10.10.2018
Plask sin treningslogg..
 
Plask har blidt stor og har passert 1.5 år, stilt på jaktprøve og bevist at ho er ein dugande hund. No startar eg å skrive for to hundar i lag når eg noterar, såleis de same blad til både Bjørk og Plask, tema blir trening mot, ja blir vell mest mot apportering, men det vil også bli LP- og spor. Håper dokke forsette å følgje oss  :)
Plasken ca 1,5 år :) fin stor jente.
26.09.2018
Plask liker seg i lag med meg trur eg :) Eg liker vertifall Plask,  ho går litt opp å ned i treningskurva, men ho har ingen feil, ho må berre lære veldig mykje meir av alt. På kvelds tid vil ho gjerne ligg i lag med meg når eg slappar av for å sjå TV, sitt eg på dataa ligg ho ved føtene mine.
Ho er også med meg på kvalpekurs som demohund,  det klare ho veldig bra. Det er også  litt gevinst med generalisering rundt framande hundar av diverse raser for oss. I dag i stygge været tok vi ein tur opp på stranda fjellet for å trene i gal elv.. elva var så stride at hundane slapp den biten, eg var litt redd dei skulle fare med elva. Nok vann var der likevell, så våte blei dei.
Plask fekk nokre enkle markeringar som eg kasta sjølv, då er ho så flinke spikra alt veldig raskt, så dette lovar bra for framtida. No blir det nok mest Lp-trening framover, bonus for hundane å trene lit LP, betre kontakt og vi jobbar mykje med fot og samarbeid, grunntinga også i jakttrening/prøver.
 
03.09.2018
Her er vi ute for å miljøtrene togtur og Oslo tur + besøke Anne Lene på henne stand på strikke marked. Plask er ein rolig og sindige hund å ha med på reise.  Gjekk rett på toget, rett av, rundt i Oslo sine gater, og på Oslo sentralbanestasjon og rett på toget igjen, no med stå plass og sto roleg å logra fint som ein flat skal til vi gjekk av toget i Groruddalen.
Vi har vore ein tur til ski anlegget i stokke (Sandefjord)) meisterskapshelga, unghund. Plask er flinke, eg er nøgd med kva ho gjor og ho gjor så godt ho kunne. Eg hadde med moralskstøtte som filma og bakka oss litt opp.  Pernille filma og her er det vi lære, eg er veldig glad for at eg fekk reprisar på film og kan liksom analysere oss .  Eg trena mest åleine for tida og det er nok litt av grunnen for at vi ikkje har fått utvikla markringeevna godt nok enda..  Den kommer, også sjølvtilliten min vil komme tilbake litt etter litt, så er vi der. Plask har veldig gode eigenskapar og har ingen adferder som må skolerast ho har dei medfødde eigenskapane i blodet og ho viser dei.  Det ligg derfor til rette for mykje god trening på vegen vidare, her skal vi kose oss og ha det moro. Kunsten er nok å legge lista rett ikkje bryte ned hund (eller meg sjølv) men bygge opp, då når ein lengst, det er mi lekse for å bli god. Ta tida å forme fram heilt riktige momenta sakte, ikkje hoppe store steg og mislukkast totalt.

Plask var roleg og avslappa mellom postane ikkje noko stress på henne og oppførte seg også bra på alle postane. Eg veit kva vi skal trene, og det er føring og markering med kaster. Det er så herleg å ha hund som tåler trøkk og miljø, i år har det vore reise -år utan dei store resultat, men vi har bygget opp forståelsen for oppgåvene og dette med å funger bra i miljøet.

Plask sine poster på Mesterskapshelga- WT - BK klassa 01.09.2018

Vi starta på post 4, så vandra vi vidare til 5 og tilbake til 1 så 2 og til slutt 3. Plask gjor så bra ho kunne, bommar vi litt på markeringa og ikkje er skolert på dirigering, så tape vi tid fort, det var det som skjedde med to av postane våre. Plask søkte faktisk veldig bra i rett området i det eg kalla henne heim på begge dei to postane vi fekk null :) Pos 4. er ein enkel markering kaster er skjult for oss, Plask går ut skeivt i retning røyken fra hagla, men jobbar seg raskt opp i området, men finn ikkje dummyen i tide eg eg må kalle heim. Post 5. Her er det som post 4, enkel markering, ser lett ut, men Plask finn ikkje dummyen  ho søker i området og gjer ikkje noko feil, men tida renn ut. Post 1. Endeleg litt poeng, ny enkel markering og vi for 14 poeng, trekk for ho sprang ikkje heilt rett inn i området havna litt for langt ut, søkte seg heldigvis i riktig retning, gjor funn og kom rakt heim. Post 2.  No er Plask over i modus "eg kan" (vi er det) fotgåing, fleire skot her og der, momentet går bra, trekk på grunn av ikkje perfekt fot :) 18 poeng. Post 3. Rett ut og rett inn, men ho misser dummyen ein gang og det gir litt trekk, 18 poeng her også. Filmen ligg her vist noko vil sjå..

https://www.youtube.com/watch?v=b6GPkK5dh-k&t=50s
 
Bilde under, her tok Plask sin 1 pr i BK  på Jaktprøva i Trondheim 26.08.2018, og ho jobba bra er flinke og gjer det ho skal :)
 
15.08.2018
Fine Plasken min har vore ute å reist skaffet seg ein fin suvenir fra FM i Sverige. Mini dummy med startnummer på. No veit vi kva vi skal trene på å vi skal bli gode :) moro med mål og strekke seg etter.
 
 
16.07.2018
Min fine Plask er HD- A og albugar er 0, god nyheit.  No er det berre å forsette den gode jobben som er starta med å bygge musklar, trene meir styrke og kondis. No e det alvoret setter inn, ho er min konkurranse hund og beste treningsvenn og samen skal vi bli gode, vi skal klare å vise oss fram før eller seinare.
Hundar som blir trena og jobba med blir berre betre og betre uansett utganspunkt, dei lære heile livet.  Og det beste av alt er at dei likar å bli trena og vi for eit godt forhold og ein lydige samarbeids villige hund. Grunnlaget er lagt og om ikkje lenge er vi i konkurranse modus, og merittere hund må til og det å strekke seg etter resultatet, jobbe mot det er viktig for meg. Ein må berre huske på å ha det moro på vegen framover og skynde seg sakte.
 
02.07.2018
Plask er litt av og på for tida, eg regnar med det henge på alder.  Eg har hatt same erfaring før med hund og det forsvinner litt etter litt.. Derfor legg eg ikkje så stor vekt på det, eg er opptatt av generalisering, og ikkje sette oss på vent på grunn av (av og på ). Reiser litt hit og dit for å trene momentet og ikkje låse seg til same plass for lenge. Alle unge hundar, modnast litt forskjelleg, eg følte Plask var veldig tidleg moden, men ho har fått ein liten stagnasjon som er normalt. Eller det er mine øyne som er litt uklare for det er stor forskjell på henne og Bjørk.  Eg  har heller ikkje trena Plask så mykje, eg er der «flyt på eigenskaper», behald eigenskaper ikkje over skoler for tidleg osv. Det som er bra er at ho kan være med over alt, ho kan vente kopla medan eg trenar Bjørk, eg er ikkje avhengig av å ha henne i bilen, eg kan berre knyte ho fast til det er henne tur, det er vertifall kjekt.
 
 
Her er bilde fra søndag då vi var å trefte Sissel med søster til Bjørk, Alfa. Her sitt Plask fint og venter å ser på Sissel og Alfa trenar.
Laurdag 30.06, var så heldige å bli invitert til Elin og Kjell Arne på trening, det var ein kjekke dag, vi kosa oss eg og Plask.  Her er vi på veg heim og venter på ferga. (alle skulle hatt ein Plasken, maken til herleg hund finn ein ikkje, godjenta mi)
Foto Elin. Her er bilde av årets felt, rett opp i ein uslegen hage :) høgt gras inn  på ca 200-300 kvadrat meter, 2 dummy pr. hund. Alle fiksa det frå Bk- til Ek hundar. Plask fant fint sine to.
Foto Elin. Og her er vi i Barstadvik med Elin og Kjell Arne, veldig kjekke dag.  Der fekk vi prøve hopping av gjerde, høgt var det også :) alt må lærast men du så kjekt, sjølv hundane kviknar til når det bli litt utfordring !
 
Foto Elin. Her har vi frå klubbens fellestrening, Plask er ute på feltsøk. Felt er  viktig å trene, eg er så heldige å ha lydhøre hundar så mine hundar tar ikkje skade av å bli gode på felt. Eit godt feltarbeid må faktisk også lærast, det har eg sett no i år etter eg startar å trene Bjøk igjen, imponert er eg.  Maken til feltarbeid skal ein leite lenge etter. ( det eg vil med å sei det, er at Bjørk var heller ikkje så rutinert på Plask sin alder, men no, ja ho imponera meg kvar dag, eit råskinn på det meste)
 
12.06.2018
Heime igjen, her Plask med årets dummy :) flotte  tur eg har eg  hatt, du så lærerikt.  Her fekk eg lære litt meir om mine egne hundar, og ikkje minst om min eigen føring.. hi hi.. masse rom for endring her, «NU» ja no veit eg kvar eg skal sette inn resursane på treninga framover. 14 mnd, Plask har ikkje tatt skade av turen ikkje eg heller, og vi sitter med eit hav av kunnskap og kunnskap bære vi lett. Tre nullar og to postar med poeng :) det er det ikkje så lett å skryte av, men som eg alltid har sakt, ein lære mest av nullar. Plask gjor så godt ho kunne, men mangel på erfaring, var vell vårt handicap. Masse dufter av hestelort, nye store marker, utmatta av varmen, (28 grader i skuggen)enn så jobba frøkna hardt, men vi fant ikkje dummyen og det føre jo til null. Eit meget flott opplegg, proft utført til dei minste detaljer, ei glede å få oppleve dette.
 
Her har vi eit bilde av ein av postane på unghundderbyet som eg og Plask fekk opplev i år. Bilde er tatt av Kirsti og det syner når eg og Plask er inne til bedømming. På denne posten fekk vi poeng, posten bestod av fleire momentet som Plask takla bra, eit stykke fotgåing, eit skot under fotgåing og skot og kast med det same vi kom fram til start, dommaren stod eit stykke unna og skulle sei «NU» når vi skulle sende.  Veldig moro å lærerikt.
 
Plask er nok hakker både lenger og høgare enn sin bror Six, så inga lita frøken eg reiser rundt med, men du så kjekke ho er. Inge bjeff eller støy frå denne frøkna, er så godt med hund som ikkje halser på noko som helst. Tre lause hundar inne på ei knøttlita hytte gjekk også fint, Plask oppførte seg bra, lagar minimalt med uro med to litt ukjente gutta rundt seg. Bror henne og pappaen oppførte seg også like eksemplarisk.
Bilde er tatt av Kirsti, og syner hundane våre som sitter fint på campingplassen bort i sverige. Her er tre fine flinke, Plask, pappa Swim, og bror Six.
 
Her har vi Pytt og Plask, vi tok ein liten svipp tur og avstikkar til skogs i Moelv- traktene for å treffe Pytt og Stine.  Det var kjekt, søstrene fant tone fort og kunne sikkert sprunge å leika seg til evig tid hadde ikkje vi sett grenser. Dette med å sette grenser og bestemme litt over hund og aktivitet må eg, av to grunner, den første er at min hund for ikkje herse på som ho vil med andre, Plask er stor og sterk og ei tøff type som kan leike til evig tid.., men det går ikkje. Det andre er at, skal Plask høre på meg, så må ho erfare at eg bestemmer det meste av aktivitet og ho skal like «å leike med meg» som er jobben hennar og det ho for betalt for.  ja så enkelt er det å trene hund.
To kjekke unge hundar som har framtida foran seg. Under besøket blei vi opp spist av mygg og tunfluge, det blei derfor litt vanskleg å trene så masse, både for oss på to og dei to på fire ;) vi såg derfor mildt sakt ikkje ut når vi kom til Oslo, der vi skulle bu med Pernille nokre dagar.
31.05.2018
Eg og Plask har det travelt :)
Det blir lit lite tid på Plask no når vi har hatt kvalpar, skulle forbered oss til både dit og datt, men vi har vore lure å senka krava, og latt være å sende eit par tre påmeldingar som vi hadde på planen. Vi tar det igjen, Plask var tidleg moden, men no i det siste har ho vist gått veldig tilbake i barndom igjen, eg trur det har med at kvalpane for alt av tid med meg og ho blir liksom stua bort.. :) Vi har derfor så klart ikkje  rukket over det vi skulle med trening. Eg må derfor gå nokre steg tilbake på alt for å unngå å etablere frustrasjon adferd. Kunsten med å takle hundar som av og til er frustrert har eg erfaring med, så ingen problem. Her er det kun eit par dagar med  ny- innlæring så er vi tilbake der vi var. Momentet vi har jobba med er avlevering frå vann, vi ikkje heilt i mål ennå og  vi har ca 80% korrekte avleveringar, men vi skal nå målet til 100% før vi skal starte på b-prøve, det er eg sikker på. Vi jobber også med utganger over alt, Plask for ikkje lære å finne den lettaste utgange, men må gå ut der eg peikar, (perfeksjonisme på hundetrening). Eg regnar med å stille på dobbelprøva ved Trondheim i år, skulle eigentleg til Fosen, men sidan eg ikkje har fått trena nok så droppar eg det.
Plask og Bjørk passe så bra samen
, så dei to er gode konkurrenter som eg må ha full kontroll på.. ( og treningsmakkarar). Begge to har ingen lyd sjølv om eg stressar dei kraftig for å få topp ystels fram. Her i veka skulle Plask hente ein apport der ho skulle/ måtte hoppe ut for ein myrkant, ho gjor ikkje det, litt skumet, så sa eg Bjørk  og for Bjørk er ikkje vankantar skumle lenger, ho hoppa, Plask er både større å sterkare enn Bjørk, ho hoppa også, så det blei rein kapp symjinga :) Bjørk vant og måtte ta nokre raske vendingar i vatnet for å komme seg først heim med dummyen :) På den neste apporten hoppet Plask utan å tenke. ( Bjørk eller Rally må være med, elles så blir eg dummy fri). Akkurat slik var Bjørk også, men no er Bjørk perfekt i vannarbeidet og eg veit at slike hundar som ikkje er badegalne blir dei beste hundane litt etter litt.
 
 
Her er bilde frå Skarnes der ho var på sit første offisielle, utstilling og WT. Plask svare til forventningane ho gjor så godt ho kunne. Her er bilde frå hytta, der ho kosa seg på tur i lag med alle saman.
 
På Skarnes fekk pappaen til Plask, excellent på utstilling og han fekk godkjent WT elite, flinke hund som vi er stolt av i tillegg blei han nummer to samelagdt med WT og utstilling.. Vi må være flinke skal vi klare å nå han igjen, men det gjer vi :) farmor Rikke fekk også excellent med CK og blei Bim veteran. Så vi er stolt av farsslekta !!
Gratulere til Kirsti for gode resultater på Skarnes! (farmor Rikke til høgre)
 
06.05.2018
Vi har fått med oss eit jaktkurs med Asbjørn, Plask kan det ho skal for alderen, eg må berre ruge på det ei stund til og godta at ho er berre eit år og bruke tid på å generalisere, starte på prøve er langt opp å fram, det har eg ingen hast med, eg kommer nok til å prioritere litt LP + spor, der har ho stort potensiale, kanskje ho bli bruks hund Plask. På Jaktbiten skal  eg nok få dokumentert eigenskaper også litt etter litt, men har ingen hast. Brukskurset held vi også på med, så målet blir å starte på bruksprøve neste sesong, skal bli speandes å forberede seg på noko eg ikkje har gjort før.
 
 
16.04.2018
I går var vi på brukslydigheit kurs eg og Plask, momentet vi alle skulle trene/læreinn var lineføring. Plask og eg blei drilla litt på venstre svingar, og det var det eg fekk i lekse, vi skulle jobbe spesifikk med det og forbetre vending venstre,  leksa vår  :)
Kjekt å være elv også, sitte på sekken og følgje m
ed på alle, Plask lå i bilen og det er generalisering, ho må ligge å vente på tur, eg ser på det som viktig trening.
15.04.2018
I dag har vi kjørt rundt for å lokalisere plassar der vi kan lære å symje på nytt, eller hente dummy på vatten, sjølv om Plask var flinke til å symje før vi tok vinter, var ho liten kvalp når vinteren plutseleg kom og bading blei lagt på hylla. Det blir sett ein målretta treningsplan på meg og henne med dette som fokus, ho skal kunne gå ut i vann over alt, ho skal gå rett ut ikkje leite etter alternativ vegar, ho skal komme inn same vegen som ho gjekk ut. Dette er første delmål, så komme innkomst å avlevering, det er ei historie for seg sjølv og handle om skolering den tar eg. Jobben med ut over alt er nok vanskelegast og må jobbast planmessigt med. I dag hadde eg med Rally som hente hund for det vi ikkje fekk inn, neste gang tar eg vadarar i tillegg, går eg ut så går Plask ut.  Det er eigentleg perfekt å ha hund som Plask, ho stressar seg ikkje opp over vann, endå vertifall. Hadde ikkje den heilt store interessa for å bade så mykje i dette kalde vatnet i dag.
 
14.04.2018
I går hadde vi ei flotte trening i strålande vær ! Det var fokus på unghundtrening, når det gjelde slik trening så er alltid hundane litt ulike, både på ein og den andre måten, 2 labber og to flatter. Plask er ei type som er naturleg lydig, derfor må eg ikkje feile som handlar, eg må gjere ting litt lettare enn det ho eigentleg kan, men på same tid må eg gjerdet slik ho for progresjon i treninga. I går var det unghundtrening og det vil sei eg kjøre ikkje makker jobb (Plask er ei type som ikkje har problem med makker jobb) men eg vil ikkje sette henne i slik jobbposisjonar på lang tid, unødvendig demping blir det. Litt motsatt av det andre slit med, som får heite hund av å sjå andre jobbe, Plask er like avslappa og legg seg ikkje i andre sin jobb. Eg vil påstå Plask er godt utrusta med korrekte retriever eigeskaper, ein retriever skal kunne vente på tur, og sett på spissen gjerne i mange timar før det blir jobb til den hunden. Kjøre derfor kun enkel på henne, jaktlydigheit i gruppe, men ikkje apportering.  I går sette eg fokus på forsering av vitring, springe over ei vitring til ein ny markering lenger ute. Såleis kjøre vanskelige enkelmarkeringa og det er det eg vil jobbe med framover.
 
Unghundtrening, flotte flinke gjeng med lovandes hundar. Plask har lært seg sit og eg kan derfor ta bilde, herleg hund Plask !!
 
11.04.2018
Plask har i helga vore på utstillingskurs i lag med Anne Lene, det gjekk bra, Plask er roleg og enkel å ha med, men ho burde være litt meir liveleg så…. I utstillingsringen vil dei ha aktive, hundar som verkeleg stråler og viser dei liker seg, dette er ikkje alltid like lett å få til, derfor må ein kurse seg i utstillingsteknikk, det er Anne Lene sin oppgåve.
Plask har vore med meg på brosjemerke kurs der ho har fått litt oppgåve med å vise korleis vi trenar inn diverse momentet tiltenkt brosjemerke. Plask er roleg behageleg hund, som ikkje bør bli rolegare eg må derfor tenke meir intensitet når eg helde på med henne, leike meir og skru henne opp. Eg lære henne derfor ikkje så mykje nytt, vil ha meir intens hund i det ho allereie er god på.

Vi er også starta på brukskurs lydigheit, kva vi skal lære der veit eg ikkje, men eg glede meg til å være elv, då for vi observere og for sjå fleire  måtar å trene på, det er alltid bra med litt innputt frå andre.

Siste helga i april skal eg på jaktkurs her i Sykkylven, det er Asbjørn Kristiansen som skal holde. 
 
04.04.2018
Plask er ein utruleg roleg og klok hund, I går var ho med meg på kurs, eg har eit bronsemerkekurs, og Plask blei med i går for at eg ville bruke henne til å vise litt korleis vi trenar inn stå, stopp å bli ståandes J hi hi.. dette er eigentleg eit moment som kan være vanskeleg for alle,  også oss røynde, men veit vi korleis vi vil ha det og litt grunnlag i hundetrening skal alle klare det. Mormor til Plask var min hund  «Arwen»  ei årrekkje hadde med henne på kurs som demohund, ho berre elska å vise seg fram. Plask er eit hakk betre :) ikkje til å vise seg fram, men å behalde konsentrasjonen, Plask  klare fint å vise både korleis ein kan stå lenge, korleis ein kan stoppe på mange måtar. Min jobb som instruktør er å fylle litt på verktøy kassa til dei som går kurs, slik dei kan bruke i opplæringa av sin hund. Plask skal på helgakurs i utstilling denne helga, då er det Anne Lene som skal på kurs med henne, det er ein instruktør frå Trondheim som kommer til Sykkylven og helde kurs for dei som skal stille ut hund, ja det må ein også trene på. På måndag skal eg og Plask starte på kurs, brukslydigheit skal vi gå på. Skal bli kjekt å være elev også på kurs, så det glede vi oss til. Vi hadde egentlig tenk oss på LP- prøve helga 28- 29 april, men  er kommet til at Plask må igjennom trenas litt meir, så brukslydighetskurset vil hjelpe på det, då det handla litt om det samme. Siden vi droppa LP i Førde, tar vi sikte på WT- på Skarnes 21 mai  :) det kan være ei lita oppkjøring før vi skal  09.06. til Sverige på unghundderby
31.03.2018
Plask var eit år i dag, blir litt mindre tid på Plask no når eg steller med Bjørk og hennar kvalpar, men det har ho berre godt av. Ein retriever skal kunne ligge på vent, ein apporterandes jakt hund jobbar ikkje før etter skot, så vente skal desse hundane kunne. Det er desse eigenskapen som gjer at hundane er så trenbare og lette å samarbeide med, Plask er eit godt eksemplar av rasen. Ho fekk likevell ein snartur på dagen sin med meg :) vi kosa oss litt i skogen så ligge berre på vent går ikkje skal av knappen fungere.
 
25.03.2018
Eg og Plask tok turen ut til Flø for å få litt generalisering av markering, hjelp til å kaste og skyte, Lill Iren og Sol hadde også anledning til å trene litt så vi var 4.  Plask kjørte litt makker med Sol, men siden Plask er veldig lydige så vil eg ikkje kjøre henne så mykje i makker arbeid ho kan få følelsen av at ho ikkje gjer rett og kvalitet sikre jobben sin og det er for tidlig for henne.
Plask skal kjøre på masse motivasjon og tempo, derfor er enkel apporter best for henne i ein periode framover.  
Vi skal kjøre litt makker kvar gang vi har anledning, men eg skal ikkje fokuser for masse på det enda.
Det var hard vind i går som føre til oppvind og ei vitring som er svert vanskelig å lokalisere, dette var problem for Plask i starten, ho sprang til rett plass, men vitringa slo sikkert høgt opp og langt bort, så i slike vinder er det svert vanskelig. Her kommer erfaring inn og læring inn, huske å holde område der dei såg det datt ned noko  :) markering er ikkje dirigerings oppgaver i BK.  Eg kan jobbe mykje med markeringstrening då eg ikkje har heit hund, heller ikkje knalle problemer, målet er å skape ein sikker god hund som følge bra med og løyser oppgava med stil og uten eg blander meg inn.
Plask vaks på treninga, ho gjkk berre ein veg og til det bedre. Vi gjekk også frå plass til plass, kun ein eller to apporter på same plass.
Sol og Plask på trening:)
18.03.2018
I dag har Plask og eg trena markering i lag med nokre andre, det var eigentleg veldig bra trening. Vi brukte skog som terreng og vi hadde både kaster og vi brukte skot. Måle mit er å bygge opp ein god markør i vanskeleg terreng, men også trigge utholdeheita, og få fram smarttenking, ser ikkje Plask nedslaget.  I dag oppnådde eg begge momenta og eg er nøgd med arbeidt til Plask, eg er også nøgd med meg sjølv, då tenke eg behalde roa, ikkje starte å handle hund fordi det så vanskeleg ut for hund. Tenker også  generalisering, bli trygg på at det er kaster og det er skytter, kvar er dummyen i forhold til dei vist eg ikkje såg nedfallet.. ja slik vil eg at Plask tenker å finne ei løysning sjølv.
Vi kjørte synleg kast for hund, for så å flytte hund og kjøre same moment utan at hund ser verken kaster eller kast, kun høyre, dette er bygging og Plask løyste oppgåva på strak hundearm.. Plask fekk avslutte trening med å prøve litt makkerarbeid, sitte laus, når det går skot og kast, makker hentar først, for så får Plask sin apport, Plask jobba bra, eg har ingen ting å utsetje på denne hunden min, kun på meg sjølv, men i dag var eg også flinke.
Utruleg bra avkopling å trene Plask, eg trivast bra i lag med henne, ho minner meg mykje om Bjørk og ho er også ein gode hund. No håper eg på å få eit par treninga til i lag med andre før Bjørk føder :) då blir det nok kvalpar som blir fokus i ei periode.
I går tok eg litt film av meg og Plasken for å lese min adferd under handling, det er faktisk like viktig kor eg oppføre meg som hund, det er jo eg som styre Plask. Det er neste alltid vi som må jobbe med føringa, skal vi få til noko, så samarbeidet og korleis vi oppføre oss heng stramt samen.
Filmane finnast både på youtube og på hundebilde. Flatcoat-arwen på fjesboka..
Plask snart 1 år, fine og flinke!
13.03.2018
Plask har løpetid og den fekk ho 1 mars, det er derfor lett å følgje med på kor langt ho er komet. Når mine hundar har løpetid helde eg dei vekk frå andre, ingen vits til å trigge samarbeid til andre hundar, då spesielt hannhundar. Eg går derfor ikkje på hundetrening/eller trenar apportering med laus hund der eg ikkje har kontroll på omgivelsene. Sånn treningsmessigt har eg ikkje merka så stor forskjell på Plask, det eg merka er at på «sit» så startar ho med vasking av seg sjølv og ho vil også vaske der ho satt :)  DETTE er adferd som eg ikkje reflektera over annet enn eg ser igjennom fingrane og skjønnar kvifor. Opp til meg så bør eg ikkje sette henne i situasjonar no der ho skal sitte på vent til ny adferd blir forkynt for henne i denne perioden.
Det blir spennande no etter løpetid korleis blir Plask då :) håper ho bli lik sin mormor, ho gav gjernet også etter løpetid og hadde likestor fart i arbeidet, ho roa kanskje litt ned, men ikkje så mykje at eg sleit med å motivere henne dei to månadane ho liksom hormonelt var i ei fase det kunne være kvalpar på gang. Mamma Rally, hum ja ho hatt så få løpetider at eg ikkje har registrert korleis ho er etter løpetid, ho har vore para på løpetida sin :) Rally har lange intervall opp i 2,5 år, derfor kan eg sei eg ikkje kjenner godt nok Rally etter løpetid, ser eg konkurranse rette på det.

Plask er påmeldt utstillingskurs i april, då skal Anne Lene gå med henne, vi skal stille henne i mai i Ålesund.
Eg og Plask er påmeldt brukskurs, så no skal vi skolere oss, det er moro å gå kurs og liksom bli fora med ny idear, (kunnskap er vell det lesttast vi kan bære) det glede eg meg til og målet er at vi skal komme oss så langt at vi kan starte på bruksprøver. Det å gå kurs er å få påfyll av verktøykassa til trening av min hund, det er eg som lære, og det er eg som skal bruke det i opplæringa av min hund.

Det er også så bra å ha hundar som er født med eit naturleg samarbeid og god eigenskaper, er så nøgd med både Plask og Bjørk, dei er jo som vi veit døtrer av dei to brune døtrene til Arwen.

Arwen med sine to brune døtre.
 
10.03.2018
Plask trenar LP.
Det er veldig moro med hund som er arbeidsvillig, har god konsentrasjon, ein slik hund kan ein verkeleg kose seg med. Plask er ein slike hund, verdt sin vekt i gull!!
Ein hund som er høg på stresset og ikkje klare å konsentrer seg er mykje vanskelegare å trene, dette med å kunne sin hund er ein nøkkel til sukkses uansett emne ein har å jobbe med. Eg har trena mange hundar og eg har også hatt ein del hundar på kurs, så dette med å lese hunden, kjenne sterke og svake sider er eit bra verktøy i verktøykassa mi. Det er også veldig fornuftig å bli godt kjende med sin hund tidleg og ikkje bygge meir stress i ein hund som kan mangle litt på konsentrasjonane.
På Plask prioriterte eg mykje kontakt og LINEFØRING, så kalla «fot» droppar ein det momentet slit ein lenge, det er grunnsteinen for å lukkast i alle sporter også til den daglege turen er det eit must å ha ein hund som følgjer meg ved min side.

Vi har planar om å gå nokre LP-konkurransar i år i tillegg til eit par WT (wt- er apportering)

I kl 1 er det eit moment som består av at hunden skal springe rett fram og kunne stoppast i ei rute, ja det må vi lære, Plask jobbar med å lære ordet «ruta» og i tillegg jobbar eg med å holde henne fokusert til å sjå rett fram til ruta, spring fort i det ordet ruta kommer. ( ikkje sjå på meg til eg eier ruta) Små delemoment for å få det så bra som råd. ÅÅÅ ja,vi trenar ikkje mykje, men vi jobbar målbevist etter plan.
Her er eit bilde eg tok i dag i det Plask står i ruta :) flinke Plasken min :)
 
28.02.2018
På tide med litt oppdatering  :) Eg og Plask har vore ein tur heim til Sandsøya på vinterferie. Det var det fint bart og med normal temp, kjempefint til å trene litt, og det gjor vi så klart. Plask har fin utvikling og eg trenar henne ikkje så mykje som det ser ut av filmar og fjesboka, viser henne berre litt fram for og dokumenter litt sjøl om det er progresjon med oss. Eg har tenkte å starte Plask på ein del WT og det er sport ( ikkje eigenskapsbedømming som B-prøver er) då gjelde det å få inn mest poeng og eg skal ikkje tape så mykje på handling og trenar meg sjølv på å handle bra. Her skal eg perfeksjonere, ikkje Plask men meg sjølv, Plask er eit talent og det skal eg utvikle, men det haster ikkje.. handlinga mi er det masse rom for forbetring og det er det eg fokusera mest på no.
Vi var ein liten snar tur innom Flø for å trene litt markering og få filma meg sjølv og Plask i det vi handla, eg skal som sakt ikkje tape poeng på handling og det gjer eg bruker eg handa på å sende ut hund på markering og eg prøver ut på Plask kun kommando utan handsignal. ( på B-prøver kommer eg til å bruke mit føringsmønster med å sende på handsignal i tillegg til verbal kommando, utan tvil, då føle eg meg sikrare.) Litt film om handlinga vår, her er også eit lite klipp der eg prøve Plask på makker>>>

SHK har også fått seg nytt inne lokale i Sykkylven, vi var der og prøvekjørte på måndag, Plask imponera meg der også. Vi inntog lokale, kaldt ute og det var ein del hundar inne, ja som både bjeffa og gnall teitt opp i Plask, Plask var så stabil, både i sitt og dekk, og eig ikkje smiskefakte, eller ho bryr seg rett å slett ikkje om støy osv. ho er bra miljøtrena vil eg påstå, superbra. I går var vi der også ein tur, men då var eg der som instruktør på vidaregåandekurs (brosjemerkekurs) Plask fekk, eller eg vist korleis vi gjer det når vi går inn i eit miljø med fleire hundar for å trene, Plask kan det også ho, fungere bra som vise hund, ei stor gulljente.
 
Plask heime på Sandsøya.
 
Ein tur til Volda har vi også vore og der var det Sol og Lill Iren som jobba i lag med oss, vi treng å trene med fleire hundar og fleire førarar, generalisering som eg kallar det er svert viktig for meg. Plask imponera meg også når ho jobbar tett på andre, herleg og full fart på det ho skal. Det er nokre filmar derfrå også på youtube, for spesielt interesserte.
13.02.2018
Det har blidt litt lite trening i det siste, vi har farta litt + eg helde på å male heime, så Plask er på lading og  det er bra å få fullada slik ho går på for fult når vi skal trene litt. Plask har ein god passivitet og jobbar med stor fart, så dette med å kvile seg flinke treng ho ikkje, det er eigentleg berre tull. Ein hund treng gjevne og god igjennom trening av det meste og det gir eg mine hundar, spesielt unge hundar lære lite av skippertak trening, ofte og korte økter er det som gir gevinst. Det har eg praktisert på Plask og eg er veldig nøgd med henne progresjon i treninga, no er det litt unntakstilstand sidan eg har og har vore ein del på reisefot og vi ikkje har dei optimale forhold til trening, vi har blank-is neste over alt og skade seg er vertifall ikkje lurt, så vi kvilar på litt.
Ein tur til Oslo har vi vore, der stakk vi innom Kirsti og Six, ein herleg flathanne med perfekt storleik . Six og Plask fekk leike seg litt i lag og vi trena sit, innkalling +  litt apport,  vi diskuterte  korleis vi skal handle på prøver, WT for å unngå å misse poeng.  WT er sport, men blir også stambok ført i Norge,  eg skal utvikle min føring av Plask til stil, skal ikkje tape poeng på slurv og dårleg føring. Nesten alltid når det ballar på seg så er det ikkje hund som er problemet, men vi som fører  :) Så føringa er eit tema for seg sjølv som eg vil jobbe godt med, ein kan ikkje skulde verken på  det eller det andre, vist ein taper poeng på dårleg føring og poenga teller..
Plask og Six, over her sitter vi etter ei økt med leik ;) under er vi i aktiv leik :)
 
05.02.2018
Plask tok kvalifiseringsprøve måndag den 05.02 og då var ho 10 mnd, vi bestod og det var ikkje noko bombe for meg, eg har aldri følt meg så trygg på at vi skulle bestå ei prøve før.  Dette førte til at eg hadde det mentale overgrepet på både meg sjølv og Plask. Vi har heller aldri trena på kvalifiseringsprøve, vi har trena på det grunnleggande som vi treng skal vi starte på ei BK-prøve ;) det helde lenge.. Plask er ein fantastisk roleg og trygg hund og for meg så er ho perfekt. 
 
02.02.2018
Fin trening i går, det var Sol, Viktor og Plask som kosa seg med litt trening, Sol og Plask trena litt lenger enn Viktor, derfor ingen bilde av han. Momenter som eg har trena på både inne og ute, ser ut til å fungere, det er det å gå fint på fot med enkle middel, ikkje fram om foten og så tett opp til kne som råd, også gå bakover og snu tett på meg..
«FOT» som dokke som kjenner meg, veit at eg liker å ha i orden.  Dette er også første gange Plask er på noko som ligner apporttrening i lag med andre, der ho for lov å jobbe litt, før har det vore kun sit, skot og gå fot.. no er lille Plask blidt store Plask og ting kan snart bli moro :)

Eg vil prioritere å bygge opp ein god markør på Plask, ho er så lydhør at eg stressa ikkje med å lære henne for mykje signaler og dirigering, Plask er lydig og type hund er tilstede, så på henne vil eg kjøre opp trøkket, motivasjon, stil  :)  jepp det er ein herlig hund å forme fram. Eg berre elskar denne godjenta mi, er så heldige som har denne herlige hobbyen hund også, og ein hund som liker meg og vil jobbe på lag med meg, livet kan ikkje bli betre.

Ein liten film fra treninga
, meg og Plask, filmen består av tre momenter, først går eg å legge ut ei fremadsending, så går eg til plassen der vi skal jobbe fra, først ein enkelmarkering inn i skogen, Plask ser ikkje nedfallet, men dummy i lufta ser ho, vi hente den inn, vi for ei ny høg markering tett på kaster, Plask markere og vi snur oss å sender og henter inn fremadsendinga, snur så tilbake og henta den kasta markering, jau jau.. litt slurv her og der, men no er vi i gang..https://www.facebook.com/754619441275870/videos/1836257096445427/
Plasken og Sol :) to gojenter.
 
20.01.2018
I går var Plask og eg ein snartur til Volda for å sjå om halvbror Viktor og Ann Helen, ingen trening då det er is over alt. Men det som er viktig for meg er ikkje treninga, men miljøet og få seg ein tur og litt hundeprat. Vi brukte ferje for å komme oss dit, åleine bil på dekk og vi nytta høve til å trene fot, sit og innkalling på dekk ( ikkje dekk :))  ja dette er miljøtrening, Plask storkoser seg med litt jobb på ferga. Plask er sterke på miljø føler eg og det kommer godt med for ein hund som skal ut å reise ein del, konkurrere i flere hundesport- greiner osv.
I dag var oss ein svipp tur i ein skog, å tenkte også litt miljø der, det var eit par andre flatter, vi fekk derfor prøvd oss på litt jobb med andre hundar tilstade. Plask er min nye arbeidshund, kvalitetar over middels, så eg håper dette skal gå bra.
 
Plask 9,5 mnd.
 
Plask sin halvbror Viktor, gode venner og dei skal kose seg i lag på jakttrening ( når isen forsvinner ;) )
 
14.01.2018
I dag var eg så heldige at Hans Emil var med meg i skogen for å trene litt Bjørk og Plask. Vi hadde skissert opp kva vi skulle jobbe med før vi la ut til trening, så då er det enklast å få trena på rett moment. Hovudmomentet vårt var markering på denne treninga, for meg som har mål med begge hundane er det vitigaste akkurat no. At hundane er så gode på markering at eg slepp å handle hund, markering er ei oppgåve hunden skal løyse utan at eg handle hund. Dette med å bygge opp fokus, konsentrasjon, dybdeberekning, terreng, terreng skifte osv. er det som må til skal ein få ein god markør. (må ein handle til ei markering, så skal eg det også) men malen min er ikkje å handle inn markering.
Eg kan kjøre mykje markeringstrening på mine flatter, dei har ein medfødt stor ro og tåler mykje trøkk utan å stresse seg opp, har ein hund som skrur seg opp og både lagar lyd og knallar (knallar er å gå ut for å hente dummy utan at den har fått kommandoen som å gå ut) så må ein vite kva ein gjer.

Plask er ein fin lydhør flatt som er herleg å trene med, eg er så glad og nøgd med denne gullskatten min. I dag kjørte eg like momenter på både Plask og Bjørk, imponerandes kor glade desse to hundane klare å gjere meg, eg hadde eit stor smil resten av dagen i dag og har det endå. Tenk kor heldige eg er som har desse gode hundane og denne vanvitige kjekke hundehobbyen.
I går var eg åleine tur med Plask, lang tre timars tur + eg hadde ei økt der eg jobba med felt på Plask. Ho er roleg og naturleg lydige på tur, det er hund eg ikkje treng å fjølge med på, ho er tilstade rundt meg uansett ho ..
 
10.01.2018
Godt nyttår til alle mine venner ! 
Her er tørke på oppdatering.. Plask har ein gjevne fin utvikling, eg har ikkje trena henne så mykje som eg burde, men eg tar det igjen. Gode grunnsteinar og eit bra fundament og må til, skal ein ha hund som ein vil konkurrere med, alt kommer ikkje av seg sjølv. Det er som med alt annet, ein må ha ein del god hund, ein del god trening og ein stor porsjon forståelse for korleis ein vil ha det. No er Plask junior over 9 mnd og det vil sei ho er gammal nok til å bli stilt lit krav til, og det gjer eg.
Som eg har skrive før, prøver eg å trene hundane og ikkje bli så mykje trena av hundane. Innlæringa av momenta er eigentleg veldig lett, vi har så mykje kunnskap om hundetrening no til dags at ein glad lykkeleg hund er lett å få til. Problemet er vell heller korleis vi skal få befesta det vi lære frå oss og komme vidare, klatre å lære frå seg ny kunnskap. Det handlar faktisk kun om vår kunnskap om korleis vil vi ha det.
Punkt nummer 1. Gjennomtrening, tren hund og ikkje la hunden trene oss.
Eg stiller krav til meg sjølv, men også til hunden, hundar er kloke dyr.  Kan hunden eit moment, så kjøre vi på det, belønnar variabelt, men passer på at vi ikkje forsetter med restart og belønnar hunden for å feile. ( det er fort gjort)

Eit eksempel, på husk, vi har minnes markering, ja den kan gjerne ligg 10 dagar er det interessant for ein hund. ( Ein kattalort, slakteavfall, el. eg opplever at hunden aldri glømmer dette punktet ?? ) ja kva så. I overførings betydning trenar vi for lett og utnyttar ikkje resursane ein hund har. Tenk litt på det når vi trenar, lag oppgåva slik hunden må konsentrer seg for å løyse det, men også at belønninga for oppgåva er rett, og intensiteten for å løyse oppgåva er rett. Vi trur gjerne at hundane løyser oppgåvene betre med masse stress innvortes, og vi skur hunden så høg at det må korrigering til for å ta den ned igjen.
Ein god hund, som er rett trent, skal klare å slappe av, då kommer fokuset også og oppgåvene blir løyst raskt og rett. Eg ser mange setter hunden på sit og kaster dummy rundt og rundt for å provosere fram feil adferd slik dei kan nytte litt korrigering  :) berre å smile eg skjønner det ikkje.
Eg lære frå meg at hunden sitter eller venter til jobbe skal utførast, mine hundar blir aldri trent med at eg kaster dummy rundt for å få den til å knalle. Eg kaster dummy for di hunden skal hente den, eller eg skal hente den, eller ein anne hund skal hente den.. Så klart kan mine hundar også knalle, men då er det eg som handle dårleg ikkje vore våken, alle hundar skal knalle av og til.. eg brukar då paragrafen som seiar "nei" skal fungere når du treng det.

For meg om vil ha ein hund som kan stillast på B-prøver må vi lære hunden og søke av eit område fritt. Bring fort heim det som den finner, dekke eit stort eller lite område. Spenninga med B-prøver er vell det at ingen er kopi av den andre, men momenta  den skal innhole er ganske like frå prøve til prøve.
Momenta må lærast å trenast, enkelte hundar elskar felt arbeid og andre går fort tomme og litt mangel på jaktlyst føre til at dei blir ståande, eller kommer heim og er vanskeleg å få ut, å ja.. men det treng ikkje være kroken på døra, det kan rett å slett være at enkelte lære litt seinare enn andre, då drar vi litt meir opp og vi brukar gode belønningar,  plutseleg har vi verdens beste felthund som elskar feltarbeid.

Plask har eit naturleg godt mønster  på feltarbreid, ho dekker godt og ho brukar nasen godt. Eg gjer det ikkje lett for henne heller, brukar små dummy som blir bortegjømt, slik ho må jobbe med vitringa før ho gjer funn, eg jobbar også med at ho ikkje skal sleppe vitring, eller gå igjen i gammal vitring. Det kan være heilt ok å bruke film for å sjå korleis Plask brukar nasa, plukkar opp å kva som skjer etter på, har ho unotar, så må eg legge om treninga :) derfor film..
Her er ein lite film som ligg på hundebilde som omhandler Plask sit søk på felte.
 
https://www.facebook.com/754619441275870/videos/1810617465676057/


Gjennomtrening er likevel eit moment eg er blidt meir våken for siste åra, dette at ting er godt befesta og at vi ikkje berre hiver oss ut før ting sitter og dra på oss mange negative opplevelsar, lære å kjenne hunden sin også på konkurransar er viktig.
Derfor er det viktig å starte ofte når ein føler at ein er klar og sjølvtiliten er på plass. Også det at veien fram mot framgang skal være ein positiv opplevelse og ikkje være full av problem og negative følelsar.

Plask har vore på mange turar i det siste, åleine, eller samen med enten Bjørk eller Rally.
Oppleve verden utan Bjørk eller Rally er litt meir roleg og litt skumelt, så dette med å prioritere litt åleinetur når ein har fleire hundar må til. Når vi går i lag med Rally er det ro, Rally liker å springe og ho spring, ho driv ikkje å kampar om alle skogens kjeppar, det bryr ho seg lite om. Bjørk skal ha med heile skogen og ho skal vise Plask at ho er sterkast og raskast :) var.. no er det Plask som er den største og raskaste også den sterkaste, men dei vil ha same kjeppen.. det blir derfor ein del kamphund i skogen med dei to.
Vi har prioritert tur ei periode og hundane er derfor både slanke og sterke, med god kondisjon. No har derimot lysta til å trene litt målrette jaktmoment vakna og eg kommer til å trene både Plask og Bjørk ganske intens framover. Eg kommer til å trene dei ein del singel, men også nytte begge for å etablere bra vente/passivitet momentet. I dag brukte eg kobbel litt på Plask når eg trena Bjørk, dette at ho kan vente fri i kobbel utan å syte er også eit moment som er nyttig. Ho kan vente på sit, men då er ho i jobb og det skal ikkje misbrukast.
 
 
 
19.12.2017
Litt roleg med trening på meg fortida, men lit trening er det, ikkje heilt pause heller, ein må holde det gåande, men eg prioritetar for det meste trening tiltenkt LP, målet er å starte Bjørk i kl 3 (til hausten) og Plasken i kl 1 til våren. Jobbar ein del med fellesdekk på Plask, eg har tre hundar så eg har tilgjengeleg det eg treng :) for å trene det momentet. Plask trenar fellesdekk inne og det er lurt å lære henne momentet på ein komfortabel måte, ute er det vått og kaldt, så det er unødvendig  å trene på dette der.  Det er LP i Fræna i mars og i Førde i april, så målet er å bli klar til det. Prøver å gjere klar Bjørk også til kl 3, men med henne håper eg løpetida dukkar opp slik vi for ta kullet på henne tidleg på året, og då blir det så klart treningsfri og lang pause.
Kommer nok til å trene litt jaktmoment også med Plask framover og her er markeringsarbeid, + eg vil  jobbe med rett ut i mange retningar, jaktlydigheit er dei obligatoriske momenta og blir høgt prioritert. Bonusen med LP-treninga er lydige hund ned på perfeksjonisme  :)  og det må ein også ha trenar ein mot jaktprøver.
Plask er mykje hund, så ho må styrast litt, men ho skal holde høg motivasjon på jobben og med henne er eg ikkje redd for verken å skru opp eller dragkamp eg vil ha fullfres hund ikkje rusle hund. God kontroll har eg, så her bli høg motivasjon og arbeidsgleda prioritert.
29.11.2017
 
Eg og Plask er blitt veldig gode vennar, nesten litt for mykje, men Plask er min hund og eg er berre så glad i denne forvogste kvalpen min.. Vi trenar litt kvar dag, og når eg seiar litt så er det «litt» skipper tak trening føre ikkje fram, her må det inn i små bolkar i gjevne doser.
Eg prioritetar godt samarbeid og ein hund som er interessert i meg og det for eg fram med å pøte i pølser over alt (nei så enkelt er det ikkje) leik og aktivitet er viktigare det å starte opp å avslutte, og lese hund, det å forhindre sjølvbelønning..
Hundetrening er litt handverk som ein lære over tid, alle har sine måtar og gjere ting på, men dette med å tilpasse treninga til individa er vell den nøkkele vi for har vi trena mange hundar.
Eg bruke mykje godbitar og mine hundar er gal etter det, men eg kjenner hundane mine bra og veit kva dei tåler og korleis eg skal få høg motivasjon. Eg leikar derfor ein god del med Plask, ho tøler det, og er veldig konsentrert når vi trenar, det skal være moro å trene. Det som er min greie når eg trenar hund er å få progresjon fort ikkje bli henganes i myra. Så når hund kan, eg har prøvd/ trena momentet på mange stader og veit at  Plask kan sit, så starta eg å stole på henne, ho for mykje mindre belønning, men meir aktiv beløning som lov å hente ein dummy, dra kamp med meg osv. Når vi er på dette stadiet, så belønnar eg heller aldri «restart», men eg sette hund pent å pynteleg på sit igjen utan å gi belønning, det skal ikkje lønne seg å bryte ein kommando, uhell skjer, men inge belønning for restart, heller ei ny rett etter på, men ikkje i den hensikt at Plask trenar meg til å dele ut :) hi hi hi... ho kan klare det veldig fort.
Dekk har eg lært henne også, eg tenker litt på Lp-konkurransar å då må ( fellesdekk) være bra befesta, vi er ikkje komet så langt at ho kan ligg lenge i lag med fleire hundar, eller eg utfordrar henne ikkje for lenge endå. Eg trenar sit mykje oftare, og eg vil ikkje ha usikker kommando at ho driv å dekker når vi trenar sit. Derfor trenar eg mykje ordforståels, ikkje berre at ho leser på kroppsspråket kva det neste er (ho trur det neste er) enkelt forklart trur Plask at eg kommer til å sei dekk og legg seg frå utgansposisjon når ho sitter, så trenar eg ikkje dekk i den økta, men tar ei repetisjon kun på sit og fot.
Litt bilde blei det også av Plask, har også tatt litt film som viser kva vi trenar og korleis eg ønskje momenta bli utførde, (på min hund) det kan være tips til dei som trenar, men det er ikkje berre å kopiere alt som visast, handtverk er ein del av treninga, også dette at ingen hund er heilt like, så det er ikkje sikker alle hundar/bør kjørast opp slik som mine.  Filmane ligg på hundebilde.
 
Plask 8 mnd fin.... ja :)
 
19.11.2017
I dag er det selvfølgelig snø, ja det er ikkje min favoritt, men litt må eg trene sjølv om det er komet snø. No er eg komet til det at eg må få noko til å hjelpe meg med å kaste slik eg kommer i gang med markeringstrening på Plask. JA ja.. eg har trena når eg kasta sjølv, det kan Plask, men ho kan ikkje når noko andre kaster, ho klare ikkje å følgje med skikkeleg, og ho feilbregnar avstand. Derfor skal eg få med noko på eigentrening som kaster til meg, det er faktisk viktig at ho lære det tidleg, eg skal ha ein god markør. Sjølv om eg trena gå på fot, linjer osv. er det som markør ho skal vise seg fram som unghund, då må det jobbast med. Eg vil jobbe ein del med rett heim også, og det å ikkje sleppe vitring og ikkje dra over for å finne eit alternativ, også rett over vitring med noko i munnen, blir på arbeidsplanen. Alle desse momenta skal eg ta tett opp til meg sjølv, ikkje lagt frå meg, det er liten vits, det må være så nært at eg klare å lære henne riktig adferd utan sjølv belønning.

 

Tok ein liten film i dag også, den la eg også ut sjølv om det ikkje er ein mønster film, dette momentet var førte gang eg prøvde på Plask, og det bli litt impulsar for å komme i mål, eg fekk det likevell som eg ville, og det er litt av målet med god hundetrening og få det som ein vil. https://www.facebook.com/754619441275870/videos/1736764973061307/
 
18.11.2017

No når eg har vore instruktør på kvalpekurs har det gått eit lys opp for meg, at eg må prøve på Plask det eg lære frå meg, og det er dette med å lære sit og dekk. Der er veldig enkelt å lære inn, ja nesten alle hundar kan rett å slett for mykje av det.. men det blir med å utløyse sitt, dekk så er vi ferdige, min jobb har no vore å lære frå meg at sit er noko vi skal styre, skal vi sei sit, eller skal hunden tenke sjølv.. :) hi hi… eller bestemme at sit er godbit, så sit eg på nytt, så er det gobit.. ja i innlæringa av utløysing av adferd er det slik, men komme seg vidare er mykje viktigare og er vanskeleg for mange.

Eg har jobba med Plask med å holde utgansposisjon og rett utgangsposisjon lenge, både med på og av koppel, utan å forlate posisjonen, eg vil ha det slik og lære det inn slik.

Dekk er også ein slik øving som bør vare over tid, ein bør lære frå seg at dekk betyr dekk til ny kommando kommer, og siden eg helde på å lære frå meg dette på kvalpe/grunnkurs, så måtte eg ta dekken på Plask også, Plask lære veldig fort og kan no dekk til ny ordre, ja vell ny ordre kva er det ? for meg er det på dette stadiet fri..

Eg la ut ein liten film på fjesboka/ hundebilde- kennel flatcoat-arwen,

Der ligg ein film om korleis eg trenar dekk, og dekk litt lenger enn neddekk, dekk til annen info kommer, og med meg så er det fri.
I mit hovud jobbar eg heller med å ferdigstille ein del moment kontra lære inn så mykje at det koker og kvalpen gjer tusen ting for å bli belønnet. Dekk å dekk lenge må vi kunne sidan vi også skal på LP-konkurransar, Plask skal få leve det gode liv med mykje trening og ho er så treningsvillige å glade i godbitar så dette lover bra!

Det har vore så masse dårleg vær, med så mykje regn at eg er blidt litt vêrsjuke så jakttrening har vi nesten slutta med. Plask har mål om å starte på unghundderbyet i Sverige neste år, så vi har planen klar for mykje markeringstrening, handling utan berøring, rake linjer ut og inn, gode avleveringar. Jobben blir å gjer Plask reisevant, bruke variert terreng, variantar av hjelpsame folk som vil kaste litt til oss av og til. Er det noko som vil ha ei og anna trening i lag med oss så må dei berre ta kontakt.

 
 
07.11.2017
Plask er også med meg på SHK sit kvalpekurs som demohund til meg, ho skal vise korleis vi lære å gå i koppel, korleis vi leikar og ikkje minst korleis vi kan lære sit og sit lenge. Plask er flinke og veldig trygge på både miljø og andre hundar, ja ho er rett å slett ein lovandes hund.
Litt jakt lydigheit trene vi ofte, det vil sei ein del skot, ein del fot, sit og litt linjer. Eg gir små porsjoner slik eg gjor når ho var lita, aldri trøtte henne ut, i tillegg trene eg utgansposisjon når andre hundar jobbar, ja ho sit fast utan kobbel, og ho imponera meg, minner faktisk litt om same roa som Bjørk har på fot, og ingen ting gled meg meir enn ho blir litt lik super hunden min Bjørk. Rally har gitt henne farta og råskapen, så eg er nøgd, uredd som sin mamma Rally.
05.11.2017
På veg heim frå Sandsøya stoppet vi på Moltufjellet for å trene litt, flottaste plassen på Sunnmøre til jakttrening, men då regna det så masse at eg var skinblaute, som aldri før. Plask fekk ei økt med jaktlydigheit og eg synast ho er modna litt, det går rette vegen, flinke hund. Ho fekk også leike seg litt fri med golden gutta, Plask klare seg godt ho er tøff som toget ingen grunn til å stusse på om ho klare seg bra, for det gjer ho! I tillegg skjønnar ho veldig bra når det er fritid, og når vi trenar.
Plask og goldengutta :)
 
Denne dummy som Plask har her er super god, den ligna på ein ball og den kan trille, det trigger, den er så stor og rund at grepet må være rolig og fast skal den kunne fraktas fort heim. Kunsten er også det å bruke det som gir best adferd, denne apport er rolig i munne og den skaper stor interesse for å bli funnet.
Eg har starta meir med å gå fot og legge linjer til Plask, dette å gå langt på fot og spring rett er det litt jobb med, men ein for aldri resultat utan jobb, Plask sine bein er lange så fart har vi, og min oppgåve er å legge tilrette trening for henne, slik ho bli flinke. Bilde tok vi no når vi var heime på sandsøya.
Plask er det mykje fart i, det er meir fart i henne eller det eg hadde håpet på, og det er bra! Uredd å rask, no er også tida inne for å trene litt meir mot mål.

Eg er litt av den oppfatning har ein mål når ein startar så har ein ein mal å jobbe ut i frå. Eg veit at eg vil ha ein hund som sitter fast, eg vil ha ein hund som går rimeleg bra fot i skogen, ja som kommer fort på innkalling, når den for beskjed om det. Eg vil ha ein hund som eg trene og ikkje hund som trenar meg :) Det er så fort gjort å få ein hund som trenar oss.. det er mange hundar som gjer, hundane gjer det dei for betaling for, det handlar om det å forsterke på riktig adferd, og riktig tid. Eg har forsterka feil ofte, det er noko som eg jobbar med å gjer lite av. Det vil altså sei gjer min hund ofte feil og eg starta på nytt å belønnar, ja så har hunden trenet meg til å få omstart og få ny betaling :) hi hi, har eg rusla 50 meter med ryggen mot min hund og den plutseleg kommer som eit lyn opp på sida, så delar eg ikkje ut belønning for ein ny sit :) så enkelt er det å få ein sikker sit !
 
26.10.2017
Plask og Bjørk
Plasken vekse så det knakar, ho har passert både Bjørk og Rally i størrelse, ho blir derfor ingen liten hund. Langebein og ho springe fort, så det har sine fordelat å være stor!  Eg har ikkje vore så flinke med grunn trening  i det siste, vi har prioritert litt tur og springe i lag med Bjørk trening. No er det årets finaste tid, utan bandtvang, mange fine gode myrer å trimme på og det brukar eg for å bygge gode musklar på hundane. 
Ingen ting er som å springe på myr, det gir sterke hundar. Litt trening blir det, men eg har fokusert ein del på Bjørk og då har også Plask fått litt enkle moment, eg er derfor i gang men henne også. All trening er leik og eg skal prøver å bygge opp samarbeid slik Plask skal like å jobbe på lag med meg.
Plask er endå veldig opptatt av gode lukter, sauebæsj, pinnar og ting som dukkar opp, eg kan derfor ikkje forvente alt for mykje på konsentrasjonen hennar, dette er nokså normalt for kvalpar, men ein skal ikkje vente med alt av opplæring på grunn av det..
I helga som var, blei det litt selskap i treninga også, vi fekk besøk av Sol, søstera til Bjørk og vi trena med litt vilt for å sjå kor lande låg der.  Eg prøvde litt på Plask også, spontan og gode grep, herleg og no stakk ho ikkje med vilte eg fekk det i hand. «Sjå film på hundebilde»
 
16.10.2017
Plasken på tur i dag !
 
Eg bruker ein del åleinetid på Plasken, eg har tatt treninga ut i det fri og Plasken for oppleve fleire nye miljø i skogen, vi er på oppdagelsereise.
Kunsten til få til ein hund er nok det å lære typa du har i hand å kjenne. Eg har hatt mange hundar som eg har trena fram mot konkurranse/ eigenskapsbedømming , så litt erfaring kommer etter kvart, det er berre å huske på at dette skal være moro.
Eg har feilberekna litt på nokre hundar også og eg har gjort mykje rett. Dei hundane eg har no er veldig lydhøre og for mykje trening/eller feil trening kan skade og lage litt inaktive hundar, dette fordi dei vil gjere alt rett  :)

Det kan derfor være ei felle for dei som har hatt hundar som er veldig sjølvstendige og vanskelege å trene/ eller høge på stress. Desse hundane som eg har i linja mi er hundar som vil samarbeide for ein kvar pris, det vil sei vi må trene klokt, veldi klokt.
Hundane har ein naturleg fot utviklar vi den, dei har medfødd ballast til å gå på fot. Derfor har eg litt erfaring og veit korleis eg vil ha min hund, så blir den slik. Eg har to veldig gode unge hundar som eg kosar meg med å trene. Plasken er nettopp starta på grunnskulen, ho har ein naturleg medfødt eigenskap om å bringe heim apportar så dette treng eg ikkje skolere. Heldige meg. Det eg har skolert no er å holde til eg tar i mot (ho forbinde fløyta med mat) som er naturleg, og blåser eg henne heim legg ho ned apporten, så her er litt skolering som må til.
Eg har vertifall ein utruleg kjekke hobby, det å trene hund.
Vilt legg ho ikkje ned :) i dag kom det ein frosk levert til meg på tur i skogen…
Eg har starta å lære henne å leite intens for å finne, eg trenar ikkje spring å hent (eller det kan det bli når eg tenker linje)
Framover kjøre eg alt av det ho skal hente inn i kratt, gå rett inn i kratt å søke og ikkje gi opp, det vil eg vil gjere med Plasken. Avstanden skal være kort og gjerne kortare enn på den filmen eg la ut i dag. Eg vil også jobbe med å kunne bruke gode godbitar på dette momentet, belønne godt arbeid for å få raskare og meir presis adferd og høg intensitet. Eg kommer derfor til å jobbe med apporten inne endå til eg for den slik eg vil ha den, fast til tusen i munnen.

Ein og annen film av Plasken er det på hundebilde, for dei som ønskjer å følgje med på henne.
 
 
04.10.2017
Her er Plask og Bjørk på tur i Oslo, det var fin miljøtrening og rusle litt rundt.
Plask har vokse fort i det siste, like høg som sin mamma, lenger i kroppen enn Rally, nesten like stor som Bjørk.
I helga var vi på Oslo tur, lite kvalpetreff med Kirsti og Six og Swim, Pytt og Solo var der også. Veldig trivelege kvalpar var det, dei fekk springe rundt på ei stor mark og leike seg i lag, ingen knuffing, ingen lyd, berre kos. Vi testa dei også på skudd, ingen reaksjon anna enn vanleg nysgjerrigheit.
Og her er Plask oppstilt til foto, bilde av dei tre andre ligg på hundebilde( facbook)
 
24.09.2017
Plask har vore på kvalpeshow, det var moro det, Plask og Anne Lene krusa inn BIR og BIG og det er vi ganske så nøgde med, kritikken var også fin. Har ikkje trena noko med Plask på nokre dagar, fekk treningsforbod med Anne Lene ho skulle stille henne ut, og då skal ho mest stå ikkje sitte kvar gang vi stoppar ;) og det gjekk rimeleg bra, Plask oppførte seg eksemplarisk i utstillingsringen !
Plask og Bjørk med premisløyfene sine, Bjørk gjekk LP begge dagar og vi klarte opprykk til kl 3, yes! då har vi vinter arbeid.
16.09.2017
Plasken plaskar i veg etter ein dummy i elva, vi er oppe på strandafjellet, for å ta litt bilde.
Det er ikkje mykje Plask gjer når ho er med, men litt for ho lov til. Kvalpar i denne aldersgruppa har så mange tankar i hovudet, eller i nasa at «vi MÅ»  tenke leik og kontakt med alt vi gjer med kvalpen. Vi skal ikkje forvente at kvalpar som kan være flinke på eit moment (heime) gjer det heilt korrekt i andre plassar. Det er mykje anna som er interessant for kvalpen, eller den klare ikkje å konsentrer seg for miljøet  blei nytt.
Eg har derfor miljøet som første val for kvalpar, men det tyder ikkje at eg ikkje har opplæring.
Eg lære ikkje inn feil, men leikar heller inne og belønnar mykje det eg vil ha, kjør på med kontakt, innkalling, "innkalling er kontakt leik". :) det er viktige brikkar for grunnmuren i min trening.
 
13.09.2017
I dag fekk Plasken ein liten tur innom dyrebutikken, ho var med oss når vi skulle til kiropraktor med Bjørk og Rally, det er heilt ok å ta ein overhaling eit par gangar i året, alle topp idrettsfolk gjer det og også hundar har godt av å bli skjekka for låsning. No er det ei stund sidan Plask har vore på dyrebutikken, det var mykje å snuse på og ho fekk helse på begge kjønn av personar, trygg og fin var ho.
 
I går var vi ein tur på fjellet for å treffe Lill Iren og Sol, Plask fekk såleis ein porsjon med miljø igjen, det består av å ligge i bil, sitte oppbundet, sjå andre hundar få oppmerksamheit. Ja og symje litt, det for ho lov til, men vi trenar ikkje på noko med henne endå :)
Eller la meg sei vi former ein lydige hund, vi har kontakt, vi har innkalling, vi har sit, vi har fot, men vi har ikkje apportering endå, det spare vi til grunnapporten er på plass, ja og som tidlegare nemnt trenar eg det kun heime endå.
 
Søskenbarn, Plask og Sol !
 
12.09.2017
Tur på småbåthamna, litt rusling i sentrum, Plask,  Bjørk, eg og Anne Lene, hundane bli faktisk trøtte i hodet av slike opplevelsar også, så ein treng ikkje springe lange turar for å trøytte ut kvalper/hundar. Det å få oppleving og snuse litt der dei ikkje snusar til daglege er bra for alle hundar, ikkje berre kvalpar med tanke på miljøtrening.
09.09.2017
Fin dag på reisefot, både Plasken og Bjørk har vore på jakttrening i dag, eit par timar å reise kvar veg, men det er kjekt å drikke kaffi på sekken i lag med treningsvenner av og til. Eg trenar mest åleine for å få hundane som eg vil, og kan stille på fellestrening med ein bra igjennom trena hund!
Eg starta med Plasken, jaktlydigheit, her var det fot, sit og innkalling, tre skot fekk eg til henne, også eit når ho sitt åleine, roleg fin kvalp, tre hundar på rekke i lag med henne fekk akkurat det same kvar sin gang, det blei derfor ca 12 skot på henne ganske tett opp til.  I tillegg fekk ho symje litt. Med dummy trenar eg kun heime, eg vil lære henne ein god grunnapport før eg tar med dette momentet ut på fellestreningar, det er miljø eg vil ha ho god på, andre hundar, terreng, reise, ligge i bil på vent osv, så langt lover desse momentant bra.
Mine hundar skal kunne være tilstade på ei trening utan å gjer noko, for vi stressa hundar har vi berre oss sjølv å takke.
Både Plask og Bjørk er to gode eksemplar på ro ved fot :) dette slurvar eg ikkje med, det er derfor positiv å trene fot, ikkje berre jaktfot, men perfeksjonere jaktfoten til lydighetsfot (ja sei det dokke vil) men i AK, EK er det faktisk ganske så perfekt fot som må visast fram skal ein ikkje bli utkasta eller gota lave preimgrad.
Plask og Bjørk venter på ferga ;)
08.09.2017
Eigenskap testing held vi på med ennå, no har eg prøvde  store og små dummy, lang og breie og med snor og utan snor. Berre lekkert alt, ho tar riktig vektgrep (balanse i munnen).  Plaske er min lille gullfugl. Vann testa vi regelmessig, det er for å holde symjeteknikken vedlike. Trenar litt fot og sit kvar dag, det gjer eg heime på plenen, og det fungera bra. Elles så tenker eg at eg skal trene LP med Plask i tillegg til apportering, vi skal bygge solide fundament og skal kose oss med trening.
 
Bjørk og Rally snart like store :) her har vore på strandafjellet og trena rette linjer på Bjørk, Plasken er publikum, Plask var også i veg å symde over elva før vi trena linjer.
 
08.09.2017
Plask oppstilt litt over 5 mnd, og ho er 22,7 kg i dag.
 
01.09.2017
Plask er ei fine type, no er ho fem månadar og eg har starta å trene henne litt, ja litt meir enn berre å teste eigenskaper. Det eg kjøre på med er fot trening, sit, sit og innkalling, avlevering i hand. Dette er det eg vill kalle grunnapport  og det er moment som skal sitte før vi startar med apporteringstrening. Det som også blir prioritert er miljø, det å ha ein hund som er trygg overalt er ein god ting, eg gjer mit beste for at Plask skal bli bra på dette. I tillegg går vi tur i band for å lese avis .. lære gå i slakt koppel, fritid utan trening. (eller la vi sei, trene på å gå fint på fritida)
Har lagt ein og annen film på hundebilde av Plask som viser litt korleis det går med treninga vår.
No må eg presisere at alt tar tid, og ingen skippertak, 2 til 6 minuttar trening per dag er alt som skal til, ein kan droppe ein og annen dag, men det er regelmessig trening over tid som gir gevinst, trener ein berre ein gang for veka, så er det ny innlæring kvar gang, og då bli opplæringa i lengste laget. Har også i dag tatt ei lita økt med symjing i litt ruskete vatten, det er no mest for Bjørk sin del, men Plask for ta ein symje tur i sanne renna. Plask ho er uredd å flinke, rusk i vantet bryr ikkje ho seg om, i tillegg så sitter ho kopla still å ser på Bjørk, eller ete på ting ho finner på bakken, startar ho å pipe/bjeffe er det rett i bilen, då for å ikkje følgje med på kva Bjørk gjer. Lyd frå hunden er ikkje noko eg vil ha, derfor er det eit moment som vi passer på ikkje utviklar seg, det er genetisk med lyd, men sjølv hundar som ikkje lagar lyd kan lage lyd ved feil handtering av motivasjonstrening, feiltrening, osv..

Plask vekse fint og no er ho ca 20 kg som 5 mnd gammel kvalp og det er nokså normalt.
Nokre bilde av søsken som bur rundt omkring, fine herlege kvalpar.
31.08.2017
Her har vi Fant som bor i Gaular, han trivast godt og skal bli etter søkshund med tida, har liker seg på tur og er ein skikkeleg kosehund!
Birk, koseguten vår som bodde her til han var 15 veker, så fin og snill, berre gode minner fra vekenen han hadde her. Bilde er fra Svalbard der han bur no og har det toppers!
Pytt, ja ho trivast blant hester, hunder, trening og ja på utstilling har ho også vore, fine kritikk og velvist!
 
Porter, trønderen og han var her også ei veke ekstra med oss, han er ein god glad gut som har det topp i Trøndelag.
 
Six og Solo, Solo går på kurs med Kirsti og er veldig flinke elev. Six bor i lag med Kirsti og sin Pappa  Swim ++ han har nok litt skule kvar dag og er lett lært har eg hørt rykte om :)
23.08.2017
I dag har ho hørt eit 20 tall skot, ho har sitte fast i ein krok på jorde å sett på voksnehundar som gjekk fot, trena felt. Sprunge ein god del tulling i lag med Bjørk, ja det liker Bjørk og Plasken, Plasken er ei lita kule, ho har stor sjølvtillit opp mot andre hundar, her kommer eg, og eg er i farta. «Fin type». Plask regarar også positivt på fløyta som fritt springanes hund, ho snur og kommer til meg, elles ingen trening på henne,  kun miljø og stå i kobbel trening.
I går blei det også ei økt jaktlydigheit på henne, vi gjekk fot på mark, vi tok holt med eit blås i fløyta, vi tok sit og bli. Ja det som er viktig skal vi komme oss i gang.
Rally og Plask var i veg for å trene spor, Plask er eit naturtalent på spor, så herleg å lese og sjå kor trygg denne kvalpen er. Plask er mjuk mot folk, men veldig trygg i miljø, akkurat slik eg ønskje ein hund skal være.
Ei fine økt med litt symjing på Plask var det i går, ho symjar som ein fisk, er uredd og svert flinke!
Det er tidleg å ha ein så god symjar, så ingen må stresse fordi min kvalp symjar, det heng på at eg veit kva eg vil ha.  Plasken er trygg vi har rusla i kobbel i mange vatten og elvar, Plask opplever derfor vatten som naturleg, ho har ikkje lært å symje ved at ho har sprunge etter dei store hundane eller eg har kasta noko til henne.  Plask har lært å symje ved å følgje på meg, og har ho ikkje botna så har ho symt  lett og trygt.
 
 
21.08.2017
Plasken veks, er ei fin fantejente, ho søv godt om natte ete godt på dagen, finn ting ho kan ete, flytte på, tergar Bjørk, helde oss i farta… som ein normal kvalp gjere. Gode og snille er ho, ville ikkje bytta ho bort for alt i verda, eg er blidt så glade i denne lille fine skapningen.
Vi skal kose oss i framtida eg og Plasken, i dag fekk ho prøve blodspor for første gang, ja det blir ikkje det siste, denne kvalpen Plasken viser talent for sporing, så vi hiver oss på litt trening. Eg er i gang med å trene litt spor på Bjørk også, ho skal få litt pause frå jakttrening, spor blir ein alternativ/tileggesaktivitet. Bjørk er veldig flinke til alt ho, eg vil derfor jobbe litt med spor for å gjer ho litt meir sjølvstendig. Bjørk er veldig lydhør og vil gjere alt rett, eg har ein meget gode hund i henne, luksus å ha ein slike hund som Bjørk !!  :)
I helga har eg vore mykje opptatt og Plasken har vore heime i lag med dei andre, eg har derfor ikkje trena henne, ho har vore fri som fugelen. I dag har vi tatt ei økt med fri ved fot i skogen, brukte fløyte på holtane for sit.
 
Plasken poserar på Magerholm medan vi ventar på ferga.
13.08.2017
Plask har hatt magesjau for første gang og det kommer fort og ret ut, kor som helst inne… Travelt og vi blei litt bekymra og lurte på om ho har ete noko som ho ikkje burde, men håper det går fort over, stakkars lisje Plasken min. Ho er tannlaus så ho svelger vell alt heilt, nye tenner er på veg opp, så det blir nok bra til slutt.
Plask er også passert 18 kg, så lita er ho ikkje lenge.. vi jobbar med gå i koppel trening, det er no det viktigaste eg lære i frå meg, skal eg be noko gå tur med hundane mine så er dette heilt nødvendig å kunne. I dag var ho med å såg på Bjørk trene litt symjing etter tennisball, det er ein del av slankekuren hennar «Bjørk» og Bjørk er ikkje så glad i vatten så det å symje må ho ha litt mengdetrening på. Plask var berre tilskuar sidan ho var dårleg i magen vil eg at ho tar det med ro til den er bra igjen.
Plask fekk i dag prøve ein 500 grams dummy for første gang, den låg ute på plenen og vips så plukka ho den opp, ja og med eit godt grep kom ho full fart til meg, berre lekkert! slike jenter like vi.
Rally lære Plask korleis ein brukar sofa :)
10.08.2017
I dag har vi vore ein tur til Volda for å trene hund, det var Bjørk som var hunden som skulle trenast, Plask er berre passasjer og med. Ho er så klart ut av bilen for å lufte seg, litt på miljø osv. men ingen trening på henne, det positive med dette er ho er 100% still i bilen, sjølv om døra er oppe og Bjørk er ute å trenar. Det er ein god ballast å dra med seg, heilt herleg hundar som kan ligge i bil utan å bråke, derfor trenar eg mykje på dette, og det har Plask gjort sidan ho var 9 veker. Når Plask var ute i pausane, så var ho berre roleg, trygg og tilfreds. Plask fekk helse på Viktor, han er snill med alt og alle, mjuk fin hannhund. Viktor er også ein Rally sønn.
08.08.2017
Plask og Bjørk
Vi har eit par dagar, kjørt på med litt vilt på Bjørk, ho skal stille i AK og bør holdets varm med vilttrening. I den anledning fekk Plask også prøve litt, ja det blei berre med å prøve det helde, Plask er veldig spontan på vilt, tar også gode grep. Plask fekk også i dag prøve vilt i vatten og det var ikkje noko problem, problemet kom etter på, ho var sikker på at det kunne være mykje vilt i vatnet, det blei derfor skikkeleg søk på henne over alt for å finne meir.
Plask har ikkje fått lære apportering endå, det eg har gjort er kunn teste at dei naturlege medfødde eigenskapane held seg i henne, og det gjer det.  Vi har god tid med alt, prioriteringa er gode avleveringar no når vi startar å trene litt, det er nemleg ikkje medfødt og skal skolerast.
Elles så er det mykje fart i Plasken, det triggar litt Bjørk, ho som ikkje har latt seg trigge til å springe i lag med Rally har plutseleg fått det føre seg at Plask må ho springe i lag med, eg må derfor være våken når eg luftar slik Plask ikkje blir for mykje gjevna med jorda.. Sjølv om Plask er stor blidt så er ho ikkje fast nok i kroppen til å tåle det hardkjøret Bjørk kan finne på å sette på, ho er nemleg både sterk, tung og kraftig.
04.08.2017
Plask har henta ein dummy i elva.
Eg bruker litt tid på å gå i band med Plask, dette å få henne til å gå fint på tur må lærast, og det lære ho fort, veldig flinke Plask. Eg har rusla litt etter skogsvegar og ho er veldig mjuk treffer vi folk, det kan ikkje blandast med redsel, det er det ikkje.  Ho tørr likevel svert fort opp vist ho for finne ut av det sjølv, så trenge på ein kvalp oppmerksamheit som viser litt underdanig adferd treng vi ikkje, la kvalpen finne ut av det sjølv, enkelt og greitt. Det er ein fin adferd, det er verre når dei går i hundrede og hopper opp på alt og alle. Plask er svert fin i lynna sit, ein herleg kvalp .Vi har også rusla i sentrum og ved småbåthamna, så vi er i diverse miljø endå..
I dag var vi også i ei elv for å leike litt i lag med Bjørk, Plask blir eit lite konkurranse moment for Bjørk, det er bra ! Bjørk treng det. Plask er veldig flink til å symje, ho har ein flott teknikk, ingen plassking med framføtene på henne, det er ganske vanleg at nybegynnar i symjekunsten gjer det.
31.07.2017
 
Plask fekk ei lita økt med fottrening og litt sit, på mark i lag med to andre, eit skot blei fyrt av til tilvenning. Liten gåtur i skogen for bandtreninga sin del, det går fint.
 

Plask vekse seg fine synast eg og har pasert 17 veker.

30.07.2017
tripp trapp.. Rally og Plask sit på samme måten litt helslengt her ;)
Eg har alltid starta tidleg å fått inn gode sitter, denne gangen var eg ekstremt seint ute med treninga , men det har ingen ting å sei, vi er godt i gang. Plask har fått forståelse av kva sit tyder og kan no sitte i lag med Bjørk og Rally, med hovudoppgåve sitte. Eg leser henne så godt eg kan, lykkast er det viktigaste ikkje feile det er ein god nøkkel for meg. Plask er ein mjuke hund og skal lære inn dei fleste adferder heilt utan at eg driv med korrigering, det treng vi ikkje. Fredag trenet ho litt fot og sit i lag med annen unghund,  lause utan kobbel, ja ho forholdet seg til meg, vi er i gang!
Trene på å gå i band er vi i gang med, dette kan være vanskeleg for mange også meg, men eg skal ikkje lære inn Plask til å dra i bandet, så dette med å gå i band må også trenast ein god del skal det bli bra.
 28.07.2017
Vi har innført tre måltider på Plask også , to av dei blir servert i lag med Rally og Bjørk, ho måtte derfor lære at når ho har ete opp sin mat, så må ho vente til dei andre går frå sin matskål før ho kan gyve laust på deira matskåle. Her er det eg som setter grensene, mine hundar eig ikkje matforsvar( ja det er eg veldig glad for) Eg måtte derfor forteljande henne at ho fekk ikkje lov til å ta maten til Bjørk og Rally, ho lærte det første dagen.
Plasken på tur i lag med Bjørk, her sin første felle sit på Høiseth.  Plasken er ein mjuke treningsvillige kvalp, eg må derfor være litt forsiktige og trene lurt, ho bør ikkje bli for lydige eg må ha litt fanteskap igjen trur eg :)
 27.07.2017 
Passivitet, er viktige brikke,..  Til no har Plask vore med å sitter kopla fast når Bjørk har jobba på vatten, ho har vore still, rota med jorda, ete gras og late humlen suse, ingen lyd på henne. Det kan fort skje ei endring, då blir ho ikkje med å sjå på andre, så eg følgjer godt med på dette for eg skal ikkje ha heite hund eller hund med lyd :)  Bjørk er rolegheita sjølv og er ikkje så glade i vatten så på henne er det ingen lyd i. Konkurranse galskap har Bjørk i kroppen så ho blir nok meir på no når Plask er i trening.
 
I går tok eg steget ut med vann trening på Plask, eg har tidligere rusla i strandsona med Plask i band slik ho blei vant med å gå i vatten og bli litt våt. Eg tar på vadestøvlar å går så djupt at Plask ikkje botnar dermed må ho symje, når ho er rundt meg så bør ho være trygg, eg er trygg då er ho også trygg på at eg passer på henne. Dette har eg gjort eit par gangar før, forskjellen i går var at eg hadde med ei dummy and, ho skulle plukke opp å symje med noko i munnen også. Det gjekk over all forventning ho symjar som ein fisk, ja også med noko i munnen, bra. Eg har også ei line på henne det mest for at ho ikkje skal stikke i land å riste seg :) ho bør symje rett i fanget på meg og vi leikar på nytt. Kvalpane lære fort å legge frå seg riste seg plukke opp å stikke av med dummyen :)
Eg er ganske bevist på å ikkje lære inn feil adferder, det er dobbelt så mykje jobb med å fjerne uvanare som det er å lære inn rett adferd. Vi har ikkje trena apportering ennå, 2-3 gangar har ho henta ein dummy på plenen for at eg skal sjå om ho har den naturlege adferden med å springe same veg heim som ut, ja det har ho.

Det vi kjem til å fokusere på er å kontrollere at den adferden ikkje forsvinn, og trene fram ein god sit og ein god fot. Når vi har på plass dei brikkane kommer søk etter dummy i kratt på kort avstand.
tillegg lære eg henne leik, dra og kampe litt med meg for så å bytte med godbit på takk, dette gjer eg for at ho skal knyte seg til meg som den som startar og avsluttar aktivitet.
 
 
 24.07.2017
Rally og Plask slapper av inne :) Rally er veldig flinke til dette, vil ho sove så ligg ho i ro uasett kva som skjer, det liker eg veldig godt med Rally er ho av så er ho av .
 
I går var Plask med meg opp på stranda fjellet og la spor til Rally, då gjekk vi oss ei fin runde i band. Eg må bruke litt åleine tid på henne no, det har eg alltid gjort med kvalpane mine før også, no er vi litt på etterskot fordi, Plask hadde Birk som sin store helt til ho var 15 veker. Det å gå i band med to kvalpar prøvde eg, men det gjekk ikkje så bra :) No er det om å gjere å etablere gode vaner for band gåing, ho skal gå fint ikkje dra og ikkje gå for mange gangar rundt meg, helst holde seg til venstre i slakk line. Det er ein jobb så eg må ta og det bør helst ikkje slurvast med. Anne Lene er flinke å hjelpe meg med å ta henne med til auresentrum, så bil kjøring i personbil også blir ein del av det ho liker, ho skal like å bli trygg over alt.
 
 
22.07.2017
Anne Lene har tatt bilde av meg og Plask i dag :)
I dag er Plask nyklippet på ørene, ho hadde så mykje pels så det måtte til :) Eg tok det grøvste så litt små klipp til må nok til, men ho var flinke og stod roleg på benken medan eg klipte, ikkje så roleg som Birk, men eg er tilfreds med kor tolmodige og flinke Plask var.
 
Bjørk, Rally og Plask, tre flotte gull !
 
20.07.2017

Tur,  Kristiansund, Atlanterhavsveien, Bud, Molde og heim igjen.. her ei lita ruslerunde på molone ved Bud. Plask var også på bytur i gaten i Kristiandsund. Trygg fin kvalp og ha med på tur.

 
18.07.2017

I dag er Birk komet til Svalbard og Plask er åleine kvalp med oss.  Eg merkar  også kor store ho har blidt, ja utan å kunne noko som helst :) I dag har vi igjen prioritert miljø vi har vore i langevågen, ut på brygga der ved Devold fabrikken, vi har vore på dyre senteret i Breivika, tur rundt parkringa på oppsbygg, ho taklar slike miljø heilt ok. Ja ho er ein herleg kvalp.

14.07
Blir ikkje så mykje anna enn miljø, mat og innkalling på Plask, men over helga har eg ein plan om å komme meg i gang med trening også, spor skal vi jobbe litt med, det er ein aktivitet som er fin for alle hundar.  Eg har allsidige hundar og dei vil bli trena i det meste, eg liker å få hundane treningsvant tidleg, så eg har litt å ta igjen med Plask. Plask er ein mjuke kvalp som er full av fart, det er litt rally i henne, og har ho fått alle dei gode eigenskapane til Swim så blir det toppers å trene med henne dei neste åra. Glede meg vilt til å ta fatt på jobben.
Nybada i dag ;) Plask trenar på å bli stelt oppe på benken, det går veldig bra, ho er litt uroleg i kroppen å må trene på å stå i ro når eg stellar henne. Blir godbitar så dette liker ho veldig godt snart.
 
10.07.2017
Desse to er godt miljøtrena, det er det vi har fokusert på, innkalling er også prioritert. Flatten skal kunne det, flatten er ein samarbeidande hunderase som er lett å få lydige. Innkalling må ein ha, desse hundane må få strekke ut på beina og springe godt lause eller trene lause og då må innkallinga være godt befesta. Elers så trenar eg dei ikkje i noko, dei kan ingen ting uteom å komme på innkalling :) no når Birk reiser skal vi trene, gå på fot, det blir sit, sit å bli, det blir kom inn på plass frå sit, (plankeinnkalling) det blir moro å få etablert litt viktige brikkar.
Eg ser på det å gå fot som den brikke som ein bør være perfeksjonistisk med frå dag ein, så kommer sit til neste beskjed
;)  å kor eg glede meg til å ta fatt på denne kvalpen min Plask.
Her er vi på tur til Alnes, eg Plask, Birk og Anne Lene, det var ein varm dag, så kvalpane synast det var i varmaste laget :)
 
Kvalpane har vore i sentrum under Sykkylvdagane, gjekk tur i broket av tivoli, trafikk og masse anna styr, dei  opplevde alt som trygt så litt miljøballast har det vorte. Dei har vore på ferjedekk, kjøre mykje bil og ligge i bil, vore på butikkar, vore i skogen, ved sjøen.
 
To gode vennar som spring rundt  i hagen og det er full rulle, dei voksen hundane må være inne når desse to spring, og det er på gunn av at dei ikkje skal springe etter dei og knuse dei mot noko hardt.  Vokse hundane liker også å leike og dei med vekt forskjell må ein passe på med kvalpar og voksen hundar. Det er vi tobeint so må passe på hundane, dei gjer aldri noko gale med vilje.
 
Vann Birk, tidevann :)
Vannkullet må no i vann, her er Plask på tur i vannet
To små gull :) her er vi på tur til Langeneste ein fin plass i Sykkylven
 
Vi reiste ut på sandsøya og var der nesten ei veke for å miljøtrene på kai, sjø,  flytebrygge osv. så for vi sjå neste gang når vi kommer ut igjen om det hjelpte .. ja ja det er grønt gras der ute også, Birk og Plask er fole glade i gras, ikkje det beste føda, men ikkje livsfarlege å ete så eg har sett litt mellom fingrane med det.
 
9 veker, Her ligg Plask og Birk under stolen og tar livet med ro :)
 
Plask 9 veker, Plask og Birk var med på sin første jakttrening 9 veker gamle, dei ligg fint i kobbel og både søv og slappar av, oppserverar, trygge og rolege, Anne Lene var med å passet på dei. Fleire hundar tett på og det lar desse seg ikkje distrahere av, men generalisere miljø blir det. Det var ein del blåsing i diverse fløyter, eg hadde med Bjørk og det er ein sansa lydige hund som er bra skolert. Eg brukar ikkje så mykje unødig fløyta, no var eg ekstra forsiktig på grunn av at dei trur det er mat av fløytelyd. Det blei avfyrt både 6 mm, 9 mm skot, og dummykaster, det tok dei ikkje skade av, dei regerte heller ikkje på det.
 
9 veker og trønderen flyttar ut vi blir berre to kvalpar :) Porter nyvasket,  så klart opp på bordet for det siste bilde før han forlate rede..