Nr 3  Artemis ( 3-4,5 månadar)
07.03.2008
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
 
01.09.07
I dag har vi vore på kvalpeshow, Artemis blei flott handla av Ane, tusen takk til henne for fin handling.. Ho blei nr 2, og eg er stor nøgd med kritikken ho fekk.

4 mnd gammel tispe, meget god type, godt hode, noe lyse øyne, bra overlinje, bra bryst, bra vinkla foran og bak, meget gode bevegelsar, godt temp.

Det blei ikkje bilde frå dagens kvalpeshow dette på grunn av at det regna og mitt kamera er ikkje laga for å bli brukt i regn ;-(

 
31.08.07
Pentvær i dag, og eit lite forsøk på nye bilde, tatt i hagen ;-) må nokk ta ein del bilde av Artemis før ho blir så fotogen som Arwen, men ho kjem seg oppdagar smått om sen at bilde fører til godbit ;-)
 
Flygande Artemis med metall.
 
28.08.07
Har ikkje gjort det slag i dag, utan om å slappe av. No håper eg på fintvær slik eg kan ta med meg hundane på fjelltur og få tatt litt bilde. Det kjem sikkert ein fin haust etter alt dette regnet ;-)

Artemis er lik Arwen, kven skulle tru det når ho var lita, men no har dei blitt så like. Artemis har trena sitt og bli i dag og litt apport dette har føregått i stova. Apporteringa er like rask som på Arwen, men Artemis er ein tanke roligare i munnen, og det ser eg på som positivt. Ho får masse godbitar når ho avleverar dymmien til meg, men først skal ho ha ein omgang med klapp og kos, ved å trene slik får eg gode avlevringar, Artemis held dymmi til eg seier takk, ho spyttar ikkje ut på grunn av ar eg har godbit i handa. ( merk å belønne slik må lærast, både av trenar og av kvalp/ hund) ikkje noko som er medfødt dette.

Eg har ikkje innførd noko kommando på apport brukar versogod ennå. Det blir nokk eit lite ja, og ut, det er dei kommandoane eg brukar på Arwen i jakt, og det blir nokk likeså på Artemis. Ja på apport, og ut på dirigeringane. Ordet apport brukar eg sjeldan, men eg brukar det i lp trening.

Artemis får ingen heim signal, her kjem ho som eit lyn rett tilbake, og vi har dermed grunnmomenta i boks. I apportering skal det vere helt unødvendig å måtte kalle inn etter at apport er plukka opp, den skal bringast heim fort som... 

Sitt og bli kan ho ikkje det trenar vi på, men vi har langt igjen der før vi er i mål, eg brukar sitt kommando, og eg brukar bli, men eg må vere så våken når eg trenar, ho sitt ikkje alltid på først sitt kommando, må eg sei kommandoen fleire gonger så bryt eg, her er sitt på første forsøk. Derfor trenar vi mest utan kommando ennå. Vi trenar ikkje mykje, berre litt kvar dag.

Vi trenar innkalling kvardag, og eg belønnar det meste, raske reaksjonen, godt tempo osv. både med fløyte, plystring, og namnet Artemis.

Når ho ikkje reagerar på signal, ropar eg ikkje eg går å hentar henne, ho er ein fruktelskar, og no er det rikeleg tilgang på det, plommer er mykje betre enn både pølse og frolik. Alle kvalpar har slike periodar at dei let igjen øyrene også Artemis, her er det kunn eit å gjere gå inn til kvalpen få kontakt og belønn, kopl så på koppel og rusl derifrå.( den metoden er sikker) og vi slepp og koke over av frustrasjon fordi kvalpen ikkje kjem. Korfor kontakt å belønne ? ikkje berre tre på koppel ? vinsten er at fangar du ein hund eit par gonger for mykje så stikk den når du kjem med koppel, går du inn å påkalle oppmerksoheit vil den sjå på deg og vi har kontakt, her belønnar vi med ros kanskje også klikk og godbit det gjer eg. Eg kan gå derifrå utan koppel, men eg tar også på koppel for å unngå konflikt, og at ho et så mykje plommer at ho sprekk ;-)

 
26.08.07
 
I dag har vi prioritert  litt lett miljø trening, eller trening i ana miljø enn vanlig. Bevege seg med kontakt der det skjer andre ting, sitt og sitt å bli, trene dette på plassar ho aldri har sett sine bein før, ja det er slikt som må til, men være der som er parkerte bilar, plutselege folk som dukkar opp, det er vanskelig det. Og det er vanskeligare, enn å trene i lag med andre hundar ved hundeklubben det har vi gjort eit hav av gangar. Gå tur har vi gjort litt her og der, men trene sitt og bli, eller bevegelse med kontakt har vi ikkje gjort så mykje ute i miljø...

 Her regnar det i eit sett heile tida, det har det gjort lenge... og noko bilde taking eller filming må la seg vente på. Eg gjekk tur med Arwen utan at eg hadde på regnbuksa, og blei blaut helt inn på skinnet, ikkje nokk med det, men når eg kom heim hadde Artemis pissa i stresslessen min :-(  Kan ikkje skryte fortideleg at ho har blitt husrein, uff a mei, det var bra eg ikkje såg det for då hadde det sikkert komet ei kraftig salve ut.. det er einaste kvalpen eg har hatt som har gått opp i stolar og tissa ;-) men det skal vi nokk få slutt på, no er det ligge forbod i stolar.

Vi vog Artemis i går, og ho var 13,5 kg. ho ser kjempefin ut veks jamt og fint, er lik høg framme som bake, det er ikkje alltid 4 månadar gamle kvalpar er ;-) Klippet klørne på nytt i går kveld, og no er dei korte og fine som dei skal vere. Klørne skal vere så korte at vi ikkje hører dei på golvet når dei går eller... spring som flattane her i huset gjer.( dei spring omkapp) først til mølla prinsippet.

Artemis får tre måltid pr dag, til frukost får ho NP, og så får ho to måltid med spesfic kvalpefor for medium hundar, i tilegg ei teskje med omega 3( Arwen får 2 måltider pr dag og kunn NP og omega 3 ) Når Artemis er 8 måna skal ho også ha kunn 2 måltid per dag, og det kjem eg til å forsette med når ho også blir voksen. Noko betre for enn NP har eg aldri prøvd, og sannsynlig vil eg gi det til Arwen i all fremtid. Arwen har fått rigeleg mat slik ho faktisk er litt småfeit, fin og rund utan pels...

Har brukt regndagane til å sy nokre nye mini dymmi i skin, eg brukar slike mikroar i felt, og dirigeringstrening i tilegg er dei supre når eg trenar på nærsøksignalet, og sida dei er så små er dei godt egna som dummys for miniatyr hundar. ( er det nokon som har ønskje om ein slik så er det berre å ta kontakt)

 
24.08.07
 
Artemis har i dag vore på tur i lag med Arwen, og meg, Artemis skal lære å gå ved sida av Arwen og meg i kort koppel. Det går slett ikkje verst, Arwen er flink til å gå pent i band i lag med meg( kanskje kunn i lag med meg) det har med trening og signal å gjere. Når huset andre går tur med henne så går dei i fleksi, og  fleksi hundar kan gå i fleksi. No skal eg lufte begge to i lag, og då må dei gå pent i lag ved sida av meg.

Vi har mykje plommer i hagen, både på trær og marka, det er reine marerittet, ho er adels hekta på plommer, og et det ho får tak i plukkar av trea hopper høgt for å få fatt i flest plommer. Vi rakar og kastar etter kvart, men det ramlar ned nye i eit sett. Ho har ikkje fått renneskita av plommene så ho må no tåle litt. Artemis har forresten ikkje hatt dårlig mage ein einaste gong sida dei andre kvalpane reiste. Og det er flott, for ho et mykje rart, men ho et heldigvis ikkje hundebæsj og har ikkje gjort det heller.

I dag har vi ikkje trena på det slag, men ho fekk ut av bilen og prøve seg på to markeringa på ei opa mark, det var som å sjå Arwen, Artemis markerte meget godt, og det var eit kast på ca 50 meter, det var spikra, og tempoet var som på Arwen ein drømm ;-) det er herleg å ha fått seg ein slik kvalp, dette lover svert bra. Kombinasjonen med fart og ro var det eg var ute etter, og Artemis er resultatet.

Artemis held også på å misse tenner og tygg på alt, vi har eit stort bein som blir nytta som gnage oppjekt, og det fungerar bra, ein må berre passe på at ho ikkje startar gnage på møblar osv. då er det nei, og gi henne eit kvart anna og gnage på. Det gå over og ho har ikkje spist opp noko viktig ennå., lære fort men prøver seg stadig. Det blir også lenger mellom kvar gong ho tissar inne no, så det er ikkje lenge før Artemis er husrein tenker eg, men eg må passe på å lufte henne ofte ennå.

Eg skal til Ørsta og til Ålesund på kvalpeshow så er det nokon som treng svarte utstillingsliner så er det berre å ta kontakt, både 5-6-8 mm har eg, og vil du ha i ei spesiell  lengde så er det berre å bestille. Har også fine brune i lær for dei som har brune hundar.

Vi brukar ei 5 mm ganske kort line å trene med, den er superbra. Artemis drar ikkje i lina så ho blir ikkje strupt.. det er litt teknikk og Artemis  lære fort. alle linene kostar kr 80,- Lærlina med messing ring er dyrare.

 
23.08.07
No går det i turgåing i lag med Arwen, ho må også få lov å vere med. Gå fint i band i lag med henne, ja det skal no lærast det også. I tilegg må ho sitte i band å sjå på Arwen trenar, om det er så moro veit eg ikkje, men det må ho. Artemis trenar på fri ved fot med rette holtar.

Artemis har også fått lov å hente to apporter på stovegolvet i dag, og det var perfekt utførd ;-) Kast til å med ;-) ute kastar vi ikkje,( eit og anna kast får ho ute også), for di eg vil ha ein hund som likar apport over alt i vera ;-) vi skal lære rett linje til å begynne med, og sida unghund klassa er bort har vi eit hav av til til å bli god på. Artemis blir god, ho har nemlig fått utdelt ein porsjon ro, det er lov å skryte litt ;-)

Eg har også trena litt i utstillingline i dag, vi skal på kvalpeshow så trene må vi.

Artemis leikar seg i vasskanten, kvalp og vatn, er eit modus som ofte får fram det vi kallar søsa, er vi nær veg som i dette tilfelle så har vi på line som ei sikkerheit for Artemis.
 
20.08.07
Hundetrening i dag, Artemis fekk helse på ein del hundar i dag, kvalpar og godt vaksne,( i koppel). Eg vil ha god kontroll på henne slik ho ikkje får sjølvbelønne seg med alt som fristar. Vi trenar på kontakt, og bevegelse med kontakt, og vi har starta med rette holtar, den har har ho skjønt, plant rumpa rett i bakken når vi stoppar. Tidlegare i dag har vi også trena på sitt og bli, her er det berre å trene, og belønne så blir det nokk bra til slutt.

Vi har også klippet pelsen på ørene i dag, og ho blei så fin ;-) Så no er det berre å trene til kvalpeshowet, Artemis er ein fin liten flatfrøken.. Det blir lite med bilde med oss, eg er langt frå bra i ryggen min, og foto og redigering tar på ryggen, slik eg kan berre ikkje gjere for mykje av det, men har mål om å bli bra igjen, og trening av ryggmusklane har starta, det rettar seg nokk med tida.

Filmen som eg har lovet kjem nokk den og, men her er vi vær avheng i, og Artemis må ha fokus på jobben og ikkje på kamera, slett ikkje lett alt..

 
19.08.07
No har vi trena på å gå tur i langline, då trenar vi på fleire ting samstundes, innkalling, kontakt, og kontakt ved passering av turgåarar. Eg er litt meir bevist med beløninga av gå med kontakt ved fot, her er det lett å synde og etablere feil posisjon ved fot. ( Arwen har det) ho går skrått. Eg belønnar spontan kontakt, og kontakt ved bruk av plystring, kontakt ved bruk av namnet henna. No kan eg belønne både for  kor fort ho reagerar på signal og kor fort ho kjem. Det vil sei at eg klikkar for tempoet henna til meg, og eg klikkar for at ho ser på meg, og eg klikkar for at ho ser på meg når eg brukar namnet hennar, ops. det er kunn eit klikk og så kjem belønninga. altså klikkar eg ikkje fleire klikk i ein serie adferder, men kunn ein av gangen. Vil eg belønne at ho ser på meg så klikkar eg, og ho kjem tilbake for å få godbiten sin, har ho eit stort tempo inn etter at ho har fått eit signal klikkar eg for tempoet enkelt å greitt.

Kloklipp tok eg i går, og eg har slurva litt med det no når eg er låk i ryggen, klørne var i lengste laget.  Det er ting ein ikkje skal slurve med for då veks nerven også, å klørne kan bli vanskeligare å klippe korte. :-(   eg må ennå ha henne på fanget, ho står ikkje i ro på bordet .. Eg må i tilegg ta å klippe pelsen på ørene hennar til vi skal på kvalpeshow, dei er bustete, og treng seg ein omgang med saksa.

Elles så trenar vi litt kvar dag, sitt og bli er ei øving eg skal lære ho, det er nødvendig skal eg så smått starte med litt apport trening på henne. Eg skal starte med ei rett ut linje, og då er det ein fordel at ho sitt og blir, medan eg legg ut apporten, eg vil ha ein hund som blir glad i å apportere, men eg vil ikkje stresse henne med kasting, om ho vil la seg stresse er ein anna sak. Ho er veldi flink til å avlevere, så den biten er i boks. Ho veit at apport fører til belønning, og sitter gjerne med apporten i munnen medan eg fristar med godbit ;-)

 
17.08.07
 
16 veker
Gjekk tur i skogen i dag, i dag hadde vi med rikeleg med godbitar, men på grunn av at det var regn og vind var det berre oss som var på tur. Og møtetrening, eller trening på kontakt ved passering av andre turgåaren blei det ikkje noko av i dag. Derimot fekk ho springe med langline ganske fritt i alle søleputtar og elvar som er langs vegen, heilt typisk retriever er Artemis, og rase i alle grøfter med vann i, det er stor stas og skikkeleg trøtt blir ho også av ein slik resetur, søv som ein stein når ho kjem heim.
Birk kom ein tur innom i dag, Artemis fekk leike seg i lag med han, og dei blei omsider godevenner, men i starten prøver Artemis og bryske seg litt kvifor :-) det aner eg ikkje ho vil liksom sette bror på plass før leken startar.. Birk er ein godgut, og triveleg kvalp. Arwen fekk også sleppe ut og styre litt med dei to, ho er snill som dagen er lang, og leikar villig med dei. Like i størrelse er dei, Birk ein aning større, dei er ca 12-13 kg begge to, ingen kjemper men bra bygget. Fine blanke pelsar har dei, også Artemis ho har nesten bytta ut alt av pels, og står igjen med glatt pen pels ho også (sjå på bilde frå ho var 6 veker) ho såg ut som ein Lapphund når ho var mindre ;-)
Mimre litt, Artemis 30 dagar, og pelsrik ;-)
 
16.08.07
I dag har Artemis gått to korte spor på  ca 75 meter, ei matboks med pølse i enden. Dette har ho talent for, det var blandingsspor i dag, grus og gras, ein 90 graders vinkel.  I tilegg fekk ho sporoppsøk, og det løyste ho forbausandes bra.
Det blei ikkje noko tur til å trene på å gå i band i dag, vi trena i staden fri ved fot, og sitt.

Ho var også med ein tur når eg trena Arwen, og her fekk ho prøve to lange markeringar på ei nyslått mark, hadde ikkje forventa at ho henta dei, men det gjor ho ;-) endå ho ikkje er så glad i dummy. Artemis rusla ikkje heim heller ;-) No skal ho ikkje trene apportering ennå, ho skal lære å gå i band, ho skal lære å gå på fot, sitte og bli, og ho skal lære å spore, det held i masse.

15.08.07
Tur åleine i går, vi trenar på å gå fint i langt band, og gå med kontakt når vi trefte folk. Artemis, ja dette var enkelt å trene på henne sjølv om ho aldri før har prøvt det. Ho er ikkje fult så intens på folk som Arwen, og dermed lettare å trene også. Vi hadde med forlite godbitar, det var mykje meir turgåarar i skogen enn det eg hadde rekna med. Gevinsten med å trene dette er at eg for god kontroll på ho, når det er slutt på bandtvangen, og alle sauene er inne, og ho får springe med litt meir spillerom, da kan ho dette med å gå med kontakt når det dukkar opp andre på tur, og ho blir enkel å kalle inn, dette gjelder også når vi treff andre hundar, alltid god kontakt med meg før ho evt. får helse. Ganske nyttig innlæring, og etter den nye hundelova skal alle hundar som skal vere laus la seg kalle inn i slike situasjonar som når vi treff på folk, og andre dyr eller (hundar). Når det er nemnt så skjer det uhell med alle, også vil det skje med oss, men målet er å trene slik at vi ikkje skal vere noko ulempe for andre, og eg får ein lydhør hund som kan vere laus i alle situasjonar. Eg kjem til å prioritere denne type trening ei tid framover, Arwen skal vere heime eller ho må gå tur med andre. (det treng ho også ho er ein stor mammadalt)

Treningsmetoden som eg brukar på forme inn dette med å gå med kontakt er bruk av betinga forsterkar( bra eller klikk før godbit). Eg er ingen foringsautomat, skal det belønnast så må adferd vere tilstede, det er ingen lokking med godbit. Er ikkje adferd til stede så pratar eg i staden med Artemis for å oppnå kontakt ingen lokking med godbit, stemmen bruker eg gjerne for å oppnå kontakt.

I denne kvardagsdressuren som dette er, kan ein ikkje la hunden feile for mykje, og ein kan ikkje alltid berre vente på at rett ting skal skje. Her skal kvalpen aldri få lov å gå på sjølvbelønningstokt åleine, dette med att den først få etablere alle unotane for så å starte og avlære er berre tull. Sjølvbelløning er alltid springe først å helse, og aldri vente på lov, dette er ein stor unote altfor mange hundar lære seg.

Dette er også enkelt å holde kontroll på, du brukar ei koppel eller line med litt lengde på, skap kontakt, her skal ikkje lina brukast som noko fiskesnøre altså å dra inn kvalpen, den skal komme springandes til meg ;-) line er der kunn som ei sikkerheit for kvalpen, slik at den ikkje spring og belønnar seg sjølv :-) så snart noko spennandes.. dukkar opp, belønn straks kvalpen ser deg. Eg belønnar berre ho ser meg, ho lyt med andre ord ikkje komme heilt tilbake før eg berlønnar, ho kjem likevel heilt tilbake, for å få servert godbiten. Gjentatt slik treng fører til at Artemis over tid kjenner reglane godt, og vi unngår å etablere unotar som seinare må avlærast.

 
13.08.07
I dag har Artemis vore på hundetrening, og der trefte ho Birk (kullbroren), stor stas å få treffe han. Han var flott, uredd og triveleg kvalp, fin også  :-) Birk og Artemis var så å sei heilt like i størrelse, Artemis kanskje ein liten aning høgre.
Dei fekk leike seg litt i lag med kvarandre og var gode kompisar. Så måtte Artemis ligge i bilen medan Arwen er ute og trenar litt. Dette med å ligge i bilen eller vente på tur er moment som Artemis må trene på. Venting og atter venting skal ein retriever kunne, og derfor er eg bevist på at det må trenast, alt må trenast sjølv om det i bun og grunn skal vere ei medfødd adferd hos retrieveren, dette å kunne vente på tur. Arwen ventar bra rolig i bil, men sitte å sjå på at eg trenar Artemis er ganske tøft for henne. 

Heime er Artemis litt frekk, ho har tatt alle plassane til Arwen, stolen til Arwen her på loftet har ho tatt over, buret på kjøkkenet.. Arwen må no ta til takke med golvet.. I går tissa ho på Arwen sit teppe også så det er til vask.

Ein ting eg skal gjere no framover det er å lære Artemis å gå i band, har hatt med begge på tur i band, men då er det så å sei heilt umulig å trene på å gå i band. Skal gå tur berre med Artemis slik ho lære gode bandvanar ho også.

Det blei ikkje noko film i dag, Artemis er ikkje fotogen som Arwen, noko apport for kamera skulle ho ikkje, vi prøver på nytt, det kjem så berre vent på film snutten.

12.08.07
Artemis har hatt ei lita treningsfri veke, eg er ikkje bra att i ryggen min ennå, men eg er no mykje betre så vi er nokk snart tilbake i treninga. Då skal eg lære ho sitt ;-) det er ein nyttig kommando når vi tenker jakttrening elles så er den nokk ikkje så nyttig. ( Sitt er ein kommando som kan brukast til alt ikkje berre jakttrening, men det med at eg ikkje legg på kommando har med det å gjere at ho kjenner situasjonane som ho skal sitte i ) Når eg legg på kommando skal ho kunne sitte lenge av gangen, og ikkje finne på å røyse seg. Etter mindre kommandoar ein har etter mindre feilar også kvalpen. Når ein god sitt er innlærd så kan den nyttast til alt frå jakttrening til problemløysing. Dette med at ein del hundar gjerne jaktar på ting som rullar eller beveger seg fort er eit kjent problem. Ein kan då komme kvalpen/ hunden i forkant og kommandere sitt, medan ein sykkel, bil, vilt .el. rusar forbi. då må også sitte fungere 100% ikkje berre sette rumpa ned for så å springe ;-) då kan ikkje kvalpen/hunden sitt, dei kan då å sette seg for å røyse seg igjen med ein gong, ein slik kommando ser eg på som unyttig.

Sitt kan ho, og ho brukar det i forbindelse med mat, også sitt og bli med kontakt, men alt utan kommando. Gå fot med kontakt, sitte ved fot, dette har vi trena i lag med ein vegg, og vi har bruker target.

Vi har planar om å filme litt apport så alle skal få sjå kor flink Artemis er, men eg må bli betre så eg klara å bøye meg litt ned når eg jobbar med ho. Og Anne Lene skal filme å redigere det har ho lovet meg. Gled dere til den filmsnutten, kvalpe apport er så god underholning.
Artemis er ein herleg kvalp, litt lat, litt vilter, likar kos, tygger på alt, har slutta med kvalpebiting, stel alt ho finn, høgt og lavt, tissar inne ennå :-( 
Vi har meldt på to kvalpeshow, så det gler vi oss til, vi vil då få ein dommar kritikk av gulljenta vår.
Her ser de gulljenta Artemis, liknar litt på Arwen også.. 11-12 kg er ho også blitt så nå er ho nesten like stor som sin mamma ;-)
Artemis 08.08.07
 
04.08.07
I går fekk eg nye dataen min, og eg har ikkje fått prøvd den, ryggen min streika i går, og eg har meir eller minder måtta bruke krykker for å greie og bevege meg, dette er pyton, men det går over, så det er berre å knaske piller og smørje seg med tolmod ;-) passa meg ikkje så bra dette, no når eg hadde planlagt litt intensiv sportrening på Arwen, men eg blir nokk bra igjen før eller seinare .Håper helst før.
Onsdag kvelden tok vi oss ein tur ut  til SHK bana Olsvika, mest for å få miljøtrene Artemis litte grann, ho er sabla avslått ikkje mykje stress med henne, akkurat slik eg vil ha ho. Litt pause i treninga blir det når eg blei hjelpelaus. Det har ikkje så mykje og sei, Artemis kan det viktigaste, som er å apportere alt mulig rart, i tilegg  stel  ho som ein ravn. ( dette er nokk ikkje noko unikt alle retrievera kan apportere høyre eg, hi hi vi er berre normale.)

Blir lite oppdatering og bilde før eg blir litt bedre, men forhåpentlig så går den verste smerta over litt etterkvart, og då skal eg ta meg tid til bilderedigering, og ikkje minst ta nye bilde av Artemis.

 
01.08.07
Artemis har gått sine to første spor bedre seint enn aldri ;-) Vi har som nevnt før leita fram Arwen sin kvalpesele, og den var jo i knappast laget, så enten var Arwen mykje mindre enn så starta vi mykje tidelager, det gjor vi  det husker eg, men... trong var den.

Vi gjekk eit lite spor i går, og eit i dagtideleg. I går var ho i tvil på kva ho skulle med sele, og sporline det blei litt venting før ho i det heile tatt starta og spore, men ho kom seg i gang i går. Spontanmetoden er den eg bruker, og liker best å jobbe med. Hadde så gode erfaringar med den metoden på Arwen at eg har aldri vore i tvil om at eg ville bruke den på Artemis også. I dag derimot var poenget litt meir spikra, selen og lina blei godtatt med ein gong, og starta spore gjor ho ganske fort, då varma det i toppen, godt å sjå at Artemis er i gang, og ho har skjøna poenget. I dag hadde eg matskål med godbitar i enden, og det vil eg forsette med ei god stund.

Spontanmetoden er ein måte innlæring av spor der vi brukar minimalt av påverknad, kvalpen/hunden skal bli nysgjerrige på kor denne vitringa fører, og ta opp jakta i sporet. Dette er ein metode som skaper spornøyen kvalp tideleg. Kort fortalt når vi startar legge spontanspor, så brukar vi litt ekstra vriding i underlaget for å få fram masse vitring, dette kunn i startfasen for å vekke interessa for sporet. Når interessa er vekka går vi heilt enkelt normalt ut sporet, merker med merkeband slik vi har litt kontroll på kor vi er. Alt dette skjer medan kvalpen ligg i bilen, hunden/ kvalpen skal ikkje sjå når vi lagar sporet.