31.07.2012
Juni- juli
31.07.12
Då er vi på månaden siste dag, vi er heim komt frå sandsøya og ingen løpetid pågang.
Der ute har vi vore heldig med været, nesten ikkje regn med brukbar temp, vi har trimma, sykla og trent litt hund. Rally er nok mest Rally hund for tida, spring mykje meir enn ho eigentleg treng og ho snusar på mykje meir enn ho skal, muliges kan eg kalle det hormonell.. 

Passiviteten og at ho er still er nok det beste og viktigaste momentet som eg set umoteleg pris på, Artemis har vore med og ho er nå ein knallgod markør på dummy;) Rally har sitte og sett på at Artemis har henta litt vanskelege dummy det gjer henne ingen ting ho er still ! både i koppel og under kommando sit.

Rally må ha enkle markeringa og få, ingen storesøk på henne under opplæring, Rally skal lære å spikre markering..i tillegg er det ein del dårlege apportgrep på henne ennå, dette må jobbast ein del med. Ut sendingar og søk etter tennisball i krutrøyk, det like ho og er ganske flink til å finne godt gjømte tennisballer.
 
rally
Rally fotomodell poserar villig, alt ho for lønn for gjer ho:) Pelslaus ser ikkje ut, men på foto må ho !!
 
treningsplass
Litt av ein av treningsplassane våre ute på sandsøya, opptrakka rås i høgt gras ned til haugen i bakgrunnen og opp på den haugen er det rom for å måtte leite litt :)
 
Rally og Artemis
Rally og Artemis, ferie!!
 
Rally og vi fekk lynvisitt av Haugesunds jenta Rainie, det var so kjekt å sjå igjen Rainie.
Flott hund har det blidt av henne og litt større enn sin mamma! Still, rolig og snill, fungerar flott der ho bur og har det supert. Vi klippet bort "litt" pels på ører og "litt" i fronten og tok bilde oppstilling og portrett, kjem på eiga side litt etter litt. sjå her>>>>>
Takk for besøket,  er så glad for at Rainie kom på besøk slik eg fekk sett henne med eigne auge og hørt korleis ho fungerar. TOPP!
Her sussar Rainie litt på Rally :) venner.
Arwen Rally og Rainie
Mamma Arwen, med døtrene Rally og Rainie.
Rainie var den først som reiste herifrå
Rally og Rainie
Rally og Rainie, to søstrer som var venner fra første stund!
 
23.07.12
Ingen løpetid på gang ennå og det ergrar meg :( det nærmare seg fristen for både ditt og datt, ja slik er det med tisper. Vi må nok berre ta det på sparket og enten gamble på at det ikkje kjem eller det kjem og avstå påmelding.
I går var det surt vær (ja det er ikkje noko nytt) det blei rusletur på oss i band. Opp på bordet til  kloklippp, litt børsting, "børsting og børsting" Rally er heit avrøyta ho har forsatt nokre misfaga dekkhår igjen som skal vekk litt etter litt.. ser dette ekstremt godt på brune hundar.

Sidan det regna kraftig i går og lysta på å være ute var lik null, såg eg litt på bilde og sette samane ein liten serie frå ei vantrenningsøkt, dette er ein apport og eg tok bilda knipsa når ho var opptatt med jobben, la bort kamera når ho var på veg mot meg. Eg brukar, eller vil ikkje ta så mykje bilde når det er alvor i jobben, men dette er eit unntak. På bilda er det ein pil som eg har teikna på dette for å vise kvar dummyen eigentlig er. sjå bilde>>>>>
 
21.07.12
I går trena vi ved vatten igjen, kjempekjekt! sjå litt lenger nede ..

Sidan eg hadde med kaster blei det litt markeringstrening i tillegg til vannarbeidet, feila eg med opplegget eller var Rally ikkje på ? terrenget kan lure alle og det kan være det som var grunnen, sjølv om eg håper det er hormon og at løpetida snart kjem:)

Uansett har ein med hjelpar så skal han brukast, det som skjedde var at Rally markerte dårleg og sprang stort, her sende eg Hans Emil på kvar apport som Rally gjekk for stort på, eg velgar å kalla Rally heim på store søk ved markeringstrening..
Rally skal ikkje få lære at ho finn dummy ved store søk og på veg heim etter eg har kalla heim !!! derfor er hjelpar gull verdt. Markering er markering, det vil sei ho skal lære og bruke referanse, bedømme avstand osv. riktig innlæring er betre enn innlærte unotar ein aldri klare å kvitte seg med. (For.. nemleg, finne vil ho gjere etter kvart, god nase har ho, men Rally skal finne fort og det må lærast).

Har i dag hatt ei lita økt på plenen med stopptrening. Viktigt moment og her er eg konsekvent med meg sjølv, kun eit blås for stopp og då bør ho sitte fort som f. i tilfelle det ikkje skjer har eg feila ved treninga, det blir ingen bellønning og ingen blås nr 2 eller 3 eller 4 for å få ball eller klikk og godbit ;) skal betalinga kunne oppnåas så oppnåas det kun på eit stopp signal;)

Litt h-ut og v-ut trening i tillegg, her brukar eg versugod boksa med pølsebit bak hunden, på Rally er dette eit godt alternativ synast eg, momentet er vending til høgre eller venstre og eg slepp stresse med opptak, avlevering osv.. såleis er fokuset på momentet.

Trena litt på spontane og riktige opptak, det vil sei gode grep på dummyen, ikkje i snor eller sigar, klikkbelønning på riktige grep, dette er er presisjonsjobb;) og vi tar den i stua og elles der vi finn det for godt, vi for det nok til.
 
rally trenar ut...
Sjå litt på Hans Emil som tok bilde ;) ka du styre med skulle ikkje du kaste dummy til meg..
 
Rally ser i kamera
Vatentrening i Valldal:)) Rally går rakt og rett-ut, det er også det momentet vi trenar, dette er eit lite vatten med tre små øyer og det er mulig og springe fort rundt for ein hund! Målet at det skal ikkje skje, men Rally skal gå ut i vatten pressis der eg peiker og symje snorrett dit eg peikar, momentet skal også fungere når eg står mange meter frå vatten. Jau i går hadde vi ei bra vatten trening, Hans Emil var med for å kaste dummy og dei fleste dummyane gjekk på land eller på øyane i vatnet.
Momentet var snorrett og ut der eg peikar ;)) yes Rally er jenta si det ! tilbake sprang ho rundt og det fekk ho også lov til.
 
 
17.07.12
Då blei det litt trening på Rally og meg i lag med andre, vi hadde ei fin økt oppe på Ørskogfjellet.
I dag var Rally flink ho hadde roen i kroppen og eg føler at eg ikkje stressa opp verken meg eller henne. På apporteringa var det mykje bra på den biten som eg er litt opps på, (dårlege opptak) alle opptak var bra, bortsett frå eit der ho bar i snora, mista og tulla litt, før ho tok eit betre grep. Fart ok, rett heim med god fart.

Rally er berre knappe åre og eg må passe meg for å ikkje forvente for mykje eller stille for store krav, heller bruke tid på å lære henne korleis det skal være og få generalisert moment både i avstand og miljø !!

Det dummaste eg gjer er å tillate slurv frå meg sjølv, det kan være slike enkle ting som mas, bruk av fleire kommandoar, signaler, eller lære inn at ulydigheit lønner seg :) hi hi. skulle hatt ei lapp i lomma om det eg:)

No må berre dinna løpetida ta og dukke opp
 
Vannkanttrening
Her går Rally rett ut, eller hopper. Dette er ein slik vasskant som er vanskelig å komme ut i utan erfaring, stopper hunden og kjenner etter at den ikkje botnar, verjer ein del ungehundar litt før dei jumper uti, har hatt hjelpe fotograf her, tusen takk!
Eg står bak og sender hunden rettut, Rally symjar rett ut og over vatten går på land søker, finn dummy, og spring rundt tilbake. Hovudmomentet er likevel, hopp i det utan å nøl, det kan ein gjerne bruke tennisballar til og det tender ofte meir iver i kroppen,  det blir då lettare å få fram riktig moment.
 
vitrar
Her ser vi korleis Rally brukar nasa til å vitre etter dummyen, den ligg rett bak og 2/3 deler er i jorda, berre bakenden på dummyen som står opp av den mjuke myra, men Rally er i området brukar nasa svert effektivt og finn dummyen og kommer rett heim med sigarføring:)
Rally har sumd rett over vannet og har starta søket.
 
Vannkanttrening
Rally har hatt ei økt med vankanttrening, det er ikkje berre å kunne symje, men momentet med at det er mulig å symje på alle stader må lærast, det kan derfor være ein god jobb og å få generalisert alt :)   På bilde over ser vi Rally søke etter dummy på andre sida av vannet, ho har såleis hoppet i det og sumt rett over gått på lang og søker, flinka!
 
14.07.12
I dag har vi hatt ein lynvisitt av Jappe, flott hannhund, Mette som eig Jappe har vore innom kvar sommar siden Jappe flytte til Oslo og det er så kjekt å få sjå han igjen. Jappe er ein flott gut liten snerten, men så fin så fin :) Kjempeflink med dummyen var han, det måtte så klart testast :))
Jappe fekk ein lynklipp og måtte så klart takast bilde av, og det var Pernille som hjelpe meg med bilde takinga, det krev sitt med oppstilling også og eg ansåg meg sjølv som beste skikka til å holde styr på gjengen medan Pernille knipsa.

Rally venter ennå på løpetid, å eg håper den snart kjem, Jappe viste litt ekstra interesse for Rally, kanskje er det håp om at løpetid kjem snart !! Derimot Rally vist tydeleg kvar skapet skal stå :) skikkeleg bein i nasa på frøken Rally og Jappe var ikkje dum han tok signalet som han burde..
Arwen med tre avkom fra tre forskjellinge kombinasjoner
Arwen med tre avkom frå tre forskjellige kombinasjonar, Jappe frå Ja-kullet til høgre, Arwen, Rally frå Ra-kullet og Artemis frå Ar-kullet, fin gjeng:)
 
09.07.12
Vi venter ennå på løpetid:)) 13 månar i morgon og den bør komme snart ! Løpetida kjem når den kjem, men det som er om eg melde på jaktprøve så kjem nok løpetid til prøva og dermed går den i vasken og må eg være heime :( Tisper.. slik er det.

Ja eg har treent litt fot i koppel i kveld og synast sjølv eg var flink, slik blir det resultat av. Skal det bli bra så må eg trene og i kveld brukte eg berre godbitar, litt meir daff enn med ball. Rally er ikkje så gira på godbitar, men liker det så klart ! "Fart" då tenker eg ball med hopp og sprett i tillegg blir alle meir våken og kan yte meir med litt stress i kroppen. Ein lydig hund som kan momenta kan skruast opp og vil då yte med både fart og presisjon, såleis er det bra og ha fleire metodar til å belønne Rally med.

I apporteringa bryr ikkje Rally seg så mykje om godbitar og det kan være både bra og mindre bra alt etter kva moment vi tenker på i innlæringa. Ball rundt foten brukar eg ikkje, dette fordi eg vil her ha 100% ro i det momentet, men ute kan eg bellønne både med ball, pipeball, godbit, dummy eller det som fungerar for å få fram det eg ønskje.

Elles så har Rally i dag vore bilhund, vi tura til Langevåg og Devold utsale, for å kjøpe meir ull... treng det på sunnmøre, eg og Pernille har hatt oss ei handlerunde og Rally ligg i bilen og søv, still og roleg utan eit einaste pip;) Når ho er sikker på at vi er på veg heim og i nærheita av heimen, då kjem det litt hyl og bjeff, forventning og gleda av å kome heim er det ho gir uttrykk for:) merkelege disse hundane, dei ser ikkje ut, men kjenner i kroppen når vi nesten er heime, og slik var også Arwen når ho var ung, men ho har nesten slutta heilt med det.
 
Rally ca 1 aar
Det  duka opp eit bilde til frå Ørsta, TUSEN takk! Her er Rally ca 1 år, foto Robert, Rally er i røyting og pelsen ser ikkje ut, i tillegg kom ho rett frå elva, men proposisjonane hennar skjular vi ikkje ;) fine Raske Rally!!
 
 
08.07.12
 
Ei økt med avlevering frå vatten har Rally hatt i dag, jau ho er flink, det som ikkje er heilt bra er apportgrepet hennar ho tar litt mykje sigar ennå :( elles så er arbeidet topp.
Rally fekk også ei dobbel på vatten og her husker ho godt, sjølv om ho sprang på Artemis som sat tjora i eit tre (stoppa å leika "litt" med henne) før ho jumpa uti og henta inn nr 2 utan at eg blanda meg inn!

Apportgrepet jobbar eg med på si, det blir betre med erfaring og tid på baken. Dette med dårleg apportgrep er noko som ein del ungehundar har og det blir betre med alderen når erfaringa er i kroppen på korleis det er smartast å bære, det er håp:)

I går trena eg litt LP-moment med Rally og det skal nok bli bra, det eg ikkje er så flink til er å trene lineføring, så her må eg skjerpe meg, i kl 1 er det berre lineføring nå og ikkje fri ved fot, det vil sei eg må lære Rally fri ved fot i line basta bom!! Tilbakehopp over hinder, den øvinga er ny i kl 1 (for meg) den er grei trur eg, Rally kan den vertifall, dekk ved holdt går bra, fellesdekk jobbar vi med, stå under marsj, stressar eg ikkje med, den tar vi på dobbelkommando etterkvart :) avstandkommando frå sit til dekk, det må også lærast, men raske Rally trur eg tar den fort. Jau eg trur vi skal få det til berre eg skjerpar med med linføringa!
Bilde kom frå Ørsta..
Nina går fot med Raisa, flinke !
Rally på veg heim etter ei utsending, korrekt apportgrep og stor fart rett heim..
Tuttene hadde det supert :) Rally er nok raskast, trur eg:)
Min kjepp, fant den!
Rally i eva med korekt grep om dummyen:)
 
06.07.12
Det var ein lang og kjekk dag på oss i går, tidleg på dag var vi i Ørsta og trena litt i lag med Raisa, Nina og Robert. Vi hadde liksom litt vann fokus, Raisa skal tørre og komme i gang med symjinga og Rally skulle hjelpe til ;) Jau, Raisa var ein tur ut os sumde litt før ho gav seg på det, men nestegang ho prøver våger ho nok litt meir, ting kan ta tid også dette.
Rally har eg jobba "litt" med for å få fram det eg ville i vatten, men er langt frå i boks med alle moment.
Derimot det som ho gjor i går var stort og utruleg bra arbeid av henne.

Rally hadde eit par tre moment med seriøst arbeid, då blei Raisa kopla og Rally gjor som eg la opp til. Vi hadde ei bra elv til rådigheit og eg kasta ein dummy over på andre sida, rally satt eit stykke frå kanten og markerte, eg gjekk på fot litt bakover eller endå lenger frå elvekanten, sende Rally ut og Rally gjor alt etter boka, eg stod inn på marka, eller bak alt det høge elvegraset, perfekt apportgrep, perfekt avlevering(og utan risting) så klart.

Det var god straum i elva og Rally dreiv og redda tennisballar, god trim, men momentet med å kaste seg langt ut i kom fram, null kant vegring på Rally, kjempemoro!
Rally og Raisa fekk også leike seg i lag, stor stas og svert gode venner, vi hadde tid til både kaffi og hundetrening, vi avslutta med foto og fellesdekk. (jau vi sleppe bomba.. i Ørsta stiller vi i september på LP- konkurranse og då må fellesdekken være på plass)
Trur Robert tok nokre bra bilde i går, kanskje dukkar det opp eit og anna.. følg med.

Og til kvelde kjørte eg til Tressfjorden for delta på kvalifiseringsprøve.
 
Då har vi fått summa oss til ei kvalifiseringsprøve på Rally:) Bodil Winther dømde oss, og plassen var på eit hestebeite i Tressfjorden.
 
Her er vi klar til start, og litt sånn konsentrert vertifall eg :), Rally var opptatt med å lokaliser det nye området, og ho brukte både nasa og synet..

Ei kvalifiseringsprøve består av litt lineføring, frivedfot, sit og bli, innkalling, ein markering og eit skot.

Lineføring er ikkje henne sterke side, ho har ein meining om at fot er utan koppel og eg må nok bruke litt ekstra kommandoar for å holde lina slak, fri ved fot kan ho og går rimeleg bra.
 
Sit er Rally ein resar på og det er eit moment som er godt befesta på henne, bilde syner sit momentet, avstande på ei kvalifiseringsprøver er ca 50 meter, og innkalling tar vi etter dommarens kommando. Yes ho satt spikra på prøva som eg hadde forventa, innkalling var med stor fart. Fast på apporteringa og på skotet, ho sprang litt for langt ut på markeringa og snusa ein del der markeringa til den andre hunden hadde ligge, før ho snudde og fann den markeringa som var kasta til henne, då var det raskt opptak og rett heim.
 
03.07.12
Raisa, det kom bilde av Raisa i e-posten ! tusen takk Nina!
Raisa
Fin og flink, snart klar for sporprøve!
 
Hans Emil og Rally.
Det at Hans Emil hjelpe meg med Rally betyr svert mykje for treninga. Vi bygg opp markering i kroppen hennar og då er det eit must å ha hjelp, her skal ting gjerast rett og oppskrifta er hemeleg;)) nei då det er det ikkje, men vi bygger på oppskrifta om at markering skal være presis, går Rally ut i store søk har vi feila med opplegget, plukkar opp dummy sjølve og avbryt henne, om att og om att igjen :) Markering skal ikkje finnast etter store søk. Fantastisk tiem å jobbe med Hans Emil og Rally.
 
Rally etter trening, fotogen som sin mamma, men "talent" tenker vi trening er ho mange hakk betre enn mor si! Eg er kjempe nøgde med gullet Rally.
Moment som er jaktrelatert i prioritert rekke følgje nå er, "stopp fort", avlevering frå vatn, betre grep på dummy.

Eg har også starta treninga av LP-moment på Rally og planlegg LP-deby med henne kommande sesong, det blir ein artig hund å gå LP med, Rask som lynet.
 
Her er alle tre på tur, vi har ligget litt lavt med trening, men ein og anna turen blir det på dei tre flattane mine.
 
20.06.12
Her ruslar vi med det, Rally har eg ikkje trena på ei stund, vi går litt tur i staden, lære å gå i band må også til :)

Eg reknar med og håper på at energien kjem tilbake slik eg for skolere Rally litt ekstra snart. Det lille eg har av energi går til Arwen og Artemis som skal stillast på prøve no til helga, det er ikkje overtrena hundar som stiller på prøve, men på grunn av alder og tidlegare trening skal dei ha ei vis rutine,  kondis i form av tur og symjing har dei, forma er ikkje så aller verst på søster Artemis og mamma Arwen ;)))

Det er ikkje løpetid på gang ennå på Rally, eg håper det kjem snart slik eg kan planlegge seinsommar og haust :)) Eg veit at det vertifall er to søstrer som har starta og løpe og håper Rally også startar snart..

Ra-gjengen er over året og ca ein månad etter løpetid vil eg ta bilde av hofter og albugar, det er då fritt fram for kullinga også, ein månad etter først løpetid kan ein ta bilde, ikkje før,( dette gjeld tispene) fritt fram for gutta!
 
17.06.12
Den 16 og 17 juni var "vi", Rally, Anne Lene og eg på utstilling, vi stilte Rally i juniorklassen.. eg fekk det på papiret at Rally har eit godt eksteriør, gode kritikar begge dagane.
 
Anne Lene er heilt fersk som handler og vi har ikkje fått tid til å trena så mykje ennå :) Anne Lene er opptatt med skule og jobb nesten til alle døgnets tider ;) MEN DET ER NÅ BRA! og ein normal tilstand for dei fleste unge:) Anne Lene vist Rally flott, tusen takk!
 

Under viser eit lite utval bilde av situasjonar på ei utstilling :)

 
Anne Lene og Rally
Anne lene og Rally
deby utstilling
Oppstilling framom dommartelte, her dikterar dommaren det ho ser og ein skrivar skriv det på kritikken ;)
 
Anne Lene og Rally
Oppstilling, jau her kom halsen fram også, Anne lene har pølser og då blir det strekk ;) men halen er nede:) bilde, oppstilling, jau alt skal klaffe, først då blir det nesten perfekt.
 
Anne Lene og Rally i farta! flinke jenter begge to.
Anne og Rally
Handling er ein kunst og må trenast både på hund og handler, det er ikkje så mange minuttar kvar hund får og då må ein bruke tida godt. Det vil også sei, rein og velstelt hund i pels er nødvendig, + litt klipp her og der ;) klippen på Rally er eg litt usikker på ennå, er du brun er det fort gjort å øydelegge pelsen med feil klipp eller for sein klipp opp til utstilling, ufff ikkje berre berre med brunt, men det er flott når ein har slik elegant farge som Rally.
 
 
10 juni 2012, Gratulere med dagen til alle Ra- kullingane våre, Ranja, Ravna, Raisa, Rainie, Eros, Raxo og vår lille gode Rally!
Rally og Raxo blir trena med målsetning om jaktprøver i framtida og i dag hadde dei ei økt der vi har starta med vanskeligare oppgåver, eit årsdagen måtte markerast med markeringstrening.
Vi har terpa så mykje på fot, sit osv, så nå er endeleg dagen komet til at vi skal påføre litt meir trøkk i treninga.
trening
Etter trening av eitåringane!! hund og førarar er nøgde, og tusen takk til kastarane våre som stilte opp i dag igjen !
 
Kastaren
Hans Emil & Rally og Anita & Raxo.
Vi kallar det eit års trening:) vi er nå kommet så langt med grunnapporten at vi må bygge hund, det vil sei vi gir større og vanskeligare oppgåver på ein kontrollert måte. Det skal bli bra ! Bilde er litt meint som referanse for det vi gjor i dag, som vi ser er det ein liten tettvokse lauvskog bak..
Vi hadde tre moment tiltenkt markering, vi starta med to kastarar slik vi hadde to punkt som beveget seg "litt" bakover, begge hundane fekk til "begeret" var fult så stoppet vi.

I siste runde av markering kjørte vi markering bak skogen slik dei måtte forser skogen før dei kom til markeringen.
Raxo bygget vi opp til å klare momentet ved å kjøre han opp med tennisball kastaren, Raxo for høgare intensitet og større søkslyst på "tennisball"  både på avstanden og forseringen av terrengskifte. (Tennisball kastaren er eit godt hjelpemiddel)
Begge hundane både Raxo og Rally lykkast fint med å løyse markering bak skogen med dummy som avslutningsmoment..

Fotogene er dei og det er nok arvbart, både Rally og Raxo sitt som to lys når det er snakk om bilde(som sin mamma)
 
Raxo
Raxo, jau tennisball liker han, men på vatten er det ikkje så lett å få fatt i, lær å tørre symje trening !
 
 
08.06.12
Rally har hatt litt treningstørke, men eg har tatt vilttrening siste veke.. det er eit moment som kan gi litt haudebry til alle når vi ein vakker dag hamner i AK :) Artemis "halvsøster" skal starte på AK prøve snart og i den samanhengen er det vilt framme no og då, nytter vilte heilt ut gjer vi derfor heldige Rally for også vilttrening!