Nacho- Ranja-kullet-dagbok
Eg har sett hannhunden som vi skal bruke på Ranja, herlig er berre forbokstavane!! Eg fekk sjå han apportere vilt og det med vilt er eit element som er viktig ved avl,  spontan, mjukmun, roleg gode grep har Nacho og det sett med eigne øyne :) Ja, og lynne er SUPERT, herleg hund !
Nacho og Ranja kvalpane født 14.11.2014, Stambok>>
 
Då er kullsida under arbeid og bilda av kvalpane når dei var 8 veker er på plass>>>
 
 
NAMN INSPIRERT FRÅ NATUREN  
TISPER HANNER
Bjørk, min, Kryss Storm,   Trondheim,  Haletipp
Mynthe,  Drøbak,  Venstreframme Rim,  Finsk,   Kryss
Sol, Volda,  Høgrebak Bris, Ski,   Nakke
Erle,  Kristiansund ,  Haletipp Frost,  Svensk,  Høgrebak
Lerke, Elnesvågen,  Venstrebak  
Iris,  Ski,   Nakke  
Tinde,  Tverlandet,     Høgreframme  
Kvalpane er plasert, Bjørk er min og blir her med oss.
 
15.01.2015
Bjørk vil få sin eiga side her om litt, så ta ein tur innom sida av og til!, Ja, og bokstaveleg, er noko på Sunnmøre eller rundt omkring, stikk gjerne innom og vis fram kvalpen som fort blir stor.
 
Frost, svensken vår som modell!
Her snuser svensken på ein av framtidas  artige aktivtetsting DUMMY, det blir speandes å følgje han og dei andre i framtida.

Tusen takk til Tone for dei flotte gåvene naturkullet fekk med henne og pappa Nacho. 8 vekers bilda til kvalpane er dummyane på bilda, tøft og godt merke ingen kan ta feil av hund her :)

Bjørk vil få sin eiga side her om litt, så ta ein tur innom sida av og til!,

Ja, og bokstaveleg, er noko på Sunnmøre eller rundt omkring, stikk gjerne innom og vis frå kvalpen som fort blir stor.

 
Då er det tid for å avslutte her, det har vore ei hektisk tid med mykje stell, vasking ,  kvalpane har hatt det svert bra, reint, tørt, tilstrekkeleg med varme og mat, masse omsorg frå mange hender. Eg var tilfreds med gjengen igjennom heile kvalpetida og sant snakka eg når eg  skulle velje, plukk ein lapp i frå hatten med eit namn på.

Det blei det då ikkje gjort,  eg bestemte meg ikkje før ein dag før merking om kva tispe eg skulle ha.

Det var etter ein mental kvalpetest av kvalpane, eg fekk hjelp til det av Susann, ho har erfaring frå kvalpeval og testing, ho driv med BC på høgt nivå og har gjort det skarpt både innalands og har konkurrert utanlands i gjeting. BC og flat kan være litt like, på ein del områder og kva vi prioritetar for konkurransehundar.

Gjeting er også ein sport der hunden må være still, lydhør og ha tilstrekkeleg jaktlyst.

Eg valte ut i frå notater  eg gjor på alle kvalpane, frå fødsel til dagen før veterinær besøket og den informasjonen eg fekk etter testen. Tusen takk Susann for hjelpa! Eksteriøret kom i bakleksa, så den finast kvalpe på eksteriøret er ikkje her :)

Alle kvalpane i dette kullet kan være gode emnar til det ein vil eller kan finne på å bruke den til, Kvalpane opplevdes  som dei har  medfødd ballast med  riktige eigenskapar. Då tenker eg ikkje berre på dette at alle sko og støvlar blir flytta av hunden til  ein vær tid, eg tenker på dette med ro, lyd, slå av motoren, konsentrere seg, evne til samarbeid.

Bjeffing og lyd i bur er tilvenning, det kan alle gjer, men det har ikkje noko med den lyd eg tenker på i arbeids situasjonar.

Ein retriever med bra eigenskaper blir også ein god familiehund, og tur kompis.

Lykke til med dokkers hund, kva den  enn måtte brukast til!!
 
14.01.2015
Då er kullsida under arbeid og bilda av kvalpane når dei var 8 veker er på plass>>>
 
13.01.2015
God følelse alle kvalpane er komet trygt fram til sine nye heimar. Hektisk, men likevell kjekt å bli kjent med så mange fine hundefolk, eg vil ønskje alle lykke til i framtida med dokkers kvalp frå Ranja og Nacho.

Kvalpane fekk fin kritikk på tryggheit hos veterinæren og eg fekk fin tilbakemelding på at vi hadde gjort ein flott jobb med kullet :) Eg kjem til å avslutte denne dagboka, men vil forsette å skrive litt om Bjørk  etter kvart.

På fjesboka, har eg oppretta ei lukka gruppe for kvalpekjøparar, den heiter 

Kennel Flatcoat-Arwen, berre å søke opp å be om å bli medlem.

Eg kjem til å legge ut blider, 6 vekers og 8 vekers på heimesida under kullet, litt etter litt, oppdatering på heimesida blir det i tillegg til fjesboka.

 
05.01.2015
Kvalpane har passert 7 veker og er litt av ein gjeng, no er det på tide å flytte for seg sjølv :) I helga har her vore innom både kvalpetittarar og kvalpekjøparar, kvalpane har derfor fått oppleve litt av kvart, alle er veldig sosiale og uredde for alt av folk, både små og store. Det blir derfor kvalpekjøparane sin oppgåve og tenke mykje miljø når kvalpane blir overtatt.

La kvalpane oppleve og avreager normalt på det meste, som er trygt, evt. reaksjon frå kvalpen med litt demping er normalt og ein del av det å overleve, den som hopper ut for alle skrentrar utan å observere kan være til skade for seg sjølv, så dette med å vise litt demping i nytt miljø, er normalt.

Det ein ikkje skal gjere er å trøste eller vise redsel sjølve, kvalpane skal avreagere utan at vi blandar oss inn. Vi er alltid trygg utan å sei så mykje. Normal demping er ikkje redsel, men eit hjelpemiddel for å overleve.

Bilda, ja her går det i eit og eit bilde har eg ikkje noko nytt av i dag, dessverre.. men gjengen har det bra.
 
 
  Merke 15.12 19.12 25.12 02.01              
16.58 1.H-Nakke 2210g 2620g 3900g 5000g              
17.03 2.T-Nakke 1500g 1760g 2600g 3350g              
17.11 3.T-Kryss 1940g 2290g 3200g 4100g              
17.20 4.H -Kryss 1630g 2200g 2800g 3600g              
17.26 5.T-Hale 1770g 2150g 2980g 3750g            
17.42 6.T.høgrebak 1950g 2370g 3150 4000g              
17.58 7.T-Venstrebak 1400g 1730g 2500g 3300g              
18.19 8.H.hale 1790g 2045g 3030g 4250g              
19.05 9.T-Høgreframme 1660g 1940g 2850g 3700g              
20.00 10.T-Venstreframme 1860g 2155g 2890g 3600g              
20.18 11-H Høgrebak 1980g 2350g 3400g 4350g              
                         
 
01.01.2015
Nyttårs aftan er over, GODT NYTT ÅR ! til alle, vi kom oss fint igjennom den, hundane var svert rolege i år og alt er bra. Kvalpane har det bra, beklagar lite oppdatering, men eg plukkar drit i all min fritid, det blir derfor ikkje så mykje tid til å gruble ved maskinen, litt hurtig løysningar med film og bilde på fjesboka har det vore, men lite skriving her om ting og tang.

Vinter og kulde, fukt og snø er ikkje det optimale når ein har så mange små kvalpar, dei kan fort bli kalde, det vil eg så klart unngå.

Viktigt !
Ein liten kvalp skal ikkje sitte ute i kulde, eller regn, men passe på at den er i aktivitet når den luftes og så ta den inn igjen og tørkes etter lufting.


Med 11 så blir det mykje bæring og løfting, ikkje så mykje tid til å sitte på rompa, og dei vaksne er sikkert litt lei desse kvalpane som for all oppmerksomheit :)

Rally lure på om eg har gløymt helt av henne… men  slik er det å ha eit kvalpekull, skal kvalpane ha positive opplevelsar, tørt og reint rundt seg er det mykje arbeid, men kjekt arbeid er det, sjølv om det er travelt og lite søvn. Jul er det ekstra med alt, pynt, juletre, mykje matlaging, vasking, osv… men men om det ikkje har vore så mykje oppdatering her, så veit eg at alle kvalpane har det bra og dei skal til gode erfarne heimar 10 stykkar og ei blir her med oss. Korleis eg skal velje misi er kanskje det vanskelegaste, eg er så glad i alle, det blir vell 7 merker i ein hatt så trekker eg..


Onsdag den 7 skal vi til veterinær kontroll, chip, vaksine og kontroll, då må eg ha bestemt kvar den og den skal, vertifall dei som har tinga namn, fordi, namna og reg. nr må stemme med chip. Eg har nok derfor bestemt på tysdag kvar den og den skal og har hovudet fult av grubling til den tid.
 
 
Modell under, Hann høgre bak, veks seg til :)
Modell under, tispe venstre framme.
 
26.12
Dagane går fort, kvalpane veks til å kreve litt oppmerksomhet, her er heldigvis eit fult hus med folk som like og kose med kvalpane, det er eg svert glad for.

På fjesboka, under hundebilde.no ligg ståbilde av alle 11, eg legg dei ikkje her då eg vil tru dei aller fleste som skal ha kvalp finner fram til bilda der,  og kan kopier til seg sjølv når de forvete kva kvalp som blir dokka..
 
Modell haletipp hann :) ein godgutt
Julebilde :) modell høgre framme !
Julekvelden var det ting som kunne vore fole kjekt og få rive litt ekstra på:) modell haletipp tispe.
 
21.12
I dag har to og to kvalpar våre ut i snøen for å få fryse litt på beina… alle har vore ute ein liten tur.
Meget tøff gjeng, her finest det ikkje pingler.!

Kloklipp i dag, alle var svert rolige, og det er tydelig det dei er vant til å bli tatt på:) kloklipp er heilt uproblematisk alle er rolige, det er derfor veldig viktig at dette blir videreført når kvalpen kjem heim til sin nye heim.

Kloklipp kan også kun være berøring med saksa, nesten uten klipp, dette er svert viktig!

Det er i starten uproblematiske adferd blir forma, venter vi til kvalpen er stor og har fått bestemme sjøl at dette kan være farlig og vi har enkelt fortalt den det ved og ikkje tørre å klippe, kan vi lage problemer for oss sjølve.
Flatten skal slite klør, men det kan være snø, og det kan være at kvalpen ikkje beveger seg på underlag som slit klør, og det kan være ei eller fire tær som slites mindre osv..

Derfor skal vi klippe klør, men husk lite og ofte, om det kun er berøring med saksa for å skape tillit.

Vi har også starta med fløyta, det føre med seg at 4 forventningsfulle flatter sit ut
afor døra og lure på kva eg vil, i det eg gir kvalpane mat :) Innkallingssignalet sit i ryggmargen på mine hundar..

Dette blir i ryggmargen på kvalpen og er vi flink til å trene dette vidare, vedlikeholde signalet og ikkje misbruke det, bør vi kunne videreutvikle innkallinga til å bli bra.
 
19.12
Her går det i kvalpar, dei har første prioritert og er ein svert heldig gjeng, dei for mat, tørre aviser, kos og atter kos.

Kvalpane blir tatt med omkring i huset og for oppeleve det meste av det som forgår i eit hus som er fult med folk og andre hundar. No er det ekstra med folk heime og det skjer mykje rundt, lite vasking «anne enn til kvalpane», men jul blir det her i huset også. Kvalpane har god matlyst, dei for mat fire gangar pr. dag, og frå i morgon av er det innkallingstrening  i forbindelse med fôring.

Det vil sei at hundane lære å komme på fløytesignal til mat, alle for med si eiga fløyte heim når dei hentar kvalpen (211,5 lyd.) Dette er starten på innkallingstrening, du treng ikkje blåse på kvalpen når den kjem heim om den skal ha mat, men forsette treninga og bruke godbit ute, det vil sei, trene innkalling/kontakt/belønning for å komme til deg. Les gjerne min tips for innkalling her >>>>

Det er mykje meir arbeid med kvalpar om vinteren enn om sommaren, om sommaren er det rett ut på do, og ut for å ete, no må alt forgå inne og det blir svert mykje boss av det. 11 kvalpar er ein god og interessant jobb :)
 
 
17.12
Alle kvalpane er så fine og eg kunne tenke meg alle, la det være garanti for den kvalpe du for!

Eg liker ikkje å ta hovudbilde med blitz og eg liker heller ikkje ta bilde inne :) og med 11 kvalpar er det litt jobb også med bilde, derfor kan det virke som nokre vert over prioritert, det blir dei ikkje på den sosiale måten, her vert alle dratt runde og gidt masse oppmerksamheit, både av to og firbeinte.

Somme av kvalpane har ekstrem fart når dei er ute på hustur.. det er så moro dette å les kvalpar og sjå om det er noko forskjell, men jobb er det å analysere kvalpar på denne måten. Håper været held seg mildt og det blir litt opplett utover slik eg kan få testa dei litt ute og ikkje minst tatt nokre bilde ut, det er det som er fint.

Gleder meg vilt til vilt testing :) då håper eg kan bli litt klokare på kva eg skal velje, eg kan ikkje velje berre etter eksteriør, eg vil velje etter gode jaktlege eigenskaper ( alle er så pene so), men kven som har gode grep og er flinke spontane apportørar vil eg sjå, dette skal ein eigentleg sleppe å lære ein retriever, det skal være der!

Eg har oppservert forskjellar på dei kulla eg har hatt, og alltid levert frå meg beste hundane :) no skal eg prioritere medfødde anlegg. :)


Det er eit par ting eg har investert i siste åra som eg verkeleg er super nøgd med og eit er, SOGGYDOGGY - SUPER SHAMMY og eg anbefaler alle kvalpekjøparen å investere i slike, ut på tur må alle og våte må ein bli, men tørkast skal ein når ein kjem heim, dette må ein berre ha, løp å kjøp
!! " dette produktet er bra og manga ganger betre enn vanlege handukar".
Haletipp H 34 dager
 
15.12
I går hadde kvalpane besøk frå Kristiansund og frå Elnesvågen, kvalpane og mamma Ranja, mormor Arwen, tante Rally og tante Artemis  blei godtatt og viste fram kjente flattadferder :) som seg hør og bør, hundar i ein flokk kan være litt intense :) men men.. det gjekk bra.
Det er verkeleg ein god følelse når ein veit at alle kvalpane hamner med erfarne flattfolk, ein gang flat alltid flatt! Ranja er trygg på flokken og ho lar dei andre stelle med kvalpane utan noko spørsmål, kvalpane blir derfor vant til ein haug med flater:)
Tennene er komet og dei brukar dei no på kvarandre, det positive med å vokse opp i ein stor flokk er at kvalpane utviklar fin bitehemning, det vil sei det veit korleis det kjennast når ein bit for hardt.
Kvalpane lære å sleppe fort når dei bit for hardt, den andre hyler og reaksjonen kjem kjapt, den som bit stopper.

Kvalpane vil då over tid lære korleis ein brukar tennene, om dei leikar seg så skader dei ikkje kvarandre, kjekt å vete.

Når kvalpane flyttar inn til folk, er det berre å sei au nar den bit og kvalpen skal reagere med å sleppe eller sluttar å bite. Dette med kvalpebiting har alle kvalpar og det forsvinn fort, og skal forsvinne, men det er greitt å passe på at det ikkje er lov, lære kvalpe at dette sluttar vi med.

Alternativ leike/ bein å bite på/bytte fokuser over frå biting på føter og hender med ting som er lov å leike med. Okseknoker/ rå med litt kjøtt restar er bra for kvalpane, eg brukar kjøpe kraftbein til mine hundar av og til og gir dei rå til hundane.

Eg er ikkje tilhengar av griseører og slike røkte produkt som ein kjøper på dyrebutikkane, heller ikkje kunstige bein og pinnar av hud. Det er både billigare og sunnare å kjøpe litt oksebein til å gnage på, det er bra for tenner og gir litt næring i tillegg.

Ikkje gå inn med småkrangling, det kan fyre kvalpen og den biter berre endå meir, avleiing, kontakttrening, belønn noko som vi vil ha, er måten ein handtera dette på. Vi skal ikkje godta kvalpebiten, sørg for å få bort fokuset, med eit skarpt AU, leik/godbit og få kvalpen over i kontaktmodus med belønning.

Barn og kvalpebiting, den voksen har alltid ansvaret.
Kvalpar kan oppfatter små barn som andre kvalpar og går inn i kraftig leik.
Krysshann 31 dager :)
 
Nakkehann 31 dager, pen og stor gut dette :)
Hann høgre bak, snill og god :)
Haletipp hann,  ja det er ein snerte pen hanne.
  Merke 14.11 15.11 16.11 18.11 19.11 20.11 22.11 24.11 26.11 29.11 08.12
16.58 1.H-Nakke 470 g 521g 545g 642g 686g 718g 823g 910g 1080g 1283g 1500g
17.03 2.T-Nakke 230 g 262g 299g 370g 418g 479g 521g 590g 677g 790g 1011g
17.11 3.T-Kryss 360 g 383g 404g 470g 536g 566g 745g 758g 847g 1030g 1300g
17.20 4.H -Kryss 320g 347g 381g 411g 477g 525g 585g 662g 771g 814g 1178g
17.26 5.T-Hale 330g 356g 370g 435g 490g 533g 567g 691g 830g 962g 1219g
17.42 6.T.høgrebak 340g 361g 399g 484g 522g 549g 648g 680g 806g 914g 1208g
17.58 7.T-Venstrebak 257g 280g 292g 365g 422g 442g 515g 635g 764g 840g 1020g
18.19 8.H.hale 370g 390g 391g 453g 459g 509g 552g 636g 772g 950g 1110g
19.05 9.T-Høgreframme 285g 310g 336g 421g 464g 510g 637g 662g 785g 893g 1190g
20.00 10.T-Venstreframme 340g 373g 400g 496g 543g 534g 638g 682g 849g 940g 1205g
20.18 11-H Høgrebak 395g 443g 472g 555g 608g 621g 740g 804g 926g 1000g 1244g
                         
 
12.12.14
Elles så har eg hatt med nokre på kjøkken golvet to og to for å betrakte dei, å  ligg på golvet å kose med kvalpar er ikkje å forakte nei :)

LIKE, er nok forbokstavane på dette kullet ser vi bort frå kjempe nakken :) men han er nok ikkje så ulik dei andre, dei haler inn på og blir nok like etter kvart, hann H-bak, er i grunnen veldig lik nakke no når han haler inn på i vekt, rolege trygge pene kvalpar, alle hannane har veldig pene hoder og like.

Her legg nokre seg i hylla etter dei har ete, tisper, trur nok lukta ta varmeflasken er tiltrekkandes, dei har hatt ein slik i senga heilt sidan dei blei født. Ja i går slutta eg, så dei har hatt ei natt utan varmeflasken.

Det er ikkje til å tru, sjå på bilde frå førige helg lenger nede … og dette, senga er nesten for lita, dei veks så det knakar.
Blir ikkje så mykje veging no når eg ser at magane er frisk og dei veks så det synast :) har kun kontrollert den stor og den minste, dei veks begge :) den stor har passert 2000g og er eit nummer større enn dei andre.
Sjå på nakkehundane, dei held i lag om dei søv eller et, først til fatet og sist derifrå begge to..
11.12.14
Gjengen veks til, like er dei og eg tørr ikkje sjå så mykje på tispen ennå, men alle er sosiale har god matlyst, kjempar om sine rettigheter, både i matfatet og om puppane, uredde, å  det er det aller viktigaste.
To av tispe kvalpane i eit utsnitt bilde :)
I går hadde vi og kvalpane besøk av ein kvalpekjøpar, det var kjekt å  få vise fram både mamma Ranja og kvalpane, også mormor Arwen fekk vise seg fram 10,5 år og like sprek som dei unge :) Arwen elskar å vise seg fram og vil nok kjempe til den bitter end om å få være midtpunkt! "Sosial og meget snill er Arwen".
 
09.12.14
Då er kvalpane registrete og dei er registrete på namn over! Dei som har tinga eller funne sin favoritt for det, dei andre har vi plukka etter dei vi likte best, dette blir stambok namn og dei som vill kalle sin kvalp nok personleg må så klart få lov til det. :)

Min Arwen for eksempel heiter på stamtavla, N vch Björshults Transfigure  og eg kallar ho Arwen. Men Rally heiter Rally på stamboka, og Ranja heiter Ranja, Artemis heiter Artemis :) slik at dei kulla eg har oppdretta har namn som kan brukast også til dagleg.
Eg har sendt ut mail til alle, trur eg :), det vil sei er det nokon som har fått tome mail må dei ta kontakt, eg eller e-post programmet har sendt tomme maile, ubegripeleg, men sant.I den mailen stod det blant anna at eg ville fult namn på dei kvalpen skal registrerast på.

Kvalpane et og veks og det er godt at vi har komet så langt med heile gjengen og alle virke friske og raske.

Eg er litt meir avslappa …..

Glade kontaktsøkande, liker å bli handtert, er tillitsfulle til tusen, kvar sin gang å være med i fange rund omkring i huset for å oppleve miljø/ då ser vi også korleis, dei enkelte reagera på nye miljø.Ranja er snill og lar Arwen, Artemis og Rally sjå på kvalpen når dei ønskjer, eg bestemte dei to første veken, då var det null kontakt, dei var adskilt i etasjane i huset vårt, men no for dei ned i kjellaren og et og drikke nesten som før der nede, ro null konflikter, ein grei gjeng eg har.


Eg var så heldige at eg fekk leige inn Ranja for dette kullet, kjempegrei kvalpekjøpar,  eg har hat Ranja eit halv år no og ho skal snart tilbake til Porsgrunn. Det å skulle ha eit kull med kvalpar er eit ansvar både for tispe og kvalpar,  eg er av den oppfatning skal kvalpane bli godt prega må dei ha ei god mor som er trygg. Ranja er ei slik god mor, eg hadde henne i ca to månadar før ho blei para, du kan trygg sei ho blei husvarm og ein del av flokken med dei same goden som våre egne. ( trening, tur, jaktprøver, ja ho har vore som ei av mine eigne)

Så klart har eg hatt henne etter ho blei para, det er her poenget kjem, eg synast ein hund fortenar å bli kjend i huset ein skal føde og oppdra kvalpar, ikkje berre innom i ein ny heim, som kanskje har mange hundar.
Det er ikkje det, sikkert ikkje noko gale med det, men tryggheitsfølelse er viktig i ei slik sårbar periode, også for dyr. Då tenker eg på kvalpar, og ballast fra kvalpekassa !
 
08.12.14
No er heile gjengen passert kiloet, og fast mat er på programmet, herleg eg kan snart ta meg fri for å trene :) kjenner det på kroppen at det er tre veker sidan eg sist trena :)
 
https://www.youtube.com/watch?v=r1Kgkx7QzYA&feature=youtu.be

Håper alle går inn på fjesboka, hundebilde.no og ser linken eg delte. Eller klikkar på denne linken. Her får vi sjå retrieverarbeid, flott å sjå på, og ikkje minst deltar, Tone og Nacho!
 
Tre hanner på rad og rekke, den største nakke hannen er ikkje på dette bilde:) 24 dager.
 
06.12.14
I morgon blir det spennande å sjå om dei går ut av senga på do, eller om dei skit på kvarandre opp i senga :) he he.

Å ha kvalpar består av mykje kos, mykje vasking og mykje drit, såre kne, såre hender, etter all vaskinga, lite søvn, opp om natta, ja opp summert jobb! Ranja er flink til å gi mjølk og det har tatt seg opp igjen med mjølke produksjonen hennar. Dei fleste kvalpane er flinke å ete, somme forete seg og somme et passeleg og nokre kunne ete litt meir..

Dei 4 namna på hanne er klare og eg er super nøgd med resultatet vi kom fram til, 4 namn eg liker godt, er lette å sei og huske.Tispene namna blir klare snart og når det er klart blir namna som ikkje er valt av kvalpe kjøparane plassert på den kvalpen som det passe til. Kvalpane blir i hovudsak plassert til rette kjøper etter veterinær kontroll og kvalpetest og til bruksområdet kvalpen skal til.
 
Haletipp tispe 22 dager :)
 
22 dagar og kvalpekassa er nedskrua til fordel for betre plass og betre seng !
 
05.12.14
Ranja og Rally var med på ein snartur i skogen i dag, Ranja treng å avspasere frå kvalpane og litt frisk luft !Ranja storkosa seg, og i tillegg fekk ho prøve å søke litt felt, fekk hente to dummy og gleda er til å ta og føle på, ein retriever på retriever arbeid slår aldri feil,  dei elskar å få lov til dette, vertifall gjer mine hundar det.

Dette med å få søke fritt etter noko som er utplanta er bra, og det styrker samhaldet mellom oss, men det må ikkje forvekslast med pinne/og ball kasting det er retriever arbeid nr 1 trur mange..

Den form for aktivitet utan mål og meining kan føre til eit stort stress som ingen har bra av, ball er eit super belønningsmiddel/ også søksobjekt, men då satt litt i system, meir om det kjem nok herifrå :)nok om det.

I dag er kvalpane 21 dagar, og har det bra, somme veks fortare enn andre, andre mista litt vekt i forbindelsen med helgas diare, men alle er friske og legg fint på seg igjen. Alle kvalpane har i dag fått ein ny dose med markekur, den gjekk ned fint på alle.

Ps. Bilda ja, dei er 20 dagar på dei also frå i går, på kvelden er eg ofte så sliten at det å sjå på bilda og oppdater går berre ikkje :)
Rally til venstre, og Ranja til høgre, og dette er fra i dag den 05.12, og vi har brukbart vær på sunnmøre :) måtte det vare!!
 
Og dette er hale H, bilde er frå i går og kvalpane var 20 dager, i dag er dei 3 veker :)
 
Anne Lene og nakke H, trur det er henne favoritt :) god som gull. 20 dager.
 
03.12.14
Etter maten knalla dei heile gjengen, nakke tispa måtte ta ei runde rundt for å finne det optimal plass, som dokke ser av bilde er ho på farta!
Då er vi i gang med fast føde, matlysta var på topp, nakketispa var den som var råast og åt både mest og fortast, eg måtte derfor ta henne bort, vil ikkje ha noko meir magevondt :)
Då er heile gjengne opp  og går, i dag fekk dei golvet ved sidan av kvalpeseng til disposisjon når eg vaska kassa, og dei raser fort hit og dit. 
Eg har brukt å plukka dei opp i to kasser når vasking har pågått, men no er det andre tider. Det har blid 11 små individa som skal utforske miljøet litt etter litt både her og der, og eg har auga med for alle detaljer om dei små, spennande !
 
02.12.14
Ranja, ja eg hjelpe henne med oppgåva med å passe på at alle for både reinhald og nok mat. Ranja har vore kjemp flink og er så tolmodig, snill og god, fantastisk hund er ho. På bilde ser vi begge nakkehundane den lille tispa som kom som nr 2 heilt til venstre, ho klare seg godt blandt dei store! Klok hund :) På bilde 18 dager.
01.12.14
Hektisk er berre eit forsiktig ord, i helga kom Pernille heim i frå Oslo og skulle kosemose litt med kvalpane( Pernille er ei av døtrene mine og jobbar fortiden i Oslo).. Ranja har blidt «litt» overfora og det resulterte i magesjau og ho var motvillig til å gi kvalpane mat i tillegg fekk kvalpane også diare, 24 timars vakt over tre døgn tar på. Ranja følte ikkje seg bra..

Det blei skånekost, ris og fiskepudding, Zoolac og ting retta seg litt etter litt, Ranja er frisk igjen, men vi er litt forsiktige med kosten ein dag til.

No er det heldigvis bra med dei fleste og det er råd å sette seg ned eit lite øye blikk. JA, fekk no med meg farmen også i går, måtte få med kven som vant og er ekstra tilfreds med at det blei Magnhild, veldig dyktig dame som fortente å vinne!!

Og eg fekk  tid til å lage heimelaga kjøttkake på søndag, litt husmannskost må til, når ønskje om det kjem, det er berre kjekt å lage noko som er ønska, og fekk  tilbake masse hjelpe i heile helga, det setter eg stor pris på.
Anne Lene som bur heime, er flink til å hjelpe til med kvalpane og i veka som kjem er meldingane mildvêr, det blir nok Anne Lene som stiller opp eit par timar på dag og passer gull i kvalpekassa, slik eg for trene litt Rally og komme meg ut ein tur.

Arwen og Artemis har begge løpetid, så dei må klare seg med tur i band og det for dei kvar dag + Artemis vil være ute i hagen og leike med Rally, dei held no på å har det kjekt. .

Når det gjeld foto så er det derfor ein naturleg grunn for at det har vore lite bilde både her og på fjesboka, men kamera kjem nok fram igjen når eg voknar  eller har fått kvile litt.

Kvalpane har starta å rusle rundt i kassa, har faktisk sett forsøk til invitasjon til leik også, utruleg fasinerandes å sjå korleis kvalpane utviklar seg.

Åå eg ser etter min kvalp, det er så mange at det blir ikkje noko enkelt val nei,  men eg skal nok finne det ut, berre vent til dei paserer 6 vekes då kjem kråke og diverse ut av frysarane, spontan på vilt og dummy skal kartleggast og prioriterast til meg og sikkert til fleire enn meg.

I tillegg skal datera mi ha ein fin som kan stillast ut :) vi må derfor ha både i pose og sekk.

Alt kan lærast, men ein del ting ligg i genane på forskjellige vis, og i dette kullet trur eg vi kan plukke frå øvste hylle.

 
29.11.2014
Dagane er hektiske, Ranja er litt motvillig til aminga ho er sikkert sliten, i tillegg har ho vorte litt uvel i magen, trur det kjem at ho skal holde reine 11 kvalpar som skit og tissar i store mengder :) kan få magesjau av mindre, Ranja er ikkje så glad i drit, men ho står det ut..Gleder meg stort til fast føde ja :)

I dag har vi klippet klør, veiet kvalpane, kosa med dei i tillegg har vi gitt litt erstatnings melk, Ranja er litt sliten og det tar vi hensyn til. Prøve litt tillegg eit par dager.

Ranja har også fått vore med meg og Rally ein liten snartur i skogen det liket ho svert godt, om det ikkje var så lett å springe med jur, så hadde ho det kjekt :)
Tispe 15 dager :)
 
26.11.2014
I dag skulle eigentleg Ranja få være med meg og Rally& Arwen på tur, men du hendels flatt dekk på bilen og masse styr, no er heldigvis dekket fiksa og i morgon skal ho få være med på tur i skogen, springe litt laus og kose seg.

Idag blei det berre godbitsøk i hagen, men vår hage er stor så det står ikkje noko på henne :)

Ranja spring  er aktiv og glad når ho aner at litt godbitar blir kasta utover. Dette å bruke nasa litt er god avkopling og gir avbalansert hund, alt av nasearbeid er svert kjekt for alle hundar uansett rase. Kvalpane har det bra, om Ranja er litt leid all denne aminga så legg dei på seg, dette med å måtte gi kvalpar mat i to puljer er ikkje så lett for henne heller vil eg tru, ho trur ho er ferdig så puttar eg på ein ny gjeng ..

ja vi ser fram til fast føde ja. !
Hann høgre bak for litt kos med Anne Lene, her ligg han i fanget og sover, kosegut delux!
25.11.2014
Ranja mor er flink til alt også til å slappe av, Ranja er faktisk den flatten eg har vore i nærkontakt med som har alt!  Ja og eg snakkar sant, rett å slett ein bra hund og som dei fleste veit eig eg ho ikkje, men låner ho inn for eit kvalpekull! Eg har aldri vore i tvil etter eg lærte henne å kjenne, at eg skulle ha ein kvalp frå henne.

Tusen takk Lill- Ann for at eg fekk lov å låne din flinke Ranja. Her ligg ho på dørmattene framfor døra inn til kvalpane og slappar litt av.
Tre av kvalpane, kvalpen til høgre er t-nakke, ho som var minst, men veks som det knakar :)
 
24.11.2014
Ei av tispene for litt kos med Anne Lene, ho slapper godt av på skuldra henna.
 I dag har det vore veging igjen, og kvalpane veks trutt og jamt, Ranja blir no litt oftare lei denne amninga, så eg tel dagar og ser fram til eg kan gi fast for, det er sikkert dobbelt opp med jobb for Ranja også når ho  må gi mat i to omgangar :) ikkje berre, berre med stor flokk..

Klo klipp på heile gjenge fekk eg gjort i dag, det gjekk fint og ro fall inn i kvalpen litt etter litt mens eg klipte. Dette er veldig viktig å forsette med når kvalpen kjem til sin nye heim, klo klipp sjølv om det er lite å klippe !!!

Grunnen er at momentet skal være trygt og ufarleg, kvalpen skal like å klippe klør, eller være roleg og akseptere det utan å protester så mykje. Vi skal være rolege og konsekvent klippe sikkert, ikkje urolege og framtre som usikre, då kan kvalpen også protester  på kloklippinga, blir litt usikker på oss. Hundar les oss fort og godt :)

I dag sende eg ut litt info om, når det var lov å komme sjå på kvalpane osv.. vist nokon ikkje har fått mail frå meg i dag, så skrik ut.
 
 
23.11.2014

I dag blir det ein haug kvalpar som 9 dagars bilde.

Eit par kvalpar har fått ein ekstra prikk på ryggen, det er for at det er slike byte «pupp hundar», det som resultat at matinntaket kan bli mindre enn det bør, somme trur at graset er grønare på andre sida :)Derfor er det kun for at dei skal bli lagt merke til å passa litt ekstra på..
 
 
22.11.2014
I dag har vi klippet litt klør, og det var ikkje noko kjekt, men det må til så det er berre å klippe i vei.

Elles så søv dei og syg om ein annen, eg trur foret vom hundemat er bra for Ranja ho produsera kvalitetsmelk i lange baner, kvalpane veks og er blanke å fine.

Vekttabell er eit hjelpemiddel for å sjå om kvalpane for nok mat og om det er nokon som treng litt hjelp og litt lenger sygetid, det er nokre kvalpar som er rimeleg frekke i matfatet og hiver vekk det som måtte komme i vegen, og då er det ikkje så enkelt å være lettvekter :) Det er derfor ein god del ekstra arbeid når ein ikkje har nok pupper til alle.. glede meg til eg kan gi dei fastføde i tillegg, det ser eg fram til.
Dei 4 gutta samla ! og er 8 dager på bilde.
 
21.11.2014
Litt bilde kvar dag, men eg tar ikkje av alle, dei er veldig like, nydelige nurk. Ta bilde av alle gjer eg når dei veks til, no er det meste for å dokumentere tida kor fort ho går, og korleis kvalpane ser ut på den og den dagen, litt kjekt synast eg og liksom ha å sjå på seinare.

I dag har alle fått sin lille dose med markekur, det er nødvendig og veldig viktige for kvalpar, då alle kvalpar kan være fødde med mark, disse kvalpane vil få om lag 4 gangar før dei flyttar ut.

Det er ikkje så lett som det ser ut til det å ta bilde av slike små nurk, eg brukar ei seng som står ved sidan av kvalpekassa,  der har eg sett på "sengastokk" (dette er for at kvalpen ikkje skal rulle ut av senga) og brukar ei varmeflaske under pledd for at det skal være bekvemt og ro fell inn i kvalpen. Kvalpar skal ikkje uroast for mykje heller, men å bli vant til handtering er berre bra.

På fjesboka har eg ei side som eg legg bilde på, sida heite hundebilde.no er offentleg  alle kan sjå, og disse kvalpane har fått sit eige album der.
7 dager :)
20.11.2014
Søt som berre det. Alle kvalpane har pene hoder, sjølv om dei ser litt skrukket ut, ser eg at hovuda er pene, ja etter min smak vertifall.
Rolege og lite lyd i alle 11, så Ranja lagar nok bra mjølk til gjengen:) det gjer underverkar med mykje og bra mat. Kvalpane er blanke og fine i pelsen, trivselen er på topp.
Søta over er 6 dager på bilde:)
Søtingane er 5 dager, kvalpane er friske og legg på seg, dei har det bra. Ranja klare fint å slappe av litt ute av kvalpekassa og det er godt for henne og meg.

Må vist ha meg ei leite runde for å finne igjen negleklipparane så vi kjem i gang med klo klipp :) ja det bli mange klipp på 11 kvalpar. I dag har vi også henta middel mot innvolsorm på apoteket, kvalpane skal få første dose på fredag når dei er 1 veke, dette er viktig for kvalpar og ei nødvendig oppgåve.
 
 
Femdager :) tida flyr!
 
18.11.2014
I dag var det kvalpane skulle komet, men i dag er dei  4 dagar gamle og i bra form.
Kvalpane for syge  på omgang, slik eg klare å følgje med på at alle for litt mat vertifall. Ranja blir fora 4 gangar om dagen, om morgonen for ho starter for, elles så for ho 3 måltider med vom hundemat kvalpefor.
Tidlegare har eg fora 100% med NP, men prøver no litt anna opplegg. :)

Ranja har fått i hovudet sit at no er det tid for higraving… det føre til at ho finn på det meste vist eg ikkje er våken, i natt gjekk ho ut av kvalpekassa (det synast eg var bra og håpet ho la seg på golvet for å sove litt.)
Kva ho gjor var merkeleg og at ho klarte det, Ranja klare det meste, eg har ei plastkasse med ein handduk og varmeflaske ståande ved sidan av kvalpekassa, den kassa blir brukt til å legge kvalpane i når vi syg på skift og når eg gjer reint i kassa osv.. Kassa er ikkje stor, og der var heldigvis ikkje kvalpar oppi, eg hadde sikker slått igjen auga eit øye blikk, Ranja stod i kassa og skulle legge seg der, etter at ho hadde reid henne opp :)  kor ho fekk plass er eit mysterium .
Det same er ute i hagen, no har vi tisper og ein hage som er full med diverse hi i varierande stoleikar. Ranja har fått det føre seg at ikkje alle er store nok og har starta med å lage sitt eige + utvide dei eksisterande hia.

Her er det ikkje snakk om at ho for lov, men er lynande snar snur eg meg eit øye blikk, graving er sikkert bra, men eg vil ikkje ha all denne molda inn i kvalpekassa, Arwen har gjort det same, så det er eit vedkjent fenomen. Nok om det, Ranja kviknar, ho har fått godbitsøk ute i hagen dei to siste dagane, og ho er spenstig  denne Ranja.

Ranja er ei hoppandes flink hund, vanleg grinder her i huset har fått påbygg no når ho har vore drektig, hoppe kan ho og det rett opp utan sats, kjempeflink, sjølv om dette er noko som ikkje er lov gjer ho det likevell, her har ho ikkje blidt oppmuntra til å gjere det, og eg har heller ikkje avlært det, for det er tross alt ein god eigenskap å kunne hoppe.

Skal ein være jakthund, er hoppe over ei hindring i form av eit gjerde høyre med til utdanninga, men men… grinder inne er til for å holde hunden enten på kjøkken eller kjellar.Vi har derfor no når Ranja har vore her brukt lite grinder, huset er ope for alle :)

No derimot er Ranja og eg flytta i underetasje, dei andre hundane er oppe i hovudetasjen, dei har ikkje fått helse på kvalpane eller Ranja etter at ho fødde, grinda opptrappa er derfor påbygg slik ho ikkje hopper opp i trappa og skader seg, Ranja er ein uredd sterk hund. Grind på trappa oppe også slik dei andre ikkje kjem ned, det er derfor litt organisering når ein har kvalpar. :) veldig bra med litt liv og røre.
Ja slik ser dei ut ytterpunkta, dei kom som nr 1 og 2 :) tispa er ein faiter av dei skjelne !
 
17.11.2014
Held på med den store kabalen, plassering av kvalpar, eg skal ikkje ha alle sjølv, berre nesten alle :)

Det er forferdeleg å måtte skuffe, velkvalifiserte kvalpekjøparar, men slik er det. Om eg blir ferdig, eller reknar med at ting går seg på plass litt etter litt. Uansett er eg kjempeflink til å telle til 11, heilt til eg oppdaga at eg nesten hadde lovet bort min kvalp også.

Telle til 11 heile natta og kjem til å drøyme om 11 kvalpar og telle ti. Det er så lett å legge seg på kvalpane for tispa når ein har så mange og i tillegg er dei små ein del av dei. Så tell gjer eg heile natta, det blir derfor lite søvn på meg! Skal nok ta det igjen seinare, kvalpane er så gode og nusseleg å sjå på så det går godt utan søvn for ei periode :)
 
16.11.2014
Travelt er eit enkelt ord :) Ranja vil være med kvalpane heile tida og eg må passe på at ingen blir klistra, alle vil ha mat og ho hare ikkje nok pupper…

Her er det  vente tid på pupp og Ranja skjønner nok ikkje at ho ikkje kan gi alle på ein gang. Her er det eg som har kunnskapen om kven som skal ha mat først som sist, i naturen ville nok dei som ikkje vant kampen falt i frå. Alle ser friske og raske ut tross somme hadde lav fødselsvekt, ein bamse kom først tung som berre det, han fekk sikkert kjørt opp fødselvegen slik dei andre kom som perler på ei snor.

Dei aller fleste hadde passe fin vekt, sjølv om det var 4 dagar før termin. Kan tenke meg og behalde heile gjengen, men det går nok ikkje, eg var ute etter ein ny god hund tiltenkt konkurranse som retrieverjakt, + + og linjene er derfor valt med omhug og etter gode råd fra erfaren folk.


Håper derfor at ein del kvalpar for oppleve litt apportering i tillegg til andre mental oppgåver.
 
Bilde under, dei 4 hannane + den tispa som var minst ved fødsel (T-Nakke)
 
Ranja- Nach kvalpar to dager
 
14.11.2014
Ranja har blidt mamma og Arwen har endeleg blidt mormor, og det til 11 stykk!

Det vil ta nokre få dagar før eg kontaktar dei som for eller ikkje for kvalp frå dette kullet, dette for at eg vil være sikker på at alle kvalpane klare seg igjennom dei første døgna, og vil nødig love bort kvalp for å så ikkje ha kvalp til dei som har blidt lovet kvalp.

Ingen har blidt lovet bort ennå, men mange står som interessert på dette kullet. 

Alle er sorte som vi viste på førehand, dei varierer litt i størrelse og var født 4 dager før termin.
Vekt og kl.tabell kjem etter kvart, men det er hektisk med så mange kvalpar og to våkenetter, det vil derfor ta litt tid å hente seg inn igjen, men det kommer..
 
 
11.11.2014
Sunnmørsveret er topp, men Ranja for nesten kun lufting i hagen, litt godbitsøk og elles rusle rundt. Ho for ta det igjen etter kvalpane er kommet med litt meir turing, no er det nedtelling til fødsel. Ranja blei målt i dag og det nye bukmålet hennar var 78 cm.

Anne Lene har rusla ei lita runde med Ranja oppe på vegen, Ranja er for tung til tur nå og har det beste i hagen. I går kjøpte eg inn melkeerstatning i tilfelle eg for bruk for det, det er kun som forsikring trur ikkje eg treng det, men har eg det så slepp eg tenke på  ting eg ikkje har.

Vaska og gjort klar rommet som ho skal føde på, eg skal bu i lag med henne den første tida for å passe på at alt går knirkefritt.
Ranja ute til fotografering :) 8 veker drektig og i god form, "det kan ein vell ikkje sei", nei tung er ho !!
Ja, og her er dei nære slektningane Ranja leve i lag med, Rally til venstre, Ranja, Mamma Arwen og halvsøster Artemis til høgre!
 
04.11.2014
Ranja poserar 7 veker drektig.
Eg måtte skunde meg å knipse  bilde i dag, derfor blei det berre eit «Yes for holde noko i munnen bilde»,travel dag :)

Ein retriever er avla for å bære og dei fleste føle seg mest vell med noko i munnen, ein skal ha det i tankane når kvalpar flyttar inn, plukk vekk besteskona ei stund, det er lov å bære, men ikkje ete opp!

Ranja er roleg eg trur ho føler seg litt tung..  MEN.. Eit par ting eg er påpasselig med og masser på dei andre «ikkje lat at grinder», Ranja har frå dag ein, ikkje sett på ei grind som eit stengsel, ho hopper over berre ein snur ryggen til henne, no er eg redd ho skal hoppe over eg stoler nemleg ikkje på at ho ikkje hopper,  sjølv om ho er nokså tung!

Rally, Arwen eller Artemis har aldri hoppet over grinda, så dette er noko Ranja berre kan :) Men dei slepp stengsel no då eg ikkje vil at Ranja skal hoppe. Det har vore måledag i dag, 68 cm rundt buken.
Ranja poserar 7 veker drektig :)
 
01.11.2014
I går var eg på ei lita lufterunde med Rally og Ranja, vi hadde ikkje med kamera :)… så bilde under kjem frå ei Rallydagboka. Korfor bilde av ei presenning og Rally her, jau det har seg slik at det kom ein kar som skull rydde opp meinte han på. Rally og Ranja tok av og synast at den manne såg veldig triveleg ut, helsa skikkeleg på han og meir enn eg ønska, spøkelspresenningen brydde dei seg ikkje om, ja vi observerte også at mannen måtte i bilen for å hente motorsag for å få ned presenningen.

No er altså spøke borte, eg så hadde tenkt å invitere til feltsøks trening akkurat der for å ha ein piff i feltet.

I dag har det vore innevær og eg har til ei avveksling gjort noko nyttig, har tatt stifter ut av fleire månadar gamle aviser, blir snart bruk for desse og er glad eg har samla. Ranja har frå i dag av starta med tre måltider, magen veks og ho er tjukk, men etter det som eg veit så er det viktig med nok mat. Ranja for ei blanding av kvalpefor og  vom & hundemat, tidlegare kull har eg fora med NP, men no skal eg prøve kvalpfor og Vom & hundemat.

Kryssar fingrar for at kvalpane for det dei fortenar av føde igjennom mor si.
Bilde under, Rally ikkje Ranja !
 
29.10.2014
Dagensbilde på hundebilde.no  "fjesboka" :) Det er to flotte hundar som ventar kvalpar!
 
28.10.2014
Bilde frå i går, men i dag er ho 6 veker drektig og er berre nydeleg :) 63 cm er bukmålet i dag!, ja det er no eit kvart som veks..
 
27.10.2014

I dag tok eg med Ranja for ein liten rusletur og eg hadde også med Rally og Arwen.

Kameraet var med, og eg fekk foreviga Arwen med sine to fine brune døtrer.

Ranja er tjukk om det er av mat eller fult av kvalpar, speandes er det.

I morgon er det 6 veker og ny måledag av bukomfang. Ranja ville gjerne springe litt i dag ho også i lag med Rally, men i dag såg eg det at det begrensa seg sjølv kva ho klarte. På kveldstid når eg finn på å sette meg til TV titting, så ligg ho i sofaen ved side av meg.

Kosete og snill er ho. Elles så har ho fått rusletur i band i lag med Anne Lene, eg liker ikkje å ta henne med når eg trenar Arwen og Rally, dette på grunn eg vil ikkje utsetje henne for stress, tenker på kvalpane og at det ikkje skal påverke dei. Ranja med vil gjerne trene, ho er tross alt ein god arbeidshund.
Arwen med sine flotte døtrer!

Ta bilde er som å trene hund, ein er ute etter det lille ekstra..

23.10.2014
I dag var Ranja med oss når vi skulle filme gamlemor på feltet, det er kjekt og ha litt film av flinke Arwen i arbeid.

Ranja var med meg ut når eg la feltet, ho er så roleg å lydig den hunden ja, ho hadde lyst på litt dummy ho også, og plukka opp eit par etter eg hadde lagt dei ut, men eg tok dei berre veldig anonymt i frå henne og la dei ut igjen.

Arwen og Rally ligg i bilen og ventar utan at dei for sjå kva som skjer, Ranja synast nok eg er urettferdig som ikkje lar henne med søke litt :) men Ranja er snill, enkel, svert lydig, utan å være underdaning, Ranja er ingen pingle, men har ein sterk god psyke, eg berre er super overraska kor bra den hunden er.

Dei fekk være ute litt av bilen alle tre før vi starta å legge opp for filming, Ranja og Rally tok seg ein rase tur inn i skogen, Arwen stod nok tett på meg, ho slepp ikkje synet av meg har ho håp om litt trening, Arwen er ein arbeidshund av høg klasse og moral. Link til filmen av mamma Arwen her >>>
 
22.10.2014
Ranja var med i skogen når eg skulle trene noko blindt med Rally :) steinesprø eg.

Ranja fekk ture litt, men eg passer henne vell litt mykje, der er elver som sluker ein heil hund, lemen, osv..

Rally fer over alt og er som Rally hundar skal være ganske gal. Ranja er mykje rolegare i sin framferd også utan kvalpar i magen, men likevel synast eg at det går litt vilt føre seg :) Rally klare ho ikkje å følgje, men kan finne på å prøve. Koppel måtte derfor på.

Litt bilde av Ranja tok eg også i lag med Rally. Mangen er målt i dag og Ranja veks, ho er 60 cm rundtlive fem veker på vei og eg kjem til å måle henne kvar veke framover.
 
Søstrenebrun på fototur i dag :)
 
Så med tennisball :)
Glad i og ha noko i munnen er Ranja, det er dei fleste retrieverar "til å med Rally", det unike med Ranja er at ho har eit roleg fast grep på alt ho plukkar opp. Perfekt apport grep vil eg kalle det!
Ranja fem veker drektig :) midje mål i dag 60 cm
 
 
20.10.2014
I går var Ranja på tur med Anne Lene og det var ho nøgd med, i dag har ho tatt det med ro, fått søke godbitar i hagen og rusla rundt.
I morgon er ho 5 veker på vei og eg skal måle henne rundt magen, ta eit ståbilde skal eg også få gjort, dette for å sjå korleis ho utviklar seg dei siste tre vekene. Ranja er roleg, trygg og med eit stort sovehjerte.
 
16.10.2014
Søstrene brun på tur i dag :)
15.10.2014
Rolege snille Ranja, toppherlig hund :)

Det er ei interessant  stambok i denne kombinasjonen, den er ikkje dagligdags og med mange svert gode hundar frå både nye og gamle blodslinjer innan/ eksteriør/ bruks/ jaktmeritterte linjer.

No har eg ikkje gjort noko med treningsbiten på Ranja, ho for lov til å være ein stor koseegris, godbitsøk på plenen, litt tur, ligge i sofaen, halvt på fanget å sove og få kos,  Ranja har det godt og er så snill og god. Søv, men slår ofte opp eit auge og følgje med på kva som skjer, Ranja for lov å nyte livet i påvente på ei hardtid med kvalpestell.
 
12.10.2014
I dag var det ny fjøletur,  Anne Lene mangla eit par bokstavar og vi gjekk derfor i lag til Kaldalen. Rally og Ranja var med, Anne Lene hadde Ranja i band og eg tok meg av Rally rakett, Rally er ikkje så flink til å gå i band, men Rally er lydig og kan settas under kommando :) som bak.

Kvifor gå i band, for Ranja sin del er det at eg ikkje ønskjer ho ete ting (det er masse døde og levande lemen, td.) Ranja kan ete eit lemen fort :) og eg ønskje ikkje og gå å mase på henne utan grunn. Rally går laus, «men bak» for ikkje å stresse Ranja med at ho ikkje for være med og utforske ting og tang.

Desse brune søstrene er så  forskjellig på somme måtar, men like på andre måtar. Dei er svert lette å få naturleg rolege, det vil sei at ting som «somme slit med», «slit ikkje vi med», som ro rundt fot og ro rundt andre hundar, her er disse heilt avslått.

Faktisk er dei kullsøskena som eg kjenne best også slik, om det er positivt eller negativ kan jo sjåast på frå fleire sider. I dei situasjonar dette er eit must er vist ein er så heldig å få klatre opp i klassane på jaktprøve, då er det eit must, eller helt nødvendig å ha hund som klare å være roleg men PÅ.

I det daglege livet, ja då er det så klart kjekt å ha ein hund som er avslappa,  då handlar det ikkje om å få forsette prøva  :)  men heller om å måtte sende hunden på gangen :) he he

NÅR dette skrytet er nemnt, så TILføyer eg at det må tilretteleggast for å lykkast med dette ro
momenta også. Hunden kan ikkje alltid være avslått, Flatten er ei aktiv rase som skal ha stimuli og oppgåver, det fortenar den og det førebygg problem.
 
Rally og Ranja på tur, Anne Lene har tatt bilde med mobilen sin :)
 
11.10.2014

Gladmelding fra Tone, Nacho som er pappa til kvalpar til Ranja har tatt sin andre 1 pr. EK i dag 11.10.14, jaktprøva til avd Østfold, vi Gratulere Tone og Nacho!! vi er så stolte !  hipp hipp hurra!

Nacho har også ein open A frå Danmark det (det er jaktprøve på varmvilt) vil då sei at han står for N jch, ein  1.pr til så er det i boks.

 
Eg og Ranja var på fjøletur i dag, det vil sei det er uplassert ein del fjøler rundt om kring, nokre er vanskelege og nokre er lette. I dag tok vi ein lett og det var nest siste dagen fjølene er ute, men no har eg nok bokstaver til å delta/lever inn utfylt skjema med bokstaver :)

Dette med å ha fleire hundar, krevje sjølvjustis, alle hundar har rett på åleinetid og det gir eg dei. Alle hundar har også godt av å være igjen heime og ikkje bli med på alle turar, dette handlar om å gjere ein hund trygg på å være igjen heime også, lære inn korleis livet skal være.
Ranja er perfekt på så mange måtar, ho er så kjekk turkamerat går roleg, drar aldri i bandet eller fin på nok tull, eg skjønner ikkje at det går ann å være så perfekt. ( ho har fått god grunnopplæring med sin eigar) og det er ikkje eg som har dratt ho opp. Ranja er eit skjeldent eksemplar av rasen det er sikkert å vist.
Dagens bilde :) Her sit Ranja i lag med fjøla, sjå rett bak henne, dei to bokstavane som står på fjøla fyller eg inn på turarket.
 
10.10.2014

I dag har Ranja vore på ultralyd og der var kvalpar, no blir det derfor kvalpedagbok her på heimesida. Der blir eit normalt kull, etter det som veterinær Ole såg, eg var kjempe glad og ser fram til mange små søte vofsar.

 
Nacho, svert triveleg hund med eit hav av merietter :) i tillegg pen :) drømmeprinsen for Ranja (og meg
)
Ranja i Oslo :) Ranja er miljøsterk, svert roleg og avbalansert det fekk eg ekstra bekrefta når vi var i Oslo for paring, ho imponerte meg.

 

Her er litt samesett bilde som eg tok når eg var og såg på Nacho, Ranja blei også tatt i øyesyn av hannhund eigar og oppdretter til hannhund. Litt fleire bilde av det to foreldra her  Sjå nokre av bilda her>>>>