på smittepress også, og kva hunden et osv..

Vi har i dag vore på tur i band, det er så mykje snø i at utanomvegs må ein nesten ha på ski, og eg er ingen stor skiløpar, og tyr til truger vis eg må, men i dag gjekk vi etter vegen, og det må vi også gjere av og til. Artemis er litt hard i bandet, og er ikkje alltid like flink til å gå i band, ho er rå sterk, ho får så klart ikkje lov å gå slik så litt mas blir det.

Går ho åleine brukar ho fleksi, no problem, men berre gå fint ved mi sida kan være fole kjedelig for henne. (det må ho når eg går med både henne og Arwen). Tydelig ho var frustrert for ho ville ut i hagen med det same vi kom frå tur ( ho sette inn søse-giret, sprang og sprang i mega fart berre rundt og rundt).

Dette med frustrasjon er ting vi av og til opplever på hundar, og det må berre av og til ut i slik søse springing, dette har eg opplevde på alle mine hundar, til å med på min gode gamle golden, ho fekk det også når ho blei ekstremt glad. Det som utløyser slik adferd kan være mykje, det kan være venting på mat, det kan være at vi er sint, eller sur, det kan være at hunden har bygget forventningar, og så blir det noko heilt anna, som i dag tur i koppel, når ønskje var tur i skogen ? det går vertifall fort over, og alt normaliserar seg like fort som det dukka opp, eg har ikkje sett dette på Artemis før så det var ei ny erfaring, og eg kan fastslå at ho er heilt normal.

 
22.11.08
Her skjer det ikkje mykje, berre snø ikkje råd å komme seg fram nokon plass fysj.... dette liker eg dårlig. Hundane derimot synast det er stor stas å base i snøen i hagen vår, og det får dei lov til. Artemis og Arwen har vore ein del ute i snøen i dag, men har langt i frå brukt heile hagen, og det tyder på at det ikkje er så lett for dei og bevege seg i store snø masser heller :-) Dei har vertifall fått gjort reine pelsane sine, og eg får nytte høvet til å klippe litt front på dei, det ser faktisk ut som det er kun der dei har pels, og der blir pelsen også for lang, pussigt lure på om det er fleire som er plaga med dette?

Vi får ta litt klo og pelsklipp i morgon tenker eg, eg klipe forresten klørne deira i veka som var, men klørne veks fort når det er snø og 0 slitasje. Pelsane er på veg tilbake, om ikkje så lange, men tette og glasfulle, med rikeleg underull, og eg saknar naturbust børsten min, eg har ikkje tatt meg råd å kjøpt ny etter at Artemis tygde den opp :-) Eg brukar derfor gummikarda i staden og går over hundane med den,  det gir ikkje det same resultatet i glans, og lufting.

No når pelsen er på veg ut, er det viktig å bruke børsta som ikkje slit ut fast pels/ underull, men børste som reinsar og lufter pelsen godt i tilegg gir massasje av hud. Stelle er viktig for pelsen og huda skal holde seg frisk og glasfull, smuss og rusk skal bort, og det fjernar ein bra ved å bruke børste, det er ein del som brukar blåsar for å holde pelsen rein og tør. Det har eg ikkje, men eg passer alltid på å tørke hund og passe på at den ikkje er våt og kald over lenger tid, når vi kjem frå tur så er det alltid inn i varmen, og då er fram om vedafyren yndlingsplass.

 
20.11.08
Trening, leik min-ball seier Artemis og fyk på Arwen, nytt arkivbilde frå sist kamera var med på tur:-)
Tur har vi i alt slags ver, men i snø føyka blir det mindre med trening, det blir mest berre springing og ha det moro. Artemis liker fole godt å springe med kjeppar store som trær i full rulle, dette er ein aktivitetsform som alle mine hundar vist er født med :-) og dess større grein eller tre som kan flyttast dess betre. Og har ein to hundar så skal same greina bærast i uansett kor mange greiner det er i skogen.

Elles når det ikkje er trening så må ein likevel ha ein viss kontroll på dyra sine, gåbak og fri er kommandoar som vi også nytta når vi berre er på springe tur.

Eg prøver også å unngå å bruke fløyte når vi ikkje trenar, men kallar inn ved hjelp av plystring eller andre signaler. ( med oss er fløyte eit treningsreiskap) og fløyta skal fungere til det. Det er derfor greitt at hunden er lydig på andre signaler også, eller sakt med enkle ord lært å komme på mange signal. Som til dømes ( kom, hit, her, plystring, bak, påplass, fot, eller berre peik med handa og vis kvar eg vil ha hundane) har hundane ein assosiasjon om kva orda/ signal tyder har vi kontroll.

Dette formast enkelt og greitt ved belønning, i tilegg være konsekvent på korleis ting fungerar, ikkje nødvendigvis streng, men slik gjer vi det, og passer på at ting blir som vi vil ha det. Unngår mas... vi veit korleis vi vil ha det, og då er det ikkje rom for mas, ved mas blir det ingen ting, eller lukka øyre vist noko ikkje skjønte kva eg meinte. Kva er mas, som eit døme er..  at ein seier ein kommando hunden ikkje kan eller ikkje lystra før etter 10 anrop, det kan ein trykt kalle mas.

Artemis koplar eg alltid når eg tar ho ut av bilen dette for å unngå mas, eller at feil handlingar bli utløyst, Arwen brukar aldri koppel men er laus, dette fordi ho har lært korleis ein oppføre seg når ein kjem ut av bilen, ho tar utgangsposisjon og held seg på fot, til noko signal blir gitt.

Artemis held på å lære ennå... Artemis må gå i koppel til eg slepp ho fri, det eg alltid gjer er å kommandere ho på plass, ta av koppelet sei sit, putte bandet i lomma ta på meg vottane, og seier fri, altso må ho vente på signal ei stund etter at koppelet er av før ho får fri.

Artemis er ein resar utan hemningar, og tempoet er fole stort ho spring ned Arwen, og har ikkje problem med å følgje på henne i tempo. Arwen er litt meir ops på meg å vil ha litt betre kontroll på meg enn det Artemis vil ha, ho har så mange andre oppgåver når ho er i skogen, at tanke for meg kjem ikkje så tit på som på Arwen. Eit råd som er litt lurt vist ein føler avstanden til hund er større enn tilrådelig, bør ein berre stopp opp å stå still, knyst still ( ikkje gjømme seg) men berre stå heilt i ro. Det går då ikkje mange sekundar før det blir musestille i skogen, hundane stoppar opp å lyttar, dei høyre ikkje at eg beveger meg, på med nase, syn og det dei har av hjelpemiddel, og full fart for å sjå kva eg blei av eller kvifor det blei stille.

Dette med berre å stoppe synast eg personlig er eit mykje betre alternativ enn å gjømme seg, dette med å gjømme seg spelar meir på angst, dette med berre å stoppe er eit mykje snillare alternativ, og ikkje fult med biverknadar.

 
15.11.08
På tur i dag, reprise frå sist tur, først trening så tur. Artemis fekk først passivitet trening, ho måtte sitt still medan Arwen fekk gjer ein del jobb. Etter Arwen var ferdig med sie oppgåver fekk Artemis noko liknades.

Eg hadde lagt opp treninga utan kast i dag også, det var felt og utsending.

Eg la eit linjetag på tre dummya til Artemis, så la eg feltet som bestod av 7 dummy. Feltet prioriterte eg i djupna, og ikkje i bredda i dag, i tilegg var alle dummy enten på steinar eller i tre. Variasjon i plasseringa av dummy i feltet eg nok viktig, det same korleis feltet er oppbygd, og korleis eg vel å la hundane jobbe, og trene passivitet.

Artemis fekk starte med å ta inn ein av ut- dummyane, så fekk ho hente inn eit par til på feltet, og igjen hente inn ein ut -dummy, og etter på hente inn resten av feltet, til slutt siste ut -dummy inn. Eg er storvegs nøgd med henne måte å jobbe på, effektiv er ho i søket, og aldri byting i tilegg har ho god fart heim.

Vi avslutta med lang tur i krevjandes terreng, og med fri springing over stokk å stein, det er kos og muskelbygging.

 
13.11.08
På tur i dag med begge hundane, vi starta med felt trening før vi la i veg.

Eg la ut eit felt med 10 dummya, medan Artemis og Arwen måtte sitte å sjå på. No starta Artemis feltet, og eg valte å la ho ta inn 7 stykkar, Artemis jobba i stort tempo, og det er lite å sei på fart verken ut eller inn. Det vi slit med er dette korleis eg skal organiser avleveringa for å unngå mas eller ball. Det Artemis er opplært til er å sitte framme og avleverer i front sittandes, dette blir for komplisert, eg er derfor litt i tvil om korleis eg vil ha henne, hundane er individ, og kan gjer ting på forskjellig måte, eg må tilpasse det slik at det er best tenlig, og mest effektivt.

Eg har derfor valt å ta i mot i front utan at ho skal sette seg, og der etter for ho påplass før eg sender igjen. Målet blir no å finne ein måte å trene inn fart til utgangsposisjon etter avlevering :-) tips mottas med takk...

Etter feltet drog vi på tur, og Artemis fant litt av kvart i dag, også ein plass der det var skutt ein hjort, diverse restar etter hjort som ho fint måtte sleppe, ikkje bra å ete for mykje skrot heller :-) men er ein hund så er ein hund..

Tempoet er stort når to flatter spring i lag, så her går det unna, dei må derfor roe litt ned og gå bak til tider også, dette gjer eg kvar gong vi er på tur, og det er godt å kunne denne øvinga, berre tenk på nedoverbakker når det er glatt :-) Men den største grunne til at eg lærer hundane dette er at eg vil ha kontroll på dei, kommandera dei bak alltid når vi kryssar vegar der eg ikkje har oversikt, og alltid på område der det plar dukke opp turgåarar. er hundane bak, og dei kan kommandoen sit, så har vi full kontroll, og det er godt å vite at ein har.

 
12.11.08
I dag har eg og Artemis våre på tur åleine, dette for at alle hundar treng også åleinetid. Vi gjekk etter skogsvegen og derfor i band, det går ein del eldre folk og nokre er alltid redd hundar, og eg er ikkje heilt 100% sikker på korleis ho reagera, er veldig glad i folk, og eg har ikkje fult så god kontroll på henne som på Arwen. Er derfor litt usikker på om ho kjem 100% når eg kallar inn, eller vel å ta kontakt og hoppe på folk for å helse.. Desse unghundane finn av og til på mykje rart, og for å unngå sure miner... og eg slepp å være våken heile turen, tenk berre gå utan å måtte lese terreng.. Og går eg fot å trimme meg sjølv så går eg fort.

Ho er ganske lydig men eg liker å kjøre sikkert.. Derimot så fann oss rom for å både å trene linjetag, fotgåing + innkalling på turen vår. Artemis er såleis heldig ho får alltid noko moro også når vi turar.

 
Her er bilde av Arwen og Artemis i kamp om tennisballen. Bilde er ikkje nytt men frå 05.11.08, alle bilda mine er for lite originale og eg slit med å få noko bra ut.. kamera blir derfor heime :-)
11.11.08
Har hatt eit flott ver i dag, og vi var nokk på tur i ca 2,5 time. Det blei ein del reprise frå gårsdagens trening og vi kosa oss med momenttrening. Eit moment som blei sett på prøve var sitt, eg var så uheldig å kaste fast ein dummy( no igjen) i eit furu tre... Her måtte begge hundane sitte å sjå på medan eg fekk laus den dummyen, og det tok tid. handtaket hadde kilt seg fast mellom to greine. Eg kopla samane begge kopla, og festa ein dummy i enden, kasta så denne dummyen opp i treet, for å på denne måte få den andre laus... og streva med dette lenge før eg fekk den ned. Hundane satt som dei skulle ha lynlim i rumpa dei :-)og berre venta på at eg skulle bli ferdig, eg klarte det til slutt..

Dette blei dagens sitt trening, trene på sitt når ein er på tur, viktig moment, sitt skal fungere i alle settingar så det er berre å bruke fantasien i treninga.

Før dette trena eg linjetag med Artemis i dag, altso ikkje til eit punkt, men dummya på rekke med ein to-tre meters mellomrom.

Momentet gåbak med begge hundane trenar eg, og her er det total lydigheit, her tilet eg ikkje slurv. Dette momentet har dei blidt veldig flinke på. (Arwen har kunna det før, men no skal Artemis også gå i lag med ho bak) Her er det viktig å lære momentet på forskjellige plassar, og ikkje gjer det til eit plassmoment, altso det skal fungere på mange plassar. Dette trenar eg slik at hundane får fri på forskjellige plassar ikkje på same plass kvar gong dei har gått bak.

Fri ved fot, trenar eg med Artemis når vi legg ut dummy. Har vi med Arwen så trenar ho passivitet med sit, og Artemis må gå fot, i riktig posisjon, og riktig posisjon er ved venstre kne, og fronten framover, ikkje snusing i bakken når ein går fot, men sjå framover. Dette må lærast, alt må lærast, det er ikkje alt som er medfødt sjølv om eg seier eg har ein kanonhund... :-) Alle kanonhundar må formast til å bli slik ein vil ha dei, og det kjem ikkje av seg sjølv :-) vist nokon innbiller seg det. Mange timer med trening, og repetering både for å lære og holde vedlike innlært adferd, er ein hund eller menneske blir ein aldri ferdig utlærd, men forsette å lære så lenge ein lever.

I tilegg til denne treninga, så får dei masse fysisk trening med springe tulling i skogen og på myr, for Artemis er dette topp trening og ho spring nokk likefort som Arwen, men får Arwen søsa så stopper Artemis og kun står å følgjar henne med auga:-) Det er to likestore muskelbuntar, med ein enorm fart som raser rundt og kosar seg. Artemis har litt lenger bein enn Arwen, og for såleis stor fart når ho sett opp tempoet sit, det ser eg når ho spring inn Arwen..

 
10.11.08
Artemis, har trenet jaktmoment, og det er moro å trene med henne( kanonhund). Fredag var vi på fjellet for å trene markering i ope terreng, eg hadde med Pernille for å kaste. Artemis fekk dummykasta bak ein liten hau, og avstand ca 70 meter. Dette var mat åt frøkna, kanonfart og god spikring.

I dag har vi også trena litt, men i enkle forme, ho har måtte sitte i koppel medan ho beundrar Arwen i dirigerings treninga. Koppel på grunn av at ho får ikkje øydelegge treninga for Arwen, når eg skal ha fokus på Arwen i dirigeringa så er det tryggast å bruke koppel på Artemis.

Artemis fekk i tilegg til passivitets trening, ut sending.  Rettut,  ho går fort og rett, eg brukar ha dummyane rundt ei tue eller tre, dette for å trene til punkt, og eg brukar søkder signalet når ho er på rett plass. I tilegg lære ho at byting ikkje er teneleg, og eg vil ha inn kun ein dummy frå punktet, det går greit, eg ser ho vitrar og oppdagar ein ny dummy, men vel å komme rett heim. Eg vil utvide dette til fleire punkt etter kvarandre etter som Artemis blir meir rutinert på rettut. Vi trenar også ein del linjetag, og variasjon i trening må til..

Vi avslutta med litt moro som markering er, og i dag var det over ein bekk eller i ein bekk.

 
06.11.08
Her er det trening, vi vil nytte barmarka i skogen nøye før det kjem ei ny påfylling med snø :-) I dag fekk Artemis ei kort økt med trening åleine.. momenta vi trena var felt og rett ut. Rettut treninga tok vi frå midtlinja, og 30-40 meter, begge veier, dette er ein grei måte å trene på synast eg.

Dei to første hadde ho ikkje oppservert at eg la ut,  eg la ut to gjekk ein 30 til 40 meter og kalla ho inn, så var det sitt, og eg rusla framover og la ut to dummya til, gjekk tilbake til Artemis, og tok heilomvending å sendte ho i motsatt retning av det punktet ho hadde sett at eg la ut dummy. Alt gjekk prikkfritt og ho plukka inn 4 dummy.

Artemis fekk også eit enkeelt felt med 4 dummy, det vil sei at det ikkje blei så lett.. Eg la felte og rusla igjennom det til ein annen kant, og sendte derifrå, det blei ein del jobb for å få inn tre, og på grunn av at eg ikkje ville at ho gjekk tom så gjekk eg mot den fjerde og kalla ho mot meg slik ho fekk hjelp til å få vitring av den siste..

Så var det nyttelast trening tilbake, eg kallar ho på plass slepp ned to dummy går ca 10meter, og komaderar sit, går vidare 20 meter åleine, snur om, og komaderar ut, for inn dummy og så sender på nytt med rettut signal, og får inn den andre, og så gjer vi det same eingong til, og det var dagens trening, og dagens trening var heilt utan kast av verken dummy eller ball.

 
05.11.08
I dag har Artemis på nasa, og sånn ser ho ut i det ho vitra seg fram til dummyen :-)
 
Ein lenger tur i dag med mål om nærsøk trening og fotomoro. Artemis var utruleg sprek i dag, eg gjor ting enkelt vi skulle trene på nærsøk, eller trene på signalet for det. Artemis sprang seg i staden eit tur, kvar gong vi prøvde, og eg trur rett å slett ho ikkje forstod kva eg ville at ho skulle gjere. Ho har hørt dette signalet mange gonger, men ikkje i denne settinga, nært og med skjulte små dummyi. Ho la heller ut på lang tur, så dette momentet må eg rett å slett lære ho.

Derimot lange rettut tok ho, det har ho treent før og veit korleis det går føre seg... her var det blanding av micro dummy og eit par 200 grams. ( når vi er på langtur drar vi ikkje med ein hav av standar dummy, det er for tungt å bære på)

Vi kasta litt ball, og dummy for fotoet sin del også, litt bilde blei det, men eg er så kresa på bilda at eg har blidt ein kastoman ( kastar nesten alt av det eg tar). Tom for påfunn standar bilde er kjedeleg, på bilde i dag ser vi at Artemis er i søk etter ein utgasta dummy, og ho jobbar systematisk, og logisk, spring seg ikkje bort på markeringar, men jobbar i sirkel rundt nedslaget.

Vi trena ein del gå bak, og sida Arwen er flink til dette så skal Artemis også kunne lære seg dette, seier eg bak, så skal dei gå bak meg, og med det så meinar eg bak og ikkje på sida. I dag gjekk begge bak over kortar strekk, og dei var veldigflinke, dette er ei nyttig øving for alle som vil ha kontroll på hunden sin, og det vil eg ha.

 
03.11.08
Artemis har treent masse i dag, og eg blir meir og meir imponert av hennar godeeigenskap. Eg skulle eigentlig ha slutta å skrive i denne boka, det blir mykje skryt av sin eigen hund, men eg er så glad i denne klompen min og ho fortenar berre ros, og ho får rikeleg av det også.

Tilbake til hennar arbeid, ho har ein del småfeil i jobben sin, men eg legg merke til alt som er bra, og vil ikkje lage nr av feil, heller rose og bellønne alt som er bra. Til arbeidslysta, den er fortidene god, og ho tar alt som ho får av jobb, og ho er lett å sende i ønsket retning. Heilt still i passivitet i tilegg så stressar ho ikkje.

I dag fekk ho lange rett ut, ho går ut, og ho går langt og rett, ikkje fult så stor intensitet som Arwen, men Artemis gjer jobben like bra. Søksevna hennar er god, og ho er blidt mykje meir presis i markeringsevna si, og dette kjem av tennisballkastaren det er eg sikker på.

Lange og vanskelige kast, ho spikra plass, men på grunn av at ein tennisball ikkje er det enklaste å finne igjen i ulentterreng trengst det også søk, men Artemis gir ikkje opp lett, men jobbar seg til funn.

Arwen har ikkje sansen for denne treninga, ho likar det ikkje, og finn heller ikkje ballane, vertifall kjem ho ikkje heim med dei. Artemis får derfor dobbeldose med ballhenting. Vi miste ein ball, i dag også (det er normalt), vi bevega oss derfor inn i området for å hjelpe til med leitinga :-) Arwen gadd ikkje søke der med sprang til baggen og henta seg ein dummy, Artemis fann!!! for ho leita i riktig område.

Fri ved fot går ho veldig bra i skogen, her har vi fått til noko som er viktig å kunne, og dette blir også prioritert, og treent regelmessig, denne øvinga bør alle som trenar apportering legge mykje arbeid i, lydighet er grunnstein i all trening, og treng nødvendigvis ikkje være kjedelig.

I kveld var også Artemis på hundtrening, og vi trena på sitt og bli, masse kontakt, og for ikkje å gløyme påplass, (lineføring). Ho lar seg ikkje distrahere av andre hundar, men er flink til både å sitte og holde kontakt. Det eg har tenkt er kanskje lære henne dekk å bli også, og ikkje berre sitt å bli. ( har mest bruk for sitt å bli) og har derfor ikkje stressa å lært ho noko som eg ikkje veit om eg har bruk for.

No er det slik at alle mine hundar også må trene litt Lp, og Dekk å bli, bør eg derfor lære henne. Ho er flink til å dekk raskt heime både i stova og kjøkkenet, men ute, eller på hundetrening, NEI der kan ho det ikkje ;-)

No når eg trenar jakt med Artemis så har eg lagt opp Elite som mål i treninga, kanskje eg bør tenke slik på Lp treninga til Artemis også ?? Då er Dekk å bli obligatorisk ikkje berre sitt å bli.