November, desember 2013, jauvar, februvar  2014
26.02.2014
 
26.02.14
Ein ny vårdag i februar, kjekt det.
I dag har eg hat lang tur berre med Rally, var i veg ca 4 timar og det var eit utruleg flott vær, vi var ganske ferdige når vi kom heim :) Lettkledd etter årstida, alt er bart og telefritt nesten som det minte meg om slutten på april
.

I går hadde vi tur med alle tre hundane, Anne Lene var med for å holde meg med selskap, eg treng det av og til.
Når Anne Lene var med, så nytta vi høvet til å kaste litt markering til Rally, god avstand og fem til ti meter flytt bakover for kvar apport, ho fekk fem markeringar.
Rally markerar no bra, ho held området også svert godt og det er vell det beste ho kan gjere, jobbe til funn utan å flippe ut på langtur.
Trene hund er moro og eg jobbar godt med meg sjølv for at eg skal forsette å trene hund til jaktprøve :)

Vi var også i veg for å myse om isen går ut av elvane slik vi kan ha over ei elv inn i rette linje treninga vår.
Artemis og Rally fekk litt over trening, men no tok eg linja frå elvekanten på grunn av kulda(avleverings momentet).
Ein lite filmsnutt av Rally>>>
Her er det venting på gang :) eg hivde ut eit felt som skulle hentast inn, dette var mest for livskvalitesttrening til Arwen :) Jau alle tre henta inn eit par apportar... foto Anne Lene
23.02.14
Raxo og Rally har hat ei flott trening i dag. TUSEN takk til Anita og Stian som tok turen over fjorden for å trene i lag med oss.

Planlegging er halve jobben tenker vi trening,  ikkje berre kva vi skal gjere, men korleis vi skal ager går ikkje ting som vi hadde tenkt.
Det funka bra, opplegget var eit opplegg som ikkje Rally har kjørt før (eller delmoment har ho kjørt) men ikkje der vi gjor det i dag.
Vi starta med å legge ut to tungeapportar som huske dummy, her gjekk vi på fot og plassert to dummy inn i eit kratt. Der etter gjekk vi til ein område og pella ut 9 tennisballer i eit skogsområde, plan 1 var i boks.

Vi tok så med hundane, «dei fekk springe litt fri til neste område» der vi trena superklokke i lett modus, lett modus er ein variant, der vi kjøre frå miten til 6-9-12-15. ( super står for stor avstand).

Denne modellen har eg eit hav av modellar for, +er at eg kan bruke den på treningsvenner uansett nivå i lag med Rally utan å øydelegge eller provosere fram for vanskelege moment til makker.
Eg skrur berre Rally klokka nokre hakk tilbake og alle som trenar hund med gode mål, veit at det å gå tilbake er bra for alle ! også for Rally.

Rally og Raxo kjørte prikkfritt, stolt! Etter dette momentet fekk hundane avspasere litt fri, så var det linje igjennom eit einekratt/grøft, vellukka på begge to. Rake linjer, stor fart, rett heim etter funn, perfekt apporter. Så rusla vi tilbake til bilen, kaffi og skive høyre med på trening og hundane i bilen for litt pause.

Etter kaffi, ja eg er berre imponert over Rally, her var det ingen nøling, huskeapporten blei  innhenta, raklinje, storfart, flinkhund. Så over til tennisballfeltet, ingen ting å kritisere motivasjonen på, alle baller kom inn rimelig kjapt, både Raxo og Rally jobba flott.

JIPPI vi avslutta med markering, takk og pris for at vi har med godkaster:) fleire gode markeringer på stor avstand, Rally fekk også ny makker Bob, det var topp! Markeringsarbeidet til Rally var bra, ho held bra området til ho hadde funn, været jau litt vind, eller masse vind, det gir oppvind og vanskelige vitringsforhold.

Topptrening og vi er stolte av våre hundar!
 
18.02.14
Super trening i dag, mykje smell og trøkk og Rally var svert flink. Det med å trene litt «urbant» om ein kan kalle det i Barstadvik, eller veit eg ikkje. Det var vertifall ein og anna bil, nokre turgåarar osv, og vi var ikkje i Sykkylven, planen var at det var her vi skulle være i dag, men på grunn av litt snø, flytta vi oss til Barstadvik.
Dummykastar, smell, lange høge apportar, Rally var så flink, nok om det nok skryt, ho gjor jobben sin ferdig med det.

Økt to var linjer, eller så kalla dirigering, her er eg streng og lite hyggeleg å trene i lag med, eg godtar ikkje kva som helst, det skal være rakt og det skal være langt.
Meir skryt, eg gjor det vanskeleg, det var nedoverbakke oppoverbakke over steingard og linja skulle være snorrett, jau det var Rally sin linje, kjempenøgd med Rally og treninga vår i dag.
 
16.02.14
Ja endelig blei det ei markeringsøkt på Rally og det i lag med Artemis. Anne Lene var med for å trene Artemis og vi kasta markeringa til kvarandre. God trening og begge hundane var svert flinke, det blei slik 3x2 x 3x2, bra mønster og variasjon på opplegget.
Mål er ikkje å trøtte ut på samme punkt, men lære kunsten å holde området til funn og med høg intensitet.
Har ei bra oppskrift og i dag fungerte den flott, takka være hjelp i frå Anne Lene og Artemis.

Vi hadde også nokre veldig bra tilbakesendingar blanda i markeringstreninga. Her er det heilt ok å bruke Artemis ho har lange fine rette linjer og passer derfor perfekt til makker for Rally.

Men Rally gjekk først, eg veit Rally går veldig bra på slike tilbakesendingar, men det er like viktig at hund nr 2. går rakt er det fleire tilbakesendingar, dette for å unngå at den nye løypa blir « litt spenanes å velje»

Minuset er at Rally blir vell høg når ho trena makker med Artemis. Minus + minus gir +, og det er det eg skal ha!
 
14.02.14
I går var eg på tur med alle tre, Arwen, Artemis og Rally. Artemis er i super form på grunn av at Rally tuppa trimma Artemis :) Artemis elskar pinnar og ho trur at ho eig alle, det veit Rally. Rally finn fram ein pinne og vise Artemis, så er dei i gang, seier ikkje meir, men Artemis er rå sterk og sprek, takka være Rally. Det var mest tur i går, men eg hadde med dummy og kjørte eit felt på 6. dummy på Rally, pensjonistane var publikum og sat tjora.

Eit par tilbakesendingar blei det også, og her kjørte eg Rally i det Arwen er på veg heim, men ganske langt i frå meg, det går bra Rally spring målretta rett ut og lar seg ikkje distraherte.

I dag hadde eg mål om å trene markering, men det blei det ikkje, eg tok ei heilomvending .

Eg trene mest åleine Rally eller har med ein av dei andre, i dag hadde eg med Hans Emil og Artemis + Rally.
Eg slit med å få nok trøkk på Rally, eller makker på henne nivå, både Arwen og Artemis kan brukast til det, men eg må ha ein som kan kjøre dei. Hans Emil gjor ein super jobb med Artemis i dag, ho gjekk perfekt på fot og forhold seg til Hans Emil. Det blei derfor fotgåing på linje, med tilbakesending, stopp og sideteikn med store avstandar. Rally er rå på stopp om det er 100 meter ute så bråstoppar ho, det vi har jobba med er sideteikn i frå sit ikkje frå stopp å sit (bitte litt) men ikkje mykje. 99% belønning på stopp til alle teikna er godt generalisert.

Vi avslutta med eit tennisballfelt på 9.baller, Artemis fekk plukke 5. Rally 4.
Stekt på
verkning ballkastar, felt skjult i frå sendeplass, vi ser ikkje og hund ser ikkje oss,  derfor må vi berre stole på at hund jobbar og det gjor dei, 9 ballar kom inn rimeleg fort, område var stort.
Bilda er frå i går og ikkje i dag :) he he.. det var like flott i dag.
Apport til foto...., det kjekkaste ho veit er å springe etter anda når eg kaster, motivasjonsfoto..
Vinteren i år er ein drøm! Tuppa Rally på tua :)
 
10.02.14
Arwen og Artemis har fått tur utan tuppa Rally. Dette heng samen med at Rally også har behov for heime åleine tid åleine!
Det har vore litt fritid på Rally ho har ikkje fått tur eller trening… på to dagar, men i dag var det trening på Rally.
Eg storkoser meg med å trene henne, det er så mange kvalitetar i henna vesen, det er berre for meg å få til å plassere brikkane.

Problemet med meg er vell det at eg trenar henne for EK og ikkje for BK, enkle adferder velter lasset.
I dag har vi hoppet tilbake i tid og eg har starta markeringstrening på skikkeleg gamlemåten, sit å bli gå og kast sjølv. Dette er bra på mange måtar, ein klare å lese hund, ser hund markering, marker den ?, jau her ser eg kva ho ser, og jaggu løyser ho bra oppgåve når ho fokusera.
Eg går for å kaste dobbel og eg går tilbake for å sende hund, markering er ein viktig del og det er eit moment ein flat skal være flink på.
Eg er så heldig og har ein svert lydhør flat som enkelt kan styrast, men eg vil ikkje styre på markering
Desse eigenskapane er perfekt for den daglege hund, tenk kor lett den er å få lydig, den enklast hunden og den mest lett lærte eg har hatt, superlydig med enkle middel..

Enkel å få lydig ja, berre sjå på bilda, ho står, sit, eller ligg slik som eg seiar til ho for fri… modell over sin hals.
 
Her er Rally i camo, bilde tatt i sol, men obligatorisk med bilde frå sida... kjedeleg, men fole mange er meir opptatt av hundar frå sida enn resten av innholde:)
Rally klar, forferdelig bilde desse sett frå side bilda, men slik ser ho ut Rally.
 
06.02.14
Det blir ein del trening på Rally i det fine været,  ho treng vist litt mengdetrening og det er ein del av planen.Dagen i dag var via markering og felt, to moment som består av sjølvstendig arbeid. Pernille var med å kasta og eg prøve å få opplegget slik at det skal være så å sei umulig å spørje om hjelp. Ganske vellukka, Rally gjekk bra og nok ein dag med fantastisk treningsver.
Rally og Lone etter ei vellukka trening.
05.02.14
Firkant, hjørne til hjørne, ja Rally tuppa er ei lita lure ! Så mykje bra i ho, små feil kan velte eit lass, men ikkje lenger med meg, lasse ligg trykt. Eg har blidt mykje flinkare til å trene rett og har i tillegg meir kunnskap om Rally og korleis ho bør trenast for beste resultat. ( ho er ingen kopi av sin mor)
Blei vist litt mørkt dette bilde:) posere kan ho, komando, stå også ;) men sjå kor bra treningsforhold eg og Rally hadde i dag! Det er ein stor gåve å ha hundesport som hobby og i tillegg ha ein hund som Rally, det er minner ein leve godt på.
 
03.02.14
I helga var det generaliserings trening på Rally, det vil sei trening på moment som vi har eigentrena heime.

Rally imponert meg i arbeidet i dei jaktelege momenta som ho utførde
, eg merka at momentet "ro rundt fot" er vaska bort ein del, det same er fotgåing. Rally har masse energi i passivitet, det er jo det eg har trena fram og eg har lukkas!! YES!

Eg har to årsaker til det, eg har trena ein del moment av høg vanskeleghets grad åleine, belønna sterkt og ho har ikkje vore så lenge under aktiv passivitet.
Eg har tent ho skikkeleg for å få bort det sovnemodusen.

MEN, ho hadde ingen lyd, ho hadde ingen knall, men gjekk litt hoppandes på fot og sto ein del rundt fot i staden for å sitte.
Momenta blei utførd i meget stor Rallyfart!
 
Her ein del av treningsgjengen etter trening, eg er i veg etter kamera som vi merker sidan eg har tatt bilde :) Ein er i veg og tar eit finsøk etter ekstra appoter som ligg igjen, fin gjeng.
Fantastiske flott treningsmarker, Jan Pål og Kari disponerer og deler med oss, vi er så glad for det!
Rallymodell etter trening !
Flinke Nina og Raisa, Raisa er svert flink til å  bruke nasa, sterkt vind var det i går, Raisa har god fokus, og lar seg ikkje vippe av pinnen på grun av vind, brukseigenskapar av høg klasse!!
 
28.01.14
Fantastisk kjekt å ha engasjerte kvalpekjøparar, så gledelig. Det gir så mykje tilbake og sjå nøgde og glade hundar:) ja som også for prøve kunsten å apportere!

Raisa og Nina trenar litt i lag med Rally og meg i går.
Det var eit flott tereng Nina og Robert stilte til disposisjon for oss i går, Rally fekk skikkeleg brynt seg på markering, og eg ser kor viktig dette med planlegging, tenke hund..

Då er det svert kjekt at andre hjelper meg å tenke, så som Pernille i bilen på veg heim, kvifor, og kvifor agera hund slik.
Oppsummert kjempeflott trening, lykkeleg hundar og lykkelege eigarar!. Gode kastarar «to stk», luksus.
Kaffipause må til på jakttrening :)
 
26.01.14
I dag var det søsken dag og det vil sei Raxo trenar i lag med Rally. Vi hadde frittarbeid på agendaen,  markering og felt. Dette er ting vi ikkje er så gode på, då Rally har lett for å spørje om hjelp og det er ikkje ønskeleg. Ønske hadde også vore meir intensitet i arbeidet, så her har vi treningsmål, større tenning på markering og felt.

Både Raxo og Rally skal trene m
eir fritt sjølvstending arbeid, det er hundar som er lette å få lydige og er lydhøre (tar fort signal og kjem fort heim), har ein den eigenskapen i hund kan ein trøkk mykje meir på for å få opp intensitet.

Dagen i dag var fin, topp vær og vi hadde til rådigheit eit flott arial til trening til mange moment.
Vi starta med planlegging av treninga, markering som vi bygde avstand i, to kastarar og to punkt!! Kastar synleg markering delevis synleg, markering måtte jobbast for, det var faktisk vanskleg og som vi skal ha det.
ja vi er nøgde bra arbeid, men hadde ønska litt meir intensitet i søket men oppgåvene blei løyst.

Felt, kjempebra terreng til søket, vi såg ikkje hund og hund ikkje oss, ikkje så lett å spørje om hjelp då :) vi hadde to karar i feltet som følgde med på kva som skjedde, luksus i dag. Raxo henta inn 6 totalt og Rally 4 (eg henta to;))
Raxo på veg heim i frå feltet. (del to på felte vi flytta oss opp for å får å komme nærmare på.)
Raxo kjem heim og avlevarar til Anita. Rally sit i passivitet, Raxo fekk hente inn 3, før Rally gjor det samme.
 
24.01.14
Ei generaliserings økt i Valldal, kjempenøgd med meg sjølv. Eg går djupt inn i moment trening og har bestemt meg for trene Rally på den måten ho treng, nøkkelen ligg her med meg  :)
Ro og atter ro ikkje stresse seg opp ikkje forvente av hund noko ho ikkje kan, forferdeleg enkelt.
Rally går svert bra i lag med andre hundar og ho spring laus i lag med dei andre før og etter trening, i trening er det fokus og det utan problem.

Teiknterp var også fokuset eg hadde i dag, eller la vi sei eg går eit steg vidare for å teste/ generalisere det eg har terpa på i det siste.

Rally har vegra litt på steinmurar, ho har mulig treft eit nettinggjerde opp
på ein mur og fått seg ein kjip, det har eg jobba med på lave murar for å komme til livs og få ho trygg igjen, er på veg til å lukkast. I dag kjørte vi høgare mur og Rally tok seg tid, men ho gjor som ho skulle, eg er kjempenøgd med henna arbeid.

Filma blei denne murpasseringa også>>>>>>

Vedrørande bilde
"med bilde teks sjå å lær", dette er ein fin måte går momentet riktig, men det kan også slå feil ut, minnesbilde av den andre hunden som gjor feil… ja det sit, både på godt og vondt.  Det kan være korrigering av den andre hunden, som demper unødig annen hund, det kan være at linja rett blir ikkje rett, men veldig omstendelig, slike små ting skal ein ha på netthinna, når ein trena hund. Derfor god egentrening er gulverdt for alle, så kjem desse viktige fellestreningene som skal generalisere allereie innlært adferd!

Rally var flink,
eg synast vi er på rett veg med treninga og det er eg som trenar Rally og ikkje Rally som trenar meg :)  ! Dei andre makkerhundane var også flinke, vi har ein del hundar i trening på sunnmøre! OG det er kjekt!!
Tur til trening, topp vinter etter min smak!! her er bilde frå fergekaia på Stranda
Sjå å lær, her sit Rally, meget stramt og fokuserar på kva Britt og ein av henna labber styre med :) Bilde er kun illustrasjon til temaet.
 
Ferdig med treninga og tid for foto! fra venstre, Lone, Maiken, Rally, Abbi og Tara, fin gjeng som hadde det kjekt på trening.
 
19.01.14
I dag hadde eg også ei økt med teiknterp, signallære eller gjør som mor seier. Eg er i ei fase der eg ikkje bruker plukkopp signal på utsendingar, dette for å prøve å få bort dette spør om hjelp syndromet vårt.
Eg kombinera heller ikkje stopp for vidare teikn, eg startar alltid frå sit, dette for at eg har ein svert bra brå stopp på eit signal og vil behalde den.
Det som er bra, skal ikkje vaskast!
Sideteikn frå sit og lenger ut frå sit, med distraksjon + vi jobbar på store avstandar,  eigentrening av delemoment som kan komme til nytte på fellestreningar og jaktprøver, håper på det.
Bilde over er frå i dag, flott tur med alle tre hundane i tillegg var også Atle med, her oppstilling til foto.
Ut på tur aldri sur, her er bilde fra ein tur eg, Anne Lene og hundene hadde.  Bilde av meg har Anne Lene tatt, det under av naturen har eg tatt. Litt fritid på hundane tur uten trening:)
 
08.01.14
Dette med trening av hund treng ikkje ta så lang tid, kvalitet er alltid betre enn kvantitet på ein del hundar,  å planlegge kva som skal trenast er alltid nyttig. Ei lita økt med målretta trening er det fult mulig å plante inn på ein liten luftetur.
Eg er i stadiet terp på teikn og sidan eg har mislukkast med trening av Rally, er det fole viktig for meg å planlegge. (eller ikkje direkte mislukkast, ho er ei nøtt ingen standar hund) og krevje adels korrekt trening  skal eg klare å få henne til.

Rally er min lydigaste hund ferdig med det, det går ikkje på elementære ting, men ting eg ikkje alltid rår over.
Uansett fant vi eit eldorado til treningsområde til dei momenta eg hadde sett av tid til, Rally var så flink at eg fekk tårer i auga, for eg gåve eg har! Momenttreninga tok ikkje mange minuttar og vi hadde det TOPP!

Planlegginga er halve arbeidet også sjå korleis terrenget kan nyttast for å få ønska efekt.
Terningkast 6 både til meg og Rally i dag.
 
07.01.14
Nok ein spesielldag, 11 varmegrader 7. januar!! Artemis og Rally fikk ei økt med vanntrening, eller det vil sei det var kun Rally som blei trena Artemis er selskapshund i høyklasse..Tenk 7. januar og trening på vann, det er heilt fantastisk. Artemis fikk trim i lag med to ivrige unghundar og det var Elin sine, Artemis går godt i lag med alt av hundar, sjølv om dei hadde det veldig kjekt med pinneleiken både på vann og i mark, var det ikkje noko tull, Artemis er så snill sjølv om ho trur at alle kjeppa i skogen tilhøre henne :)

Vi la opplegg for Rally og Maiken medan dei ligg i bilen, opplegget var overtrening (overtrening av elv) 6 passeringa 3 x 3 to plaser, 3 tennisballer på kvar hund x 2, reine matematikken min hundetrening nå;) Ikkje enkle moment og dei måtte faktisk bruke nasa og terrenget var litt vanskeleg. Dette med å forsere hindringa er momenter eg jobber med, ei hindring kan være, vann, elv, grøfte, gjerde, mur, tettskog, einekratt, osv. Om det hjelper og eg for framdrift på denne Rallytuppa for oss sjå, ho er nokså varm i trøya, og har mange år framom seg ennå!

Ingen løpetid ennå :) eit år sidan sist, Arwen var ferdig 18. desember med sinn løpetid:) og eg hadde venta Rally kom like etter ....
 
05.01.14
Nok ein uforglemmelig januar dag,  Anita, Stian og Raxo kom innover for å trene , dagen blei fylt med svert god trening. Måle var markeringstrening og det blei ein bolk med svert god trening, Stian kasta og Anita og eg kjørte hund. Fokuset er både lengde og vanskelig terreng og hindringa. For meg er det å få heim dummy uten å blande meg bort i arbeidet til Rally og ho bør jobbe uten å ta kontakt med meg.
Rally gjor mykje bra arbeid, og i dag var det apporter som det måtte jobbast for å finne !

Raxo er kullbror og eg er svert interesserte i korleis han jobbar også, begge hundane markerar fint på veg heim
(også), dei  har ein fin adferd med å stoppe opp roleg få med seg det som skjer, det er positivt. Ro, bra lydighet, Raxo er rett heim med dummy svert fine grep og super avlevering. Rally har sine skavanker med grepa, elles så var ho meget flink, med det beste skulsmål frå meg i dag.
Rally med makker og Bror Raxo!
 
03.01.14
I går hadde vi ei god trening, det kom eit par trenings kompisar og trena i lag med meg :) så kjekt.

Eg ville prioritere markering og då i vanskeleg terreng og  med god avstand, Rally held fokuset bra og ganske lenge utan å miste «arbeidslysta». Når eg skriv vanskeleg terreng så tenker eg med mindre referanse, og hund skal sjølvstending sjå markeringa og jobbe seg inn til funn utan  feltsøkslignande adferd.
Eg og Rally har slite litt med dette, og ho har litt for ofte snudd seg og sett på meg om eg ville fortelje henne kvar dummyen ligg… og det vil eg så klart ikkje. ( no lenger) .. har no brukt litt video/film for å sjå på min handling, dette er for å bli betre på å tolke kvar eg feilar, og om mulig rette opp feil som eg ser ikkje er så bra. Rally blir kalla heim går ho ut på storeslag og eg ser at ho rett å slett ikkje har markert, dette å ha ein hund som kjem heim ( når den blir kalla heim) er også ei stor glede.

Skal markering inn på dirigering må det skje frå fot, IKKJE etter at Rally har spurt om hjelp.
Å bli god på å trene hund, handlar om å trene rett den hunden ein har i hand og klare å hente ut maksimalt før ein gir opp.
 
01.01.14
I dag startar alvoret igjen… mål for 2014, veit ikkje om eg tør sette mål eg blir så forferdeleg skuffa vist eg ikkje klare det. Eg sette såleis ikkje mål for hund, men på meg sjølv, eg må bli flinkare til å trene rett, eller tilpasse trening til individ. I dag har eg, Arwen og Rally vore i veg å trena + tura. Fokuset i dag var passering tett på Arwen når ho kom heim med apport+ trening av teikn.

Rettut, langt, men ved hjelp av ein slags sti, gammal traktorveg, måle var å sende Rally i det Arwen er halvt heime, dette for å trene henne i passering av annen hund på veg heim med dummy.
Dette momentet er ein slags læring og noko alle hundar med planer om å klatre i klasser må beherske 100%, her må eg stole på at ho ikkje tar i frå annen hund på veg heim.
Rally var flink, ho gjor som eg ønsket, storfart rettut og passerte Arwen ganske tett(05-1meter og ca 25 meter i frå meg). Dette er mykje vanskelegare enn å sende henne ut i det ein annen hund er på veg heim, td på eit felt, då eg kan vinkle henne bort frå annen hund. Dette her var liksom test på om Rally gjor som ho skulle, og det gjor ho.

Det andre eg har tatt oppigjen å jobbe med er teikn, sideteikn jobba vi med, eg var flink, Rally feila ikkje.
Trene slik hund ikkje feila er nøkkel og slik bør eg trene skal det bli bra, her kjem eg til å terpe til det sitter og ikkje blande inn stopp i treninga på lenge (eller å kombinere stopp og sideteikn) skal ha ein meget lykkeleg stopp på første forsøk så.. planane har eg og eg skal lukast.
Bilde frå i går, men det var i det samme området i dag og det samme hærlege veret. Rally sit på fot, Arwen ser i kameret, foto Anne Lene.
 
31.12.13
Sunnmørsværet er topp for tida, mildt, bart og mitt i blinken for meg. Det har vore mykje turing og då tenker eg kondisbygging på hundane og eg må bygge meg opp igjen etter eit par år med mykje nedturar.
Eg klare heldigvis å komme meg på beina igjen ved hjelp av knallhard trening.

Hund med god kondis er bra og ha til konkurransesesongen og sidan Rally ikkje kom med løpetid før jul, så blei kvalpar lagt på is, ho er ikkje heilt perfekt heller så vi venter litt ann for å sjå om ho i det heile tatt fortenar og gå i avel.. Løpetid, ja det må ein ha skal det kunne avlast også, ingen løpetid har dukke opp og det er eit år sidan sist, heit ok å ikkje ha løpetid skal ein være brukshund :) Arwen var ferdig med løpetida ca 18 desember så eg hadde venta løpetid i jula, men det har ikkje dukka opp.

Artemis og Rally er kjempegode venner og held seg i god trim, eg trur hadde vi ikkje hatt Rally til å trimme Artemis så hadde ho nok ikkje vore her i dag.
Artemis treng mykje fysisk hard trim for å holde det gåande, kraftig sterk muskelmasse har ho og det kjem av trim i myra, ho er i toppform og familiens beste klomp som vi alle er så glad i. Skal eg innrømme det så er Artemis den einaste som for ligge i sofaen i lag med meg, Rally for ikkje komme opp dit :) hi hi..
Radarparet på tokt! Artemis & Rally 31.12 ingen frost, reine sommaren :)Foto Anne Lene
Rally er den lydigaste, men den med minst moral… tenker vi jobb (apportering) komme til botn i henne tar tid, eg reknar meg som ein middels god trenar, men eg klør meg i hovude ofte.
Eg ser likevell masse potensiale i Rally, men ho er ikkje letttrent, ho har enormt mykje fart i kroppen, og eg må være konsekvent i behandlinga av henne, dette veit eg og eg har mål om å få henne til.
Største problemet er at ho rett å slett stopper opp i arbeidet og ser seg rundt og lar tida renne ut utan å bruke nasen sin.
Grepe på dummyen har blidt mykje betre så eg trur det skal bli topp, eller vertifall nokså bra til slutt! Konklusjonen er likevell Rally er ein utruleg herleg hund å jobbe med, eg er blidt grå i håret så ingen problem J
Årets siste tur med litt trening, Anne Lene var med + eit kamera som  filma litt, for spesielt interesserte, her er Rally>>>>>
 
 
 
20.12.13
God Jul til alle fra oss!!, Bilde, Eg, Rally, Arwen og Artemis, foto Pernille.
 
14.12.13
Det blei nok meir trening på Rally før jula kom ja! Mildvær er min favoritt så kven kan motstå trening når andre vil trene, nei ikkje eg, topp dag i lag med treningsvenner.
Det blei til og med vanntrening og det den 14 desember. Momentet var over vann og vi brukte ei elv, her planla vi momentet litt i detalj medan hundane ligg i bilen, momentet over, betyr at noko skal forserast og i dette høve var det ei elv.
Bilde, Rally blir sendt over elva etter ein tennisball, Rally måtte forsere elva 2 x 3 = 6 ganger og gjor funn rimeleg raskt.
Vi var to ekvipasjer, 3 poster (eller plassar på elva, vi hadde pella over tennisballer, før vi henta hundane) Luksus i dag, vi hadde ein person før som leda oss og vi gjekk i par på fot til kvar post, kvar sin gang å sende først.
Bra trening og flinke hundar. :)
Foto Benny, han stilte villing som fotograf, tusen takk!
Bilde over, Rally kjem heim og avlevarar til meg, bilde under, makker går ut og Rally sitt i passivitet.
Det eg legg vekt på i treninga, er at momentet skal ha fart, hund skal ikkje måtte tvingast ut, det vil då sei at hund forstår oppgåva og oppgåva er tilrettelagd for å lukkast. Hund skal gå snorrett ut i frå fot ikkje springe sidelengs langs elv/vann. I dag var eg veldig nøgd med Rally og eg var i tillegg nøgd med meg sjølv som hennar trenar!
 
13.12.13
Rally på tur eller modellen min! Ho kan brukast til alt og er ein veldig god og spesiell hund, tar seg bra ut på foto, er veldig glad i å springe fort utan mål, men aldri langt frå meg er ho utan arbeidsoppgåve.
Det vil sei ho er ein riktig god retriever, og har tida føre seg.
Eg trenar no LP målretta med henne i tillegg til jakt og håper på å få starte på LP- prøve på nyåret, Rally er flink så eg har god tru.
Kjekt med hund som ikkje får løpetid ??, snart eit år no sidan sist så det er ikkje noko som kjem for ofte med henne :) håper på at ho for løpetid i nærmaste framtid slik vi kan forberede oss godt til sesongstart utan å gå rundt å lure på når løpetid måtte dukke opp.
 
02.12.13
Desember starta bra, i går var det ei ny fellestrening eller rulleringstrening, det vil sei treningsvenner innbyr til trening og vi samlast.
Så kjekt vi kan ha det med hund når felles interesse om retriever trening blir delt! Raisa og Nina var også på trening, Raisa er det fart i som Rally og ho har fått udelt rikelig med apporteringslyst den Raisa tuppa, gledelig.

"Arrangør Kjell Arne" vil gjerne at eg hjelpe til med opplegget og det passet meg perfekt, eg hadde nokre øvingar som eg trengte ein del ekvipasjar for å prøve ut.
Det fungerte bra, sjølv på utprøvingsstadiet og eg er rimeleg godt nøgd med
resultatet, det var ein svert gode øvingar som kan tilpassast alle nivå.  Dette blir nok prøvd ved seinare anledningar når nok folk samlast til trening.
Rally var flink og det var alle dei andre ekvipasjane også, kjekt å sjå når andre også for til sin hund.

I dag har eg og Rally vore på lang tur "åleinetid", herleg å ha med berre henne.

Det blei ein omgang med eigentrening også, og eg føler Rally har modnast masse , Rally ser nå meir glede i jobben(ikkje berre glede i å springe)det blir nok bra til slutt. Eg ser også kor viktig det er at Rally kan det ho skal gjere, slik ho ikkje feilar for mykje, ho merkar nemleg like fort som eg at dette var feil med det resultat at gleda  kan drepast.
 
29.11.13
Tre hunder på tur og fullrulle i eit fantastisk flott november vær. Ja så hadde eg med Hans Emil vi skulle trene litt med Rally og eg ville ha hjelp!

No når eg har lagt kvalpar på is bobler det av treningsiver
med meg, eg veit at det ikkje blir noko avbrot på grunn av kvalpar herleg følelse. Felt, trena vi, og momentet var at Rally skal jobbe og då meiner eg bruke nasen sin ikkje berre springe, springe er ho ein kløppar til !

I tillegg er det momentet gå ut og inn utan å bry deg om ein annen hund søke eller går ut.
Artemis og Rally er to kamphanar om resursar i form av leiker, pinner pipedyr osv… derfor er gleda så stor når Rally spring tett forbi Artemis i det ho vender heim med apport utan å tenke tanken om konkurranse/ ta frå Artemis, herleg.
Kjempenøgd med feltarbeide til Rally i dag.
Det blei rom for ei markeringsøkt i tillegg og då er det terrengskifte passering av grøft og igjennom ein granskog, ikkje enkelt Rally brukte litt tid på å komme seg djupt nok, ho fekk ikkje hjelp og klarte momentet utmerket tilslutta. Rally viser no ei stekt arbeidslys, har betre grep og har fått ein tendens av heithund slik ein skikkeleg konkurranse hund skal være.

Eg og mine treningsvenner har noko vi kallar rulleringstrening, det vil sei vi bytter på treningsområde slik hundane ikkje blir plassavhengig for å fungere optimalt, Rally treng slik trening og eg er så glad for at det blir litt tren
ing her og litt trening der..
Vi skal ha ei ny slik trening på Søndag og eg håper været ikkje øydelegg for oss.
Gleder meg då vi skal prøve ei
t spennande opplegg, eg ikkje har prøvd før. :) Etter det blir det nok juleferie og treningsfri hundane..
 
28.11.13
Liten film tatt  på plena i dag og trenar ein LP, så er det somme moment som kan framberinga litt hodebry (kan) blant anna denne, naseprøve, hunden skal skilje ut med bruk av nasa ei bestemt lukt, plukke den pinnen og kome heim for avlevering. Rally har funne nøkkelen til søket sjå film>>>>

I går var eg over til Jarnesskulen for å trene litt LP, Rally er flink, det er ikkje eg.
I går fekk eg hjelp av Aud til å sjå meg og ikkje hund, det er der nøkkele
kan ligg, kva gjer eg feil i handlinga av Rally ? Det var ein ein lønsam kveld og eg fekk  nytt til hovudet å brynne meg på, svert gode tips som vil føre til god forbetring av handlinga av Rally.
 
27.11.13
Vedrørande planar om kull Rally- Nestor, det blir ei heilomvending her med meg. Eg har sett paring av Rally på vent,  og skal no kun fokuser på henne som konkurransehund. YES !!!
 
21.11.13
I går var det konkurransetrening i LP, godt nøgd med Rally, satsar på å bli startklar til kl 1 til våren og det bør eg klare. I dag har vi vore til Ørsta til fysi, Rally fekk bli med og vi tok ein svip tur om Nina og Raisa. Eg var flink, tenkte ikkje trening, kun miljø, Rally og Raisa fekk leike litt i hagen utan tilsyn, super venner!

Etter på var det ro trening i stua, legg seg på lading og utan noko styr begge to, herlege hundar.

Vi drikk kaffi, litt hundeprat og litt lefseprat ++ koseleg, takk Nina

Rally gulltuppa og eg trenar LP og skit i jakttreninga…
Lp skal også kunne bli kjekt og det skal vi få til :)
Eg har trena litt på dei tipsa eg fekk på kurset med Anne Cesilie, trening hjelper og Rally har nok talent til mykje, det står berre på meg om eg klare å nytte meg av det. Det har elles vore mest tur på Rally i det siste, kondis er godt å ha og det blir det når ho spring i lag med Arwen og Artemis, masse farting i myra, skaper bra kjerne muskulatur, god trening som er gullverdt. 

Løpetid, ja kvar blir den av
;) Det er faktisk eit stort pluss å ha løpetid berre ein gang i året, berre sjå på «mamma Arwen», ho har  tre kull og  ho har tatt seg ved kvar paring.

Det finst tisper som løper kvar 4 og 5 månad og skal ein ha ein slik til bruks/konkurransehund, så kan det bli det mykje avbrot
, fordelar og bakdelar med alt :)

Y
es eg er derfor meget nøgd med at Rally ikkje løper :) hi hi, ja ja, men no venter eg på løpetid !!
 
11.11.13
Litt stolt av den lærenemme Rally, to forsøk to heilt riktige utførte pinnesøk på stovegolvet.
Eg har alltid trena dette momentet ute og har som oftast klart å få fram søke før eg setter samen momentet til ein øving.

I dag var det kaldt og motivasjonen min til tur var lit laber og eg tok derfor pinnane på stova og prøvde, det gjekk til gull på første forsøk, og eg fekk ei av mine døtrer til å filme på forsøk nr 2, roleg konsentrert søk, og plukk av riktigpinne, NASE, ja er det noko tvil Rally har super god nase og ho kan faktisk og bruke den også, sjå film>>>>>
11.11.13
I går var det kjekk tur ut til trenings venner i Herøy, nærmere bestemt var vi på Moltufjellet og trena apportering.  Jan Pål hadde flott opplegg klart og vi kom til dekka bord.

Litt kaldt med snø i lufta, men ikkje verre enn pausa med kaffi og skive blei inntatt på stolsekken, det er litt kos også å dra på trening i lag med godt selskap med felles interesse i retrievertrening.

Ei av kullsøstrene til Rally var også med på trening og ho viser bra anlegg til å bruke nasen sin til å finne apporten. Raisa er trena i fleire «nasejobber» så det gir gevinst :) ho er godkjent for ettersøk på skadeskotevilt med to førarar og ho har vore på spesialsøk kurs, så nasa kan ho bruke! Rally har også god nase og kan å bruke den, i går var det vanskelege vitringsforhold og lange avstandar, einsartaterreng og Rally sleit med å få markere.

Eg stoppa henne på dei fleste apportane på grunn av altfor store slag, det blei derfor få apportar på Rally i går, dette var ei generaliseringstrening for å få fortalt kva som manglar av kunnskap i lille tuppa Rally.

Desse apportane hadde eg brukt dirigering på hadde tilstanden med oss vore normal, men eg er i ei fase der Rally skal bli meir sjølvstendig og finne fort apport med eigen hjelp og eg har derfor slutta å dirigere henne, det ho kunne av dirigering  er vaska bort.

Når eg skiv «fort» så meine eg det og Rally for ikkje gjere funn av markering på store slag, ( feltlingenandesøk) derfor henta eg henne heim utan apport.

Masse skryt av lydigheit rundt fot
Rally med meg, ho er topp der og kjem fort heim også når ho blir heimkalla.

Når vi går tur og ikkje trena held Rally seg i lag med meg og stikk
aldri på store avstandar, så det er nok noko med treninga som ikkje er heilt på plass når det gjeld dette med å ha mål om kvar ho finn noko. Eit lite + er det også å legge ut på langtur, ein må ha sjølvtilliten i orden  :) No håper og kryssar eg fingra for at ho for løpetid straks, slik eg kan legge treninga på hylla ei stund.
 
09.11.13
I dag var det mest tur med alle tre, men eg kjørte litt linjer (litt er lite) men lange ca 200 meter, eg har slutta helt å dirigere, hjelpe med fløytesignal der ute og eg trur det har hjulpet på Rally sin evne til å sjølvstendig få på nasa og jobbe fram funn.
Rally ser nesten aldri heim no og kjem ikkje heim tomhendt heller, det er gledeleg framgang.
Så for eg heller hente inn igjen litt hjelp, eller høre på mor kommando etter kvart som ho blir sjølvstendig og  jaktlysta tar overhand.

Har sett på filmane og analysert meg sjølv og fy, der var mykje dårleg handling,  masse eg må jobbe med, film er ein serdeles god måte å få sett ting ein ikkje ser….
Det er problem eg allereie har gripe fatt i, i går kjørte eg felt på nytt, no brukte eg Artemis som makker og eg utfordra Rally sterkt om kva tid eg sende henne ut.

Rally og Artemis er store kamphaner om felles leike, pinne osv, derfor var eg sterkt i tvil om det gjekk det eg gjor, Hans Emil kjørte Artemis.

Eg sende Rally ut slik ho måtte passere nært Artemis ( Artemis på veg heim med apport)
før ho var i feltet og det gjekk supert, det neste steget er å lære henne søke i lag  med Artemis ute i feltet, det losnar, motivasjonen for å søke er der.
 
Her har vi kontrastane, bilde under kaldt og i dag, topp utevær og herleg  tur med alle tre hundane. Bilde kom etter turen og dei to andre hundane var putta i bilen, eg har brukt 100 mm det er fleire år sidan sist eg brukte den. Det er ei portrettlinse som har blender 2.8  derfor blir det brukbare bilde i dårleg lys som ein ser.
 
06.11.13
I dag var det ei økt med feltterping !! det er forsømde trening, :) eg trudde at det ikkje trengde trening, men sjølv eg går i ei og anna felle… Rally har ikkje vore så bra på felt :)

Elin og Maiken trena i lag med oss og eg hadde med kamera, sette det på film funksjon og filma dette for at eg vil lære av å sjå kva som er bra og kva som går gale. I dag kjørde vi først eit felt der vi la ut 11 dummy utan at hundane var så oppmerksam på kva vi gjor.

Etter på kjørte vi eit motivasjonsfelt, begge deler blei filma og ta ein tur innom bloggen så finnast filmane der
>>>>>
Så blei det frost i år også:) fine Rally poserar!
 
04.11.13
I dag har eg, Rally og Artemis vore på tur i lag, eller vi har jobba i lag med apportering og det er med glede eg registre at Rally no er mange hakk betre enn Artemis!!
Så i målestokk er det svert bra!

Vi har kjørt linje med 1 og 3 til Rally
+ 2 til Artemis, har eg med Arwen er det 1 og 3 til Arwen og 2 til Rally, meget god plan, som fungere optimalt. Dei tre dummyane ligg slik hund ikkje skal sjå meg og eg ikkje hund, det vil då være vanskeleg for Rally og spørje etter hjelp.

Avstandane er ca 200 meter og i terrengskifte, det vil sei at linja går igjennom hindringar og over hindringar, så klart ikkje blindt.
Rakelinjer igjennom hindringar, det er programmering og eg kjøre no heilt utan å bruke fløyta, eller hendene, mine hender skal være i lomma.
Dette er for at Rally skal finne ut at henne beste verktøy er nasa !
 
I helga 0 - 03.11 var eg og Rally på LP-kurs, kursinstruktør, Ann Cecile Eide, ho er ein flink dame og  har mykje å viste til med resultere på eigene hund. Håpet var at eg skal få litt tilbake motivasjonen for å trene  LP med Rally.

Om Rally har bra av og trene LP, veit eg ikkje,
  Rally er veldig lydig, men i den passive, spør om råd lydig, og eg held fortida på med å utvikle ein meir ulydighund!! Ja du les rett! (skal jobbe meir sjølvstending utan å måtte få ein bekreftelse med meg om å utføre arbeid)


Kurset var givande og eg har fått nokre nye idear om korleis eg skal trene og eg har fått eit godt håp om å løyse naseprøve momentet på Rally, ho har nemleg både nase og ho kan bruke den.

Også har eg fått iden om at eg ikkje vil ha skinkedekk og eit godt treningstips korleis eg skal forme det fram, har derfor fått påfyll i LP-kassa og det er gull verdt..
all kunskap i hundetrening er gull verdt for meg.