31.08.2013
Juni-juli-august
31.08.13
I går var Rally til veten for ny rabbis og vanlig vaksine + ho fikk ein tablett for evt innvollsmark. Artemis var også med, ho fikk også vaksine, på vekta var dei begge to, Artemis vog 28 og Rally vog 24,5.
Begge to var i fin form, denne helga er Artemis på agility kurs i lag med Anne Lene, ho vil lære litt om denne sporten og Artemis er ein enkel hund å handtere så det blir spennande og få høyre korleis det går med dei.

Det blir
venting på kva tid tutta kjem med løpetid no framover:) 

Eg håper og trur ho venter litt til, det mest fordi eg skal operera menisken i kne mit på måndag og eg vil på beina igjen før vi må ut på paringsreise..
skal bli godt å få fiksa det kne, slik eg kjem meg i normal gjenge igjen, kjedelig og ikkje klare alt eg har ønske om.

Reknar med at løpetid kan komme frå i dag eller om fleire månadar, det blir uansett paring på komande løpetid og eg håper det skjer no i haust, slik Rally er klar igjen til trening
/konkurranse for neste sesong og vi for ein fin liten Rally kvalp til å reise på kvalpeshow med !
 
29.08.13
Eg liker å dokumentere ting i bilde, ja kvifor ikkje !
Slik er eg når eg legg opp ei trening også, skissera gjerne på papiret for å klare å gjer meg betre forstått og dei som hjelper til skal ha ei god forståing for jobben også, derfor bilde med meg.

Ein trygg hjelpar som veit korleis eg vil ha det er gull verdt, plan 1 eller 2 vist ikkje ting går som planlagd.

Eg skolerer godt mine hjelparar, ikkje for få være sjefete, men for å ha trygge hjelparar som veit kva dei skal gjere både på plan 1 og 2.

Det er kjekt når eg lukkast med opplegget og ting går bra.

Rally er ein veldig artig, kvikk, rask hund som er kjekk å jobbe med, men som eg veit er ingen individ like og kan ikkje kjørast på same mal.

Rally er intens på tennisball og det veit eg, på bilde under som Hans Emil har tatt er eg på veg ut for å legge i frå meg eit par tennisballar oppe på ein haug.
Sjølv om Rally er ganske vill etter tennisball så hadde ho faktisk lagt seg ned for å slappe heilt av til eg kom igjen og ikkje eit pip hadde komet frå henne, her er det hjelparen min som har gode øre som har observert.
 
Foto Hans Emil
Avstanden ut til haugen er lang, men eg har to moment i hovud på denne treninga, det er avstand og det er vanskelege markeringar.
Dette momentet med tennisballar er å få lange rette linjer og det var mange meter ut på den haugen.

 

Haugen er for få referanse, eller sikte på når eg sender hund. Nå tenker eg og sikkert andre som er interessert i trening, men kvifor opppå haugen vil ikkje hunden låse seg der då i andre reelle dirigerings oppgåver.

Det vil den nok vist hunden ikkje hører etter, og
om vi alltid kun kjøre ut til spesielle kantar, hauger osv.
Mange har brent seg på slik trening eg også, men «DETTE» momentet handlar om linjer
(og Rally) Ikkje stopp, høgre eller venstre, lenger ut.
Foto Hans Emil
 
Over her er ikkje noko enkel oppgåve, Rally er ein stor symjar og har full kontroll på lengda, men spring rundt tilbake, avstand rundt handlar om mange hundrede meter. Ein ser hjelparen min i blått på andre sida av vatnet, det blei ein markering på land og ein i vann derfrå, momentet gjekk bra på grunn av at eg har med ein dyktig hjelpar som har fått dei riktige instrukser.

Markering utan å bruke synet, men slå på nasa og bruke den aktivt er eit prioritert område for Rally. Det blir betre og betre den biten også, det eg vertifall har oppdaga er at Rally held betre på sjølve området som markring går, og går ikkje så lett ut i store søk, observasjonar nasa er mykje meir i bruk, yes.. yes det skal bli bra!
Rally er nøgd med økta og poserar villig slik eg for knipse eit bilde.
 
Sjå her ;) så kjekt vi fekk besøk. 

Rally, Artemis og Arwen kosa seg i lag med Golden gutta, ein fin gjeng som gjekk supert samen, Takk Kari og Jan Pål for at dere tok ein snar tur om oss!!
Det var både fellessit og fellesdekk på desse fem, Ja Artemis tok ein flatdekk og sov litt innimellom.
Treningsvenner på besøk! Her er det godbitsøk i hagen :)
 
22.08.13
Varm fin dag, vi nytta høve til overtrening og i denne sammenheng dobbeltyding.
Hjelp har eg hat i dag og ser du på bilda under er det Anne Lene som har tatt og det er også ho som legg ned dummyen. Over betyr over vatne og overtrening betyr også, Rally må ha treningsmoment som er vanskeligere enn det som blir på prøver, derfor overtrening.

Eg står ca 50 meter frå vannkanten opp på land og vatnet er mellom 70 og 90 meter bredt, Rally måtte over to ganger og eg liker det eg ser, nesten alt:)

Det vil sei ho må ganske langt før ho i det heile er i vatnet, Anne Lene står på andre sida som ei sterk referanse.
Den første var som ei markering og den andre var planta i det Rally var på veg heim. Vi fekk heim begge dummyane rimeleg fort, ho fekk ikkje signal med meg når ho kom fram, men snudde seg likevell å såg over vatnet og liksom spurte ka no, men eg hadde henda i lomma og fløyta blei heller ikkje brukt. Rally starta søket på eigen hand og valte landevegen heim, det fekk ho lov til og sidan det går meget kjappare ser eg ikkje noko grunn til å mase henne i vatten i denne situasjonen.
Symje 70 til 90 meter rett fram er sterkt og eg gjer det for å bygge opp sjølvtilliten hennar.  Det vil etter mine bergingar bli lettare å få henne over mindre vatten, utan noko påverknad, når ho er trygg i slike lange distansar "i teorien.."
Sjå over etter meg :)
Så søke litt..
Ja der var den, så full rulle heim :)
 
21.08.13
Jaktcup, ja det like eg, er litt konkurranse menneske eg då :) I går var det markering og minne, post 3 og 4. Det var 5 hundar på Åpen klasse og eg og Rally gjekk sist. Post 3 var ei dobbelmarkering, der vi skule hente inn begge, men med valfri rekkefølgje.Trening nytter, og som ein WT startar bedømming etter at koppel er av.

Eg og Rally har spisstrena litt på detaljer og eg er meget nøgd med det arbeidet vårt.
Poeng blei 19 og nr 2 av 5, kjempenøgd med meg sjølve og føringa. Rally jobba også brukbart siden vi klare å hanke inn 19 poeng.

Post 4 var litt meir komplisert, men detaljer prosedyrane mine fungerte godt, der er eg nøgd med meg sjølv ! herleg å lykkast med noko.

Rally var også flink og vi henta inn tre dummy på den posten også, sånn rimeleg bra.
Poeng blei 18, og det vart vi tre stykkar som fekk, så Rally klare flott å hevde seg blant dei andre.

Stolt.

Det blei tid for ei trening etter jakcup.

Hadde eg også eit snev av prestasjons angst i går… Jau det var ei dame som ser etter ein Flat frå bra linjer som var med meg for å sjå hundar, Rally vist fram sin sterke side, passivitet i går. Snakketøyet løp vist litt løpsk på meg, vanligvis er still når eg kjøre hund.., så litt konsentrasjons svikt var det med oss, men i sum er eg nøgd med det Rally utførde i går både på cupen og på treninga etter på.
 
21.08.13
Måndag var eg til Ørsta til fysikalsk behandling++ eg var innom Nina og Raisa ein tur. Raisa ein herleg hund som eg like godt, litt inhabil er eg då, men ho er nå Rally sin søster så det er lov. I markering held Raisa bra på området og brukar nasa veldig effektivt til å runde inn apport, ennå ho har svert lite treningsgrunnlag på denne type trening, det vil også sei at det er meir påliteleg informasjon om kva som bur i hunden, eller om ho hadde vore spissa i denne trening. :)

Nok om det, Rally var nokså varm der inne og det var på grensa til at det bikka over for henne.. Markering i høgt meters gras over ei elv, jau det var oppgåva ho fekk, vell å merke med tennisball.
Om tennisball har noko med korleis ho utførar arbeidet, ærleg er eg og seier JA, men det vil ikkje sei at ho ikkje er god nok på grunn av det.
Rally spikra og fant så fort apport at det tilførde kun glede til meg, i tillegg  passerte ho Artemis med apport i munnen (også tennisball), men tanken var ikkje byting eller unotar det var rett heim til meg, herleg arbeid.

Rally er svert sterk i stristrøm og holde følgje med henne klare Artemis ikkje, det var Anne Lene som skulle ta i mot Artemis, men på grunn av at Artemis såg kvar Rally for skulle ho prøve det same, men måtte no gi opp og følgje elva inn til bredda litt lenger nede. Artemis gav berre ikkje opp, men prøvde på nytt fleire gangar før ho godtok at ho ikkje klarte det.
Konkurranse er bra sjølv for hundar
:)

Fantastisk fin hundetoleranse på desse hundane, snille, kjempesnille med kvarandre..
Dei fekk starte  med å springe litt tulling etter kvarandre og det
setter dei stor pris på, dette kan ein gjere med desse hundane som vi kjenner og vi veit at det ikkje steller i stand problema for oss. Raisa er veldig lydig, det er Rally også, så berre med små signal klare vi å få full kontakt med både Rally og Raisa, når hundane er slik kan dei også nyte litt fritid laus i lag.
Her ser vi Rally, Artemis og Raisa etter trening.
 
11.08.13
Tja her går det framover med både dit og datt.. Eg har eit kne som har trøbla med meg sidan april og det er no diagnose til ein meniskskade som bør opperarast, usj ja det skal nok gå vil eg tru.

Det vil då sei at eg ikkje har klart å få trena alt eg hadde mål om, LP-trening på is inntil vidare, det blei også sportreninga av Rally.

Det kan sikkert være ein fordel likevell, eg som bevist ikkje trent spor med henne i fjor for å unngå å etablere for mykje sjølvstendig hund, hi hi hi, ja eg har lukkast  med det.

Eg hadde på forhand planlagd at spor etter at dirigering var på plass, dette på grunn av at spor framelskar sjølvstendig arbeid og eg har jo trena jakt i 15 år og veit at skal vi lukkast opp i klassane må vi også kunne styre hunden vår.

Det som likevell er fokuset på Rally er sjølvstendig markeringsarbeid,
felt, og prosedyrar på meg, "kjøre Rallyhund riktig". Rally er super rask, super lett å dirigere, ein fantastig bra hund, som nå kan å sitte når eg tar av kobbelet.
 
 
03.08.13
Dagen er avsatt til egentrening og det første momentet som eg må lære den villspika mi er, « ikkje gå bakover når koppelet blir tatt av », dette er min feill, eg har lært henne at eg tar av koppelet så kommando om fot eller sit.
No må eg passe på alltid at fot eller sit med koppel betyr at ho sit på fot også etter eg har tatt av koppelet ikkje står eit stegbak J dette er detalj, men detaljer er nok veldig viktig i toppen.
DETTE drep ein ikkje arbeidslyst
med, men det er ritual og det berre være rikti frå dag ein og alle etablerte ritual er med på å førebygge frustrasjon, dette var dagens kloke ord frå meg.
 
02.08.13
Eg var påmeldt og har gleda meg masse til dette «Retriever Challenge» men motet sviktet og eg valgte å være heime, men det lager seg sikkert ein ny kjangs for oss neste år.

Eller skal vi sei eg var ikkje godt nok førebudd, detaljer det manglar
og har ein så god hund som eg har, skal den stillast bra, det fortenar den.. he he bank i bordet, no er det nok kjøyring uten at brikkane er plasert på rett plass.

Det blir
:) og i dag har detaljer vore oppe til vurdering, korleis vil eg ha det. Det veit eg eigentleg, men malen er ikkje ferdig og det beror både på meg og kor fort Rally har modna.
Med detaljer kan ein drepe arbeidslyst, dette kan være lett teknisk å få fiksa og det klare eg, men eg må dra strikken sakte
..
 
30.07.13
I år blei det Hemsedal ferie på Rally, meg og Atle, vi hadde reise følge med Anita, Raxo & Bob og Stian. Dette fungerte bra, Rally voks på turen og sov seg igjennom Hemsedal ferien uten og gjær så mykje ut av seg, svert behagelige hund å ha med på tur.

Rally, Raxo og Bob fungert topp i lag, dei var laus i lag i leilegheita vi leigde, både når vi var tilstade og ikkje, alle tre er like rolege, dei søv eller oppføre seg meget flott, topp karakter til det teamet.

På sjølve kurset fungert Rally som forventa svert godt, ho var like avslått og roleg som ho brukar å være og er eigentlege ein hund med potensiale for å komme til drømme-klassa som eg har mål om.

Vi hadde Asbjørn som instruktør, han er positiv og ein god trenar, som instruktør er han også svert flink og har sin metodar på ting og tang. Han er i tillegg flink til og sjå kvar ekvipasje og gi det rådet som dei treng eller bør ta til etterretning:)

Hum..hum, tenker då på meg og min firkanta holdning til å ha lydighund rundt fot og krevje dit og datt.., men no er det nå sånn at ingen hund er lik og eg har ein hund som treng dette regimet mit, eller har hat behov for det
, sta som eg er så er regimet mit også positivt, men eg er uhyre konsekvent.

Oransje blir tingen for Rally, ho skal bruke nasa meir enn synet og alt skal være mykje vanskelegare for henne når det gjeld markering.

Smått og oransje skal også brukast til felttrening for å få utnytta nasekapasiteten det er jo den som er hovudverktøyet til ein hund.
 

Å
..ja kvifor oransje, dette bør eg nok forklare er det nokon som ikkje skjønne kvifor og les dette her :) Hundar er fargeblinde og slit med å sjå oransje og ligg det ein oransje dummy på bakken så ser dei den ikkje.

Raxo som er kullbror til Rally var også på kurs, og det var svert gledeleg og sjå han. Raxo fungerte flott og i tillegg ser eg at anlegga er der for det meste, lettrent, brukar nasa effektivt, roleg, gode grep, rett heim, gode avleveringar, Anita og Raxo fortenar eit stort smil!!

Vi avslutta kursveka på laurdag med ein såkalla WT. Jau eg må nok sladre litt halvbror til Raxo og Rally, (Røkke til far) og Røkke har ein son som heiter Reitan kjem frå eit kull i Sverige:) han slo oss ned i støvlane, og vant like godt BK med 98 poeng av 100 mulige, Gratulere til Tone og Reitan.

Rally gjor på WT bra arbeid det var verre med meg.., konkurranse trening og detaljer manglar.

Vi fekk ein null, og det var ein null som kom av soleklare kjøre feil frå meg,  Rally gjor som ho fekk beskjed om kom fort heim, ho avbryt søket høre på meg og kommer fly
gandes igjennom lufta og heim.. grunnen var at eg trudde ho var på ein heilt annen plass enn der dummyen hadde landa.

Dei andre 4 postane fekk ho poeng på og oppførte veldig på (eller arbeidslysta var «på» også farta)
Ho valte av ein eller annen grunn og springe på feil side av skot, kast, kastar og om det heng på mine ritual i denne settinga eller det var reint tilfeldig veit eg ikkje, men dette må trenast på.

PÅ ein WT skal ein liksom sei og gjer minst mulig og skuldrane min blei kanskje knytt ved eit par høve.

Det kan
også tyde på at vi har trena for lite med skot og ho blir litt usikker på kvar markeringa går, Rally kan tolke skote som referanse og det plyndra seg til for henne.

Rally har som kjent stor fart i arbeidet og spring fort 150 meter før ho i det heile tenker på å bremse og er det skog som det var på desse to markeringane som ho sprang på motsett side av, kan det balle fort på seg. Fart er bra, men i kombinasjon med god markeringsevne og nasebruk er betre, så denne briken må betrast og skal på plass.

Den ein markering fekk vi inn på grunn av at Rally lar seg dirigere og vi berga 5 poeng. Vatn er ho god på så der drog vi in 20 poeng, to posta med 17 poeng:) stor arbeidsglede, glad lydig hund vist eg fram, roleg, lydfri, ingen teikn til knalling og eg er svert nøgd med henne.

Føringa mi kunne vore betre, men det belastar eg ikkje hund med så klart, Rally er topp!
Kjekk veke i Hemsedal ;)
 
Raxo og Rally på kurs.
15.07.13
I går var det ei trening på Ørskog fjellet, litt impuls trening.

Ei kjekk dame frå Sverige er her på sommarjobb i Langevåg, Inga- Lill som var her i fjor, jobba 1 år i Langevåg så ho er kjent på Sunnmøre og ho trenar jakt med sine flatter, Inga – Lill ønska ei trening i lag med oss og det var kjekt og sjå henne igjen å få trene litt på svenska :)

Det blei ei trening i flott Sunnmørsvær, det vil sei stillongs og regnklede.

Det var også eit par stykkar oppe frå Frei som tok kontakt med meg for å være med for å sjå på oss., kjekt at fleire vil lære å trene jakt og har vett til å samle kunnskap om retrievertrening.
Eg la derfor opp eit enkelt opplegg med eit kjerne område vi heldt oss på, det var då rom for å snakke litt med kvarandre om treninga og være ørlite sosiale, det funka bra.
Opplegget var også litt etter mit behov, egoistisk og eg tenkte Rally.. Rally skal ha utfordring, krevjande trening og det må eg også ha så eg ikkje slokne heilt.

Rally gjor ikkje skam på meg, ho gjor sine saker bra og er min flotte stoltheit, berre vent eit par år!
 
12.07.13
Då var det Valldal trening i dag, og det gjekk bra, Artemis og Rally oppførte seg eksemplarisk, dei sat tjora mykje av dagen, men begge tuttene var så å sei heilt still og rolege, såleis svert bra passivitet på begge to.

Vi kjørte felt med vilt som makker kjøring,
Rally nøle litt, men ho har veldig fine grep og heilt roleg mun.

Vi var 7 hundar, og 6 personar to utan hund så vi var godt hjelpte.
Timane gjekk fort og kjekt hadde vi det, mine hunda fekk mykje passivitet tjora i lag, Rally var svert still og flink, sjølv når eg kjørte Artemis.
Planen er no og utsetje
Rally for litt meir stress for å sjå om det hjelpe på arbeidsmoralen.
Kva meine eg med det då.. eg som har hund som kjem som ein rakett heim alltid, tja alltid er sant når det handlar om noko som er komet i munnen, her har eg lov å skryte og gjer det.

Arbeidsmoral jau det handlar om å tenke kun jobb når ein er på jobb, ikkje tenke på noko anna.


Vi hadde ei økt med dummy trening, tre oppgåver, ei markering på ei øy i vatnet, ei markering på land og ei utsending.
På desse tre oppgåvene hadde Rally topp moral, ho spikra markeringane og gjekk ei heilt snorrett utsending, stort smil til tutta mi.
Ja eg håper det er eit par pollettar som er på veg ned..

Eg tenker no berre arbeidsmoral, og sidan eg har god grunnlydigheit, kan eg gjer dette.
Skal eg definere litt nærmare ka eg legg i det, så er det rett å slett slutte å oversjå arbeidet sit, eller snuse på andre ting enn jobben, i tillegg unngå at ho vil at eg  bekreftar om ho skal eller ikkje..  

I dag var det vertifall ikkje snev av dårleg moral, ho gjekk som ei Rally skal gå og i tillegg var ho utruleg roleg i passivitet:) ein flink hund.

Eg seier moral, men endå litt meir info, så kan vi kalle det opp med arbeidsgleda, Rally skal bli hyper glad i jobben sin (definert som arbeidsmoral!)
 Rally på veg ut etter etter ein vannmarkering, eg bak kamra og sønnen min Stig Andr'e kjøre henne. Rally har veldig bra vannpasje og eg har vore flink til å rulert til forskjellige typer VATN slik ho skal være godt rusta for slike jobbar, vann er ikkje berre vann, det finst mange forskjellige kanter, vanliljer osv. flink og trygg i vaten og ein svært god symjar som raser eller i "rally" fart over vatn.
Ja og her gode, snille Artemis som var med på trening, tenker ein hund?
Ja ein kan lure, her lurer Artemis fole, skal eg gå til mor bak kamraet eller skal eg gå til han med henda i lomma som sende meg ut:) ho kom til meg. Artemis storkosa seg på trening i lag med oss i går, ho fekk bade, apportere og leve livet som ei retriever bør like :)
 
07.07.13
Jaktkurs..

Ein fin dag på sekken i skogen, Rally var litt urolig rundt sekken første timen, det vil sei, ho stressa ikkje eller noko slikt ho sto og snusa gjekk litt rund sekken og fant seg ikkje heilt til rette, sol og varmt kan være ein grunn også at situasjonen var ny, fleire hundar og Jurjen som prata og vi skulle følgje med.

Så slo ho av brytaren og sovna, og lot seg ikkje slå på igjen.

Vi sat for det meste på sekken eg sto litt inn i mellom for å strekke ut ryggen, men Rally ho sov.
Jurjen hivde ein og annen dummy over oss og rundt oss for å sjå korleis hundane og førar agerte.

Fikk ikkje Rally av pinnen dette gav ho blanke f i og sov vidare, men ho registrerte, men lot som ingen ting.

Dette var bra
for meg å oppleve, eg veit no det som eg også viste, det er ingen vits i å legge opp kjedeleg arbeid til Rally, det veks ho ikkje på.
S
kal Rally byggast vidare må nok fantasien brukast, og eg må bli betre på å ha riktig modus på henne, eller bli betre kjend med Rally sine modusar.

Nøkkelen til låsen er der nok, litt kjem med alderen, men det kan eg ikkje stole 100 % på.

Det sikraste er å få henne over i riktig arbeidsmodus før ho gå på jobb.. for eigenskapar til å utføre arbeid skorta det ikkje på :)
Blir ho kjørt som makkerhund holder ho tritt med alle, singel er ho fulstendig avslått.

Oppvarminga hennar består heller ikkje i lange passivitetstreningar i vente posisjon, for henne passer det ikkje, Rally må heller skurast opp og settast i ein form for stress modus.
For meg er dette med kurs og erfaring frå mange nyttige og eg bør nok hauste litt erfaring frå bruksfolket når det gjeld Rally.
Stolsitting er ikkje henna greie ennå, men eg kjenner Rally bitte litt og veit ho har enormt stor motor, så stolsittinga med henne er IKKJE bortkasta, men i situasjonar rett før ho skal yte er det å betrakte som svert nedbrytande for henne på noverande tidspunkt.

Rally må nok være ein drømmehund for mange, ho kan ligg mit i ein flokk med andre hundar, folk, prat, bevegelsar av ymse slag, lyd av både folk og fe i forskjellige tonelag:) Rally ligge rett ut og søv, eller spiller ho berre død i ca 5,5 timar , he he.
Rally på jaktkurs, her ser ho i kamera så liv er det i ho, men livet tar ho med ro!
 
06.07.13
Dagane går, og Rally har kviledag no og då i går var ho heime for eg tok med Arwen og Artemis for å trimme dei litt i vatten, då må Rally være heime ho er ung og kan fort bli varm ved vatten, pensjonistane kan berre bli varme :)

Det bles ganske kraftig og dummyane til Arwen for fort i veg, ho hentar som kjent ikkje tennisballar ho då..

Artemis elskar tennisballar og det brukar eg på henne, lettar å kaste mindre verdi å miste.
Ja i går tok Artemis den lengste vanndirigeringa ho nokon gang har gjort, kjempeflink.
Ein av dei dummyane som eg kasta ut til Arwen reiste så fort at eg ville ikkje sende henne på den sidan ho ikkje er heilt bra i ryggen sin.
(eg brukar å kaste ut mange i gangen før ho skal hente, det hender då at ein og annen driv av)

Artemis er sterk i vann og heilt uredd for å gå langt, eg sende henne,
men vurderte mange gangar om eg skulle kalle ho heim å la dummyen gå som tapt, men let løpet stå ut og vi fekk i land igjen dummyen.

300 meter ut og minst like langt heim sidan Artemis ikkje er så flink til
å symje rett, men symjar med strømmen og ikkje rett mot meg. Ut symjar ho rett, men aldri heim :)dette har vi lært oss å leve med, ho er berre slik :) Kjempeflink var ho og fekk ein porsjon med ros som bonus på trimmen.

I morgon skal eg og Rally på Jaktkurs med Jurjen, kurs i samarbeid, det skal bli kjekt å bli kursa litt og reknar med det blir ein kjekk dag i skogen og vi lære noko nytt!

Rally treng settinga eller miljøet, samarbeidet kan nok bli betre, men eg må passe meg litt for ikkje å belønne meir dette spør om hjelp syndromet henna, eg vil ha henne litt meir sjølvstendig også ikkje berre hjelpe avhengig.

Trenehund kan være lekene lett, men ein kan også få hovudbry av det.
Rally er utruleg behageleg hund, gemyttet hennar og være måten er heilt etter min smak, veldig enkel å handtere, derfor kan ein lett bygge ned og ikkje opp, intelligent la
r seg ikkje lure, men lure meg.

Eg har derfor arbeid lenge ennå for å finne ein god nøtteknekkar til henne.
 
03.07.13
Vilttrening tre dagar på rad, opptindtvilt må brukast opp, ja og nei, ikkje nødvendigvis, men no gjor eg det. To ting har eg i boks, god fart heim, fine avleveringar.(såkalla innlært adferd)
Rally har i tillegg bra grep på vilt å det er eg glad for, og ho avlevarar frå vann uten å riste/legge ned.
Eg har trena med and, kanin, kråke (kråke kjem ikkje på prøve, eg har ingen motforstillingar om å trene med verken måse eller kråke og det er vilt som er oppnåeleg for oss å få fatt i :) vilt er vilt..
Pernille var med i dag for å ta litt bilde av Rally når eg trena henne og vi har mange fine ca 200 bilder.. jau jau og dei færaste blir brukte sjølv om mange er svert bra. Skulla vore litt flinkare å legge bilda ut på fotosida mi, men siden fjessboka er så lett tilgjegeleg, havnar det ein del bilder der... og så blir det med det. TID er også eit lite begrep.
 
Ja bilde under, Rally med vilt og i god fart heim til meg for å avlevere i hand :))
Foto, Pernille Toftesund Thunem.
Mandag var vi i veg og fotograferte kvarandre sine hundar, eg sveiva kamra om Rally, knipsa eit par bilde av henne der ho sit tjora i ei lita furu :) Jau passivitet er ho flink på, ca 4 timar, tok foto seansen vår.
Elin hadde med 3 flatter, og Paul hadde med ein Lab, såleis 4 motiv på meg og dette med foto er min greie og eg storkosa meg bak kamraet.

Det ligg mange flott bilde av Rally på fjesboka som Paul og Elin tok av henne, Rally er god modell og ganske vant med kamraet likevel var situvasjonen veldig grei, då eg kjørte/trena hund som vanleg, vi var modellar :) i aktiv trening!

Masse posetivt, på ei jaktprøve er det også ein del fotografer som vil feste aktiviteten til brikka og at hundane blir vant til klikk, fotografar, stativ og den som sit bak kamra, ja eg kallar det bonus trening.
Rally sitter pent i passivitet og flott å ha henne med i skogen.
 
26.06.13
I går var det jaktcup på sunnmøre, berre Rally av mine deltok og litt vemodig er det å pensjonere både Arwen og Artemis, men slik går no åra, dei har vore i Elite i tre sesongar så det for bli med det.

Rally stilte i åpen i år og eg krysse fingra for litt betre suksess enn i fjor :)
Jaktcup 1 og 2 er vell Rally sine sterkeste kort, gå på fot og sitt å bli, grunnlydigheit er på plass så her burde ho klare å hevde seg, 2 x 20, ikkje så ille det.

Kullbror Raxo, stilte i blåbæreklassa og han vant sin klasse, poenga hans hugsar eg ikkje, men det blei bra gode poeng på begge postane til Raxo og Anita.
 
Raxo på sit og bli, det kan Raxo !
 
22.06.13
Rally har ein svert god eigenskap som heiter avknapp:)

Utruleg herleg hund å dra på, aldri noko stress her, ho legg seg ned og lar humla suse, maken til avknapp har eg aldri sett før på mine hundar.

2 år og lar seg ikkje stress i det heile, men no er det slik at alle hundar treng litt stress for å yte maksimalt.

Eg plukkar fram igjen Arwen og prøver å stresse litt Rally ved at Arwen blir mit førstevalg i ei perioden.. Rally må berre stresse og eg må sjå om vi klare å få bedr
e flyt til påknappen.
Arwen er 9 år og har ennå ikkje eit einaste liggesår… ho ligg svert skjeldan er på mesta heile tida og alltid klar til å yte ein innsats.

Rally kan mykje og det vil nok komme fram ein dag håper eg på.
Vil nok sei at Rally er den perfekte turkompis aldri noko tull, roleg og avslått uansett kva som hender rundt henne.

For meg er det å klare å slå henne på når eg treng det og det er nok ei stor utfordring, Rally ville vell være drømme hunden for mange vil eg tru:) problemet med mange er vell heller dette at dei lar seg ikkje slåav hi hi.

Være ærleg
, ja er dert lurt då, kan eg kun skulde på meg sjølv som ein dårleg trenar, nei det gjer eg ikkje.

Det eg gjer er å bruke av all min kunnskap til å utvikle ein kanon hund og det skal eg nok klare, Rally er på når eg trenar med vilt og ho er på når eg trenar med tennisballar, jau påbrytar er tilgjengeleg, men eg har ikkje tilgang til den alltid.

Ei intelligent nøtt er Rally.

Rally har også finne seg ein makker så kvalpar blir det nok rundt årsskifte og eg reknar med at det blir igjen ein her i huset..

Bilde under viser Rally i det ho tar ein klasse 3 LP øving, apport  over hinder, ja slike småting kan ho :)
 
Alternativt :) jau jau... berre eg klare å slå henne på, så er Rally egna til alt. Foto Stig Andr`e
 
17.06.13
Heime igjen etter ei flott helg på Fosen.

Fosen er ein perfekt plass å reise på jaktprøve, kjempeflott terreng og berre kjekke folk som gjer ein fantastisk innsats.. neste år eg eg på plass igjen og stiller på nytt i BK:)

Ein del brikker står litt lysare i mit sinn etter prøva, Rally er min lille perfekte skapning som er for intelligent for meg.
Det spørst om ikkje Pernille må overta henne og eg tar meg ein kvalp etter Rally, og ikkje omvendt.

Laurdag gjor ho ein bra jobb, resultatet blei ein 3 pr, dette på grunn av ho ikkje vitra ut eit par dummy på feltet, men ho hadde kanon bra arbeid elles.

Eg er kjempenøgd med roa rundt fot, farta, markerar flott, ekstremt villig til å jobbe i vann, og topp fart heim og dette er når ho er i ARBEIDSMODUS og som eg kjenner Rally.

Dag to går lufta ut av ballongen, null interesse for dummyen og eg blir litt forlegen av heile greia.

Eg tar det positive og belønnar min psyke med det, Rally skal eg få til, ho har svert mykje bra.

Punkt 1.

Dobbelprøve er ikkje tingen for henne ennå.

Punkt 2.

Dårleg feltarbeid heng på, «kan henge på» for lita interesse av å søke opp dummy.

Jaktlyst er eigentleg stor nok, det ligg heller litt i kva som skal søkast opp, og dette er nok ting eg veit og har jobba mykje med, men vi er ikkje heilt i mål ennå.

Må nok berre forsette ennå sterkare med den biten så blir det bra.

Symjing elskar ho og laurdags ettermiddag fekk ho kose seg i vann i lag med fleire hundar helt utan arbeid i tankane.

Eg ser på Rally etter helga som nok miljøsterk, still og roleg i passivitet, av knappen fungert topp, men ikkje på brytaren på søndag..
Her er gjengen Rally fekk kose seg i lag med, fungert fint ho i ein framand flokk :)
 
11.06.13
Her er eg nøgd med Arwen avkom, Raisa er kjemeflink med Dummy :)

I går var eg Anne Lene og Rally & Arwen på Ørsta tur vi trefte Nina og Raisa på 2 års dagen til tuppen
e.

Symje, ja Rally er reine selen i vatten tøff som toget og vi skulle prøve på nytt og få Raisa til å tø opp og sleppe seg laus i vatne.
Veldig strie elv så det er svert god trening i å symje i denne elva, og trim har alle godt av og symjing er undervurdert.

Rally og Arwen fekk ei skikkeleg økt med motstrømsymjing for å få Raisa til å komme etter, men nei..

Nina må nok på med vadarane og dummy i ei snor, så tenker eg det løsner, for hente dummy liker Raisa, flink er ho også, brukar nasa kjempebra og er eigentlig ein veldig god hund, men symje må ho lære seg :)

Analyser meg sjølv er det nyttig då ja og nei..
Litt film frå i går :)

Har eg ein plass som er eigna til å kjøre over så gjer eg det, no filma vi det også, og kva er viktig for ein vangal hund som Rally, jau kunne slappe av og vente på sin dummy.

Snurrfilm>>>>
 
 
Raisa og Nina trenar på å stå :) dei er flinke!!
Alle tre damen poserar, Anne Lene var den som brukte kammra i dag :)
Raisa til venstre, Arwen og Rally, 2 års dagen blei feira i Ørsta !!
 
07.06.13
Trening eller filming, Anne Lene var med for å filme meg når eg kjøre Rally og korleis Rally agera i eit felt.

Eg la ut eit felt med 8 dummy før eg tok ut hundar, eg brukte Arwen som hjelpar, kjørte henne ut på første søk. ( ho gjer no alltid jobben sin gamla)

Deretter Rally for å sjå om ho søker eller slår på nasa, motoren på Rally er større enn nasa og ho er på eit slagsvis i den modusen, berre ho spring fort nok ornar det meste seg.

Ho plukka vertifall ganske spontant og farta var meget høy.
Ikkje alt er like bra og ho går over i store tomme slag, men ho spring ho står ikkje i ro, det er eit stort pluss for psyken vår.

Rally kjem nok med brask barm ein eller annen gang.
Eg har gått grundig i meg sjølv for å finne ut av dette, kva går gale, kva manglar vi.

Punkt 1
.. Rally har eigentlig ikkje heilt starta å bruke nasa, kjem det av nasemidd eller er det berre det at motoren er så stor at nasa ikkje er tenkt brukt?

Medisin nr 1
. er no medisin mot nasemidd.

Steg to er faktisk å observere og kjøre mykje godbit søk, det har eg gjort og oppservang som eg er på det eg må ha, kan ei løysing nærme seg.


Rally har hatt stor framsteg på godbit søk, frå å sjå på at, Arwen og Artemis tømmer godbitsøket fort til at ho plutseleg har funne nøkkelen til nasa sin og søker etter pølsebitar og finn dei.

Løysning på problemet kan ligg nært, Rally kan rett å slett har brukt livet på å springe fort og klart seg med det og synet, problema som vi har hatt kan ligg i nasa og no plutseleg fungerer den.

Det heng også på det at eg har trena mykje dirigering og ho har lær seg at det er eg som veit kvar ting ligg, ho kan berre høyre på meg så plukkar opp.
Oppgåva mi no er å tvinge fram nasebruk i trening og ikkje hjelpe henne sjølv om ho stoppar opp å ser på meg.


Har nokken hørt om det å være ærlig, somme hundar har ingen problem, somme hundeeigarar har heller ingen problem, alt er berre rosa, ja tør eg å skrive negativ ting om mine hundar, JA, og min handling og at eg har feil ..

Ja eg gjær ting eg ikkje 100% har tenkt igjennom.

Hundetrening består av å få til den hunden ein har, men ein skal ha lov å være skuffa av og til også kunne innrømme at ein slit med dit og datt. Uten å få stempel som udugelig, faktisk er det av ting vi må bryne oss på det vi lære av, ikkje berre det vi for rett opp i fanget.

Eg trenar for å komme til elite, og eg veit kva som trengst.. eg har nemleg vore der og veit kva unotar ein ikkje bør ha når ein endeleg er der.

Rally kunne kanskje fått lov til å være meir ulydig seier somme, ho skulle knalla meir ho skulle fått drusa på og lært seg å ta skeia i eigenhand, blidt sjølvrådig og ikkje hørt på meg.
 

Ja dette har eg ikkje ville etablert, kan feilen ligge her, disiplin?

Men kva har eg,
sjå litt filsnutter :)

Jau ein god grunndressur på ein steike stor motor, ja her sit ho i passivitet , kjekt å kunne>>>

Ja og her kjøre ho felt som var skjult>>>

Ja og her kjøre ho rett ut over vatten, hørt om sit og bli ho kan også det>>>
 
06.06.13

Tur, i går var det langtur litt med sparkesykkel + rusle i skogen i det flotte vær.

I dag har eg trent LP med Rally og vi held på med naseprøve momentet, hum og ho har fått pølsesøk, ja riktig, eg må teste om middelet mot nasemidd fungera eller det er rein innbilling at det kan ha si årsak til at Rally har kopla frå nasa si. I tillegg har det vore trim tur og heilt plutseleg kan ho faktisk gå fint i koppel :)

Ein og ein pølsebit, ho må leite grundig før ho finn, men ho brukar nase, yes kanskje det går rette vegen og tuppa slår på igjen nasa, det blir nok.

Mimre på bilde når ho bruka nase bruka å hjelpe på>>>
 
04.06.13
Eg med Arwen og Rally ;) foto Pernille
 
Hoppandesglad Rally :) praktiserar nå som kosehund...
 
04.06.13
I går var eg til veterinær og fekk første behandling på alle 3 hundane for evt nasemidd:) dette er vanskeleg å stille diagnosar på, men det er vert eit forsøk, Rally slår ikkje (bra nok) på nasa om det er fordi den ikkje fungera eller ho ennå ikkje har skjønt ho skal bruke den… seint modna er ho vertifall.

Ja ja, må nok bestille time med optikar også til Rally, sidan ho ikkje ser det som ligg rett ved beina sine, hi hi, men her handlar det vell mest om å ville sjå eller..

Her må eg nok berre innsjå at det einaste som hjelper er å kaste fløyta, omskolere til kosehund på ubestemt tid.


Rally har mange svert gode eigenskapar og dei andre brikkane vill nok komme på plass litt etter kvart, men for meg som liker denne sporten er det ikkje moro å oppleve berre nederlag på nederlag.
 
02.06.13
Nytt blad i boka :) det er det mest fornuftige eg kan skrive i dag.

Det er steintøft, eg som har gledet meg så enormt til å kjøre BK hund igjen og for det ikkje til, hjelp eg treng ein nøtteknekkar.

Når det er nemt så er saken den at det koster meg ikkje ein kalori lenge, er har tatt ein viktig avgjørelse om at dette er ei fillesak.

Om Rally modnar fortare i sola står igjen og sjå, men ho er verden beste Rally, verdens beste på passivitet, vedens beste på å være heime, (heime er best synast ho) og eg trur ho like meg, for ho har verdens beste fart heim til mor :)

Det var likevel ein fin opplevelse på jaktprøve, kjekt å treffe igjen hundevenner med felles interesse i retrievermiljøet.

Eg glede meg på andres vegen som har lukkas med sin hund i dag og i går!!  Det er så kjekt at min favoritt (Odin) gjort det så bra, han blei best i BK i går og best i AK i dag:) den Golden gutten liker eg så godt, det er ein herlig opplevelse og sjå han i arbeid!
Og treningsvenn Elin, tok heim 1 pr i BK på Maiken, gledelig, Erna og Sjadow som er nykommer i jaktretrievermiljøet tok også ein 1 pr i dag, herlig og ekstremt gledelig at nye kommer og lukkast!