27.08.2008
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
Juli-August-september.. ( denne boka er eigentlig opphørt, men alle reglar kan endrast synsast eg :-)Vi skulle stoppe dagbok til Artemis når ho hadde starta på jaktprøve, men... ny regel er at vi stopper når ho har gjennomført ei prøve med premie.
 
27.08.08
Markeringar ja... Vi har trena litt i dag på det, 10 stykkar reknar eg rett, farta henne er rå, men nase bruken kan diskuterast :-) ho spring faktisk raskare enn Arwen trudet dei som vil, men ho har lenger føter enn Arwen så her ligg nokk løysing på kvifor. Raske fine innkomstar har ho også, og eg er inne på tanken på å omskolere ho til å komme inn på plass dette på grunn av å sleppe slitet med å mase ho rundt etter avlevering. Artemis har fine avlevringar i front, men ho setter seg vell langt framme, og ho er som Arwen vil få med seg alt, og då er dette med å gå inn på plass eit moment som kan føre til mas i prøvesituasjonar.
 
26.08.08
Felles trening med Artemis, rask og behaglig hund og jobbe med, er ikkje stressa i det heile, men har fart til tusen i arbeidet, og meget spontan, ho tar den i farta :-) Trene meir på markeringar må oss for her slit ho, og det skal ikkje store tua til før ting blir vanskelige. Dette er berre å trene på reknar eg med, og håpet er at det skal hjelpe.. ( så klart hjelper det) Artemis har også blidt flink til å gå på fot i skogen, og ho kan sitte still, lett i rumpa men det kommer seg, og eg brukar aldri koppel på henne i treningssituasjonar, sit nesten som fjell, men berre nesten. Herleg hund.
 
19.08.08
Artemis på jakttrening, ho blir betre og betre for kvar trening ho er på. Artemis har stor fart når ho jobbar, men ho misser ikkje hovudet :-) Vi trenar mest på markerigar, men vi var likevel innom ut signalet, og søk signal. I dag var ho betre enn sist på markerigar veit ikkje kvifor, men ho tok dei aller fleste på strak arm, :-) Det var ingen lette markeringar heller, men konsentrer Artemis seg i det dymmin går markerar ho bra. Rett ut går ho med storfart, så her er vi i gang med å få etablert ein fin vane, dette med å få hunden til å gå rett, fort og langt er mål å trene på. Det handlar kun om å være firkanta trene kort og sikkert auke avstanden etter som ting blir spikra, lykkast, og atter lykkast er vegen til sukse.

Det handle kort og godt og ha ein god dialog med hunden sin, og la han få være hund ikkje maskin. Eg var litt tideleg ute på trening i dag, og fekk derfor ta eit og anna bilde av Artemis med dymmi (ho er ikkje glad i kamera, men eg fekk ho likevel på brikka)

 
18.08.08
Artemis fekk vere med åleine til hundetrening i dag. Det er aldeles viktig å prioriter ein og ein hund til tider. Det er lydigheits øvingar som står på programmet på måndagskveldane, men vi var tidleg ute, og Anna og Birk var også kommet. Anna kasta nokre markeringar til Artemis, og Artemis viste fram stor iver i arbeidet, ho har stor fart, men Artemis har også meg seg hovudet, klok å flink hund. Birk fekk også hente nokre markeringa, og han var like flink, sjølv med andre hundar og personar tett opp til arbeidsområdet, så apportert han fort og rett heim til Anna. Vi ser dei er i slekt...

Så var det over på lydihetstreninga her legg eg mest vekt på gå påfot eller påplass, sitt og bli, elles så er det berre det å være til stades også eit moment, her er Artemis suveren, avslått til ein vær tid, finst ikkje stress i henne i slike situasjonar, og andre hundar lar ho seg aldri distrahere av.

 
17.08.08
I dag har vi tatt egge testen både på Arwen og Artemis, både singel og med konkurranse, dette må alle retrieverar prøve, og dei fleste er flinke på det. Apportere rått egg utan å knuse/knekke det, her gjekk det supert, begge henta, og begge to leverte i hand.
 
16.08.08
Artemis har vore heime med resten av familien, og det passer henne utmerket, tur i fleksi, egg til frukost og masse kos, og fått være mitpunkt heilt åleine, trur det har alle hundar godt av av og til.

Vi har nemlig våre i Trondheim på treningstreff med Artemis sine søsken, Aron, Aragorn og Arja, tre trivlige søsken. Vi hadde treff trening frå kl 10.00 til kl 20.00 og klokka gjekk så fort, og det gjer den når det er mykje vi skal nå over, og være inn om i trenings filosofien.

Det var jaktmoment som sto på agendaen, og eg fekk testa sjå at alle var/kunne være rolige i passivitet og dymmi bar dei på ein fast mjuk måte alle, og med rolig munnen. Alle var naturlig rolige i forhold til andre hundar uansett kjønn, god hundetoleranse. Eksteriøret var også bra, pene utrykk, mørke fine auge, gode hovud. Størrelse på dette kullet er eg godt nøgd med. Akkurat passe store, Aragorn var størst, og han var vell i overkant av 62 cm, Aron var mindre, og han var ikkje målt, men eg kan tippe til ca 60 cm, Arja var som Arwen akkurat passe, lita og nett, velbygd og sterk.

Aron er det som har trenet mest apportering (enn om ikkje så mykje), og han kjørte vi i markeringstrening både på vann og på land i tilegg fekk vi han på kaldtvilt, etter litt jaktleik med anda utført av Hanne tok han anda og den bar han stolt, og med rolig munn !!!! det var toppers å sjå.

I tilegg var det kos med grilling, bollar, salat, kaffi og sjokolade, alt hadde dei fiksa til treffet, og det var verklig trivelig å komme til treningstreffet, og eg kjem gjerne igjen for ei ny trenings økt, både i jaktmoment, og meir kvardagslige treningstips.

Litt bilde av Ar- gjengen kjem ut etter kvart, og vil hamne litt her og der, og ei samling på fotosida vil også komme, men bilde er krevjandes å jobbe med, og eg har lite tid akkurat no, masse som skal ornast, men det kjem...

 
12.08.08
Fellestrening på Artemis i dag.. Det er det som skal til med henne, no er ho lite treent, og gullklumpen vår skal bli bra veit vi :-) Vi trena litt rett ut før dei andre dukka opp, her går det på signal, og korleis vi kjører hund, det går ikkje berre på hund her, men korleis vi opptrer over for hunden vår. Rolig, tar tida til hjelp stiller inn hunden på rett fram, blås søk signal i det aktuelle området, det er det som skal til. Denne øvinga kan varierast i mange variantar og treng nødvendigvis ikkje være kjedelig. Så kom dei andre, og vi startar alltid med kaffi på stolsekken, og planlegg kva vi skal trene på.

No nærmare det seg klubbmeterskapet i jakt, og det blir opplegg som ein WT. Derfor trenar vi markering i dag, enkle markeringar mot eit referanse punkt, dette med å bruke eit referanse punkt i nyinnlæringa legg eg vekt på, grunnen er at hunden skal trene minnet, og vi har kontroll på radiusen hunden søker i. Brukar vi eit referanse punkt, og hunden spring vidt og søker så må vi berre blåse av og starte på nytt. Målet med referanse trening er nettopp dette at hunden skal ta bilde av området og holde seg der, ikkje søke stort, men søke i det aktuelle området, og dette virke.. Artemis treng slik trening, ho er nemlig ikkje så god på markeringar ennå, tar ofte feil av kor dymmien landar, så er må det gå i referanse, og auking i avstand gradvis til ting blir spikra.

Vi avslutta med felt der alle hundane fekk hente tre dymmia kvar, det kom Artemis seg også igjennom, enn om ho tok nokre lange turar ut av feltet (litt i slekt med Arwen er ho hi hi..)

 
06.08.08
I dag stakk Artemis i vannet, ho er nemlig heilt håplaus av og til, ho skulle få ein apport på vannet, og ho markerte ikkje men la på svøm i ei annen retning, eg kasta derfor ei ny, og ikkje den heller sansa ho, eg sende derfor Arwen på den, for å snu Artemis, ho snudde og tok ifrå Arwen dymmien, eg hadde ikkje anna val enn å kaste ein ny til Arwen, men Artemis tok den også, skit hund !!! ho kom heim med to dymmia( på med koppel og sit i ro)

No var den første dymien langt unna, og eg sende Arwen på ei dirigering og fekk såleis heim den dymmien som Artemis skulle hente først. NO tenke eg at ho skulle få lov å hente ein dymmi på riktig vis, og kasta ikkje langt ut, men kva trur du ho skulle.... Artemis la på svøm i retning der Arwen hadde vore på dirigering etter den første dymmien, og la i veg med igjen øyre, ho svømte og ho svømte, høyrte ikkje på meg om at ho skulle komme heim. Ein svert lang symje tur hadde ho, ho gav ikkje opp så lett, og eg har aldri før hat hund som har svømt så langt bort og vore så lenge på leit etter dymmi før, denne Artemis er heilt ute av hand av og til :-) god eigenskap dette med å symje langt, men dette med å ikkje høyre etter er verre.... eg kan no ikkje symje mange hundrede meter etter henne heller. Konklusjon ho er ein svert god symjar, og ho symjar mykje raskare enn Arwen, talent i vannet har ho berre ho klare å markere :-) 

Eg har såleis eit potensiale å jobbe med så her må eg ta rev i segla og få befeste ein del signla på denne tutta mi, eg har ikkje prioritert henne så mykje som eg skulle, dette på grunn av at eg prioriterar Arwen og vil framleis gjere det denne sesongen, neste år blir det andre bollar då skal Artemis kjørast opp i prøveform.

Her er stor symjaren Artemis på veg ut... foto  Anne Lene
 
29.07.08
Artemis har vore heime åleine utan meg og Arwen medan vi var på kurs i Hemsedal, då har ho blidt klikkartrena av Anne Lene, og ho har vist blidt skikkelig flink på litt av kvart, det var nokk litt åleinetid som skulle til og ein dyktig klikkar- jente med lit tolmod :-)

Artemis har også fått tur kvar dag, og ho har vist vore rolig, og ikkje nokon Arwen som skulle fangast... berre kosa seg. I tilegg har ho røyta ho har mist all den tjukke fine pelsen sin så no ser ho ut som ein liten pjuskete unghund, og ein ser tydelig kor kraftig Arwen er i forhold til Artemis. Arwen røyter ikkje, og ho har masse muskelmasse som vi alle kan misunne.

Ei gladmelding på dogweb i dag nokk ein ar-ungdom er rønka, ARJA er fri A på hofter og albuer. Gratulere Bente!!

 
16.07.08
Oppsummering, nei det trengst ikkje.. vi kan det meste for å starte på ein nybegynnarprøve, og ho er så bra at eg har ingen angst for å starte henne på nytt, men stressar ikkje med det.  Derimot fokuserar vi på å bli beder og tryggare i momenta, ho treng meir trening i alt så klart, og spesielt markeringstrening det må vi trene på.

Vi har vore på sandsøya ei veke, og feriert og då har eg trena Artemis litt. Eg har kjørt mykje veikryss på henne i rett ut treninga, og fokuset er signal. Eg linje trena henne med vekselvis sending til den eine eller den andre vegen, og eg har brukt skott, vender og sender der som ikkje var skot. Eg legg dymmiane tett og er ikkje redd for byting, mykje betre å gjer det slik at ting blir trygge frå dag ein. Tempoet er rått som på Arwen, og det same er spontaniteten.

Markeringstrening har det blidt, eg har kalla ho inn vist ikkje ho spikra, men starta søke stort. Dette med å få heim ein hund med arbeidslyst kan være krevjande derfor prøver eg å få henne heim i slike situasjonar så få ho ein ny markering, dette er fordi eg vil ha god hund på markering, og trenar søk separat.

Arwen sitter bak og følgjer med, og for tilslutt hente markeringar som Artemis ikkje tok, dette er ingen problem for henne, ho har nemlig klistergjerne når ho konsentrerar seg.

Felttrening har vi også gjort litt av, det er rutine jobb og har ein litt genetist anlegg for jobben, så blir ein bra tilslut. Eg les ho slik at ting blir betre etter kvart, ho treng erfaring, Artemis går litt igjen der ho har hat funn, spring litt fort og ikkje alltid på nasa. Det positiv her er at ho går stort jobbar med stor fart.

 
Artemis på sandsøya sommar 2008