03.11.2011                                                          Rally født 10.06.11. august-september.
 
03.11.11 
Rally og eg med kvalitetstid på tur åleine utan dei svarte;) Dette med å bruke litt åleinetid til tur på kvalpar må til, det er eg som pregar Rally ikkje dei to andre.
Maken til ver som vi hadde i dag, ja det kan vare til jul som plaster på såret for mangel på sommar! Vi var oppe på heiane på tur og eit slik november ver kan eg ikkje huske vi har hatt på lenge.. eller  aldri før ;) og eg hadde ikkje med kamera:( typisk meg..
Lang tur i ulentterreng gjer susen for kvalpar, Rally raser mange gangar lenger enn det eg går og det er ikkje påtvungent for di ho er utan koppel. Lang tur etter asfalt er ikkje tilrådeleg, dette er noko heilt anna ;) frires i skogen er nyttig for kropp og skjel.

Rally fekk faktisk lov til å apportere heile to gangar på turen ! ja- tja, det fungerte det.
I tillegg blei det ballleik og litt stopp trening, det skal være skikkeleg moro å trene, dette skal Rally erfare. Vi har trena litt stopp eller sitt på fløyte i hagen tidlegar og på kjøkkenet har vi trena sitt på fløyte.
Av og til må ein også ta steget lenger ut, stopp er eit viktig moment det, målet brå stopp.
 
02.11.11 
Rally drar eg på både hit og ditt;) ho for vere med og oppleve miljø både når eg er på reisefot og når eg trenar hund. Rally for som oftast litt ut for å snuse på miljøet rundt omkring og gjer seg trygg. Vi trenar litt sitt og sitt lenger, har prøvd ut å testa om sitt fungerar i diverse miljø ;) Er ikkje heilt fast på den ennå nei, men strikken er tatt i bruk.
Rally er ganske rolig type og eg opplever henne som ein godt sansa kvalp med ro i kroppen. I går var ho i Valldal, eller med meg på trening, i pausane og før vi starta å trene fekk ho sulle rundt og oppservere, rolig og tilfreds har eg inntrykk av. Tida i bilen brukar ho til å sove :) Det same i dag, litt ut i skogen for å gjere seg kjent, trene litt på sitt og sove i bilen medan eg trenar Artemis, jau det fungerar ennå. I kveld var det hundetrening vi tok oss ein tur og trena litt kontakt og sitt. Medan Arwen trent lydighet sov Rally, ho krølla seg saman i buret og sovna ! perfekt.
Når det gjeld lydighet skulla eg eller eg kunna trena henne mykje meir, for grunnleggandes lydighet kjem godt med og kvalpar er lette å forme i denne alderen. Når det er nemnt så er kontakttrening det aller viktigaste og er det på plass så er det ei kurant sak å legg inn diverse moment i treninga. DERFOR kontakttrening er det aller viktigaste.
Heime på plenen skjer det litt av kvart... måndag var her ein flott hannflat, som fekk stussa litt på ører og hale, vi nytta denne karen i til å være statist medan Rally utførde sitt og sitt litt lenger i tillegg fekk ho hente anda si etter eg hadde lagt den ut, yes yes, rett ut og rett heim med avlevering i hand, det er jenta si det.

Fot- trening har vi vore slappe med, enn så lenge trenar vi det momentet kun i gangen, dette på grunn av eg har vegg som hjelpemiddel og for da rask læring når posisjonen er korrekt og eg for belønne rikeleg. Er litt lat eg då...
 
29.10.11
Vi har flytta treninga ut i hagen! Sitt å bli trenar vi, eller eg brukar ikkje bli, men kun sitt kommandoen. Sitt betyr sitt ikkje berre klaske ned og opp :) Eg har også nå kontroll på klikk på avstand og det tyder eg kan klikke ti meter i frå Rally for så å gå tilbake og gi ein godbit for igjen forlate henne utan at ho sprett opp. Sterk fokus, sikker, trygg, rolig adferd, tøye ikkje strikken for mykje men tøyer:) det må ein for å få progresjon i læringa. Noko eg ikkje gjer i sitt treninga er å kallar inn frå sitt, det er det langt opp og fram før eg gjer, trenar ein på å sitt så isolerar ein det momentet og held seg til det.

Plankeinnkalling frå sitt treng ein ikkje trene;) NB ;) dei som husker Arwen som unghund kan sikker erindre at ho ikkje kom frå sitt på fellestreninga jakt, ho sat spikra når eg skulle kalle inn og reagerte ikkje på kommando, eg hadde ikkje lært henne det!

Det eg hadde lært henne var å ikkje forlate plassen sin men å sitte og det fungerte som lim! Skal gjer det same med Rally ein sikker sitt er bra å ha. Plankeinnkalling lære ein fort inn den dagen ein treng det. (plankeinnkalling er innkalling frå sitt) Derimot komme til meg automatisk når ho har plukka opp noko skal Rally og det utan kommando eg brukar aldri innkalling då, det skal være ein automatisk adferd;) å det er moro å trene kvalp!
 
27.10.11
Det funka som berre det !! Rally jenta henta plastanda si etter eg hadde planta den på marka ca 10 meter framme og sitt fungert, avleveringa som er det viktigaste momentet ein må ha i boks før denne testen tas var i beste klasse ;) yes yes Rally er jenta si det!
 
27.10.11
Oppe kl 06.15 i dag, det vil sei Rally sov i trekvarte lenger i dag enn i går!
Været er topp og eg må nok være ein del ute i dag også og prioritere ute nå når "sommaren" endeleg kom.
Innkallinga utan forstyrrelse begynner å komme seg, og ho reagerar eksplosivt det er bra, berre å bygge vidare på fart og bruke innkalling rett.
Fløyta funker ikkje og den må relærast til bruk under trening, eg held no på å lære henne sitt/stopp på fløyte og vil bruke fløyta bevist i jobbsamenheng for å få den til å fungere topp der.

Innkalling i det fri på tur brukar eg ikkje fløyte på hundane mine, her er det plystring, namn, kom som er dei vanligaste teikna eg brukar skal eg bruke noko, men regelen er pass på mor og eg bruka kommandoen "bak" mest på dei to store, det vil då sei at dei går bak meg når eg går. (dei går bak der eg ikkje har oversikt) Rally skal også lære å gå bak, men alt til sin tid. Eg brukar heller ikkje "fot" når eg går fri på tur (kallar inn i høve folk/dyr/andre hundar) kommandoen er "bak" eller gå fint :) kvifor, tja.. min vane/uvan. "Fot og på plass" er hellig kommandoar! Rally har derfor ein livslang læring framom seg og det er mykje som skal inn.

Tida er snart komen for at eg skal sjå om apporteringar fungerar i hagen vår.. Rally har nå har lært å sitte og eg vil rygge frå Rally legge ned dummyen ca 10 meter frå henne, gå tilbake og gi henne signal om å hente og eg reknar då med at ho skal raskt springe rett ut plukke opp dummy, med "rallyfart" kome og avlevere til meg.. ja vi for nå sjå. Ingen kast, berre rett ut på denne snuppa mi ! i DAG skal vi teste;)
 
26.10.11
Rally veks og eg har tatt meg sjølv i nakken og starta trene henne i å gå i koppel (tur varianten). Ho er enkel, fant og god på same tid, herleg lynne det kunna ikkje vore betre.
I går var ho på Valldal tur, det vil sei ligge i bil tur, dette er eit moment som vi har lykkast med, Rally er heilt rolig å avslappa i bilen, ho sove seg igjennom treninga. Miljø, jau ho fekk ein snartur innom salongen til Britt i Valldal, "trygg" er det riktige ordet. Ho hadde seg ei runde og helste på Tara og Tale, før ho fekk liggetid i bilen, mat og drikke fekk ho servert i buret og lever luksus livet den tuppa!
I dag har ho vore på tur i skogen å for ein energi og fart, det er reine muskelbunten som rase rundt og bygg musklar, Rally har stort behov for å rase rundt og det for ho, ingen trening kun passe på meg.
I kveld var vi ein snartur på hundetrening og der var lite oppmøte, men vi tok ei økt med sitt å bli + vi trena på kontakt og gå fint i band.
Rally ca 4, 5 mnd
Her er Arwen kopi ;) men denne her er brun og har fått utdelt ein betre front enn sin mor, super fin er Rally. - er at ho liker ikkje kamera ennå :(, ho må tjorast skal eg klare å fange henne på brikka, det blir derfor minimalt med bilde.
 
23.10.11
Anita og Raxo Rally og meg.
Raxo anita rally meg
Anita tok turen til Sykkylven for å trene litt Bob, etter vi hadde trena dei vaksne hundane fekk Raxo og Rally ei økt med sitt og bli, + vi hadde med Anne Lene for å ta bilde av oss.
Raxo og Rally fekk ikkje springe fri i lag, dette på grunn av vi vil ikkje ha forventningar om den type aktivitet når vi trenar, målet er å få ro rundt fot og kontakt,

Rally skal over tid kunne tilby spontan kontakt til meg, slepp eg henne på frires nå lager eg kun problem for meg sjølv, andre hundar skal ikkje bety leik, det som skal være moro er det eg som steller i stand:) hi hi heldig gris Rally! Det hjelper ikkje på at Raxo er bror, han tilhøre ein annen flokk no, dei skal lære å fungere tett på kvarandre og Rally skal lystre meg ikkje trekke mot leik med annen hundar.
Det blei mykje venting i bil på Rally i dag også og rolig avslappa er ho ennå... verken stressar, pesar eller lager lyd !! Målet blir å holde henne på det nivået og ikkje bygge opp om stress med å la ho jobbe, når ho er med dei voksen hundane på trening, all jobb skal forgå åleine med meg og henne lenge.

Lydighet som sitt, gå på fot, innkalling osv. skal vi trene i gruppe i tillegg til åleine treninga, det er viktig for alle uansett bruksområde, det kan forgå i skogen og elles overalt. (det er nok dette som gjer at jaktlydighet er bra allmennlydighet) vi trenar på å gå på fot i skogen, det gjer sjeldan "LP hundar" og dei er oftast heilt blank på fot gåing i skogen;)

Rally kan verken gå i band eller gå fot ;) eg har ikkje komet skikkeleg i gang med fot eller band treninga, vi er på kjøkken nivå ennå, men det blir ! Innkalling og springe fri i skogen har vore henna aktivitet til nå og det blir det lenge ennå. Eg skal gå litt meir heilt åleine med henne å få ta ei og anna økta i skogen med fot, sitt å bli innkalling (planke innkalling), ho lære fort.
 
23.10.11
Rally er ingen rampejente lenger, men ein snill enkle kvalp!! Anne Lene har døypte ho Rally Rangle og kva ligg i det, jau ho skal ligge i sofaen til siste man legg seg altso ikkje i buret når eg legg meg!! ja ja dei for gode vanar litt etter litt;) Rally har også nokre dagar sove til kl har nærma seg 7 !!! reine himmelen, så alt går rette vegen.
Trening ligg eg ikkje i selen i ennå etter, men burde vore litt flinkare å få inn grunntinga som sitt å bli, gå på fot. All grunn trening har ein igjen for også eg..

Eg har likevel mine favoritt øvingar som eg tar ein bolk med kvar dag, det er sitt, sitt litt lenger, sitt til eg har lagt ned ein apport, sitt til eg er komen tilbake til deg og du for lov å hente den, jau dette kan lille fine Rally. (på kjøkkenet) det har vore teste i hagen og det funka der også, men vi trenar ikkje dette i hagen ennå.

Rally har vore med på tur i skogen nokre gangar i lag med Arwen, Artemis og meg, dei store hundane går i strekk festa til meg, Rally for springe fritt og skal passe på seg sjølv kvar ho er og kvar vi er, eg kallar aldri heim, det er hennar jobb å lære seg til å holde seg ved flokken. Ho får ikkje springe i lag med dei store hundane, dette på grunn av at eg vil forme henne sjølv og eg er redd for skade. (er det heilt ope utan hindringar som tre og steinar for dei springe litt i lag).
Små eigne turar med Rally må eg legge inn dette for å trene innkalling, eg kallar heller ikkje inn så mykje då, men bellønnar spontankontakt, god fart heim. osv, av og til gir eg signal og bellønnar då om ho reagerte raskt på signalet, godt tempo eller berre at ho kom heim.

Det skal bli ei bra veke med SOL, og då skal eg love bilde, Rally er så fin(fargen) jau resten er også fint, men brun hund er betre på bilde enn svart berre eg klare å fange henne inn på brikka.. problemet vårt har vore "været" i tillegg til at Rally ikkje er så begeistra for at vi siktar på henne med kamera ;) ikkje så enkle å fange gode bilde då.
 
20.10.11
Fartsvedundret Rally sover til kl 06.00 dei flest dagar.. yes!! tørt i buret og alt er berre velstand. Uhell kan skje på dagtid i går klarte ho og tisse inne tre gangar, ein gang på stua og to gangar på teppet i gangen ? kvifor aner ikkje, har ikkje sett når det skjer.
Rally og Arwen var med på hundetrening i går, vått kaldt og surt og ikkje mykje motiverandes å trene noko som helst. Rally for likevel trening i å ligge i bil forholde seg rolig nær andre hundar og alt dette er viktige moment.
Sidan eg ikkje er så flink til å trene henne i å gå i band, tok eg ei økt med det på trening i går kveld.

Eg har koppel i lomma og trenar henne i å gå i band inne og når ho skal gå ut og dette med å gå bak ned trappa blir trena. (då tar eg på koppelet, det er i lomma for at eg skal ha det for hand) kunne gå bak er ein nyttig ting.

Har ikkje vore så alt for flink med å trene på ditt og datt, men Rally lære ekstremt fort det ho vil og det betyr at eg må passe på å lære henne det som er nyttig og nødvendig, eller lære henne å like det :) Innkalling eller komme på små hint, jau det går rett veg, Rally reagere raskt på signal, vell å merke gir eg kun signal når eg veit ho reagere å der ligg nøkkelen også till topp og rask reaksjon, les hund!
Det blei ei kort økt i hagen med fottrening + sitt og bli, korte økte er nøkkelen hennar, ein skal kun trene når fokuset er der.

Rally sjølvtrimmar med å springe eller rase rundt i høg fart og då er det mange runde det er snakk om, ho tar seg godt ut og har behov for dette ser eg.
Inne er ho plutseleg på og like plutseleg av, slappar veldig bra av å er snar til å legge seg ned og sove, stressar veldig lite så dette lover bra, men eg tilbyr henne heller ikkje stressande adferd, her er det nok av alt og alt til sin tid.

Dragkamp med Artemis er favoritt sport, begge to er likegalne etter disse mjukelekene som skal bærast og dragast i og dei drar i kvar sin ende nokre gonger for dag ;)og har det ikkje så allerverst med den aktiviteten;)
 
17.10.11
 Rally veks og eg er slapp med treninga ;) eller endå slappar med oppdatering ;)
I dag og nokre dagar har eg kløft ved og Rally held meg med selskap og drar utover plenen eine vedaskie etter den andre og spis litt og storkoser seg i hagen. Rally tar raser runder og berre spring og spring ho driv med sjølvtrimming ;) og det er ein god eigenskap seier vi:)

Eg har klippet ørene hennar og det var ikkje kjekt synast ho og ville gjerne sleppe, men her i huset er eg alltid sterkast og gjennomfører den planen eg har lagt og det eg har starta på og brukar den tida det tar. Rally blei fin, ingen tvil om det og det gjor seg med ein klipp.. Kloklippen går veldig greitt og ho sit ennå på fanget mit, heilt still og rolig når eg utføre dette, men no må eg bytte bort negleklipparen med klosaksa, klørne har blidt kraftige som på ein voksen hund.

Trening, prioriteringa mi har vore raske reaksjonen både spontane og ved påkalling, eg bellønnar raske reaksjon, spontan kontakt, høgt tempo heim, men skal ein klare å belløne det riktig må ein lese godt hund. God innkalling er heilt nødvendig skal vi få eit bra samarbeid, det er derfor eg plukkar i frå momenta på innkalling og bellønnar fleire sekvensar, alt skal funke og det skal ikkje etablerast "eg kjem når eg ønskje det" eller kun vis mor spring eller har blåst i fløyta ørten gangar, gauka namne 10 gangar osv. det er så fort gjort å også etabler tilleggssignal(unotat) på innkalling. Eg har heldigvis godbit gal hund som er lett trent hund !

Rally er ein super herleg rampe jente med så masse fart og har eit kjempebehov for å springe mykje. Ho vil bli ein rask apportør tipper eg og eg vil ha ho som Arwen rett heim og igjennom vann og eld for ein apport. Ho skal ikkje få lov til å apportere der andre hundar apportera ennå, dette for at eg ikkje vil bygge stress på ein kvalp. (kun på kjøkken for Rally apportere), men snart skal ho få lov i gangen og så i hagen og til slutt i skogen, men då skal det kun være meg og henne. Ho har ved eit par høver fått sett både Arwen og Artemis apportere i skogen, men ho har ingen forventningar til at ho skal gjere det så lenge ho ikkje har prøvd.


Rally er med i bilen når eg er i veg for å trene dei to andre, men ho for ikkje trene ennå kun tilskodar slik bare sjå ikkje gjer noko sjølv, eller ligge i bilen det må ho beherske, livet på trening/prøver/kurs består av ein god del venting i bil og klare det å slappe av og aller helst sove er då eit stort + ;)
Rally venter
Ja her er Rally på vent og den andre er makker Artemis, ho kan å vente og pregar derfor Rally veldig bra på dette momentet.
 
09.10.11
Litt mindre snø på toppane i dag enn i går! det er bra vi vil ikkje ha full vinter ennå!
Det er kjekt å få bevege seg litt i skogen "fritt" når ein er i den alderen som Rally, dette på grunn av minst to ting, den viktigase er nok holde styr på kvar mor er å etablere gode vanar.
Dette med å bevege seg ein del i ulent og litt vanskeleg terreng er bra for koordinasjon og utvikling av både styrke og god muskulatur (då innan visse grenser ein skal ikkje slite ut kvalp med lange turar, men den skal få rese-fritt i sitt tempo med pålagde pause, til å slå av motoren er heilt nødvendig. (dette er obligatorisk tren på å slå av motoren og være heilt rolig) dette er ein "eigenskap" som skal utviklast såkalla ro på post. ("vi tillet ikkje mas", stress, pip under avslått motor) vi passer på og ikkje etablere det, vi slår også av motoren og svare ikkje på aktivitet.

Rally har sine fast økte med inne trening, vi har nokre enkle øvingar vi tar kvar dag, som sitt, dekk, plukkopp, avlevering, avstands bellønning og no har vi også begynt med fot trening. Vi trenar kun 1 til 2 bolke pr dag og på om lag 5 minuttar.

Når det gjeld dette med å lese god litartur om hundetrening så synast eg det er nyttig og er ei god hjelp for å få hunden sin slik ein vil ha den, denne boka her synast eg er bra og anbefalast>>>>
 
06.10.11
Ny dag med trening på å ligge i bil når ein voksen hund blir trena ;) ja ho består testen still rolig og søv og er akkurat som eg vil ha henne (ho veit ikkje betre) derfor kun heimetrening på henne lenge.
Ho fekk vell å merke ut å lufte seg litt først, rusle eit stykke på myra laus og utan langline;) Rally har endra litt på væremåten sin og er blidt litt meir opptatt med å følgje med kvar eg er og det går riktig veg i kanon fart, jobb gir resultat og denne adferden har eg fått heilt utan å mase på henne;) Rally har lært det på eige hand og eg er kjempenøgd, tenk ho passar meg og ikkje omvendt ! Yes dette blir bra.
Eg var i same området for ei 3 vekers tid tilbake og kasta ein ball med ballkastaren som vi ikkje fann igjen, men kva trur du skjedde i dag på myra, jau Rally kom fykandes til meg med den ballen vi mista, ho hadde funnen den plukka den opp og kom til meg med den!!!

Vi har tok vår økt med kjøkken trening i dag med og eit lite hovudet treng tid til å fordøye ting og tang;) Vi har lært dekk, eller vi har jobba ein del med det og sida eg jobbar med metode spontan adferd (for fram og fangar det eg vil ha) for å belønne, då skjer det av og til feil kopling utan at det betyr så mykje.
Vi starta med sitt og eg la ned dummyen hennar, Rally fekk "ja" plukka spontan opp fort.. og klaska ned i dekk fram om meg med dummyen ;) eg smile for meg sjølv, tar i mot utan å belønne startar på nytt og for etter det fin avlevering fra sitt, Rally for forsyne seg av godbitane som ho ser og veit eg har i handa.
 
05.10.11
Tidleg oppe er eg kvar dag, Rally er ein morgonfugl, men så lenge eg klare å unngå at ho tissar i buret står eg gjerne opp.
Ho har likevel lett for å tisse både her og der og det trur eg kjem av at ho søser seg opp i sambande med at ho skal leike med dei store hundane, og eg blir for seine til å få ho ut (eg les ikkje godt nok eller gløymer meg bort), det er ein overgang eg veit at ho blir potte tett litt etter litt.

Over til trening ei lita økt eit par gangar pr dag (inne) blir det på Rally. På tur må ho orne opp på eigen hand i langline eg etablere ikkje mas det er henna plikt å passe på oss:) eg held retning og ho må berre følgje på skal ho ikkje misse oss (meg og ein voksen hund) den vaksne går i kort koppel eller på kommando bak, som tyder 20-30 cm bak meg.
Det at den vaksne må gå bak og ikkje springe fri er på grunn av at eg ikkje vil ha skade på kvalpen min, vill fart og nedspringing vil skje og det kan då dessverre oppstå brot og skader, tre, steinar, osv. er potensielle farar. det kan høyrast pinglete ut, men det er nok dessverre ein del kvalpar som for skader på grunn av dette.

Når eg går åleine med Rally er det meir konkret jobb med innkalling, kontakt, signal befestning.
Eg brukar fast betinga forsterkar i trening og det vil då sei at eg klare å forsterke det eg vil, som døme kan eg forsterke berre det ho ser på meg på avstand, det at ho er rask i reaksjonen på innkalling, tempoet på innkallinga, sakt med enkle ord målretta kontakttrening er god innkalling.

Det eg ikkje skal forsterke, er ho oppteken og er avslått på ørene! som alle kvalpar er til tider.. Skal ein ikkje brukar signal som ikkje går inn, både rop, plystring, fløyte, høyre ikkje kvalpen når den held på med noko spennandes;) her er kun ein ting som gir gevinst gå og vekk kvalpen, bryt adferden den er i eller ikkje prøve på nyttelause rop. Du etablere eller forsterke ulydigheit, eller sakt med enkle ord, vaske bort allereie etablerte signal og lage nye eg kjem når det passe meg! ver litt ops på dette, Rally og eg jobbe med saken.

Dette med å tenke litt over korleis eg trenar og repetere litt av bøkene i hylla mi er eg i gang med,  denne boka er lettlest og ikkje så verst.. løp og kjøp >>>>
 
 
04.10.11
Då har regnklede blitt brukt og dei gjor nytta! Regn er ingen hindring berre dørstokken og auga som ser regne ;( Rally og Artemis og eg var i skogen for turing, Rally med langlina si og Artemis i koppel.

Rally fekk trening i å bli tjora fast i eit tre, to gangar og begge gangane bestod ho testen, litt stram i lina og rakrygga men("nydeleg kvalp Rally"). Artemis fekk ei og anna enkel oppgåve som ho løyste bra, Rally veit ikkje kva som skjer og ho skal heller ikkje bry seg så mykje om det skjer noko, derfor tjora i tre.
Rally for ikkje oppgåver i skogen ennå ho må lære alt perfekt på kjøkkenet før vi avanser til gangen:)  Det ho skal lære i skogen er kom fort heim, stopp så for du noko godt eller det blir ball!, dette kan skje og det skal trenast når eg går åleine med henne og dei vaksne er heime. Ho er av dei raske fante slaget som har sine meiningar, derfor må eg skunde med sakte og trene med 100% riktig som mal og ho lære ekstremt fort det ho vil lære..

Rally har lært at eg ikkje skal få sjå i munnen på henne og det kan eg ikkje begripe kvifor eg er som eit spørsmål teikn her.. Ho har starta å misse tenner og har også fått opp nye nede det har eg sett, men eg for ikkje sjå, ho hyle og stikk når eg vil sjå i munnen hennar :( her må det endring til. det er faktisk litt viktig å få sjå inn i munnen av og til, både etter dit og datt og ikkje minst skal vi på kvalpeshow så må ho være tilgjengelig slik eg for sjå på tennene hennar. (dommaren skal også sjå).

Utgangsposisjon vil ho ikkje lære då stikk ho igjen... Derimot både sitt og dekk kan ho, og ho kan "Litt" sitt til "ja" for å få lov til å plukke opp dummy for så å sette seg. Elles så har ho alle Arwen sine fakter, ligg på rygg på golvet og sparke med alle 4 fotar rett opp, sjølv trimming og eg kan trykt stole på at ho klare å holde seg i form:) og det er godt å vite.

Ho rese ofte rundt med noko stole i munnen, sko, leste, osv. dette blir ikkje lagt merke til av meg, men eg går og bryt adferden tar i frå og seier i frå at eg liker ikkje dette, ho er nemleg ikkje slik som eg er vant til at ho vil avlevere eller bytte til seg godbit eller leike, ho stel for ho vil ha litt moro :) Det same er med evt apport ute ho snur rompa til å stikk. DERFOR skal alt være programmert før vi avanser i treninga vår.
Eg legg ikkje vekt på stelinga hennar lenger, ute finn ho noko så er det henna, men eg jobber med innkalling og kallar inn for å lykkast 100% eller så har eg line på henne. Rally blir perfekt til slutt og eg liker hundar med masse sjølvtillit og pågangsmot!!

Det er fleire måtar å løyse disse stelefaktene på, men det er også viktig og ikkje forsterke problemet slik vi for andre biverknadar av disse fantestrekane.

Les hund og avlei med eit godbitsøk effektivt på matglade kvalpar og er ei god metode, kast to tre gode godbitar som fristar i nærheita av kvalpen, ta byttet i lomma når kvalpen er oppteken med å søke og når kvalpen har brukt nasa til å finne godbitane er den over i eit anna modus, prøv då å kall inn og bellønn skikkeleg.

Metode to, sett deg ned på huk og leik med ei freistande leike, ball i snøre, bamse i snøre, eller ei fille, el. kjem kvalpen då så bytt med leik (du leikar med kvalpen og lar ikkje kvalpen stikke med din leike også) og ta byttet vist det er noko du er redd for, er det noko ufarleg og noko kvalpen kan ha, la han ho få det igjen.

Metode tre, gjem unna ting kvalpen ikkje skal ha, ha rikeleg med eigne ting til kvalpen som den kan ha å leike med på sin opphaldsplass.

Inne, fram med autoritet og ta i frå på ein bestemt måte og forklar for jyplingen at dette liker eg ikkje. ( dette er ikkje enkelt å få til ute)

Unngå å kast til kvalpen då dette skrur den mykje opp og forsterkar problemet. Pinne, ballkasting/dymmy føre til stress og bør ikkje brukast på disse kvalpane anna i trenings/bellønnings opplegg. NB. Vi skal ha ei sikker god innkalling før vi startar med noko som helst kasting til kvalpen. Ved dårlig befesta adferd her kan vi også få katt mus leik med gjenstand og utan gjenstand også på voksen hund og det betyr vi har is i magen med slik trening.

Bruk mykje godbit og leik til å befest fløytesignalet godt, alle kvalpane hadde det godt programmert når dei reiste ut i den store verda, men det må vedlikeholdast og vidareutviklast, bruk ekstra gode godbitar og sett av tid til trening og husk første året er kontakt/innkalling serdeles viktige ting og få etablert godt.

Eg jobbar med saken;))))
 
 
02.10.11
Rally har vore med på kvalpetreff og ho er som eg forventar rolig i desse settingane, søv i bil og då meinar eg søv ikkje ligge påslått!! kjempenøgd med det. Dette er ein del av grunnforminga det å vere avslått og ikkje på :)
alle kvalpane fekk helse på kvarandre i band til å begynne med, ingen fekk springe laus i dag. For meg er det å bygge "ned" forventningar om kva som skal skje ikkje bygge opp, andre hundar skal ikkje bety full fres utan kontakt med mor;) andre hundar skal bety ingen ting eller noko vi rett å slett overser.

Denne veka har vi hatt vitjing av mamma og vi har derfor ikkje vore på så stor utflyktar, men vi har vore på tur både til strandafjellet og vi har rusla til høysett, vore på moa og i brusdalen, det vil sei ganske aktive på det vi kan kalle miljø og bil- soving ;)
Når det gjeld opplæring og kva eg terpa på med Rally er det ikkje så mykje, men eit par økte pr. dag prøve eg å få til. Momenta vi jobbe med er neddekk, sitt, plukke opp dummy for å sette seg ned på vent. Dekk har eg nå klaskedekk, men har ikkje lagt på kommando dryge litt med det. Ryggen min er på betring og eg kan jobbe litt meir med utgangsposisjon og det momentet blir og skal prioriterast.
Arwen Rally 
Mor og datter på strandafjellet, Rally har ingen erfaring med det å hente dummy ennå, men Arwen er som dei fleste veit dummy gal og klare ikkje la ein dummy ligg i fred 2 sek.
 
25.09.11
Rally hadde bil trening eller ligge i bil medan Arwen trenar, eg tok ho ikkje ut i det heile, men smekka igjen luka og Rally sovna !! bra moment det. Etter på gjekk vi tur i skogen og det var fart, Rally skjemmer ikkje sitt flott namn, maken til springe hund :) har eg aldri hatt før, full rulle ! Eg er ganske sikker på at Rally vil springe frå dei fleste hundar når ho blir vaksen og reknar med at Arwen & Artemis blir sinker i forhold.
Eg kjem nok til å vri hovudet nokre gangar før eg klare å få kontroll over denne Rally jenta mi, ein ting er vertifall sikkert det går ikkje ann å sove i timen når ho skal trenast.
 
24.09.11
Eg må berre beklage lite oppdatering her, men Rally er i modus!

Eg blei litt passiv på grunn av ryggen ;) er ein låk i ryggen er det ikkje lurt å sitte ved dataen for lenge og det er heller ikkje godt å sitje, men no er ryggen på bederingens veg og eg har fått god hjelp til det frå napropat !!

Rally he he.. fleksiline i hagen :) det er somme som har det, jau grunnen det skal ikkje lærast eg kjem inn igjen etter behov. Rally gjer som ho vil den frøkna, men eg skal ikkje ha slik hund som kun kjem etter ege ønskje derfor, dårlig tid, dårlig rygg osv. med andre ord legge forholda til rette for at ikkje uønska adferd etablere seg.

Treninga vår har ikkje tatt av ennå, men vi har sitt på kommando og vi har klaske dekk utan kommando (ennå) den skal på snart. Vi har spontan apport med sitt også utan kommando, eller momentet består av å plukke opp dummy for så å sette seg og vente på at eg tar i frå og belønnar, det er ein god start. Det blir å gripe fatt i utgangsposisjon og gå på fot litt etter litt..som neste prosjekt.
Bilkjøring er på plass også det å sove i bilen, heilt slutt på bjeff og gneldring ! I heimen ja tidleg morgana ennå, men ho har ikkje tissa i buret på mange dagar så det blir bra til slutt. Det blir lenger mellom kvart tisseuhell og vi er derfor på riktig veg.

Miljø eller å bevege seg ein del i skog og mark og terpe på innkalling blir vårt mål i haust, 100% innkalling må på plass, dette er veldig viktig å få på plass før vi kan gå vidare med opplæring i apportering.(utanomhus) inne kan ein sette alle brikka på plass og det gjer vi.

Det har heller ikkje blidt så mykje bilde og det kjem av to grunnar, regn og atter regn + at Rally spring for fort at berre halen kjem på;) og eg har ikkje vore heilt i fotomodus. Her må eg skjerpe meg litt, pusse linsa og lade batteri ta med kamera ut i skogen eller på fjellet dra det opp før regne kjem!

Rally var med opp på fjellet her ein dag når Arwen og Artemis skulle trenast og eg hadde planar om å ta bilde, men regne kom så fort.. Treninga var god og i fint ver, Rally sov i bilen og det er det ho skal kunne når dei andre jobbar, derfor ganske vellukka trening for henna del.

Rally er ein hund som har ekstremt behov for berre å springe og det for ho også, det må derfor ikkje misforståast det med "fleiksline i hagen", Rally for springe mykje laust og det skal ho også.
Problemet er vist vi har dårlig tid, eller det er mørkt på kvelden og ho forsvinn og skal leike katt og mus om natta, det er ikkje lurt å etablere, i tillegg har ho lurt seg igjennom gjerdet nokre gangar og då er det regelrett livsfarlig for henne tenker vi på biler. Det handlar så enkelt som om det å legge til rette forholda for riktig læring.

Vi har stor hage  ca 1,2 mål og Rally spring mange rundar opp og ned fram og tilbake i stor fart "åleine" ho for ikkje springe i lag med med dei vaksne hundane dette for å unngå evt. skadar som kan oppstå ved samanstøyt i steinar tre osv. I skogen har eg dei store hundane i band eller i aktiv trening og under kontroll, aktiv trening kan være gå bak, gå på fot og det vil då sei laus under kontroll.
Rally 15 veker
Rally ca 15 veker, stille opp ein kvalp er ikkje lett og eg fekk hjelp av Britt "takk takk"!. Eg liker beste bilde i aktiviter, men så er det no slik at eg er litt opptatt av korleis dei veks og utviklar seg ;) derfor bilde i frå sida. Rally sin fargen står fint til hausten ;)
Rally 15 veker
15 veker og fin synast nå eg ;)
 
17.09.11
Rally godjenta mi har tatt meg med storm og er urstateleg føler eg, snart vert sin vekt i gull og ho er forsikra i Agria,  var mykje fram og tilbake her med meg før eg endelig  bestemte meg for Agria. Eg har alle mine forsikringar i Gjensidige også Arwen og Artemis, men forsikringane deira har steget så mykje at eg rett å slett valte Agria til Rally.

Nok om det, Rally er berre topp og eg må smile alltid når eg ser henne og for ein fart og farge den jenta har. Eg ser kun det positiv og kan ikkje legge merke til noko negativt og leitar heller aldri etter det.. ! ser ein slik på det blir det slik.

Og som dei fleste veit skal ho ein vakker dag på jaktprøve og ein del ting må ho kunne, eg har derfor bestemt at Rally må starte på skulen snart og øvinga er det å fokusere på læring eller klare å konsentrer seg litt. Derfor blir det kjøkkenet som er treningslokale vårt. Treninga forgår i korte bolker på eit par til fem minutter eit par gangar pr. dag.

Ein kommando kan ho og det er sitt, men sitt er nyttelaust er den slik at kun klaske rompa i bakken og så sprett opp igjen. Altså sitt er det å sette seg for å sitte til noko nytt utløyse sitten ;) ja ja.. slik skal vi no jobbe, rask sitt på fløyta skal ho også ha og regelen er det same her vent på anvising og i henna læringskurve er det klikk og godbit eller kun ball.
Moentet består av rask utløysing av sitt og så sitt til eg klikker eller brukar annen form for belønning og her er det draging i strikk utan at den slitner.

Så er det dette med å holde apporten i munnen til ho avlevere i min hand, det er eit moment i slutt fase på ein apportering. Dette momentet skal ikkje slurvast med og det er noko som ikkje er medfødt men blir innlært på det vise ein vil ha det.

I hand ikkje på bakken verken tett på eller ein meter eller to framom, slik avlevring er ikkje avlevring og vi har ein brot i grunnapporten.
Eg skal ha alt i hand for at det i det heile tatt skal utløyse belønning og belønning kan være ny apport eller ein godbit.

Ein utlært hund elsker apportering og den skal kunne gå rett i passivitet etter ein apport i hand, det vil sei at den etter avlevring inn tar utgansposisjon og forblir der til det evt. fell ei ny jobb på hunden. men ops. dette skal formast over tid og hastverk kan føre til frustrasjon som kan gi seg utslag i både ditt og datt, frå begge parter.

Rally er i fasen plukk opp og sjå i øya på mor sett deg vist ikkje eg tar i mot og vent til mor vil ha apporten:) då blir det godis på Rally eller ein ny apport/ball og mine treningsøktar er korte og på kjøkkenet 2-5 min pr dag.
Rally skolebenken 14 veker
Rally ser ikkje på meg, men på godbitane ;) det er ikkje så enkelt og få feste alt på bilde. Her sitt ho og ventar på å få godbitane som eg har i handa etter at ho har plukka dummyen opp frå golvet. ( det tyder kanskje på at eg ikkje er motstandar av å bruke godbit i apporteringstrening, men... skal godbit brukast så må/skal det brukast rett)
Det går framover med renslighetstreninga, færre dagar med tiss i buret, men ennå alt for tidleg oppe, flest dagar ca kl 05 endå vi luftar seint:) men dette er ein overgang veit eg og det blir nok bra til slutt.

Har prøvt oss på oppstilling bilde.... alt for vanskelig å få til, eg må no berre jakte på ein fin positur oppstilt i det fri, stille opp er kunstig og er ein kunst som hund må drillast på, ikkje enkelt og ikkje min favoritt, likevel er det kjekt og ha slike bilde for å synse å sjå på.
 
 
11.09.11
Eg prøver og få beisa litt på huset vårt som så sårt treng vedlikehald.. har ikkje vore prioritert, men eg må skjerpe meg litt her før det rotnar på rot:) DET har kun regna i år og det er nok ein del av grunnen til at det går så seint med denne beisinga...

Rally for då litt tolmodigheitstrening og det er som vi veit ei nyttig ballast å ha med på vegen. Ho må altso stå litt i hundegard medande eg syslar med litt beising dei dagane det ikkje regnar (har ikkje vore så mange dagar hittil, men..) Arwen held Rally med selskap i hundegarden, Artemis held meg med selskap når eg beisar og passer på at ingen kjem eller går umerket!

I hundegarden legg Rally seg til å sove og slappar godt av, Arwen søv aldri der, men er lys våken og følgjar med på livet utanfor fangenskapet, men bjeffar ikkje er still og roleg, men eg er også flink til å sleppe dei ut slik dei ikkje står for lenge av gangen der, ut å strekkje på beina, tisse osv.. så er det innigjen.

Morgonane er tidelge ennå her i huset og kan ikkje huske så godt tilbake til dei andre kvalpane om det var så tidleg eller.. Vertifall tissing i buret har ho vore åleine om og det har eg ikkje opplevd før over så lang tidssone, det har vore nokre tørre dagar no, men i dag var det uttissa igjen, og eg har sikkert sove for tungt i dag, sov til kl 6.15 og vart for sein til å lufte.
Aviser og reint teppe må til ofte her, men vi har både rikeleg med teppe og aviser så det går greitt!

Litt tur åleine med Rally prioriterar eg, ho skal oppleve miljøet positivt på dei fleste stader og slikt skal prioriterast. Eg opplever Rally som trygg i alle situasjonar, uredd og våken. Trening ja og ha, det blir ikkje så mykje av det ennå, Rally er nokså sjølvstendig og eg må nok ikkje sove i timen skal eg klare å etablere kontroll over henne.

Eg har saumfart gjerde vårt for smuthull, men ho lager nye og kryp under gjerde og er eg livredd for at ho skal rote seg opp på vegen og bli påkjørt, for maken til fart har eg heller ikkje opplevd tidlegare, dette er kvalp som ikkje lar seg stanse så lett... og det riktige valet for meg! gleder meg til ho veks til så pass at eg kan starte med aktiv trening av henne.
Slike raske kvalpar er moro å trene og tar alltid ei ny utfordring på strak arm, men eg held igjen vil ikkje lage treningsnarkoman. Rally skal ikkje over stimulerast, men være kvalp lenge, Rally skal når ho blir vaksen, både drive med LP, jaktprøver, spor og kanskje endå meir, det vil tida vise og eg glede meg.
Som nemnt tidlegare er kontakt trening og miljø oppleving det aller viktigaste. Kontakt og innkalling heng samen og har ein god kontakt så for ein også god innkalling.

Eg har fått sendt stamtavlene og eg håper dei kom fram eller kjem fram rett over helga. Stamtavla er verdipapir og putt den i kvalpepermen og oppbevar den der i lag med dei andre papira som høyre til kvalpen. Rally sin stamtavle er godt plassert i henna perm;)
I dag er det søndag og eg skal prioritere litt Rally trening !! som er kontakt og innkalling og eg skal være meir intensiv i treninga, skal klikke for all spontankontakt og ha fulle lommer med godbitar med klikker klar i lomma. Ha ein fin dag!
 
07.09.11 
Vekta var 8.9 kg og eg bomma då litt på tippinga mi;) Rally er blidt vaksinert og skal no ikkje ha meir vaksine før om eit år. Artemis var også med å fekk vaksine, begge to var like rolige og flinke, Artemis sovna som ein stein medan ho venta, det er typisk henne og ho kuler ned og søv sjølv på eit veterinær kontor. God makker hund til Rally slik gjor Rally også la seg ned for å slappe av og var veldig rolig og grei under ventinga.. også når ho fekk vaksine og blei undersøkt oppførte ho seg fint!

Vi var så ein liten snar tur til brusdalbana og trefte Raxo, Rally og Raxo leikar rolig og fint ei lita stund, før vi kopla og putta dei i bilen, og trena litt dei vaksne hundane.
 
07.09.11 
Etter å vore innom dogweb til NKK kvar dag i minst 14 dagar kunne eg endelig i dag sjå at dei hadde registret Ra -kullet med kvalpenamn, no reknar eg med at det er like rundt hjørne før eg også for tilsendet stamtavlene.
I dag har eg time for vaksinering av Rally og vil også vege henne ved veterinær besøket og er litt spent på vekta, tipper 9,5 så for vi sjå..

Rally har slutta å tisse i buret om natta, eller det vil sei ho har ikkje gjort det på nokre dagar og eg håpe derfor at ho har slutta med det for godt;) tideleg oppe er ho og ca kl 6.00 er det berre å stå opp for då skal frøkna ut på do.

Rally prøve eg å få kontakttreent ein del slik ho faktisk blir opptatt av meg, vi jobbar med det, eller ho jobbar med det, Rally vil eg ha litt slik som Arwen at ho tar kontakt utan at eg skal mase på henne, altso forsterkar spontan kontakt, men her er eit lite ops.. og det er at eg skal også få kontakt når eg bed om det. Det skal ikkje vere enkelt dette.
Elles så stressar eg ikkje med opplæring alt til sin tid, kontakt, innkalling og miljøtrening er det som er viktige moment for oss. Disse  Ra- kvalpane har nok av motor og derfor treng ein ikkje å dra fram meir enn det ein treng, det er lettstarta motorar og alle vil få start den dagen den skal gå for fult. Har ein trimma motoren så mykje at ein missar kontrollen er det mange steg tilbake:)
Når eg har god kontakt og innkalling (disse momenta går hand i hanske) god kontakt og innkalling er same sak, så vil eg også utvikle utgansposisjon og deretter fot eller plass som vi kan kalle det..
 
03.09.11 
Rally har vore tilskodar ved LP-prøve ;) det takla ho supert.. I Ørsta var det prøve og Rally måtte så klart være med for å erfare miljø. Tygg uredd og lyd fri og akkurat som eg ønskje henne. Null skrik i bilen også i dag så det går berre ein veg dette og det er riktig veg. Rally har sovna i dei prerodene ho har ligge i bilen altso ingen stress eller skriking det!
Vi fekk helse på Raisa og det var kjekt og sjå korleis ho utviklar seg, Raisa var kompakt, velbygd kvalp og har fått udelt ei god energi kvote, det lover godt for framtida. Raisa er påmeldt kvalpekurs i Ørsta og skal snart starte der, blir no kjekt både for Raisa og Nina det;) Raxo var også tilsede i dag og Anita stilte i LP med Bob den ander flattene henne, 1 pr og opprykk til kl 2 på henne !
Rally skal også verte og sjå i ringen til neste år (håper eg)og ho skal pregast på passivitet utan for ringen;) Klare ein slappe godt av skal ein også klare å yte når ein skal, god av og på brytar vil eg kalle det.
Det som er viktig skal ei få ein god LP-hund er kontakta, god kontakt og oversjå alt av uvesentlig påverknad frå miljøet rundt, derfor kontakt trening og miljøoppleving er det viktigaste trening i ein kvalpsliv !! begge deler prioritera eg, dette er moment vi ikkje kan/eller bør vente med til hunden er vaksen, vertifall miljøet, det er veldig viktig last å ta med seg.
 
01.09.11
Ny dag og ny kalender månad og eg noterar om Rally.  Livet med kvalp er ikkje å ligge på latsida, men jobb og moro!

I går var det ein hektisk dag for oss, vi var tideleg oppe( Rally stod opp kl 2 om natta og synast at det var ei passande tid, eg synast at det var vell tideleg)men alt går. Rally og eg var ein snart tur til Vigra (flyplassen) med Hans Emil han reiste til Stockholm for å studere, Rally var still i bilen til vi kom til første tunnelen då starta ho å hyle :) hylte litt og blei still igjen, elles så sov ho til vi kom tilbake til ferjelemmen på magerholm då fekk ho ut å tisse, sovna og sov godt til vi kom heim igjen.

Det var faktisk ein del opplett i går også og det betydde at eg fekk høvla av plenen litt gras og det var faktisk på tide :) Rally måtte stå i hundegarden medan eg slo plenen og det klarte ho så klart, ho ser litt skeptisk på dette udyret som bråkar over plenen, men er ikkje redd, berre godt våken.

Så var det å reise på nytt no ut i brusdalen til retrieverklubben sin bane for å trene LP med Arwen. Rally fekk buse med Raxo på bana før vi trena og etter vi hadde trena, Raxo er fin gut som Rally, men han ser ut som ein kar! og det er bra.
Rally for ikkje trene så mykje på slike fellestreningar ennå, berre være tilstede å bli fortroleg med miljøet der det er fleire hundar og meir folk. Elles så var dagen i går topp, ho tissa ikkje i buret i bilen og det var lite lyd i frå bilen når Arwen var ute.
I dagmorgon sov ho til kl 5.30 !! tenk det heile himmelen for meg og ho hadde heller ikkje tissa i buret, yes !! kjempe bra.
anita Raxo rally
Bilde frå gårsdagens trening, Anita, Raxo og Rally.
 
29.08.11 
Rally har vore på sandsøya for miljøtrening ! Tøff uredd og etter min smak, fart!! til tusen  og Rally har verkleg fått eit passande namn;)

Dei blei slutt på hylinga i bilen også og det var heilt stilt både ut over og heim igjen i dag.

På sandsøya har ho fått testa ut flytebrygge og kai og "levandes båre"(sjø som beveege seg mot land) jau eg tørre ikkje anna enn å ha henne i koppel ;) Vi har rusla litt i marka og det liker ho godt og tar seg gjerne lange springe turar heilt på eigen hand, så dette er ein uredd kvalp med stor sans for å finne ut av ting på eigenhand.
Ho likte seg godt ute på sandsøya og heime med mamma og pappa slo ho seg vell tilrette og kjenner seg sikkert godt igjen ved neste besøk.

Vi tok litt bilde mellom regnbyene, men vi måtte være tjappe for det var så mykje regn at det fekk vi nok av.. Mygg var der også når det ikkje regna og eg er faktisk usikker på kva som var mest plagsamt, mygg eller regn.
flytebrygga
Ja her sitter Rally på flyte brygga ;)
 
25.08.11
I går kveld var vi i brusdalen for å få miljøtrente litt, Rally bjeffar ennå litt i bilen når vi kjøre, men det kjem seg og reknar med om ikkje så lenge er det heilt borte. Tissa i buret gjer ho også, slik kan det vere med kvalp ;) men det er ein overgang med alt.

Ho fekk buse og springe litt i lag med begge brødrane sine + ein golden jente på ca same alder. Brødrene henna ser så fine og kule ut begge to,  Raxo har vinninga på storleik, men Rally og Eros (Rambo) er ikkje mykje mindre, faktisk veldig gjevne alle tre.
 
24.08.11
Rally på miljøtrening ute på aursnest ;) Ho trudde tara var landfast og hoppet i det våte element, jau ho kunne symje, men om ho hoppar på sjøen igjen med det første tviler eg på. Her er bilde etter det store hoppet til havs.. fin jente dette som veit kva ho vil.
Rally
 
23.08.11
Skogstur i går på Rally og Arwen, trygg og uredd kvalp.  Rally går i langline sidan eg har ein aning sjølvstendig kvalp som ikkje skal bli meir sjølvstendig enn "normalt" etter utdanning ;) Rally kan finne på å ta ein lang tur på eigenhand og eg brukar kun innkalling når det funger. Eg passer meg vell på å ikkje etablere kom når det passer henne og ikkje meg. :))

Turen gjekk fint, Rally tok ingen lange turar, vi hadde null innkalling og Rally passa på oss!! det var målet med turen. Dette med å etablere fin flokk kultur er å holde seg ved troppene utan mas, Arwen er slik og slik vil eg ha også Rally .

På Kveld var det tid for hundetrening, eg og Arwen trenar LP og Rally er med for å lære vente i bil på tur, Arwen slapp ut og vi trene litt før Rally fekk ut. Så var det Rally som fekk ut og det blei helsing på ein liten kvalp på 11 veker og det blei helsing på noko kjempestort av hundar, Rally tar alt på strak arm, uredd og trygg.

Inn i bilen igjen og ligge til ny kviling, sove litt, bjeffar litt og alt det er normalt. Herleg, trygg og oppvaken kvalp er Rally o ;) det lover bra.

I morgon kveld er oss tenkt oss til Brusdalen (Gamle brusdal skule), sjå link >>>>) Her skal vi trene LP med Arwen og Rally skal få sin dose med miljø trening. Rally er i ei viktig fase når det gjeld dette med å oppleve ting og tang på ein trygg måte, derfor setter eg av ein del tid slik ho skal tole at det skjer ting rundt henne utan at ho skal gjere så mykje anna enn å ta ting med fatning.
 
21.08.11
I dag var det også tideleg opp og det har vorte ein vane:) Dagen har blidt vitet til ein del miljøtrening eller tur til sentrum av Sykkylven (søndag og rolige) men det er fleire biler, det er gater, store glas med utstillings dokker, ja litt av kvart som vi ikkje finn på hundetrening eller i skogen:)desse korte vekene går fort og det er ei viktig tid dette for å oppleve ting og tang og eg er derfor litt ops på dette.
Vi trefte også ein hund av anne rase eller retriever det var eit stort + ( hunden var snill påstod eigaren) og Rally fekk helse. NB. litt viktig dette at kvalpar for helse på hundar med riktig psyke og som kan handtere kvalpar, husk og spørj om det vist du vil helse med din kvalp og er det ein hund du ikkje kjenner. Rally tok turen til sentrum på strak arm og var trygg og uredd.

Kloklippen blei også tatt i dag og det går strykandes med villspira Rally;) ho er kjempeflink og eg klipper alle klør og det utan noko om eller men.

Rally har stått litt i koppel på terrassen i dag, var brukbart ver ei lita stund føremiddag og då stod ho ca 10 -15 minut fast medan eg satt ute. Dette er også ein liten del av treningsprogrammet vårt, Rally skal kunne slappe av og være tyst i fast- koppel.

Anna trening, Versogod har eg eg starta så vidt med å lære henne, det er ein kommando eg brukar på avstandsbellønning derfor nyttig hjelpemiddel i treninga. Rally skal trene LP så der treng eg det..
 
20.08.11
Tidleg oppe denne brune super hunden min! kl 05.15 står ho opp kvardag, så dagane blir lange... Då er det ut og det er mat ;) eller mas om mat og eg gir henne.. ja ja slik er det med bebis.
Tissa i buret gjer ho også sjølv om eg står tidleg opp, men det går seg nok til litt etter kvart vil eg tru.
I dag har ho vore med i bilen og sett på Arwen trene, bjeffa gjor ho, men det bryr eg meg ikkje om, Rally skal lære å vente ho!
Så la eg Arwen i bilen igjen for å pakke samen, då fekk Rally ut og ho fann bandet eg brukar på ruta svert spennandes, rusa rundt med det på slep som ein liten torpedo, her er det fart til tusen. Rally skal også trene LP litt etter kvart og eg føler at det blir fart som ein BC ;) mykje mykje fart her.
 
19.08.11
Rally har pen farge og ein drøm å fotografere, men vanskelig ho er så hyper og sitt ikkje fem sekund i ro. Det vil sei eit stykke frå kamera, tett på meg kan ho sitte rolig og ligge rolig og ho nyt til og med kos ! Rally er ein herleg hund som eg glede meg verkleg til å utvikle, men alt skal skje i rolig tempo ;) eg har heldigvis to andre hundar som har behov for trening også, derfor kjem eg nok ikkje til å slite henne ut for tideleg:))
Innkalling er det vi skal programmerar godt og på denne type hund med så mange gir og så mykje arbeidslyst må grunntinga sitte spikra.
Rosa dummy
10 veker og rosa dummy!!
 
18.08.11
Då dukka det opp to fine kvalpedummy i posten, Rally må derfor ut og være modell i morgon også;) då e no ho 10 veker åå kor fort tida går. Dummyane fekk vi frå firmaet "MYSTIQUE gundog training equipment" dei ville gjerne bruke eit bilde av Rally og det fekk dei, og eg skulle få to kvalpedummy for bilde;) Rally ja ho er allereie fotomodell. Bilde som dei ville bruke er dette ;) flott jente !
Rally fotomodell
8 veker er Rally på bilde.
 
18.08.11
I går kveld var det grillparty på NRK av Sunnmøre og Rally måtte så klart i veg for å starte miljøtreninga. Dette med å forflytte seg i bil, høyre med og det var ein del syting når vi reiste utover, men ganske stilt heimeigjen.
Arwen var også med for å trene litt LP- moment og Pernille var med for grille i lag med oss. Rally fekk sin dose med miljø, der var både store og små kvalpar, eit og anna bjeff i tillegg andre folk, både små og store på to bein.

Rally måtte ligge i bilen ein del med open luke, dette momentet blir viktig for henne å beherske derfor må det trenast på. Rally sovna og sov tungt i periodar, yes vi er på riktig veg.

Det var ikkje berre Rally som var på grillfest av Ra- kvalpane, men Raxo, Raisa og Ravna var der også, kjempekjekt at dei dukka opp og vil bli kjent med retrievermiljøet.

Dette med å være tilstede der andre hundar er, det er gull vært i forminga av dette med å være rolig der andre hundar er både aktive og passive, så enkel som å være tilstede utan at det skjer så mykje. Rally skal lære dette med å være helt rolig i lag med andre hundar, sjølv om dei andre er aktive. Vi blir derfor ganske rolige når vi er på hundetrening, enten i bil eller kun sitte å sjå på hundesirkuset frå stolsekken. Frivillig rolige ikkje slik sitt og bli eller dekk og bli, men heilt fri, kun i koppel med av motor meinar eg. Det er Nyttig det.
 
16.08.11
Retrieverklubben av Sunnmøre har ei fin bane i Brusdalen som dei disponerar på onsdagskveldane. ( Gamle brusdal skule), sjå link >>>>

Dei som har lyst må berre ta ein tur og bli kjent med miljøet i retrieverklubben, mange kjekke folk å treffe der.
Eg skal utover i morgon, Rally skal være med det skal også Arwen. Rally treng miljøtrening og det er nokså viktig for oss.
Rally har gått sin første tur i koppel i dag og det gjekk fint, litt skumelt synast ho bilane som kjørte alt for fort forbi var.. det var også litt skumelt, men dette er miljø  og ting som vi blir trygge på etterkvart. Det aller viktigaste er at koppel og halsband sitt fast på i tilfelle ho raser ut.
 
16.08.11
Tidleg opp i dag også og har brukt litt tid på å samle eit lite samandrag av Rally bilde til fotosida, fine Rally jenta mi>>>
 
15.08.11
Dagen starta tidleg kl 5.30 for vår del, Rally er ein morgon fugl og vi kjem oss derfor tidleg opp. Mat vil ho ha og eg har starta med å gi henne NP til frukost.. må ha litt kraftkost slik ho veks seg stor og sterk som tante Artemis.
Det blei litt tomt uten Ravna synast sikkert Rally for ho har kjeda seg litt og masa litt meir på oss, ingen å springe om kapp med eller fange, leikesloss med eller sove i lag med;) Det har i tillegg regna i dag og då blir det meir inne tid også på oss, vi kan gå tur i regnklede, men sitt ikkje på terrassen med regnklede. ;)
Kvalpar skal sove mykje og det er då greitt å ha eit bur å putte henne inni for tvangssoving.

I kveld var det tante Artemis som skulle være selskaps dame for Rally, eg og Arwen skulle trene lp, ein del av planen er å la Rally være like mykje heime som ho blir med. Dette er eit moment i forminga av Rally, for ho skal innfinne seg i å måtte være heime også, eg skal ikkje skape ein mamma dalt som blir gal vist ho ikkje for være med ut å trene. Arwen beherskar dette momentet topp og målet er at også Rally skal kunne være heime rolig sjølv om eg tar på hundeklede og drar med bilen og har med Arwen eller Artemis.
 
14.08.11
Her er vi i gang, Rally sit liv som kosehund for oss her heime, konkurrent til Arwen og Artemis ser vi på den hundesportslige arenaen, skal Rally overta Arwens rolle som allroundhund, å det er masse å tenke på.
Stakkars Rally eller ho er Kjempeheldig, tenkt det eit aktivt liv, kos til frukost til middag og kvelds ++ masse trening, klikker, spor, Lp, og sist med ikkje minst apportering. DET skal ikkje inn alt på ein gang, først er det miljø og atter miljø som skal opplevast på ein trygg måte. Så kjem alt litt etter litt og vi skal skynde oss sakte. Vi skal dele våre erfaringar og opplevingar her.

I tillegg så er jo Rally ein fotomodell allereie og tenk kor heldig eg er, brun hund framom kamera, å kor eg glede meg til alle blinkskota av henne i sin nydelige pels. Rally har Arwens sin pelskvalitet og den er brun i tillegg, så her blir det blankt!! ( alle skryt av sine avkom eg også).

Bli reinslig er noko som vi grip fatt i med ein gang, vi er nå på ein måte starta med det, men eg skal være meir flink til å lese henne, plukke henne opp fort etter soving og rett ut.
Då er vi i gang;)