Kennel Flatcoat-Arwen. Har som mål å oppdrette sunne og rasetypiske hundar,  som vil fungere fint til jakt, brukshund og som familie, tur hund. Gemytt, helse og brukseigenskapane blir prioritert, eg vil gjerne også ha pene hundar og eit godt eksteriør blir bonus

Ta kontakt for info og ved evt interesse for oppnotering på venteliste, er du aktiv og vil vente på ny hund, så meld din interesse tidleg.

info@flatcoat-arwen.com
 

Foreldre.

Mor, Flatcoat-Arwen's Kvast (SE VCH  CONOVER'S THE BISHOP X Flatcoat-Arwen's Bjørk)

Far, BJUGEL'S VIVAZAR DARBY  (Flatgold's Black Zar X Bjugel's Pearlbob Viva)

Lexi er parret med Pablo og vi venter kvalpar rundt 20 august.

Tusen takk Elise for at vi for bruke Pablo på Lexi. Og tusen takk Bente for at vi for låne Lexi.

Begge forelderen er sunne og friske og alle helsetestar er tatt og alt er i orden

Ei stambok med høgt meritterte hundar innan jakt og bruks, nydeleg gemytt og samarbeidande hundar.

Lexi skal på ultralyd den 15 juli, då for vi heilt sikkert bevis om det er kvalpar om evt stort eller lite kull.

 

Flatcoat-Arwen's Kvast,

Lexi 25 kilo. Fin brunfarge på øynene, helt svart, glatt og myk pels, lettstelt. Lettlært, liker å bære ting. Glad, snill og litt forsiktig mot andre hunder. Vært på kurs som valp/ unghund, alltid fått høre at hun er rolig til å være flat. Liker oppgaver og er lett å ha med å gjøre så lenge hun får mat, en tur ut og litt hodebry. God turvenn. Ikkje redd rakettar. Bente sin komentar på Lexi.

(Min erfaring med at ein instruktør seier roleg for å være flatt skjønnar eg, denne linja har stor konsentrasjon og brukar ikkje energi på unyttige ting, tar det roleg når dei skal, for å være aktiv og konsentrert i situasjonar som hunden ser på som jobb, kjenner ein linja så veit ein det)

Lexi har vært på kvalpeshow når ho var 8 mnd, fekk ein flott beskrivelse av eksteriøret der og ting som ein legg vekt på er at det står korrekt bit, som er eit viktig moment i avl. Alt det andre er også flott, men sjå også at det står prima potar og den kritikken er skrive av ein fuglehund dommar :) Prima potar er det hunden beveger seg på og det er bra å ha på ein hund.

Lexi er ein avslappa hund ved stell, dette er er som å sjå hennar mor, trygg i slike situvasjonar .

Lexi 



BJUGEL'S VIVAZAR DARBY
Pablo som skal bli far til kullet,  har 2 Ak frå jakt og er oppflytta til Elite i WT, VG frå utstilling.

Pablo er godkjent spor- og søkshund på ulv og bjørn (eller freda rovvilt).

Pablo er av den størrelsen vi liker, ca 32 kg

Takk for fine bilde av Pablo, fin fyr med godt gemytt og god arbeidsmoral.

 

Eg har også trene fleire gangar i lag med Else og Pablo og veit litt om korleis han jobbar også dette med at han er lydhør og samarbeidsvilling, har også stor fart i jobben og roleg når den biten skal være aktiv.  Takk til Elise for at vi for nytte han på Lexi.

Pablo, bilde er frå ei trening i lag med meg og Bjørk.
 
 



 mob + 47 91 31 67 59  
 
info@flatcoat-arwen.com

Ta kontakt for info og ved evt interesse for oppnotering på venteliste.

 Det kommer nye planar på blokka, så er du aktiv og vil vente ei stund på ny hund, så meld din interesse tidleg.


 

Kvalpekjøpar i vårt distrikt, vil eg gi god hjelp i treninga ved behov... faste kvalpetreff med påfyll av trengtips til det ein ønske hjelp til. Kvalpane skal leverast med Kennel Flatcoat-Arwen's startpakke som inneheld nyttig informasjon om fôring, stell, trening og litt utstyr.
  • Kvalpane leverast registrert i NKK
  • Kvalpane leverast med NKKs kjøpekontrakt.
  •  Kvalpane leverast vaksinert.
  • Kvalpane leverast ID- merka med chip.
  •  Kvalpane leverast med helseattest
  • Kvalpane har gjennomgått 4 ormekurar før levering.
  • Kvalpetreff med trening/tema, evt. lokalekvalpar vil få tilbod om treff kvar/annakvar, månad første året.
  • Innkallingstrenet med fløyte og vidare opplæring i korleis dette kan trenast blir gitt.
  • Opplæring i klo klipping og nødvendig stell før avreise.
  • Oppfølging av kvalpekjøpar, for dei som ynskjer det, vil det bli kvalpetreff, med kurs og trening.

  • Råd og rettleing etter ynskje i heile hundens levetid.
Det blir også gullerot til alle som får godkjent hundane sin i NRH, og dei som får 1pr. EK jakt eller  1 pr. LP elite, disse får tilbod om ny hund til 50 % rabatt, utav valfri kombinasjon oppdretta av meg, når dei evt. vil ha hund nr to eller den gamle blir pensjonist:) Dette gjelder alle i  Ar- kullet, Ja- kullet og kull oppdretta av meg i framtida .
 
 

Eg ynskjer av kvalpekjøpar.

 
  • Vi ynskjer dykk sett av tid til kvalpekurs, gjerne vidaregåande kurs.
  • Kvalpen skal forsikrast før den blir levert./ vidareføring av kvalpeforsikring.
  • Hunden skal HD  og AA rønkast  mellom 12- 18 månader.
  • Hunden bør auge lysast ein gong før 5 år.
Kvalpane blir godt prega i familiesituasjonar, og er dermed vant til lyd frå kjøkkenmaskiner, støvsugar, TV. osv. Og ikkje minst barn, ungdom, menn og kvinner.
 
Å velje ein flat med gode jakteigenskapar er eit bra val. Det er utan tvil rasens mentale eigenskapar som apportør som har bidratt til rasens popularitet som familie hund og brukshund.

Hundens eigenskapar som apportør ligger altså  til grunn for korleis hunden fungerar ”til kvardags”