25.01.2023
No blir det treningsbok til Hassel også, hadde tenkt å klare meg med dagboka for kullet på FB, no har alle andre hundane min hatt slik bok så lille gull må også ha ! Eg kommer til å bruke youtube kanalen min til fimer "flatcoatarwen" |
Hassel er godjenta mi,
lillegull, ho
skal også være treningsvenn. Eg og Hassel har bra kjemi
og Hassel liker å trene trur eg
:)
ho lære fort.
Vi har vore litt uheldig med været,
eller ikkje været,
men isen over alt, umuleg for meg å få
trena henne noko. Is er like farleg for hund som for meg akkurat no, så
vi ser framover mot tida då den blir borte. Måle i år er å få debutert
på rallystevne og kanskje Lp,
WT
og jaktprøve venter eg litt ann med, vi trenar mot det, men her er det
mykje på spill trenar vi for mykje å får varmgang.. hi hi. Vi bygg ein
god grunnmur tiltenkt jaktaktivtetar og den delen er så verdifull for
meg å få til så her skal eg skunde meg sakte. |
25.01.2023 |
No er isen reist mange stader og eg og Hassel har
fått rusla i sentrum og det gjor henne godt. Ei dose miljø må til og no
blir det fleire miljøturar litt etter litt. Ho har vore på dyrebutikk
både her i Sykkylven og ut på moa, så der det er lov å ta inn hund gjer
vi det. Fot trena vi kvar dag og i dag fekk vi trene litt på plenen ute, det er dette med repetisjon, trening er ferskvare, så skal ein bli god så må ein trene heile livet, det skal sitte i ryggmargen. Fot er min favoritt, fordi har ein god fot inne så kan ein bruke hunden til så mykje og gi den så mange opplevelsar på ein trygg måte. Delemoment til jaktdelen jobbar vi litt med, start
søk frå sit (eller stå), er eit moment og her er det utholdheit og
økning av vanskeleghetsgrad som er viktig for meg. Dette er eit moment
som i framtida kjem etter ein stopp (stopp skal læras inn det også
snart) stopp er eit kontaktsignal der eg vil hunden noko og det er
viktig og tenke på positiv innlæring slik det er kjekt å trygt å stoppe
å ta kontakt. Kommer nok til å lage litt film etter kvart og laste den
til youtube og då blir det link her frå treningsboka.
Delemål og grunsteinar, få Hassel til å starte å
søke der ho sit på signal og leite etter noko som eg har gjømt og ikkje
gi opp eller gå for langt frå der eg starta henne.
|
20.01.2023 |
I dag har vi fått tatt
litt oppstillingsbilde av Hassel og kvifor det då, jau det er litt kjekt
å sjå på kvalpebilde og følge med på korleis dei utviklar seg.
Elles så jobbar vi med brikkar til grunnmuren, eg har starta å jobbe med neddekk og det kan være vanskeleg i starten for når kvalpar lære dekk, så prioritetar dei ofte å legge seg også når dei skal sitte. Så tipse bland aldri i treningsøkt når kvalpane er unge og i ny innlæring. Hassel som har ein så god sit, legg seg plutseleg i dekk for di det var det som gav belønning sist. Har ikkje så mykje å sei når vi veit grunnen og plutseleg klare dei å skile godt på kommandoar og adferd. Fot jobbar vi med kvar dag, spesielt vendingar til
venstre og ja til høgre også, men venstre vendingar er vanskelegast, då
er dette med bakpartskontroll for Hassel. Eg synast ho lære lett og er
flinke, eg har litt problem med at ho hopper litt med frambeina både når
ho går og når eg belønning, dette må eg være litt ops på å ikkje
belønne, men det er fort gjort å belønn det slik det henger ved
lenge. |
![]() |
19.01.2023 |
Hassel har fått sin
første klipp av ører, under ører og i front, åja halen, men den har vi
klippet mange ganger. Eg liker å stelle hundane mine og eg trur
dette er det lengste eg nokon gang har venta med å klippe ører og front.
Hassel har ikkje hatt så lyst til å stå stille medan eg klipper derfor
har det dratt litt ut, ho er så sterk og vill, eg har rett å slett vore
redd ho ville hoppe av bordet. Der i mot har ho fått haleklipp og ho har
fått klippet klørne ein gang i veka. Eg har klosaks ved sofaen og når ho
kviler og er trøtt så klippe eg klørne hennar og det går kjempefint,
null stress med det. I dag derimot sto ho rimeleg bra i ro, og eg fekk
klippet henne ikkje berre børsta !! Lettast er det å holde
dei fine klipper ein lite og regelmessig og danne seg ein mal på ein
måte. |
![]() |
18.01.2023 |
Jakthund som ein
retriever er må kunne jobbe etter skot og kunn være roleg når det blir
losna skot. Medfødt eller ikkje, alle slike momenta må ein generalisere
å forstå korleis det verker på sin hund, eg er no i gang med grunnmuren
på Hassel og det er blant anna skot. Eg vil ikkje blande kast av dummy
med skot på ein 5 månadar gamme kvalp, så det gjer eg ikkje, men eg vil
trene henne på skot slik eg veit hennar reaksjon når det blir avfyrt..
Her ser dokke meg og Hassel sitte og sjå på høre skot, vi starta med god
avstand, Hassel sat like roleg og fast som ho gjær når vi trenar sit så
var veldig nøgd med starten på den grunnmurssteinen.
|