Januar/ februar 8-9-10  månadar
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
 
26.02.08
 
Langtur i skogen, vi trena litt før vi la ut på tur. Tenkte Arwen skulle få seg eit felt, og Artemis skulle trene passivitet. Eg la ut eit felt til Arwen, og Artemis måtte sitte bunden, ho er nemleg ikkje å stole på i sitter ennå, og derfor må ho berre sitte kopla. Arwen fekk hente inn 4 felt dymmies + ein markering som vi hadde på linja. ( denne skulle Arwen ta når eg sende ho på markeringa, ikkje i felt jobben.) når det var igjen to mini dymmies på feltet, var det Artemis sin tur.

Eg valte bevist å kjøre henne ut når det måtte ein del søk til for å få funn, dette for å unngå byting. Artemis søkte raskt, og jobba ei god stund før ho hadde funn, då kom ho heim i stor fart. Den neste fann ho ikkje søkte lenge, og hadde storfart, eg lurte ut ein dymmi slik ho fekk funn, ho hadde då søkt effektivt i fleire minuttar. På med koppel og i ny passivitet. No fekk Arwen hente inn den siste, Arwen er som kjent ein maskin som ein kan berre slå på og av etter behov og ho gjor funn raskt, ho gjekk nemlig rett til det området som ho ikkje hadde rukke over ved første søket.

Kjempe fornøgd med Artemis sit søk, ho søker villig, og ho går gjerne langt ut for å søke, og ho går lett ut fleire gangar på søk signalet, topp. Eg veit ho er eit råskinn i skogen og har ingen hevingar på fart og terreng derfor sende eg henne ut i vanskelig terreng med godt skjult dymmi, ho brukar av og til berre tre føter ;-) men det går unna likevel. Eg veit nemleg skal Artemis klare å yte noko må ho være i knallform, god muskel masse er naudsynt for henne, skal ho fungere bra med den skaden ho har i hofta si..

 
25.02.08
Skogstur både i dag og i går, Artemis spring fort, og det virke som ho ikkje har noko hemningar når det gjeld fart og galskap. Fungerte ikkje innkallinga vår i skogen i dag :-( ho sprang mot ein annen hund  som gjekk i band, og nesten bort for å snu nesten tilbake til meg og Arwen, slik gjor ho to -tre gangar før ho kom helt tilbake til meg, kjedeleg greier eg liker ikkje slikt tull. Hundar som går band gjer det av ein eller anna årsak, og det er vi som har laus hund som då er ansvarleg for å ha kontroll på dyret vårt.

Klipt klør har vi også gjort i dag, det likar ho godt, kan gjerne sovne medan eg klipper, ho er 100% avslappa det er eg glad for. Blidt pelsrik både Artemis og Arwen så eg må nokk ta eit tak med saksa snart, flatten er finast når den er klippet og stelt.

23.02.08
Vi har hatt lange turar i skogen i går og i førgårs, Artemis held koken i lag med Arwen. I dag var vi og trena jakt, det vil sei Artemis får kunn 1stk. dymmi, her er det kvalitet kontra mengdetrening med henne. Vi var tre stykke som skulle trene markeringar, vi startar med at Artemis måtte sitte bunden i eit tre medan eg kasta til dei to andre, og maken til våken og still hund, ikkje teikn til stress eller lyd. Så var det tid for Artemis sin apport, ho fekk eit kast, og med ein god del ting rundt som kunne forstyrre løyste Artemis oppgåva med glans, god fart spontant opptak og rett heim, pølse så klart i belønning !!! og så barst det i bilen med Artemis, no var det Arwen sin tur.
 
19.02.08
No  har vi vore heime på sandsøya ein tur på vinterferie, og vi har hatt litt bra ver, og vi har vore mykje ute, og også fått tatt litt bilde. Har ein del bilde som vil komme ut på fotosida mi etterkvart, når tida strekk til. På bilde under ser dere Artemis som sit fast tjora i ein gar, slik satt ho medan Arwen plukka inn eit felt på 15 dymmies, og ho sitter rolig, og er knyst still, ho liker så godt å sitte å sjå på Arwen at ho kan sitte slik lenge å berre nyte synet av Arwen.

Artemis trenar mest musklar, kontakt og innkalling, det blir lite apport på henne, dette på grunn av at ho har hatt lite motivasjon til apport -trening i ei periode. Då trenar vi passivitet, og kontakt i staden. 1 stk. markering fekk ho på Sandsøya, og den tok ho, og ho kom heim og avleverte flott. I dag nå vi var i skogen fekk ho også 1.stk lang markering, eg kasta den  Artemis tok den på strak arm, og hadde i tilegg god fart og fin avlevering.

I går var vi på hundetrening, maken til avslått hund, ho lagar lite styr, og lar seg ikkje avlede verken av det eine eller det andre. Ho er berre herleg her. Vi trenar på kontakt, den vil eg ha, og eg brukar klikkar på henne, og det fungerar bra.

 
Artemis trenar passivitet.
 
08.02.08
Eg og Artemis gjekk tur åleine i dag eg vil bruke ein del åleinetid på henne i ei periode, Artemis kan bli for avhengig av Arwen også. I tilegg har vi trena litt lydigheit, ho er ikkje så gira på det akkurat, men trene litt må ho likevel, gå på fot, sitte og bli er sånt som ho må kunne, sjølv om ho synast det er kjedeleg. Og så har ho sitte i koppel og betrakta Arwen når eg trena lydigheit med henne, Artemis likar vist godt å sitte å sjå på :-) Ho er med andre ord god passivitets hund, det er medfødt, men må likevel trenast på ein slik måte at ho forsette med å sitte rolig å sjå på andre jobbar. Kan legge til at Arwen og sit i koppel av og til, når eg trenar Artemis, men Arwen sit ikkje ho står, men ho er knyst still.
 
07.02.08
Dårleg føre i skogen i dag, og vi valte å gå tur etter ein opptrakka skogsveg, og då måtte Artemis gå i band, eg må berre innrømme det, har ikkje kontroll på den hunden, så i band må ho gå. Vil ikkje at ho skal lykkast i å stikke til folk og hundar når eg vil ha kontroll, ho lærar nemleg av det også. Har god innkalling utan noko som forstyrrar, men der det går mykje eldre folk som har nokk med å halde seg på beina, då er det ein stor risiko å sleppe laus ein superglad flatt. Vil ikkje ha noko klage på min snille glade Artemis.

Måndag var vi på hundetrening ein tur, veldi avbalansert var Artemis, heilt riktige eigenskapar til jakt -trening, men tenker eg lydigheit må eg nokk skru ho opp litt, og som kjent har eg ikkje brukt noko form for oppskruing på henne i denne perioden når ho har vore skada, men no er kongen komet i lomma og det blir andre bollar tenker eg. Artemis må ha litt meir enn godbitar, Arwen går kunn på gammal frolic så litt forskjell er det på desse to tuttene.

Har ikkje noko mål om å starte Artemis på lp prøve så eg kjem ikkje til å terpe lydigheit med henne kunn lære henne ein del moment for moroskuld. Derimot skal vi trene ein god del spor når været tillèt det, eg skal nemleg starte henne på blodspor prøve i år, det har eg som eit lite ønskje. Spor skal oss lære inn på menneske- tråkk for så å forsterke sporte med litt blod etterkvart.

Artemis tar sikte på Arwen, her knipsa eg ho i farta, pen gulljente med fart.
 
02.02.08
Masse snø er kommet i natt det liker ikkje eg alt for tungvint, men Artemis og Arwen liker det.. Ikkje så mykje trening på oss for tida, men litt leik blir det, Artemis har mista litt interessa for dymmi, og eg skal trigge henne ganske kraftig så dymmien blir gull verdt igjen. Artemis har nemleg starta å legge frå seg dymmi for å ta seg til med anna som å snuse osv...  det kan no være at løpetida nærmare seg eller .. Ser ho derimot Arwen med ein dymmi skal ho ha den, ho er med andre ord lik andre uoppdragne unghundar. Tempo har ho til tusen spring nesten så fort som Arwen, ikkje fult så raskt, men ho heng hakk i hæl på henne, og det ser ut som ho tåler tempoet godt, ser sjeldan at ho haltar, ho går berre litt alternativt, men det seg ikkje ut til å plage henne nemneverdig, og det er eg super glad for.

Fri ved fot trenar vi inne i stova, og ho er flink. I tilegg får ho også søke litt etter mini dymmi inne, og ho er verkeleg uthaldande i søket. Arwen får sitte fint og sjå på, og det klarar ho flott.

I skogen igår måtte Artemis sjå på Arwen, Artemis fekk ikkje lov verken til å søke eller ta markeringar i går, dette på grunn av nemna uvane, og ho måtte sitte stil når Arwen kom inn ikkje prøve seg på noko tull som å ta ifrå Arwen dymmi, det er ikkje lov anna når dei er i leik. Arwen er no snillast hunden i væra, og det har faktisk Artemis også blitt.. utruleg snill hund.

Håper på litt bra vær snart så vi for bruke kamera litt, i dag hadde vi litt sol på tomta vår, før det starta og snø igjen.

 
Arwen du har tatt min dymmi ;-)
31.01.08
Vi var ein snartur i skogen i dag, Artemis var mest tilskodar til Arwen. I tilegg sprang ho rundt og plukkar seg kjeppar som ho brukar å måle krefter med Arwen på ;-) dei spring i fullfart, og held i kvar sin ende, stoppar har litt dragkamp for så å springe på nytt, dei har det vist moro med dette. Vi trenar også litt fri ved fot på plenen, det er kjedeleg synast Artemis.. Ho har blitt hekta på dekk, ser ho ein klikkar så daskar ho ned i dekk, det har ho endeleg skjønt, rask dekk er klikk. Artemis er mest ein stor kosehund, og likar veldig godt kos, ho kryp  opp i fanget, og nyt å bli klappa og kosa på, ho har også veldig god og mjuk pels, og alle liker å kose med henne.

I går når vi var i skogen dukkar det opp ein Gordonsetter som var på tur på eigenhand, Artemis spurta etter men nådde han så klart ikkje igjen, Arwen gjer så klart ikkje slik ho setter seg som spikra, og lurer på om ikkje Artemis har tenkt å snu ;-) Det gjor ho  også etter hundrede meter og fleire blås i fløyta... så kom ho og fekk så klart godbitar for rask heimkomst..

Innkalling når ting dukkar opp funkar ikkje alltid sjølv om det funkar når vi er åleine, det blir liksom to øvingar, men har ein rimeleg god innkomst utan forstyrelse så sitter innkalling med forstyrelse også før eller seinare, ein må berre trene og trene, lære seg å lese terreng oppdage folk og andre hundar før unghunden. Innkalling er 100% belønning, og innkalling i 99 % av tilfelle er berre inn om å få godbit eller leik, og så få springe ut på nytt. Det skal ikkje vere kjedeleg og komme inn, det skal føre til noko positivt.

 
27.01.08
I går var vi skogen for å trene musklar, i tilegg blei det feltsøk innlæring. Artemis er så glad i søksoppgåver, og eg må trene Arwen på passivitet, så det passer ypparleg. Artemis får også ein porsjon med passivitet, men ho må sitte kopla å sjå på Arwen. Artemis får sitte laus når vi legg ut dymmiar, det held eg  på å lære henne, dette er med på å trene opp ro og konsentrasjon.

Dette er eit viktig moment, dei fleste flatter har så mykje arbeidsvilje, så det å trene på passivitet, og skru ned forventningane eit par hakk er nokså viktig med denne type hund. Arwen og Artemis jobbar hardt for små midlar, og ein treng ikkje stresse dei opp for å få dei til å yte maksimalt, her er det å holde fokus og behalde roa det viktigaste elementet. Alle trenings ykter bør starte med passivitet, sette seg ned å kople av.

Feltsøket, Artemis kjem inn utan at ho søker vidare med dymmi i munnen, i dag la eg ned dymmiane ikkje kast, og eg brukte micro dymmiar, 2 x 5 til 10 cm ikkje store greiene, men det er nå ein gong nasa som skal brukast og ikkje synet. Artemis fekk hente inn to stykkar, og Arwen resten. Eg la ut på nytt på andre sida, først fekk Artemis hente tre, og så fekk Arwen plukke inn resten.

På plenen har vi i dag trena på rett ut signal, litt fri ved fot. I lydigheita- treninga må eg nokk leite opp ein kong eller ein tennisball for å få litt høgare intensitet på Artemis, alt som har med apport å gjere har ho stor intensitet til, men kjem vi til lineføring, og lp øvingar dett intensiteten drastisk, når det er nemnt så er det behageleg å ha ein hund rundt føtene som er på jorda og ikkje i lufta ;-)

 
25.01.08
Lite trening for tida, mykje ruskevêr, og motivasjonen er ikkje på topp. Artemis har blidt stor, større enn Arwen, men ho er til gjengjeld eit hakk roligare ;-) ikkje så rask å komme inni igjen etter vi har vore ute, og eg må ofte hente henne i  koppel, altso langt frå slik mammadalt som Arwen.. derimot elskar ho kos, ligge i fanget og kose eller sitte tett på å legge hovudet i fange det liker Artemis, ho er så god. Eit par markerings kast fekk ho i dag, og då vaknar ho, og då kjem ho så klart fort til meg, og utan at ho behøver ekstra kommando, så litt kan gulljenta mi. Innimellom trenar vi fri vedfot ikkje mykje men nokre meter kvar dag tar vi uansett ver.
Artemis til venstre, og Arwen til høgre.
20.01.08
Masse snø i dag, Artemis og Arwen stor kosar seg i snøen. i dag har vi trena paralleltgange, det vil sei at begge to går på fot, dette må dei nesten kunne skal eg ha styring på to lause hundar. Eg er berre litt usikker på kva kommando eg skal legge på det, lurre på å bruke her, dette for å unngå at hundane blir frustrerte (eller blir slurvete på fot gåing) når dei går ein og ein på fot eller på plass. Det er litt konkurranse om å gå nærmast.

Artemis har også i dag fått trena på søk etter "din" pinne i snø, Artemis er ein hund som ikkje gir opp søks -oppgåver, ho søker til ho finn det ho leitar etter, altso ein gåverik hund der. Arwen får berre sitte og sjå ho, dette er for å terpe på passivitet.

 
19.01.08
Vi tok nokre filmar for få dagar sida, men hadde gitt dei opp på grunn av at vi hold kamera på høgkant, og eg hadde problem med å få snu filmen, men eg gir ikkje så lett opp så nå er vertifall ein film snudd.. Denne filmen heiter knalling, og det ligg i ordet Artemis knalla ;-) sjå film >>>
Filmen ;-) vi hadde trena inn sitt, he he men så kom kamera  fram og sitt var då gløymt, dette er det eg kallar knalling hunden går ut endå den har fått "sit" signal, slik skal ikkje ein hund som er prøveklar gjere, men vi er ikkje prøveklar vi er kunn i leikefasa ennå, vi skal ha glede og tempo som første prioritet.
Og så har vi ein til film som ikkje blei heilt etterplane, det regna og som alle veit toler ikkje alltid slike kompakt kamera regn, og det blei derfor berre med desse to filmane ;-) sjå film>>>
I denne filmen ser vi Artemis søke opp ein pinne i vedastabelen vår, dette momentet har vi gjort i snø også, vi berre stikk pinnen i snøen, og på gras då legg vi litt gras over slik pinnen ikkje skal oppdagast med synet, her er det kunn nasa som skal vere verktyet. Momentet får kommandoen "din"

Feila som er her er at Artemis startar å tygge på pinnen det skal ho så klart ikkje gjere, men det har ikkje vore noko problem før, og eg trur ikkje det blir noko problem heller..  Vi får lage ein ny film når heile øvinga er i boks, eg hadde ein slik film av Arwen når ho var 9 månadar, då heile øving, men filmen er borte, eg finn den ikkje at, og eg fryktar den er sletta fordi eg har leite fleire gonger, men eg finn den ikkje...

 
Vi har i dag hatt oss ein tur i skogen for å trene musklar, Arwen og Artemis spring fort både opp og ned, og det hender eg må roe dei ned nokre hakk synast tempoet er  stort.
 
18.01.08
I dag er alle kvalpane blitt juniorar, 9 månadar, og dei fleste har nokk vokse i frå seg, og vil sannsynlig ikkje vekse meir i høgda, no blir det i breidda ;-) Artemis har eg slanka ned litt og no kjenner eg ribbeveggen godt, dette på grunn av hofteskaden som ho pådrog seg i haust. Artemis skal gjer om alt fett til musklar, eg vil ha ho så sterk som råd. Eg trur dess sterkare og betre form ho er dess minder plagar får ho. I snøen har ho litt problem ser eg, og eg passer derfor på at ho ikkje blir overbelasta, akkurat passe mosjon, dette gjelder alle unghundar ikkje bra og utsetje dei for, alt for mykje og kraftig mosjon første året.
 
Artemis og Arwen leikar seg..
17.01.08
Vi har fått snø igjen ;-( det liker eg ikkje, men hundane liker det. Vi var ein tur i skogen i snøkave, hadde med kamera tenkte eg skulle prøve ut litt dette svarthund kvit snø :-) det er ikkje lett.  Aktivitet som er slitandes på hundane er godbit søk i snø, her får dei brukt nasa skikkeleg og eg kastar av og til nokre godbitar slik dei får søke ( dei brukar jaktlysta til å skaffe seg mat) dette er ein svert god aktivtestsform. Det er mykje betre enn kasting av snøball og anna forfallandes treverk, pinne og snøball kasting er eigentlig fy det skaper stress, derimot søksoppgåver på godbit eller andre ting er svert god aktivisering, ikkje stress kasting berre for at hunden skal springe det er ein uting, det blir det berre stress av.

Vi klipte klør når vi kom frå skogen, Artemis er som eit lam når vi klipper klør i dag sto ho i kø, og fommeleg masa på sin tur :-) Eg klipte Arwen først, også på kjøkken golvet, rein latskap, eg har klotanga på kjøkkenet no når Artemis får slik spesialbehandling.. Det å klippe klørne når dei er reine og våte er best, og klørne blir finast då, er dei tørre er det større fare for at dei flisar seg, og dei er også hardare å klippe. Godbit når alle klørne er klippa får dei begge to.

 
Artemis søker godbit i snøen.
15.01.08
I går var Artemis på hundetrening, og maken til hund :-) ho stressar seg ikkje opp over noko slag meir avslappa hund har eg aldri hatt, ho sett seg ned å ser seg rundt, tar væra med ro. Vi trena litt lineføring når vi likevel hadde oss ein tur, kontakta er der, og det gjekk rimeleg bra synast eg.

Vi har trena  på plenen i formiddag, og vi har vore innom sit, lineføring( fri ved fot) apport av dymmi, tre, og metall, alt går bra. Prøver å trene ho slik at vist ho misser ned apport skal den løftast fort opp og i hand til meg, eg viser henne derfor godbiten i tilfell ho misser noko eller legg ned, og ho er normal reagere lynkjapt plukkar opp og eg får apporten i hand og ho får godbit.( merk dette er innlærd adferd, og fungerar ikkje vist hunden ikkje har koden i hovudet). Sit lenger etter at eg har kasta eller lagd ut ein apport trena vi. Det gjer eg på den måten at eg går inntil igjen, komaderar ny sitt, klikkar og gir godbit ventar litt klikkar og gir godbit, så kan eg enten gi ut signal, apport, eller ja. ( eg brukar ja på dymmi, apport på tre, metall, din på nesepinnen og ut på innlæringa av dirigering) Artemis skjønar godt dette etterkvart.

I ettermiddag vart det ein tur i skogen på oss, eg, Arwen og Artemis. Ho spring som ein gal i lag med Arwen, dei skal av ein eller annan grunn, ha den same kjeppen, og det forgår ein har dragkamp om den, kven er sterkast :-) Arwen er nokk både sterkare og sprekare ennå, men Artemis ligg ikkje langt unna..

Artemis fekk søke felt i dag også, og ho har tempo som Arwen, søker fort og effektivt stor fart heim med dymmien. Kondisjon og hold kjem og ho beveger seg lett og fint :-) kanskje får vi ein gong i framtida sjå Artemis på jaktprøve kven veit..

 
12.01.08
Artemis her i eit forsøk på oppstilling, det var ikkje lett, ho er nemleg ikkje trena på å stille seg opp, og i tilegg er ho ikkje så glad i kamera ennå, men det kjem det også med tida...
Det manglar berre ei veke no så er ho 9 månadar, eg reknar med at ho veks ikkje så mykje meir, som oftast er høgda nådd når dei er 9 måna.

I dag har vi trena litt lydigheit på plenen det er det heile, det er så glatt over alt at det er ikkje råd å komme seg nokon plass. Det regna i går og i dag er frossen stålis overalt, det går verken ann å kjøre eller gå :-(

 
11.01.08
Her terpar vi på å sitte, og ikkje knalle, hum... eg har komet til det, skal eg lære Artemis og gå rett ut så må ho sitte til ho kan få lov og gå ut. Eg har derfor intensiv sitte trening med ho, og all jobb gir resultata. Ho har også spontan dekk med kommando, og utan kommando så den saken har løyst seg, og eg er derfor ikkje så redd for å terpe litt på sitt. Neseprøvepinnen har ho søkt opp nokre gonger i dag også, og vi brukte gjømsel vedaladet. Artemis er verkeleg super hekta på al form for søksoppgåver. Fri ved fot trena vi litt på plenen ikkje så mykje men litt kvar dag.

Vi har også vore i skogen og sprunge tulling i lag med Arwen, Artemis har stort tempo hoppar over grøfter og trær. I tilegg måtte vi trene på sitt medan eg la ut dymmiar, og i dag satt ho ;-)

 
10.01.08
I dag var eg berre ein liten snartur i skogen, og hadde med kun Artemis, det er ein tanke meir ro då eller når vi har med turbo Arwen. I går var dei begge to med, og eg har latt dei få lov til å springe/leike seg litt i lag med kvarande. Artemis har vorte mykje sterkare, og ho er rask til tusen, klarer nesten å springe nå igjen Arwen, og det er Artemis som er mest aktiv i leiken, og vil springe ned Arwen.

Vi har trena søk eller felt innlæring begge dagane, og Artemis har forstått oppgåva, og er i ferd med å like dette svert godt, når vi er ferdig med søket, så er ho ikkje ferdig ho søker likevel om vi skal gå vidare,  ho sett i gang å søke for harde livet ville finne meir ho før vi går ;-) I dag trena vi også på at ho skulle sitte ukopla når eg la ut dymmiane, det var ikkje lett, men ho måtte nokk tilbake og sette seg igjen, her må eg berre terpe, og når ho har erfart at moroa kjem etter at ho har sitte ein stund så blir ho flink til og sitte lenge ukopla, dette er noko som må lærast det er ikkje medfødt.

Vi går ikkje så langt, men det er motbakke og svert ujamt underlag, og det er god trening, resultata er godt syneleg, ho har fått meir musklar, og er blidt sterkare, balansen er også på vei tilbake og ho ramlar ikkje så lett.

 
08.01.08
Artemis har vore med i skogen to dagar på rad, ikkje noko å sei på farta henna, men eg tøyer ikkje strikken for langt. Derimot har Artemis fått trena feltsøk begge dagane, og det er talent :-)  I dag fekk Artemis hente inn det som ikkje Arwen fann ;-) Artemis fekk sitte i koppelet sitt og sjå på Arwen effektivt plukka inn nokre micro dymmia, litt for effektivt ho kom nemleg inn med to stykkar til slutt, og då blei det slutt for henna del, det er ikkje lov. Artemis fekk hente dei tre siste, og den siste sat i eit tre.

Artemis sitt som ei statue og ser på Arwen, følgjer med på den minste detalj, og så klart still. Når eg stoppar Arwen fekk Artemis prøve, ho plukka inn dei tre siste, og ikkje nokk med det, ho kom rett heim til meg med dymmien etter ho hadde plukka opp. Arwen sitter så klart ukopla og ser på, og sist men ikkje minst Arwen er knyst still.

Artemis har blitt fastare i fisken, og musklane kjem litt etter litt tilbake, ho brukar mest kraft på den sida som er frisk som ein fisk, men av slik springing i ulent terreng kjem det musklar overalt etterkvart.

 
06.01.08
Ingen tur på Artemis i dag heller, ho ville så gjerne vær med når eg og Arwen reiste for å trene, men ho må nokk berre ta det med ro. Ho toler ikkje så mykje... derimot trena ho på  pinnesøk i dag også, det er ho rå på, mulig eg skal ta å plukke fram ein liten haug med like pinnar, og lære ho resten av momentet. Ho har også fått søke etter godbitar på plenen, vi får jobbe med søkslysta hennar til ho blir sprekare i foten sin. Når ho berre ruslar rundt heime og på plenen går ho fint, og er trur( håper i vertifall)  at med tida skal ho bli sterkare.

Artemis er gulljenta mi, når eg legg med i stresslessen og skal slappe litt av, kryp ho opp i fanget og vil sove på fange mitt, det for ho så klart lov til, god og snill er Artemis.

 
05.01.08
Vi har ikkje vore på noko tur i dag, det er berre blank is over alt, og vi har derfor trena i hagen i dag. Søksmomentet på pinne gjømt i vedladet, den øvinga er ho fole glad i, og her er det ordet "din" eg lærer Artemis, for henne er det plukk den pinnen som luktar meg.

Vi har også trena fri ved fot, litt sit. Artemis har fått høyre apport for første gang i dag, eg har ikkje gitt noko signal til henne anna enn versogod når ho har fått lov og henta eit eller anna. I dag brukte eg det på treapporten, kan være greitt å kunne ordet iallfall, i lp er det ein ok kommando og knyte til ein apportbukk. I jakttrening brukar eg ordet svert sjelden, På Arwen veit eg ikkje om eg brukar det i det heile, det går på "ja" ferdi med det, ho kjenner jobben, og det skal være unødvendig å gi ein tillegs kommando for å plukke opp, det same som det er unødvendig å gi tillegskommando for å komme tilbake med ein apport.

Artemis i yndlingsposisjon, og no var det Artemis sin tur til å ha stolen :-) denne stolen deler ho med Arwen ++ .Stolen er aldri ledig den er populær, det er kun denne stolen + ein krakk dei har lov å ligge i.
 
04.01.08
Etter to dagar med kvile fekk Artemis ein tur i skogen. Ho skrur opp tempoet, og ein kan trykt kalle henne ein hund med stor fart. Ho fekk ikkje vere i skogen så alt for lenge, her gjeld det å gi henne rett mengde med mosjon. Derimot fekk ho søke litt etter mini dymmi, ca 10-15 meter framfor oss kasta eg tre små dymmie ( ho må sitte i band). Ut å søke, dette er start innlæringa på feltsøk. Det gjekk over all forventning, ho gjekk villig ut treganger og søkte seg opp ein dymmi, og vi gjentok denne øvinga med suksess.

I tilegg har vi trena sitt, dekk og fri ved fot i stova. Rimeleg bra går ho inne, eg er nøgd.  Fri ved fot, og sitt fungerar ikkje i skogen, men det gjer innkalling her kjem ho som eit lyn. Artemis er eit stort talent, og eg håper berre på at ho blir betre der ho blei skada, så ho får være med på tur, og trene.

Det er også eit dårleg føre her for tida, glatt, hardt og skare, ingen optimale opptrenings forhold.

 
02.01.08
I dag har Artemis måtte tatt livet litt med ro, ho blei nemleg temmeleg stiv og støl etter turen i går :-(  og trenge kvile, det er dermed ikkje sakt at ho skal forsette å kvile seg lenge, der er alltid litt tungt å bygge seg opp etter eit beinbrot, vi får berre ta tid til hjelp, og håper ho blir betre i morgon. Vi har trena litt dekk på kjøkkengolvet, ho er nå blitt rask ned, og skjønar godt kommandoen dekk, kanskje vi skal satse på å bli lp hund ;-) Skal ta å lære inn bli, når vi har fått ein temmeleg rask dekk så er tida komma for å kunne ligge litt lenger, det blir då dekk og bli.

Klørne har vi klippet i kveld igjen, og dei var lange. Artemis er blitt så flink til å ligge heilt stille når eg klipper, og det er såleis enkelt å få klippet dei skikkeleg, når ho ligg så still er faren for å klippe feil svert liten.

01.01.08
Da er vi i gang med 2008, eg Arwen og Artemis tok oss ein tur opppå heiane i dag, Artemis er så vill at ho måtte gå ein del kopla, dette på grunn av at eg tar litt hensyn til henne, det gjer ho ikkje sjølv.

Vi var vertifall så høgt at vi fekk snø og gå i, masse hjortetråkk var alt vi såg, ikkje eit einast tråkk etter folk, vi har såleis heile naturen for oss sjølve når vi umakar oss opp på heiane. Artemis var rådvill når vi vende heimover, eg gjekk nemleg ikkje tilbake i same spora, det skjøna ho ikkje heilt, og leita heile tida etter dei gamle spora våre, nesten som vår gamle golden. Ho skulle også alltid gå heim i dei spor som ho hadde gått på tur, derfor kunne ein berre late igjen auga å følje på. (slik er ikkje Arwen, ho kunne heilt sikkert tulla oss bort på heimturen hadde eg følgt på henne og ikkje gått bevist heimover.)

 
Vi startar året med eit par bilde, no hadde eg med eit lite lomme kamera, og som kunn tar bilde i jpg, derfor var det vanskelig å få redigert fram svart hund i kvit snø, men pytt.. det vises no silhuetten av Artemis så alle ser no sånn sirka kor ho ser ut :-)
Artemis på tur 01.01.08
 
Artemis på tur 01.01.08