Nr 4  Artemis (4 - 6 månadar)
07.03.2008
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
31.10.07
Vi har vore på kontroll i dag, tatt nye rønkenbilde av hofta til Artemis, brotet gror, og det er bra. No er det berre å håpe på at ho skal bli så god som det går ann, og vi skal passe nøye på ho. Treninga med å komme i form må nokk planleggast, og det blir nokk mykje trening i å gå i band  ;-) det trengst nokk med henne. Eg kjem til å prioritere klikkartrening og lydigheit med Artemis framover. Det vert ei stund til eg skal trene apportering med henne, den greina må vi nokk legge til sides ei stund. Eg vil ikkje utsetje henne for den eksplosiv trening som apportering er, men ho skal få lov å bære apport når vi går i band, og så vil tida vise når vi kan starte å trene slike øvingar.

Det vi skal gjere i nærmaste framtid er å klippe pels, den er lang .. Og så skal vi ta bilde, mange bilde av Artemis, ho er ei pen lita flatfrøken som no skal forevigast masse. Sjå fram til at finevert kjem tilbake då skal eg få ta bilde, eg tar som kjent ikkje bilde inn utan at eg er heilt nøydd, kan ikkje for det men eg mislikar sterkt å ta bilde inne.

 
25.10.07
Bilde av kjøkkenhunden Artemis, her til ære for lesarane våre ;-) Artemis får smake litt på møren som faktisk var god, det synast eg og, got med litt gode godbitar av og til.

Artemis får ikkje trene på noko anna enn passiv trening, slik som klikkar trening, og trening der ho skal tilby noko gjer vi ikkje, eg held derfor dymmien slik ho får ta den direkte i  i munnen ho får ikkje plukke opp sjølv dette for at ho skal være mest mulig passiv, men å sitte og holdefast for ho lov til, og det kan ho..

 
24.10.07
Nokk ein dag på kjøkkenet med Artemis, og maken til rolig, og tolmodig kvalp finnast ikkje, ho har det sikkert fint vil eg tru, der ho ligg og søv, et godbitar, og  får klapp og kos. Ho er ikkje i bur no anna enn når ingen er på kjøkkenet då må ho inn der på grunn av at eg ikkje vil at ho beveger seg utan at eg ser kva ho gjer. Eg er så glad i Artemis og eg vil så gjerne at ho blir heilt bra, og alt eg kan gjere er å passe henne så godt som det late seg gjere. Ho går fint ingen halting, og eg skal holde henne i ro, til det er skikkeleg grodd. Då skal vi sakte men sikkert bygge ho opp med litt og litt bevegelse.
 
23.10.07
Her er det kjedelig synast Artemis, alle leikane og beina må vere i buret !! kvifor uff, jau Artemis likar veldi godt at kongen hopper frå krå til krå, og ho får hoppe ativeia, men det er nokk ikkje lov, og så snart eg oppdagar at ting og tang er komet ut på golvet så blir dei plukka opp på buret og der må det berre ligge enn så lenge.

I dag har vi trena litt holdfast apport, Artemis ligg på golvet still, og eg gir ho dymmien i munnen, på bordet har eg godsaker som pølse, fårepølse ting som verkeleg er godt. Eg er stygg til tusen, held fårepølsa framfor Artemis, og ho held dymmien som ho ikkje skulle gjere det då, dette er kvalitetsikring av godbit i apporttrening, dette å få ein freistandes godbit framfor nasa når ein held ein dymmi ;-)  det langt vanskeligare med pølse enn frolic for den er nemlig vanligast at eg brukar :-) når vi trenar dette. Artemis har lært dette med apport og godbit og Artemis held til ho får takk. Dette er innlærd og ikkje noko ho er født med, Artemis har lært og holde fast dymmi til takk, og eg kan gjerne sitte med godbiten framfor snuten hennar, ho kjennar øvinga derfor ser det lett ut, men vi har nokk trena det inn bit for bit. (retrieveren kan og apportere bla bla... klart det, men mange kan ikkje sitte og holde fast med godbit framfor nasa, det må lærast) kva er vitsen? Jau her er det snakk om hurtig innkomst med dymmien, i tilegg slepp vi unna bølling med apporter, og at apporter blir lagde på bakken, eg skal ha alt i handa. Dette har eg sikkert nemnt før, dette er ein taiming trening, og heilt utan bruk av nei, og autoritet, her spiller eg kunn på at dette er moro.

Når dette er nemnt, så er det slik at eg anbefaler mange å trene utan godbitar også, det er nemlig ikkje så lett som det høyrast ut dette, og mange slit nokk med at så snart det er snakk om godbitar vil ikkje kvalpen eller hunden apportere i det heile, då er det kunn ein ting som gjelder, gløym godbitane ein stund, og byt heller med ein annen dymmi eller ei leike, ball osv. klapp og ros når kvalpen beveger seg gjerne i koppel i lag med førar. Dette At ting skal bærast hentast er noko vi skal oppmuntre til, men det er nokk litt for ofte at unghunden/kvalpen, og også vaksnehundar oppmuntre oss til både dit og datt ;-) les dei stikk av med dymmien, hentar pinnar som den vil at du skal kaste.. hum.. den aktiviserar oss til aktivitet, det kan no på ein måte være sunt for somme, men tenker vi på å forme vår hund slik vi skal kunne styre den ?  vil vi ha god innkalling, osv, då er det vi som må være den som startar leiken, og ikkje hunden.

 
22.10.07
Artemis har vore på kontroll i dag, og det positive er at brotet er stabilt, det gror seint men det gror. Vi skal forsette med 0 aktivitet det vil sei ligge mest mulig i bur :-(  Det er det einaste som hjelper, og då har vi ikkje noko val. Kjedeleg, men Artemis får god trening i å ligge i bur. Et godbitar og tyggebein, litt rund er ho, men det får ikkje hjelpe, i passivitet må ho, og eg brukar godbitar til avlede henne med..
 
19.10.07
Kjøkkenhunden Artemis har det bra, ho likar seg godt i buret sitt og søv seg igjennom dagane :-) og det er bra. Litt for rund er ho, det går ein del godbitar og eg må kanskje gi ho litt minder mat.. eller bruke av foret som godbitar. Ingen trening bortsett frå versugod, og det er ein nyttig kommando, den kommandoen vil eg dra nytte av i avstandsbelønning  og vi kan bruke både leike og godbitskål, osv. det blir då snakk om å gjere ein serie adferder før belønninga blir servert.

Nokre turar ut i hagen for å trekke frisk luft, og får å gå på do, ute er det mykje som skal undersøkast, og enkelte ting er plutseleg blitt litt skumelt i skuminga.. trur det er litt sån spøk ho ser i diverse ting. No er det eit kjent fenomen på ungehundar, og eg ser på det som normalt, det som er litt kjedeleg at ho får ikkje undersøk skikkeleg ting no når ho er kopla heile tida, og eg prøver så godt eg kann å holde henne mest mulig passiv. Eg hadde raka i saman lauvet til små dungar i går tidelagar på dagen, og plutseleg når vi då kom ut i skuminga så var dette sikkert småtroll som ikkje hadde vore der før, Artemis blei redd desse små spøka på plenen. VI gjekk berre inn, men i dag når det vart lyst fekk vi skjekka desse spøka og ting fall såleis på plass for Artemis.

 
18.10.07
Eit halvt år er alle Artemis sine søsken i dag, hippe hurra for dei !! Håper det står bra til med alle saman, og dei nyt livet som flatt.

Artemis er blitt 20 kg (ho er god og rund) slik eg vil ha ho, ein kvalp skal ikkje være mager heller. Når eg skriv det slik så meinar eg ikkje at kvalpane skal være feite, for tjukk kvalp er ikkje bra.  Artemis er nesten like høg som Arwen, og tenker vi etter så blir vekta ganske normal då, Arwen er ca 57 cm høg opp på skuldrene, og ho er ei lita nett tispe som er akkurat passe stor, Arwen er ca 24-25 kg.

 
17.10.07
Tida ruslar i veg, Artemis er kvikk men må være passiv, det er tøft til tusen, og eg får hjerte i halsen rett som det er. Det som er viktig er og ha med godbitar i lomma når ein går ut for å lufte henne litt, det hender nemlig at ho både drar i bandet, og får eit eller anna raptus føre, og kva gjer vi då :-) I går måtte eg rett å slett lufte henne opp i armane og bære ho inn att ho starta regelrett og springe rundt og rund i koppel, uffff .. Har ein godbitar klare ein å avlede på ein ok måte, og situasjonen roar seg.

Ho ligg mykje i bur av sikkerheitsgrunnar, det å få Artemis frisk betyr alt for meg no. Det er nemlig ei sprek lita frøken Artemis, ho har ein god del spenst sjølv ved brot i hofta, og det førar til raptus etter halen, etter skuggar, etter fluger, og matskåla blir ho tom på golvet og ikkje bort sette med ein gong ;-) altso mange ting som får ein kvik kvalp til å ta laust. Ho fell heldigvis lett til ro i buret, og det blir ein del tyggepinnar, griseøre, som tidtrøyte. Natta søv ho, men står opp eller startar mase når førstemann står opp, og det er kl 6.50 i vekene. Laurdag og Søndagar søv ho til kl 8.00 og det er passeleg tid å stå opp for alle.

 
15.10.07
Har i dag vore med veterinæren igjen.. ein gong veka og tar nye bilde, og vi skal neste måndag også.. Brotet er stabilt og det har ikkje forandra seg siste veka, så her er det håp for Artemis. Passivitetstrening står i høgsete akkurat no, gå minst mulig, ligge mest mulig i bur, kjedeleg men det beste for Artemis, vi gjer vårt beste for at ho skal bli så bra som råd.

Eg nytta høve når eg var med veten i dag og fekk låne meg ein klotang for å klippet klørne henna når ho var i narkose, klørne var alt for lange og faren med klør som blir lange er at neven veks og det blir vanskelig å holde klørne korte og fine. Når ho har eit brot som Artemis har no, så tør eg rett å slett ikkje klippe klør eg er livandesredd for å gjere ting verre enn det er.

Og husk alle klør som ikkje vert brukte veks svert fort, det same som skjer når kvalpane/hundane kunn går på snø og jord, dei slit ikkje så mykje då heller, og vi må hugse på å lære hunden vår å la seg klippe sjølv om det ikkje er så stort behov for klipp akkurat no. Klørne på ein god pote skal ikkje ha så stort behov for klipp når den går på asfalt/grus, men det er langt ifrå alle som er like heldige med utdeling av potar, ein del potar er slik skapte at dei ikkje slit like godt, og ei og anna klo blir mindre slitt enn dei andre, derfor er det nokk heilt nødvendig å lære kvalpen kloklipp, eller oss sjølve... om vi snur på flisa.

Til vanlig klipper eg eit par gonger i månaden, på begge hundane og då gjerne etter at dei har bada eller har våte klør, våte klør er lettast å klippe.

 
12.10.07
Nokk ein dag med passivitet :-( Artemis er dritaleid av og ikkje få bevege sei i det heile, og det er eg og, men vi held ut, dette skal gå bra eg vil ha Artemis frisk igjen. I dag har ho vore med meg i kjellaren der syslar vi med å lage nokre koppel i lær. Sjølv om været var fint blei det ikkje tur på Arwen og meg i dag heller, eg er lite motivert til tur og trening for tida, det blir berre dei nødvendige eranda eller så tar ein av gutane Arwen på tur. Artemis har god matlyst og ho har blitt litt tjukk og rund av og ikkje få bevege seg. Ekstra godbitar for holde henne i passivitet blir det nokk, og eg har ikkje hjerte til å gi ho mindre mat. Veks gjer Artemis også, ho er nokk ikkje så stor som Arwen endå, men eg trur ho nokk ho blir ca like stor som Arwen, og Arwen er ikkje verdens største, men akkurat passe så det passer perfekt.
 
11.10.07
I dag måtte eg ha pass til henne igjen, eg var ein tur til Moa for å hente bilen min som måtte reparerast litt etter EU -kontrollen.  Artemis hadde vist vore rolig og sove mykje av tida, så dagane ruslar i veg, og eg håper det gror så det knakar, og at Artemis snart er i full vigør igjen, ( om ca 5-6 veker skal det være rimeleg godt grodd vist vi ikkje er ute for fleire uhell.) så her er det berre å passe seg godt.
 
10.10.07
Kjedelig synast Artemis, trur at ho slit litt med å holde seg i ro, ho skulla gjerne ha sprunge seg ei runde i stova no, og eg må passe henne som ein smed slik ho ikkje hoppar over grinda for å ta eit raptus sprang. Ho må i bur berre eg forlate kjøkkenet eit lite augeblikk, temmelig travelt og hektisk og passe henne er det. Arwen forstår ikkje ein døyt, og i tilegg blir det lite tur på henne,  men ho tåler godt litt passivitets trening, Arwen likar seg svert godt i ein stol i stova og berre sove.
09.10.07
Regn og atter regn det går ikkje å ta med Artemis ut i hagen eingong i dette været, kunn ut i nødvendige erend. Livet består av å ligge på kjøkkenet å vente på mat :-) matlysta er på topp den er det ikkje noko å sei på. Tyggepinnar er også ei god tidtrøyte.

Vi skal i veg til veten på måndag å ta nye bilde, håper då at vi ser at det gror og at vi kan så smått starte å trene litt på kjøkkengolvet. Artemis haltar ikkje, og eg trur ikkje ho har noko særleg med smerte, i dag har eg sett hjerte i halsen fleire gonger ho jaktar nemleg på halen sin, kan tenke med det er ein form for tidtrøye eller overskots energi som ho vil ha ut. Her er eg snar å få avlede ho slik ho ikkje er for har med seg sjølv og at groprosessen blir lenger enn nødvendig.

08.10.07
Artemis har blit vant til å ta det med ro, ho søv for det meste heiledagane og natta, utan om når ho er ute for å gå på do, eller ventar på maten sin. Vi pøtar i henne godis for å få henne til å ta livet med ro, ho kan nemlig være ein resar når ho ønskjer det, og eg er rett å slett redd for at ho ikkje skal være rolig nokk :-) trening har det ikkje blidt noko av i det siste, men kva gjer vell det berre Artemis blir frisk å rask igjen det er det aller viktigaste for meg no.

Arwen skjønar ikkje kvifor ho ikkje slepp ut på kjøkkenet til Artemis,  Arwen er nemlig vant til å plukke opp alle smulane som fell på golvet, og få tigga til seg ein og annan skalk, no må ho stå bak ei grind og sjå på at Artemis får være på kjøkkenet heilt åleine i lag med meg. Når eg ikkje er der legg eg ho i bur, her skal vi ikkje ha noko uhell, er eg ute for å luftar Artemis, så tar Arwen buret det gjer ho kvar gong :-) Artemis vil gjerne leike med Arwen, og det går ikkje å fortelje nokon av dei at det ikkje går, det er berre ein mulig løysing på dette og det er fysisk skilje.

 
07.10.07
I dag stod eg opp kl 9.00 då hadde ho endå ikkje laga noko lyd om at ho ville stå opp og ut, vanlegvis står vi opp kl 7.00 kvar dag uansett helg eller kvardag. Siste hjørnetanna heng også berre å diglar no, den er nokk ute i morgon, og bitte henna ser heilt perfekt ut.
Hei ! seier Artemis, her ligg eg og kosar meg.
Livet går sin vante gang, Artemis trivst betre og betre på kjøkkenet (ho er sprek, og vanskelig å passe på) er det ingen på kjøkkenet så legg vi ho i bur, dette på grunn av at ho har gjort fleire forsøk på å hoppe over grinda, og her må det passast på, vi vil at beinet hennar skal gro så fort som råd, og då er ikkje hopping over grinda det luraste ho gjer .
 
06.10.07
Artemis og Arwen i hagen vår. Artemis må nokk ha på band for å unngå å skru seg opp i fart, her er det kunsten og ta livet med ro som gjelder. Trening på å ta livet med ro får ho nokk.

Mamma Arwen liker godt å posere for kamera, her synast ho sikkert at denne døttra Artemis er litt travel, skal det bli godbitar så må ein berre sitje å sjå inn i kamera det kan Arwen, med Artemis har nokk ikkje heilt skjønt dette ennå ;-) her har eg ein medhjelpar som passar på Artemis slik at ho ikkje finn på noko tull, ho skal kunn sitte eller ligge stille, men når ho endeleg får sitte i lag med Arwen så vill ho så gjerne slikke litt på henne, og det skjønar eg godt.

 
Gullpia Artemis i sola heime i hagen og ditt er det lengste ho kjem fortida, no med ny innkjøpt halsband det må ein ha når ein kunn skal gå i koppel i to månadar.
 
05.10.07
Det blir ein del godbitar og tyggeting no når det meste av Artemis sit liv er på kjøkkenet, tolmodige kvalp er ho, men det er ikkje berre berre å ikkje få være med ut, eller få springe i lag med Arwen, ho får kunn snuse på Arwen, dette fordi det er så uhyre lett å slå over i kraftig leik, og det skal ikkje Artemis gjer før om ca 8 VEKER !! uff det blir travelt..

Tyggeting ja, no er det berre ei av hjørnetenna som står igjen, eg har vore litt i tvil om vi måtte inn for å trekke dei ut, eg har synast tenna har vore så faste, men no ser det ut til at det ornar seg og dei dett ut av seg sjølv. Det hender av og til at mjølketenna ikkje ramlar ut, og hunden går rundt med dobbelt sett tenner, det har eg sett på voksen hundar fleire gonger, slik skal det ikkje vere.. ramlar mjølketenna ikkje ut innan rimeleg tid etter at nye tenna er på plass så ta ein tur til veten og trekk dei ut.

 
04.10.07
I dag har vi vore på ny kontroll, og tatt nye rønkenbilde av Artemis, det er litt forskyvingar i kula, men ho ligg fint i hofteskåla, og vi får berre håpe på det beste at det gror fint. Operere er vist ikkje aktuelt, og eg håper på det gror seg til etterkvart. Vi har derfor lagt all trening på hylla, no trenar vi på ingen ting, det er kunn kos, mat og ut på do.
 
01.10.07
Vi er nede for teljing, Artemis har eit brud i hofta, og vi må ta tida til hjelp for å bli bra. Ho har regelrett slått av hoftekula i vekstsona, slik kan av og til skje. Slike skadar kan oppstå både av fall og av kraftig leik med større hundar, i vårt tilfelle er det eit fall ut av bilen og ned på betonggolvet med hofta først. Artemis skal grosaman utan opprasjon, og vi må passe henne slik ho ikkje finn på noko sprell, ho skal være mest mulig i ro. Vi tar rønkenbilete ein gong i veka dette for å følgje med utviklinga i helinga. Det å holde ein flatt kvalp på 5 månadar i ro er ikkje enkelt, og ho er av og til ganske frustrert. Alltid i band, når vi skal lufte, ikkje gå i trapper, det blir ein del bering av Artemis, ho er mykje på kjøkkenet bak ei grind, i stua blir arealet stort og faren større for å starte ei søserunde,  men vi gjær alt for at ho skal bli så bra som råd. I slike tilfelle er det godt å ha forsikringa i orden, skadar kan oppstå og det kjem som oftast som lyn frå klar himmel når ein minst ventar det.
 
24.09.07
Eg har starta å repetere innkalling og kontakt, vi har vore alt forsløve med denne treninga, no må vi skjerpe oss. I går og i dag har vi terpa på fløte innkalling brukt betre godbitar enn frolick, og det hjelper. Vi trena nærsøk signal i går, men det har vi ikkje gjort i dag, vi skal ta ei ny økt i morgon med det nærsøk signalet.

I tilegg har vi prøvt på denne dekken då, men vi gi opp ;-) eg treng ikkje dekk på Artemis, vi klarar oss med sitt... Nei ! vi skal nokk få det til, men vi stressar ikkje plutseleg er nøkkelen der, vi ventar ;-) Vi var ein tur på hundetrening i dag der trena vi på sitt, sitt og bli, ikkje flir ( men vi må trene på det vi kan) det hjelper på sjølvtilliten, hi hi.. Artemis klarar å konsentrere seg med mange hundar rundt seg, og har god kontakt med meg, i tilegg trena vi rein kontakt, klikk og godbit ved augekontakt. Lineføring med holtar er også ein øving vi trena på i dag, Artemis er flink, sjølv om det skjer ting rundt henne.

Og så tilslutt måtte ho få prøve litt apport he he... her har har ho misforstått eit lite punkt... Det er nokre fleire enn eg som har retriever, og som har så smått starta å snuse på apporttrening og det er kjempe moro. I dag skulle Artemis få sjå litt på dei andre pluss at ho skulle få prøve sjølv, og vi skulle få nokon til å kaste til oss.

Sjå på går supert, dette er ei dame som kan passivitet, eg trur nokk at sånne ting er arv ja. No kjem det store som Artemis ikkje har skjønt.... det at andre enn eg kan kaste dymmien, hum... Vi fekk sitte å sjå på at den andre hunden fekk kast, og den apporterte, men  så kom Artemis sin tur, ho sprang ut og markerte flott, men sprang vidare utan dymmi, og søkte, pussig.. Eg måtte hente opp dymmien, for så å kalle ho inn sett ho på plass, og kaste sjølv, då kjørte ho planke dette kunne ho jamme bra. Vi prøvde på nytt med kastar, og det same gjentok seg, ho markerte, og forsette og søkte, pussigt, synast eg, og plukka opp sjølv, og kalla ho inn.  Komaderte sitt, og kasta sjølv, her og var det plankekjøring, rett ut plukke opp rett heim til mor med dymmien..... ja. ja..  her må eg tilsette kastar til Artemis ja, alt må lærast til å med dette, av og til får ein seg ein og annan aha oppleving..

 
22.09.07
Har trena det eg hadde planar om i dag, nærsøk kommando. Vi trena med godbitar i stua, og vi har trena med godbitar på plenen. i tilegg har vi prøvt oss på dekk ;-) Artemis er ikkje så rask til å tilby adferd som Arwen det har eg innsett, og eg har ikkje prioritert å få henne slik heller. Ho har dekka nokre gangar når vi trena i dag på det, men... det tar tid. Har ikkje planar om noko klaskedekk på ho likevel då eg ikkje skal prioritere lp trening med Artemis, det har eg Arwen til, og det held i langebaner. Dekk skal ho nokk lære, men som eg har nemnt tidlegare, trenar ein for mykje på sitt eller ein annen kommando blir det vanskeligare å få hunden/ kvalpen til å tilby anna adferd. Kvalpen vil altso tilby det som har lønna seg mest, og i dette tilfelle så er det "sitt".

Vi har i tilegg trena litt apport i dag, og vi har gjort momentet utsending litt vanskeligare, ho får kommandoen sitt, etter ein raskt på plass trening, eg går å legg ned dymmien, går så tilbake og snur ho i motsattretning, og komaderar på nytt sitt, og går å legg ned dymmien, snur på nytt, og eg tar fløyta i munnen det skal være eit signal for utsending i rett linje. No sender eg ho med ut, og ho apporterar dymmien, vi snur oss og gjer det same bak oss. Vellukka ;-) og moro trening, dette liker Artemis, og Arwen sitt og ser på, ho kunna så klart ha gjort det synast ho, men det å sitte å sjå på Artemis må ho nokk berre finne seg i, Arwen sitt laus og ser på når eg trenar Artemis, og ho er våken til tusen, men sitt heilt rolig og ikkje noko syting.

 
Gullhøna Artemis, bilde tatt i dag 22.09 og ho har passert 5 månadar.
Arwen og Artemis på godbit søk i hagen ( innimellom regnbya)
 
21.09.07
I dag har eg fanga eit par dekkar, og ho er så sikker på at det er sitt eg vil ha... så dette kan ta tid, men i dette regne er innetrening topp, og vi brukar tida vi treng. Vi har tatt første økta med nærsøksignal trening i dag, det er moro :-) masse godbitar. Skal kjøre det nokre gangar i morgon også, og så er det over på mini dymmi, og variasjon, dymmi, godbit, og signalet skal bety søk der. Påplass kommando, brukar eg når vi trenar gå fot, men kunn når ho er i posisjon.

Elles så er Artemis rolig, ligg og ser på tv eller søv. Ho har roa ned med dette tygge på ting opplegget sitt, og tygg no berre på  kong/ gummileikene/ tennisballar / bamsar som finst framme, og som er berekna på hundane. Eg har masse slike ting liggandes, og har aldri sett på det som noko problem, har ein retriever som gjerne vil bære så synast eg det er ok at dei får styre på litt, dei tar som oftast berre noko i munnen og går å legg seg.

Regn og atter regn, no håper eg verkeleg at det snur snart slik eg får tatt nokre haustbilde av hundane, før Artemis er like stor som Arwen :-) Vil opp på fjellet og fange hundebilde i godt lys... då får ein dei beste bilda synast eg.

 
20.09.07
Artemis har vore med ut til Moa i dag. det vil sei ligge i bilen og sove. trening det også. Ho søv som ein stein og er rolig ikkje noko problem å ha henne med i bilen, som Arwen trygg til tusen. I ettermiddag trena vi litt på plenen, sitt gå fot, det går bra av og til. Når det gjelder innkalling så kjem ho når ho vil, derfor trenar eg ikkje innkalling på plenen. Vil ho ikkje inn så får ho berre vere ute til ho er klar til å komme inn. Vil eg ha ho inn så hentar eg henne.

Når eg trenar apport eller kontakt så er ho der heile tida, kjem som ei lita kule tilbake med dymmi, MEN når ho er ute for lufting, og ruslar rundt og snusar, då kjem ho kunn når ho sjølv føler for det.

Eg har ikkje lært ho dekk, eller gå å legg deg kommando. No derimot skal ho lære det, har ikkje klikka henne så mykje på adferd ho tilbyr, skal likevel prøve å forme inn dekk ved bruk av klikkar. Gå å legg deg gjer ho utan kommando, ho er uvanlig rolig kvalp Artemis, og har lett for å hive seg ned for å kvile seg eller ta væra med ro.

Ho satt ikkje i ro på apporten i dag, kan nokk være lett på rumpa også ho då ;-) Her har eg nokk skunda meg litt for fort, i morgon er det tilbake til å legge ut dymmi, skal ikkje ha noko uvane med knalling. Fløte signala skal også inn terpast no. Det er kunn tre signal vi har bruk for. nr 1. to korte, betyr heim  nr 2. eit langt betyr stopp eller sitt, og sjå på meg, og nr 3 er, nærsøk signalet, som er korte blås, og betyr søk der.

Innlæring av nærsøk signalet, skal eg ta først med godbitar som eit godbit søk, og det skal forgå inne, ho skal sitte medan eg legg ut godbitar, eg går tilbake og sender ho på søk, og bles nærsøksignalet. Etterkvart går vi over på mini dymmia, gjømt i eit komprimert område, nærsøk kommando skal være på eit sterkt avgrensa område. Når Artemis  forstår litt oppgåva skal vi gjer det same ute, men då med gjømt mini dymmi Merk ho skal sjå at eg legg ut og gjømer mini dymmi, og vi er kunn eit par meter frå området i startfasen på innlæringa.

 
15.09.07
Skikkeleg ruskevêr i dag også :-( Har trena Artemis litt i hagen, og ho er flink, vi har trena på standar øvingane våre. I tilegg har vi trena apport, og her har tempoet komet .. Artemis har god fart når ho jobbar, og er konsentrert, ho må nesten alltid vente før ho får hente, eller gå litt på fot.

Hi hi.. eg var borti å skrytte av at eg ikkje hadde bada ho, det skulle eg ikkje ha gjort, for i dag måtte eg bade ho, etter ei lita stund i hagen har ho funnet eit eller anna å rulle seg i, det stanka noko gruefult av ho, og her måtte sjampoen fram..

Artemis sett forfra, litt mold på munnen, som vanlig, bilde er tatt 13.09.07
 
14.09.07
I dag har vi hatt oss ein tur til Valldal, der har Artemis, Arwen og eg møtte Aiyana og Britt for litt trening, og litt foto inni mellom regnbyene. Artemis fekk frie tøylar til å leike seg litt i lag med Totem, og det likte ho vist bra, dei fekk også søke godbitar i lag medan eg prøvde å få tat bilde, det blei mange bilde med kunn rumpa til kamera... Vi trena litt sitt, det var det heile, elles så strakk eg strikken for langt, og ho røyste seg, sånt skjer meg og :-(

Området som Britt har til disposisjon var rå bra, vi baserar på å ha ei å anna samling for å trene, området er så bra at det kan brukast til alt, utstillingstrening, lystigheit, jakttrening, flat fin golfbane.

Har nokre få bilde frå dagen som er bra nokk til å legge ut, eg kjem til å lage til ein serie til fotosida mi etterkvart som eg tør å sitte litt ved maskina mi.

Artemis i dag, nesten 5 månader, og har blitt ein snerte liten frøken. Aiyana stiller opp Artemis til meg.
 
13.09.07
Artemis og Arwen har faste rutinar, vi står opp kl 07.00 då er det ut å lufte begge to, og inn igjen for å få mat, det får dei nede i kjellaren. Om morgonen er det NP til begge med omega 3 på, etterpå er det opp i kjøkkenet og slappe av der til eg har fått ungdomane på skule. Etterpå er det ei lita lufte runde, før det igjen er opp på kjøkkenet for litt soving, då skal eg nemleg sykle på ergometersykkelen, i tilegg så trenar eg ryggen, og slikt tar litt tid. Etter det er det endeleg tid for tur, som oftast får begge vere med, eg skulla gått meir med Artemis åleine dette for å lære henne gode vanar. Ho er nokso sjølvstendig så ho lar seg ikkje påverke så mykje av Arwen, så av den grunn har det ikkje så mykje å sei at eg har med begge. Inne i huset er det av og til at det brakar laust med vil søsing, det har avtatt ein del, og det går no ann å be dei holde opp, og dei roar seg ned. Eg trenar litt med Artemis kvar dag, det er sitt og fri ved fot som er yndlingsøvingane våre( det er det vi treng mest) og fri ved fot er sjølve grunnsteinen i all hundsport.

Eg vog Artemis, og ho var 17 kg, Artemis er ikkje tjukk men akkurat passe slik ein kvalp bør være. Flott å blank i pelsen, pelskvaliteten hennar er god, den går for sjølvrenns, eg har ikkje bada ho anna ein ein gong, og det var rett etter dei andre kvalpane reiste (det har no vore masse regn då ;-) Ørene hennar har eg heller ikkje tørka ut av, dei er gullande reine, det har ikkje vore behov for noko reinhald, det same er auga, toppers.

Om natta ligg begge på kjøkkenet, Artemis i bur, og Arwen på golvet dei søv om natta, og Artemis tissar ikkje i buret, og no er det mange dagar sidan sist ho tissa inn ;-) hurra.. ho er stor og flink.

 
12.09.07
Har tatt ei lita økt ut for å trene Artemis, eg brukar sitt kommandoen, i tilegg  har eg starta å bruke på plass når vi trenar fri ved fot. På plass kommandoen kjem etter ein holt og rett før eg beveger meg. Artemis får også apportere ein eller to korte markeringar, dette får ho lov til på grunn av at ho sitt på fot medan eg kastar, ho spring altso ikkje etter dymmien før eg seier versogod. Dette forgår i hagen heime og her er ho 100% trygg og kan det. Apporteringa vil eg ikkje ha noko slurv med, den blir derfor kunn trena på kjente plassar utan noko særleg uromoment. No har eg ikkje tenkt å lære henne så mange kunstar, ho er så klok at det ho vil gjere gjer ho utan at eg treng å lære henne noko. Eg vil nokk lære inn dekk, hopp, neseprøve, stå, osv.

Eg vil ikkje stresse med noko opplæring vi tar det aller viktigast grundig, og det er "innkalling" "sitt" "fri ved fot" og såklart apport. Eg har kunn trenet apport heime, men "sitt", og "fri ved fot" har eg trena fleire plassar, eg skal også no trene litt apport her og der, dette for å generalisere at ting skal utførast med stil overalt.

Mange meiner at det er ingen kunst å trene apport (med ein retriever), og det er eg einig i, (dei fleste apportørar bær alt med stor glede) kunsten er å få hunden til å sitte å vente på signalet om å få lov å hente, også være rolig utan å lage lyd mens den ventar, i tilegg skal ikkje apporten tyggast på eller skadast på noko vis, og den skal rett heim i stor fart, den skal ikkje leggast på bakken men i hand. I tilegg har vi momentet som, huske kor apporten falt, bruke vind for å finne apporten, mange brikkar som skal på plass i apport trening, derfor er det også så moro og trene, det å få oppleve ein kvalp som går steg for steg i opplæringa er spennandes jobb.

Vind og regn er her ennå, slik eg har ikkje noko noko nye bilde, men eg vil tru  (håper sterkt) at det kjem ein fint haust snart ;-)

 
11.09.07
Vi var på hundtrening i går, der trena vi ein god del på kontakt og lineføring( fri ved fot), sitt terpa vi også på. Artemis klarar bra og konsentrere seg, sjølv om det er ein god del ting som skjer rundt henne. I dag har vi gått tur åleine i langline, slik ho har fått springe i grøfter og kosa seg. (ho må ha line dette på grunn av masse sauder i området). Når vi treffer andre som er på tur, kallar eg henne inn, og vi tar ein holt, kontakt og går fint, dette fungerar kjempe bra, ho er blitt så flink.
 
09.09.07
Lett miljøtrening av Artemis i dag, vi tok oss ein tur til NRK  avd. sunnmøre sit kvalpekurs for å myse, og miljøtrene. Masse fine og dyktige kvalpar var på kurs. Artemis fekk rusle litt rundt, men som alltid avslått ikkje noko stress med denne dama nei. Ho måtte ligge litt i bilen det må også lærast, ligge i bilen når ting skjer er eit moment som må lærast og trenast på.

Vi prøvde oss på litt innkalling, men men her var nokk mykje andre luktar som skulle snusast inn, så innkalling er ikkje det same overalt nei :-) Artemis overhørde fløyta mi, (då bles vi ikkje mange gangar) vi ventar ann å hentar frøkna inn manuelt. Det er særdeles viktig i innkallingstrening, unngå mas, er kvalpen opptatt med snusing, ikkje blås vent på kontakt å fløyt , eller kall inn med ein anna kommando. Dette må eg minne meg sjølv på derfor skriv eg det.

 
08.09.07
Her regna og stormar det ennå, men innimellom ei bye i dag fekk eg Hans Emil til å ta ein tur ut i hagen for å filme Artemis. sjå film>>>

No var dette ein impulsfilm, og den er uredigert og vi tok kunn ein film. kloven som du ser med raudbukse er meg ;-)

I dag har vi også trena på "sitt" nyttig øving spør du mei, men eg er opes på dette med å trene mykje på ein ting fører til at det er det vanskeligare å få kvalpen til å tilby anna adferd, men for meg betyr det ingen ting.

Innkalling trenar vi også kvar dag, og ein heil del, merk eg kallar aldri inn Artemis frå sitt når eg trenar, kunn når ho spring fritt, og eg kallar ikkje på ho heller for å trene innkalling eg belønnar ho fordi ho kjem til meg av eigne fri vilje. ;-)

 
07.09.07
Vi trenar "sitt" som i går, i dag måtte eg berre prøve å kaste ein dymmi mens ho satt på fot i stua.. ho løfta på rumpa og eg gav raskt ny kommando "sitt" og ho blei sittandes :-) topp. Vi gjekke ein firkant på fot, og så fekk ho hente dymmien, stor apportglede, rett ut og hente og rett heim til meg og sette seg. Avstandane er ikkje store i stua, men momenta skal lærast inn i enkle omgivingar for så å generalisere over alt.

Artemis måtte være heime i dag når eg gjekk tur med Arwen, ho må trene på å være heime også,  Arwen er svert flink til å være heime åleine, og heime med dei andre i familien, dette var eg svert bevist på når ho var lita, trena masse på det.

I dag blei det viktigaste på mobilen min oppspist ( tastaturet) forsvann i magen til Artemis, no er eg altso utan mobil, men det er nokk mulig å få kjøpe seg eit nytt tastatur så det ornar seg nokk med tida.. hi hi.. det er sånt som kan skje vist ein ikkje passar på tinga sine :-(

På grunn av at eg har vore dårlig i ryggen min, og er ikkje bra ennå, så har det vorte lite sportrening på Artemis, her må eg skjerpe meg og bite saman tenna og få lagt nokre spor så ho får brynt seg litt i sporgåing. I denne perioden som ho er innei no er ei god periode for all læring, og eg vil ha inn god sporadferd før eg trenar så mykje overver søk med henne.

 
06.09.07
No har treninga starta for alvor, eg skal få lært inn "Sitt" i fleire situasjonar på Artemis. I dag har vi trena "sitt" både i stova og i hagen.( dette har vi trena før også, men då utan kommando) Vi startar alltid frå utgangsposisjon, eg seier sitt, og vrir meg litt ut av posisjon slik ho ikkje følgjar med på fot. Rygger frå ho, og gjentar sitt, ser kort på ho før eg går tilbake og (klikkar + godbit) seiar kjapt sitt før ho rekk å reise seg og ryggar på nytt bort frå Artemis.  Går tilbake og tar ho med på fot, no utan komande, klikk, godbit på golvet og fri. Neste trinn går i frå med ryggen vent mot Artemis, start frå utgangstilling, seiar sitt går eit lite steg tilsides, og går 2-3 meter og snur meg mot henne, ser på Artemis eit par sekunder, går tilbake og klikkar, går frå på nytt utan at ho sprett opp. Denne øvinga skal eg ha fjellfast, og vi skal trene på dette kvar dag i ca to økter. Omsider skal både ball, godbit og andre freistingar hamne framfor og bak, likevel  skal ho sitte like fjellfast, dette er planlagd trening utan korrigering eg lærar ho opp til å lukkast. Trening skal være moro, derfor brukar eg lite hemmandes signal i opplæringa. Krava stiller eg til meg som trenar, det er eg som styrar det heile, og skal ha ein rask lydig hund som elskar å jobbe.

Ho har også fått hente litt utlagde dymmi i dag, ho er ein rolig ;-) apportør ;-)  ho har likevel god fart. Innkomstane hennar er gode og ho sett seg alltid rett ned fram om meg, det har eg lært ho.. og når ho sitter slik med dymmien i munnen er ho berre toppers. Arwen får masse pasivitets treeining av å sitte å sjå på Artemis, og det har ho berre godt av. Av og til sitt ho i band, og av og til sitt ho i "sitt" å ser på( ho har fått kommandoen "sitt" det betyr at ho skal sitte still å sjå på.) Artemis må også sitt i band og sjå på Arwen av og til, det har ho berre godt av, og ho klarar det bra.

Rusletur i band i dag med begge to, det har fått lov å "gå fint" og dei har fått lov å dra i koppelet !! Ikkje etter læreboka det, men når eg brukar strekk har mine hundar alltid fått lov å dra når koppelet er langt, men knip eg inn på lengda å seiar "gå fint" så er det ikkje rom for draging i bandet.

Regn i dag også, no håper eg på fint fotover må ha ny bilde snart ;-) vil på fjellet og ta bilde av Artemis.

 
05.09.07
Artemis er ei lita pen tispe, med sine eigne bein å stå på, ho er ingen typisk spring etter Arwen hund. Artemis gjer meir som ho sjølv vil, vil ho komme så kjem ho, har ho tenkt å gjere noko anna så gjer ho det. Eg har ikkje tenkt å trene Artemis meir enn eg må, ho skal bli ein lydig hund og vi skal trene inn mot jakt -lydigheit i tilegg vil eg trene spor. Lydigheita som ein treng i jakttrening er også den lydigheita ein treng å kunne i det daglige Vi skal bruke tida som trengst for å bli kjempegode. Punkta vi skal jobbe framover med er.

Sitt, god kontakt, god innkalling, gå fint i band...

  • Sitt og bli, skal trenast når eg går frå først ryggandes, frå ho, og så med ryggen vent mot Artemis. ( eg vil berre bruke ordet sitt, ikkje bli kommando)
  • Stå 5 meter i frå å sjå på henne 10 -30 sekund, gå tilbake og belønne ( lær inn klikk eller bra på avstand, eller kunne sei bra eller klikk utan at ho sprett opp)
  • Gå rundt Artemis.
  • Legge ned ein dymmi, eller ei matskål på ca 5 meter avstand, gå tilbake å sei versogod.

Dette skal eg trene i hagen, og i stova, etterkvart som det er innprogrammert skal det trenast på andre plassar, både ved parkeringsplassar, hundetrening og i skogen.

o
oo
Gå på plass eller fot vil eg trene ei stund til før eg startar med å bruke kommando, alt ho kan utan at eg treng å bruke kommando er ein fordel Fot -gåing skal ho lære, her er også automatiske holtar når eg stoppar, når eg trenar dette så går det mykje godbitar eg belønnar 100% når eg trenar slik.

Dette er ikkje det eg kallar gå pent i band...  Gå fint i band, det trenar vi når vi går tur, og når eg går tur både med Arwen og Artemis brukar eg kunn ros, og ikkje klikk og godbit, dette på grunn av at det blir alt for komplisert å bruke klikk og godbit når ein går med fleire hundar (det bli det eg vil kalle foring) og det lærar ingen noko av.

Teknikken eg brukar er dobbelkoppel, og strekk, dei får gå og dra berre så mykje dei orkar, og så knip eg inn på lengda på bandet, og forlanga dei skal gå i kort koppel og roleg. Dei blir så rosa når dei går rolig ved sida av meg, går dei uroleg eller drar så varsku eg frå dette er ikkje bra :-( Merk eg rykker ikkje i koppelet.. men stopper og forlangar at dei går fint, litt knurr kan det komme frå meg og av og til, men eg masar ikkje. Artemis går nærmast meg når dei skal gå fint, og ho går no bra i band når vi går i lag med Arwen.

Når eg går åleine med Artemis så brukar eg klikk og godbit når bandet er slakt, her trenar vi på å kunne gå fint sjølv om ho har litt lengde på bandet.

o
 Gå i band!
  • Lina skal være slakk.
  • Dette må lærast, og hugs du bestemmer tempo og retning.
  • Snu og gå i motsatt retning.
  • Innlæring av gå i band.

 "Slå rot” kallar eg denne metoden.

  • Hunden må erfare at det ikkje lønar seg å dra i lina
  • Stopp opp og stå i ro når hunden drar i lina. Tar hunden kontakt, sei ”bra” gi godbit og gå vidare ( markerer adferd)
  •  vidare etter at line er slakk (egen belønning )
  •  snu og gå i motsatt retning (tar bort belønning)

o

o

Artemis har også no flytta ut av soverommet mit og til kjøkkenet om natta. Søv heile natta, og tissar aldri i buret sitt. Ho har liggeforbod i sofa og i stresslessane, ho skjønte det ganske raskt, etter eit par tissehistorie i sofa og stol blei det totalforbod, dei har ein krakk og ein siesta- stol som dei delar på, og det fungerar toppers.. Her oppe på loftet er det først til mølla, godstolen til Arwen tar som oftast Artemis, enn så lenge til ho går ned, og so hoppar Arwen opp, og tar tilbake plassen sin.

Blank fin pels har Artemis no kullsort og flott, eg synast ho har vore litt god og rund :-) men det var før vi var på kvalpeshow etter på så synast eg ho er normal. Ho var nemlig minst.. enn ho var eldst, og i tilegg mangla ho vist masse. hi hi.. Tenna ramlar ut ein etter ein og ny kjem på plass, bitte ser flott ut, alltid spennandes med slike ting som om bitte er bra.. osv..

Alle i kullet har det bra, og dei er nokso like i størrelse alle samen, og dei har vokse jamt heile gjengen.

o
 
Her er nokre korte enkle tips og tenke over i kontakt trening !!
o
  • Ser kvalpen på deg sei "bra" og kast godbit, gi godbit, leike, ball.
  • Treninga består av å forsterke all spontan kontakt ( her må vi bruke sunn fornuft, ser du tv eller les avisa, og ønskjer hunden går å legg å seg,  forsterkar vi ikkje denne kontakten spontant, vi overser kontakten eller bed hunden gå å legge seg)
  • Kontakt bør være ei adferd som kvalpen tilbyr deg. (er du på tur og kvalpen ser på deg, seier du "bra" og gir godbit)

 

  • Godbit i lukka hand er ei metode som er enkel å lære, og vi kan nytte.
  • Her skal vi nytte ”versogod.”
  • Godbit i knytta hand.
  • Vi ventar på augekontakt, opnar handa og seier ”versogod.”
  • Dette er ei svært viktig og nyttig læring, då vi seinare kan nytte dette til avstands belønning av vår hund.

 

  • Spontan kontakt, nytt høve forsterk.
  • Leik med ball, fille, kong, klappe, rufse, ta på din hund.
  • Matskål, auge kontakt før versogod.
  • Ut på tur, kontakt sjå deg i auga før du let opp døra, ut av bil, sjå deg i auga før du seier kom.
  • Kontakt får du ved å ha det kjekt med din hund.
o
o
oo
o
o
o
o
o
o
o
o
o
 
02.09.07
Nytt kvalpeshow i dag, også i dag med øsendes regn ;-) Handlar i dag var Catrine, og ho er dyktig til å stille hund, tusen takk til til Catrine for god handling.. .Dommar i dag var Barbro Myrseth Gjerde, Artemis blei nr 3 i dag.

Kritikken: Søt liten dame, mgt godt hode og eitt flott uttr. g hals og overlinje. Tilstr. vinklet. God benst. god pelskvalitet, beveger seg  eft. og med flott driv.

Eg er godt nøgd med Artemis sine kritikkar, og det er kjekt at ho også er pen som kvalp, og eg trur ho berre blir penare med alderen :-) berre vent til vi får stille på jaktprøver, Artemis kjem nokk til å vise seg godt fram der med tid å stunder..

 
01.09.07
I dag har vi vore på kvalpeshow, Artemis blei flott handla av Ane, tusen takk til henne for fin handling.. Ho blei nr 2, og eg er stor nøgd med kritikken ho fekk.

4 mnd gammel tispe, meget god type, godt hode, noe lyse øyne, bra overlinje, bra bryst, bra vinkla foran og bak, meget gode bevegelsar, godt temp.

Det blei ikkje bilde frå dagens kvalpeshow dette på grunn av at det regna og mit kamera er ikkje laga for å bli brukt i regn ;-(