|
|
Ingen treff er spikra dato på, men har du ønskje om å trene
noko ta kontakt. |
|
Søndag den 16.09.2012 var det "kvalpetreff" ungehundtreff
for Ra-gjengen, og Nina i Ørsta stilt heimegarden sin til
rådigheitt til oss!! TUSEN takk eg er så glad for at du var
villig til det! |
|
Frå venstre, Robert og Raisa, Anita og Raxo, Ann-Olaug og
Rally + Arwen Kristin og Eros. |
|
|
Arwen og Rally i lufta, til venstre
(Bob den andre hunden til Anita) foran Raxo og Eros, bak
kjem Raisa. |
Her fekk Ra- gjengen boltre seg lause i trygge omgivingar og
dei var så fine og så trygge, kjekke med kvarandre, ingen
knuffing eller konflikt, berre velstand. Hundetoleransen kan
ein derfor sei var heit utan merknad. |
|
Test blei det også på både skot og markering, alle bestod
med glans. Begge gutta + Raisa markerte flott, og dei jobbar
svert godt i området! i tillegg har dei svert gode spontane
grep på dummyen, jobbar raskt og er godt utrusta frå naturen
sin side.
Rally er litt meir slik slurve høne, ho har ikkje bra nok
opptak og grep, eg har nok ein jobb og gjere ennå med henne
ja. :) Elles ho markerar veldig bra og er god på retning,
jobbar med svert høg fart, men så er det stopp.. ho klare
ikkje å holde så godt på området, men spring også ut av
områder utan utført jobb.
Rally er trena og eg forventar kanskje meir av henne :) det
med medfødde eignskapar ser ein faktisk best på dei som
ikkje er trena (då er ingen ting innlært eller godt befesta,
eller påførde unotar :))))
Totalt sett så er det ein meget bra gjeng hundar etter denne
kombinasjonen. |
|
I sommar kom dei som kjøpte Rainie
kjørandes frå Haugesund slik eg skulle få sjå henne, ta
bilde og gjer meg opp eit bilde av eignskapar, eksteriør
osv. Meget bra eksteriør på den, veldig omgjengeleg med våre
hundar, (og det er ho med andre også) lett handterleg,
opplevdes som heilt still, ingen pip eller uro, dette var
ikkje skikkeleg testa, men ho satt ivrig og så på Rally som
henta dummy og fekk springe etter ball osv, og var heit tyst
og roleg.
Eg klipte, børsta såg på klør osv, ho godtok alt på ein
roleg måte! Bra hundeemne! |
|
|
Torsdag 26.01.12 trena Raisa, Raxo og Rally frå Ra-kullet,
vi trena på sitt i gruppe og være roleg tilstades tett på
andre hundar, dette momentet var dei svert flinke i.
Desse tre kvalpane er topp motiverte for jobb, og har ein
flott ro i kroppen i tillegg har dei god evne til å
konsentrer seg, og lære kjapt.
Det er ikkje mange slike treningar som skal til før dei er
fullstendig avslappa i lag med andre hundar og fokuserar på
samarbeid i lag med sin fører som er, "kontakt med førar
utan å la seg distrahere av annen hund".
Vi trena litt fot, dette er eit moment som må eigentrenast
mykje (det er grunnmoment nr 1 i all hundesport) er vi over
i bruken til jaktlydighet så er det gå på fot i gruppe, det
momentet bør ikkje trenast før vi er blitt bra på eigen
hand, eller kunne gå bra på fot singel.
Vi skal fokusere på suksess, gå perfekt og bli perfeksjonist
på det momentet, derfor går vi ikkje i gruppe på dette
momentet før vi har brukbar kontroll på øvinga. |
|
|
Kvalpetreff 13.11.11 |
Kvalpane hadde
vokse sidan sist, men dei er utruleg gjevne alle er like
store, jentene er litt fyldigare enn gutta, det er det som
er forskjellen på dei.
Blir nok ganske gjevne og typelike som voksen, rolig og fint
gemytt har dei alle, ”frontar” har dei og kvar kom den i
frå, jau det ligg i slekta, men litt lenger bak .. flotte
rygglinjer, kvalpane er fine.
Takk for dere sette av litt tid og deltok på kvalpetreffet !
Trening blir det i vinter til dei som vil være med, og eg er
på ei eller anna hundetrening så og sei kvar veke og det er
berre å ringe eller sende sms, e-post eller det som passe
visst dere har lyst å trene på noko.. |
|
Kristin og Eros |
|
|
Nina og Raisa |
|
|
|
Anita og Raxo |
|
|
|
|
Atle og Rally |
|
Fem månadars treffet til RA-kvalpane 13
november, kjempefint med sommar i november, 10 + grader.
Vi hadde treffet i skogen i dag og skulle
sjå litt på innkalling gode vaner og eg ville sjå korleis
kvalpane reagerte på ditt og datt.
Vi
starta med å sitte på sekken å snakket litt, kvalpane skulle
være i lag med oss og det momentet gjekk bra., det var også
kaffi og kaker, Nina hadde med ei kjempegode kake som ho
spanderte på oss, tusen takk.
Vi
tok ei lita runde i skogen to og to hundar lause i lag, vi
hadde i tillegg
plassert ut Stian på ein sekk i
skogen og hann hadde fått beskjed om å berre sitte
der.
Alle fire kvalpane tok full fart innom og
helste litt på han, med kom etter oss andre tobeinte raskt.
Vi snakket litt om korleis vi skulle og
når vi skulle kople hunden, eller lese terrenget og kople
før vi var for nær hindringar som fleire folk/hundar. Dette
for å unngå å lære inn uønska adferd og ikkje skremme nokon,
flat er flat !
Så
kom Arwen ut or bilen og skulle vise seg litt fram,
to moment som dirigering og
markering viste ho fram og vi snakka litt om forskjellen på
momenta.
Det blei også presisert at dette var
berre oppvisning og ingen mal for trening på kvalpar!!
Kvalpane fekk innprenta(kvalpeeigarane) at
sitt og bli, rett ut, plukk opp og rett heim avlevering i
hand, grunnapport utan kast var leksa dei fekk servert.
Avlevering i hand er heimelekse og terping
inne.
Rett
ut 5 m –10 meter- 15 meter 20 meter-30 meter og ned igjen
til 15 meter, ein skal ha rett linje og ikkje gå så fort at
det blir vingling, derfor tilbake igjen ikkje tenke lang
avstand på dette læresteget.
Tenk presisjon, fart heim og avlevering i
hand.
Vi avslutta med at kvalpane fekk prøve seg
på vilt, jau det var ein fin oppleving, veldig rolige
munnar, mjuke, og ganske spontane etter at vilte var
godkjent som noko som kunne plukkast opp, flinke kvalpar med
tydelege medfødde eigenskap.
|
|
Kvalpetreff 13.11.11 10 grader + :) |
|
Frå venstre, Anita og Raxo, Atle og Rally, Nina og Raisa og
Kristin og Eros. |
|
|
Kvalpetreff
02.10.11 |
Takk til dere som sette av litt tid og deltok på
kvalpetreffet, håper og kryssar fingrar for alle Ra-kvalpar
og ser fram imot å treffast til fleire treff og droppinn
treningar på kveldstid i vinter.
|
|
|
Tida gjekk så fort og eg tenkte i ettertid på alt eg hadde gløymt å nemnt;)
Det vi såg litt på var korleis
kontakt var etablert og tips om korleis vi trena kontakt
delte vi på. Dette med å etablere gode vanar når det gjeld
det å gå i band var også eit tema.
Kvardagsreglar og korleis skal vi
la kvalpen ture fram og viktigheita med å være konsekvent og
etabler gode vanar. Kunsten å få kvalpen/seinare den vaksne
hunden slik vi vil ha den.
Alle kvalpane måtte ligg litt i bilen
og vente på tur og dette momentet ser ut som det fungerte
bra, lite lyd i frå bilane når kvalpane skulle være passive
!! Eigentlig var kvalpane stille lite bjeff og uro.
Kvalpane var svert like i
storleik og nokså typelike på eksteriøret, matglade og
samarbeidsvillige og dermed lett -trent, matglad hund =
letttrent hund.
Eg oppserverte at det går bra med
alle, og litt tips om kva ein bør prioritere blei gitt.
Det
som kan være ei nøtt for somme er at flatten er sosial og
det vist vi, men vi må derfor huske på å styre kvalpen vår
litt, altso ta over kontrollen og velge for kvalpen kven som
skal hilsast på og kven vi overser;) jepp.. dette er viktig
for at vi skal få noko lunde kontroll :)
I tillegg lære å gå
i band er dei to viktige ting for at hunden også skal
fungere som heilt vanlig familie/tur hund..
|
|
Det vi også snakket om var om vi skulle
ha eit treff i november på helg og då legge treffet til
skogsterreng og vi blei sånn ca einige om andre helga i
november.
Vi skal også i vinter prøve å få
treffast ein gang i blant og då tenke vi på jaktlydighet,
som ER, (grunnapport) sitt og forholde seg på fot, eller
dette med å lære korleis vi skal jobbe med disse momenta.
Til vår/ sommar har vi planar ute til
lufting om nybegynnar kurs i apportering og til vår /sommar
2013 vidaregåande kurs og planar om å starte på jaktprøve.
Jaktlydighet er også svert god
kvardagslydighet for dei som vil ha, eller har mål om ein
godt fungerandes familie/tur- hund, og det skal vi alle ha,
ikkje sant? , det er som familie hund dei fleste fungerar
flest tima sjølv om vi også trenar andre ting.
|
|
|
Robert og Raisa, god kontakt med
godbiten her, men Raisa kan dette og har også svert god
kontakt både med Robert og Nina som er den andre part i
Raisa:)
Raisa skal trenast i blodspor og
skal bli ettersøkshund, men ho skal også snuse litt på
apporteringstrening og det blir så klart oppdretter
kjempeglad for ;) ingen ting er som apportering! |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Kristin, Eros og Kristian.
Eros skal først å fremst være ein god familie og turhund,
Kristian er kjempeflink med Eros og dei er gode kompisar. |
|
|
|
|
Anita og Raxo, her har ekvipasjen
kontakt.
Anita er kjempeflinkt til å trene riktig, det blir spennandes å følge
disse to.
Raxo skal trenast i apportering
og (kanskje LP). |
|
Og vi tingar finvêr ;) det slo til for fult ! Kjempenøgd med
været som vi fekk.
|
Tema var kva vi ønskje av oppfølging og vi deler på
erfaringar så langt med Ra-kvalpane. |
|
02.10.11 Arwen til venstre, Robert og Raisa, Raxo,
Anita og Rally, Kristin og Eros ( Rambo) |
|
|
|
Ra- gjengen samla til foto;) |
Ann-Olaug Toftesund,
Furevegen 6
6230 Sykkylven |
(47) 70 25 28 81 mob (47) 91 31
67 59 |
kennel@flatcoat-arwen.com |
|