Melvin- Plask  kullet.  Kvalpane kjem 26.07.2021 Vi kryssar fingra for mange små !!!
 
30.06.2021
 
Rallymamma, som vi håper blir mormor, Rally er brun og det vil då sei at Plask også er berar av farge brun. Rally har som brun, gode pigment, det vil sei mørk god farge igjennom heile året og i tillegg veldig mørk fin farge på øynene sine, mørk snute, ho er 10 år og pigmenta er like gode enda. I dette kullet til Plask og Melvin trur eg kommer berre svarte kvalpar, men ein del av dei blir berar av brunt. Fargen svart er som oftast den enklaste pels til å stelle, men både brunt og svart er godkjente fargar på flat (gult er ikkje godkjent), brune er fine har vi dei rette pigmenta, mange har stort ønskje om brun flatt og det finnast ein del brune.  Her bilde av Rally frå i går, ho helde seg i form med ein del symjing.
 
27.06.2021
Modell Plask kosa seg når vi tar bilde. Plask er rolig og snill som ho alltid er,  men litt ekstra mas om mat har ho fått. Elles har ho hatt sine daglege turar i lag med Bjørk og Hans Emil, det liker ho.  Litt rallytrening i hagen å hjelpe hund i passiviteten opplæring av Mynte. Plask er nøgd med det elles ligg ho ved mine bein alltid når eg sit still, ser eg TV ligg ho meste på fanget mit, ja som normalt.
 
21.06.2021
Turgjengen, Hans Emil på tur med Plask og Bjørk i dag også, Plask sitter. Det er dagens høydepunkt å få dra på tur :)

Tur det å gå etter skogsbilvegar er bra og våre hundar er ikkje helse hundar når vi treff på andre med hund. Går eg med ein eller to tre, så må dei, eller vi har ein kommando fot eller bak, eg brukar mest bak for den komadoen fungarar betre enn fot i treff situasjonar. Spesielt vist ein har to eller tre hundar med, vi vil då ikkje vaske ut komadoen fot med ein dårleg fot.  Når Hans Emil går  med dei så går dei berre fint på sida utan noko tull, sjølv om ein møter hundar som har det med å bjeffe eller veldig nysgjerrig, så går dei med mål framover fint alltid.

Treff eg folk eg vil snakke med, ikkje berre nikke og helse, så må dei sitte eller stå, valfritt utan kommando, no brukar eg ikkje kommando, korfor, jepp det er for at i slike situasjonar klare ein ikkje å holde ein kommando. Eg krev ikkje at min hund skal sitte eller ligge, når eg står og pratar med nokon, då gjer den som den vil i slakk line, det krev eg.

Det er veldig lurt å innføre reglane korleis vi oppføre oss på tur tidleg, det har ein igjen for, ikkje skape ein trekk hund eller ein som blir vill å galen på lang avstand ser han eller ho ein annen hund.

PS, dette er nok litt personretta, mine hundar oppføre seg ikkje like fint når dei går tur med alle dei kan drar i kobbel, men tja  :)  hi hi, ein må kjenne litt kodane og føre hundane også. Trening er ferskvare, det er dra i kobbelet også for dei lov..
20.06.2021
I går var eg å trena Bjørk,  Plask var då på tur igjen med Hans Emil, ja Hans Emil er ein av sønna mine som bur heime, Plask er fole glad i han  og dei har ein spesielt godt forhold.  Året i fjor og starten på dette, har eg slite ein del med helsa då har han steppa inn og hjelpt meg med å trimme hundane. Hans Emil, skal flytte til Lillestrøm i løpet av sommaren, vi kommer nok til å sakne han, men ønskjer han masse lykke til med ny jobb som PT, der nede.  Det vil då sei at tre av mine barn som no er godt vokse bur i Oslo område. No er eg heldigvis på bedringens veg og klare det mest sjølv, så dette med eit godt nettverk er bra å ha når noko plutseleg dukka opp har ein hund.
På ettermiddag fikk Plask litt modelljobb foran kamra, ja ho er flink å posere holde posisjon (det tyder belønning så klart) Plask elsker å jobbe om det er fot, modell, eller søks oppgaver. Tenke vi skal ta bilde av henne regelmessig slik vi for sjå korleis  buklinja endra seg litt etter litt.
Plask, 4 veker siden paring, foto 19.06
 
17.06.2021
Plask har vore på tur i dag i lag med Bjørk og Hans Emil, dei kosa seg med litt småtur, det er faktisk veldig kjekt for meg at noko hjelper til med den biten av tur/miljø som er så viktig også for hundane, fritid for å lese avisa :) ja dei går alltid i band.  Elles så blir det ingen apporteringstrening på Plask no, i dag har ho kosa seg mest i sofaen  :)  I går hadde eg ei økt med fot og litt rallytrening med henne, det elskar ho, gir alt for slik trening,  fot er kjekt, super flinke! Og husk det er den vitigaste grunnsteinen som ein kan leike inn frå kvalpane er 8 veker.
 
16.06.2021
No er eg heilt sikker på at det er kvalpar i Plask og vi gledes oss enormt til dette kullet, vi skal spare og den kvalpen skal vekse opp i Oslo med datera mi og hennar sambore, så heia Oslo !
Kva som blir notert her blir nok litt info om det å få hund, eller korleis vi har hund, sjølv om ingen her treng kopier oss, så dette med hund/ stor brukshund som ein flat er så treng dei litt mentaltrening, tur og få være nær sin eigarar, flaten er ein hund som trivast best i lag med sine og må få lære å bli tilstade der vi er.
Våre hundar kan gå å bære på ein bamse el i årevis, kva som gjer at dei ikkje ete dei opp ? er det genane er det at vi gir mentaltrening eller ? ja dette kan eg ikkje svare på, men synast at eg les på diverse fora at ingen leike er sterke nok eller kva er det som ikkje kan tyggast sundt. Hum sei eg, kanskje dei hundane treng nettopp litt mentaltrening for å falle til ro å sove.( dette gjeld voksen hundar) kvalpar ete nok litt på alt ei periode av livet, men som voksen skal det være slutt på dette.

Håper på å få prensentre nokre av slektningane  litt i bilde her etter kvart. Ein del bilde ligg på heimesida  så dei som liker å ha kål på slekt kan no berre søke å myse i veg. Gamle kvalpedagbøker kan sikkert også lesast, der kan være info om mangt vil eg tru.
 
Alle mine hundar kan dokumentere at dei har eit bra eksteriør og god brukseigenskapar, så dette med å merittere hund heng samen med oppdrett.  Vi vil behalde retriever med godt gemytt og gode eigenskapar.  Ja då må vi vise dei fram både på utstilling og jaktprøver som er det vi måle eigenskap i for retriever.
 

Her er nokre linkar til korte filmar av hundane i arbeid, reknar med at dei som er interessert i kvalp gjerne vil sjå både type og moral på hundane som dei har ønskje om å tilbringe lang tid i lag med.

 
Arwen og mormor var ein arbeidshund av høg klasse og moral. Link til filmen av mormor Arwen her >>>
 
Mamma Rally som unghund, ja ho var og er ein skrue heile Rally, men du så flink ho også var som ung, ho hadde den perfekte jaktfot veldig tidleg. Eg kosa meg så mykje med trening av den hunden. Rally var ofte makker hund på elitetrening og ikkje berre det ho var også ofte den flinkaste av alle :) lov å skryte litt av eigne hundar ;)  Her er eit lite klipp frå jaktlydigheitstreninga vår, ja moro å trene hund>>>>>>
 
 
Når vi som er intrisert i jakttrening med retriever trener hund og det starte no gjerne tidleg, så passe vi vell på å ikkje etablere ting vi ikkje vil ha.. Har ein blanke ark går ting ofte som i smør berre ein veit kva ein vil ha. Det kan være lurt å få gode tips frå dei som kan dette og har hundar i dei øverste klassane, heilt ok å lett å få ein premie av det høgaste i BK, men vi vil lenger og då kan det være enklast å lære inn det vi vil ha frå starten. To ting eg er ops på ved av vannarbeid og det er rett ut frå kanten og rett linje rett ut. Når eg trenar lange linje på land kan eg gjerne bruke hinder og lære dei gå over og ikkje rundt, det samme på vaten har ein kjangs til å finne hinder. Trene hund er moro, her er Plask med hinder i vann 1.5 år  >>>>>
 
Linjer og bruke hindringar som ein hjelpar for å holde ei lang linje rett, her er eit gjerde i tillegg ei djup grøft med elv i mellom to store tre. Plask går snor rett ut og inn igjen for å så å få hente markeringa som eg kasta før eg sende henne på linja. Dette er mentalarbeid som mine flatter elskar og sover godt på >>>>>
 
 
 
13.06.2021

Vi håper det er mange små i magen til Plask som skal vokse. Plask virke som ho er starta ruginga på egga, så dette bli speandes kvar dag framover, vi brukar sjå det tydleg på tispa vist ho bære eit normalt kull ved 4 veker, og det er då det er anbefalt ultralyd også. Eg brukar ikkje ta ultralyd utan eg er sterkt i tvil, og då for at eg vil starte trening av tispa om ho er tom, men om eg ser det tydleg neste fredag at det er kvalpar så tar ikkje eg ultralyd. Har målt buken i dag og den var 56 cm, så det er start målet.

Plask for ikkje springe tulling i lag med dei andre no, ho for heller ikkje symje eller bade.  Tidspunktet rundt 3 veker skal ein ta det litt roleg så det blir mykje sofakos på henne.

 
Her er bilde av Plask tatt 10.06, ja på den dagen mamma Rally blei 10 år.

 
Mahinda Moscovy Melvine - KCAM01348801, A på HD og 0 på AA, Øyne 12.02.2021 Fri, Gonioskopi Fri, utstilling VG, Jakt 1AK x 2 (kvalifisert til EK)
Melvin 10 år, bilde er tatt den dage dei para :)
 
Melvin oppstilt.

Mahinda Moscovy Melvine, det er ein 10 år gammel fin frisk hanhund som er importert fra England, han har friske gode nye linjer og tilføre oss. Han vil passe fint til Plask og det blir ein unik god stambok, eg har god trua på at her kommer det meget bra hunder til aktive inne hundesport/jakt eller som flotte tur og famillehundar for dei aktive.

Melvin funger så flott som aktiv tur og familiehund og er snill og omgjengeleg med alt og alle. God hundetoleranse som ein aktiv retriever som kan brukast til alt skal inneha. Dette er hund frå linjer som også kan brukast til jaktprøver/jakt/spor, Nrh + hundesport.

Flatcoat-arwen's Plask - NO39280/17, A på HD og 0 på AA, Øyne 26.02.2021 Y-søm 1 prikk venstre øye (ikkje medfødt), Gonioskopi, mild, Utstilling VG, Jakt 1 BK, WT 1, LP 1 pr kl 1, Rally 1 pr kl 2
 
Plask som 4 åring :) gulle til mor.

 

Plask kommer også frå linjer som det ikkje er så mange av med 0 i innavl,

Som fri hund elskar Plask, sykkel tur, jogge turar, eller rusleturar i kobbel :) på kveld ligg i sofaen for å sjå tv i lag med meg. Plask er veldig lett trena tar ting lett, men skal trenast på ein mild måte, ho vil alltid gjer rett å då er det greit å vite at det ho kann går lett :) Er super flink til masse, Plasken min ! Eg har gått litt spor med henne også og Plask har veldig gode eigenskaper her, vi høre når ho sporar, lett lest er ho.

 

 

 
 

Flat er ein fantastisk rase ein blir berre så glad i dei, ja er ein hundemenneske vertfall. Flaten er likevel ein brukshund/jakthund som fortenar ein god del aktivitet skal live deira være bra.

Flaten  må være familiemedlem og få dekt sin behov for aktivitet, som skal være både tur + litt mentaltrening i tillegg.  Flattene elskar å jobbe på lag og er verdens beste venn uansett.

Mine linjer er avla ut i frå god arbeidslyst, og lett trena( WP) som er det å være lydhør og vil alltid gjer rett.

(det er også litt avhengig av kunnskap på trenar og kva vi gir hunden av aktivitet) Det vil alltid i eit kull være forskjell på individa og eg velge alltid hund som passer til den som skal ha kvalpen, ut i frå bruksområdet.

Kva type  hund ein ønskjer eller kva mål har ein med hunden kan være viktige. Skal ein ha hund til utstilling, jakt, spor el. alle skal også være gode familie hundar med godt gemytt og god helse !

Vi vil i tillegg ta vare på dei jaktlege eigenskapane og  helde på med sporten WT/ jaktprøver for retriever i tillegg til lp/rally/spor.

Det som kan være er at ein del flat er høge på stress, ein høg hund er vanskeleg å trene jakt med. Då hundane må kunne konsentrer seg over tid, være stille og tåle at andre hundar jobbar utan å la seg påvirke av det.

Lyd, hundar som lager lyd er ubrukelig på jaktprøve, eller vi får ingen premie på dei, det same er harde i grepet, knekke dummy/vilt.

Hundetolleranse, lyd, stress, størrelse på hund og om linja er trygge, ikkje  være skudd berørt el, separasjonsangst i linja. Ja dette er ting vi legg vekt på.

Ein flat med gode jakteigenskapar er eit bra val. Det er utan tvil rasens mentale eigenskapar som apportør som har bidratt til rasens popularitet som familie hund og brukshund. Hundens eigenskapar som apportør ligger altså til grunn for korleis hunden fungerar ”til kvardags”

Vi prioritera dei som har erfaring med hund, då det å få hund snur litt opp ned på alt :)

Også dei som gir hunden eit aktivt liv, flaten er no ein bruks/jakthund som fortenar mentalstimuli.