Mars 2014-april 2014-juli-august- 2014

16.08.2014

 

16.08

I går var alle 4 ein tur til veterinær for nye vaksiner, 4 flatter i koppel til vetrinær gjekk bra det, dei kan og oppføre seg berre dei veit at eg ønskje det :) Men, i går kveld tok programvara for heimesider kvelden så no må eg tenke skal eg lage ny på one.com der eg har webhotell eller skal eg finne meg eit nytt program, tenker.. programmet kraset etter ein ny Windows oppdatering trur eg og vi for det ikkje til å virke igjen så so er det. No prøver eg å oppdater litt i word så tenker eg :)

 

13.08

Det har vore ei kjempe kjekk hektisk helg på oss, vi har våre til Oslo for faglig påfyll innen hundetrening, det liker eg..  Ranja og Rally oppføre seg eksemplarisk i dei fleste samanhengar, Ranja litt meir krevjande enn Rally, men det liker eg, hund med litt trøkk i er bra, Rally er den lille snille piken som er alltid til stede utan å gjer så mykje ut av seg, herleg hund Rally tuppa mi.

Målet i tillegg til faglig hundtreningspåfyll var bevegelig BK på Elverum. Ranja som eg har leiet  inn for å teste korleis den jaktlegeeigenskapane hennar er skulle i ilden.

For å  skaffe meg ein peikepinn korleis Ranja agerer på prøve, må ein stille, eg blei ikkje skuffa, det gjekk bra,  og jaktpremiering er i boks på Ranja, vi fekk ein 2 pr.

Det er vell ikkje til å legge skjul på at eg er så nøgde og at kvalpeplanar på Ranja er på papiret.

Kjem begge brune søstrene med løpetid i lag så blir det ein hektisk vinter her med oss, men det skal vi klare.. Vi venter, men mens vi venter skal vi trene og kose oss, så eit og anna nytt kjem det nok her, vertifall blider :)

 

Rally og Ranja på besøk med faren sin + ein halvbror, fantastisk flott gemytt og hundetolleransepå disse gutta.

 

05.08

I dag har Anita og Raxo vore  ein snarturinnom, Raxo skulle få bryne seg på alle 4 damene her, det likte han godt, kjekt å få leike seg litt i lag med Arwen, Artemis, Rally og Ranja.

Alle fem hadde det supert, god hundetoleranse, ingen kamp om resursar her og sit kann dei !

Etter på var Rally, Ranja og Raxovattentrening, det gjekk veldig bra, Symje kan dei alle tre, Rally og Ranja er meir enn svert flinke på vann, Raxo har ikkje den mengdetrening som damene har, men Raxo var svert flink i dag.
Raxo gjor ting han aldri før har gjort og fekk auka sjølvtillit på avstand på vatten. Hipp, hipp, trening hjelper på alt.

Artemis, Raxo framme, Rally, Arwen og Ranja til høgre.

 

03.08

Vi har fin sommer ennå på Sunnmøre, og det er kjekt når ein er mykje ute ..

Hundefolke
er ute sjøl om være er surt, men i år har det berre våre finvær heit utrulig.

Litt tur og litt trening og litt fritid på hundane, i helga fekk Ranja ei lita økt med dummy, litt småting er det med henne også som med alle andre hundar, har vi dagen eller :) men stor sett er Ranja flink.

Ranja er veldig god på passivitet og er heilt uten lyd, stressa ikkje og eit godt emne til jaktprøver, kjekk å trene og med henne er det mulig å nå langt. Ranja brukar nesa og vind svert godt og i tillegg har ho god fart i arbeide.

Ranja og eg går ut huskedummy, foto Hans Emil.

 

01.08

Ranja er ein fantastisk hund å bli kjent med, nå har eg ikkje trena henne så mykje ennå, men det eg ser og opplever er supert.

Jaktprøver er påmeldt så då for det vise seg om vi er dugande eller ei.. Rally har gått heilt i hundrede, ho tåler rett å slett ikkje å dele meg, og har konvertert til «Duracell»

Eg
går ein del ture med begge to, prioritera det, men litt trening inn i mellom blir det. På tur går begge roleg og fint i koppel oppføre seg eksemplarisk, går bak og rettar seg etter alle vink frå meg, stjernepar som er super lydige.

Rally er eg på terp stadiet igjen med, ho skal bli lydig og forsette med det, vere ulydig hund passer ikkje henna ..Vi tar derfor små treningar med grepstrening,  teikntrening, i tillegg må ho lære å gå fot perfeksjonistiske igjen .Så for eg sjå om eg for trena litt i lag med andre dei kommande vekene, mest med Ranja, Rally kan det som trengst til BK, berre ho vil (møte meg sjølv i døra når eg seiar dette) men eg har fått mange råd om å ikkje trene, la hunden bli sugen på jobb. Ja ja..

I dag fekk Ranja være med på butikken til Siv, vi trengde godbitar.. ja ja  som det rolege, veloppdradde, trygge hunden som Ranja er går det fint, ein klare ikkje å sette henne ut av spill, Ranja er trygg til tusen. OG eit flott eksemplar av rasen å vise fram !

Ranja må posere ho også, pelslaus viser eg ho fram ! :)

 

22.07

I dag var det Rally som var med meg på trening,  ho var ikkje heit,  ikkje heilt lydig heller.

Vi hadde ei superkjekk trening med vannarbeid, Rally symjar raskt og effektivt dit ho både skal og ikkje skal.. både med og utan påverking, men eg er ikkje flink nok med Rally, ho var litt likegyldig til jobben i dag, og vi skuldar på varmen..

Rally er likevel ein svert behageleg hund er til stede og stresse er det eg som styre, men eg må revurdere kor vidt eg vil ha ho lydig eller ho skal utvikle seg som ein ulydig hund som ikkje går å styre.

For meg passer det dessverre ikkje å ha ein ulydig hund, det liker eg ikkje og eg blir stressa av det..

Har derfor bestemt meg for å slutte med dette dille med at ho skal utvikle meir sjølvstendighund, det funger ikkje på Rally og ikkje på meg.

Rally fungera betre når ho har med konkurrent og ho fungera bra som makkerhund, då kan ho både det og det. MEN skal ho være makkerhund, kan eg ikkje la ho utvikle seg til ein ulydighund, nei Rally gulltuppa mi skal nok få lov til å bli lydig igjen..
 
Yes :) dette gleder eg meg til.

Grilling, Kari hadde med seg heimelaga potesalt, pølser, brød og grillkol, Kari fyrte opp å grilla i pause og vi hadde det supert heile dagen ! Rally var heilt ferdig trena trur eg, og ho fekk inn siste dummye sin ! eg kan derfor ikkje berre klage. Tusen takk for ein flott dag, eg har det alle tiders.

Rally gulltuppa sit roleg under grillinga, sniffer pølselukt. :)

Golden gutta ser over til andre sida, godt med ein symjetur over der ja :)

Toppplass til trening, eit hav av store å små øyer, mange muligheter

 

18.07

Er så glad det bobler, Ranja og eg har funne tonen, Ranja er rett å slett ein perfekt hund!

Treninga i dag starta med at vi gjekk ut i lag, Rally først, vi gjekk langs eit vann, stoppaopp å kasta ut på ei øy tre dummy. Vi gjekk vidare til eit område der vi la ut eit felt, 9 dummy, tre til kvar hund. Rally gjekk som nr 2 og plukka inn sine tre svert fort, veldig tungt terreng. Så vandra vi vidare til eit lite nes og sende så ut over vann til ei øy, Rally er Rally.

Løyse oppgåver på trening raskt – i dag var ho høg og mykje høgare enn ønska, grunnen låg i bilen, Ranja :)

Eg gjekk så etter Ranja, treningskompisane hadde fått beskjed om å legge ut eit felt på 6 dummy til Ranja medan eg henta henne. På veg til felte stoppa eg opp å kasta nye dummy til øya før eg vandra vidare. Ranja fekk gå felte og plukka inn 6 dummy utan påverking, vannarbeidet er av type AK-  arbeid, Ranja er godt skolert, lar seg enkelt dirigere ut til øya og søker bra til å ho gjer funn og ho er raskt  heim. Ranja fekk også 4 markeringar på land, god avstand, ho markerar som ein drøm og bruker nasa og vind bra !

DRØMMEHUND.

I dag var det vann på planen. Her poserar Ranja som mitpunkt i lag med goldengutta. Ranja er like fotogen som sin mamma og søster Rally, fantastisk hund!!

 

I dag var det vann på planen. Her poserar Ranja som mitpunkt i lag med goldengutta.

 

16.07

JA, opplevelse som varmer hjerte godt! Ranja var med på fellestrening i dag og du for ein hund, passivitet, null lyd sjølv om eg provoserte for å teste. Riktig adferd i feltsøk, går djupt, søker med vellanlagd søk, bruker nasa svert effektivt. Markering, ein drøm.
Neste fellestrening er allereie spikra, så herleg å være på trening med Ranja.

(og ho var med som singelhund) trur ho sette pris på det, vertifall gjor eg det). Til kvelds, var eg i veg og gjekk eit 24 timars spor med Rally, då var ho åleine hund med meg, Rally nytt det og løyste sporet med stil, gull Rally.

 

Ranja flinka :)

 

12.07

Tur med Rally og Ranja i dag, det er varmt og eg kom meg i veg tidleg på dag. Vi gjekk i skog med rås inni skogen så skygge var det, det stod derfor ingen ting på søstrene brun.

Ranja er som Rally veldig triveleg hund, lydig går fint i band, ja såkalla perfekt i mange daglige situasjonar.
Lett å stelle, eg har både klipte, børsta, klipt klør, rensa ører, undersøkt henne, i tillegg har ho vore med veterinær for å få vet attest til forsikringa og ho blei øyelyst.

Ho oppførte seg flott og fekk skryt både av oppførsel, gemytt og dei flott øyene :) hi hi, supplement som er kjekt å få.

Rally med sele, ei kvilepause medan eg tar litt bilde. Rally har sele på grunn av at ho dra meg i motbakkane og det klare ho fint. Tilbake går ho bak, veldig lydig aldri noko tull med det, dette kan ho. Ranja gjor som Rally gjekk fint bak på tilbaketuren.

 

11.07

Eit utdrag av dei to siste månadane i blider.
Eg har tatt ein del blider, trena litt hund, gått masse tur og trena meg sjølv fysisk , og eg held på med huset, beise og litt vedlikehald må til, det tar sin tid, derfor  naturleg at eg ikkje har fått oppdatert her så mykje.

Rally har starta med sportrening og det går svert bra, ho er flink!

Litt LP-trening har vi også fått tid til, men eg er ikkje flink til å motivere verken Rally eller meg sjølv, så LP- treninga vår er litt slik halvhjerta frå mi side.

Jakttrening har vi lagt på is, Rally er så grunntrena der at vi treng ikkje trene, vil ho gjer det bra så kan ho det som skal til ! Eg venter ennå på at ho skal få løpetid :) Artemis har ikkje fått ny P-sprøyte på grunn av, at eg fryktar at ho held Rally tilbake, no for vi sjå om det stemmer.

E
lles så har eg vore så heldig at eg har fått låne søstera til Rally «Ranja», for å trene jakt til prøve, eg har planar om å starte henne på jaktprøva til Trondheim, siste helga i august.

Eg kryssar derfor fingrar for at ho ikkje skal få løpetid før den tid. Ranja er gruntrena, men ho må ha ein del målretta trening før vi er i boks. Markeringstrening både på land og vann har vi prøvd,  jobb må eg legge i skal eg klare å få ho klar, men det skal eg klare.  Eg  liker å jobbe med Ranja, triveleg hund som treng og «liker utfordringar».

 

Ranja poserar med dummy :) flink hund med korekt grep på alle dummy :)

Bilda er frå sandsøya, heime i frå min bardomsheim.

Rally så rak og kvik... ho skrur seg til himmels no når ho har fått konkurrent :)

Gulljenta Rally er min lille gode, raske, lydige hund, gullet til mor !

Og her er vi og henter Ranja, Lill- Ann og Ranja, og meg og Rally.

Heime på sandsøya, ja eit knips mot lufta.. blir nok jakt på denne arten ut på hausten.

Mor og datter på tur Arwen og Rally.

Artemis og Arwen på badetur.

Fellesdekk, ja det er ein øvelse, Rally og Arwen er flinke til.. jau her ser dei på meg siden det er eg som tar bilde.

 

Arwen 10 år 7 mai !!

Arwen har passert ein milepel 10 år, ennå frisk og rask, strutta av arbeidsiver, glad, vill, og svert snill i tillegg har ho nesten alltid noko i munnen sin.

Arwen 10 år 7 mai !!

 

06.05

I går var eg, Arwen & Rally i veg for å trena litt LP, Arwen jobba eg med ruta, ho blei til å med frustrert, bjeffa før ho skull løpe ut, slik er det å tende hund, men det fungera jo.

Elles så fekk ho ta eit forsøk på moment som ho liker godt til slutt, det er stor belønning til henne, hopp over hinder etter apport, det elskar Arwen, eller ho liker å vise seg fram. Kjempeflinke var ho, tempoet kan målast med mange !! og i morgon er gamle mor Arwen 10 år og struttar ennå over av arbeidsmoral og fart.

Rally fekk ei kort økt med fri ved fot, ja full fokus heile tid, det går absolutt rette vegen, Rally er ein meget eksplosiv hund som ikkje skal slokne. Blir spennande no når vi setter inn høggiret på sportrening, eg må vell ha med meg anker for å dempe på farta…

 

01.05

Lydighetstrening på onsdag, det går rette vegen Rally hadde et intenst blikk ved forflytning, så herlig at vi er på rett veg. Arwen går som ein drøm fri ved fot og ho kan gå lenge.. det momenta som Arwen har slite mest med er ruta og det er no ikkje Arwen, men trenaren henna meg som ikkje gir den rette treninga. Ho har fungert på trening med target i ruta, men på konkurranse har ho rota litt, derfor har vi kutta target trening og prøve noko nytt på Arwen.

Rally er på ein måte meir eksplosiv enn Arwen, men ho viser det på ein helt annen måte. OG Rally må trenast på ein annen måte også. Skal ein vekse som trenar må ein møte litt motgang og ha litt is i magen så plutseleg løyse det seg litt etter lit.

 

Har i år fått ein god del hjelp å tips frå andre som trena hund, og det hjelpe på å holde motet oppe + eg har vore på eit par kurs i LP, det gir alltid litt nytt innputt. Har også fått nokre gode tips frå bruksfolket om korleis eg skal trene Rally og det varmar når ein føler det er nokon som vil mit beste og at eg skal lukkast, takk for gode tips og råd.

 

30.04

Utstillingstrening i går, Anne Lene har ikkje trena Rally på eit år, men Rally og Anne Lene er eit team frå første øyeblikk, ho er flink med alle våre hundar!

Eg og Arwen trena litt fri ved fot når Anne Lene trena ring med Rally, Arwen er skikkeleg tend på å jobbe for tida, det er herleg. Eg er også tend på å trene LP, både med Rally og Arwen.

Rally er ei rask type og vil bli kjempebra med litt jobb over tid, alle apporteringsmoment inne LP har ho svert god forstand på også naseprøve apporteringa, så Rally er kjempeflink! eg skal nok få vist det fram etter kvart. Blodsportreninga vår skal også snart settas på dagsplanen, så arbeidslaus blir vi ikkje med det første.

Den 7 mai er Arwen 10 år og det skal feirast ved at eg og Rally tar ho med til Bergen ein snartur, glede meg til å besøke Ann Lovise som vi skal overnatte med, skal bli kjekt det :)

Rally poserar i ståande stilling, såkalla oppstillings posisjon !

 

28.04

Heime etter ein kjekk treningshelg på fossheimen, supert opplegg, velorganisert til minste detalj. Rally og eg var deltakarar + kullbror Raxo og Anita og mange andre gode treningsvenner.
Rally og Raxo budde i lag i bilen min, og det gjekk veldig bra, Rally som liker seg best heim heldt ut! Markane og område, vertskapet på garden er berre topp,  verkeleg trivsel der. Ser fram til ein ny tur neste år :)

Eg er i bra form for tida og det kjem heilt sikkert av at eg er flink til å "trene meg sjølv", det var ganske hektisk, trene eigen hund, for så å stå på og være medhjelpar på ei ny gruppe, tida går fort når ein har de kjekt. Eg held bra og tida gjekk svert fort som ho gjer når ein trivast. Vi avslutta søndag med ein såkalla WT, topp opplegg, det å drille seg sjølv på kjøring er bra og dette tiltaket setter eg utruleg høgt, TAKK til pådrivar og organisator Grete for tiltaket.

Bilde over er fra WT på søndag, Raxo veks og blir ein flinkkar til slutt det er eg heilt sikker på !

Raxo, kullbror til Rally, herleg hund med ro og gode apporteringar, svert lydhør:)

 

22.04

Denne Rally dagboka handler ikkje berre om Rally, men hund er hund, slekt er slekt osv.. Skal eg kjøpe meg ny hund så liker eg også å vite mest mulig om slekt..

Derfor det som handler om Rally., handler også om henna nære slektninga, trene hund eir ein ting gener er også ting.

I dag er fokuset mit retta mot mamma Arwen og datera Raisa, kullsøstera til Rally. Og som tidlegare nemnt så har eg dratt fram igjen Arwen som treningshund, dette for å presisere for Rally at ho ikkje lenger er føstevalget mit.

Eg blir eit nytt menneske kvar gang eg trenar med Arwen, ho gir alt for eit stykke jobb og det har ho alltid gjort, Arwen er hund ein kan stole på. (OG slik er Raisa også).

I dag var det Raisa som skulle lesast og hjelpast til med dette momentet som ho ikkje heilt he fullført symje.. !!

Vi starta med felt og som sist, planlegging er det viktigaste, korleis vi skal agere vist ting ikkje går som vi he tenkt.

7 stava 7 dummy, flagg med vind retning, lese hund, når tar den vitring, held ein lenge nok på vitring og fullføre hund vitringa til funn og bringer heim.

Arwen
går først for at vi skal sjå korleis ho løyser felte.

Arwen kan sine saker vertifall i dag, :) går eit flott felt og dekker ganske proft heile felte utan å gå igjen ein millimeter, bruker nese og vind etter boka ! Det gjer Raisa også, går som sin mamma, bruker den lille vind/vitring som er og plukkar inn 7 dummy svert raskt utan å tappe motivasjon, Raisa er svert lite trent, så eg er grøn av mi.., kvifor kan ikkje Rally med gjer slik…. Ja sei det, til å med hundar er forskjellige, også om dei er kullsøsken.

Symjing, jau vi fekk Raisa til å symje, det skulle ikkje så mykje til før ho kom på at det må symjast skal ho klare å bringe heim dummy frå vann. No har Raisa det som skal til for å komme seg på Jaktprøve, manglar berre kvalifiserings prøve.

 

Raisa inn å avlevere, her jobbar ho med felt.

Symjing, ja litt plask, men du så fort Raisa blei kjempeflink.

Ja så gode flinke Arwen då :) Arwen blir 10 år 7 mai, ho er fortiden i topp form, god kondis, blank og fin i pelsen, ser faktisk ung ut ennå..

21.04

I går pumpa eg opp sykkelen og tok meg ein tur med Rally, sykle ut litt luft av bråkebølla Rally, eller høg på pæra Rally :) Rally er alt på ein gang, verdas enklaste og lydigaste hund, men ho har så mange plutseleg påfunn at ho er med andre ord full av uforsigbare påfunn. NØTTA mi.

Eg
og Rally hadde oss langtur, litt på sykkel så lang tur i skogen i band, berre rusle og være til utan noko form for påfunn verken frå meg eller henne, verken fløyte, godbit, eller noko treningsremedie var med.

Kun ein herleg tur til slapp av trening, ikkje gjør det slag.

 

 

20.04

Her med meg er det store endringa på gang med hundetrening, Rally er nedprioritert og Arwen er oppprioritert. Eg er på gang med å trene LP med Arwen, nedprioriterer jakttrening og vil prioritere LP- også med Rally litt etter litt, håper berre ho kjem med løpetid snart.., den er etterlengta.

Regna med at grunnen til at ho ikkje for løpetid er at sjefen sjøl går på p-sprøyte, Artemis:) eller veterinæren har sett sprøyte P- sprøyte på feil hund, eller på ein ekstra hund.. he he..


Arwen har vore med på alle jakttreningar og andre treningar i tillegg til Rally, Rally er ein veldig god hund, men ho har over gjennomsnitt i IQ :) det vil då sei at den som trena henne må være over gjennomsnittet flink. Arwen er reine ungdommen så ho tåler godt å være førstevalget mit, ho elskar alt av trening og er så flink, kondisen henna er også veldig bra. Vi har trena ein del vannarbeid, både med Arwen og Rally, flinke hundar. 

Alt vannarbeid eg gir mine hundar er nøye gjennomtenkt  og eg har lukkast 100% med momenta dei har fått.

Eg trenar heller aldri med kast på ope vann det må så være eit uhell, eller hundane kun skal vaskast eller dummyane treng ein vask, såkalla leik etter trening.

Litt treningsvenner har dukka opp og ville trene litt i lag med oss, det blir vi så glad for  !

Vi har derfor trena litt med vilt og vi har trena vanskelege markeringar, Rally er rå både på fart og markering, når ho veit at eg har fole lett for å byte hund. Felt har vi også trena utan makker hund, opplegg på open mark med godt markerte apporter for oss, dette for å kunne lese hund bra, Rally hadde bra nasebruk, heldt på vitring, vitraut, kom raskt heim, ingen feil på trening!!! så Rally er god!

I tillegg har eg fått bruksekspertane til å hjelpe med å lese meg og Rally på feltarbeid, så lenge vi må igjennom BK så må vi få denne hunden til å fikse eit felt utan makker påverking.

Det er heilt ok å kunne takle masse stress utan å skru seg opp, men ho for aldri bruk for det kjem vi ikkje oppover i klassene, så sjølvsløkking er på gang.

Arwen
er siste nøkkel før vi gir opp, motivasjonen til Rally er høgre når ho veit at eg helt plutseleg bytter hund.

Lp-treninga, ja vi trenar, det som er bra med Arwen er nesten alt, det vi må jobbe litt ekstra med er ruta, det må eg repetere litt eller masse slik ho blir sikker på den.

Alt det andre går ho til høgepoeng, sett med mine kritiske øyne, berre det klaffer, eg har derfor hund å jobbe med så eg har det topp. Rally har også alle momenta inne til kl.1 og 2 på plass, ser eg bortafrå lineføring fri ved fot ;) ja berre smil, ho sinker, eg er på nytt ikkje flink nok til å holde motivasjonen oppe på henne. Dette jobbar eg med og skal klare å få det til før ho blir pensjonert :)

 

Her er nykommer Siv til venstre, med Zara, Jan Pål og Odin, Kari og FonzyArwen & Rally..

Odin til Jan Pål (treningskompis) vi trena litt vilt med Rally og Odin. Vilt veks ikkje på tre så vi brukar det vi kan klare å skaffe, kråker fungerar bra:)

Alle tre gulla våre:)

 

10.04

Tur i går uten Rally, Arwen og Artemis var super heldig og fikk være med meg på tur.

Rally ho var endå heldigare og var med meg ein tur i skogen med kaster ho fekk tre markeringar + litt feltarbeid :) Maken til heit hund, seiar ikkje meir, Hans Emil såg på sin mamma at ho var supen nøgd med tuppa Rally. Ein god dag! Og den tar eg vare på!

 

10.04.14
Rally øyenlyst  UA i tillegg gonioskopi UA, no venter vi berre at ho skal starte å løpe !!

 

08.04

No er eg ikkje så nådig, stakkars Rally :(

I går gjekk eg tur med berre Arwen og Artemis, Rally måtte være heime åleine.  Eg har sikkert gjort Rally så høg på pæra ved å sjå henne mest, at no får eg ris til eigen bak ?? eller jau jau vi for sjå. Rally er nok perfekt for svert mange, roleg og lydig, men eg vil ha hund som gir alt til å med er ulydig av og til !

I går hadde eg med Arwen til Lp trening og Rally, men eg trena masse fri ved fot med Arwen, luka til bilen var oppe og Rally, ja ho er degradert til tilskodar. ( ho var ut og var med på ein felles sitt og ein felles dekk) elles så måtte ho berre ligge i bilen. Rolege, lydige, motivasjonslausehundar må prøve dette ;) til motivasjon til å gjær noko anne enn å slappe av dukkar opp igjen. 

I dag var det endå verre, eg hadde med ei boks med pølser, to hundar, detvilsei Arwen og Rally..

I koppel måtte dei gå, Rally blei tjora og var på nytt kun tilskodar, Arwen fekk gjær det ho elskar høgast på denne jord, hente dummy. Ho fekk 4- 5 markering, to utsendingar og eit stort felt på 7 dummy, Arwen jobbar som ein helt, raskt, feilfritt og fekk pølser til belønning.

Så var det berre å rusle til bilen igjen, i koppel.

Eg var veldig tilfredse med å sjå korleis Arwen jobba i dag, håper Rally også blei det. Heldige Arwen, ho skal få fleire gode økter med dummy henting, Rally liker vist å sjå på, kanskje kan ho lære noko av å være tilskodar ikkje berre skuespillar.

 

 

06.04

I etter middag måtte eg berre mimre litt på film, her er ein liten snutt tatt av meg og Rally 1. april, Anne Lene filmer oss >>>>>

 

 

Då har eg vore uten søvn i eit og eit halvdøgn på grunn av desse hundeproblema mine, gruble er ikkje bra, eller det kan vell være nyttig det også, men eg tviler på om eg blir kvit problema mine ved å gruble meir. Det eg må gjer er å leite etter alt det positive som eg kan komme på og setter det opp i mot det som ikkje er bra.

Etter som eg tenker blir det så, Rally snuppa er verdens beste, tenke å ha ein så god hund og ikkje få den til. Rally, er rå på fart, ho er rå på passivitet, ho er rå på hundetoleranse, ho er rå på jaktlydigheit, veldig lydig, ho er spontan på vilt, ho har gode grep og full fart heim.

Er det mine treningsmetodar som er så total feil, i tilfelle så finn eg vell ut av det ein eller annen gang.

Det enklaste er å kutte ut tanken på jakttrening, eller rett å slett slutte med det og nyte livet som det er.

Ein dummy kan velte eit heilt lass.

Litt LP i hagen blei det, eller rett ærleg eg er så var det kun fellessit, fellesdekk på Rally i lag med Arwen og Artemis, ja og her er eg også ærleg, Rally er flinkast.

Etterpå måtte dei sitte alle tre, Arwen fekk hente dummy medan dei to andre kun var tilskodarar.

Rally er god på passivitet, men har ein tendens til å bli varm vist eg trenar Arwen eller Artemis, kanskje eg rett å slett skal la ho bli stressa og frustrert, og ikkje la ho få hente noko som helst. Sitte på linje med ukjente hundar, kan ho gjerne gjære ei heil trening utan å bli frustrert :) men med Arwen og Artemis agera ho med å bli stressa/frustrert og merkeleg ulydig.

Neste trening eg skal på, skal eg ha to hundar på fot, det kan bli litt støy, men no leitar eg etter utvegar for å få opp motivasjonen, eller konkurranse om å leite fort som f opp den dummyen, og Rally skal kun sjå på.

 

05.04

I dag har eg vore på ei kjekk fellestrening som Jaktkomiten arrangerte, ups.. det var eit bra opplegg der alle blei godt ivaretatt og litt vellfortjent ros :)

Yr svikta, dei hadde meldt regn, det fekk vi ikkje, eg sei derfor at det er heilt greitt at dei tar feil av og til ! Kjekt å bli invitert til trening i lag med fleire ekvipasjar  dette treng vi, eg føler meg ganske håplaus stor sytekjerring, for ikkje til noko av det vi er flink til på heimebane,  av og til vil eg gi opp.

Det Rally har vore bra på dukka ikkje opp i dag, men gamle kjente problem var godt framtredande, dessverre. Det skal ikkje være enkelt.

Men eg er fole glad i hunden min så eg gir ikkje opp, Rally er min nye øye -stein og vil for alltid vere det uansett  om ho har dagen eller ei. Eg må berre bli endå flinkare til å handle henne rett og då tenker eg før vi går inn i ein arbeidssituasjon også, riktig oppvarming, riktig tilrettelegging for henne.

 

02.04

I dag har eg berre rusla med Rally, trena litt LP i hagen, testa litt neseprøve momentet, jau ho hadde ikkje gløymt det, vi tok tre omgangar med same pinnane, men brukte forskjellig utlegg mønster.

Fellessit og felles dekk i lag med Arwen, tida er inne for å starte finpusse på både dit og datt og det hjelper. 

Jobbar litt med dummy grepe hennar … blir  betre og betre, men vi er ikkje i mål.
Dummygrepet er nok det som er det vanskelegaste for oss, og der skoen trykker hardast, faren med å heile tid ikkje være nøgd er å bli negativ til heile apporteringa.

Byting av grep på veg inn er ikkje noko eg vil ha og belønner aldri dette, har slutta med å gi henne eit betre grep når ho kjem heim, det løyser ingen ting, men fører til grepbytte  på veg heim. Ho tar ofte eit bra grep nå så det går rette vegen, men kjem ho med eit slarvete grep, blir det aldri belønning, men eg prøve å ikkje være negativ sidan eg ikkje vil drepe intensitet. Vegen eg jobbar med no er å få eit faster grep i opptaket og håper eg kan klare å få det til litt etter litt, ingen har sakt det skal være enkelt å trene hund, eller jau har nok hørt det også!

 

01.04

Ein kort kosetur i skogen i lag med Anne Lene, ta livet litt med ro nyt det i lag med dei eg setter aller høgast, barna mine, som ikkje er barn lenger med vaksne kjekke ungdommar. Ro finn vi i naturen, kanskje det billigaste og beste medisin som finst mot det meste. Rally og Artemis var også med, Artemis var ikkje i humør ho måtte gå i koppel, 1 april er det bandtvang og ho må berre gå i band, så stor utfartstrong som ho har. 

Rally er som si (mamma Arwen), held seg på fot eller bak, eller like i nærheita, Artemis liker å sjå seg litt rundt ho :)

Meg, Rally og Artemis :) foto Anne Lene..

 

30.03

Då er dag to av konkurransetreninga vår over, vellykka for min del synast eg. Momenta vi har hat fokus på er føring og det å klare handle ein hund til det beste, to dagar med trening, reising, billigging, ja det tar på.

Eg har ei god trøst og det er det går rette vegen, eg fekk ingen ungdomsstjerne, men håper og skal  få etablert Rally som voksen hund, ein eller annen gang! ho veks! I dag var det litt trening av ein WT liknadens  momenteter og då også fokus på føring.

Vi brukte, leder, ein såkalt simulerdommar, det er nyttig, veldig nyttig, vi for hjerta til å hoppe litt og ikkje minst skjerpe oss. 5 poster med forskjellig  grad av moment, litt trøkk, litt enkelt, dette avhengig av kva type hund vi har, om det opplevast som enkelt eller vanskeleg.

For Rally sin del gjekk det bra det rundt fot, roleg konsertert, null lyd eller stress adferd, eg kunne tenke meg henne litt høgare oppe, Rally jobbar aller best når trøkket er høgt. Raxo
var der også og han gjor også sakene sine bra, alle markeringane løyser han på ein roleg og sikker måte, hund ein kan stole på.

Vi avslutta med litt markeringstrening ut frå linje og med ein kaster bak ein igjengrodd steingard med gult svert fintgras, godt moment. (når eg skriv svert fintgras så er det foto interessa som smyg ut ein kommentar) Mykje flinke hundar, 7 hundar på linje null knall, flott gjeng som er herlege å jobbe i lag med.

Takk til dokke alle som gjor denne helga unik og kjekk.

Ny dag på veg til trening, nok ein dag med ein fantastiskvær, her er bilde frå fergekaia i hundedvik.

 

29.03

Dagen i dag skulle viast til konkurranse trening, gjester skulle vi få i frå eit anna fylke, men ting dukka opp og dei kom seg ikkje i veg, trist for dei som gjekk glipp av ein super dag på Moltufjellet.

Konkurransetrening kan være så mangt, men vi hadde fokus på føring, eller handling, dette med å bli flinkare på den biten er viktig for oss alle. Handling handlar om alt, ein slik liten bit som å huske kvar dummye blei av, det er så mange moment vi på trene på. Vi har trena moment i heile vinter og dagen er komen til å sette saman, og spisstrene opp mot prøver.

Det vil sei for min tankegang, må vi simulere litt meir ekte korleis vi skal kjøre på prøve. Det blei ein svert lang dag, men med så kjekke treningsvenner er det vell verdt det. Kl jau vi kom fram kl 10.00 og reiste heim 17.30, dagen var svert godt brukt. Eg var heime i Sykkylven kl 20.00

Rally det er vell det det skal handle om, men Rally er søstera til flinke Raxo, Rally og eg greidde oss bra i dag ho var flink ! Raxo er berre endå flinkare og det varmar hjerta mit godt ! Anita har gjort ein bra jobb, han er ikkje overtrena, lite trena, men her handlar det om kvalitet i kvar ein apport.
Bilde ja slik er det på konkurranse trening, venteplass med ringband for hjerte til å banke, detaljer må være med.

KJEKK dag !

 

Anita og Raxo, etter endt igjenomføring av konkurransetrening, Anita har svert god grunn til å smile :)

 

27.03

Ingen trening i går kun tur er så stolt av meg sjølv .. dette å legge trening på tørk og kun tenke kos å tur, er ikkje lett for ein treningsnarkoman, men det må til.

Så har eg flink hund også, ho koser seg på tur og er naturleg veldig lydig, slepp å kalle inn, ho er berre  der og held godt kål på kvar eg er.

I dag derimot har eg trena litt «fot i line» denne øvinga er det eg treng i alle for flyttingar inn og ut av prøver, Rally har ein tendens til å flytte meg og ikkje omvendt.
Her må eg mentalt være innstilt på å vinne og ikkje la ho spurte inn, men la ho gå fint på fot, og utan eg skal måtte bråke om det. «Små midlar!»

Ja å så har eg trena litt i hagen, fri ved fot til LP-bruk, usj, skjønner ikkje dette med tempoet hennar, men eg jobbar for å endre henne eller meg til å bli meir positive til denne øvinga. Mål om å få det til har eg, så det blir.

 

Etter tur i går, måtte posere litt før ho jumpa inn i bilen!, det kan ho :)

 

Denne stokken har eg brukt mange ganger til over trening, men har aldri tatt bilde av den før.
I går var det tur uten trening, men med canon, komandoen over kjenner ho sjølv om der var ingen dummy til henting :) flinke Rally!

 

25.03

I helga har det vore LP-kurs.. ja det er lenge sidan eg hadde fokus på LP, det ligg nok på meg om eg klare å snu meg sjølv slik motivasjonen kjem tilbake for denne sporten. Litt lite gjennomtenkt frå mi side det å gå på kurs med ein så blank hund på trening, ikkje heilt rettferdig, Rally skulla kunne så mykje hadde eg «brukt berre litt» av min kunnskap på å trene henne mot LP.

Når eg likevell  har gått på kurs, så kjem det av at eg ønske å trene mot å starte i LP med Rally. Litt fleire bein å stå på er nok nyttig, kunnskap og treningstips er lett å bære, derfor kjekt med kurs. Har fått ruska opp litt i føringa mi og fått ein vekker om alle unotane, ja ja, det var ei lang lekse med unotar.

Har derfor masse å tenke over, steike kor enkelt dei har det dei som kun har hund.. ikkje LP-hund, Jakthund, sporhund osv… det blir...

Til helga er det meldt flottver og vi skal trene hund, gleder meg masse..

Vi skal ha såkalla konkurransetrening og planane er delvis på blokka, men litt finjustering underveis blir det.
Flotte fasilitetar av terreng ++ blir det nok, sjølv om meininga var at vi skulle være i Sykkylven, det er så kaldt om natta at snøen forsvinn nok ikkje til laurdag, i det området eg hadde tenkt å trene, trene i snø når vi kan sleppe blir det ikkje!

Flott ver er det i dag, tenkte foto, men kanskje i morgon :)

Eg har vore så på i helga + i går at i dag måtte eg berre roe litt ned, det blei på Stamina som vanleg, 1.5 time med kondisjon og styrke er fast på tysdag og torsdag, det heldt :) så det blei berre rusle i hagen å plukke hundeskit som ute aktivitet på meg i dag.

Hundane var på lang tur med Anne Lene.. hi hi heldige hundar eg har. MEN i morgon er det min tur, då er det fridag på meg og Rally, det blirl på tur/trening åleine, heldige Rally.

 

 

20.03

Vi fekk litt snø og det gjor godt, vi har derfor fått ei lita pause i treninga vår. Det har blidt kun tur, eg har fløyta rundt halsen, men bruker den ikkje på tur utan at plutselege ting kan dukke opp. ( det er eit arbeidsreiskap for meg)..

I dag hadde eg med alle tre på ein god lang tur, dei fekk ta seg vell ut, så trim blir det, frifart i eit par timar gjer godt for spreke hundar !

Når det er snø i tillegg så går det litt ekstra krefter både på hund og folk. I helga skal eg på kurs så det blir nok ikkje noko turing på hundane, Rally skal være med så ho for sikkert litt trening, eller eg litt påfyll av kunnskap, hodebry til meg :) skal bli kjekt med litt påfyll.

Komande veke har eg planer om å trene ein del jaktmoment på Rally, 2 veker med pause for holde for treningsnarkomanen meg..

ÅÅ
kryss fingra for at snøen reiser like fort som den kom.

 

 

13.03

Tirsdag var det lang tur på alle tre hundane + Anne Lene, vi gjekk ein del i rås i uoversiktlig terreng, det vil då sei at kommandoen bak må funke, mine tre hundar for aldri springe først der det er fare for å treffe på folk på tur. Kommandoen bak må då nyttast og den bør fungere.
Den slit mentalt på hundane også å måtte gå bak over lenger tid for so trøtte som dei var på tysdag har eg ikkje opplevd dei på lenge.

I går var det kviledag, eg hadde litt andre ting på agendaen enn hund og det var derfor sove dag for hundane!

I dag har det vore Rally åleinedag, det vil sei Rally og eg trenar heilt åleine. Treninga har i dag bestått av huskeapport, mykje fotgåing i skogen, linjer, sideteikn frå sit, bakut frå sit,+ vi avslutta med å ta oss ein fin tur, berre eg og Rally. Rally blir berre betre og betre og er ein utroleg flott arbeidshund.

Bilda frå turen på tirsdag, Anne Lene med hundane.

Mastrebygging, dette bilde er også frå turen.

 

09.03

Glad i dag vi har endelig trena litt trøkk! Raxo skulle trenas litt tøft og innvias i fellestrening med litt aktivitet, i dag hadde eg bestemt vi skulle bruke spiseskje i staden for teskje på han og Rally! Raxo gjor ikkje skam, verken på sin, mor, oppdretter eller eigar, han gjor saken sin til hundrede, eg er så stolt av ekvipasjen Anita & Raxo!!  Vi starta med å blåse støv av hundane, eller få opp intensitet og arbeidsmoral, eg let Rally ligge i bilen.

Eg skaut ut nokre dummy med dummy kaster, for å få dei varme i trøya:) funka som berre det, Raxo hadde fart stil, markerer perfekt, og er superlydig, rett linjer både ut og heim, svert fine avleveringer.

Rally fekk også to dummy  med dummy kaster, eg fekk då hjelp til å skyte til Rally, ho løyste oppgåve flott sjølv om ho måtte ligg ei stund i bilen før ho fekk ut, ingen lyd, ingen knall.

Elles så trena vi på eit høgt nivå, tilpass oppgåver til hund og det fungerte topp, Raxo imponerte både meg og andre, flink hund. Rally er rå, har linjer og fart som eg er nøgd med, vi gjekk ein del på fot, vi hadde litt passivitet, Rally er vertifall lydfri og held bra i dag. Grepa hennar var også bra og spontane på dummy, kjekt. Takk til vertskapet for treninga Jan Pål og Kari !!

 

Flø i dag, litt vind, men elles gode treningsforhold.

07.03

I går var vi veg og trena over igjen, eller lære fra oss korleis vi skal få hund til å bli god på vann uten å la seg stress, i tillegg forsere hindringa. Vi hadde igjen ei vellykka treningsøkt med denne flotte labbegutten, han har vore med meg nokre ganger og blir proppa av egentrenings moment.

God hund som veks på oppgaver. Eg kjempeglad når nokon vil trene (apportering med sin hund) i lag med meg og då dele eg gjerne litt treningstips.
Dette er elementære ting for oss som har trena nokre år, men ikkje for dei som er nye i faget.


Vi (eg og Rally gjekk ut to huskedummy, to plassar), så måtte ho i bilen. Eg gjekk så til elva i lag med labbegut og hans eigar for å trene litt ved vatn, då er det linjer langs vatten i tillegg til å forsere elva og ta seg vidare innover land.

Eg pella over mange tennisballar med krutlukt på, det skull derfor ligge igjen fleire til Rally. Etter ein del jobb med labbegut, gjekk eg i bilen for å hente Rally..
Henna adferd, ho fekk springe til elva og finne ut kven som var der, så kom ho fort som f tilbake til meg, ho fekk lov å springe ho stakk ikkje.

NO kom den store testen, sende henne over utan påvekning, i tillegg bestemte eg meg til å kjøre igjennom skogen før elva. Ja ca 30 meter før elva og ca 50 meter etter elva, rak linje, tempoet var Rally, apporten kom i hand, med kun ein kommando ut :) slike jenter liker vi !Huske dummyane etter elva var berre rått, rakelinje, fort som f, og desse linjene var heilt nye for henne.

I dag var det TUR med alle tre og i regn, herleg.. ja hadde bestemd ingen trening, men treningsnarkomani er ikkje greitt å leve med. Det blei derfor utgått ein husk, før tur i dag også. Vi hadde ein god trimtur alle 4, eg, Arwen, Artemis og Rally, trim er bra for alle. Etter turen tjora eg Arwen og Artemis, slik dei ikkje skal øydelegge for oss. Distraksjon kan ein bruke på fleire moment også på ein husk, eg pella ein dummy til kvar side av linja før eg sende, kjempestolt av Rally :)  ho kjørde feilfritt.

 

Ein lab til makker, topp!

 

05.03

Særs vellukka trening i dag, eg hadde eit gjennomtenkt opplegg som fungert. Standar klokke, med tre retningar. Eg starta med å finne ein mit, sette frå meg staven :)  tjore Rally i skogen.

Krutlagdetennisballer, tre punkt og alle over elv, 4 tennisballar på kvart punkt, totalt 12 stk. ALLE kom inn utan problem og dei fleste retningar blei brukt, så som bakut, rettut, sideteikn + ein stopp og side teikn, eg misbrukar ikkje stopp, for den er super bra. Når det gjeld stopp å søkder, så brukar eg det ikkje, Rally må gå i retning og bruke nasa si, eg kan stoppe ho og sette Rally i søk, men det momentet brukar eg ikkje, kvifor ikkje, jau dette er for å eliminere bort sprøsmålet om hjelp.  

Eg jobbar ennå med det som mål, få opp intensiteten i søket, utan at ho skal be om hjelp og eg bed ho plukke opp, «hjelper henne lite», det er derfor mest fokus på signal frå sit, retningar, programmere alle teikn, slik at når vi for bruk for teikn skal dei fungere..

«Søkder» kan ho så alt for godt og veit kva det betyr, eg vil ikkje ha vent på plukk opp signal, skal ha meir futt i søket, vil ha fram rampejenta Rally, ikkje berre snill pike hør på mor.

Vi tok oss ein fin tur etter trening og ho held seg rundt meg, er i tillegg super lydhør også på vanleg tur.

Flinke Rally etter trening :) det var ikkjemykje vann i elva, men vi klarte fint å få til ei klokke med vannpasering i tre retningar. :)

 

04.03

I går var eg og Rally på tur for å trene litt, men ho var ikkje heilt på modus og det blei foto i staden. Har ein bang følelse at ho har så mykje stimuli at trening kjem i andre rekke, tur, leik med Arwen & Artemis, masse gode dufter og jakte på i skogen osv..
Laurdag og søndag med tur + ei økt trening på søndag. Eg valte derfor ikkje trene henne når eg oppdaga at interessa var bar blåst bort.

Eg kasta ein liten dummy opp i eit tre, ja sjå bilde under :) vi måtte derfor tilbake til same område i dag for å hente den. I dag var alle tre hundane med, for eit tempo, kor kjekt dei har det, eg skjønner litt kvifor trening kan komme i andre rekke.

Uansett har vi plikter vi må følgje sjølv om det er full rulle, det er blant anna gå bak når eg befaler det, osv, litt lydige er hundane mine..

Eg og Rally starta med å gå ut ein huskedummy, då går vi på fot, både fram og tilbake, den er til etter tur, sjå bilde. Rally hadde igjen nok energi til å ta dummyen inn fort som berre Rally kan, avstanden er ca 100 meter og vi har heilt rett linje ut, godt nøgd med det eg.
Så i bilen og heim for å sove :)
Planane er, det blir eit par dagar med litt linje over elv, grunnen er yr.no :)mildt!

Då blir det berre Rally og ho for ikkje tømme seg på turing først, ho har meir enn nok kondis som det er.

Dagenshusk, ca 100 meter, to timar.

Nr 8 ja, Rally teller ikkje ennå heldigvis :)

 

Gårsdagens dummy :) henta ned i dag..

 

01.03

Mars og blankeark, ny side og nye idéer..

Rally blir grunntrena om igjen og om igjen!

Fantastisk hund til det ho er god på, så der er eigenskapar eg vil ha i ein hund, men om eg klare å vise dei fram er ei heilt anna sak og det kjem ikkje av at eg ikkje er god nok til å trene for det er eg.

Rally har det rett og slett topp, leve eit lykkelig liv, masse tur, masse trening, masse kos, for eit hundeliv.

I går var vi langtur, Rally og Artemis, tre timer med tur i hurtig tempo, i sterkt variert terreng, dette blir det både muskler og kondis av, det kan komme godt med.

I dag alle tre, Arwen, Artemis og Rally, fullrulle og det er ein sterk og muskuløs gjeng. Artemis virke ikkje så kvikk i det daglige, men når ho blir «pressa» les hekta på det Rally har i munnen (les pinne)har ho enorme mengder med energi og gir seg ikkje så lett, men i dag såg eg at ho klare det ikkje så bra lenger, ho har møtt sin overmann Rally. Artemis har taps seg, sjølv med masse trim, trur eg må legge henne på litt på lading.

Arwen derimot, er i god form for å nærme seg ti år :)

I dag før turen gjekk eg ut ein huskeapport med Rally, så ut av bilen med Arwen og Artemis, tur med alle tre.

Etter tur i bilen med Arwen og Artemis, så TRENING, eg hadde med kaster så momentet var markeringstrening, jau det blei ei veske med apportar å hente på Rally, og vi bevgar oss bakover for kvar apport, dette er ikkje berre for å bygge avstand, men for å bryte opp trening, å gjer den mindre kjedeleg for Rally.

Apportane gjekk i kratt, og ho måtte over to små elvar før ho skulle søke etter apporten, vi fekk inn heile veska før vi gav oss, motivasjonen var høg på heile økta.

Så var det huskedummyen (eit par timar sidan vi gjekk ut den), distraksjon er eit tema.

Eg og Rally gjekk ut på nytt ein dummy, ca 100 meter, så gjekk vi til huskedummyen, plukka inn på «ut signal», tjapt rett linje og poengsum 100!! Så tilbake og tok den nylige utlagde distraksjonen

 

Rally er litt som sin mor, foto yes det liker eg :)

Tredelt apport på Rally i denne modell jobben :)

Rally på tur i skogen i dag 2 mars, fin og flink hund!