25.06.2012

Jakt
Målsetning Jakt er å bli betre og meir stabil på det meste.
|Arwen & Artemis felles treningslogg:) endelig|   
 
25.06.12
Veldig vemodig, men sant ! no er det slutt på denne dagboka, tenker vi konkurranse i form av jaktprøver er det historie, aldri meir jaktprøver på Arwen & Artemis, dei er blidt pensjonert på grunn av alder begge to. Det blir tur og kosehund + litt lp-trening på Arwen og Artemis skal få eit og anna blodspor vist motivasjonen er der ;)
Her blir det ikkje meir oppdatering på denne sida... så denne boka blir arkivert.

I dagboka om Rally blir det oppdatert jakttreninga vidare om korleis eg skal komme meg opp og fram med henne.. eg håper Rally bli min nye konkurranse hund og at ho held mål.
Håper mine trufaste lesarar følgjar Rally nå :)))
 
20.06.12
Vi skal stille på jaktprøve til helga, og hundane skal kjørast på rutine i år, det vil sei Arwen har vore med på kurs i år + ei treningssamling i Førde elles så har ho ikkje anna fellestrening av betydning. Arwen er ein voksen dame og bør ha ein viss form for rutine og det har ho!
Artemis er i bra form, har repetert litt vilt trening, Artemis tar spontan og tjapt alt vilt og eg kryssar fingra for at ho også skal lukkast på prøve i år.

Arwen hadde ei kjempebra økt med tungt vannarbeid i dag, og eg kan med handa på hjerte sei at det var serdeles nydeleg arbeid utført av ein sterk og arbeidsglad Arwen, eg er veldig glad for at eg har fått Rally etter henne, Arwen er ein sterk apportør som eg er både stolt av og glad i !!
 
31.05.12
Arwen hadde ei fin økt i Valldal, kort singel økt, då fokuset skulle være vanarbeid/dirigering, Arwen gjekk som radaren var på. Eg har ingen ting anna å sei enn Arwen var flink, og så ser eg om eg trekker eller stiller henne på prøve, er ennå litt usikker på om vi klare det.
 
23.05.12
Eg er så i tvil om eg skal trene Arwen eller ei til jaktprøve, ho er ikkje slik ho var sjølv om ho er erklært frisk;) det vil sei ho er sprek og i bra form for alderen, men ikkje "kanskje" til å starte på jaktprøve i EK :) då må ein være i toppform, ekstremsport krev sin hund. I tillegg er ho ute av prøveform, sjølv om eg har prioritert henne på kurs og treningar for vi det ikkje til..
 
14.05.12
Artemis er i form:) super markeringshund det, langbeit og rask. Symjar så fort (knallet på Arwen igjen.. det betyr ho er full av motivasjon og litt ulydig.)
Arwen har tapt seg og eg har litt dårleg føling med forma henna, ho vil så mykje, men tempoet hennar har dabba mykje av, sånn heilt plutseleg :) og eg vil være litt forsiktig med henne er redd for å presse henne for mykje.
Litt forsiktig sykkeltrening tar eg på Arwen det er som å dra på eit blylodd... det er ikkje nytt då for ho har aldri likt å så godt å sykle heller ho då, men ho har tålt det og har aldri hatt noko vondt av det ;)
Arwen er påmeldt på sunnmørsprøva og vi skal gjere vårt beste for ein fin oppleving. No ønskje eg meg berre litt sommar slik vi kan trappe opp vannarbeid, og komme skikkeleg i gang med det.
 
04.05.12
Litt små trening, men ingen skippertak ;) i går fekk vi børsta litt Artemis og ho er god på det ho er god på, fabelaktig markør! Eg skal stille henne på sunnmøre så litt støv må bort og er Artemis i slaget går ho bra.

Arwen har fått ut ei tann som var brekt og er i form igjen. I dag fekk ho ei kort økt med dirigering, eller eg kallar det berre ut, myrterreng, Arwen var svert flink sett med mine kritiske auge ;)
Arwen har svert god konsentrasjon når ho trenar i lag med meg og eg lure rett å slett på om eg er ukjenneleg for henne når vi trenar med fleire .. berre lure. Det vil då sei at eg må jobbe meir med meg sjølv og mindre med Arwen, føre rett å roleg, passe på fløyta og bruke rett signal osv. ja ja eg blir aldri klok på meg sjølv :)
 
29.04.12
Arwen og eg har hatt ei kjekk kurshelg, alderen prega oss begge;) hi hi. Arwen er rusten på område trene i gruppe, men ho klarte seg bra, det er ein del som ikkje fungerar, men det var også ein del som var bra.
Avstandar kombinert med vanskelege områder ?? skal eg verkleg opp her og søke ho trur ikkje alltid på meg og vel sin eigne vegar.

Arwen er ikkje så lett på foten som ho eingang var og ho skuffa meg litt på dette men å verje på å gå inn og over hindringar, Arwen har vore "er eigentleg type" har gått igjennom vann å eld etter dummy :)

Eg kan derfor glede meg over ein roleg pensjonist og kanskje berre la ho hente dummy for kosen og aktiviteten sin del. ;)

Eg tok mest med Arwen på kurs for å lære sjølv og få gode innputt på korleis vi kan variere treningane på EK nivå, tips til treningsoppgåver, eg har to hundar i tillegg som er under trening og det kjem derfor godt med alt av kunskap.
Uannsett så har Arwen kosa seg på kurs og ho har gjort mykje bra arbeid, ho har fine apporteringa, god fart både ut og inn, er roleg i all passivitet, der er mange kvalitetar eg setter høgt og er stolt av..
Eg kjem nok til å starte henne på Ek prøva her på sunnmøre, Fosen har eg planer om å revurdere.. 
 
26.04.12
Arwen for trening og Artemis for tur, begge er nøgde.. Arwen viser litt trøtthetsteik og eg eg litt redd det skal være noko gale med henne, ho har vore til veterinære for kontroll og vaksine, ho skal tilbake den 2 mai for å trekke ei laus tann, elles så skulle ho være frisk.
I dag har Arwen fått markeringstrening og ho jobbar, eg gav ho ingen hjelp som er(dirigerte på markeringar) det er litt for enkelt å hjelpe hund i hel også.
Det eg såg på var om ho var i riktig område, Arwen måtte passe på sjølv kvar ho skulle jobbe, enkelte dummy brukte ho ein del tid på, men ho fant etter grundig søk ;) Arwen gir ikkje opp jobbar og jobbar, snur seg heller ikkje å bed om hjelp! eller vandre heim tom, denne form for trening tok eg etter eg i ei periode har detalj styrt henne i dirigering også på markeringar. Kjøre ein for mykje detaljstyring kan ein få hund som ikkje løyser oppgåver på eigenhand men heile tida snur og spør om hjelp så snart det blir vanskeleg.( ja ja eg er ikkje så redd for at Arwen startar med det då.... ho har nok av eigenvilje) men ein veit no aldri ;)
 
19.04.12
I dag skulle vi kjøre litt vann dirigering på både Arwen og Artemis, og eg hadde med Hans Emil for å ha Artemis i koppel, ho skulle ikkje få knalle på Arwen i dag som sist :)
Det hjelpe og bruke hjelpemiddel, Artemis var rå, fart og stil hadde ho i dag, men det er tydeleg at eg ikkje har trena henne på nokre månadar, ho har gløymt at det er noko som heite fløyte.
Tøff, sterk og i god kondis er ho og eg skal snart kjøre henne opp med Vilt til prøvesesongen, Hans Emil skal forsette og holde henne i fysisk topp form, så skal dette gå bra.
Arwen hadde i dag trøttheits teikn det likte eg ikkje, er redd ho plutseleg skal bli gammal :( Ho gjor jobben bra og var svert lydhørt på fløyta osv, men ho har på langt nær så stor fart som Artemis.
Artemis har lenger bein og er tre år yngre... eg må berre godta at Arwen snart bikkar 8 år og då er det sikker litt naturleg at farta kan bli litt mindre enn i ungdomsåra.

I går var det perfeksjonering i nærsøk og dirigeringar tett på kvarandre, (passering av vitring utan å utrede) jau Arwen var superflink og detalj trening må til.
 
16.04.12
Arwen på tur til Førde, no var ho heldig !! det blir nok den siste store trening ho for reise på, Arwen er inne i sin siste sesong, deretter skal ho få sleppe dette maset mit om stopp i hytt å pine, når ho vil så gjerne jobbe;)

Eg ser opp til Arwen ho er ei stor stjerne i mine auge, tøff som toget når det er snakk om jobb, og vil mykje har god fart og løyser dei fleste oppgåver med stil.

Det er eit par moment eg må trene ekstra på med henne og det er fot og stopp, dei to momenta heng litt saman med ein hund som Arwen.
Ekstemt sterk jakt/søkslyst, ekstremt spontan, og vil så gjerne vitre ut, og få alt heim så fort som f..:) det er hovudgrunnen til at "fot og stopp" er serdeles vanskelege moment for henne. ( Arwen går bra fot, men dessverre blir det 30 cm for langt framme i heite situvsjonar)

Ingen hund er heilt lik, med ein hund som Arwen er det mulig å få til det meste, men det krevast bra føring og ein del trening i lag med andre. Sprek 8 åring Arwen!

Vi hadde ei ei kanonhelg med trening i Førde og Arwen holt godt.
 
29.03.12
Arwen prøve eg og kjøre opp i kondis og derfor for ho ein del ekstra markeringar osv, ho har vokse i frå sjølv trimmingsfasen og eg må jobbe meir med henne for å få opp kondis no enn tidlegare.
I går fekk ho derfor ful pakke av det meste, ei god økt med markeringar + eit felt i slit ut terreng ;) Takk, takk for hjelp til kaster og makkerhund.
Eg merkar blir ho trøtt held ho ikkje så bra på fokus og "kan" slå over i "spring til eg finn modus" derfor er kondis viktig, men Arwen er i bra form for alderen, og eg har planar om å starte henne i EK i år derfor :) jobbar eg med kondis, arbeid i vatten er bra og vi skal kjøre ein del symjing framover.

Vi hadde ei økt med symjing i ei stri elv på tysdag og Arwen gir gjernet fordi ho viste at på andre sida ligg dummy. 
Arwen går jo igjennom vann og eld etter ein dummy ho er dummy gal som vi veit, men dette var tøft og eg var litt usikker på meg sjølv om det var forsvarleg, Arwen er sterk og ho klarte det utmerket.
Vi har ein dummy igjen på andre sida hengandes i eit tre!, den for berre henge til vinden ristar den ned ;) litt svinn må ein rekne med.
Det er mykje å trene på ennå, så vi kan ikkje ligge på latsida...
 
25.03.12
Arwen fekk ei god økt med trening i går kveld, eg tok med henne åleine og kjørte igjennom ein god del jobb, Arwen går og går, eg føler at kondisen er på veg opp på henne og det er ein god følelse.
Eg trur at med betre kondis held også konsentrasjonen lenger, det vi sei ho skal ikkje gå så fort tom og starte springe utan mål og meining, det kan skje er ho trøtt mentalt og det kan være dårleg kondis som utløyse tomspringing ;)
Arwen gjor svert mykje godt arbeid i går og det er disse lange linjene i skogs/myr vi jobbar med, jau det kommer seg, ho går bra.
 
JA, det blei fartsfylt på tyttene i dag, begge to fekk litt markering og ut ++ felt ;) Vi starta med felt og Arwen og Artemis plukka fort og dei blei kjørt i lag, svert effektive, tømte eit stort felt raskt.
Markeringstreninga er mest tiltenkt Arwen sidan det er ho som skal konkurrere i år og Arwen treng bli meir lydhør, jaktlyst er det nok og ta av, men rusten må bort ristast og ho skal kunne radiostyras meir på detaljer.

Vi jobbar i terreng skifte med delvis skjult nedkomst av dummy, det er derfor ein må være konsentrert både hund og eg, her styre eg mykje og det er kun for å hjernevaske, Arwen finn alt berre ho for søke nok, men det er eg som vil ha presise spikring ikkje store søk, derfor kjøre eg på dirigerings markeringar 70 %, i dag kjørte vi berre doble og eg slapp å ta turen etter henne! det må eg no sei var eit stort framsteg frå siste trening.
 
13.03.12
Arwen fekk ny økt med markeringstrening og dirigering, Artemis var med for å provosere litt ;) Arwen fekk doble markeringar og lang avstand, eg kjøre det som "ut" (dirigeringsapportar) Artemis er statist og brikke i det råspillet. Arwen løyste oppgåva flott, så blei det tid for at Artemis skulle hente litt markering, ho er flink og spikra  bra sin apportar;)
Arwen igjen med dei same oppgåva som sist, nåja det er her Artemis har gjort jobben som brikke!
Eg måtte nok ta turen etter Arwen nå, eg veit kva som er problemet og at det trigger henne og gå over terenge der Artemis har vore (måtte berre skjekke) altså skeia i eigehand. Vel vel, det blei spytt ut og start på nytt, så var ho tilbake med fart, stil og lydhør var ho også.
Vi avslutta med skikkeleg bakke opp trening i myr, pisking på jobb for øking av melkesyra. Arwen går på steinvilje og gir ikkje opp, hentar sine dummy til 100 i stil :) arbeidsgjerne mit :) Eg legg til at Artemis fekk også hente bakke opp dummy, ho spring fortare enn Arwen, men ho for berre ein ;) ho bygg motivasjon og då er ein nok for henne.
Arwen avslutta med dirigeringar på innmark, bra jobba Arwen!
 
11.03.12
Arwen jau i dag fekk vi teste dette som eg veit er vanskelig, dirigering i kupert terreng og terrengskifte... Vi la ut to skjulte dummy på mark kun til testing, før vi tok turen til skogs for markeringstrening.
Vi kjørte ein del doble markeringar, lang avstand, med dummyane var ganske tett på kvarandre, eg skal bestemme og måtte nok bite i det sure eple og ta turen etter Arwen eit par tre gangar, nasa er sterkare enn høreselen, som vi veit ;)
Det kan nok sjå litt rått ut dette, men Arwen er Arwen og eg kjenner henne godt;) Det var derfor berre å spytte ut og starte på nytt og hente den som eg ville ha inn først, så fekk ho hente den som ho måtte spytte ut ;) slik kan det også gå føre seg på ei trening.
Det blei også nokre lange dirigeringar i kupert terreng, her ser vi kor vanskelig det blir og holde linja kontra innmarkstrening som ser ut som radiostyring. Vi fekk inn alt på dirigeringar også, men då måtte eg styre mykje høgre og venstre og lenger ut osv..
Vi avslutta med å ta innmarks dirrigeringane, planke, planke, her er ho rask på sitt, går rett og langt... utan noko som helst problem. Her fekk ho som vanleg trampeklapp og masse ros for flott jobb, det likar Arwen !! og eg;)
 
08.03.12
Tur og litt innlegg av trening, Arwen er min faste støtte, ho forlatar ikkje meg på tur med mange cm;)
Derimot er det snakk om å hente dummy går ho langt og fort og held koken med god fart Arwen.
Det regnar og snøen minkar og det er snart håp om bare myrar, yes yes.. det vil eg ha, innmark er greit det, men ingen ting er som lydig hund på open myr, det vil sei eg meinar gå 150 rake meter på innmark kan alle klare, men gå 150 rake meter på myr med litt vegetasjon, osv.. er neimen ikkje så lett., kommande arbeidsoppgåve er no dirigering på myr og markeringstrening i blanda vegetasjon og terreng.
 
06.03.12
Lange rett ut, og det var tre punkt og 6 dummy, 150 meter til alle trepunkta, her skulle eg ikkje ha stopp eller sitt, det var berre å gå på til Arwen var framme ;) flott jobb feilfri oppførsel, toppershund Arwen til tider ;)
 
01.03.12
Arwen fekk litt markeringstrening i dag, og det var hørsel markeringar, det vil sei ho såg ikkje berre hørte, vanskelige, men det er no det ho må ha, lokalisere og bedømme avstand etter lyd og  holde på området til ho har funn.
 
01.03.12
Arwen har eg tenkt å trene for prøvestart, ho er den som er enklast å ha med i lag med Rally og ho blir derfor prioritert. Eg hjernevaskar, eller trenar terp på Arwen som er dirigeringslydighet, og ho er bra og kan gå litt som ei liten maskin, lite nykkar på henne, men det er liksom kondisen som er viktig, den må ho ha skal vi klare å starte i EK.
Klare eg ikkje å få henne i topp kondis kan eg berre gløyme å starte ;) Gamla blir 8 år, men frisk og rask, det er derfor mulig å plukke litt på vekta og heve kondis nivået og det skal vi greie..

Eg må få nokon til å hjelpe meg med meir markeringstrening og då er det lange vanskelige markeringar eg tenker på, repetisjon av avstandsbedømming. På søndag hadde ho litt markeringstrening, to kastarar ho plukkar og markerar veldig bra ho held også bra sånn tenker eg på kor lite trening ho har hatt dei to siste månadane :) terenget var ikkje av dei mest utfordrandes og det blei derfor ikkje så vanskelig for Arwen.

I går hadde ho eit felt i lag med makker hund, ho gjekk bra, men eg såg antyding til trøttheit på slutten og det er ikkje bra ;) men det er fysikken og det er det råd med, meir trening av kondis, arbeidsviljen er der og Arwen har høg moral.
 
24.02.12
Arwen fekk ei økt i dag med repetisjon, å for ein hund(les maskin).
Vi gjekk først tur i skogen Arwen og Artmis va med og eg hadde håpet Arwen ville springe litt i lag med Artemis for å trene litt kondis/leike seg, "jau eller nei" 30 cm frå meg var det lengste ho gjekk... Artemis saum for heile skogen sprang og kosa seg.
Derimot hadde eg planar om å trene Arwen litt, repetisjonsøvingar, dirigering. Ååå for ein hund, ho går som ein robåt med fart som ein unghund, kan ikkje klage på Arwen sin iver etter å jobbe, sjølv om eg ikkje for ho frå beina på tur.. det er så herleg å nyte henna arbeid og arbeidsglede. Lenge leve Arwen ;)
 
18.02.12
Og sidan Arwen har større spontanitet enn vi treng ;) må eg jobbe med å hjernevaske henne som vanlig, men det går strålandes, ho sitt så raskt på fløyte igjen og det til å med på brunefløyta, ho er vertifall ikkje døv så det lover bra! Arbeidsvillig og glad er Arwen, ho skal få ha gleda av å trene så lenge ho lever, om det ikkje er til prøve så for vi kalle det til kvardagsbruk, for det gir stor gled til henne !
 
14.02.12
Bra test på oppvind og regn;) Arwen må blåsast rein for rust og vi er i gang, markeringar på mark, open mark kan være vanskeleg det, men inn må apportane og dess fortare dess betre, Arwen er voksen og litt rusten og må trenast igjen på å berekne avstand og søke i riktig området.
Og sidan ho treng betre kondis kan ein godt kalle dette intervall trening ;) Takk til min personlege trenar og sønn, Hans Emil >>> for du stilt opp og kasta apportar i dette griseværet ;)
 
13.02.12
Arwen har vore med ut på Sandsøya for å feriere litt ;) vi kosa oss med baremarkar og det vil sei litt trening. Arwen er frisk og sprek litt i tyngste laget, men elles har ho arbeidsmoralen i behald.
Arwen skal eg prøve å få opp god kondis på og få trenet til prøvestart, ned i vekt og opp i fart ;) Ho kan det meste av moment og skal derfor terpast på ein del små moment for å få ho meir lydhør på avstand.
Eg må også få trenet henne ein del i stressa situasjonar for at det skal funke på prøver, men kondis er det viktigaste for Arwen. (Sykkel, vi for satse på det) i skogen har ho no komet på at det er beste er å rusle bak meg i mit tempo, og det blir det ikkje kondis av!!!
 
29.01.12
Hundane mine har hatt ferie ;) så bra, kvile gjer susen. Artemis blir tura og kondistrena av Hans Emil ho skal holde forma i år, same kva ho skal utføre ;) kanskje blir det kvalpar, så kurs i Hemsedal og prøvestart til hausten på henne, men planane er litt ute i det fri, det kan no være det at ho kan startast på sunnmørsprøva også, er ho i kondisjon til då.

Arwen blir 8 år til mai og eg rekne med at ho er i kanonform lenge ennå, det virke vertifall slik.

I går var ho ferdig med årets løpetid og det blir å satse på sykkel for å få opp kondis i tillegg blir det dirigeringstrening og hjernevasking på avstandslydigheit, sitt langt ute og gjer som mor seier, nåja ho har no rikeleg med eigenvilje og jaktlyst, det er derfor ikkje det enklast ein skal gjere det å lære gammal hund og sitte ;) hi hi

Arwen har nok av mykje og det handle mykje om å kjøre rett, kanon hund til tider ;) men vi har hatt våre diskusjonar eg og ho, det blir det nok i år også.. uannsett så blir det henna siste sesong med jaktprøver, neste år er det nytt blod som skal i ilden og Arwen skal kvile på sine pensjonspoeng ;)
 
24.11.11
Det blei litt trening på Artemis i går, det eg fokusert litt på var den låsinga i retningsending etter stopp, ho skjønner ikkje heilt dette med teikna mine på lang avstand, skal eg sende høgre, venstre, går ho ikkje alltid som eg har tenkt det.
På kort avstade er ho bra, men blir det avstand kjem (kan det komme) låsing, dette beror nok på at ho er ikkje heilt sikker på mine teikn ennå, det er ein ting som hjelpe det er å trene meir på dette momentet.

Eg slit også med småfeil i opplegget av trening til Artemis, dette med å tenke på alt kan av og til gløymast, plan 2 vist noko går gale er viktig å ha klart. ;) ja vi blir no berre betre av å trene både Artemis og eg. Detaljer kva og korleis eg best løyser plutselege adferder som eg eigentlig ikkje hadde venta:) ja ja..det blir..

Artemis fekk litt felt arbeid til slutt for å løyse opp og jobbe med noko som er så fritt som feltsøk. Artemis gjor ein fin jobb her, eg hadde gjort det litt vanskelig for henne og ho drog bakom feltet eit par gangar og eg mått få ho heim og ut igjen på riktig side, Artemis kjem fort heim og ho går villig ut, ho kjem fort heim når eg kallar ho heim elles er ho i søk. Artemis søkte bra, gode slag med funn og lite henging i andre dufter under feltjobben, mykje bra jobb av frøkna.
 
22.11.11
Vi var ein snartur på Sandsøya og innom Vanylven i barnedåp i helga som var og det har derfor vorte mykje i bil og lite trening på Arwen & Artemis, sjølv om veret har vore bra har vi fokus på litt anna enn trening! Litt uvant å vere på Sandsøys utan å trene også, men no var det berre litt vanlig lufting som sto på planen for det dogs!

I dag derimot blei det Arwen sin tur til å strekke ut musklane og få hente nokre dummy, det verdsetter ho meget høgt og det er det beste eg kan gi Arwen ;) lov å hente dummy, det er ein stor del av livet hennar.

Ho held koken ennå både i fart og presisjon på sjølve apportdelen, litt slurv (eller impulshandlingar som ikkje er nøye nok igjenomtenkt) er det alltid i frå mi side i føringa, men eg blir betre på å kjøre eg også!!

Eg er godt nøgd med Arwen, det vi treng meir markeringstrening der vi kjøre momenta høgt opp i vanskelighetsgrad, både i skjult terreng og i lengde og gjerne slik vi må inn å hjelpe (dirigere til apport) "Arwen såg ikkje markering men eg såg".. då er det dirigering som skal hjelpe oss.
Arwen må også trene meir på lydapport eller det at det kun er skot, smell mot tre eller andre lyder av apporten som lande, lokaliser apport ved hjelp av lyd, holde seg i riktig område til ho har funn. Det blir aldri tomt for trenelige moment innan apportsporten og fascinerandes  blir ein hekta..
 
16.11.11
Firkant trening på begge to i dag,12 apportar på kvar hund og eg kjøre mit eige system og det funkar topp, ei runde så vender eg tilbake og Arwen må sitte på to ute ved punktet før ho for plukke opp, dette for å plukke av henne litt spontanitet å gi henne trening i å høyre etter fløyte signalet stopp og vent på nærmare ordre. Jau ho er så flink og eg skal bruke mykje dette på henne for å sjå om eg kan klare å kontrolere henne litt betre. Eg legg mykje prestisje i fotogåinga når eg kjøre dette momentet og her var det ikkje slurv i dag verken frå meg eller hund. Litt tøff med Artemis og starta med line stubben min på første runde, skal ha klistra til fot og Artemis har ein tendns til å smake på graset når vi går på fot;) i dag var det null toleranse for det, jau Artemis skjønner når det er alvor. Runde to gjekk ho utan stubb og var klistra til knet,ingen graseting med heldt posisjonen på fot, ut gjekk ho som ein kanon og heim har alltid farta vore svert bra.
Dette er ei god metode for å få med alt i ein gang og i tillegg er det variasjon, ingen oppatt apportering med alle 12 apporteringane går i forskjellige punkt, genialt.
 
15.11.11
Dagtrening og alle tre hundane var med! Arwen er rå og eg må vist berre ta henne med slik eg ikkje gløyme kor god ho eigentlig er ;) Arwen var med i all passivitet bortsett frå når vi hadde ute vilt, den biten gjer henne fole varm og då kan ho ligge i bilen og holde varmen:) Arwen er heilt tyst i bilen..
Mykje bra markering på Arwen og med sola i mot blei  det derfor ein del dirigeringsapportar som vi løyse fortreffeleg og det er eit moment som eg skal kjøre Arwen mykje på.
Artemis kjørte eg kun på vilt og då var vilte utplassert som felt før ho fekk sleppe ut av bilen, vi hadde også folk i feltet og det var "vilt" som Artemis ikkje hadde snusa på før, dette var bra, og eg var godt nøgde med det eg såg.
 
13.11.11
I går tok vi turen til Moltufjellet, lang tur to fergje, men verdt det. Genrealisere moment til sted og vente i bil.. jau vente i bil blei det på Artemis, ho henta to markeringar og var i bilen resten av tida i går. Artemis var likevell best, dei to markringane ho tok var svert vanskelige, veldig lange alle hundane sleit med dette, men ikkje ho! topp. Ho hadde ikkje påverknad eller hadde sett markeringa til andre ho stilte med blanke ark og gjor ein god jobb, henna moment bestod også i at kaster stod langt ute og han stod der når ho blei tatt ut av bilen.

Arwen var med på mykje passivitet og lite jobb og sidan eg skal starte henne igjen på prøve til våren må eg jobbe, hjernevaske henne på dirigering igjen, få opp kondis mykje arbeid skal til for å vedlikehalde ein EK hund.
Arwen er ganske rusten og sjølvrådig, men ho er god og kan byggast opp fort, justerast på dirigeringslydighet må ho nok, ho kan momenta, men har sterk jaktlyst og vil så mykje derfor må det ein del terp til for å sette henne på plass, har ho vitring kan det være vanskelig å nå inn med diverse komandoar, ho må derfor revaskast nokre gangar ;)
I dag har det vore kvalpetreff for RA-kvalpane i skogen og Arwen har vore med for å vise litt av kunstane sine, jau vi vist fram både lydige og ulydige Arwen (for andre vil ho framstå som super lydig sjølv med alle feila sine) det er normaldrifter som det å utrede vitring og fullføre den som er henne sterke og svake side, har ho på nasa så vil ho gjerne vitre ferdig ;( positiv for nokre, men for ein EK hund kan det føre til problem med premieringa. Derfor må eg gå inn litt ofte i ei periode og vise henne korleis vi gjer det.. men det klare vi fint for Arwen kan mykje !
Artemis, ja Atle kom til kvalpetreff med henne og sidan vi hadde vilt med til treffet, fekk ho ei nøtt eller eit vanskelig moment.. Vi hadde ein person med jerven duk, då blir du eit spøk for ein normal hund i skogen, denne blei plassert ut, eg la vilt rundt dette spøket og sende ut Artemis på felt søk ;) Jau første vilte henta ho utan og legge merke til spøket, men på andre slag så ho det ho fekk stå pels og det kom litt svak djup lyd, eg bad figurant berre snu litt på seg, Artremis stopp ikkje opp, men fullførte felte med litt ståpels, fekk heim felte med vilt nokså spontant ;) flink jente Artemis. Generalisere er viktig og vi har tatt steget ut og legg opp med tanke på miljøet.
 
10.11.11
Då blei det trening på Artemis igjen, jau i dag fekk eg ein god del moment som eg treng i generalisering av Artemis, blant anna dette med å få utplassert kastar før ho får entre treninga dette er viktig moment for oss og i dag la eg vekt på det.
Det var ein del markeringstrening og eg hadde ein del kjørefeil (som vanlig) men trening er både for folk og fe, det er ikkje berre hund som skal bli betre det er eg også !

Ta riktig avgjersle gjor eg ikkje kvar gang og vi ende opp med nokre tomme markeringar.
Likevel Artemis er ein sterk markør med god nase og gjor mange gode markeringar, i tillegg jobbar ho raskt og har veldig god fart heim etter funn, er ikkje mykje sleiving med dummy på den dama no, ho har få sleivet opptak eller sigargrep. Dei fleste apportgrep ho har er veldig bra vi har også kjørt på med diverse dummy av ulik storleik og fasong.
Farta held heile tida og ho går villig i jobb og står på til ho for signal om å komme heim eller gå i annen retning, i dag var ho litt tunghørt i startfasa og det er tydeleg at ho kan være varm utan at ho gir uttrykk av det på standplass.
Det var også mange moment ho skulle forholde seg til i starten og det virket nok inn på høreselen, men det må til skal vi kunne klatre eit steg lenger opp i stigen.
Kjekk trening med godt utbytte.
 
09.11.11
Veret er flott ennå og tur og trening blir det. I dag var det Arwen som fekk bli med på tur i lag med Rally, ho fekk ikkje trening med tur og avkopling. Såkalla trim er ein del av det som må til.
Søndag var Arwen med å trena både markering og dirigering også eit par dirigeringar på vatten blei det på henne.
Artemis har også fått litt trening og ho er i bra arbeids modus og eit hakk erlegare enn Arwen, Artemis gir god respons på fløyta og eg skal terpe litt meir høgre -venstre på henne, retningstrening kan vi aldri få nok av. Artemis skal ha mykje markeringstrening også kombinert med andre moment for å trene opp minnet over lenger tid, mykje å trene på ennå..
 
03.11.11
Veret er bra og det har vore ein del trening både på Arwen og Artemis, faktisk har det vore litt markeringstrening på begge to.
Både Arwen og Artemis er råsterke markørar og har lite feil i arbeidet, men det er likevel serdeles viktig å få trena meir markering. Då meinar eg ikkje berre eit kast rett fram som er enkelt å få både markert og få heim, men vanskelige krevjandes apporter der ein hund må konsentrer seg og bygge opp erfaring i avstands berekring.
I tillegg eg som fører må kunne føre hund på vanskelige markeringsapportar og ta riktige avgjersle raskt, desse momenta kan ein trene når ein har hjelp og må også prioriterast når ein har det grunnleggandes inne, strekken...
Dirigering er viktig og kan berge mange markeringar har vi med oss hovudet ;) Artemis har no bra forstand på kva  venstreut og høgreut tyder og eg har gått over på den kjøring på henne i dirigeringsarbeid.
 
27.10.11
Artemis trenar eg kondis med, intervalltrening må til for å få opp farta og få ho ned i vekt.. det blir. I tillegg er vi i gang med detaljer i dirigering, Artemis stressar ikkje og det er derfor mulig å få lært henne opp utan for mange feil og at eg må inn med "nei" osv.
Artemis reagerar kjempe bra på fløyta og stopper raskt, men ho slit ennå med teikna kva eg eigentlig meinar, har ho eit gamalt bilde eller påverknad i hovudet så skjønner ho ikkje heilt retningar og eg må inn med fleire stopp å såkalla "mas" det har vi som mål å kvitte oss med ;) Det blei derfor ei kort økt med teikn og nærsøk på Artemis i dag.
 
26.10.11
Veret på sunnmøre har vore så fantastisk nokre dagar og det har vore nytta til tur og trening. I går var eg i Valldal og trena Artemis i apporteringsmoment, jau ho er godjenta mi og gjer sit beste, det tyder eg er godt nøgd med henna utvikling.
Lydig og vi har klart å etablere ein nydeleg "fot" den kjem godt med den dagen vi er i EK (planen er å komme ditt ;) i tillegg har vi alltid godt tempo heim !
Dirigerings moment skal eg kjøre Artemis ein del i og bygge meir på detaljer, Artemis treng tid, men det ho har lært det sit bra og ho utføre det ho kan utan å protestere!  Vilt tar vi ein gang i månaden framover for å holde vedlike interessa for det.

Arwen har eg trent i dag og med henne er det lange.... rett ut og igjennom hindringar og over bekker som er momenta.

Arwen skal også trenast litt slik som eg har trent Artemis, mindre repetisjonar på henne også, det er faktisk bortkasta energi og springe to gangar til same punkt;) ca 250 meter rett fram og over bekk og igjennom skog er moment eg kjøre på Arwen, ho går i stort tempo og eg har brukt 2 til 3 apporter på same punkt, eg skal no gå ned til kun 1 på alle punkt.
Dama er då voksen treng ikkje så mykje repetisjon, at eg ikkje har skjønt det før!! Arwen er i bra form, frisk rask, pelslaus med i topp kondisjon, pelsen kjem tilbake litt etter litt og det er nokså vanlig å bli ganske pelslaus etter kvalpekull.
 
22.10.11
Dagen i dag har gått til trening av meg sjølv, og eg har gått tur med Arwen og sparketur med Artemis.
Artemis må ned i vekt og opp i kondisjon, men du hjelpe meg kor sterk den hunden er!! Det er nokso fast det som sitt på henne, ingen ting heng å dinglar og derfor også bra med musklar. Eg kan ikkje gi ho mindre mat enn det ho for nå det har eg ikkje hjerte til, det må derfor være meir trim som skal gi resultat.
Artemis fekk sin sparkesykketur og ho fekk eit avbrekk med tampen brenner trening, flink til tusen er ho ;)
 
20.10.11
Snø ;( fysj og fysj... alt for tidleg og eg håpe den reise fort. Arwen har fått ei økt med trening i dag og ho hadde ei bra økt for eit par dagar sida også, Arwen er slank, sterk og i god form.
Det er ein oppleving og sjå henna arbeidsglede i jobb med apportering og slik ein fart og lydhørheit som ho har, i tillegg kan ho repetere til det kjedsommeleg utan å gå lei!
Var ikkje meininga å terpe så mykje apportering med henne då eg vil satse på LP, Arwen skal likevel trenast som singel og eg skal starte henne til våren, vi prøver å få med både Bergen, Fosen og Sunnmøre. Så håper eg på å få være med på ei og anna makkertrening med henne.

Artemis er på slankekur og under kondistrening, i dag fekk ho dra sparkesykkelen og trekkrafta er tilbake, Artemis er sterk som ein bjørn og spring fort sjølv om ho er godt i stand, men ho skal ned i vekt og då rekne eg med at ho held lenger. Artemis går langt og fort som Arwen, men ho liker ikkje repetisjon og eg må planlegge litt grundigare henna trening.
 
06.10.11
Artemis fekk ei økt med jakttrening i dag og ho har mange sterke sider den jenta. Vi starta med vatn i dag også og det er over til tørt land som er momentet med vatn treninga vår, i tillegg er ho ikkje med å legg ut dummy det er min jobb, ho er i bilen;) Her er målet programmering det er noko der ute når mor seiar så og det funka bra i straum og kaldevaten. Artemis har blidt meget trygg i vatten!!
Nokre markeringar fekk Artemis også, ho jobbar bra, men er litt tung og eg må klare å kjøre henne litt ned i vekt (ho legg alltid på seg etter løpetid). Vi avslutta med to litt lange dirigeringar ca 150 meter, no var ho også i bilen når dei ble utplassert, men Artemis veit at det er noko der ute når mor peikar. Artemis løyste oppgåvene bra i dag, herleg vær regn og atter regn;)
 
04.10.11
Artemis har sine kvaliter det er sikkert ;) Eg prioriterar henne på jakttrening og Artemis har treent litt dirigering no og då. Det er mykje som er veldig bra med henne, ho er lydhør, rask på stopp og gjer sit beste, men eg må nok terpe på litt vanskelige oppgåver skal vi få progresjon, då treng eg hjelpar !
Ho er dønn ærleg og gjer som eg vil så langt som ho kan, derfor gir eg ho ikkje opp. Skulla berre hatt litt meir trøkk rundt oss med fleire aktive på henna nivå som ville trene med oss.
Arwen er rå på det meste, men har ein tendens til å ville litt mykje og gjer ting på sin måte enkelte gangar, ho er såleis ikkje like ærleg som Artemis, Arwen veit korleis ho skal gjer det kan det meste av signal, men vil til tider gjer det på sin måte ho har ei meining om at den måten er raskast og best ;)til tider er den raskast og best sett i frå henna synspunkt, men her handlar det om å gå omvegar og være lydhør og mor skal delegere oppgåvar, omvegar har ikkje Arwen sansen for;)) artig hund Arwen, men eg har blidt gråhåra;) ho gir ikkje opp heller og har enorm energi;)
 
24.09.11
Her er forsømelesen stor med notering, klart vi har trent litt sida sist:)  ikkje i store mengder men litt av både ditt og datt, det er ennå Artemis som blir prioritert og ho er bra på det som ho er bra på slik er det med alle indevid.
Artemis har lagt seg ut igjen og ho driv lite med sjølvtrimming og har derfor blidt litt kraftig, dette er noko som eg må ta tak i og få trimma av.. På den andre sida så er Artemis rolig og lat heime det liker eg, ho er derfor den perfekt til Rally og held på det vise henne rolig sidan Artemis ikkje svar på leik når Rally vil ha aktivitet, men snur seg og forsette i sin passive tilstand.
Artemis har vore med på eit par tre fellestreningar og ho fungerar bra, herleg hund og ha rundt foten, aldri stress, pip eller knall på den dama, men likevel våken og ho for med det ho skal ;) sjølv om det ikkje ser slik ut. mange ++
Arwen har eg trent litt på eigenhand og ho er av det raske slaget som fyk langt og nøler aldri, våken og tar alle jobbar på strak arm, men er litt tett i øyra til tider og vil orne opp på sin måte.
+ har Arwen masser av, fotgåing det blir regelmessig trenet, viktig moment som ikkje skal slurvast med og må holdast ved like. Det vi mangle er trening der vi blir utsett for stress slik trening har vi ikkje og det er vanskelig å få trenet nok på det.
Kondistrening må til og litt symjing og sykling er det hundane for, no er det snart tømt for beite dyr i marka og det skal bli litt meir  rom for frispringing i ulendtterreng det blir då bygs bra musklar på på kryss og tvers.
 
14.07.11
Ei treningsøkt på Artemis, vi hadde med kaster og vi hadde makker hundar, vi er derfor happy i dag med treninga. Varmt, tung myr, svert lange markeringar, Artemis har kanon kondis ho jobbar med høgt tempo tross varmen. ja, eg noterar meste kun for å huske på i etter tid kva vi gjor og korleis oppgåvene vart løyste. Artemis tok inn dei fleste av sine apportar på dirigering fordi dei blei ein del tapt apport, såleis var det ei kjempetrening for Artemis. Dei markeringa som ho fekk spikra ho bra, terrenget var opa myr og lite referanse.

Det eg merka var at etter at Artemis hadde løyst fleire tunge oppgåver blei ho plutselig minder lydhør. Eg drog det sikkert litt for langt, eg erfarar det at mine hundar når dei blir kjørt både fysisk og psykisk, kjem det tendens til at dei blokkerar og spring litt tomt og langt utan heilt å høyre på meg, det er ein form for avreagering og dei er slitne, i standen for å legge seg ned eller stoppe opp spring dei nokre store slag:)

Det eg har gjort på dei treningane eg har hatt selskap av andre, eg har rullert plassen vi trene på og dette synast eg er fornuftig i oppbygginga av Artemis. Føler det eg har lykkast mykje og har no ein trygg god Artemis, som er svert glad i å trene!

Takk takk til dei som trena i lag med meg, kjempekoselig ;)
 
05.07.11
Ei flott økt med trening av Artemis, Britt kom for å sjå på kvalpane og vi skulle ha ei lita økt med trening. Jau, treninga var bra den, vi hadde med Hans Emil som kaster og det er godt å ha litt hjelp av og til.
Treningsfokus er utgang på diverse kantar til vatten  og gå rakt å fort, Artemis lære og ho er både rask og flink. Stødig, rolig og flinkhund her har vi hund som modner seint, men til gjengjeld er blitt skikkeleg og moro å trene med. Vi skal nok få det til før eller seinare.
Vi fekk prøvd høyre ut og venstre ut også i dag:) det funka ho vende til venstre enn ho sat til høgre!! etter ein stopp ca 50 meter ute!!No er det kun ei hand i lufta. Doble markeringar på linje på vatten, doble på land høgre- venstre.. Mykje bra i dag. I dag hadde vi makkerhund og vi hadde kaster reine luksusen.. kjempemoro! Steiketid kor heldig vi er som har hund!
 
03.07.11
Det blei ei lita økt med omskolering av Arwen & Artemis, eg skal omprogrammere meg og hundane til å snu høgre og snu venstre når dei skal gå lenger ut, i tillegg kjøre lenger ut kun med ei hand:) Her kappast dei om å være flinkast og begge to lære ekstremt fort dette.
Eg har også kondistrena litt Artemis og brukt sparkesykkelen, supert hjelpemiddel.
 
27.06.11
I dag har eg bestemt meg, Artemis skal få eit nytt forsøk neste år:) Vi legge ny slagplan !!
jaktprove 250611
Artemis klar til dirigering på land, dette momentet gjor ho prikkfritt:) Bilde frå jaktprøva 25.06.11 foto Benny Johansen.
 
26.06.11
Artemis er den same gode klompen min..

Jaktprøva gjekk ikkje vår veg, men dei momenta som er på ei AK prøve (ser vi bort frå vilt) så var Artemis flink, vi løyste alle oppgåver begge dagane, både land og vanndirigering, fot gåing bra og fast til tusen, berre så synd at vi ikkje kjem heilt i mål.

Problemet er vilt og manko på spontanitet, henge på vilte nøler på opptak og det var i tillegg to opptak (dei første) var litt harde, det var eit nytt moment, Artemis har aldri før vore hard i munnen.

Artemis har treent mykje vilt i det siste og har vore bra på spontanitet og har ikkje hatt hardmun, eg er derfor litt skuffa for at vi fekk disse problema på prøve.

Om vi brette opp erma og forsette trening er eg litt usikker på i kveld, hadde ho vore to år hadde eg gjort det, men ho er godt over 4 år og det har vore jobba med dette allereie lenge...
det er mulig vi finn oss ei anna hylle, som vi kanskje passe betre på, Artemis skal så klart få trene og ha det moro, men eg vil vurdere om eg stille henne på fleire prøve i framtida.
 
23.06.11
Var ein snar tur på fellestrening i går, vi fekk trent litt felt, markering og miljø, vi er nøgde.
Til helga er det prøve og eg er spent, Artemis skal på jaktprøve på Ørskog fjellet og ho er godt grunntreent på det meste og eg gler meg til meir prøve erfaring med henne, prøveerfaring er det ho manglar. Kjempeflink er ho til tider:) kryssar fingre og tær for Artemis!!
 
16.06.11
Artemis blir mest treent på kondis for tida det er jo viktig det også. Likevel blir det litt av kvart i tillegg og bladt anna ein del på vatten. Eg brukar tennisballar i treninga, praktisk på alle punkt, billig og vi treng ikkje bruke tid på å finne igjen tapt apport vist vi ikkje har tid, eg hiver ein ny! vertifall gjer eg det. Eg vil ha høg motivasjon i jobben og det har eg også fått på Artemis, ho har arbeidsglede og høgt tempo. I tillegg er eg perfeksjonist på ro rundt fot og avlevering det er ting eg vil ha perfekt og det blir bra tilslutt på Artemis også.


I dag hadde vi ei kort økt med  stopp og nærsøk, moro når det funke.
Sideteikna på andre sida av elva var også bra. Artemis går utan å tenke for mykje og det tydleg at ho er er blidt tryggare på kva ho skal gjere.
Dette er faktisk viktig å tenke på når ein trenar, hund skal være trygg og sikker på kva som er rett og galt, då blir det bra til slutt og alle hundar skal like å jobbe trener vi rett. Ingen er heilt lik og vi må av og til hugse på kvar vi er i læringskurva. Tjatting med ein hund som ikkje kan det vi trur den skal kunne sett oss alltid fleire hakk tilbake i trening, det same er den andre vegen, er vi for forsiktige og trene utan progresjon, kjem vi ikkje av flekken, det kan være like gale det.

Neste veke er det kun vilt som er inn, prøve til neste helg....... tja vi skal gjer vårt beste.
 
08.06.11
Fellestreninga blei det også i dag på meg og Artemis, to delt med jaktlydighet først, flott ledet av Grete.
Eg og Artemis klarte oss bra, Artemis var litt kjørt og ukonsentrert etter kondistrening tidlegare i dag eller kanskje det var litt uvant med varmen i tillegg. Det gjor seg utslag i ein del liggande passivitet, men bevarast det stressa eg ikkje med ho fekk ligge så mykje som ho ville. Ho gjekk bra på fot under all forflytting, kom raskt på all innkalling sat fast på sit. :) eikje mykje å pirke på her.

Del to av treninga hang eg vist berre på, sida dei andre skulle trene til NLM og dit skal ikkje eg, men trene treng no vi alle uannsett.
Treninga var både god og høgst vellykka for vår del, vi var med på felt x 2, og Artemis var ute i lag med 3 andre hundar som jobba :) Fart hadde ho og Artemis bringa effektivt dummy heim og la seg ikkje i andres jobb, kjempenøgd med gulljenta mi.
 
07.06.11  
Bra økt med jobb i dag! Treninga vår fokuserte på at hund skulle gå rakt og rett ut i vannet,  vi sto eit lite stykke i frå vatn i det vi sende hund, jau godkjent. Vannarbedet til Artemis var bra og eg er godt nøgde med henna framgang på trening i det siste, ho blir ikkje pensjonist ennå:)

Det blei også ei økt med landarbeid, det fokus var linjetag på opptil 150 meter og igjennom gammal vitring :) godt tempo over alt av vitring.. mykje bra. Vi var tre hundar som kjøte vekselvis og alle tre jobba så bra at det er berre å ta av lua for god framgang på alle.
 
05.06.11
Vi trenar kondis, Artemis er i bra form og fjellsterk.
 
02.06.11
Det blei jo litt trening på Artemis etter jaktcupen i dag, flinka! har ingen annen kommentar på henne i dag! Når eg trenar liker eg å ha fleire jern i ilden samstundes det hadde vi også i dag.
Sitt i nærsøket måtte eg så klart få testa, jau ho satt og ho starta søke på signal raskt som berre det. + Tennisball markeringar og vi avslutta med 4 dummy markeringar enkle. Topp motivasjon til jobb og 100 % rolig i passiviteten.
 
31.05.11
I går var eg og Artemis på hundetrening, der trena vi litt dekk å bli, sitt å bli i tillegg "fot", Artemis kosar seg som mammas gode gull klomp og er 100% på kontakt:)

I dag har det vore  kondistrening med sykkel, kondis må vi ha nok av til jaktprøva. Reknar med når Arwen sine kvalpar kjem blir det ikkje så mykje tid på Artemis til trening, men kondistrening skal ho få rikeleg av både med meg og andre.
 
30.05.11
Mandag og dagen der på:)
Vi er tilbake frå helgekurs med Heidi og Åse. Det var eit innhaldsrikt kurs med mykje input og nye trengstips til oss og det er ting eg vil legge på hovudet og bruke på grunnforminga av min neste hund.

Artemis fungerte bra og hold bra heile helga utan noko særleg trøtthests teikn. Vi var i ei fin gruppe som fungert topp, to av hundane kjente vi frå før og 2 var nye for Artemis og meg.

Laurdag var det Åse som var instruktør for oss og vi var innom mykje og blantanna, jaktlydighet.

(Høgre ut og venstre ut) det vil bli eit nytt satsingsområde framover, det vil sei eg vil prøve å lære inn dette og få teknikk inn i kroppen min slik det er klart til neste hund, men eg rekne med at Artemis tar det fort slik eg kan  bruke det på henne. Eg er likevel litt avventandes til å forandre på "lenger ut" tett før "sunnmørsprøve".

Det blei også ein del vannarbeid med gode tips om korleis eg skal få rette utgangar på land til vanndirigering, gode verktøy til kassa dette.

For Artemis sin del så synast eg ho klarte seg bra i vannarbeidsdelen lite vegring på å gå i vatten, sjølv om ho vurderte litt utgangane så gjekk ho utan å nøle for mykje. Her går det riktig veg!! Vi var også innom nærsøk på laurdag med nedgraven tennisball, jau nærsøksignalet til Artemis var godt befesta og det fungerar bra.

Søndag var det Heidi sin tur til kurse oss og no blei det fokusert på nærsøk og stopp før nærsøk. Då sleit eg litt for å få henne til å sitte før ho søkte, men eg klarte det. Søk "der" kan ho og er også flink :) problemet som dukka opp var at stoppen ikkje fungerte så bra når ho såg kvar tennisballane blei planta:)

Eg må derfor endre litt på treningsrutinane mine med "stopp" det har eg fått med meg, stopp skal fungere  i ein tennisballhaug og ballane skal ligge til søksignal, jau jau.. høg spontantet er viktig :) stopp endå viktigare, det skal ikkje være enkelt, men svert nyttige tips eg vil kople på mine rutinar. Skal nok terpe litt her ja!

Det blei også trening i å føre hund ved linjegåing med påfølegane apporteringar og her er det kjøringa som er eit svert viktig hjelpemiddel.

Artemis hadde god fart i arbeidet, gjekk bra og hadde fin fokus, det stod litt på meg og få med alt som skjedde, det å hjelpe hund til å få inn riktig apport og sende til riktig apport, enkelt sakt marker alt !

Det blei også enkelt markeringar, dobbelmarkeringar der vi skulle bestemme for hund. Oppsummert  mange fine treningsmodellar til verktøy kassa også på søndag.

Artemis var ein behagelig hund å reise på kurs med, enkel å handtere heilt rolig og still i alle arbeids situasjonar:)

Takk til Heidi og Åse for eit fint kurs ! Takk til mine treningsvenner for fin tur!!
 
25.05.11
Kort sommar og hausten er på plass:) Regnfyll fellestreninga med Devold faktor, på med ulla igjen!, men vi holt ut og hadde ei flott trening. Treningane våre er for tida todelt.. vi starta med ei økt lydigheit, nyttig og atter nyttig trening er det. Artemis har god fokus, går fint fot og eg er nøgd med klompen min.

Det blei også ei god økt med markeringstrening og det var lange markeringar i vanskelig terreng, Artemis jobbar bra, men treng meir erfaring i slike lengder. Det er ikkje alltid like enkelt for hund og klare å bedømme avstand korrekt, falske horisontar kan luer alle og ein kvar.
Sist men ikkje minst føre rett, tja vi vil at hundane skal være stille i passivitet, være rolige, avslappa og konsentrert osv..det må eg også :) Være rolig, sjølvsikker og styre rett, ta dei riktige avgjøringane på riktig tidspunkt, uff ikkje enkelt, men eg gir ikkje opp.
Til helga skal vi no på kurs, eg og Artemis:) og ein gjeng frå sunnmøre vi gler oss kjempemasse og ser fram til å bli kursa av Heidi og Åse.
 
24.05.11
Ei fin økt med trening blei det på Artemis.
Fart og arbeidsiver var til stede men likevel rolig og avbalansert. Stort sett gode apporteringa på alt, spontan og stor fart i arbeidet, lite snusepausar og absolutt godkjent arbeid på henne i dag.
Litt markering i skog og ikkje av den enklaste sorten, men det var trening av hund til å bruke kaster som referanse då kastar flytta seg utover og vi hold standplass, bra moment og velllykka.
Felt trenar vi ikkje ofte og vi bør nok trene litt på det også det blei derfor felttrening på henne i dag, Artemis jobba godt og med stor fart, berre ++ for Artemis i dag.
 
19.05.11
Har ikkje vore så mykje trening med oss i det siste, men vi er i rute:) Fellestreninga i går var det  mest i bil for Artemis sida det var min tur til å lede treninga. Artemis fekk litt åleine trening med meg først og eg prioriterte nærsøk med små dummy. Momenta var start og søk i frå sitt, søk direkte og stopp sitt og start å søk. Flinke jente Artemis:) Etter fellestrening fekk Artemis tre enkelt markeringar med god lengde på, topp fart, raske funn, spontant opplukk og stor fart heim. :)
 
12.05.11  
Fellestrening i går, veldig bra jaktlydigheits trening på Artemis. Linjegåing på fot eg gir Artemis god kritikk på den jobben herlig!
Det var også ein del markeringstrening på oss, her kom eg litt til kort og hadde litt surr med føringa mi. Artemis jobba stort og var på jobb heile tida utan at "ho tok pausar", men sleit med funn og det var litt dårlig føring på meg. Det positive var at Artemis var litt ulydig og ville mykje, det liker eg!

I dag har eg prioritert vilt og vatn, ein kombinasjon som det blir på jaktprøve i juni, og eg må derfor prioritere litt vilttrening også. Artemis har også avventa litt på somme vatn, utgangane er ikkje like og dette med å føle tryggleik mange stader må erfarast med henne, vi generalisere alt vi ( prøve på det) har det som mål.
Til tider er vi flinke:) og det er så herlig å ha ein hund som er heilt tyst i alle situasjonar!
 
   
08.05.11  
Tennisballtrening på vatn, det tok vi oss tid til i kveld :) Moro og Artemis er heilt gal etter tennisball, eg brukar mykje ball i forming av moment på henne. Eit lærd moment er innlært og kan nyttast på vilt og dummy utan problem, eg ser kun positive sider med å nytte tennisball tenk så moro å trene!! ho har det topp på all trening det skaper motivasjon og arbeidsglød, tryggheit og glad hund!

Det som er litt rart er at tidlegare i dag gjekk vi eit blodspor og eg hadde plasert tennisball i sårleie:) kva skjer... ho markerar med går rakt forbi ballen, sporet suger meir enn ballen!
 
04.05.11
Fellestrening i kveld, Artemis hadde ei fin økt med fot på linje, kjempenøgd med henne plassering, eg er derfor stolt av kva eg har klart å få til med Artemis, (dette momentet var litt ute av posisjon for oss og eg har sett inn mykje resursar for å endre det til det betre og vi har lykkast:) ho gjekk så fint, perfekt plassering og ho sitt heilt rolig når vi stopper!! Meget god fot gåing på henne i kveld :)

Vi kjørte også litt enkelt linjetag det gjekk stort sett bra, tempo og arbeidslysta var brukbar i kveld.
 
03.05.11
I går kveld var det hundetrening og sidan Arwen er ute i permisjon er det kun Artemis som blir med.. Vi terpa på bevegeles på fot og det blir bra ho er rå på å få fanga meg med øyne, Artemis er stolt, treningsglad er rolig vil sitte på fot og ho sit perfekt og det heilt frivillig! dette med å like seg på fot er framelska også med Artemis ikkje så intenst som med Arwen men like bra:)

I dag var det vilt eg ville prioritere og det var spontant som berre det!! eg er godt nøgd med Artemis i dag. Eg la ut eit felt medan Artemis låg i bilen tok ho med tilbake til felte utan at ho fekk prøvekjørd vilt. Eg sette ho i vent gjekk inn i felte og smalt av litt skot, så tilbake for å sende ut Artemis, ja eg er nøgd, eg var også i skjul for henne slik ho ikkje skulle sjå seg bak og be om støtte, her skal det ornast på eigen hand basta bom!! funka til tusen.
 
01.05.11
Vi hadde ei fin jakttrening etter jakcupen, Artemis er flink på det ho er flink på, ingen ting å sei på det, men det vi slit med dukka opp tydeleg i dag. God fart ut, men gjer ho ikkje funn raskt nok, finst det ting som kan snusast på så gjer ho det og gløymer seg bort på eit slags vis.
Problemet er at ho heng seg opp i diverse lukter og rett å slett utredar det i staden for å søke etter apporten:( ja ja det skal ikkje være enkelt å kjøre hund.. ikkje enkelt å finne løysningar på alle problem heller, gi opp er kanskje enklaste løysinga her, men eg synast ikkje enklaste løysing er den luraste, såå vi prøver ei stund til.

Meir jaktleik med dummy er ei løysing, ho treng høgare tenning for å yte bra Artemis, leik og atter leik med dummy, eller såkalla dummy- gal må ho bli! Blir ikkje arbeidslaus med det første eg som skal ha både viltgal og dummygal hund.

Alternativ dummygal og kjøre i kombinasjon med dirigering også på markeringane, dette for å holde henne i jobb og dermed ha meir kontroll på kva ho søke på. Dette er ei muligheit, men om det er ei god løysning veit eg ikkje, hjernevaske ein snusflatt, hi hi ja ja.. alt går, gode klompen min:)
 
28.04.11
Årets første økt på vatn, ballkaster, tennisball og klokka. Etter erfaring frå fjorårets adferd på vann med Artemis så må eg jobbe sikkert, tøft, stille krav og trene med prinsippet mestering med progresjon.. som på land auke avstand i signal litt etter litt ;) og sikkert å vist eg blir ikkje arbeidslaus med det første klompen skal opp og fram!
 
27.04.11
Artemis repetere og ho e flink! litt inn med teskje  kvar dag og det gir resultat. Artemis er mykje tryggare i momenta no og ho veks på å få være åleinehund i lag med meg.
Eg vill bygge meir avstand i signala etter kvart, men beveege meg seint og sikkert for å holde tryggheita på plass. :) Artemis er flink og kan mykje og det bør betale seg litt etter litt vil eg tru ;) og det trur eg også.
 
21.04.11
I Valldal på jakttrening,  eg og Artemis trena i lag med Britt & Tara og Elin & Tale, og det var mykje flott arbeid av hundane. Artemis skal det mykje til for å drage fram stress i og ho sitt avslått å det er lite som stressa henne.
Dette var ei fin trening for oss som jobbe med generalisere moment i diverse miljø. Med Artremis så er det eit must å unngå kjedelig trening, det bør med andre ord skje litt slik ho ikkje forsøv seg bort:)
Artemis gjor mykje bra, men ho viste meg også sine svakheitar som eg er klar over ho har, dette med avbrekk for å snuse osv.. er eit minus eg ikkje er så glad i. Derimot er ho svert  lydhør på meg, er lett å styre og gjer som oftast jobben flott.
Det blei både markering og dirigeringstrening med terrengskifte over bekk og vi avslutta med eit felt. Felte blei utplassert medan Artemis låg i bilen.
Felte gjekk bra når vi kom i gang, i tillegg til å komme inn med dummy bringa ho heim ein hjortefot + eit bit av eit lårbein:) det var også fersk hjortedrit med påfølgjande lukt, i starten analysert Artemis ein del vitring av vilt før ho gjekk inn for felt jobben.
 
18.04.11
Repetisjonsøving i dag også og sidan Artemis har passert 4 år må eg kjøre hardt skal vi komme av flekken:) Vi har treent "fot" i skogen og på asfalt. I skogen trena vi i den vanlige løpa med rett ut over ei grøft og igjennom eit skogsparti.
Dette med å forsere terrengskifte skal inprogrammerast i rett ut løypa vår.
Arwen er med som tilskodar ho for berre holde seg på matta og terpe passivitet, ingen problem ho er kjempeflink til det. Artemis er ikkje så glad i å gjer ting omjen eller meir enn to gangen, men no .. skal ho.
Artemis kjørte eg også L på og hadde ca 50 -60 meter og det funka kjempebra:)verkleg flink var ho ikkje det heilt store tempoet, men ho gjer alt rett!! og eg slepp å verken blåse eller heve stemma meir enn det som er sømelig.
15.04.11
Artemis og eg trene eller repetere frå grunnen ein del moment, eg merka det at vinteren har fortrengt ein del og vi er meir eller mindre rustne begge to:) Det er bra eg innser våre svakheitar og jobbe med dei.
Eg vil trene Artemis mykje eller mengde trene henne til ho blir godt igjennom treent og så ser eg kva det er mulig å hente ut.
Er godt i gang med signalterping og her er ho på god veg tilbake til sitt opprimelege ståstad, på korte avstandar fungera høgre / venstre, lenger ut.. og eg vil legge på metrane litt etter litt.
Eg skal også kjøre meir motivasjonstrening som eg vil kalle det, gjer Artemis meir gal etter dummy og vilt ( alle har hørt om ballgal, pinnegal) målet er det same. Artemis er nok litt gal etter tennisball så gjentands interessa er der:)

Arwen for ei pause i år så sant ho tar seg og blir drektig, speandes og vil nok telje ned dagar til det er mulig å ta ultralyd. Det er ei veke no sidan ho var para når det er ca 25 dagar tar eg turen til ultralyd.
 
03.04.11
Flott ver og trene i :)  Artemis fekk si økt med repetisjon :) Artemis er plikt oppfyljandes i sit tempo og eg må gå varsamt fram.
Eit par nei og det hemmar Artemis fort og det er ikkje alltid like lett å huske på, progresjon er som vi veit nødvendig skal vi komme av flekken, i all trening må momenta bli vanskeligare litt om litt.
Det vi trena i dag var firkant 2 rette linje og to skrå, flott og flink hund. I tillegg tok vi ei økt med klokke og her må eg fram med teskje å bygge avstand i momentet på nytt, og utan for mykje bruk av "nei":) det betyr at det er riktig treninga som er nøkkelen her!!
 
02.04.11
Artemis, ja i dag er det godt utført arbeid i sakte fart, gull klumpen min:) Hund utan stress, Artemis fekk totalt 10 apporter, fordelt på 5 på felt og 5 til nærsøk/dirigering.
Eg går litt tilbake i treninga for å sjå om eg klare å bygge opp betre lydighet/signal på avstand, og tilbake vil sei momenta blir utførde på eit meir komprimert område.
Artemis hadde ikkje noko sprut på trening og er tydeleg i etter løpetid modus, tisper er tisper.
Ho har mange gode pluss Artemis, eit av dei som eg ser ofte og setter enormt pris på er blant anna dette når ho har apport i munnen og registre vitring, så tenke ho heim og vitrar ikkje ut, men huske!! Artemis har også ein meget god nase og finn alt i sitt tempo:)
No håpe eg at vinteren slepp til våren, slik vi kjem oss i gang med fellestrening det treng vi mykje av, eigentrening er nødvendig og blir ofte utøvet:)
 
20.03.11
Her var det treningstørke ja:) Artemis har løpetid og eg stressar ikkje med å trene henne då, ho for tur og miljøtrening i staden. Artemis har førsteprioritet likevel på jakttrening så det blir fult kjør etter løpetid er over..
Arwen fekk ei økt med jakttrening i dag, ja her merka eg at ho er nedprioritert, eller sakt med andre ord litt ute av trening. Eg måtte krype eit par hakk tilbake i treninga, dette er viktig også for hundar som ein trur eller veit kan mykje. Blir det mas, så kjem også konfliktar og det er unødvendig, då er det berre å slå seg i hovudet og skulde på treningsopplegg og ikkje hund.
Problemet som kom er dette med "små midlar" eg må inn å styre henne etter ho har fått jobben, eg valte rett heim kvar gang og skjønte at eg hadde gjort det for vanskelig, (for mange val) Arwen ville ha eit ord med i laget som vanlig. På ein måte så er det enkelt å forstå :) Arwen veit kva som skal gjerast, men er ikkje einig i kva rekkefølgje vi skal velje:) Arwen utførte ingen feil, men eg brukte litt for mange kommando og det vil sei feil opplegg på treninga.
pytt!! Arwen gjor mykje svert bra også ho har ein styrke, fart og spenst som er flott å handle med. Momenta var klatre i tre, under rot, start søk i frå sitt etter sitt osv.. her er ho kjempeflink.

Vi slit med eit problem det er overslag på kva som skal gjerast/hentast, dette problemet veit eg ikkje heilt korleis eg skal klare å bli kvit, innkalling av hund skal være unødvendig, rett heim er fasiten i alle apporteringar (Arwen kan finne på å sjå seg rund i området, overslag over kva som finst:) Problemet er der når det blir mange kast i eit område, eller på eit nærsøk som ho veit av erfaring at det kan ligge fleire små dummy skjult.
Håper Arwen held helsa i fleire år for vi har mykje ugjort og det er ein rein glede og sjå Arwen jobbe, så snar, så glad i jobben sin, herlig hund.
 
01.03.11
Artemis blei med på tur og trening heilt åleine i dag. Arwen hadde åleine dag i går på lydigheitstrening såå, det var lille klompen sin tur i dag:) Artemis trenar eg med elite som mål, merk "mål" eg tenker derfor godt igjennom detaljer når eg trenar og har null toleranse for slarv og då spesielt frå meg som legg opp treninga.. Hundar er enkle vesen og kjem feil er det alltid menneskelig og vi bør tenker over våre vanar og uvanar.
Ting eg jobbar med er blant anna sideteikn, start direkte søk i frå sitt, ut til nærsøk og sit, ut til nærsøk og søk direkte.
Programmere er viktig og enkel ting som dette har Artemis ikkje heilt skjønt på lange avstaden, (ho har ikkje gidt respons når ho er langt frå meg)  ho er ein reser på å gå rett og langt ut, gjerne 200 m, men så skjønner ho lite, ligg ikkje dummy der, så kva då? problemet har vore at ho snur og kjem heim eller spring ennå lenger ut, dette med å få ho i søk eller gå høgre/venstre har vore låst:) stopp er ho ein resar på, også lenger ut, men få ho i søk langt ut eller gå høgre/venstre har vore tungt:)
Ingen hund er lik utfordringa er å få til den hunden ein har.
I dag kjørte vi L og eg kjøret rett ut og søk der og no brukar eg berre små dummy, alle funn skal komme frå nasebruk ikkje av syn. Artemis fant vist ein ekstra dummy i dag og vi hadde med ein meir heim eller vi hadde med ut, overrasking for di eg ikkje viste vi hadde ein i manko!
 
28.02.11
Det blei litt nærsøk og sideteikn trening på Artemis, begge nyttige ting å ha i ballasten og flink er ho, men om ho er flink nok, ja sei det, det er det berre måleverktyet jaktprøve som kan finne ut.
Det blei ikkje vilt trening på oss verken i helga eller sist veke, men det blir om ikkje denne veka så neste, vilt er eit viktig moment i jakttrening. Det er litt mykje snø igjen og det tar litt tid før myrer og lenger opne strekk er bare, men i skogen er det bare flekkar som kan nyttast til blant anna vilttrening og felt, det er Artemis som for trene det.
Arwen må eg ha utfordringar til og det klare eg ikkje og lage til henne åleine. Eg kjøre lange dirigeringar på henne i snøen og ho er ekstrem lydig åleine, det må trøkk til på trening av Arwen skal eg ha gevinst. Ho skal etter plane parast så treninga av Arwen går på hardisken henna til lagring, så håpe eg på ein god sesong neste år.
 
27.02.11
Vår eller, eg og hundane fann oss ein liten bar flekk i skogen, hundane var mest opptatt med å få ete mest mulig gras (lenge sida sist lang vinter)eg var opptatt med å finne ut om det gjekk ann å trene noko på det snøfrie skogsterenget:)
Det blei felt og ut til nærsøk og sidan eg brukar små dummy var det nasearbeid "finn dummy" og kom heim fort som f. kjørte litt Arwen og Artemis i lag og det gjekk rimeleg bra. Dette er eit moment eg må få trena med Artemis, søk i lag med annen hund og her heng vi etter, Artemis er litt opptatt av å sjå om den andre hunden har funn:) Arwen skal ikkje trene så mykje felt, ho skal detalj styrast som første prioritet, Arwen har enorm søkslyst så det fri feltsøke trengs/bør ikkje trenast meir enn litt.

Ut til nærsøk derimot skal Arwen trenast masse på, det er ut til eit avgrensa område som skal fin søkast. Eg kjørte Arwen ut og sette henne for å sette henne i søk frå sitt, jau ho startar søke momentant etter sit. Varierar dette med å starte søk direkte i området og frå sit, Arwen beherskar begge oppgåva og ho reagerar veldig tjapt på signal under trening åleine. Det vi treng er fleire hundar som tole trøkk kvar finn eg det?? Skal Arwen bli betre må eg ha det....
 
24.02.11 
Våren er på veg.. I dag har Artemis og Arwen vore i skogen og trena ut til nærsøk, det er ein speandes øving med mange moment som må befestast. Eit lite kompakt søk der ute, og hold deg i det avgrensa område og søk der:) det handlar nærsøk om. Begge to var flinke og arbeidsmoralen var tilstede:)  eg bevega meg lenger og lenger bort frå området for å sende inn til nytt søk. Det blei også tid for ei økt med motbakke og lange rett ut.. bra jobba av begge tyttene.
I kveld var det Artemis sin tur å være med påfellestrening, rolig trening og ho må ha meir utfordringar.. Artemis er still rolig og lar seg ikkje stresse gjer alt ho blir satt til med den største selfølgjeligheit.
 
22.02.11 
Flott vintervêr og vi tar oss ein god tur når været er slik, litt innlagd trening tar vi oss tid til eller bitelite treningsinnslag :) Arwen er rå og rask og lag seg ikkje stanse berre ho for jobbe jobbe... Flink, og raskare hund enn Arwen er nok vanskelig å få fatt i og ho er vert sinn vekt i gull, høg arbeidsmoral har ho. (Jaktlysta er sterk og ikkje alltid like lett å få stansa Arwen når ho har slått på nasa) litt bakdelar er det også med å være best:) hi hi..

Artemis er også rask når ho er sikker på oppgåvene ho skal gjere:) Artemis er mykje lettare å stoppe, kalle heim osv. bakdelen er at ho då blir lettare frustrert og legg inn årane den økta:) Det store plusse til Artemis er at ho er 100% still i all passivitet og kan takle mykje støy, fløyteblås osv. utan å la seg stresse opp.
I dag har vi kjørt 200 meter rett ut og fy for ein fart på tutten i snøen, i tillegg har vi også kjørt L og T. Yes Yes.. sideteikn, Artemis har blidt mykje tryggare på dette momentet og det har lønt seg og kjøre opp igjen med få repetisjonar fleire dagar på rad. Artemis har til å med slitt ned ein pote og vi må på neste trening hugse å ha på potesokk. Artemis har høvla ned poten på eit eller anna vis, det kan være noko skarpt ho har treft, og det blir å kvile litt slik ho blir bra til laurdag, ja den Jaktcupen gler vi oss til og må då vere i topp form med eller utan potesokk.
 
8.02.11
Her skjer det ikkje så mykje kan dere tru:) Vi har eigentrening kvar dag og strategien er bli betre på det meste. Artemis terpar på fot og atter fot, det blir bra til slutt vi har tru på at trening hjelper. Eit anna moment Artemis slit med er låsing etter stopp og eg plukke frå og setter samen for å analyser meg fram til kvifor dette skjer.
Artemis har framgang i treninga og det går rette vegen. Eg jobbar med sjølvtilliten til Artemis og må derfor vere flink til å gi henne utfordring som ho beherskar når ho er åleine, ho vil då beherske også vanskelige ting litt etter litt.
Ingen hund er lik, og det er ei fin utfordring å få til den hunden ein har for hand. Trening av sideteikn JA ho er blidt både tryggare og raskare god framgang har Artemis vist i treninga. Vi har ikkje trent med vilt på ei stund og no er det er på tide å plukke fram litt vilt eg tenker derfor at neste veke blir vilt veke :)
 
05.02.11
Ei fin økt med markeringstrening vart det i dag på Artemis, ho jobba bra og lengde på markeringane vil eg sei var på elite avstand. Eg såg også at fot -treninga mi og Artemis har gjort susen, vi var betre på dette momentet enn vi har vore før. Ja jobb gir alltid utteljing!!

Artemis hadde også faste fine grep og gode avleveringar, som nemnt har eg jobba med å omskolert henne til å komme inn på fot i staden for avlevering front, det fungert bra i dag. Farta ut og inn er eg godt nøgd med.

Det eg veit og fekk bekrefta i dag er at vi har ein jobb med sideteikn på lange avstandar, ut og lenger ut er Artemis veldig flink på også stoppe, men men... til sides slit vi med. Av ein eller annen merkelig grunn blir ho låst på sideteikne, eg vil/må derfor jobbe meir med dette momentet på korte avstandar for og prøve å gjere henne rask i reaksjonen/trygg, kanskje vil det fungere litt etter litt på store avstandar også :) det er lov å håpe og ha tru på ei løysning det har eg:) håper på barmark snart og mykje jakttrening!

 
03.02.11
Det blir litt trening sjølv om vi e berika med snø ennå:(

Blir tur med trening attåt, og vi har hatt eit par fine økter denne veka. Når begge hundane er med blir det også litt passivitet på begge og dei finn seg i det å vente på deira tur å det er kjempe greitt å ha faste hundar ein kan være trygg på.

I kveld har eg trenet Artemis på fotgåinga og eg følte det at ho var litt trøtt/sliten, ho gjekk ikkje optimalt, men litt bak og slang, Artemis ville ikkje sitte heller så tydeleg var ho ikkje heilt på slag i kveld. Likevel utførde Artemis det ho skulle og her kjem mi staheit til nytte.

Momenta med innkalling og utsending etter dummy var eg tilfredsmed fint arbeid utan slarv:) ( slarvete handtering av dummy er eit av problema Artemis har slitt med) I dag var det faste fine grep!! kjempebra. I tillegg la eg tilrette for at ho skulle kjørast igjennom dei andre ekvipasjane på momentet ut.. etter dummy :) stort smil til Artemis, rett igjennom og med god fart. Alt av passivitet taklar Artemis til topp karakter og det er eit "stort gode" å ha hund som er så rolig i passive moment.

 
27.01.11
Artemis fekk spesialøkta si! 5 ekvipasjar var vi i kveld som trena og hadde ei god økt. TAKK  til dere som tar bryet med å trene litt i lag med Artemis og meg:) Artemis er flink og eg har blidt flinkare i og kjøre henne, fotgåinga vår har framgang det same har passivitets biten ved fot. Fart og arbeids moralen hennar var bra.

Målet framover er å få henne tettare på meg i avleveringsfasen, derfor skolerar eg henne om til inn på fot og haldefast, det ser betre ut og om eg held fast på det vil tida vise. Ikkje rundt med direkte inn på fot. Krev også meir uthaldenheit og pålegg henne og sitte fast på fot i lenger tider av gangen.

Det vi trena i dag var sitt og bli, kom fort heim hente ein og annen dummy og sist med viktigast sjå andre gjer aktorat det same, men kun sitte rolig på fot og nyte synet av andre som jobba!! det kan Artemis.

 
26.01.11
Kondis trening eller ja litt. Blir ikkje så mykje målretta trening, men har det i tankane og Artemis er den hunden som vil bli prioritert framover til det dukkar opp løpetid, då blir det litt pause på henne.
 
20.01.11
Dette har Artemis godt av kvalitetstid utan Arwen! I kveld var vi ei gruppe på 4 som trena jaktlydighet og det fungerte flott, fast å fin hund som var ukopla i alle moment, men på med koppel under avspasering. Artemis er fokusert og betre går det med fotgåinga vår. Eg perfeksjonere og krev meir av mi egen trening, men også litt meir fast og konsekvent med Artemis (ho bør kanskje bli behandla som ein voksen).

Farta på apportdelen er eg nøgd med, veldig bra avspark ut og inn, lite vingling ganske trygg i ut og går rett, fokuset hennar er rett fram og ikkje i mit ansikt og går gjer ho på "ut ordet" her er eg konsekvent og bestemt korleis ting skal gå føre seg.

 
14.01.10
Artemis fekk trene litt i går og i lag med andre enn Arwen, det har ho godt av. Artemis var flink og dette enkle opplegget trur eg er bra også for henne, vi er langt i frå i mål med mykje. Sitt fungerte bra i dei fleste situasjonar også innkalling og det å vente på signal, det eg derimot ikkje har vore flink nok med er "fottreninga" og her har eg arbeid i år.. og mange år framover. Det må nok berre terpast skal det bli bra, Artemis trenar eg ikkje LP med og det er sikkert litt av grunnen til at Arwen har så mykje betre fotgåing enn Artemis. Det er berre å trene ingen snarveg til mål !!Dette bør eg vite!

I dag hadde vi temporitt i motbakke og lange seige bakker etter micro dummy, det er stadig like populært og det gir kondis og sjølvtillit, det å springe 100 meter i motbakke ut av mit syn plukke opp dummy og rett heim. "Bonus det gir god søvn når vi er heimkomne og god lading til neste sprell.."

 
09.01.11
Vilt trening i dag, det var primært Artemis som skulle trenast, men Arwen blei med og ho fekk prøve litt vilt ho også:) rå skinnet. Vi forsette der vi slapp i haust med Artemis, eg hadde no gløymt meg bort kva treningsopplegget mit var så skitt det tar eg neste gang.

Artemis var faktisk bra spontan på opptak etter ho hadde tatt den standar snusen på første viltet (det er der vi slit litt). Har eit håp om at eg skal få det heilt bort det hadde vore det beste. Hjelparen som kanskje vil bli beste er rett å slett å bruke meir vilt i treninga og då faktisk gjere ho "gal å vil etter vilt" det er ei god løysing, men også vanskelig då vilt forbruket vil bli høgt!

Svert godt tempo i arbeidet på begge to, Arwen blei varm som vanlig og ho er ikkje ein dag eldre enn i fjor så slik er det:) bra er no det også sida vi har planar om kvalpar på Arwen dette året.

 
06.01.11
Artemis fekk ei økt jaktlydighet og det må ho ha mange av, jobben vår er å perfeksjonere "perfekt fot" blant anna. Etter fot, innkalling og sitt å bli fekk ho også apportere litt! og det er toppen over ien for henne også. Eg la det opp slik at ho måtte gå på skrå ut frå meg til eit punkt forsere 5 andre ekvipasjar på veg heim + vi hadde ei ekvipasje sullande rundt for å tilføre litt planlagd uro, dette handlar om å tenke kun jobb og rett heim terningkast 6 til Artemis!!
 
28.12.10
Jaktlydighet :) det har vi trenet i dag og kaldt var det ! Mykje som må jobbast med blir ikkje arbeidslaus med det første, men eg har aldri sett resultat utan jobb så den biten veit eg. Arwen er tøff og uredd og lar seg ikkje stresse eller skiple av framande hundar. Nesten så eg slit med tanken på at eg ikkje for kjøre henne på prøver i år, grunn kvalpeplanar, Arwen er nemlig veldig bra både fysisk og psykisk. Eg skal derimot trene henne og det har både eg og Arwen stor ubytte av.

Artemis ja ho har stor fart og er lett styrt i apporterings arbeid :) I fotgåinga har vi våre manglar både eg og ho!! Her må det terpast masse og eg må "bruke miljø" som er framande hundar, bråk, bil, katt, andre hundar, turfolk eller rett å slett alt som både sit still og beveger seg..  Eg kjem til å trene Artemis mykje terpe og gi henne meir hjernevolum slite henne ut og stille høgre krav til presisjon. I dag blei ho affisert av fremde hundar stressa litt og det gjor utslag på fotgåinga.

 
14.12.10
Ei super økt med nærsøk -trening og så kjørte eg litt L på begge to, snøen er eit god hjelpemiddel:)
 
06.12.10
Flott tur i topp vær "tross snøen"

Eg bygg lengde og det synast eg er viktigare enn stopp og vinkling. Trener ein for mykje vinkling blir det mykje ufrivillig stopper på ut (hund vil ha ein stopp for å spørje skal eg stoppe) Ja dette gjer også mine hundar og då har eg trenet feil!

Derfor blandar eg stopp svert lite inn i ut treninga mi, skal ein vinkle til høgre enn venstre så må ein først blåse stopp. Høgre/venstre/ lenger ut trenar eg separat frå sitt på kort og svert lange avstandar. Etter eit par reelle testar for eg "stopp" kjøre eg på same linje. Ny linje og ingen stopp :) her ser vi korleis hund forbinde område med handling.

Det er derfor utrulig viktig å programmere inn gode signal, terp terp, men korleis terpe når ein oppnår biverknadar også:) Ja det er opptil det individ ein har, den alder individet er på og kva som er programmert frå før og ikkje minst "målet" om korleis eg vil ha min hund!

Min hund skal gå langt og rett på ein kommando inntil den finn noko eller eg bles stopp og rettleiar.  Det som er med meg og sikkert andre også, hund går ikkje rett, men skeivt og vi må inn å rettlei litt høgre så til venstre og så lenger ut osv.. Dette skal eg fikse og det er det eg jobbar med, så gjenstår det å sjå om det blir framgang:) tilbakegang blir det vertifall ikkje!!

 
04.12.10
Det går i linje trening her med oss og eg vil ha lange linjer i diverse terreng.

Eg har synda litt og trena begge to når eg har tatt begge tyttene med på tur, men det blir ikkje det same som med ein og ein hund:( Treninga er mest effektiv når eg tar med ein hund.

Uansett så er det rake linje på opp til eit par hundrede meter eg jobbar med og helst over ei grøft eller igjennom terrengskifte. Når det er snø har ein ein hjelpar i trakka rås, så snøen kan også være bra:) "det gjeld å finne noko positivt å ta tak i"

Arwen ja, ho fekk være med åleine i dag og for ein flink hund når det er berre oss!! Eg har også forandra på min måte å trene Arwen på, eg har slutta å behandle henne som ein maskin og trenar henne meir som eg trenar Artemis og det blir spennandes å sjå om det har noko effekt eller:)

 
29.11.10
Vesten full av mini dummy på turen vår i dag. Eg trenar ikkje sitt så lenge, men det går å trene "litt" vent, kan heller ikkje trene fri ved fot når begge hundane er med sååå, litt amputert blir treninga vår i kulda. Derimot trena oss gå bak:) og lange fartsfylte "ut" og eg klarte å tømme begge to, dei resinerte "no er det nok" og det opplever eg ikkje ofte, men kan være greitt å vite at strekken kan slitne og då gjekk eg for langt. Skuldar litt på kulda:) trur at ein tømmer seg fortare for energi i sterk kulde.

Eg jobbar mykje med linjer som går ut av mit syn for å gjere hundane trygge og sikre på retning og gå langt ut utan å være i tvil om rett "ut" . Over stokk og stein igjennom kratt over grøfter igjennom skog, det er utallige kombinasjonar dei skal kunne takle. Moro å trene og når ein har så bra hundar som eg er heldig å ha, då er det moro også:) hi hi.

 
25.11.10
KALDT, og der stoppe treninga vår av jaktmoment:) nei eg er ikkje pinglete vi er på tur og det er bra med pause i treninga berre ein held oppe kondis og lydigheit, kvardagshunden skal også fungere! Det er rett så enkelt som "kom" når mor roper, gå "bak" når mor gir den kommandoen. Kondis må både eg og hundane ha så det er berre å stå på kle og seg godt:) Det blir nok mildare etter kvart vil eg tru, kan ikkje bli 4 månadar med full vinter det trur eg ikkje.
 
21.11.10
Artemis trenar perfeksjonist fot :) skal ein kunne hevde seg på jaktprøve så er det eit av momenta som skal være råbra, sakt med folkelege ord gå over stokk og stein med hundens hovudet plassert ved venstre kne. Basis kunnskap i hundetrening og dette momentet har eg slurva med når det gjeld Artemis. Artemis er ein hund som berre er tilstede utan å lage så mykje styr ut av seg sjølv og det har ført til slakke tøylar på fotgåinga vår!!! FY meg!
 
31.10.10
Arwen er igjen min favoritt og eg like trene den hunden, maken til hund må berre opplevast! ( Artemis er også min favoritt, men no har Artemis fått treningsfri ei periode) og eg fokuserar berre på Arwen, Artemis for tur og kos ho:)

Lange dirigeringar og då meine eg lange.. i tillegg gå på fot dette er moment vi bør være kjempgod på. Gå raklinje fort som berre Arwen kan springe utan stopp, går ho skeivt eller stopper så må ein starte på nytt, eg startar på nytt, ikkje frå feilpunktet (det er så enkelt å synde her, Arwen kan dirigerast fram -bak, høgre , venstre, men..) Vi startar på nytt ved feil! Eg kan inrømme at i dag hadde vi ikkje feil, det tyder på at eg gjor alt rett frå første ut sending.

I går gjor vi noko liknaden, men då måtte ho tilbake til meg ein gang, og det var på første ut, mulig min feil for lite vinkel i mellom punkta, og eg skulle sendt ho litt meir på skrå. FØRING ja ja det er ikkje alltid hund sin feil. OG er det nokon som skal korrigerast for feil, så er det den som føre.

 
18.10.10
Ei kort økt med jakttrening på Artemis, tre vilt som felt (pakker ut viltet på feltet) hemelig for Artemis heilt til ho søker og finn. Det gjekk bra i dag også ho hang litt på første, men i dag fekk ho berre henge eg gav verken heim signal eller prøvde å påverke henne til å plukke raskare, dette er ein ny vri frå min side. Sidan henging er kun på første viltet kan det være innlæring av hjelpe frå mi side for å få ting til å gå raskare:) ja ja vi kan alle gjere feil. Artemis finn viltet ser på meg og venter litt så plukkar ho, dette skjer berre på nr 1 aldri på neste vilte:) mjuk mun fin vilt handtering meget spontan på vilt nr 2 og 3 osv..

Obligatorisk fot trening hadde vi i tillegg, no har eg med Artemis blidt kravstor. Har gått over frå på plass til fot kommando, som eg har på Arwen og litt vell streng somme tider med klompen min:) Gå på fot i skogen er krevjandes for både hund og folk, berre barnemat og gå på appelbana mot i skogen:)

 
17.10.10
Dagane går vi trenar litt, men går også mykje tur for min kondis sin del:)

Vi har vore ein tur heim på sandsøya her trena vi litt, men kosa oss mest. Satt litt på post å skaut litt treningsvilt, (det var Arwen som fekk apportere på sjøen). Artemis fekk trene med varmtvilt og det gjekk flott, Artemis har eit mjukt fint grep på vilt.

Elles så held eg fram med singel trening av Arwen ho treng å relære ein del og eg stiller svert strenge krav til min trening så for vi sjå om det bærer frukter.

Artemis er enklare, men eg må være meir forsiktig med henne og det passe heller ikkje for henne å bli trent i lag med Arwen best resultat blir det når eg og ho er åleine. Då er det vilt og atter vilt som blir prioritert, i tillegg trene vi dirigeringsmoment. Eit kapitel eg må jobbe mykje med Artemis sin fotgåing. Nok å gjere!!

 
08.10.10
Artemis, eg og Anne Lene var på strandafjellet for å trene Artemis. Vilt og vattendirigering var det vi fokusert på. Herlig dag der vi berre krusa igjennom alt gjekk på skinner. Vi starta med vilt trening både på land og på vatten, spontan og super rask.

Eg gjekk så over på momenttrening, og då bruke eg dummy. Vanndirigering med på tvungen utgang på vatten, det vil sei du må gå rett ut der eg "peiker ut" nøgd med Artemis. Her har eg tatt meg sjølv i nakken og skal ikkje tolerer noko slurv på føringa, det er alltid meg det skal handle om og korleis eg lære inn og ikkje minst godtar/ikkje godtar handlingane som hund viser, legg opp slik det blir perfekt. Stopp hund og start på nytt ved alle feil og ikkje gota løysning av moment ved at hund velger snarveg til mål. ( dette er veldig lett å gjere)

 
07.10.10
Arwen og Artemis kondistrena i går på vatten det høre med til vår trening, viktig å være i god form. Arwen trena eg i tilegg i skogen, og det var fri ved fot og lange ut.
 
05.10.10
I dag fekk eg med ein av gutane mine som har haustferie til å kaste markeringar til meg og hund!. Sterk vind eller oppvind er vanskelig å vitre i, og desto meir ser ein kva som er god markør eller ei:) ARTEMIS ingen over ingen ved sida ho er berre rå på markering og har ein spikrande sans utan side stykke. Eg er så nøgd med det ho gjor i dag at eg går berre å smile for meg sjølv. Arwen er flink ho med, men i dag var Artemis best.

Det er tydeleg at Arwen vil så gjerne gjere så mykje og så fort at ho regelrett  spring seg bort i vinden:) I dag hadde ho ikkje tilstekkeleg fokus til å holde tritt med Artemis og eg veit ikkje kvifor, men trur det har vore lite trening på dette momentet. Eg har tatt Arwen av fellestreningar for å terpe lydigheit både LP og jaktlydigheit vi har derfor ikkje trena på markering på lenge. Kanskje ho hadde så lyst at ho regelrett sprang seg bort, men det verste var at ho ikkje lystra meg på fløyta heller, men hadde forhands bestemt seg for å fikse alt på eigenhand:) som ho av og til gjer! Det resultert i sitt berre å sjå på oss, hund som ikkje lystra for heller ikkje jobbe, men eg tar ho av arbeid når slikt skjer. Noko positivt må eg vell ha om Arwen i dag også, ja ho var knyst still i passivitet ikkje ein lyd, sitt ukopla med fokus fast spikra utan lyd.

 
28.09.10
Ei flott økt med trening av Artemis, momentet var vilt og eg brukte 4 vilt, ein måse ei kanin ei kråke og ei and:) litt av kvart. Ingen kast kun som felt, eg la ut to gangar, første gange ikkje så lange avstandar. Artemis hang litt på første viltet og eg valte å brukte fløyta "innkallings signal" på den apporten det løste seg med raskt opptak og full fart heim. Dei  3 andre kom inn med super spontanitet på opptak, farta heim var suveren som vanlig. Eg la ut at på nytt no med mykje lenger avstand mellom apportane og avstand frå standplass, no blei alt utført med stor fart og veldig fine apporteringar og vilt handtering topp!! Vilte blei plassert i frysaren igjen, og ligg klar til ny økt.
 
21.09.10
Arwen skal singel trenast på alt. Vi held på med retrening og det betyr vi går tilbake for å komme sterkare og meir førebudd tilbake, tar den tid vi treng.

Mine hundar har grunnapporten på plass, og etter det kjem "fot" det å bevege seg på fot, raskt sette seg ved holt forebli sittandes på fot uansett situasjon. Dette kan dei, men eg er langt frå fornøgd med momentet, og målet i vinter er å bli kjempe god på akkurat den biten.

Arwen skal hjernevaskast, og ho får heller gå glipp av litt, og ho skal aldri få lov å ta ein holt ein halvmeter framom meg. Arwen skal sitte på fot, gå på fot faktisk som ho går på lp bana. Det blir mit krav til henne, bortsett frå at ho skal sjå fram eller tilside ikkje på meg, posisjonen skal være lik, og dette er oppgåve nr 1 på jakttreninga på os, eg droppar derfor fellestreningar med Arwen.

 
19.09.10
Ikkje jakttrening her.. Vi tenker ennå, går tur å trenar kondis og kondis treng ein uansett kva ein skal bedrive. Arwen og Artemis treng også pausar eller, vi kjem sterkt tilbake og har nesten ein plan om framdrift:)
 
09.09.10
I går kveld fekk Artemis vere med på jakttrening. Nøgd med henna innsats, og min eigen, eg er likevel eit hakk bak og litt på vakt når eg trenar. Verken Arwen eller Artemis skal ha innpuls trening, så eg overveier alle handlingar, eg som har kontroll på treninga og ikkje hundane..

Artemis fekk jobbe litt i felt, felt var bra og det var også tempoet, dummy er topp, og hadde det vore tennisballar så hadde det vore endå meir topp:) Motivasjonsfaktorar skal være tilstades når ein trenar hund.

Min jobb med henne er å få henne like gal etter vilt som etter ein tennisball, då kan vi nærme oss mål.

Eit lite sirkus show til slutt, "draiv" skot, kast, bråk, og ein gjeng igjennom skogen, ja ja.. Artemis satt på linje i lag med meir drivne hundar, og eg haldt Artemis litt tilbake for situasjonen med opp til 4 erfaren hundar ute samstundes var så ny for henne at eg synast det var best for oss. Artemis fekk lov til å hente dummy, og  gjekk djupt, bredt og bringa effektivt heim dummy, og eg har ingen innvendingar på fart og motivasjon.

 
02.09.10
Artemis og Arwen nyt fineværet kun tur og kos og ein liten symjetur. Dei dirrar etter trening, men trening blir det ikkje ennå eg må legge ein plan, om korleis eg skal komme ut av hengemyra. Det blir ikkje tilfeldig trening eg må være bevist å målretta for å få det resultatet som eg vil ha, gode hundar må også ha god og riktig trening. Tenker...
 
31.08.10
Jakthunder må også stellast, og i dag har eg klipt hundane mine og værmeldingane seiar pent ver, og det tyder kamera med på tur!! Eg må få ta noko nye bilde av Artemis no som eg endelig har bestemt meg for å ta eit kull på henne.. nye bilde trengs..

Røyting, Arwen misser ulla fortida, og eg har eit reiskap som alle som har hund med ull berre må ha, dette hjelper på å få vekk ulla, og det blir masse mindre hår inne i huset løp og kjøp>>>>>

 
30.08.10
Arwen har eg oppnådd det eg ville med og alle resultat her etter vil bli bonus. Eg kjem derfor ikkje til å stresse med trening av henne, eg kjem til å legge Arwen på is, kun trene LP, og singel jakttrening her skal brikka plasserast på rett hjørne:) Arwen er frisk, og eg skal pleie henne så bra som mulig og kanskje vil  vi oppnå litt bonus kven veit.
 
29.08.10
Tja, trur eg var litt tidleg ute med debyen på Artemis i AK, det gjekk ikkje vår veg i år. Artemis treng meir trening på vilt, ho blei rett å slett litt rar av viltlukta. Artemis er knall god på moment når ho er under trening, og over denne kneika skal ho:) Artemis har kvalitetar som ikkje Arwen har og omvent, tenk om ein kunne ta det beste av begge å mikse saman!! for ein hund eg hadde hatt:))

Eg er sta og gir ikkje opp så lett, og råd finnast det for alt, det er snart tid for å jakte litt, og eg har kjøp ny 400 liters frysar som kun er tiltenkt treningsvilt, legg bort dummy, og går over på vilt, ja det skal hjelpe på vårt problem. Tida vil vise.

 
27.07.10
Artemis fekk lit jakttrening i dag, tja tempoet og viljen til å jobbe i vatn er tilbake, varmare i trøya kan ein trykt kalle det. Ei skikkeleg god kondis økt på Artemis :)
 
18.07.10
Kort med ikkje nyttelaus trening i dag. Eg viste kva eg skulle trene før eg starta treninga..  så lite planar er godt å ha. Lange rettut.. og jaktfelt, kombi jaktfelt og rett-ut.

V forma rett ut på ca 150 meter, 5 dummy på kvar punkt, inn 5 pr hund. Jaktfelt, er mange kasta dummy i same området, og det gjer hundar med minne på rett-plass:) nysgjerrige, ønskje er rett heim så for som f( dette momentet handle om gjernevask!! Arwen er ikkje verre på det enn ho tar eit raskt overblikk.. telje som eg seie det, ho byter aldri, men RETT heim er vegen eg vil ha ho. Dette momentet er mykje vanskeligare enn vanlig felt, i eit vanlig felt er det ikkje så mykje påvirkning, og her har eg aldri problem med at Arwen tar ei runde med dummyen i munnen. Arwen og Artemis gjor identisk jobb, Artemis bruke litt meir tid, men ho gjor det like bra, om ikkje betre enn Arwen (tid er ikkje alt her i livet heller:) Artemis trengte ikkje å bli kalla heim i Jaktfeltet, ho plukka og rett heim..10 poeng til henne. jau litt trening er moro det!!

 
14.07.10
Treningstørken er over:) Vi tok ei lita pause i treninga etter sunnmørsprøva.. men no er det nok, Arwen går på veggane og er klar som eit lys til det meste. I dag har vi hatt ei økt med litt trening, og eg trena begge to med nesten identiske oppgåver.

Eg starta med felt 10 dummy ute, og i dag kasta eg dummyane i to linjer på langs:) og eg kasta med påvirking for å evt. fortelje Arwen at teljing skal eg ikkje ha!! Fem på kvar bestemt på forhand, to x to + ein singel til slutt. Disse tuttene er serdeles kjappe på felt begge to, og dei dekker store område raskt, og terreng var tung myr.

Eit kort ut med nærsøk fekk dei kvar sin to gangar, dette som avbrekk i dei andre oppgåvene. 5 markeringar på kvar avstand brukbar lang, doble med meg sjølv som den som bestemte kva som skulle inn først og sist.

Arwen kunne gjort denne treninga i reprise sikkert fem gangar, men det treng ho ikkje.. Artemis hadde nok med denne treninga:) kvalitets trening med igjennom tenkte moment er viktig for henne.

 
28.06.10
Årets Jaktprøve er overstått, herlig følelse å sitte igjen med 1pr i EK.

Arwen gjor ein super jobb begge dagane. Dag to bomma ho på ei markering, og sidan det var kryssheting klare eg ikkje å register kvar den som ikkje blei henta ligg, "fører må være våken" på prøve!! Eg kunne ikkje hjelpe Arwen der, vi missa so ein markring, resten av prøva utførde Arwen utmerket.. og fekk ein 3 pr.

Artemis debuterte i AK.. ja laurdag eller første dag var ho tydeleg berørt av eit eller anna, ho hadde sett for seg at over vatnet låg der ein båt, og i land sto litt skumle menn kanskje trudde ho:) Artemis sumde etter ein del nøling nesten over, men motet svikta og ho kom heim tomhendt.

Dag to blei også 0, men eg er kjempnøgd med alt Artemis gjor!!! Ho fekk 0 på grunn av at ho mista to markergar, ein på vatnet og ein på land, Artemis feilbedømde avstanden totalt. Artemis leverte alt vilt i hand både frå land og vantent ingen risting eller nedlegging og ho bar vilt stolt og flott, litt treg spontanitet på and på land elles så synast eg ho var bra spontan. Vanndirigeringa løyste ho veldig bra etter andre forsøk.

Båt angsten kom ho over, og var ikkje pinglete, men hadde fin fart og var trygg, klompen min var eg så klart fornøgd med, premie er ikkje alt her i livet, vi kjem sterkare igjen.

Eg misbrukte mykje signal på Artemis i eit håp om å få funn på vatn- apporten i sivet, eg må derfor plukke opp i delar alt, og starte på nytt. Terp på, reting, signal, og når skal det brukas, og det skal fungere på trening, og på prøve. I prøve situasjonar prøver vi kanskje litt for mykje alt i eit håp om å lukkast eller få inn det vi ønskjer. No blir det demontering av alt, og oppatt bygging :) moro å trene hund.

 
17.06.10
Oppkjøring med Arwen før prøve:) Vi hadde ei regnfull trening i dag, men svert god og nyttig. Kjørefeil på meg, men vi kom bra ut av treninga. Arwen held bra fart tross vekta, og ho er ein stabil markør ganske presis synast eg å i dag hadde Arwen bra spikring på det meste. Vi kjørte også felt, Arwen går stort og dekker godt, brukar faktisk nasa utmerket. NO skal ho berre kvile å ligge på lading til neste helg!!( kondistrening og tur skal ho få masse av så klart)
 
16.06.10
Jaktcup post 6 stod på programmet i går:) Hundane fungerte bra, eg må jobbe endå meir med føringa mi og bruk (misbruk av signal). Målet er å kjøre pent og pyntleg med lite bråk.

I dag har vi vore å trenet litt i lag med Jackie og Molly, og sidan dei begge skal debutere på jaktprøve, treng dei litt kjøretips:) vi sper på med dit og datt:)

Arwen og Artemis fekk lange markeringar utan skot, og då må dei konsentrer seg optimalt for å få med kva som skjer. Lange vanskelige markeringar er tingen for oss å trene, dette med å klare å bedømme avstand riktig er ein kunst, og ei erfaring hundane erveravar litt etter litt. PRØVE snart!!

 
08.06.10
Fellestrening.. er bra, og vi storkosar oss på trening!! Arwen er prioritert, Artemis ligg heime med løpetid og kjedar seg:)

Ja kva skal eg sei i dag, Arwen har ikkje "nok" kondisjon, og kva gjer ein med det. Etter løpetida kjem det litt ekstra vekt.. jura veks seg store, og om eit par veker renn det mjølk av henne også! Det blir ca når vi skal på jaktprøve, men skit ho er glad i jobben sin og eg ser ikkje heilsvart på det. Arwen har arbeidsmoral, og det har eg også!!

I dag kjørte vi markeringar med skult nedfall, og ganske lange. Eg opplevde det som vell mykje søk de rute, men det positive var at det blei funn, og erfaring med svert lange markringar treng Arwen, dette med å bedømme avstand, klare å holde seg i området er bra, og så for eg berre sjå igjennom fingra med store søk, Arwen kom heim med dei fleste apportane etter ein del søk.. det var lite spikring i kveld.

Ein god del retningsending/dirigering blei innimellom, og her er vi på riktig veg.. Arwen er brukbart lydhør og ho er ganske dirigerbar:)

Tidlegare i veka har eg kjørt litt klokke på vatten + kondis symjing. Ho stopper rimeleg fort på vatten også, og går villig på mine signal der, konklusjon vi blir alle betre med alderen.. hi hi. når ho blir ti år er ho på topp:)

 
02.06.10

Juni er her og vi trenar! No e det Arwen som er mest i ilden sidan klompen har løpetid. I går var det igjen fellestrening på ørskogfjellet, og Arwen er tjukk men ho fungerte bra synast eg sjølv. Ho markerar veldig bra, og om ikkje farta er av dei største så held ho lenge, og jobbar plikt oppfyljandes. Arwen er svert glad i jobben med å hente dummy, eg trur ho kunna hold på heile døgnet hadde det vore aktuelt.

Litt vatn arbeid no å då, dette er mest for symjinga sin del, og som god kondis trening. Når det gjeld Artemis i vatn, så jobbar vi med snuing i vatnet, eller det å vende fronten heim etter at dummy er i munnen. Vi er på rett veg, og eg stressar henne litt opp, og det gjer berre bra. Ho for som oftast ein ny hipp hipp på veg heim, og det tyder ho må fort som f heim for å få gå ut på ny det hjelper på retningssansen hennar. Artemis er blidt tryggare på seg sjølv i vatnet.. eg klare å senke skuldrene litt, og er ikkje fult så redd for å misse henne på vatnet :)

 
27.05.10
Det nærmar seg prøve, men er vi i rute eg tviler.. Eg har blidt veldig kritisk til meg sjølv i det siste, og etter som eg tenker blir vi aldri prøveklar. Skal vi være sikker på topp utteling må eg ta rev i segla å tenke kondis og atter kondis...  Arwen må ned i vekt og Arwen og eg må få treent under stress.

Eg jobbar med mi eiga føring, og teknikkar for å unngå at hund går over i stress, men jobbar med full fokus på tilvist oppgåve, eller sakt med enkle ord, gjer det svert enkelt for hund, og ikkje påfør hund meir stress enn akkurat nok.

Jaktcupen var vi på i går... vi kom rimeleg bra ut av det, men eg hadde mine føringsfeil, og det skal bort.. Begge hundane tok signala frå meg svert raskt, og utførde jobbane bra. Det er herlig å ha gode hundar å jobbe med.

I dag blei det vanarbeid igjen, Arwen er rå og har plenty med motivasjon til å jobbe. I dette vannmomentet handle det om å føre riktig slik Arwen slepp å ha to ting i hovudet på ein gong, eller teknikken med å legge eit moment i hovudet hennar på vent:) ja vi skal nok klare det. Arwen skal huske mange oppgåver, men lære seg å fokuser på ein ting om gangen:) he he, ho er hund, men har litt hjernekapasitet:) vi må inn å manipulere litt..

Arwen fekk også eit enkelt felt i dag som ho løyste fort.. til bra karakter.

Artemis er ein spesiell hund, og skal trenast i små porsjonar med kvalitet. I dag sat Artemis mykje i koppel åt gras.. såg litt på Arwen no og då, og still!! Passivitet ved vatn utan lyd det er ein topp eigenskap. Litt fekk ho jobbe og eg må kanskje stresse henne litt for å få litt meir fart i utgangen på vatn, eg vil ha godt tempo her.. i dag brukte eg ballkastar og tennisballar, og då går tempoet opp somme hundar kan ein stresse, hundetrening handlar om individ behandling også.

 
20.05.10
Fann ei gamal haudelaus kråke i frysaren:) hi hi.. somme har det moro ja. Artemis lurte litt på kva denne kråka skulle brukast til.. Artemis fekk lov å hente henne tre gange, så pakka vi ho fint inn igjen å gjømte den på nytt, alt vilt er gull verdt!! Fin rolig mun på viltet hadde Artemis, Artemis heldt viltet medan eg stryk og rosar henne, etter det tar eg  kråka i handa. (og til dei som ikkje skjøna dette!! var det avlevring vi trena!!) Alle moment bør være på plass, og det er ikkje få ting ein hund skal kunne, og eg som handle skal legge til rett for at min hund ikkje skal feile unødig:)
 
19.05.10
I går var det fellestrening, og då stille vi så klart, miljøtrening er ein del av fellestrening, fleire hundar, og venting i bil..det høre med til gamet.

Eg hadde med både Arwen og Artemis, og i går blei det mest på Artemis, fokuset var markering, og då lange og ikkje heilt enkle. Artemis kom bra ut av treninga, og den klompen har utvikla seg bra som markør. Arwen var ut av bilen ho og.. Arwen kan sine ting, men har sine manglar :) Kjekk snill hund er ho vertifall.

I dag har eg trena symjing med Arwen, og ikkje berre symjing, men ho har jobba hardt i vatn, og gjort som mor seier utan å blunke. Hadde tenkt å trene litt bråstopp på vatnet og bruke tennisball, men skit stoppar gjer ho, men den ballen vil eg ikkje ha.. ha ha.. kaste like langt med ein dummy klar eg ikkje sjølv om eg synast sjølv eg kastar brukbart langt.

Eg har meldt på begge hundane til jaktprøva her på sunnmøre, og eg har slått frå meg Fosen, vi er ikkje gode nok ennå. Vi treng meir tid på å komme i topp slag, stress føre sjeldan fram.

Arwen må opp i kondis, og bli fastare i fisken, og Artemis må jobbe med vatn, og vilt. Vi har såleis mange jern i ilden ennå.

 
15.05.10
Ei god økt med vatn-trening på Artemis, og ho var flink gjor det ho skulle. Vi jobba over ei elv, og målet var å hente fleire dummy på andre sida av elva. Artemis er i storform og dei feil som kommer kjem av dårlig føring. Eg må heile tida jobbe med meg sjølv og føringa, føring skal perfeksjonerast og eg ser ikkje igjennom fingrane på slurv frå mi side. Det er aldri hund det er noko gale med det er alltid føring, og kva hunden eigentlig kan, og kva eg forvente av den:) ho ho.. i dag hadde eg med kun Artemis..  det på grunn av at Artemis og eg skulle løyse oppgåva, ikkje la Arwen køyre opp løype...

I kveld er spor ute, og i morgon skal vi ut å trene vinklar :)

 
14.05.10
Kva skjer her då.. har ikkje skriveklør no fortida, men trene gjer eg!  I går starta dagen med spor på Artemis, ja litt hjelp til å holde seg i sporet måtte ho få.. det var veldig mykje fersktråkk, då bruke det dukkar opp eit og anna som må utredast. :( likevel ho kom brukbart ifrå det..

Litt ut på dagen var det rom for litt apporttrening, markering i svert tungt terreng, blaut myr og det er supert til Arwen som trenar kondis:))vanskelig og mykje jobbing for å sirkle inn dummy, men Arwen tok inn det ho skulle ho. Artemis var heime og gjekk tur med Anne Lene og eg må prioriterte Arwen..

Vi har hatt to økter med vatten ei i dag og ei for nokre dagar sidan. Arwen er som ho alltid er, symjar langt og markerar presist. Artemis sit i koppel og ventar, det gjer eg på pur f, for å holde henne still i passivitet, ho må vente på tur å sjå på Arwen alltid først:) Ho er still ikkje ein pip i passiviteten:) og det er eg glad for. Ho har fått nokre få apporter på vatten, "korte" dette for at eg er redd ho symjar seg bort igjen.. he he.. har ein opplevd det ein gong og det sit.

I dag kasta eg kort til henne, og Artemis snudde i vatne, og sikta på meg heim!! hipp hipp, men det gjor ho også i fjor på korte apportar.. litt usikker til framgangen ennå:)

 
11.05.10
Det har vore ein del tur prioritering med oss, eg synast det er viktig ikkje å tømme hundane heller:) være hund, gå tur snuse litt det gjer berre godt for alle hundar "også mine". I dag var vi på årets første fellestrening og eg hadde med "to hundar" det gjekk bra. Eg var litt tideleg ute, og fekk treent litt ut signal på mine, før dei andre dukka opp. Arwen først Artemis sitte å sjå på, eg bytter på denne rekkefølgja av og til, Artemis er veldig flink på passivitet, og toler topp det å sitte å høre på meg, og sjå Arwen får springe fleire gangar ut, før det blir Artemis sin tur..

Så var det tid for fellestrening, og det var fellestrening med markering. Markering er vanskelig å få trenet åleine, og blei prioritert i dag. No var det Artemis som fekk første økta, og Arwen ligg i bilen.. Vanskelige markeringar, Artemis ser verken skyttar eller kastar, men ho ser dummyen i lufta, og det er det ho skal få med seg. Flink, rask hund, markerar supert.. fine grep ja Artemis løyste det meste i dag med god stil, og eg er topp nøgde med klompen min:)

Arwen fekk litt færre markeringar, og sidan Arwen er tjukk har ho ikkje same farta som Artemis, men det ho fekk av jobb blei utførd etter rett rekkefølgje, farta kunna vore betre, men markeringa var spikra, Arwen var flink:) ho med..

 
06.05.10
Aktiviteten er på veg oppover, og våren er her:) Tysdag kom eg meg til Valldal for å trene, det såg lenge mørkt ut på grunn av snø!! Eg venta litt og sola steig å vegane vart berre slik eg kom meg i veg.  Valet fall på Artemis det var ho som var heldig med trekninga og blei med til trening.

Vi trenar vanskelige moment og vil ha progresjon i opplevd og lærd adferd. Artemis fekk 2 x terrengskifte med dobbel markering og forhands bestemt rekke følgje på dummy. Ja ja.. Artemis tok den ho:) Dette er så vanskelige moment at eg tar av hatten for "klompen  Artemis" min..  Vi trena også ein del enkle markeringar med ein del lengde på, og skot blei bruk på alle kast. 2 ekvipasjar jobba og to tilrettelagd kasta og skaut for dei to andre effektivt. Vi avslutta med retningsending og då var vi alle 4 ekvipasjane i aktivitet. Knallbra trening "takk takk!" gler meg til neste kanon trening..

Etter Valldalturen var det i skogen for å legge blodspor til Artemis som ho skulle gå morgonen etter, eg la spor ikkje noko spesielt vanskelig eller langt spor. onsdag morgon gjekk støvsugaren sporet perfekt!!

I går skulle eg ut til felleskjøpet å kjøpe nye støvlar, ( bomtur) dei hadde ikkje mit skonr.. men eg hadde med Arwen tenkte å trene litt LP på den gode bana som retrieverklubben disponerar onsdagskveldane.. he he, bana er god den, og eg hadde den så å sei ålane, oppdatering i LP logg.

I dag blei det ei lynøkt med jakttrening på begge to. Markering og ut til eit stortpunkt for å søke der. Arwen er mest dirigerbar, men Artemis er raskast å har best minne, trur det eller ei, ho har utvikla seg bra, og toppen av kransekaka ho er still i all passivitet.

 
03.05.10
Snø!!! i dag var det Artemis som måtte bli med til hundetrening. Arwen var med på kurs i helga, og såleis var det Artemis sin tur i dag:) Artemis trenar kontakt og det å gå på plass, kanskje eg er sprø nok til å trene lit Lp med henne også, "LITT". Gå pent fot under jakttrening og prøver må ein kunne, og derfor har vi jo god utbytte ta denne treninga.

Været er det største kapitelet, vi opplevde snøstorm liknandes tilstandar i dag/kveld og eg er meir eller minder oppgidt over dette vår været som aldri kjem, no har eg sommardekk, og burde ha pigg i mai!!

 
28.04.10
I dag starta dagen med spor på Artemis, og litt krøll i kratte blei det, og eg måte hjelp litt .. ja slik er det av og til.

Det blei også litt klipp på hundane, og det trengs pelsen veks fort der pelsen ikkje skal være lang, som ørene, front og halen ikkje minst den, no e dei vertifall skeina litt.

Jaktcup i dag.. Toppers for vår del Artemis trakk det lengste strået og slo mor si på nytt, he he.. poenga finn ein på egen side.

 
27.04.10
Då har eg tatt ut blod til sporlegging i kveld, er ein så sprø at ein melder på prøve så må det også trenast, eg likar best å være litt førebudd på ting. hi hi.. alt kan gå gale slik er det med hundetrening, men er ein godt førebudd betyr det ingen ting. Derimot møter ein ubudd :) så var det ikkje uflaks at det gjekk gale.. Det verste er å klare å lese når hund går over på ferskspor og ikkje er på det opphavlege sporet, nok om det:))

I går var det igjen Artemis sin tur å være med til hundetrening, og vi forsette der vi slapp sist, "fellesdekk" det skal god klompen lære seg. Artemis blir flinkare etterkvart, og har skjønt poenget. Vi trena også lineføring eller "på plass" som eg også bruke kalle det. Flink Artemis!

Jaktmoment er likevel delikatessa bladt treninga vår:) Momentet vi har jobba litt med i det siste er, "start å søk der"  og i frå sit:) I jakttrening er det så mange moment at ein går aldri tom, og alt tar lit tid skal ein gjere det skikkeleg, og det bør ein. Som med spor møt førebudd då kan ein nulle med godt samvit:)) he he..

 
25.04.10
Kva skjer her då? lite eller ingen ting. Vi er ikkje i rute verken med det eller det :) Eg har sendt ein del påmeldingar i dag, både sporprøve og utstilling er påmeldt, og det er derfor berre å legge seg i selen å trene..

I dag var eg og Anne Lene i veg å trena litt utstilling, Arwen er vill og spring i frå Anne Lene, ho må derfor hengast litt opp.. Artemis synast dette er eit "ork" og blir for utmeldt, ho synast ikkje noko om å trene utstilling. Her må det trenast meir både på springing og oppstilling.

Vi har meldt på i Nordfjord, men ikkje i Sunnmørshallen, vi skal gå spor den helga det er utstilling i hallen, vi synast at det er meir fornuftig, og vi treng no ikkje så mange utstillingsresultat.

 
23.04.10
Her trenast det litt:) Arwen er med på tur, men ikkje noko anna.. passivitet er det viktigaste for henne. . Onsdag var vi igjen utover til brusdalbana som retrieverklubben disponerer på onsdagen. Det skulle være medlemsmøte så litt tid før møte, "så klart" tida nytte vi til å trene jaktlydihet. Det var faktisk ein god del folk og hundar som deltok å trena i lag, og det er bra når det blir litt liv så vi for generalisere ein del..

I går trena Artemis felt + rett ut og fart har ho, men er avslappa.. Ikkje ein lyd og ho har veldig bra passivitet ho er likevel fokusert og konsentrert.

Vilt står på programmet og det momentet er like viktig som alle andre moment i jakttrening (dette å plukke opp alle mulige slags kalde kadaver) må prøvast. ;)

I kveld legge eg blodspor, så morgonkvisten skal brukast til spor gåing.

 
19.04.10
Blei ein liten tur til hundetrening i kveld. Sidan Artemis ikkje har lært "dekk å bli" trenar vi litt på det, og det man ikkje kan kan ein lære:) eg har ikkje vore innstilt på å lære henne dette, men så lenge Arwen har løpetid, og må være heime trene eg ein appeløving med Artemis, kjekt å kunne. I tillegg trena vi på kontakt med bevegelse rundt foten. Så jabba vi med dei andre:) det er kanskje det aller viktigaste:) som skjer på hundetrening
 
19.04.10
Vidar hadde orna til trening for AK og EK ekvipasjar på viset helga 17-18 april, og vi gledde oss for no var endelig våren komet og vi skulle trene med trøkk:) Ja, god trening blei det, men våren uteblei, og kong vinter kom på nytt til sunnmøre:) nok om det..

Eg hadde ikkje ikkje anna val enn å stille med Artemis på grunn av at Arwen fekk løpetid, men Artemis steppa inn på Arwen sin plass.

På laurdag var det Vidar som styrte opplegget, og han servert oss god trening. Vi starta med markering og vi stod på rekke, Paul var kastar til sunnmørseliten:) meget god kastar. Markerings arbeide hundane viste fram var godt, og for Artemis sin del er eg topp nøgde med henne, ikkje eit pip eller tomhendt heim. Vi hadde ei lita pause og på nytt markringsarbeid då var det kast over ei rekke med høyballar som var plassert opp på ein kant, her løyste også Artemis oppgåva bra.

Ny pause, så var det klart for todeling med walkup, eit lag kasta, og eit lag gjekk:) Mykje bra hundearbeid vart framvist.

Når det var Artemis og min sin tur, Artemis gjekk på feil dummya ein gong, og det var mest sannsynlig min feil, eg kunna lest retninga ho fokuserte betre, og justert henne deretter. Vi sleit litt i dirigeringa også, ho formeleg drog ut til markerings skotplass, det løyste vi ved å bevege oss mot dummy, og fekk rett ut til å lykkast 100% av tilfella. Dirigeringa rett bak, eller i motsatt retning av der markeringane gjekk lukkast ho, og ho gjekk lang og rett.. for langt:) Bra laurdag dette:)

Søndag var det allereie kvit på markane før eg reiste heimafrå!!  og det forsette å snøe heile dagen, men det gjekk utruleg bra å trene tross masse snø.

Jurjen skulle stå for opplegg på søndag, og det gjor han.. meget bra opplegg. Vi starta med jaktlydighet, innkalling og stopp. Etter det blei det å sitte på rekke gå til nokre busker å legge igjen ein dummy. Så starta vi å gå på fot til det området vi skulle jobbe i resten av dagen, men under marsjen dit fekk alle kvar sin ( markering) dummy, det blei som ein walkup på ca 700-800 m, med 7 eller 8 kast!! ein til kvar.

Resten av dagen gjekk med til dirigeringstrening eller inn i eit område berre på skot, det var masse snø, og det snødde heile tida, lite vitring. Artemis gjekk prikkfritt etter min målestokk, rask, rett i linja, og svert godt tempo både inn og ut!! raske til å få funn gode opptak sjølv med dummy som såg ut som ein stor snøball:)

Stor takk til Vidar som arrangerte trening på dette nivået.

 
15.04.10
I dag er det regn i store dråpar:) og vi tar det med ro..

I går derimot var det litt aktivitet på meg og Artemis, føremiddag tok vi turen opp på heiane og rusla ein trugetur i brukbart vær. Ei og anna pause med nærsøk signal hadde vi innplanta i turen, vi grov ned nærsøket på veg opp, og tok søket på veg ned igjen:) kjempebra trening.

Ettermiddag måtte vi ta ein tur til retrieverklubbens trening/ sosialt treff. Retriever klubben har flytta sin aktivitet til bana i ved gamle brustadskule. Super bane til LP trening og anna. Bana har mjukt flott underlag, og det passer fint til å trene det ein ønskjer både av jaktlydighet, LP, og elles det ein måtte komme på.

Artemis tok det meste med ro, som ho pleier å gjere, bortsett frå når ho for ei oppgåve, då startar ho motoren og går for fult. Artemis fekk nokre markeringar inn i skogkanten, og ho spikra ikkje, men jobba effektivt til ho hadde funn i området.

Artemis skal trene mykje markring for å bli betre på å spikre meir nøyaktig, og bedømme avstand i terrengskifte, og ho tåler hardkjør på markering derfor kan eg trene slik..

13.04.10
Herlig å komme seg i skogen igjen:) Arwen har løpetid, og ho trenar passivitet:) det er ho også flink til Arwen.

Artemis trena eg i nærsøk å dette momentet skal ho bli bra på til slutt. I dag dekte eg mini dummyane med lauv, og dei var derfor ikkje synlige med det blotte auge:) her måtte nasa slåast på! Nærsøk er nå på eit vis "slå på nasa no". Vi tok oss også bryet med å trene litt vilt i dag med..

 
12.04.10
Ei god økt med Jakttrening på Artemis blei det i dag. Fokus markering, ut, og vi avslutta med litt vilttrenig.

Markering er eit moment som består i å holde fokus på kvar dummy/vilt faller, i tillegg være god på å bedømme avstand, ruse ut plukke raskt opp fyke heim i god fart:) hum.. I dag stilte Kjersti til disposisjon eit bra terreng til det meste, ikkje det enklaste terreng å bedøme avstand på, men det handlar om å trene med sukkses, og også få progresjon i læringa. Vi bevega oss bakover, og dermed aukar markerings avstanden.. etter på la vi ein del dummy i markerings- område og krutt-la, og bevega oss i lik avstand som markeringstreninga, men no med ut signal.

Tilslutt vilt:) helt vilt, her trengs det trening, og skal vi stille i AK så må vi få tak i ein del vilt til trening, slik vi kan trene litt no og då:) Bra fart også med vilt, Artemis hadde eit par forsøk på å leike med fuglen, men hadde ikkje hard munn, og det er tross alt viktig.

 
09.04.10
Sporhunden Artemis!! I dag gjekk vi årets første spor, og 10 poeng til Artemis. Kjempebra sporadferd, spore var ca 15 timar gammalt med av- hopp i vinkel i tillegg regna det, men bra terreng ikkje noko å sei på det. Utan tvil, Artemis er den beste hunden eg har hatt tenker eg sporadferd.. Topp.
 
08.04.10
Lite eller ingen ting her?? Jauda det er liv i oss, og våren er her trur eg:) Eg har vertifall lagt ut eit blodspor til Artemis i kveld som vi skal gå i morgon tidleg.. spennande.

Jakttrening har det vore lita av, men våren er her, og det er kanskje håp om noko felles trening snart. Har treent litt med "klompen" Artemis ho har litt uvanar som må plukkast vekk, og eg har derfor jobba litt med det. Eg må bli betre på føring!! Perfeksjonisme.

Eg har også starta å sykle med Artemis.. ho må få strekt ut litt, og eg gler meg til grusvegane blir snøfrie.

Arwen har løpetid, og den blir ho ferdig med rundt den 20 april, og vi blir klar til LP kurs, vi skal på kurs 1 mai helga. Målet mit er ennå å få starte henne nokre gange i LP i år så ser vi om vi klare målet vårt.

 
07.03.10
Sjokk.. fekk eg no ingen oppdatering her på ein månad, har eg vore borte så lenge :( uff .

No e det  mildt og vi håper på snarlig betre trenings forhold.

I dag skulle eg til Molde på lp prøve, og har treent litt målretta til det, men kva !!  Eg kom meg ikkje i veg i dag morgon, men sov...  dette har eg aldri før opplevd det å droppe ut av noko som eg har planlagd er fy fy for meg.

Greidde likevel å berge dagen med å ta ei økt med jaktlydighet i lag med Kjersti. Arwen og Artemis fekk passivitet fast tjora, og ikkje ein lyd, dyktige jenter..

Vi hyra også inn eit par kraftkara som figurantar dette for å kjøre hund rett på og det gjekk som smurt. Ingen vegring eller tapping av fart, bra!!

Arwen var berre perfekt i dag, trygg på kva ho skulle, og lydig til tusen. Artemis klompen min... futt til tusen i dag, men her må eg terpe på elementære ting som ro før ho blir sendt ut til eit punkt+++ mykje anna.

 
09.02.10
Trening ? Ja vi trenar litt no og då. Snøen setter sine avgrensingar på oss og det bli ikkje dei store slaga nei. Vi ser fram i mot at snøen reiser, og vi igjen kan legge oss i målretta momenttrening til sesongstart:)
 
03.02.10
Artemis må bli mykje betre på å gå fot, og det jobbar vi med (kan ikkje gjere så mykje anna i denne snøen!!) Øving gjer susen på alt, det er berre å jobbe med saken då blir det bra til slutt.
 
25.01.10
Hundetrening, fot -trening +  kontakt med andrehundar tett på.

Arwen blir også trena i Lp moment, det blir ikkje Artemis ho blir kun trena på å gå bra fot. Arwen er propell og lyser som ei stjerne når ho blir trena, og har ei arbeidsglede ein kan misunne....

 
24.01.10
Jaktcup kjempemoro at så mange stilte opp på sunnmøre var det 27 eller 29 ?, det var vertifall veldig bra..  Arwen og Artemis stilte i elite begge to. satse høgt og faller høgt:) Første post på jaktcupen gjekk ut på å gå fot med dummykast som distraksjon, og det var førar som plukkar opp ikkje hund:)

Arwen og Artemis tok 20 av 20 mulige, vi har derfor start kapital til knall og fall:) Jackie til Henriette tok 19 av 20 i blåbær klassa, og det er ein god sum poeng å ha med frå post 1. det skal være 10 postar i løpet av året så dette skal bli moro!!

 
21.01.10
Lite eller ingen ting med Jakttrening, berre snø og kaldt. uff..

Artemis er ferdig med løpetid for denne gangen, og det gledelige var at ho hadde ca 6 mnd intervall mellom løpa, og det går derfor rette vegen. (Artemis hadde nemlig veldig tette løpetider til å begynne med.) Skal ein ha hund å konkurrere med er tette løpetider noko herk. Då er kanskje hannhund best å velje..

Søndag skal det vere første post i Jaktkuppen på Sunnmøre, og det gler vi oss til. Både Artemis og Arwen skal vere med, i tillegg skal Jackie og Henriette også delta.

Det blir kanskje eit lite referat her korleis det gjekk med oss, vi satsar høgt og faller høgt:)

 
29.12.09
Årets siste fellestrening er over. I dag hadde vi fokus på føring eller konsentrer deg og før bra:) Snø og markering er ikkje det beste sjølv om ein har både god kaster og god hund, lite vitring og dummye er ikkje alltid like lett å finne, eller hundane har lite erfaring i vitringsarbeid i snø. Likevel masse bra arbeid.

Vi var ein gjeng samla, og hadde også med Pernille til å dømme eller gi oss poeng for arbeidet vi utførde. To labber på topp i dag, gratulere.. poenga er i bloggen. :)))

 
15.12.09
Artemis var å testa terreng til romjulstrening, og det er berre å håpe på lite snø. I dag jobba Artemis bra, eg er nøgd med klompen. Artemis løyste dei oppgåvene ho fekk, litt slurv frå mi side elles ei perfekt trening. Moment vi var innom var både markering i skjul, felt og rett-ut. Ukjent terreng, kupert, motbakke, vegetasjon, område hadde alle fasilitetar i tillegg hadde vi makkerhund:) Artemis oppføre seg i passivitet topp, ho er fast og trygg på kva ho skal.
 
14.12.09
Artemis fekk lyntrening i dag, og ho er som ho pleier. Artemis er flink, men har sine nykker..  Markering, ut, og signal var på timeplanen, og under trening i dag var eg flink til å ikkje overtrene, men bryte før nok var nok. Artemis treng utfordring og ikkje oppatt tørre oppgåver, dette gjeld også Arwen, men ho er meir robot, og gal apportør. Eg har likevel oppdaga same tendens på Arwen igjen og igjen trening føre til slurv. Eg må derfor legge mykje energi i eigen treninga skal det ha gevinst, og det vil sei planlegge nye oppgåver, og slutte med oppatt treninga av same momentet til det kjedlige 0 gevinst.
 
08.12.09
To trena hundar i dag, først ut var Arwen og i dag skulle ho ikkje kjede seg hadde eg tenkt.. sidan vi har kjørt lange rettut utan tanke på så mykje signal. Er det derfor tid for å trene signal, spring dit i dit.. og det var det vi gjor i dag, Arwen var rett å slett veldig flink :) tydeleg det ho kan signal, det står berre på om ho tar signala når eg vil at ho skal :) når vi har behovet!

Artemis blei trena på markering, lit rot og ho sleit ein del med å finne dummy, men det er betre ho slit for å få funn enn at ho finn på tull fordi ho kjedar seg:) Artemis jobbar best når ting ikkje er så lett..

 
07.12.09
Vi trena litt i dag og det blei fekk ikkje noko fres på treninga vår i dag... Kjedlig kanskje å trene utan trøkk både for meg og hundane, vi var ikkje nok skjerpa. Flott temp og bar, mjuk mark:) slett ikkje verts berre det. Til å med Arwen kjeda seg, då måtte det være noko som ikkje stemte med trenaren i dag:)

Artemis var forresten flink, og eg passar på at ho for få oppgåver med litt utfordring, ikkje av dei enklaste, men på grensa av kva ho kan.. Eg må gjer det slik for å ikkje stagnere, går heller to steg tilbake går det ikkje. Skal gjer litt det same på Arwen færre oppgåver, og heller auke avstand raskare.

 
04.12.09
I går var vi på to timarstur med full rulle eller fri trening for hundane, eller kondis bygging. Ein god hund treng overflod av styrke og smidigheit, og den må byggast opp i den tida vi ikkje har bandtvang og hundane kan være i "løp tulling modus". Bratt ulent treng, myr osv.. i full rulle i slikt terreng blir hundane fine av, musklar finnes både på kryss og tvers, og det vises etter eit par månadar med gode turar. Arwen er på veg tilbake i kondisjon:)

Raske treninga må eller ikkje må.. I dag blei det "litt" trening, og det er UT som er målet, og det snorrett. Arwen kan eg kjøre masse, men Artemis for kun få repetisjonar. Ho er flink på passivitet, har stor fart og alt det der, men gjer same jobb to gangar har ho aldri heilt skjønt poenget med.

Arwen derimot er ikkje så flink i passivitet, men ho er still, men veldig på:) 100 meters ut sendinga for å så gå over ei grøft å søke der, var arbeidesoppgåva hennar i dag. To linjer med 30 meters avstand, ikkje enkelt, men det skal det heller ikkje vere. Alle kom inn frå rett plass så 10 poeng til Arwen. Artemis hadde større vinkel på sine apportar, og kom heim med riktige ho også:)

 
02.12.09
Endelig blei det litt trening på tuttene, eller mykje på Arwen.

Artemis fekk litt trening og så putta eg henne i bilen.. ho er ingen maraton hund:)

Arwen derimot har høg arbeidsmoral, og eg tømmer henne helt for å presse ut alt ho har av kapasitet. I dag kjørte eg V trening og pressa Arwen hardt. DET vil sei eg auka lengda på kvar ny henting og avstandane er rå, avstandane er rå for å bygge opp linja Arwen kan gå utan å snu seg bak:)

Det er snø og det vil sei trening av felt, og dirigering går godt, men markering trenar vi ikkje. I dag var det trening på lange avstandar, og Arwen skal gå ut uansett om ho vil eller ikkje, men ho vil alltid den hunden, og farta heim er lik uansett kor mange repetisjonar ho får.. Arwen er vert si vekt i gull.. Det blir nok mest eigentrening framover, kort og raske treninga, men er det nokon som ornar fellestrening stiller eg har eg anledning.

 
27.11.09
På Sunndalen blei det tur i dag, eit godt stykke å kjøre men vell verdt bryet med å legge treninga der. Eg oppnådde deg eg ville med Arwen, og vi reiste heim tilfreds. Det var ei trening på sommarbeite, og sjølv no i slutten på november så var det blaut, og optimale forhold å springe i for hundane.

Heldige var vi og hadde to kastarar, og med disse brikkene i spillet blir treninga effektiv:) God markeringstrening, det var lange og doble, og fleire hundar på andre oppgåver, Arwen held hovudet og feila lite, og ho hadde ingen lyd, og oppførte seg jaktlig perfekt:) "dagen skryt" men fortent..

Ein del dirigeringsoppgåver hadde vi også med i spillet, og føler eg har drilla Arwen bra på dette med å gå ut i ønska retning, og sidan eg har slutta med "traktorveg trening" av henne er ho blidt ein del flinkare til å springe snorrett!!

 
24.11.09
To bra treninga har det vore på Artemis, når eg trenar Artemis må eg tenke og ikkje trene berre for å trene:) Vi trenar moment innan markering, og ei markering kan presenterast på veldig mange måtar.. Artemis kan ikkje få enkle oppgåver då er ho ikkje skjerpa. Derimot vanskelige oppgåver med fart..

Det vi trenar på i dag var del 2 på førige trening med, hip hip på veg heim:) I dag var øvinga nesten perfekt eller vi kan kalle det i mål.. Artemis stoppa markerte veldig bra, oppserverte nøyaktig, sto still eit par sekund og tenkte, så rett heim utan hjelp ( hjelp er fløyte), å eg er stolt av klompen, herlig hund i dag og i går på trening.

I går trena eg også Arwen, og Arwen på trening:) nydelig. Utruleg sterk, uthaldandes og plikt oppfyljandes hund. Markering + dirigering med distraksjon. berre bra, feilfri..

 
22.11.09
Tur i fantastisk ver i dag.. og eg hadde vesten full om micro dummyis 17 i talet:) Her gjeld det å få mykje ut av vekta ein vel å bære på! Går ein tur for å trimme så kan ein ikkje bere på alt for mykje vekt, og eg vil også trimme litt.

Likevel der vi går tur til er fantastisk område også for trening, og i dag la eg ut 17 dummy til felt, og har ein to hundar er det passe stort. Vi starta med Arwen ho fekk plukke inn 12 stykke, då skulle det være igjen 5 stykke til Artemis.

Artemis er i god form, spring fortare enn Arwen, og har eit fantastisk bra søks mønster så for henne passe det med vanskelig oppgåver, og i tilegg er Artemis rå på passivitet, sit eller står fint å følgjer Arwen på jobb, vell å merke i band dette for å unngå mas, slik eg øydelegg for Arwen.

Artemis fann 4 etter intens søk, då mangla vi ein og det var mini nr 10:) den vist eg kvar låg, og eg plukka den, og sa ha ha... smilte, hundane skjønte at mor fann den siste..

Eg er kjempenøgde med begge to hundane, dummyane som er av mini er små ca 10 cm og veg ca 30 gram. Lære å bruke nasa rett og utrede vitring godtnokk må til skal det bli funn her. Elles så blei det to timar med masse fri springing og leik på Arwen & Artemis i dag:)

 
20.11.09
Tjukke Arwen var i veg og fekk vaksine i dag, og i den anledning opp på vekta:) tipp?? vi held det hemelig..

I går var det Artemis sin tur til å trene litt:( å ja eg er treg, husker ikkje at Artemis ikkje er skapt for mange repetisjonar, ho er ingen Arwen. Må legge det inn i treningsplane av henne, ikkje for mange repetisjonar av same oppgåve, då finn ho på tull.

Det blei felt vi kjørte dette for å lære frå oss litt, og hjelpe i gang Jackie (arwen-jack ), utan å skryte for mykje det er ein kanon hund som har ALT !! Henriette som er forvert for Jackie har forma ho fint. Grunnapport er i boks, og ho er veldig fin i behandling av apportar, spontan, og rolig i sin framferd og det er eit flott syn å sjå Jackie i arbeid.

Artemis jobbar også bra i felt, markerar supert, har god fart, men ho har med å tull litt no og då, som å snuse før ho plukkar opp, og teller kor mange dummy som finst her. osv.. dette har ho ikkje alltid med av og til..

Det blir å kjøre meir jaktlyst på dummy, trene meir "dummygal" hund med henne, og ikkje mange repetisjonar, løysing finst til alle manglar:) så klart... + til Artmis er at ho har full kontroll og ikkje lyd, men avslått til tusen utan stress.

 
17.11.09
Arwen var den heldige i dag også, og fekk bli med på fellestrening:)

Ingen trening blir som den du kjøre i lag med andre, enkelt moment er viktig å lære inn på eigenhand, altso trening litt no og då.. Derimot dette trøkke  forventningane, og passiviteten, oppnår vi kun ved fellestrening:) Også det å konsentrere seg over tid er moment som blir sett på prøve i fellestreningar.

Arwen var flink i dag, men markeringane var vanskelige, og det blei litt i meste laget med søk på henne,:( det var ikkje etter mit hovud, fann dummy etter litt store slag, men dette er markering dermed spikring og ikkje store slag.... avstandane var av brukbare lengde med terrengskifte.

Eit par UT-punkt hadde vi også, dette er eit moment eg vil ha i all markeringtrening, vi for avbrot for å ta dirigeringar i alle prøver, så dette jobbar eg konsekvent med, også lange lengder.  I dag tok vi også eit felt til slutt, kompakt og rikeleg med dummya, 4 hundar plukka strykandes, alle 25 dummyane kom inn fort utan problem.

Fellestrening gull verdt, takk til dei ivrige som dukke opp slik vi for ei fellestrening:)

 
16.11.09
Øvelsekjøring med ein kort stopp for å lufte/trene  Artemis, nokre gode og høgt kasta markeringa blei det på klompen, og i dag viste ho seg frå ei kanosterk side, perfekt:)

Seinare på dag var det tur i skogen på meg og begge hundane. Tiltekt felt trening, ja og i dag var det kun Artemis som jobba riktig, Arwen slo av motoren og feila, det tyder, heim og sitt å vent. Surt for henne, men enkelte ting liker eg ikkje, og straff er straff :(

 
15.11.09
Det har blidt ein del tur på hundane i det siste, mykje bra haustver då må det bli tur. Vi trenar litt inni mellom, ikkje så mykje men når det byder seg ein anledning trenar vi.

Torsdag var vi på Sunndalen å trena markering på dyrka beitemark, Artemis var det som var med, og ho er litt på og av, kjempegod hund når ho er på, men det er ho ikkje alltid.. av og til er ho av, og vil snuse i staden for å jobbe:(  dette heng på løpesyklusen hennar, og blir hormonstyrt trur eg, er ikkje sikker, men trur. Likevel Artemis jobbar, og har godt tempo markerar presist, når ho jobbar:)

I dag hadde vi rusletur med kamera, ikkje den heilt store fangsten, men litt minner frå i dag blei det.

Eg hadde også i lomma som eg alltid har.. mini dummy, og i dag gjekk vi tilbake på linjetag men mini, det funka bra det, Arwen var litt i villreie, plukke opp utan søk der lyd ?? ho stoppa opp og såg heim stemmer dette då, vanedyr!!

I denne øvinga skal dei i teorien springe seg på vitring å plukke opp, det gjor dei også. Eg veit ikkje om eg vil trene dette så mykje med mine, kanskje eg bør forsette med tampen brenn treninga mi. Mine hundar har eigentlig stor jaktlyst og går langt, og det er vell ikkje så lurt å etablere dette med søk på veg ut, eller søk eg finn eit kvart, utan at eg har sett dei i søk, berre tankar (om mine hundar) I linjetag bør dummyane være store og synlige. Søkder kan det være små og bortgjemt dummyar, eg satser på dette momentet og beveger oss bort frå punktet for å bygge avstand, trenar som tidlegare. Dirigering er dirigering, eller hjernevasking gjer som mor seier..

 
10.11.09
Arwen, ja no er ho inne i ei god periode yter bra. Markeringstrening, passivitettrening og aktivpassivitet (det vil sei, ta den som den andre hunden mister) Eg er litt stolt av Arwen ho gjor det bra i dag, og avstandane har brukbare i lengde. Første del av trening gjekk dummyan ned bak ein haug, hundane såg ikkje nedslagsplassen, men dummyen var så lenge i lufta at ein litt trenet hund ville ta det, og det gjor hundane i dag.

Eit ut-punkt til venstre for der markeringane gjekk hadde vi også, utfordring må til. Her er det lett å bli dratt til høgre der markeringa går, men detter er rein terp på lydiheit.. i tilegg erfarar vi korleis vi kjøre hund i disse settingane med litt trøkk.

Etter litt kaffi og kake( Britt hadde med kake i dag) vi har gode treninga både på vått og tørt:))

Kastaren vår flytta opp i høgda dette for å unngå sola i auga på hund, motbakke gjekk som smurt. Arwen går på tross vekta, det er no ikkje berre vekt med henne heller, ho har muskelmasse, og er fast i fisken, men fettprosenten er nok litt høg ennå.

Arwen måtte markere nr 2 på veg heim, dette fiksa ho problemfritt.

 
09.11.09
Artemis fekk markeringstrening i dag, vi fann ein god plass tilpassa det momentet som vi skulle trene. Dei to momenta som var henna i dag var kast med skjult kaster:) I tilegg gjekk kastet i skjul, men det var i lufta slik det skulle vere fult mulig og markere berre ein er våken og god:)  Moro å sjå kor godt ho konsentrera seg, og markerar presist.

I tilegg skulle ho markere på veg heim, det var ei ny oppgåve som var heilt uprøvd på Artemis:) Eg brukte fløya som støtte på henne etter ho markerte, på ein apport snudde ho og bytte apport, slikt skjer under nyinnlæring, men ho lærte fort. Reknar med at på neste trening av dette momentet kan eg fade bort fløyta, og rekne med at ho kjem heim og avleverar før ho får ut å hente neste som ho allereie har markert. Moro med hund som tåler ei og anna utfordring og tar den på strak arm :) gode klompen min Artemis..

Lang tur med begge hundane, då var det jakt etter å finne  det tapte koppel, og vi fann!! Herleg ver med god temperatur og sol, oppe på heiane der vi var er så flott no når det er snøfritt, håper det vare lenge.

 
08.11.09
Tur.. i dag, fritid til hundane må til av og til ikkje berre jobb, sjølv om mine hundar synast at jobb er det beste :) I går greidde eg også å rote bort eit av mine to koret spesialkoppel for mine hundar :( skjønner ikkje kor eg har mista det, men eg har mista det på tur. Må nokk ta ei runde og gå opp løpa for å sjå om det dukkar opp, dette koppel sto det aot på, og eg liker ikkje misse ting sjølv om det er handlaga av meg, og eg lager fort eit nytt..
 
07.11.09
Nydelig ver, eg Artemis og Arwen hadde tideleg -tur i dag. Tørt og fint terreng å bevege seg i, og det må vi så klart nytte til noko nyttig trening også. Fokus i år er å bli rasandes god på dirigering, og eg prioriterar Arwen no i ei periode. Det heng på nyinnlæring av passering av hildringar utan å stoppe opp og søke der eller langs med. Over hindring  er målet, dette at hund stopper opp i hindrigar, og hindringar blir som ein vegg for vidare ut. Det skal vi så klart klare å fikse, merkelige greier, men og eg jobbar med saken...

Arwen er rå på avstand der har vi ikkje noko problem, men er der ei grøft eller ei enkel hindring så har ho hatt det med å innbille seg at lenge ut går ikkje og ho innbiller seg at endepunktet er der, og låser seg i søk:) Det er starta å losne for oss, og i dag gjekk ho 150 meter til ei  grøft, og  over for å gå ca 30 meter igjennom ein skog til søksplassen :) kjempebra!! Vi er på rett veg.

Artemis fekk V trening for å befeste retningslydigheita, og det går greitt også på avstandar opp mot 100 meter så eg eg fornøgd med henna framgang. Ho er i tilegg enkel å stoppe for å kalle heim går ho feil, dette er eit +, og eg driv ikkje med justering ute, men tenker langt å rett i treninga. Ho tar ta signal ute, men eg brukar det ikkje, det er kun til prøvebruk:)

Nye bra meldinga  på yr.no, så håper på nokre fine treningar i neste veke også..

 
05.11.09
Artemis fekk trening og Arwen tur i dag, begge fornøgde med det. Ei lita økt med trening på Artemis, det vi trena var rett ut, eg brukte V og står på spissen, dette for å befeste retning, og lydighet. Den retning mor peiker er alttid vegen å gå:) Artemis har fortida meget stor arbeidsfart kjekt å sjå, og farta er også større enn Arwen sin, og det kjem av lenger bein.. Myr var det i treningsområdet, litt kupert men med gode treningsforhold. Variasjon terreng er både nyttig og nødvendig, her gjelder det å tenke at alt skal prøvast både enkle og vanskelige terreng må inn med teskje..

Pappaen til Artemis er borte no, og skal Artemis klare å gå i sin fars fotspor så må det både trening og prøve til, les litt minner om Arthur>>>

 
03.11.09
I går var Artemis og Arwen med på ein tre timers fjelltur med innlagd trening:)

Artemis trener mest passivitet for å unngå at ho utviklar unotar. Arwen kjøre eg på med mykje trening og då avstands lydigheit og signal. Prøve å plukke av ho at ho startar søke der ho finn ein eigna plass i staden for å høyre på meg:) dette er det eg som har etablert og tar alle feila "hennar" på mi kappe:) og vi klare det meste også og avlære unotar..

I dag fekk ho litt meir hardkjør som eg kaller det, det vil sei at ho blir presentert for fleire muligheiter, men gjer som eg anviser. Det tyder på at diverse moment er på veg inn i hennar hovud:) Fart og arbeidsmoral har ho, enn om farta bær preg av vekta, så sinker ho ikkje i jobben, og tar ikkje pausar på jobb.

Takk til treningskompisane som stilte opp å sørgde for at det blei litt trøkk!!

 
01.11.09
Artemis fekk seg fjelltur i dag, Arwen var heime og var rusle hund til Atle:)

Artemis trenar passivitet, vist ein kan kalle det det, i tilegg fekk ho knalle nokre gangar, eg er ikkje redd knalling eg har kontroll på den også, hi hi.

Nokre ting eg må justere på Artemis, og det er at ho går ut som ei kule på utsignalet, nei ikkje på signalet med på handsignalet mit:( her er det eg kallar knalling!! Stor fart, og veldig god arbeidslyst i disse settinga er ikkje noko minus, men eg vil at ho skal fokusere lenger og gå når eg seier ut, ikkje berre gå når eg peikar ut.. enkel å stoppe, men ikkje fint å sjå på desse knallforsøka, dei må bort.

Artemis skal førast pent, basta bom, eg må derfor gå inn å løyse dette fort, eller vertifall løyse det.

 
29.10.09
Artemis fekk trening i dag, og Arwen fekk tur med Hans Emil. Begge deler er topp for hundane og dei er godt nøgde med dagen.

Artemis har litt fri tid eller eg prioriterar Arwen vist det er høve for fellestreningar med trøkk, og det har det vore eit par av. Så pass trøkk at Arwen må konsertere seg inn imellom apportane :) ein god hund skal kunne vente lenge på tur, og Arwen er ein god hund.

Artemis er i ei fase der eg testar ut kva ho klarer, og tenker over korleis eg skal trene framover for å få mest mulig ut av Artemis utan å stagnere. I dag laga eg til tre oppgåver, ho sat bindet i koppelet, dette for at eg skulle få planlegge å tilrette legge utan innblanding:) Eg la ut linjetag på tre dummy, over ein bekk og eit hopp som eg har laga, deretter la eg ut ein felt med fem dummy alle bortgjømt i tre eller under røter, i tilegg eit nærsøk område på 4 micro dummya skjult i kratt/eine. Artemis såg alt eg gjor, og er reknar såleis med at ho var godt forberedt på å utføre jobben fort og effektivt:) YES.

Vi starta med rett ut, henta inn ein dummy, så plukka ho tre frå feltet, ein ny rett ut, og tilbake å jobbe på feltet, ein til blei innplukka frå feltet. den siste på feltet fann ho ikkje, så den hjelpte eg henne med ved å gå ut i feltet å sende mot den siste dummyen.

Påfyll på linjetaget, så går vi over på nærsøket, ho veit kva, og korleis dette er så det er ingen problem med å finne 4 micro dummy kjapt, i tilegg avlevara ho dei så klart på Artemis vis:)

Så er det dagens test, Artemis sit med ryggen til linjetaget, eg kastar ein markering  90 grader ut, så sender eg Artemis rett ut bak, og ho gjor det YES.. utan å tenke på å ta markeringa!! Inn for å avlevere, og ut  å hente inn markringa.

Same prosedyre på nytt, men no kallar eg inn på plass, og sender rett ut frå fot, YES går som ei kule over grøfta forsera hinder, og plukker opp og rett heim og avlevarar på hennar vis, som er er så bra!! Eg har aldri  tanke om at ho feilar med grunnapporten, den sit spikra. tja kva skal eg sei Artemis lover bra, og her er det berre å forsette på å trene jaktlydigheit, det er no det som gjelder.

Markering skal kun trenast med kaster, og då legg vi opp til suksess modellen, og vi kjøre på lange og vanskelige til ingen oppgåve er uløyseleg. Markeringar som eg kaster no er kun til hjelp for forming av anna moment. I dag var det såleis trening på nærsøk signal, det var felt, og det var rett ut, i tilegg jakt lydiheita som krevjast for at Artemis må gjer den oppgåva ho blir tilvist, og ikkje den ho synast sjølv er mest morosam eller mest freistandes. Moro å trene hund:)) og det skal det også være, om Artemis er lydig, så er ho også kjempeglad !!!!

 
27.10.09
Arwen var på trening i lag med meg og ein del av den kjekke jaktgjengen på sunnmøre. Planen er å bygge Arwen opp til å bli god eller betre enn det ho er:) og eg har trua på henne, og vi skal klare det. Oppskifta er trøkk, og ikkje stress verken på meg eller henne.

Ganske effektiv trening og ganske nyttig for Arwen, og vi la inn passivitet, ut til punkt, vanskelige enkle, og doble markeringar. Eg kjørte henne til punkt medan annen hund tok inn markeringar, og ho hadde god forståelse for kva ho skulle, var ikkje stressa, men samarbeidsvilling utførde sine moment med stil, og utan lyd.

 
26.10.09
Flott trening i dag, eg hadde med begge hundane, og Arwen skulle være back -upp hund i tilfelle ikkje vi fekk inn vatnmarkeringar, den jobben skjøtta ho heilt topp, ingen lyd og alt blei utført til punkt å prikk. Litt moment fekk Arwen også tilrettelagd for henne. Dobbel på vatn. Lange markeringar på land, og ho tok alt ganske bra i dag, allmenn oppførsel topp.

Artemis fekk også eit par tre på vatn, markerte supert. Artemis slit ennå med dette at ho ikkje snur, men symjar til høgre etter at ho har plukka opp dummyen. Dette problemet er eg ops på, men veit ikkje korleis eg skal klare å løyse det:) Artemis markerar presist på land, og det er berre for meg å bygge avstand i henne, og være kreativ i val av terreng. Enkle kjedelige markeringskast er bortkasta arbeid, trener eg åleine er ut, og dirigeringstrening på agendaen eller felt.

 
21.10.09
I dag var det Artemis sin tur til å trene, still rolig hund i dag:) venter tolmodig på sin tur, og sitt laus medan eg kastar minst 16 dummy til andre. Så er det hennar tur og ho får vanskelige oppgåver, eg sender henne på rett ut, langt og på open grøn mark, Artemis går snorrett.

Etter på er det moro, fleire markeringar over bekk og inn i skogen:) Artemis har eit tempo som imponere meg meir og meir, i tilegg til tempoet klaskar ho rompa i bakken når ho når inn til meg:) nydelig arbeidshund. Artemis fekk fleire rett ut til tre punkt i frå fleire vinklar, og ho er stødig på retning.

Ein god del passivitet laus medan eg kasta til andre, då er ho våken og fjellfast heilt utan å stresse, men oppserverar, fekk ved eit par høve hente eit par dummy dei andre ikkje fann:) Artemis ornar opp.. Godt nøgd med økta i dag eg.

 
20.10.09
Arwen er plukka fram igjen.. og vi trenar ikkje for moro skuld eller kun for sysselsetting, men vi trenar for at ein vakker dag kunne hevde oss i EK. Tida skal vi bruke og Arwen skal stillast på prøve den dagen ho er både topptreent å blidt lydhør og dirigerbar på store avstandar, ønske drøm!! For å komme i mål må ho trenast under press, trene åleine har lite eller ingen gevinst å gi. Det er under press hundar er i prøver, og det presset er aldri når ein trenar åleine. Lære inn moment er supert åleine, men å få momentet til å funke under press er ei heilt anna side av same sak:)

I dag samlast vi ein gjeng oppe på drabløsskiftet, og det var kjempebra at treningsvennane mine tok vegen overfjorden, og eg slapp å reise med ferge:) takk og atter takk for at dere finst:) utan gode treningsvenner blir det ingen gode resultat.

I dag hadde vi også med kaster utan hund:) det betyr effektiv trening, og vi som har hund fokuserar på å kjøre hund og ikkje kaste. Der vi var i dag, var det godt terreng for markeringstrening, eg erfare at Arwen slit med lange markeringar i terrengskifte, det kun ein måte å endre det på tren meir:) og eg skal prioritere ikkje berre avstandslydigheit (dirigering) men svert vanskelige markeringar. Eg skal forsette å jobbe med meg sjølv, prøve å holde seg bort frå mas på hunden, ikkje dirigere på markringar før hunden er så fast på dirigering at vi ikkje øydelegg dirigeringstreninga vår.

Dirigering på markering veit eg frå mi prøve erfaring at behovet dukkar opp, og kunne sende ein hund til ønsket område også på ei markering vil høyre med på kva Arwen skal kunne løyse. Bommar ho på ei markering, og einast måten å få den inn på er dirigering så trår vi til med det, men då må også Arwen stoppe momentant å søke, og gå til anvist plass for så å plukke opp markering/søke der :) dette skal fungere, men ikkje misbrukast, her er det eg må føre riktig ta riktig avgjersle innan rimeleg tid. Enkelt å kjøre hund, tja.. ja og nei, men kjempe moro er det, og ein lære noko nytt alltid.

 
18.10.09
Litt små trening innimellom, Pernille var heim ein tur i helga, og ho var med å trena Artemis ein dag. (ho er flink kaster)

Vi trena markering, og vi har auka avstand, og gjer markeringane vanskeligare for Artemis. Dette må til for å unngå stagnasjon i læringa, har ein føling for at vi har treent oss opp i eit hjørne, og manglar utfordringar. Det er det same med Arwen eg har ikkje vore flink nokk til å gjere ting vanskeligare og eg har heller ikkje tenkt grundig igjennom alle trenings situasjonar eg brukar, her må det andre bollar til:))) Artemis er bra, men ho skal bli betre og betre det er målsetninga, eg må være kritisk med meg sjølv som trenar, og legge løpet riktig.

 
13.10.09
Moro med hund:) re trening av Arwen har starta, og eg skal få det til, om eg så må bruke 2 -3 år!!

I dag gjor ho som før lystra ikkje fløyta/signal når, eller når ho synast eller trur at dummy bør vere der. Det er regelrett i terrengskifte grøfter, steingarder, problemet startar. Det kan henge på at eg ikkje tidlegare ikkje har brukt stor nokk avstandar forbi hindringar. Ho stopper på fløyte, men vil ikkje gå lenger ut i slike settingar, men startar å søke langs med gard, grøft. Her er det eg vil baklengskjede, og starte med grøft/gard og bevege meg 100- 200 meter i frå hindring, for å så la henne gå igjennom hindring og 50-100 meter vidare i rett line, så nærsøksignal:) Det er på store avstandar dette ikkje fungerar.

Arwen er ein sterk og raskhund som eg aldri villa bytta bort. ( dei som lure på om ho er håplaus så kan eg berre  informere om  at dette er ekstremsport, og Arwen har det som skal til for å klare å henge med i toppen), og dette er ingen pinglesport. Denne sporten treng grundig trening i alle ledd, og det eg jobbar med no er å detaljstyre hunden langt borte frå meg. :):)

Artemis er som sin mor full av fart, og ho fekk i dag mykje meir passivitet enn vanlig, og det treng ho. I jobb fekk Artemis kun markering, og då over steingard/ grøft, god avstand. Artemis er kjempegod til å spikre og den beste markør eg har hat i mit eie. No er vi i ferd med å innføre kraftig auking på kor vanskelig markeringane bør vere. Her er det berre å planlegge grundig kor god vi vil bli og basere treninga på suksess modellen.

 
11.10.09
Arwen, det nokk kvile på henne ho he blidt tjukk, og treng masse trening:) Og Artemis treng passivitet trening, Arwen har såleis fått starta med litt apport trening igjen, vell å merke kun dirigering, sida ho skal hjernevaskast:) så må eg bestemme alt. Arwen er merkelig nokk still, flink og lydig på trening ... ho er ekstremt lydig på alt.

Eg må derfor tenke nøye igjennom om eg verklig vil parkere henne frå jakttrening, om det er nødvendig, og ikkje berre forsette der eg slapp. Målet er å få Arwen til å lystra, og respondert på prøve slik ho gjer på trening og det er kanskje meir trening og betre generalisering av alle moment som må til. OG så klart må eg bli flinkare til å kjøre henne, her er det ennå mykje å hente, føring og atter føring...

Dette med å få testa og trenet henne ut i høgtrykk er det som manglar, då vi ikkje har miljø for å trene trøkk.

I dag har Arwen vore med på tur, og ho har fått trenet litt nærsøk kommando/signal ...har forresten fått nytt namn "nærsøkksignalet" etter som fotografen min HE, kalla det tampenbrenne signal, (og eg synast det var eit utmerket og passende uttrykk)

Nærsøkdummya er enkelt å dra på då dei veg lite, og eit utmerket hjelpemiddel, det er nasa som skal drillast, og då skal synet ikkje brukast så mykje nei, men nasa.. Eg sender Arwen 100 meter til nærsøk, og eg sender henne 1 meter til nærsøk begge deler er like viktige. Momentet med å slå på nasa på kommando er det vi trenar.

 
06.10.09
Sjuk av dårlig ver er eg blidt, derimot så går eg tur uansett ver, hundane og eg må ha opp kondisen, vertifall eg.. Trening, tja ha litt moment kan ein trene kvar dag, og det gjer vi, men ikkje dei store eksplosive momenta, det trenar vi ikkje kvar dag, men sit på fløyte eller arm signal trenar vi kvar dag:)

Eg har også hatt litt arbeidslyst i det siste, og har laga meg nye nærsøk dummy, det må ein ha, for her er det nasa som må brynast ikkje synet. I tilegg så har det blidt produsert litt nye koppel, både i lær og polyester.

Kjøpt nye 450 grams dummya har eg gjort, det er litt viktig å byte ut gamle slappe dummya, trene med utslitne slappe dummy er ikkje lurt. Vertifall ikkje på slarvete hundar, det aukar lysta til å drive med tull:) og det vil vi ikkje ha noko av. Eg nummerera også når dummyane er nye dette for å legge felt etter nr, mykje enklare å finne igjen dummy stopper vi hunden og skal plukke inn sjølv. Dette har eg gjort før også, men har ikkje vore så flink til å merke oppatt/ erstatte bortkomne nr, det har derfor ikkje vore så effektivt i det siste....

Er ein kløpper på å kaste bort dummy, både i trær og andre teneleg og uteneleg plassar, av og til finn eg dei igjen, andre gange ikkje.

Arwen har ikkje fått starte opp at med treninga ennå, men ho skal kanskje få lov å sjå på eller?? PASSIVITET.. det er ein stor fordel med stor arbeidslyst, men det held ikkje åleine. Arwen skal på ein human måte lærast oppatt på nytt, og livet består av mykje moro for henne. Om Arwen får starte på fleire jaktprøver står igjen å sjå, vi startar når vi er sikker på å få ting til å klaffe. Fokuserar på LP og legg jakttrening på is ei periode.

 
30.09.09
I går skofta vi fellestrening i jakt:(, det veit eg ikkje om eg har gjort før i år. Vinteren kom i tidlegaste laget derfor... Likevel har det seg slik at jakttrening består av 90% eigentrening derfor ingen katastrofe.. Artemis fekk ein gjennomgang av signallære i går.. terp ..terp.. det må til, og slike ting held vi ikkje på med på fellestreningar, og skal vi få inn signal så må det inn i små doser over lang tid.

I dag derimot har vi trena i fintver, tenk det, ingen snøstorm eller regn, men opplett heilt utan regn. Det vi fokuserte på i treninga i dag var å bygge kunnskap til hund, slik dei blir betre førebudd til å kunne lukkast på vanskelige markeringar.

Baklengskjeding av apport over bekk og inn i kratskog. Bygg vi rett frå dag ein så er vi betre førebudd i liknandes situasjonar, dette med å forsere hindringar er viktig i apporttrening, likeins dette med å bygge opp erfaring på hund til å bruke referanse rett. Artemis har ei sterk side her, og er veldig god på markering ho blir også betre og betre av riktig trening, og vi baserar alltid trening på suksessmodellen, og bygg baklengs.

Arwen har løpetid, og ho får kun tur, dette for å bygge ned arbeidslysta henna, og omskolere henne kun til kos:) .. ho skal bli LP hund i ein periode, og dette vil berre gjer henne godt.

Jakttreninga på Arwen skal innehalde.... bli meir lydhør, og mindre sjølvstendig.. . terp utsignalet på henne i ope terreng, stopp med kraftig forstørring, hardkjør med masse skott og kast i hytt å pine. osv.. det er mykje å ta tak i, men Arwen er ein god hund, så det er håp for henne også.

 
25.09.09
Arwen har forbod mot å trene med dummy har eg bestemt:) på pinebenken.. ho kjem sterkt tilbake lydig og god!! I dag og dagar tidlegare har vi treent signallære i grunnskolemodus, vi brukar rett å slett skikkelege stålskåler med godbitar i. Eller ein liten bit i kvar skål, dette fungerer supert, og ho skal gå snorrett, og langt etterkvart, i tilegg så skal ho stoppe på eit brøkdel av eit sekund. Gode mål må ein ha.

Artemis klompen er vakna opp i frå dvalen sin:) tempoet og tøffheita er på veg tilbake. Det var no det vi skulle ha vore på prøve, modusen med å kaste seg i vatnet er tilbake:) Sidan ho skal bli flink når ho blir stor så trenar vi lange rett ut, og skriv eg langt så meine eg det. I tilegg så trener eg Artemis på open arena, eg brukar ikkje stiar og traktor veger som eg gjor med Arwen, Arwen har lett for å dra seg skjev, dette vil eg prøve å unngå med Artemis, og henne tar eg alltid heim går ho skjeft, ikkje små justeringar der ute, men langt å rett er målet vårt.

Dette med langt å rett, er eit delmål, eller eit ege moment, dette med å stoppe opp å ta kjapt kontakt er også eit delemål, også etter dette med kontakt og kunne gå i ei anvist retning. Alt dette trenar vi på det er  berre ikkje miksa samen ennå.

I dag var det faktisk opplett ei stund eg trena derfor utan regn:) og det var kjekt i tilegg har tempen gått i været håper det held nokre dagar.

 
22.09.09
Fellestrening i eit kraftfullt regn:) uansett så datt eg bort og ført ikkje bra nokk:( god hund, men kva hjelper det når ikkje fører gjer jobben sin.  Opplegget var knall og kanskje ei av dei treningane som har vore i år der det har vore litt trøkk , bra opplegg Jurjen:) Blir det trening med trøkk så kan no Arwen også være med..

Treninga bestod av markeringa, og god trening med masse passivitet, dette taklar Artemis bra, i tilegg er Artemis ein sterk markør og i dag viste ho meg eit godt markeringsarbeid.

 
16.09.09
Ro i leiren lite trening, men vi har vore på fellestreningar og vi har vore på dobbeljaktprøve i Trondheim!! I tilegg har eg starta planmessigtrening av Arwen både i ditt og datt, ho kjem sterkt tilbake!!

Trøndelagsturen var kjekk, alle frå sunnmøre sette spor etter seg:) og for vår del blei det bra utteling, vi avslutta Artemis sin BK karriere med å bli klassevinner. Det var ekstra stas for meg sidan Artemis hadde publikum, (Bente ho som eig søstera til Artemis, Arja) + mange fleire.

Artemis gjekk to bra prøver, laurdag var det litt brådjupt, og Artemis nøla og trengte ein del støtte før ho gjekk i vatten på første vannmarkeringa, etter det gjekk det meget bra, og eg veit ho gjekk betre då enn på søndag, men premien hang på nøling på første vannmarkering og slik er det, ingen veit kva som dukkar opp:) kritikken kjem etterkvart. Artemis blir meir og meir stabil, så dette lover bra.

Kva vi prioritera framover er litt usikkert, men tur og kondistrening blir det på alle både to og firbeina, og vi må ned i vekt:) he he he...

I går på fellestreninga var det uttrening, det er ei trening som skal prioriterast på begge to. På treninga gjekk Artemis bra, ingen nøling og full gass, slik eg ønskjer mine hundar skal gjer det.

Eg vil få Artemis til å gå langt, langt 100-200 meter i stor fart, med forskjellige opplegg utan å sjå verken til høgre enn venstre, ho skal gå til søksignalet kjem, stopp og retningssending er kun til nød bruk, og skal ikkje blandast inn med meg, går ho feil eller vinklar av, så startar vi frå A igjen.

Derimot skal ho( begge to) terpast på både på stopp, lenger ut, høgre og venstre, men dette skal ikkje blandast inn i utsendinga, ingen lapskaus her:)

 
03.09.09
Artemis er over i oppkjøring til jaktprøva i Trondheim:)

Fellestrening på tysdag, vi er tilstede overalt:) må få med det som er av passivitet. Eg har "Artemis hund som er mykje avslått" likevel trenar vi passivitet, eg skal ha hund som er rolig, og skal forsette med det resten av livet. Dette momentet oppnår ein kun i treningssettingar der andre jobbar, og det er skott, kast og liv å røre.. ein treng ikkje gjer så mykje på fellestrening det er situasjonen Artemis skal takle, ro når det ikkje er henna tur, og full rulle når det er henna tur. I tilegg må ho ta den jobben eg gir ho, ikkje den ho finn for godt:) Ja.. ja vi har å jobbe med, men dette er moro!!

I går var det grunnapport på vilt og eg hadde ei økt med Artemis, ho skal kunne gå fot med vilt i munnen, ho skal kunne sette seg ned og ha fine avlevringar, det er grunnapport. Dette fekk eg henne til å utføre både med liten måse og kanin:))) Artemis skal ikkje startast i AK før dette er på plass, og eg legg vekt på fine avlevringar. Har vi gode avslutningar har vi det meste, og eg har som kjent alt av avlevringar i front.

I dag har eg henta ny forsyning med hundemat" NP" 100 kg er oppdelt og blidt putta i frysaren. Beste maten som er å få synast mine hundar:) det blir alltid litt fliser etter oppdelingsjobben, der eg delt maten opp ute er no støvsuga av to effektive og gode naser.

 
30.08.09
I går gjekk Artemis til 1pr. på blodspor ikkje uventa, ho har nemlig ein svert god sporadferd, vi gjekk eit spor for ca 14 dagar sidan, då gjekk ho også veldig bra, og fekk masse skryt, men ho fullførde ikkje sporet, men stoppa før slutt:)

Dette måtte eg gripe fatt i, og det gav utteljing i form av 1pr.

Det eg gjor var å bygge opp motivasjonen for å komme til sporslutt. Framgansmåten er enkel som berre det, korte spor, ikkje nødvendigvis gamle spor, men korte, og slutten kjem fort, der er ei overrasking i form av matskål med godbitar oppunder hjortefoten:) Eg skal forsette med denne form for trening og bygge endå meir opp om suget for sporslutt. Moro med hund, og ein slepp å kjede seg for det er alltid noko å gripe fatt i:)))

Blodspor skal oss også satse på neste sesong då med begge "to" Arwen også!! ho må gjere noko anna medan ho blir nullstilt i jakttrening. Derfor skal eg trene litt moment i sporsamenheng, kanskje vi skal bli litt god der då.. mykje å gripe fatt i der også. Nokre spor til i haust skal eg ta med begge to, men ingen fleire prøver før til våren.

 
27.08.09
I går var Arwen med på hundetrening, masse energi i den hunden JA... Ho har potensiale til alt, ho er krevjandes rask:) Arwen har mange år igjen så eg har ikkje gløymt henne, men i jakt må ho nullstillast så kjem Arwen sterkt tilbake:))

Artemis har vore på apporttrening i dag ikkje så lange økta, Artemis er bra, og eg må være ekstra flink med henne ho er gullverdt:) Vi jobbar med å få fleire bitt av basillen jakttrening med retriever:)) treng fleire flinke folk, og no er vi på gang.

Ta ein titt på bloggen, og sida med kurs/samling. Kurset er for lokale kvalpekjøparar, og grunneigarar !!!! god grunn må ein ha:) he he nokon som tok den.

 
26.08.09
I går var det felles jakttrening og det var litt så som så:) Vått, det vil sei vi burde ha båt i staden for fjellsko, våt på beina blei eg vertifall.. Artemis og eg var sikkert litt utkjørt etterhelga, og vi klart liksom ikkje å yte maksimum, verken ei eller ho, he he vi burda vore heime å kvila oss..

Artemis synast at det var vått nokk på land, og tok vaglet om å ikkje gå i vatne:) ja ja.. ingen maskin med dyktige Artemis er litt forsiktig i det ho skal gå ut i vatnet når det er vanskelige vatn, det var ho også i Bergen på søndag. Her er det kun ein ting som hjelper og det er å trene dette moment ved fleire vatn:) I går hadde vi også sykkeltur tidlegare på dag, ikkje noko sprint tempo med fint trav tempo.

I dag har er stress trena Artemis på vatn, nødvendig eller ei, det for tida vise, vertifall trenar eg henne heilt singel, ho skal ikkje motivasjons påverkast av andre hundar (inklusiv Arwen).

Artemis har i dag gått to korte spor dette for å trene slutt, eller gjenstand interesse :))) ved begge spora stoppa ho ved slutt, markert supert, riktig trening gir alltid positivt resultat . Matskål med godbitar plassert under hjortefoten har gidt utteljing. Artemis bar faktisk i eit av spora hjortefoten til bilen, litt av eit framsteg!!

Arwen er fortidspensjonist, og får kun tur i fleksi i lag med Hans Emil, ho skal omskolerast til turhund, inntil eg plukkar henne fram for trening, og då blir det blir nullstilling, og knallhard disiplin. Eg gir aldri opp målet om å få premie i EK på henne, men vi ser tre år fram i tida. Det Arwen skal få er kun passivitet ingen dummy, elles så må eg sikker søke kyndig hjelp.

 
24.08.09
Dagen for ettertanke:) Vi har vore på prøve i Bergen, å ja masse regn og vassdrukken var vi på Laurdag,  litt opptørk innimellom fekk vi... Vi startar med det positiv, og det er at rolige, snille, fine, Artemis fekk vist seg fram frå den gode sida si, ho gjor eit fint feltarbeid, og der fekk vi masse skryt frå dommar, han likte godt Artemis sitt feltsøk:), det var etter læreboka:)) 1pr.BK er i boks på henne, og vi kan senke skuldra å tenke framover. Kritikken  ligg her>>>>

Det stopper ikkje her målet er vidare og opp i klassene med Artemis, men vi har ikkje hastverk, vi skal være klar for klassen før vi startar, vi tar den tida vi treng.

Arwen, ja, ho har fått utdelt fortidspensjon, skal ikkje startast meir før ho er gammal å støl, ho fekk to nullar, søndag trekt eg henne. Ho skal hjernevaskast og omskolerast frå flat til jaktlabb, det tar kanskje tre år:))) då prøver vi på nytt.

I mellomtida skal ho gjer andre ting som litt LP trening og spor.

EK er nemlig ikkje noko arena for hundar som ikkje lar seg stoppe "fort" og radio styrast til punkt for punkt, Arwen har så stor jakt og søkslyst at ho er vanskelig å styre når ho slår på nasa og ørene av , og skal orne alt sjølv. Dette handlar om skolering og trening, eg vil ikkje pakke det inn med unnskyldningar, tar det fult på mi kappe, eg hadde ikkje godt nok førebudd hund. Prøveopplegget på fredag var supert, og eit slikt opplegg trudde eg Arwen kunne gå bra igjennom. He he, Arwen har fart og stil, ganske rolig rundt foten, men det held nokk ikkje.

 
17.08.09
Litt apportering på Arwen og Artemis i dag:) Takk Kjersti for du kasta, og stilt ditt flott terreng til disposisjon:)))) Artemis klompen over alle klomper for ein herlig hund, still og atter still, rolig ikkje ein lyd, ikkje stress i det heile, sitt der å ser på på det det eine og det andre:)

Artemis fekk også hente markeringar, og plukker tre dummy frå felt. Ho jobba bra med sit tempo i dag, løyser oppgåvene brukbart. ( etter løpetid har ho ei periode med litt mindre fart enn normalt) slik er det berre.

Arwen var "heit" kopla på nasa og ser bort frå mine kommandoar, ikkje ønskeleg men slik er ho av og til, Arwen liker å utrede..... og eg misser hovudet som vanlig.

Stopp er stopp, Arwen må no snart skjønne dette, uff snart prøve, og eg hadde litt forhåpningar om at Arwen var nede på jorda ikkje berre i lufta. Fart og arbeidsvilje har ho i rikelege mengde, artig hund å kjøre når ho har på øyrene i tilegg til nasa, for ho finn alt, og det fort.

 
13.08.09
Berre regn i dag, og mykje også.. vi har vore på moa i heile dag, og skal også til moa i morgen også.. derfor har hundane fri dag, og ligg berre å søv:))) kvile seg ut til fantestrekar..  Vi hadde likevel tid til å ta ein liten symje tur med begge to. Eg har ein gut som held på å øvingkjøre, og medan vi kjøre så kan vi stoppe å kaste litt dummy på vatn:) masse vann, vind og regn og våt blei vi. he he. Artemis er eg så redd for at ho for kun korte turar eg er livandesredd ho skal symjar seg bort igjen, stort vann, biltrafikk, eg er ei pyse, og er ikkje heilt trygg på snuinga hennar ennå:) Neste veke må eg trene henne litt på vatn, og vil då oppsøke litt betre farvatn som er trygt. Det nærmar seg Bergens prøva med stormskritt, og vi må være bra førebudd til den...
 
12.08.09
Artemis fekk ei økt med apportering i dag:))

Eg hadde med henne åleine, dette fordi, Arwen aukar motivasjonen hennar, og på prøve har Artemis arenaen for seg sjølv, derfor åleine trening på henne. Ho skal ikkje bli styrt av til auka motivasjon, ho skal bruke sin eigen motivasjon for å utføre eit godt arbeid. Ja og ha, ho er enkel rundt beina lydig og treg:)) Fart har ho både i uttrening og på markering, og på veg heim har ho bra fart. Feltet slit ho litt med, eller ho brukar meir tid enn ønskeleg, og ho sluttar når ho synast det er nokk, vi treng derfor meir motivasjon til feltarbeid, og det har ho i par jobbar, men som singel er det ikkje fult så moro...

Vi trenar derfor ikkje så mykje, men litt og heller kvalitet med henne, så skal det bli bra til slutt. Artemis har alt for å nå veldig langt innan jaktprøver ho har ein passivitet utan ein lyd, og er fullstendig rolig. Ingen er lik, utfordring i hundetrening, er å legge opp løpet etter hund.

 
12.08.09
I går var det Arwen sin tur til å bli trena, og og ho heng med på lasset klare seg bra.

Eg trur skal vi bli bra så er det førig og atter føring ein må hente seg inn på, Arwen er bra, men å føre henne riktig er også ein kunst, masse energi som må forvaltast riktig. Bli betre på føring er ting eg jobbar med, og første bud er å korrigere seg sjølv ikkje hunden.

Arwen gjor ingen feil i går var still ikkje lyd, tålte masse passivitet, og var konsentrert. Vi kjørte markering og vi kjørte rett ut bak, når annen hund tok markering, og omvent annen hund kjørte rett ut, tok vi markering. Terrenget vi jobbar i er oversiktleg men veldig tungt, og i terreng med god oversikt klare Arwen seg best, og vi baserar på Rogaland neste år. he he he.. spare til flybillett kanskje.

 
07.08.09
I dag gjekk Artemis 24 timers spor, og ho brukte tid men løyste oppgåva brukbart, Anne Lene var med bak i sporet for å ta bilde av Artemis, og være ein forstyrrelse, dette med å trene med nokon bak var nytt for Artemis, ho stoppa opp å såg etter Anne fleire gonger :) På ei prøve vil det være to etter oss både kjentmann og dommar:) derfor litt påheng er naudsynt..

Arwen har fått ei økt med uttrening, og Arwen er ei maskin, ho kan springe same retning om igjen og om igjen i store tempoet utan å bli verken lei eller gåen:) ja slik er det..

Nyinnlæringa vår med sit og innkalling ved fòring held vi på med ennå, om det vil bære frukter står igjen å sjå. Begge to må sitte på fløyte ute i gangen medan eg lagar i stand mat, så blæs eg til mat:) he he, reprise kvar dag. Innkallings signalet på fløyte skal være sterkt, og eg prøver med reprise innlæring for å sjå om eg kan få betre innkalling når eg bryt av hund i arbeid. Det er der eg slit, mine hundar har meget stor søkslyst og vil så gjerne ha med funn heim til ein vær tid, og... eg vil av og til ha heim hund, eller stoppe hund utan funn, derfor denne reprise på signalet kom heim:)

 
06.08.09
Billaus:) heilt hjelpelaus.. Nei det er godt å få stresse ned. Eg har også skrevet litt tull å tøys i bloggen, ikkje noko fornuftig med ytringar om flat, og eigenskapar:) tørt..

Trening ja, det må det bli, vi skal til Bergen på prøve, og Arwen og Artemis skal starte på 5 prøver til saman, det er derfor litt til å gle seg til:) Kondis må dei ha, men eg veit ikkje kva eg skal terpe på. Har ikkje fått trent nokk trøkk -trening på Arwen ennå.. Arwen er forresten utruleg lydig når ho trenar åleine, og eg skal satse for fult på henne neste sesong, vertifall starte på heimebane. (hadde planar om å legge henne på is, og prioritere litt lp, i eit par år, men motivasjonen min til det er lik 0, og det er trist, Arwen har nemlig eit godt tempo, og ho har eit potensiale til å klatre litt inne lp sporten hadde eg orka det..( det står kun på meg)

Artemis, gullet mit, ja ho skal få gjer som ho vil, Artemis er fole glad i å trene, og ho er pliktoppfyljandes, utførar det ho kan både med fart å stil, eg har likevel igjen mykje terp trening på henne, og terp må vi gå varsamt fram med, ho synast at ting som må utførast meir enn 1til 2 gangar blir kjedelig, derfor lite terp og masse moro på Artemis.

Artemis trenar spor i ei periode no, og der er ho talentfull, Artemis går nemlig spor, ikkje spring:) denne spor -adferden med å gå er bra, ho misser nesten aldri spore (går seg av i vinklane) dette heng samane med henna evne til å behalde fatning uansett kva ho held på med.

Kanskje eg startar henne også på sporprøve vi ser det ann:)

 
02.08.09
Artemis var med på ja- treff i går:)) og viste seg fra sin rolige side. he he he.. Artemis er rå på passivitet vertifall, men ho skulle liksom vise fram litt jaktmomet til Anders og Henriette, det gjor ho, og sidan passivitet er ein viktig del av ein flatten sine eigenskapar, "takle forventningspresset",  det er både tilvent og genetisk betinga, ja takk "begge delar".

Artemis fekk eit felt, ho gjekk både djupt og passeleg bredt brukte både vind og nasa bra, tempoet er brukbart ikkje av det aller raskast i går, og eg tar skulda for at Artemis kanskje ikkje har topp kondis:) Ei dobbelmarkering fekk ho også vist at ho kunne, Artemis fekk såleis vise fram dei riktige eigenskapane ho har, ro, god bruk av nase, dei skolerte, fine avlevringar. (ikkje alt er medfødt vist nokon trudde det, noko må også lærast.)

 
29.07.09
Artmis er ferdig med løpetida, og blir prioritert, ho er nokk litt tregare etter løpetida enn ho var før, mulig eg må trene litt meir kondisjon for å sjå om vi får igjen intensiteten hennar. Likevel det er mykje enklare å kjøre hund som har gira ned, altso både plussar og minusa:) Ho sitt nå og hallar på hovudet, følgjar med å går i jobb når ho skal, men litt mindre tempo enn ønska. Lydig, ikkje noko tull, eg må terpe litt meir på signal, viktig det at Artemis skjønar kva eg vil ho skal gjere.

I dag blei det felt, og det var smalt og langt, med orm:( uff.. litt nervøs blei eg då eg oppdaga orm etter at eg hadde smeisa ut 11 dummy:(. Eg tok likevel kjangsen på å at ormen stakk, og den blei losa ut av feltet med tramping bak seg:) det hjelpte. Artemis jobba brukbart, eg er nøgd.

 
25.07.09
Tett tåke og regn i dag, dette skulle handle om alt anna enn ditt og datt, nemlig trening og ikkje tørr skriving om vær og vind.

Derimot handlar sporgåing litt om vær og vind. Artemis gjekk sporet sitt i dag veldig bra sjølv om det hadde komet ned masse regn i natt. Artemis har nasa i bakken, og misser ikkje bakken med nasa, henna spor adferd er bra. Eg må derfor ta meg samen å trene litt meir spor med henne, gode hundar treng også trening for å bli betre. Eg vil derfor prøve henne på ein del forskjellige underlag slik ho blir meir drilla på ulike tereng før vi melder på sporprøve, for på sporprøve skal Artemis så klart.

 
24.07.09
Lite trening for tida, eg har tatt ferie frå trening, og overlat hundane til turkompisar til dei som ønskje å gå tur:) berre tur tenk det, går det då, tja..  veit ikkje. Artemis har løpetid, og vil ta alt med ro, og det må ho få lov til, søv og et:) + eit og anna blodspor he he.. det får ho, og i morgon skal ho få prøve det første nattgamle spor.

Arwen trenar seg sjølv heile dagen, og trur ho har blidt hannhund, og må passe opp Artemis i eit sett, ho har det derfor travelt med å passe på henne.

Arwen har også fått ein del symjetrening, og det ser eg på muskelmassen hennar, ho er ingen pingle lenger, men utruleg fast i fisken, og heilt utan pels, og ser ikkje ut som ein flat akkurat:)

Mykje vi skulla trena, likevel er det godt og nødvendig å ikkje stresse med trening sidan vi har starta på barbakke med ein del moment. Sit på fløyte før mat, dei sit no som spikra, og eg skal utvide momentet med å sitt på fløyte lenger frå fòrings plassen deira.

Arwen er derimot i treningsmodus, og spring som ein virvelvind berre eg snur meg rundt, arbeidsmaskin kan eg kalle det:) Ho har det godt som får lov til å være virvelvind, og i tilegg får ho godbit for det:) heldige Arwen som vi alle er så glad i. Tre minuttar etter at ho er ete mat, går ho ned igjen og hentar matboksen sin, den flyttar ho rundt på etter som ho legg seg på ny plass, må berre ha den i nærheita:) ho er litt rar slik, og vi flirar av ho. (trur ho likar at vi flirar ho ser på det som beløning ho, Arwen har oppnådd det ho ville som var å bli lagt merke til) sakt på ein annen måte ho er klok å trenar oss:) hi hi.

Har vandra nokre turar opp på heiane og hatt hundane i strikk festa i mageveska, eg får då gå med stavar som er både effektivt og godt i motbakken. Det har funka flott, men no har eg tinga meg nytt belte med innebygd strikk, og det kan derfor også brukast på standar koppel utan strikk, gler meg til å få prøve det ut>>>>>>

 
14.07.09
Nye reglane er i bruk:) på trening i dag så var det kun eit signal, og gå å hent Arwen:) festlig he he.. Arwen VAR lydhør, og eg var still. Eit par gangar blei ho henta, og vi tok oppatt moment slik det skulle være. Mykje bra lydiheit på Arwen i dag synast eg sjølv, og det er det aller viktigaste at ein er nøgd med sin hund, og tenker at det er ei sjølv som må betrast mykje ikkje berre hund.

Fokuset var retning, og atter retning i tilegg blei det innlegg av stopp trening. Sikkert å vist får eg Arwen så lydig på prøve som ho viser i trening, sååå blir det bra! Det er lov å håpe:)

 
11.07.09
Nye reglar:) berre terp med oss no.

Vi startar på barbakke med alt av lydigheit, sitt på fløyte før mat. osv. hundane trur det har rabla for meg og det er det fleire som trur. Nyinnlæring av alt, og eg skal nokk kome meg opp på jorda igjen trur eg. Er langt nede, men eg håper at ting går seg til, og eg klare å fungere igjen med hund.

Arwen har enorm arbeidsmoral, og eit tempo som er komet tilbake i fulle muggar, men no skal eg ikkje køyre med støy, ho skal hentast ved alle feil og timeout, og sidan arbeid er livet for Arwen, så vil det bli hardt å ikkje lyde:) sitte å sjå på medan andre får løyse oppgåva hennar. ja ja, det er no ein humane måte å løyse ting på då, så får vi sjå om det hjelper.

Artemis er gått inn i sovedvale, og har nesten pakka seg inn i evig kvile, løpetid for henne er ro og atter ro, ho vil sove heile dagen, og vell så det:) rolige gode klompen min. No når ho har løpetid og vil være rolig så får ho det, men terp på på lydigheit blir det, også teikn terp, for ho si dose av. Programmere henne er viktig, vi har våre mål, om det vil ta tid, ja, men vi kjem før eller sidan med resultat :)

 
10.07.09
Artemis har endelig fått den etterlengta løpetida som vi har venta på, vi kan derfor planlegge 4 startar i BK :) utan tanke for løpetid, toppers setting. Tysdag var ho på fellestrening og var kanskje ikkje heilt på nett, men ein ting er Artemis bra på, og det er passivitet, tenker vi langsiktig så er det kanskje den viktigaste eigenskapen ein retriever innehar, vertifall når ein også har topp fart, og stor jaktlyst, vi har nemlig det også vi:)

Målet er å få henne så god at vi kan klatre i klassene på jaktprøve. Derimot er det mykje igjen å terpe på skal vi klatre. Første delemål er ein 1pr i BK ikkje uoppnåeleg med ein hund som Artemis då, likevel skal ting klaffe, og litt jobb må eg legge i det.

Arwen veit eg eigentlig ikkje korleis eg skal angripe, ho går altfor bra på trening til at eg skal pensjonere henne. Derimot går det ikkje å vise fram ein hund som, drit i fløyta, og går for kun fikse sjølv modus på prøver, merkeleg men, er det nokon som har tips??? Kanskje eg bør terpe meir, eller kanskje sette skapet litt betre på plass.

 
07.07.09
Arwen deltok på NLM med ein noko redusert eigar, men vi igjennom førte så godt vi kunne. Arwen klart seg bra i varmen, tempo og uthaldeheit var tilsted, det vi mangla snakkar eg ikkje om, det kjem i andre rekke for meg no.

Unghunden Abby som Brit hadde med gjor det kjempebra, ho har stor grunn av å være stolt både av hund og seg sjølv, vi blei nr 8 av 12, det er bra det med så lite trening som laget hadde på forhand. Motto er vi kjem sterkt tilbake.

 
30.06.09
Vi jobbar med føring:) Ingen lyd frå førar, no skal eg sjå alt i frå hunden sin side:) "lydfri førar". he he he... målet er å kunn bruke fløyte å teikn i dirigering aldri elles.

Arwen og Artemis skal førast stille og utan at eg bråkar, dei skal få segle sin eigen sjø her etter. Det eg vil oppnå er at dei rett å slett startar å høyre etter kommandoane mine, eg skal ha bort alt mas om dit og datt. Får eg det ikkje til, sluttar eg med hund, det vil sei at eg skal få det til:) Ei markering er ei markering, ei dirigering er ei dirigering, og eit felt er eit felt, ingen hjelp heretter, dei skal løyse alt på eigen hand, og eg skal ha henda i lomma eller på ryggen. Tja, tja, tja...

Treninga i dag var innretta mot NLM, og Arwen er i bra form, høg arbeidsmoral, sterk, og forma er på veg tilbake, og bra er det. Når vi trenar i ope terreng, og ho har oversikt over alt er ho med, ho får med seg det meste av alt, og er klar til å steppe inn i tilfelle ho får gå, konsentrert.

Vi har også vore heime på sandsøya nokre dagar, men på grunn av varmen blei det ikkje så mykje av trening, men litt. Artemis er lit på og av, ho klare fortida ikkje å fokusere så bra, og slit litt med både å markere, og komme heim "tomhendt" på fløyta. Etter nedturen på Fosen så veit eg at eg må jobbe mykje meir med meg sjølv og Artemis, og det vil nokk føre til tilbakesteg i treninga i starten, vil eg tru, i tilegg har eg mista sjølvtilliten, og vil nokk gru meg til neste prøve i staden for å gle meg.

Arwen derimot gjekk bra på trening heime og var meget lydhør, det er ho nesten alltid når vi trenar åleine. Det vil derfor sei at eg ikkje skal mase på henne i fellestreningane, blokkerar ho skal ho få løyser alt på eigenhand eg setter meg berre på vent:) Målet med min adferd her er å omprogrammere henne til å være like lydhør i fellestreningar og prøver som ho er når vi trenar åleine:) er det mulig å endre på dette??

Eg har framleis god tru på henne i år, no er ho 5 år, og eg merkar at ho har litt ballast i årane, (ikkje til å løyse alt på eigenhand, men også høyre på meg)

 
26.06.09
Arwen var å trena litt i går, ho er litt sånn som ho har vore før :) ulydig på fløyta, og vi tar litt skeia i eigen hand. Fart, og intensitet er på veg opp, så her er det håp om fart til NLM :) Pliktoppfyllands hund som vil så gjerne gjer mykje på kort tid.

Arwen held tempoet på topp, tross god varme litt overvekt, og ikkje topp kondis, Arwen er ein type hund som jobbe uansett og spare seg aldri. I går var ho helt lydfri, og meget våken i all passivitet. Eigentlig ein drømmehund å jobbe med:) Ikkje anna å vente at Artemis er bra, når ein veit kva som ligg bak ho:) he he.. og det står kun på kjørar og ikkje på hund, eg må jobbe mykje meg meg sjølv å føring, her er det masse å hente.. Aldri skulde på hund kun på føring:)

Vi jobba med markering på vatn, og utsendingar på land, og på grunn av tungt terreng så er det ikkje dei enklaste oppgåvene hundane fekk men dei løyser alle, om Arwen ikkje går snorrett, så lar ho seg sende til riktig retning etter påminning. Eg er derfor godt nøgd med alle hennar moment, og med meg sjølv jobbar eg, eg skal ned på miniums støy, og la hundane styre på sjølvstyr:))

Tok nokre få bilde av Libra og Abby (to svarte labbar) som også skal til NLM, vi blir såleis eit heilsvart lag med stor slagkraft.:))) Bilda kjem ut på fotosida mi når eg finn tid til det.

 
21.06.09
Etter Jaktprøva på Fosen er det berre å brette opp armane, og starte med blanke ark, her er det mykje å ta tak i, prøveerfaring er det vi manglar, men det er ikkje flust av prøver, og i tilegg er det dyrt å reise langt.

Laurdag gjekk Artemis bra, ho viste fram stor fart, perfekte markeringar. Eit felt med mykje springing og fart, ho er ikkje vanskelig å få ut igjen, og går med stor styrke og fart, men tilfeldig søk, ( eller som dommar sa, ho sprang seg berre på dummyane (5 plukka ho på feltet:), og bringa dei heim. Eg fekk derimot skikkeleg røyk for dårlig føring, hunden var meget god, men eg var ikkje det, masa, dirigerte osv, når Artemis var i ytterkant eller utom feltet:)

I dag braut eg når felte gjekk dårlig, og ville ikkje starte å sende henne hit å dit, berre for å få ei ny høvling av dommar for mas:) I dag ville Artemis være i vasskanten, og søke symjandes langs med land, og gjekk i vatten gang på gang, då trakk eg Artemis.

Eg trur ho rett å slett ikkje skjønte av oppgåva med feltet, setting med kunn henne, ikkje påverknad i nokon form.

Artemis går felt som ein helt på trening, og ho har eit meget flott søksmønster, eg er derfor ikkje så engstelig for denne opptreden hennar. Derimot trur eg ho må få eit og anna felt heilt åleine ikkje berre setting med fleire hundar som søker kvar sin gong, (som i Ak, og Ek, ein ser på og ein jobbar) slik er Artemis mykje trena, det å ha arena åleine var kanskje vanskeligare for henne, eg trur ho ikkje skjønte oppgåve helt.

Artemis fekk skryt av dommar likevel, han tok fram alle hennar positive sider, og eg fekk ikkje kommentar på dårlig føring i dag.:) og bra var det. Vi fekk høyre det motsatte i dag, at vi hadde ei godt samarbeid:) he he.. det veit eg at vi har, men i går tok stresset meg, og eg førte dårlig. Artemis derimot tok ikkje det så tungt som eg:(

Alt av vannarbeid som eg på førehand var litt redd for skulle gå gale, gjekk som smurt, ho kasta seg i alt av vann, med stor fart og symjar utmerket, ho snudde til å med:) tru det eller ei:) avleverte utan å rista seg. mykje bra moment hadde ho.

 
17.06.09
I dag har vi trena snuing til den store gullmedalje, konklusjon Artemis likar å symje, og vel litt omvegar :) he he, men 1500 meter er langt, så det finnast ein anne grunn ja. Inga vegring på å gå i vatnet, hip hurra ( betre med omveg eller vegring)

Vi prøvde kast til venstre, klapp i henda blås i fløyta :) tunghørt, dårlig syn, nei alt det har ho intakt, men ho blir dratt til høgre. Likevel framsteg i dag, ho snudde eit par tre gangar og sikta på meg :) så bra. Problemet er størst på lange apporter, men eg såg lyspunkt i dag ho snudde betre enn ho har gjort før i år.

Arwen var også med, men ho må for det meste sitte å sjå på, passivitet er viktigast for henne som skal prøve å karre seg til premie i Ek i år, og klare ho ikkje å være rolige så misser ho konsentrasjonen, dermed får ho  ikkje med kva som skjer, og det blir unyttige springing, altso RO er det aller viktigast:) for så å trykke gassen i botn når ho går i jobb.

Likevel Arwen fekk hente seg nokre dummya ho også, og det kan ho full fart og rett heim.

Arwen er i tjukkaste laget, og eg må få ho ned i vekt, men korleis ?? Arwen skal være med på NLM laget til sunnmøre og ho og eg skal gjere vårt beste for å sanke poeng til laget:) Derfor må ho på sveltekur? Arwen har det meste i kroppen, så ho vil yte bra uansett, men tempoet hennar bær preg av vekta.

 
16.06.09
Artemis var på fellestrening i dag, og Artemis er god på mykje, men det er føringa mi, og korleis føre til beste resultatet:) på prøver og i trening. Utfordring, tenking, planlegging om korleis vi agerar i settingar som oppstår, her er nøkkelen :) Klare tankar, være våken og ta riktige beslutningar under press.

Jobbe seg mentalt igjennom trening og prøver kan være lurt.

Fellestrening er kjekt, og det er nødvendig skal ei komme seg opp av myra, det er alltid ting med føring som andre ser betre enn ein gjer sjølv, og dette med å bli bevist på eigen adferd er nyttig.

 
15.06.09
I dag har vi ikkje gjort så mykje som vi burde, men eg har hat ei økt med å lære Artemis til å snu mot land etter ho plukkar opp dummy:) uff ja, dette er vanskelig, og eg brukte sporlina mi på ho. I Anstadvatnet som vi oftast trenar tør eg ikkje la ho gå i vatnet meir, skrekk opplevinga eg hadde sist vil eg ikkje ha reprise på. Trur faktisk det satt litt i Artemis også i dag, ho nølte før ho gjekk i vatnet. Legge ut på fleire km tokt i kaldt vatn, er ikkje for pingler, og eg fekk meg ein kjøl som sit godt i kroppen.

Det eg gjor i dag var å snu ho fysisk ved å dra i lina, men ho drar hardt mot høgre likevel, men det kom seg. I tilegg kasta eg dummy nr 2 til venstre slik ho skal gå på den, så få vi berre jobbe med saken og håpe eg klare å løyse disse merkelige vanane hennar.

Råd nr 2 er mindre vatn, men det er ikkje så mykje tilgjenglige av det her omkring, likevel skal vi finne sorten å trene på det. På havet slepp ho vertifall ikkje på lenge ennå, eg er so redd for denne klompen min at det går ikkje.

Er det andre som har vore borti dette problemet at hunden ikkje snur mot land, men symjar fort til havs:) då vil eg gjerne høyre korleis det blei løyst, for løyse det skal eg.

 
Her er ei enkel skisse av kartet over ruta Artemis tok når ho ville ta symjeknappen:) he he, eg kan tulle litt no, men eg blei nokså redd når denne situasjonen oppsto. Ho starta på punkt 1. symde til punkt 2, snudde opp i land, og sumde til punkt 3, og ho brukte ca 45 min på ca 1500 meter.