14.11.2019
NY !Treningsbok Plask og Bjørk
Planar 2020>>>
Bjørk er fem år i dag, og her med kongen ho vant på rallystemnet på Averøy,  Bjørk har også fått seg mellomtittel i kl 2 rally :) det kan ein søke om når ein har 3 x 1 pr i den klassa ein søke for. Termilista er ikkje ute ennå, men eg har sett nokre 2020 lister som ikkje ennå er offisielle og trippelstevne i rally på Gaupne er målet til meg og Bjørk & Plask til våren. 01-02-03.05.
 
27.10.2019
Vi lykkast på rallystevne så litt rett har vi trena !  Rallylydigheit er for alle, men pass på :)   ein kan fort bli hekta på sporten.  Så no kan både Plask og Bjørk stille i kl 3, Bjørk kan søke om mellomtittel i kl 2. Vi skal trene inn kl 3 i vinter og eg glede meg til terminlista over rallystevne i 2020 dukkar opp.  I tillegg skal vi trene vanleg LP- målet er å stille på konkurransar i februar, så trening blir det.
Fine flinke Bjørk med nokre av premiane ho fekk i helga :)
 
17.10.2019
Her skjer det ikkje så mykje, vi koser oss med litt hundetrening og flott haustvær. Vi var ein snartur til Bergen på WT, det var berre Plask som blei med sidan Bjørk har ein skade i ein fot og trenge å ta det med ro. Veldig moro med WT, å så lærerikt, sjølv om vi fekk ein dårleg start med 0 på første post er eg likevel  nøgd med Plask, det er verre å være nøgd med seg sjølv, sidan det er der 0 en kom frå  :) ekstrem dumt av meg å pådra oss den nullen. Plask hadde berre eit fattig poeng under den som fekk 1 WT så tenk på det, hadde vi ikkje hatt null :) så her har eg også ein god hund som vil sanke høge poengsummar i framtida, ja etter som vi blir kjent eg og Plask. Vi er fole glad i kvarandre Plask og eg, så ho gir meg så mykje, herleg hund, alltid ved min side. Er det noko som vil vite meir om kva og korleis postane var i Bergen er det både film og info i bloggen, ja bloggen blir det linka til treningsfilmar og diverse info om trening. I tillegg  så trene vi rally lp og lp ved klubben vår, det liker eg , det sosiale er veldig viktig for meg .. vi har no så fine inne lokale også så vi må berre like oss der :)
 
Fine, snilde, flinke Plasken min :)
 
06.10.2019
Fint kald vær har vi no,  kjekt å være ute i det fri litt, og hundesjuka er avblåst så endeleg litt trening i lag med andre, tenker på hundeklubben med lp og rallytrening, og må ha med litt av det sosiale. På fellestreninga for vi fellesøvingar som felles sit og felles dekk, ja det må ein holde ved like og spisse opp momenta mot konkurranse. Sjølv om det ikkje blir noko meir konkurranse før i 2020 så må vi trene litt på alt. Jakt delen trenar eg mest åleine her går eg for progresjon på Plask og då passer det meg bra med mykje åleine trening, sjølv om eg kunne ønskje litt meir trening i lag med andre der også. Ja, eg koser meg i skogen med jakttrening, ingen ting er som det
 
26.09.2019
Det er ikkje komet noko endring i råd frå mattilsynet om trening i lag med andre, no drar det ut synast eg.  Eg trenar derfor åleine endå mine hundar, men saknar fellesskapet med andre som trenar og håper det rettar seg snart.
 
Eg trenar litt hundane teknisk for tida og då er det heilt ok å trene åleine, men sankar litt markeringstrening, det treng eg spesielt på Plask og håper å få med noko av og til for å kaste litt til meg. Det blir litt mindre trening av LP og rally no når stevna blei avlyst, synast endå det var dumt, eg hadde tross alt toppa hundane mot dette. Elles så filmar eg meg sjølv ein del når eg trenar hund, det er lurt å sjå seg sjølv, hundane blir aldri betre enn dei som hendler dei  og nøkkele til sukksess  er først å fremst å plukke vekk unotar på seg sjølv. Eg legg litt filmar og tankane om momenta på bloggen, linkar til filmar derfrå vist noko er interessert å sjå kvar vi ligg i treninga så er det fult muleg å følgje med.
 
Mine tre hundar var med meg og Anne Lene for foto av produkter til drople, moro å være modell, ja i sjølstrikka gensar så klart  :)
 
18.09.2019
Det er hundesjuke i Norge, så stevne på stevne blir avlyst på grunn av at vi skal passe oss for å ikkje blir smita av den aggressive diareen.  Både Plask og Bjørk har vore bra forberedt på rallystevne så vi er jo litt skuffa for at vi ikkje for stille når vi er på topp, som vi veit er trening ferskvare å det må toppast før stevne slik vi stiller med gode kort. Også LP skulle vi på, her har eg også forbered oss godt, og Bjørk er i perioden som ho fungere best i, så litt skuffa er eg for at vi ikkje for stilt no når vi var bra topp trena for dette. Passe seg for sjukdom er det vitigaste så dette veit vi er best for oss alle.
Plask for no ekstra timer i jakttrening, ja med meg og Bjørk, Bjørk er tilskodar, det er bra å ha det også.  Eg har fokusert alt for lite på Plask og regelrett gløymt henne når eg har trena, fokuset har ikkje vore nok på progresjon. Heldigvis oppdaga eg det sjølv før det er for seint.  Vi er i gang  med notatar og kva vi trena og kva vi skal bygge vidare på i neste økt. Plask har dei to siste vekene flytta fjell, så eg ser lyst på det. Plask har høgt trøkk,  stor fart og ho er veldig lydhør, nesten litt for mykje, så eg må være flinke trenar for å få det til som eg vil. Små feil legg eg ikkje vekt på, då er det dårleg opplegg og dårleg handling ikkje dårleg hund.  Plask er veldig følsam hund, trufast og alltid på fot, alltid ved sidan av meg i heimen både i sofaen og på golvet der eg er.
Hausten er ei fin tid her er alle tre på tur.
 
29.08.2019
Vi har vore på jaktprøve og der blei det eine overraskelsen etter den andre. No strøymer det på med det eine nederlaget etter det andre, men eg er likevell stolt av å ha hundar i dei høyast klassane. Hundane er veldig gode, men ting er ikkje like enkelt alltid,  og det er små marginar som gjer utslag på premie i EK. Bjørk gjer så godt ho kan og vell som det, eg var ikkje god nok som førar for henne, der er det skoen trykt oss ut i Trøndelag, eg gjor grove feil på føringa og gjor det ikkje enkelt for Bjørk.  Eg klarte rett å slett ikkje å følgje med alt og få med meg kvar Bjørk skulle hente, det førte til at eg stoppa henne og kjørte henne til feil plass to gangar, som førte til heim kalling ein gang og feil dummy ein annen gang. Eg har analysert begge prøvene og konklusjonen er,  Bjørk gjor rett og eg galt. Bjørk er så flink at eg kvie meg ikkje til å starte på nytt med henne, eg må berre hive inn på meir koffein så eg helde meg våken og klare å følgje med slik at eg for ettertid ikkje øydelegg for flinke Bjørk.
 
Vi tar ei pause i jaktprøver til neste år og har sett  oss i rallymodustrening, no er det som gjelder.   Rallytrening er moro, men ein må være våken der også, lett å diske på den sporten, så ein kan ikkje sove i timen der heller.  All trening er bra for hundane og oss, fokus, samarbeid og bygge opp treningskondisen (den mentale) (den må eg også bygge opp :) )

Fokus på rallytrening er gå heile baner og gå feilfritt, les godt skilta og hund, bruk alle komadoen som er låv.  Repeter skjer det feil, ikkje belønn feil i bana,  ikkje belønn før etter heile bana. Trene godt alle skilta +  kombi skilta, eit og eit skilt, slik eg er sikker på at vi kan skilta, då skal det glide lett igjennom bana med kun start og slutt belønning. Trur eg :)
Mine hundar skal kunne gå 3 minuttar i det tempoet/rekka av kommandoar som er i ei rallybane utan belønning ..  derfor belønnar eg ikkje feil eller restartar i banetrening. Bellønar og trenar skilta for seg, fot trening har vi både frå LP- trening og jakttrening, den biten har vi inne. Moro er rallytrening det er sikkert og det virke som hundane liker det også.

Jaktmoment er litt meir krevjande å trene, men kommer nok til på gjevne å trene dirigering med mine dogs som eigentrening, målet her å bli rå på lange linjer uansett lengde og overgangar, vann, gjerder, skog,  høgt kratt.  Blir det noko fellestrening der eg blir med så vil eg nok prioritere/ ønskje meg lange vanskelege  markeringar,  så her blir det nok tatt litt på sparket.
 
27.07.2019
Lenge sidan det har vore oppdatering her, ikkje så mykje trening på meg, eller jau litt er det, men i dag er det så varmt at eg må holde meg inne og derfor tar eg meg tida til eit par ord.
Trening er også å etablere gode vanar, det å kunne være roleg er noko som eg setter stor pris på. Kunne ligge å vente medan eg legg eit opplegg til hundane min, jau det må dei kunne.
Har ein hund med medfødt ro i kroppen er det veldig enkelte å få dette til, har ein ikkje det så må ein jobbe meir med det.  Ingen individ er lik, ingen trenar er lik, derfor må ein trene den hunden ein har  på den rette måten for den ekvipasjen.
Plask og Bjørk er litt like, men ikkje alt er likt på dei heller, Plask er meir mjuk i treningssituasjonar enn Bjørk. Bjørk gjer det ho kan, men er ikkje føramjuk på same måten. Ho gå lei ved lange trøttande fot- trening og «ikkje hent dummy trening» Plask toler det mykje betre og går ikkje ikkje så fort lei. Likevell er det moment til å holde fokus som vi må trene, vi treng ikkje trene det for å få meir kontroll på dogsa, men på grunn av betre fokus. Bjørk bør ikkje ha så mykje slik trening og det bør eg være flinkare til å innsjå. Bjørk går dårleg fot utan fokus og med trening som ho ikkje har utbytte av er det ikkje bra.
Eg vil ha ein god fot og ein hund som er på og det har eg når Bjørk for litt trøkk og veit ho for oppgåver. Bjørk har den beste passiviteten ein kan ønskje seg, ingen lyd eller stress i arbeid der ho veit at ho skal være på.
Eg  har jobba ein del med linjer over vann/elv, både med Plask og Bjørk. I situasjonen for Plask som er ung og lovandes er det bra å ha Bjørk som kan gå først og vise veg. Bjørk er flink også på blinde, det er bonus for Plask, eg kjøre Bjørk og Plask går etter på.  Derfor er det så kjekt for meg  at dei er så rolege, eg trenar mest åleine og det er derfor bra med to hundar som kan vente på tur. Plask for nok gå først ho også, men då er linja ikkje blind, men ei som vi har gått ut på fot, minne.  Etablere gode rette linjer gjer ein ikkje med å hendle at og fram på blindt, derfor kjøre eg lite blinde linjer.
Ein anne ting eg jobbar med er å få Bjørk til å gå eit LP-program i kl 3 utan godbit, eg helde på å bygge henne opp til slutt belønninga. Bjørk kan veldig bra alle momenta  og no er tida der for at moment treninga også kan bli avstands belønning. Eg vil ha stort tempo på konkurranse og trenar med det som mål, og det gjelde både lp/-rally og ikkje minst jakt.
 
 
07.06.2019
Plask på sportrening :) flinke hund!
Kjekke dag på fjellet i lag med Lill–Iren og Sol. Bjørk og Sol er så glade, snille og flinke begge to, dette kullet gav hundar med eit eksellent gemytt, dei er så gode på det. Ja i tillegg er dei også bra som arbeidshundar med tilpassa trening som passar individet. Eg la spor kvelden før til Plask og Sol, eg gjekk etter Sol som observatør på korleis ho jobbar og det er  roleg fint sporarbeid på Sol. Plask er slik skjekk der og der er eg på rett spor, skjekk ein ekstra gang, ho er litt som sin mormor Arwen, stort tempo og spanielsøk, veldig ulik Sol sit spormønster. Plask har stor utholdeheit på spor, missar ho sporet så jobbar ho bra for å finne det igjen. Bjørk trenar ikkje spor (endå) vi skal, men først skal vi bli god i jakt :)
 
Plask trenar spor fortiden, det er både moro å lærerikt for meg, dette med å lese hund er ikkje alltid like lett og ein hund er ikkje lik den andre igjen, så så.. her lære eg Plask å kjenne.  Jakttrening av Plask er på  pause,  grunn,  eg må fokusere på Bjørk i jaktbiten.  Plask er av og til med, men er då mest i bilen eller tjora i eit tre, AK er som EK vanskeleg.  AK er blidt så vanskeleg at det vil ta litt tid før vi er der og skal eg trene mot AK så må eg gjer det grundig, derfor har eg lagt Plask på is ei tid.  Ein plan med treninga det har eg og Plask har ein solid grunnmur, så plutseleg er vi i rute igjen. Plask er ikkje heit og er ofte med og ser både på dit og datt :) ho har ikkje så store forventningar om at det blir henna tur, ho fokusera ikkje så mykje på andre hundar som jobbar, om det er bra eller ei det veit eg ikkje, men ho har vertifall ikkje lyd der ho ligg å ventar og det er bra.
 
Bjørk, Sol og meg :)
Bjørk, vi fokusera på at vi skal bli god i EK og det blir vi før eller seinare, spenninga med jaktprøve er at ingen prøve er lik, ingen plass er kjent, ingen hund til makker som ho kjenner( som oftast). Vi kommer nok til å bruke litt pengar på å bli kjent med type EK prøver no til dags. Måle må bli å være med på heile prøva ikkje bli sendt ut på første apport. Hjerte mit slår som oftast så sterkt at Bjørk føler det, det er ikkje berre berre å være hund, og Bjørk gjer alltid så godt ho kan. Eg føler Bjørk er på riktig veg, eg har kjørt  blindt på henne i det siste, det løyser vi  bra med samarbeid,  dette kan ho, så eg må gå (meinar eg) kjøre ein del  huske dummy  eller gå opp nokre linjer å sende, terpe lange linjer ikkje berre blindt, rett ut er rett ut, det er ikkje på kryss og tvers med handling. Skal eg bli god så er det hardt arbeid kun som lønner seg.
 
Sol fekk prøve ut til øy og søk der :) moro å sjå, flott søk til ho fant og rett heim, gjekk i vannet og ikkje antydning til å finne/leite etter snarvei ! Sol var litt makker til Bjørk og det likte både eg og Bjørk  :)
 
16.05.2019
Vi trener, Bjørk er den som for mest trening akkurat no, vi forberede oss til jaktprøver, Plask er inne for modning ho ligg i mellom to klasser i jakt og har litt pause frå jakttrening. Plask har grunntinga inn for AK, men vi manglar ein god del på dirigeringsmomenta derfor haster det ikkje med prøve for henna del, ikkje trening i jaktmoment heller. Plask for LP trening, rallytrening og vi trenar spor,  vi har meir enn nok å fokuser på, men det er moro! Plask har ein veldig fin passivitet, ho er med som makker hund når eg trenar Bjørk, men mest for å lære at ho må vente på tur, Plask for ei og anna rette linjer med distraksjon for at Bjørk ikkje skal gløyme at ho ikkje kan hente alt, men vente på tur. I innlæring av dirigering vil eg ikkje ha med Bjørk, då må eg og Plask jobbe åleine  :) men no  er det Bjørk eg fokusera på i jakt.
 
 
01.05.2019
Trene hund no og då eller titt og ofte. Hundetrening er gøy og skal være det, eg har to(tre) veldig gode individ som eg kosar meg med. Trenehund gir så masse tilbake og etter min mal så liker eg å ha lydige glade hundar og det blir hundane av trening. Ein treng no ikkje være like hundegal  som eg,  ein treng ikkje trene alt, men eg ser på det frå ein annen vinkel, det er mykje ein kan klare å lære ein hund utan at det går utover verken det ein eller det andre. Som td,  trene jakt kombinert med rallylp –trening, dette handlar om samarbeid ikkje noko annet. Eg  veit kva som skal til for å bli god, det er ein hund med rikeleg arbeidslyst som er villige til å høre på oss, ja gi gjerne til siste slutt.

FOT og atter fot, trene det oppatt og oppatt, det treng vedlikehald og trening live ut. I dag har dagen bestått av rallytrening med ein ekte rallyhund( Rally og dotter Plask )Bjørk måtte vente heim, ja dette er også hundetrening vente heime. Rally var med på trening og ho var i himmelen, så glad og arbeids tulen ho gir mykje meir gass enn eg treng, ja det er herleg med hundar med så mykje energi, ein må være våken, skal ein føre godt ein slik hund. Likevel er det ingen ting som er så kjekt som med hundar som gir stor fart og presisjon i jobben, det gjer nemleg Rally, ho er flinke på fot, den beste av mine hundar endå der,  ho går fot utan å sleppe kontakta uansett kva som dukkar opp rundt henne.
Eg ser derfor litt igjen i Plask der, ho er også veldig flinke på fot og eg liker å få det til og jobbar kvar dag med fot på Plask, Plask har ikkje det trøkke i seg som Rally så ho er enklare å handtere, eg kan sakne trøkke også, men det kommer litt etter litt etter som Plask bli meir trygg på korleis jobben skal utøvast.
Etter rallytrening blei det ei økt med dirigering på Bjørk eg og ho åleine, eg må trene Bjørk ein del åleine, Bjørk kan falle litt i intensitet når Plask er heime, då har ho nemleg ikkje konkurrent. ( det har vi på prøve så då går ho opp i intensitet, ja som normalt skal være) I presisjons trening er det heilt ok å ha eit flatt stress nivå, innlæring sitter betre når hund ikkje er for høg. Og det er mykje dei skal kunne på ein EK prøve i jakt, her handlar det om presisjon, konsentrasjon, fokus, sleppe områder, gjer som vi seier og holde lenge på fritt arbeid,  gå lenge ute å vise trøttheit eller stoppe opp i arbeidet. Ja så vi har heldigvis noko å fokusere på, å vi liker det vi helde på med.

Vi har også våre på jaktkurs, her var Plask ein dag og Bjørk to dagar, Instruktør var Åse Tøfte. Kurset var bra, eg plukka med meg heim det som eg synast var nyttig og det var jo ein del som alltid på kurs med Åse.  Eg var også nøgd med Bjørk ho gjor så godt ho kunne og det er jo ikkje dårleg i seg sjølv, flinke er vell rette ordet.  Plask ligg mit mellom to klasser og er ein meget lydhør hund, så for henna del er det best eg trenar henne åleine, eller i lag med Bjørk, då vil eg få best progresjon utan tvil. Lydhøre hundar må ein trene meir enn korekt då blir dei bra :)

Plask har starta i LP kl 2, ho blir flinke, ho har talent for LP, men ikkje alltid vi klare å få inn poeng over alt, så vi nulla på avstands kommandering, men mange premiar og pallplass blei det . 10 på felles sit, endå hunden ved sidan reiste seg og sto å såg både på Plask og sin eigar med litt fanteskap i blikket. Plask berre snudde hode og såg bort.
 
 
 
01.04.2019
To pall plassar på oss på rallystevne, kjempemoro. Bjørk nummer 1 og Plask nummer 3. direkte opprykk på begge.
Fin helg på rallystevne, deby på både Plask og Bjørk, det var rett å slett moro. Rallysporten er for alle,  og eg vil kjøre med mål om å komme til elite. Dette med å ha mål forenklar trening, utan mål gir ingen progresjon for meg. Hovud tråden i rally er  fri ved fot, det momentet må ein verkeleg ha i rally også :)  hi hi til å med i jakt, kun bonus i å trene hund uasett sport.
 
 
26.03.2019
Eg og Bjørk har vore i Bergen på jaktprøve, no kan vi glede oss til å starte i Elite, vi tok den sist 1 pr. i AK som vi trengte for å hoppe opp i ny klasse. Ak- prøver er historie no for Bjørk. Eg er glad for den prøve erfaringa eg har fått med henne, eg trenar mest 98 % åleine, så dette med at det skjer så mykje på ein gang rundt oss, ser vist ut til å være ein større belastning for meg enn for Bjørk. Prøva på søndag var ei prøve som passet oss, det var ingen enkel prøve, men ei fin prøve som vi lukkast bra på.Vi vart prøvd i alle momenta, så eg kan trygt sei eg er stolt av 1 pr. i AK på denne prøva, det var berre vi som klarte det også.
Vi hadde også ein flat til makker som vist fram mykje bra arbeid, kjekke å gå i par med. Her er eit bilde vi har fått låne som er av meg og makker, etter at første del av prøva var over, vi la frå oss vilte før vi skal gå vidare til felt og meir dirigerings arbeid. Hjerte mit banka hardt, det hadde gått veldig bra til no. Bjørk hadde nettopp løyst ei litt vanskeleg vann dirigering, men den var ikkje vanskeleg for henne, ho tok den på strak arm. Resten av prøve gjekk også greitt, eg var nok nervøs, men eg klarte meg bra. Eg viste at Bjørk kan, eg måtte berre føre trygt og sikkert slik ho ikkje ville ta over roret å styre meg :) vist ho følte at her må eg gripe inn.
Mentaltrening er tingen når ein driv med sport også hundesport, hundar blir berre betre og betre med alderen, moment blir igjennom trena og ein veit at ein kan være tygg på at dette klare oss. 
Treningskondis blir berre større og større etter meir den bli brukt. Ungehundar bli fortare trøtte og går på overslag enn meir satte hundar, dette tenker eg mykje på i treninga av Plask. Ein må bygge opp treningskondisjon og kjøre lenge økter, men ikkje så lange at vi for mange smellar på konsentrasjonen,  ingen hund er lik ein må berre lære å kjenne sin hund.
 
 
19.03.2019
Vi fekk snø igjen så jakttrening blei på nytt sett på vent,  så no venter eg på meir vår. Vi har derfor trena ein del LP- i staden og det er jo kjekt det også. Vi skal på nytt stevne 27 og 28 april, glede meg til.
Fredag reiste vi litt for å få barmark til jakttrening, Bjørk var kjempeflinke. Når det gjelde jakt så prioritera eg Bjørk i trening.  Plask skal gjerast klar til AK, men eg skal bruke tid på det, vi haster ikkje, så Plask prioritera eg LP-trening med i nuet.  Lydige hund må ein ha, så trenar ein LP- så slepp eg unna ein del jaktlydigheit og kan spare inn tid på trening der.  Plask er roleg, lyd fri og har derfor store fortinn når det gjeld jakttrening, eg kan derfor kjøre opp trøkk både når ho er åleine og i gruppe utan det øydelegg noko for oss. 
Bjørk ho er og blir eit råskinn og henne skal eg stille på mange prøver i år så det bli spennande både for meg og henne :) Vi må berre komme oss i trening og vinteren må sleppe taket. Vilttrening må være regelmessig når det er AK som gjelder :) her er ei lite klipp av Bjørk på plenen heime >>>
 
 
 
05.03.2019
Deby i LP for Plask blei til suksess vi klarte oss ein 1 pr i kl 1, så stolt av flinke Plask. Blod på tann for LP-trening, her skal det jobbas fram mot neste stevne.  Eg har nemt eg skal bli i kl 1 dette året, men eg er allerede i dag starta å finpusse på kl 2 :) Bjørk klarte merke så ho beviste at ho kan alle momenta, men ikkje godt nok så vi tapte ein del poeng på dobbel kommando, så ingen 1 pr. på henne, men her skal det jobbas, eg gir ikkje opp kl 3, det var faktisk utrulig moro å delta i kl 3. Sjølv om LP har orde på seg for å være både vanskelig og kjedelig «så synas ikkje eg det», det må trenas skal ein bli god og det gjelde jo alt vi skal delta på, så ingen overraskelse at ein må jobbe for meritter gratis er det ikkje.
Her er Plask neddekka og vi skal gå i fra, hundane skal ligge i ro, ja så rolig som råd  :)  2 minutter i kl 1,  i kl 3 er det også 2 minutter, men då er vi i skjul for hundane.
I går trena eg ei  økt på Bjørk der vi kjørte rått med leik og tempo trening, repeterte, neseprøve, innkalling, hopp over hinder og rundt kloss.  Skal mengde trene til alt er så igjennom trena at det meste blir på auto, kun då er ein sikker på å sleppe unna dobbel kommando. I dag har det vore avkopling med spor trening på begge to, ja husker eg tilbake til i går :) var vist sportrening då også.  Herlege hundar å trene og dei fortenar det !
23.02.2019
Det går mot vår bokstavli talt i februar, 15 grader og snøfritt.  Trena noko gjer vi kvar dag og det har gått mest i LP momenta på Bjørk. Litt dirigeringstrening også på henne til tenkt jaktprøver. 
Plask var endelig ferdige med løpetida og fikk i dag være med på jakttrening, Bjørk måtte bli heime.
I dag var vi ut på Flø flott plass rett ut mot havet.
Markeringstrening og litt oppbygging av huske dummy var oppgavene i dag. Etter trening i dag sitter eg igjen med ein del tanka i hode, og det er eg må jobbe meir med markering, få litt meir opp dampen på frøken Plask. 
Eg kommer til å kaste litt sjølv har eg ikkje disponible kaster. Plask er nemleg veldig flinke på passivitet og fotarbeid, men eg må få opp treningskondisjonen, gi meir gjerne når ho skal jobbe. Det var ein god del vind i dag og Plask fekk oppgåver som var veldig vanskeleg i slike oppvind, men vi rodde oss inn på det meste. Heilt greitt å få bekrefata kvar eg må sette inn resursar for å få betre progresjon på erfaringa.
Oppvind er ikkje enkelt, det er ikkje vitring, den forsvinner rett opp og langt ut, så ei markering kan være svert vanskeleg sjølv om den blir markert, vertifall på dei lange avstandane vi kjørte i dag.
Livet på trening er utruleg bra og eg liker veldig godt å kaste dummy til andre, her er utsikta mi når eg stod som kaster på Flø. Dette med å lese hund, vind og korleis hundar nyttar dei med fødde eigenskapane på ei markeringsøkt er lærerikt.  Min Plask ligg i bilen og glede seg til sin tur :) Bli god på lange markeringar skal vi og det tyder ut å jobb.
Måle er å få meir fokus på oppgåva,  men  det er eigentleg heilt fantastisk å ha hund som tåler så bra både trøkk og passivitet, Plask er gullverdt i dei eigenskapane ho viser fram.  No er det berre å bygge å bygge rett, Plask er lydhør, ærleg og veldig førermjuk som ein god hund skal være. Det vil då sei at eg kan kjøre på med trøkk og intensitet i oppgåver utan å være redd for at ho bli for heit i toppen,(eller litt meir heit i toppen vil eg ha henne) då kontrollert stress for betre fokus.
Tidlegare i veka har vi også tatt ei vilt økt, på både Bjørk og Plask. Oppsummert vilt handtering er vi i rute, Bjørk har alt på plass der. 
Plask har også  etablert fine avleveringar, her har eg jobba med meg sjølv og Plask i lag. Plask er litt lik sin mamma Rally i diverse momentet og det er at ho er raske i vendingane og «eg» har derfor etablert skunde meg å ta i mot avlevering.. ja som vi veit er det ikkje bra. No er vi i boks med fine avleveringar utan at eg er redd vilte dette på bakken i avleveringspunkte.  Rally har heilt korrekt vilt handtering og vilt avlevering, men ho jobbar så mykje raskare enn Bjørk, det er det som er forskjellen og det er derfor meir krevjande å lære seg å ta rett i mot utan å miste på bakken :) ho slepper raskare og kan sleppe før eg har eit godt grep,«kunne» (eg skolerte og vi blei kjent med kvarande i situasjonen) Kort forklart, hund slepper når eg har taket med ikkje godt nok, Bjørk har fast godt grep til ho kjenner eg har eit godt grep på vilte og dette har snart Plask også. Kunsten er å tilpasse opplæringa til individet og kjenne sin hund godt.
Både Bjørk og Plask er spontane og tar alt vilt, dei blir også varmare og raskare i trøya når vilte dukkar opp. Det er derfor med alt av vilt arbeid viktig å ikkje dra strikken for langt, ikkje repeter for mange gangar på same økt. Kjør heller vanskelege moment, til dømes gir hoppe hindringar automatisk gode grep, ingen klare hoppe eit gjerde med kun vilte i vingespissen, eg tenker alltid på ting i treninga som gir ein tryggare sikrare klokare hund. Det kan også være vanskeleg terreng over ei grøft osv.  Eg er derfor i konklusjonen, ikkje mengdetrening på vilt, som med all trening, litt regelmessigt ikkje for lenge mellom kvar trening er betre enn mengdetrening. Her ser vi Bjørk vise seg fram på hoppe teknikken, ho hoppa litt for lavt første gangen, Bjørk er uredd alt av hindringar, men det er viktig å merke godt kvar toppen av gjerde er slik at dette ikkje skjer for ofte.  Desse grindene er ufarleg for hundane dei heng ikkje fast, berre ramlar over, derfor brukar eg dei i trening. Bjørk på eit viltøkt moment >>>

Her gjer Plask same momentet som Bjørk.  Vi ser på filmen at Plask regarte  lit på berøring av grinda, men ho avreagerte raskt og forsette jobben momentant.  No er det ut i naturen å leite opp trygge hindringar å forsette dirigeringstrening/ markering og kva vi må erfare for å bli superhund på jaktprøver :) Plask hopper og apporterar over hindring >>>
 
10.02.2019
Trene hund er moro og det gjer eg ofte, det gir meg energi og hundetrening er ein fin måte å koble av på, ja for meg. No er det mest i lp det går og bli klar til klasse 3. krev ein god del av detaljtrening.
I går var eg å trenet litt jakt ut på Flø i Ulstein, å så kjekt med barmark og treningsvenner som liker det same, flotte dag for meg og Bjørk. Plask har løpetid, å det tyder ei lite pause frå fellesaktivitetar.
Eg og Bjørk har ikkje trena jakt på lenge grunn mykje snø. Spesielt dette med rette liner er noko som vi eigentlegare komet godt i gang med, men i går J ja må legge på eit smil her, det var blinde lange linjer, ingen problemet med å få henne til å gå langt, men det som dukka opp var at retninga frå fot blei feil, eit par grader så blir det veldig skeivt 100 meter ute. Eg måtte derfor ta tilbake å starte på nytt fleire gangar. Her må eg perfeksjonere mykje meir og ikkje så lange blinde, det føre kanskje litt til avlæring, ja nettopp, linja skal sitte på første forsøk. Bjørk går blinde linjer, det er ikkje problemet, det er rett å slett den retninga som går ut frå fot som eg måtte jobbe meir med. Markering er ho veldig bra på også dybde berekning  på flatmark.  Same prosedyre som sist når eg trena, ingen kontakt eller leik med andre hundar før eller etter trening, eg skal ha full kontroll på hundane mine på trening. Som tidlegare skrive så ser eg at dette er viktig for meg, eg har i ei periode vore slepp hent her, det er det slutt på. Eg fekk også oppdage bonusen med at eg har fokusert veldig mykje på lydigheit fortida, Bjørk hadde ein mykje raskare inn på fot posisjon også ein betre posisjon. Kunn positiv ringverknadar av lp treninga vår. Ingen bilder i dag heller, men men det kommer nok igjen foto snart :)
 
 
03.02.2019
Det har blidt ein god del LP-trening på oss i det siste, Plask og Bjørk er påmeldt dobbelstevne 2 og 3 mars, så vi har mål å trene mot. Vi prøver å trene litt kvar dag, eg er tilhengar av litt trening kvar dag, ikkje skippertak trening, det går ikkje i innlæringa. Det er fokus på å lære momenta, fokus på å sette samen til øvelsane, fokus på å kjede fleire øvelsar samen i ei rekke, hjelp til kommandering.
No er det apportdirigering som har vore nytt moment for Bjørk, dirigering kan ho, så det er ut til kloss å stå å vent. Her må eg hjernevaske henne på kloss og kva det tyder (eg må legge ut apportane som lokke fugl) ho går nemleg rett på kloss når apportane ikkje ligg ute. Når apportane ligg ute, tenker ho apport som er belønning og vil ta ein snarveg rett på, ja dette er ikkje ullydigheit, men mangel på forståelse av oppgåva. Dette blir bra det veit eg, det gjelde berre å trene masse på det slik Bjørk bli igjennom trena.
Bjørk skal være i klasse 3 resten av livet så vi har tida føre oss, no er det å jobbe mot å bli rå bra slik vi kan like oss i kl 3 og håve inn topp gevinsten før eller seinare, å ei glede meg til å kjøre henne.
Plask er også ein råtass på LP-trening, eg er så nøgd med henne ho er ved min side alltid, Plask har ein naturleg og korrekt innsitt berre eg står rett opp å ned, ho har bra konsentrasjon og det er muleg å belønne henne med kun ros, og det trenar vi på ved kjeding. Plask fekk løpetid 01.02, så det er enkelt å regne seg fram til når ho er ferdige 21 .02
Bjørk er ein slik type som liker godt å vise seg fram at ho er "flink", her har eg eit problem med henne, ho kommer ikkje  raskt inn på fot ho logre å viser seg fram foran meg når ho har apporter i munnen, ho har det sikkert frå jakttrening, der har vi bydande og veldig gode avleveringar foran, å ja det skal ikkje endrast, men Bjørk må lære å komme fort inn på fot med alt på lp-bana. Her har eg også eit tema eg må legge arbeid i, forbetre alle innkomstar og innesittar.
Bjørk går inn i bobla og elskar å jobbe eg må berre inn i bobla i lag med henne så bli vi rå! Ho liker publikum, ho liker å vise seg fram eg må berre klare å ha henne i riktig modus og få igjennom trena henne så ho går på automat !
Plask har treningsfri frå klubben no når ho har løpetid, men eg kommer til å trene henne ein god del heilt åleine slik ho ikkje blir påverka av andre enn meg. Fellesdekk i lag med sin mor Rally og Bjørk, tre i ein dekk går fint, eg klare også å legge ned alle tre frå sit og sette opp ein og ein til sit igjen utan at alle tre sprett opp. Så då må vell eg få det til på konkurranse med berre ein hund i gangen.
 
23.01.2019
Vi trenar mest lp og rallylydighet fortida,  jakt treninga er «litt» på kvil i ei periode.  Vi har ikkje lagt det på hylla, men både Plask og Bjørk er veldig bra på dette med jakttrening og dei treng utfordringar og høgare oppgåver enn det eg klare å gi dei åleine.  Vi hadde ei fin jakttrening på søndag, der vi var samla ein gjeng med felles interesse, Plasken fekk ei trening med markering og jaktlydigheit, Plasken lover  bra, tross lange markeringa på to sider, markerte ho svert bra og ho er utruleg bra på å bruke nasen sin, legg seg opp i vind i perfekt avstand frå kaster og veit korleis ho skal finn apporter fort.
Kjempe kjekt å sjå korleis eigenskapane i ein god hund kommer fram med bra trening. Bjørk er eit råskinn på markering, men Plask blir ikkje noko dårlegare med litt meir erfaring. Det eg skal fokuser på i jakt trening er eigentrening av Bjørk på dirigering og rett linjer ut og heim. I tillegg må ho bli flinkare på å vinkle rett av vist eg stopper henne og gir teikn til høgre eller venstre. I denne samanheng så er det eg og ikkje hund som må bli flinkare på å trene rett slik det bli perfekt. Så eg håper berre det ikkje blir frost igjen og vi ikkje for alt for mykje snø.
Når det gjelder lp og rally, så trenar eg momenter av dette nesten kvar dag og eg liker det og det ser faktisk ut som både Plask og Bjørk likar det og vil trene masse utan å bli lei, ja eg liker det også, det er det beste.
I lp er det fellesdekken med Bjørk eg må legge litt meir jobb i for å få henne til å ikkje legge seg på skinka i det eg går inn å rundt henne tilbake.  Elles så helde eg på å lære henne apportdirigerings momentet i kl 3 lp. Bjørk er flinke å liker å vise seg fram så slike moment er topp for henne. I rally er eg også i gang med å lære Bjørk kl 3 skilta, ja endå ho ikkje har debutert i rally, så vi glede oss til ein spennande sesong.  Plask tar eg det litt med ro med, henne tenker eg mellomtitlar og vil ikkje rykke opp til neste klasse for tidleg.
Lite bilde og film for tida, men mørkt og regn er nok grunnen for mangel på det..
 
 
01.01.2019
Ønskjer alle eit riktig godt nyttår,  så håper eg at det går fint med alle i 2019 og vi kan sjåast til trening og møtast på diverse prøver/stevner  rundt omkring i landet ! Her sitter vi mitt i krigen og høyre på raketter, heldigvis er ingen redde. Eg tar hensyn til hundane denne kvelden og er rolig og ikkje skvetten eller lar lydane ute få noko oppmerksomhet fra meg. Elles så gjer eg ikkje noko spesielt vi er som normalt, ser litt tv, er litt på dataen, normal musikk på ikkje høgare enn normalt.

Plask og Bjørk debuterte i uoffisielt rally lydighet i romjula, å så moro det var :)  
Bjørk, 1pr. med 198 poeng og ho vant klassen, Plask nummer 2 med 1 pr. og 192 poeng. Bjørk vant også kl 2 med 197 poeng og blei også klassevinner i den klassen. Dette trigga konkurranse lyst mi til å kjøre nokre mil til rallystevne i år
og det blir.
Rally er ein sport for alle, berre meld på kurs å prøv. Eller sjå på youtube, ein kan lære mykje av det og lese reglane som finnast på nettet, pugg/lær skita,
og tren fot i tillegg, så er det berre å pugge og lære seg diskreglane :) Her er ein film fra Bjørk sin deby i uoffisielt rally lydighet >>>
 
27.12.2018
I går var det rally trening på dag og det synast eg er veldig kjekt, ein må faktisk være flinke skal ein bli flinke med stil i rally også, ikkje berre i LP ein treng ein fin fot. Fot er nå min kjerneøving og det må berre være bra. Det var litt skilttrening for kl 2 eg jobba med og det er faktisk mykje kjekkare å jobbe med enn det eg hadde drøymt om, ja eg kosa meg på trening i går.

I dag var det jakttrening og her har eg endra meg litt, eg stiller mykje større krav til kva hundane for lov til når dei ikkje trenar (ja også når dei er passive ved fot) ingen snusing, graseting, hjortelort eting osv.  Eg har vore litt perfeksjonist «før, tidlegare hundar» med å ta hundane i sit når dei slepp ut av bilen fri, Bjørk og Plask har fått rusa for mykje som dei har ville, sprunge å leika seg, lete igjen øyra for.. ja leik er moro. osv. her har eg ikkje vore flinke, eg har tulla det til for meg sjølv.
No er eg tilbake til gode gamle vanar, det er tøft, men det må til. Enkelt er det å få det til, men når ein anne vane er etablert, så må det ny inn lærast. Eg tar no alltid på kobbel, slepper ut å kommanderer sit, hæ seier Plask dette skjønnar eg ikkje :) stakkaren har ikkje fått lære korleis ho skal oppføre seg.  Eg brukar no kobbel til ho lystra adferden sit, så kommer eg til å sleppe ho ut utan kobbel med kommandoen sit og det betyr sit til ny kommando kommer.   Når eg bestemmer at dei for lov å leike så er det ok, eg må bestemme litt meir over fritida deira, knipe inn på fritid og fri leik. Her skal det jobbast.

Jakttreninga i dag var veldig bra, vi tok først ei økt med jaktlydigheit, då var det Plask som fekk sin økt, ho går veldig bra på fot, kan sit i desse situasjonar, ja ho oppførte seg som eg hadde forventa  :) ho fekk også  eit par markeringar og det var arbeid med stil rett ut rett heim avlevere rett på fot sit, perfekt hund for meg i dag Plask :) som alltid.
Bjørk fekk makkerarbeid, blind dirigering, markerings arbeid på to sider av linje, heilt suverent arbeid, alle markeringar var spikra, ingen uro på fot.
Til slutt fekk ho gå eit felt med makker, hundane ligg i bilen medan felte blir utplassert, felte bestod av 16 dummy, djupt, og breitt felt, vi kunne ikkje sjå alt av arbeid sidan ein del dummy låg bak ein stor haug i ein skog. Bjørk gjekk veldig bra felt i dag og lot seg ikkje påverka av makker hund, ho jobba bra, ingen fløyte eller dirigerings teikn blei brukt.
Dette momentet med felt og jobbe i lag med annen hund har eg ikkje fått trent så mykje med Bjørk, skal ein trene dette så må vi ha hundar som kan momentet og kan jobbe i lag utan å uroe kvarandre.  No ser det ut til at Bjørk har knekt koda om å ikkje bry seg med andre hundar, berre å jobbe på, Bjørk har tidlegare stoppa litt opp for å sjå på den andre hunden som  jobba,  liksom ikkje heilt vore trygg på kva ho skulle når den andre jobba. Trening hjelper på alt !
 
 
20.12.2018
Eg oppdaterer litt på planlista vår om kva vi skal gjer til neste år, ja ja det er mykje eg vil og har lyst til å delta på, men ein rekk ikkje alt når det blir på same helg. Hadde tenkt å få med meg sporpøver også, men her trur eg må legge inn noko på beveglege prøver og dei kan ei få liksom utan om helg.
No er det mest i LP- og rally trening det går i, det er for glatt til å trene jakt, is over alt. ( og det er bra hundane for litt pause også) I helga som var, var det kurs med Siv Svendsen, litt innputt til oss instruktørar, men også litt innputt på treningstips fekk vi også med oss. I år har eg bestemt meg for å konkurrere litt i rally og LP, glede meg masse til å trene hundane mot rally deby, etter meir eg trenar det, etter meir lika eg sporten. Utfordringa er skilt lesinga, men trenar ein og lære reglane skal oss klare oss der også.
 
12.12.2018
I tillegg til snøen kom har frosten glasert heile Sykkylven, sikkert rundt omkring også, støvlane er pigget og piggskoa er oppleita, så ingen ting står på. MEN det er eit men det er så hardt og glatt at ikkje noko bra for hundepotane heller, er litt redd for at dei skal skade seg på det skarpe føre så eg lure på å bruke potesokkar for å unngå skade, er ikkje noko problem når dei går ein og ein berre på tur, men trening og springe i lag er nok i tøffaste laget.
Heldig meg som har nye fine inne lokale på hundeklubben som eg kan bruke, vi brukar dei både tit og ofte.  Eg trenar rally og lp, ja begge deler og eg er nok av den oppfatning at lp- trening er grunnlag for å komme raskt i veg også i rally. I rally er det mest utfordring for førar( ja må kunne å lese ) og les  rett og tenke fort, då er vi der. Eg glede meg til sesongen med rally og både Bjørk og Plask skal klatre i veg der.  Eg er allereie hekta og puggar reglar og skilt, så dette skal bli moro,  nye baner for kvart stemne det skal bli kjekt, ja og ikkje minst det kostar bere halvparten av det ei jaktprøve eller lp /sporprøve kostar å delta på.
I går trena eg kl 2 bane med Bjørk, å ja det må lærast momenta av meg først, då går det lettare, eg falt for fristelsen å prøve med Rally også og fekk eit lite hakeslepp Rally var mykje flinkare enn både Plask og Bjørk, så slik er det, flinke Rally gulle mit.  Så medan det er så kaldt og vi ventar på mildevære/solsnuing og alt det gode som vi har føre oss, så trena vi innerally :) ..
Oppmodar alle til å trene appell og bli god på det, så hoppe på rallykurs, då er ein rett i konkurranse modus med ein gang. Har ein brukbar fot/på plass adferd på hunden og kan trene, sitt, dekk osv, så kan ein det som skal til for gå rett inn i konkurransar og det er moro,  lett å bli hekta J  så berre prøv. Det er så kjekt å ha noko å gjer på i lag med hunden sin, og det styrker både samhald, kontakt og forventning til no skal vi ha det moro.
 
09.12.2018
Pause endå på jakttrening, trur det er bra for oss slik vi for trene litt andre ting også. Lp er ikkje så lett når ein kommer til kl 3, og eg er over i vurdering dropp det til fordel for rally, eller starte fleire gangar i kl 2. Det finst ikkje igjen miljø for lp trening og det er ikkje så lett å greie alt utan hjelp. Det som hjelpe meg er at eg like å trene lp, så då for det bli som det blir, må legge litt lenger tid inn i treninga for LP,  det er muleg eg utsetje debyen til Bjørk i kl 3 og kjøre på med rallytrening i staden i eit par år.
Eg puggar rallyskilt reglar, og eg har sett litt på elte oppgåvene til rally om det er noko eg kan klare og utføre med mine hundar, så muleg eg prøver meg på dette igjen.  Det som er vanskeleg for meg er å lese skilta rett å utføre det som står der, momenta kan ei kjøre med så mykje hjelp at det klare vi.
Vi vil helst ha gode treningsforhold for jakt, då det er det som betyr mest for meg og vi skal til Bergen i mars på prøve, vertifall eg og Bjørk, Plask treng nok meir tid på å bli klar til AK, men eg for sjå korleis ho utviklar seg vidare. Eg trenar Plask veldig lite på jaktmomenta ,men  eg har brukt ho litt i lag med Bjørk for å gjer henne klar til elite, søke i felt i lag med Bjørk. Feltsøk i lag med Bjørk  går fint, Plask søker å bringer så fort at det er ikkje så lett å holde tritt, Plask tømmer eit felt veldig fort (ho he so lange bein) ja og så har ho skjønt kva arbeidet går ut på.
Det som er greitt er det ikkje treningsforhold så for eg trene meir kondis på hundane, meir berre tur det må også til, bygge seg sterk til sesong start i mars. (passe vekta J)
 
04.12.2018
No kom snøen også :) håper det ikkje bli så langvarig eg liker best tørt ver..
Vi trenar som sakt LP- og rally lp, så vi har nok å trene på, så litt snø og pause i jakttrening betyr ikkje så mykje. Vi trena Lp og rally på måndag og det skal vi trene både onsdag og torsdag, nye fine lokale å trene i har vi også, så bruke dei skal vi mykje i vinter.
På måndag tok eg ei økt med kl 3- LP trening på Bjørk og eg fokuserte på apport dirigering momentet. Bjørk lære fort og er ein topp hund å jobbe med. Når det blei meir folk i hallen sette vi ut rallyskilt og starta å trene på det. Bjørk skal nok få med seg litt av det ho også, glad hund som liker å trene..
Plask fekk også prøve rallyskilta, men henne er eg litt forsiktig ennå, grunnen er at vi også skal starte i lp, i rally legg vi oss til så mange fine doble kommandoar osv..  og i innlæring kan det derfor bli etablering av for mykje hjelp til LP-debyen vår :)  hi hi.. men den konkurranse galningen eg er så så er både Plask og Bjørk påmeldt uoffisiell rallystemne 4 juledag.
I dag har eg trena avstandskommando med Bjørk og vi skal trene mykje for å bli sikker å god på dette momentet, det er siste momentet og forventning til belønning kan bygge seg høgt opp på ei konkurranse og vi kan fort få slurv og bevegelse derfor må momentet være veldig godt befesta.
Trening er ferskvare og skal ein bli god så må ein trene masse og det skal eg også gjere.
Både Plask og Bjørk har bra konsentrasjon og de hjelper på, dette med å holde posisjon over tid er moment eg er bevist på. Det kan være i avstands kommandering eller sitte på fot med kontakt lenge, også sitte når andre kommanderer sin hund
 :) Eg prøver også å aldri belønne restart, jobbar med meg sjølv mykje for å huske på det, vist noko bryte ein adferd aldri ny blønning. Dette er effektiv trening og eg må være våken å trene rett slik eg sleppe mange restartar, ein hund lære ekstremt fort korleis dei skal oppnå belønning. Hundar lære fort å trene oss :)  hi hi ja sant det.

Snart kurs med Siv Svendsen, fokuset er å oppdatere oss på instruktør gjerningen og eg glede meg til det
:)
 
02.12.2018
I dag var dei ei lita samling der fleire treffast for å trene litt i lag, eg valte å ta med kun Bjørk på trening i dag. Det var både aha opplevelse og litt mislukka handling frå mi side.  Det var eit bra moment vi skulle utføre som innholt  markering, dirigering og stopp med nærsøk. Dobbelmarkering til sides bak eit dike, (stor brei vanfylt grøft til venstre) dirigering til same område stopp i dike med nærsøk. Eigentleg ikkje noko hokkus pokkus oppgåver, men det blei det for meg og Bjørk :)
Den første markeringa gjekk veldig bra, den andre fullfart i riktig retning, men ho hoppet rett i vantet som ho ikkje såg, muleg ho slo seg litt også, ho kom seg oppatt og henta dummyen nummer to, nå kom ho ikkje rett linje heim, men ein stor sving rundt diket.
Så starta problema for oss, eg skulle sende rett fram til diket for å stoppe med nærsøk, Bjørk ville ikkje springe rett fram, ho vinkla til høgre for å unngå grøfta som sikkert kjipte henne litt. Ja og ho fekk ikkje springe til høgre, så eg vant, men eg måtte være tøff for å få det til, eg godtar ikkje at ho skulle få lov til å springe rundt, Bjørk er mykje tøffare enn ho gir seg ut for å være, så det blei ein kamp med meg om korleis ho skulle utføre oppgåva. Kampen måtte eg ta, sjølv om det ikkje såg rettferdigt ut, men vi er på genraliserings nivå.. (Eg gav meg ikkje på kva retning ho skulle springe, her hadde ho med å høyre på meg å gjer som eg ville ho skulle.  Bjørk kan momentet og då må ho utføre det som eg vil, fire eg på dette vil ho bruke det, unngå hindringar som våte dike osv, det er ikkje tillat. ) Bjørk gjekk ikkje rett fram på grunn av at ho ville unngå diket (ikkje på grunn av at ho ikkje kunne oppgåva) derfor kjørte eg hardt på for å få det som eg ville. Vi tok til å med ein rep til slutt, hadde eg hatt meir tid så hadde eg reppa endå meir også kjørt ho over vantet i diket på ein tettare avstand, eg valte heller å kutte markeringa til venstre å kjøre til høgre og litt mit på.
Del to på trening i dag var felt og det har vi jo prioritert ei tid, «makkerjobb» Bjørk har endeleg skjønt det, i dag bringa ho inn dummy med bra fart også. Eg skal bli litt flinkare på å les trafikken og sende litt til sides for den som kommer inn, det er bra eg etablera gode vaner på meg sjølv, ikkje berre på hund.

Etter eg kom heim var det rett ut på plenen og trene Plask på fot, ja vi trena fot i ca 10 minuttar, "så mørkna vi ute" Fot er det momentet ein ikkje slurvar med, Plask er flinke, men trening er ferskvare og dette momentet bør trenast fem minuttar fem gangar i veka minst på ein unghund.
 
 
28.11.2018
Blir ei og anna kort økt med trening på Plask og Bjørk. I ei periode no har eg prioritert felttrening med både Bjørk og Plask. Eg har innført dei i makkerjobb begge to, dei må jobbe i lag ute i feltet.
Både Plask og Bjørk må søke i lag ute, Bjørk har  ligge på vent på dette momentet, men no må eg prioritere det veldig høgt. Eg passer også på å lære dei ikkje springe direkte mot kvarandre i det dei går ut, men vinkle godt i anne retning.  Ja det fungera Plask lære kjørereglane fort og ho klare no fint å jobbe i lag med Bjørk. Plask jobbar nok litt fortare også ho plukkar fort inn, det skjerpar Bjørk over tid, så no ligg Bjørk ikkje i vente posisjon, men ho jobbar effektivt og raskt i lag med Plask.
Bjørk for i tillegg ein god del meir trening enn Plask, Bjørk må bli sikker å raskt på alle signal i kjede, å det blir ho. Skal ein lukkast så må detaljane sitte og det må generaliserast, ofte trur vi eit moment sitter som støypt, men er vi plutseleg i eit anna miljø så skjønnar ikkje hundane det.  Litt av fasiten er å repetere, å repetere, jobbe verkeleg intens for å bli god til å lese hund, handle hund.
Eg er heldige som har ein solid grunnmur og kan fokusere på vidaregåande momentet. Ja og grunnmur er som vi veit, hund som kan gå på fot, hund som plukkar spontant og kommer rett heim. Så husk bygg ein god stabil grunnmur, då kan moroa starte.  For moro er det å trene apportering, ein har WT som er skikkeleg  kjekk sport, her har vi også som regel arena for oss sjølv, det vil sei, det er ikkje makkerarbeid her, det gjelde å få inn sin apport fort og med få hjelpemiddel og som oftast er det 5 poster.  Så er ein heldig å har ein god retriever så må ein bruke den til litt sport :) hundane elskar det.
Vi trena også LP-moment og ja det er bonus, til jakttreninga,  det meinar eg. Bjørk og Plask perfeksjonerer eg ikkje innan Lp-  men eg trenar dei for å trigge dei i holde på konsentrasjonen lenge, den biten trenge vi også innan apportering, holde fokus over tid.
Her jobbe vi med å få ein "god fot" i lp trena vi det mykje, så her er bonusen til jakttreninga, ofte vi droppar den på jakttrening, vertifall no om vinteren. Eg jobbar med å få til rute momentet på begge to, det er vell det momentet Plask ikkje kan av kl 1 momenta, bra nok.  Med Bjørk er det apportdirigering som må lærast, her må ho lære sjølve øvelsen, for alle dele momenta kan ho. Vi har å jobbe med :) og eg har komt eit steg nærmare fasiten med å huske på rep- rep- rep, då blir det veldig bra !
 
 
20.11.2018
Plask vente på tur :) eller sin tur. Eg trene Plask og Bjørk i lag, så eg har derfor privat makkertrening ;) hi hi det treng eg.
Trene hund er både moro og ikkje minst så gir det eit flott forhold og samarbeid oss i mellom. Både hundane og eg har stor glede av denne trening. Og bonus ein hund som går å vente på vi skal finne på noko i lag  :) samarbeid og bestevenn blir det. Både Plask og Bjørk blir trena mot AK, Bjørk i tillegg til å bli klar til EK, når vi kommer oss dit, ja målet er å komme oss dit å klare å hevde oss på prøver. Vi trenar også no ein del  LP-moment og det er bonus både til samarbeid og til jakttreninga, dette med å trene litt uthaldenheit og  presisjon kommer også godt med i jakttreninga vår. I AK og EK krevjast det ein jaktfot som er på høgde med ein god fot på lp-bana, så bonus er det. Vi jobbar mot å starte i LP i mars, så mål å trene mot er veldig greitt å ha. Klubben har fått slikt fint nytt inne lokale så det er bra kjekt å trene inne.
Det er likevell Bjørk som for mest trening fortida, henne kjøre eg no for å komme  vidare å bli god til vi havnar i EK. Det eg manglar med Bjørk er makkerarbeid så her må berre Plask moden så eg kan nytte henne :) Plusset vårt er at dei veit kva det vil sei å vente på tur, så for meg i år har det vore mest singeltrening og det har fungert bra, hundane er trygg og rolege sjølv om vi er på ei trening med mange fleire.
Eg rullerer plassen eg trenar på, dette for at momenta skal bli generalisert. Dirigeringstrening eller lystre signal er det eg jobbar med for tida på Bjørk. Det virke som ho blir tryggare  på kva ho skal/ eller ho lære å bruke ting i kjeder som vi har lært inn frå sit. Min jobb er å bli flinkare til å handle hund, ein hund gjer alltid sit beste å så godt han kan.
Største utfordringa er å få hund til å springe mot eit mål, lære hund å sikte rett å lære meg å finne eit riktige punkt å sende mot, å kvalitetsikre at vi sender rett.
Perfeksjoner meg sjølv og ikkje hund, dirigering er det eg som styre ikkje hund. Målet er å alltid kjøre rett linje på første forsøk ikkje på tredje. Eg har kjørt ein del blinde linjer på Bjørk, det vil eg ikkje gjer så mykje av lenger, eg vil heller bruke meir minne. Bjørk går fint blinde linje, det skal vi gå flott på prøver, klart ei og anna blid skal vi kjøre, men det ingen vits å kjøre blinde tre forsøks linjer på trening, det skaper adels feil innlæring sett med mine auge.  Handling blir til førstehjelp går ei linje på prøve feil, ein kan også få oppgåver på ei prøve der vi skjal stoppe hund å kjøre den i ei annen retning, eller stoppe før ein skog for så kjøre rett inn, eller vi kan stopp for eit nærsøk, alt dette er handling, men målet er å sleppe å handle så mykje på ei lang rett linje.

For dei som vil sjå Bjørk på film der vi setter samen diverse momenta som vi har trena inn frå sit til kjede, her var alt plassert ut blindt medan Bjørk ligg i bilen, avstanden er også mykje lenger enn filmen viser intrykk av, dette er på grunn av optikken eg brukte på kameraet,  sjå film her >>>

Etter slike terpe økter, kjøre vi alltid lange rette linjer uten stopp.  Dette er eit minne punkt og hundane var der for ei veke sida også, og vi sette ut dummy før vi gjekk tur (tre timar tidlegare) vi gjekk ikkje same vegen tilbake, vi gjekk framover og kom igjen på ein annen stad. Optikken på kameraet lure oss, men linja er ca 280 meter og hundane brukar neste eit minutt på fram og tilbake. Bjørk tar ei lita pause på veg ut, ja ho stopper litt og ser seg tilbake og ser eg vil ha ho lenger ut, dette burde ho ikkje gjer, men eg ser igjennom fingrane her, målet er at ho helde retninga og ikkje stopper opp for lenge. Plask tar linja som nummer 2, henna linje er lekker mildt sakt, det vi ser på filmen ser eg ikkje med auga når eg ser utover, tenker på då på apport opptaket og vendinga tilbake, lekkert, sjå film >>>
 
15.11.2018
I går var bjørk 4 år, tida flyge så fort. Gårsdagen var aktiv vi både trena litt jakt og vi var på litt lp-trening. Det er så kjekt å trene hund, å samarbeid for ein som bonus når ein aktiviser hundane med noko som dei likar og ikkje minst vi likar. Bjørk er ein herleg hund å jobbe i lag med, ser dokke på filmane så logra ho alltid, like glad, ja sjølv når ho er litt usikker på arbeids oppgåve gjeng halen på henne.
Bjørk vil være 100% sikker på arbeidsoppgåva og konsentrera seg godt om kva ho skulle og er det rett det ho gjer, her har Bjørk eit ekstra gen :) Dei fleste andre hundar prøver og feilar i eit sett, Bjørk kvalitet sikrar arbeidet sit og det kan være litt krevjande med hund som alltid vil gjere alt heilt rett. Det positive er at når Bjørk er skolert så blir ho best i klassa på grunn av dette med god fokus og gjennomtenking av vi gjer alt rett. Usikkertheit blir blåst bort når ho veit og er sikker på at ting går rett føre seg. Være hundetrenar handlar mykje om å tilpasse trening til den hunden ein trenar.
I går trena vi litt teikn igjen, målet er ho skal ta teikn å signal godt på 100 meters avstand, det er årets treningsmål.  Vi tar av og til litt film for å analysere treninga og forbetre treninga til neste gang også for å huske på korleis vi trena sist.  I går var det store utfordringar, men Bjørk slepte taket fort idet ho hengte seg på, å eg er derfor veldig tilfreds med det, her er det berre å stå på vidare med å gi forskjellige oppgåver nært på og etter kvarandre. Litt film fra signal og handlingstreninga vår >>>

Etter denne treninga der det blei mange stopp for å få ny kommando, måtte eg låse opp igjen å kjøre lang linje utan at eg skulle blande meg. Linja la eg medan hundane låg i bilen, eg har også tenkt progresjons, oppgåva dei fekk var ikkje enkel, blind 300 meter, Bjørk er eigentleg  veldig flinke å springe veldig rett og langt, det kan ho, men eg brukar mykje mål å sende til, sløyfe der ute som vi siktar på  og i går hadde den blese bort, ingen sløyfe å sjå når eg henta hundane. Eg måtte pysje på Bjørk og det viser eg på filmen, Plask ser på, ho er ung og eg ville ho skulle følgje litt betre med, derfor tar eg henne på fot slik ho ser Bjørk jobbe. Plask spring ikkje så rett som Bjørk ho legg seg opp i vinden. Farta til Plask er rå også arbeids moralen, roa i vente situasjonar osv. Plask er min helt. Her er filmen med blind lang linje>>>>
Ei lita dose på Plask med momenttrening, både sideteikn og nærsøke frå sit.
Plask trenar eg aldri stopp på i arbeid, ho skal kunne fleire ting av det som skjer etter ein stopp før eg montere stopp inn i arbeidet. Her er ein liten nærsøk film av Plask, mini dummyen er dekt med gras ikkje synlege mål, Sjå filmen her >>>
 
13.11.2018
I går var vi å trena LP, både Bjørk og Plask. Målet er å starte på lp-konkurranse til neste sesong. Bjørk fikk ei økt først, eg tok litt slik test om kva kan ho, eller kva har ho lagt på is :) Eg har trena lite LP med henne i år, rekk ikkje alt.. Vi har mål om å konkurrere litt i kl 3 for å sjå om vi liker det og for meir motivasjon etter vi kommer oss i gang med treninga. Bjørk kosa seg, ho stråla og sto på i all trening som eg gav henne, herleg.
Etter eg hadde trena Plask tok eg henne inn igjen og prøvde henne i tunnel, dette med tanke på at rekk vi det så kjøre vi litt rallytrening også, eller blir LP litt vanskli i kl 3 tar vi rally som erstatning :)

Plask har trena LP fleire gangar og ho har talent, god konsentrasjon, fart og det ein treng skal ein holde på med sport uansett kva det måtte være. Plask skal gjererast klar til kl 1 start.  Ruta er vell det momentet som eg vil jobbe inn litt overalt  og er vell det momentet eg føler  eg må jobbe litt ekstra med skal det ikkje bli eit null  moment. I går trena eg ein god del fot langs veggen, dette for å unngå at plasseringa blir for langt til venstre, Plask var flink. Til neste økt skal eg ha fokus på belønnings intervall i fot treninga og kva eg belønnar, også ta opp igjen ein del leik med Plask, livet skal jo være ein leik :)
 
 
11.11.2018
Fin fellestrening i dag med 5-6 deltakarar. Hund var Bjørk, Plask måtte trene på å være heime.
Bjørk er ferdige med løpetida og går litt inn i mit tempo modus, det er ikkje unormalt for tisper, det er vell det vi kallar normal adferd på tisper, det skille seg nok litt frå hund til hund. Med Bjørk merker eg det godt og har derfor bestemt meg for å kjøre henne/trene henne mykje likevell sjølv om ho har eit litt for behageleg tempo. Vil også fokuser på kondistrening slik ho ikkje legg for mykje på seg.
Over til treninga så er Bjørk fantastisk behageleg hund å ha med, ho stressar ikkje, ho held seg roleg på fot uansett kva det er som skjer.
Vi starta med utsending til felt, lang transport linje før hund skulle søke, minst 150 meter til feltet. 5 hundar på linje, Bjørk blei sendt som nummer 2 på første sending, Bjørk henta 2 frå denne avstanden og eg gjekk så fram 40 meter og kjørte kortare den siste, dette for å holde oppe tempoet på henne. (eg ønska ikkje å få fram ein stopp å snu seg for å vente på ein ny beskjed) derfor gjekk eg nærmare målet som var felte der ute.
I dag var det fokus på linjer og lange linjer, det er ikkje den optimale momenta for Bjørk når ho er i denne fasa, men ho kan oppgåvene så ho må berre utføre det ho for beskjed om. Bjørk var veldig flinke, eg er stolt av det ho gjor i dag, ho hadde rette linjer om ikkje farta var den største så var momenta perfekt, linjene var også mykje halvblinde/blinde.
Vi rakk ein del på denne trening, så kvar sin markering i skogen blei det, det var moment med ei djup grøft som måtte passerast. Etter på tok vi momentet med å kjøre til grøfta, stoppe hund likefør og la hund nærsøke i grøfta. Ei god økt med generalisering for Bjørk sin del.
 
09.11.2018
Litt trening blir det på oss (i går hadde hundane heilt fri) det er også viktig.  Onsdag  var vi i veg for å ta oppstillingsbilde til den nye flatboka, men vi må ta nye vi er ikkje nøgd med kvaliteten på bilda, hundane ser ok ut, men bilda har for dårleg kvalitet til at eg vil bruke dei i boka, så neste veka må vi prøve på nytt. Her er bilde av Bjørk klipt i det formatet som dei skal sendas inn i 10,5 x 7,5 No har dei trena begge to på å så, så då går det vell greit neste gang, når vi brukar rette optiken og høgda på plaseringa av kameraet.
Etter fotograferinga, blei det ei korte økt med trening, det blei litt markering og eg prøvde Plask på litt nærsøk signal. Ho reagere lyn kjapt på signal, men litt problem med å holde henne i det området som eg vil ho skal søke, det er ikkje så rart ho må no lære korleis ho skal leite. Så her skal vi jobbe litt framover med skjulte apportar og søksignal.

I dag sette eg av tid til å trene linjer og det blei ei fin veldig vellykka økt.  Måle med treninga er at hund skal lære å springe rett å langt utan å søke seg fram til apporter. Når dette er på plass er det handling og styring kommer inn, men delemomentet spring rett og langt er veldig viktig for meg og mine hundar. Eg hadde lange avstandar på to linjer og to linjer med litt kortare avstand. Ei av dei lange gjekk over ei stor djup grøft og her kjørt eg kun Bjørk. Ei anne linje gjekk over ei elv, «gåvann» i elva.  Eg plasserte ut alle dummyane medan hundane låg i bilen.  Eg har lært hunden å springe mot mål og måle kan være  ein pinne med snitsel på, i dag sette eg ei kvit bøtte på pinnen.  Alle dummyane ligg på linje etter sikte målet. På dei lange linje er det  ca 150 meter.  Etter første omgang legg eg ut igjen, då tar eg vekk bøtta og kjøre kun på snitsel.  Både Bjørk og Plask spring sikkert og rett, ingen stopp før dei tar dummyen i farta og rett heim. Godt arbeid av begge to.
Her er det nøkkelen min ligg for at eg skal lykkast med hund, eg må tørrtrene opp og i mente på dette å sende hund i rett linje mot målet.
Både Plask og Bjørk er veldig roleg i passiviteten og dei finn seg i å vente medan eg kjøre Bjørk og omvendt, dei legg seg berre ned utan noko som helst beskjed, ja for å vente på sin tur ! Herlege hundar eg er stolt av.
 
 
06.11.2018
I går var både Plask og Bjørk med på tur og litt trening. Bjørk har jo hatt løpetid og fritid ingen trening når ho har hatt løpetid.  Bjørk skein som ei sol når ho oppdaga at ho fekk være med meg og Plask på tur. No startar eg der vi slapp med Bjørk med trening tenker vi jakt, målet er å komme seg til Bergen i mars og ja det skal vi og det passa jo veldig bra at ho blei ferdige med løpetid, då blir vi god til Mars :) Og målet er å bli god på å "sikte", eller eg blir god på å sende hund rett :) ..  he he  slik vi slepp å handle. Frå spøk til revolvar, vi var i gang med signal terp eller montere momenta som kommer etter ein stopp, det skal vi forsette med å bli god på, så mange treningsmoment og moduler må vi jobbe med til neste prøve.
Sidan det er lenge sida eg har trena Bjørk starta eg med linje, korte og lange + eg kjørte litt nærsøk. Bjørk er veldig bra på det ho er trygg på så dette blir bra, eg kommer til å starte igjen med signalterp og montere det samen i lange kjeder. Spesielt dette med ein 90 graders vinkel 100-150 meter ute, eg ser at på lange avstandar har ein verkeleg bruk for dette, slår det i vitring i nasa kan hunden tvile litt skal eg apportere, skal eg høyre på mor :) ja her må eg vite kva eg gjer. Spring rett frå til du finn noko var det eg trena i går, det vil sei eg brukte ein målstav med snitsel i + eg brukte kvite dummy som står på marka. Eg sende også til tre som referanse og til å passere tre, for meg er det viktig å ikkje lage mønster, slik at hund trur «der ligg det»
Her er ein liten film av den lange linja  frå ut treninga  av Plask og Bjørk, eit lite klipp først av dummyane på marka, så fra plassen eg sende frå. Eg sette ut dummyane, så gjekk vi i bilen etter nista og kamera stativ, ei lita matpause før eg kjørte linja. Bjørk tar inn nummer 1. og 4., Plask tar 2 ,3 og 5. avstanden er  ca 150 meter. På filmen ser eg kor beint Bjørk spring ut, Plask legg seg opp i vinden til venstre for dummyane, kvi for er eg usikker på, om det er fordi seg sender ho skjevt ut, eller det er at ho vil bruke vind, linja er lang og rett med henne også. Linja til 2 og 3 til Plask er ikkje slik eg hadde tenkt det, men nummer 5 så kommer det seg, flinke hundar  Sjå film her>>>>>

Plask var også å trena Lp i går, det like vi. No er det fokus på å bli klar i kl 1. til deby, 2 og 3 mars 2019 då skal vi til Fræna på LP-prøve. I går trena eg fellesdekk med henne, masse urolege hundar rundt henne, ho ligg fast som fjell.  Mål må ein sette seg, då går det så mykje enklare framover med treninga, det å strekke seg etter noko hjelpe på. Trening er ferskvare, om det er apportering eller lydigheit, og eg oppleve det som det går litt hand i hanske dette med å trene litt av kvart. Jakttrening består også av mykje lydigheit og eit godt samarbeid, det vil då sei eg meinare at det kun er bonus å trene litt av kvart.
 
04.11.2018
Ein fine dag ute med veldig bra temperatur for å være 4. november, fin trening var det. Plask er ung og det glømmer eg ikkje av i treninga når eg trena henne, perfeksjonisten i meg kan både være bra og til furestasjon for meg sjøl og andre. Vi starta med ein fin økt jaktlydigheit 6 hundar, godt leda av ein treningsvenn, Plask er flinke og fungerer veldig bra i gruppe når vi trena, ho er flink å følge med på det som skjer, held fint posisjonen ved sit og kommer fort på innkalling når det er henne tur.
Vi
forsette så med ei lita økt der vi hadde alle 6 hundane i jobb/passivitet, linje og ut sending langs linja, det fungerte bra for alle. Plask fikk sjå når dummy blei droppa, ho sprang rake linje fort, griper dummyen fort og vender rett heim i stor nok fart.

Fokuset skulle være på markering og linjer for min del.

Vi starta med markering på linje to enkle
og avstander var stor, men vi hadde god oversikt så momentet skulle være løselig for oss. Vi sleit det blei mykje vanskelegare enn eg hadde tenkt meg, og eg blir alt for lett frustrert og tenker at dette var ikkje bra. Eg burde nok bygd litt betre på dette momentet og det er eg som har ansvar for læring på Plask, kun meg sjølv som har tenkt feil når vi ikkje lukkast, hund gjer alltid sit beste. Momentet var først å hente den første så få ei markering lenger ute, såleis trene på å springe over vitring, Plask markerte dårlig på begge to, gjekk over i søk og fant ikkje noko, eg valgte då å kalle inn. For å prøve på nytt, eg var også på bikken til å legge dette momentet på is, i situasjonen følte eg meg frustrert og då er eg dårlig som fører, Plask kan la seg påvirke, og det er ikkje så lurt. Heldigvis løsna det og vi fekk til ein super avslutning med to svert gode apporter som ho markerte. Eg hadde også lagt ut to dummy bak som eg sendte på etter alt dette styret vårt, her gjekk ho snorrett og trygt.

Så ei økt som kaster, og på igjen med ein nye markerings økt, her hadde
eg heldigvis landa og framsto som trygg og handlingsfør.
Eg gjekk meg ut eit par dummyar til linje, dei plassert eg ca 10 meter bak ein retningspinne og avstand ca 40 meter, bak pinnen plasser eg dei av årsak, eg vil ikkje venne henne til å springe til eint punkt å gjer funn, men forsette rett også etter eit mål. Vi var passive medan 3 hundar før oss fekk sit markeringsarbeid, så blei det Plask sin tur. Plask fekk to apporter på rad som ho ikkje markerte, eg valte å sende henne likevel, men så fort at ho var i villreie sprang liksom berre ut å starta å søke på feil plass. Eg kalla heim begge gangane når ho var i søk, det gjekk bra og ho kom ganske raskt heim. Så klarte vi endeleg å markere, eg la merke til at ho markerte å sende henne sikkert og var vist på at ho spikra, og det gjor ho, Plask bringa heim 4 apporter der ho spikra, "markert", så vår jobb blir å bli flinkare på å markere.
Dei to rett ut, tok eg inn i mellom og linja var rak og rask, så dagen blei fin og kjekk for oss
:) Bygge unghund er moro, grunnmuren er ikkje ferdig enda og eg kan love den blir solid, Plask har talent.
Vi er ferdige med treninga i dag og Plask er plasert i buret sit, gode fine Plasken min :)
Neste veke blir det også trening på Bjørk, då kommer vi til og forsetta der vi slapp, og då blir det vell litt om Bjørk også her.
 
02.11.2018
Vi eg og Plask, grunnsteine skal ligge fast og fin, det eg veit som ikkje er så bra med oss når eg tenker på det nivå vi er på, er ro ved holt, her har eg etablert ein mase adferd på Plask som eg må få bort. Plask er rask og eg er rask på å svare på henne mas eller vi makker i lag uroleg rundt fot. Her må eg ta tak, dette går ikkje. Eg veit om feilen vår og eg har ikkje tatt skikkeleg tak i det endå, men no er tida kommen. Vi tok ei lita økt i skogen i dag der fokuset var fot og ro ved holt her må eg jobbe og eg har starta, eg filma meg også for å sjå korleis det ser ut når eg fokusera på dette momentet >>>>
 
 
31.10.2018
To dagar med kvile på Plask, men i dag klarte eg ikkje å dy meg måtte trene litt.. mildare i lufta og bra meldingar utan kulde nokre dagar til, det liker eg. Har hat kamera i bilen lenge for di eg skule ta nokre nye bilde av Plask og i dag var det både vær og lys, synd eg ikkje hadde noko som kunne hjelpe med oppstilling, då eg må ha bilde til raseboka flat, eg for hyre med noko snart.
 
Det blei ei lita korte økt med linjetag på Plask, Plask er litt som Arwen var ho kan springe fem gangar langt utan å tenke så mykje over kva ho gjer, Plask gjer det med den same farta utan å tvile så mykje. Likevell går ho ikkje opp i stress, Plask er roleg når ho ventar på å få neste ut, dette liker eg godt. Eg kommer likevell ikkje til å misbruke dette, men det er ein fin måte å lære hund at det er noko der ute berre å springe rett fram. Bjørk har eg ikkje trena slik, henne har eg kjørt til mål, åja lange mål og beine linje har Bjørk så ingen feil har eg gjort i treninga av henne. Eg kommer til å bruke begge deler på både Plask og Bjørk, ingen av dei to byter så dette er med andre ord trygg trening for dei to.  Har ein hund som teller eller søker vidare, er det lurast å bruke kun ein dummy, det kan også være lurt å starte med ein til ein kjenner sin hunds vaner.
I dag la eg ut 5 dummy til Plask, brukte ikkje altfor lang linje, vil ikkje bruke for lang når hund spring så mange gangar, men bruker eg 2 eller 1 vil eg kjøre mykje lenger, dette er mine tankar for å holde oppe tempoet og intensiteten.  På den femte dummyen nøla ho litt og då gjekk eg eit par meter fram og gav ho litt tid. Film har eg for spesielt interesserte >>>
29.10.2018
To flotte dagar med sol og hundetrening, hund Plask, Bjørk har løpetid ennå og ligg på lading.
Plask liker eg berre betre og betre, veldig bra hund å jobbe med, og det seier eg på grunn av erfaring frå fleire hundar og kva som er best å få til med minimalt energi.  Hæ.. minimalt med energi, grunn, Plask har fått utdelt sin kvote med riktige eigenskapar. Her tenker eg på ein veldig fin ro og passivitet når annen hund er i jobb, og også vente passivitet. Er vi over på det som er synlege i jobb, så har Plask stor spontanitet, ho har bråvending etter apporten er i munn, ja sjølv om ho ser nummer to apport, og grepe om dummyen er perfekt og godt vektbalansert, avleveringane er også naturlege og fine i hand. Farta er god. Utruleg heldig eg er med henne og vi har også klart å utvikle eit godt samarbeid.
Søndag og i dag klarte vi å samle litt likesinna til eit par økte med trening, å det setter eg umåteleg stor pris på. Ei og anna fellestrening er så viktig for å få generalisert det ein trena på og ikkje minst rullere kvar fellestreninga er, dette med å takle forandring og miljø er Plask flinke til.
Å ja eg har det i bakhovudet når eg legg opp trening for Plask, fellestrening er til for å befeste adferd  i alle miljø og i lag med andre hundar. Her som vi var desse to dagane har Plask aldri vore før, det er som å komme på ei prøve, der har vi heller aldri vore før.

På søndag var det start med jaktlydighet fot på linje, litt innkalling, bra opplegg og fin oppvarming. Vi var så pass mange at vi delte inn i to grupper og vi tenkte litt linjegåing med to kaster ein på kvar side, ein hjelpar som styrte linje og kastarane, så nokså proft blei det for Plask. Minuset var ei kraftig lav sol ( eller det var ikkje noko minus) men det var litt umuleg å markere i sterkt lavt motlys frå den fine sola J Plask fekk derfor ikkje inn alle markeringane ho skulle, men ho jobba beinhardt i søket etter dummy, så eg var veldig nøgd, og brukte situasjonen til å kalle heim hund tom, makker som hadde dirigerbar hund og også hadde markert fekk ta inn dei to dummyane vi ikkje fekk inn. For meg så var dette veldig god makker trening, det å få inn tomhund (søks villing hund er også eit moment) Vi hadde også to linjer bak, ei rett bak og ein på skrå, som vi tok inn i mellom kasta. Den første linja sleit eg med, og slik er det ikkje alltid alt går på skinner, den andre på skrå tok vi rimeleg rett.  Så snudde vi linja og fekk sola i ryggen og apporter mot litt betre referanse og med god lengde, då vist Plask fram eksellent arbeid.
Så blei det ei økt som kaster og kaste liker eg så det er også moro på ei fellestrening få gi litt!!
I dag måndag, starta vi med eit stort felt, vi sette hundane på sitt ( 4 eller det var 5) vi la ut 28 dummye i diverse størrelsar. Ja og etter min logestikk, den er eg nøyen på, det hjelper veldig på når vi har igjen ein eller to dummy og skal sende ein hund etter siste apportane. Felte var i ein lang motbakke så dummyane låg ikkje så tett sjølv om det var mange. Plask og makkerhund, starta og dei plukka inn 7 kvar, Plask var effektiv og veldig flinke, eg sende henne med søkover kommandoen, og eg testa søk i retning kommandoen min, ja den funka også. Det som er lekkert er når vi kjøre hund ut med så mange dummy og den brå snur rett heim etter funn, ja det er så herleg, fløyta kunne ligge heime i dag :)  
Neste par plukka inn 6 kvar veldig flott arbeid av dei også, så tok ein flinke elite hund, resten .. utruleg kjekt å sjå så mykje flott hundearbeid av alle.

Siste økta var det markeringstrening, her kasta vi også til kvarandre, veldig kjekt å være kaster å sjå korleis hundane løyser apportane, markerar og søker og gjer funn for så å dra rett heim. Retrieverane er ein fasinerandes rase når den for lov å gjer det den er avla for. Plask hadde makkerhund på markeringane, det gjekk ei dobbel og vi tok inn kvar vår for så å bytte side og ta den andre først. Plask markerte godt og ho er blidt så mykje flinkare til å holde eit tett område i søket, så tydleg erfaringa og treningsmengda gir flinke hund til slutt. Eg kjøre mest kun enkle markeringar på Plask, grunnen er at ho har hatt ein tendens til  springe litt for langt og eg ville trene henne meir presis i markeringsarbeidet. Eg kjøre heller ikkje bryte forventnings trening på henne, ho treng det ikkje, vi er 100% tyst og roleg på fot, skal eg bruke distraksjonen på «ut» så kaster eg ein veldig enkel markering med svert god referanse som er lett å huske.
Hund er  individ, ingen er like !
 
 
25.10.2018
Det å bygge vidaregåande hund er moro, eg har fokus på det no når eg trenar Plask og gjer så godt eg kan for å få det som eg vil. Det er eigentleg ikkje så vanskeleg berre vi veit korleis vi ønskje vår hund skal bli og det handlar om å etablere riktige vaner til dei momenta vi lære frå oss. Vi har feltsøk, vi har markering, vi har dirigering, og fleire varianter inne disse momenta.
Trene hund er moro og for meg er det ein god del perfeksjonisme med i vidaregåande trening, men målet er å komme så lang som råd, og då er det perfeksjonisme som teller, avlæring føre sjelden fram, det føre til frustrasjon og usikker hund. Være tydelig, framstå som sikker, trygg og legg rett opp treninga for det individet ein har. ( det kan nemlig skille seg fra hund til hund)
Med Plask trena eg alle momenta som vil komme på ein elite prøve, det vil sei det er små byggeklosser som blir montert i åra framover. (Med Bjørk er eg monterings nivå.)

I går trena eg linjer på Plask og det å forsere hindring, og ikkje minst holde samme gode linje heim.
Eg har laga ein liten film der eg synar korleis eg bygg linjer med hindring, hindring denne gang er ei elv. I dette høvet går eg fot fram til elva og kaster i linje rett fram, NB ! ikkje kast til sides, då legg vi til rette  for feil linje heim også søk der ute. Tema er rett ut og rett heim, «ikkje søk», søk er eit tema for seg sjølv. Eg brukar også kamera der ute for å sjå det eg ikkje ser, td. søker hund vidare etter den har apportert, bytter hund apport ? ja dette passer eg på, har vi eit slik problem, så må vi bruke kun ein apport.  

Plask sin linje på film, også det som eg ikkje ser fra der eg sender, to kamera brukte eg>>>>
 
23.10.2018
Eit par dagar med treningsfri må til inn i mellom, i dag var det tur på Plask og vi hadde med Rally som springe kompis, trene litt kondisjon for vi kalle det. Bjørk har løpetid og lyt berre kvile seg til ho er ferdige  med det, det vil sei ho for ikkje være med å springe laus på tur. I går var det litt LP trening på Plask,  tok ei økt på klubben, med hopp, ruta, før det kom andre, etter det trena eg enkel dekk medan andre hundar og folk var rundt henne.  Til slutt kunn være roleg i lag med meg medan vi prata litt med dei andre. Flinke Plask.
 
20.10.2018
Bjørk har fått løpetid og ho for såleis ei pause i treninga, det trenge ho :) I dag blei Rally veldig glade ho fekk nemleg være med i staden for Bjørk. No når eg tenker AK på Plask så er det nødvendig å lære henne å forhold seg til annen hund som jobbar, derfor gull å ha fleire hundar som ein kan nytte til dette. Det er ikkje så nøye om alt er perfekt når vi trenar, det er situasjonane og det å vente på tur, være tyst og ikkje legge seg opp i andre hundars jobb som er momenta med annen hund. Når eg lære inn momentet er eg og Plask åleine og det skal vi gjer mykje av i vinter, ro og full fokus på perfekte moment.
I dag sette eg opp kameraet for å sjå korleis Plask klare å løyse ei oppgåve der eg kasta vilte skjult inn i ei busk, Plask såg ikkje kvar eg kasta, ho sitter ca 50 meter frå meg i lag med Rally. På filmen ser vi først når eg kaster, så Plask som leitar lenge og vell etter noko, så Rally og tilslutt Plask igjen, no går Plask mykje raskare direkte i buska for å leite, så ho lære fort  >>>

Dette med å bruke skjulte kast eller vanskelege kast inn i kratt må vi bli flinkare på, det er dette som for opp intensiteten og evna til å gi raske funn, ikkje berre spring å hent på ei mark. Og i verstefall blåse i fløyta og be hund plukke opp :) det er enkelt å få til på hundane mine som er så villige til å jobbe i lag med meg, men eg lure meg sjølv ved å hjelpe dei i hel :)  hi hi..
 
 
19.10.2018
I dag har Plask og Bjørk trena litt med vilt, har plutseleg full frysar med vilt så no kan ein ikkje skulde på viltmangel :)  Bjørk har veldig fine avleveringar og legg aldri ned vilt det veit eg og eg er derfor trygg og roleg når ho kommer mot meg med eit vilt. Eg brukar å filme meg sjølv ein del når eg trenar, dette gjer eg for å rette på mine feil og det har eg stor utbytte av. Eg ser på filmane at eg har ein liten tendens til å fange vilte under avlevering med Plask, det hadde eg ikkje lagt merke til hadde eg ikkje filma Bjørk også, der er vi så rolege og har så fine gode avleveringar. Eg har derfor sett meg mål om å skolere fine avleveringar på Plask også, det kan være litt vanskelegare enn på Bjørk, Plask er nemleg så mykje raskare i alt ho gjer og det blir ho også på avlevering, derfor må eg jobbe mest med meg sjølv korleis tar eg i mot frå Plask og ikkje forsterke henne skunde seg adferd !
Linjetag det var ein øving eg trena ein del for mage år siden, la det litt på hylla fordi eg ikkje ville ha søk framover, kun søk ute i området og har derfor brukt mykje mål å springe til, sløyfe i tre/ pinne med sløyfe på, kvit bytte som var synleg på lang avstand. Det har fungert fint og Bjørk har lange fine linjer. No har eg derimot vore på kurs med Åse .. då var det kvite dummy og linjetag på nytt og eg prøvde det på kurset på Bjørk og den funka fint, hund ser neste dummy i det han hentar dummy, derfor lett å få til å springe på nytt.
Eg kommer derfor til å prøve det ut ein del på Plask, for å sjå om det kan være ein bra måte å få lange gode linjer på. Plask henta 5 her, filmen viser dei to siste og dei var ikkje rette linjer etter min mal, men det kommer med erfaring, dette er langt ca 100 meter så bra er det likavell >>>>
 
 
15.10.2018 
 
Oppdatering fra Bergen, 1.plass Flatcoat-Arwen's Plask, Ann-Olaug Toftesund / 16-19-20-20-19 Totalt 94 poeng. Det vil sei vi vant WT !   1 WT- BK på Plask, Yes!

Vi har vore i Bergen på WT, Plask i BK og Bjørk i AK, Plask var rå flinke, post 1 var ein lang enkel markering i ein unnabakke, landa i eit område med stritt gras, Plask jobba veldig bra og fort, det tok litt tid for henne å finne den, men 16 poeng fekk vi inn på den posten. Resten av postane spikra ho, post nummer 2, litt fot gåing, så ein enkle markering, her trekte dommar 1 poeng på grunn av vi kunne gått litt betre fot :) 19 poeng. Post 3 enkelmarkering, Plask spikra perfekt 20 sa dommar ( men vi har fått 10 poeng på det som ligg ute, merkeleg) men men.. post 4 og 5, 20 og 19. Plasken plaska i veg i skikkelig plaske vær i Bergen. Nummer 3 av 20 i BK er ikkje verst det heller, men med 10 poeng som eg sakna ville ho truleg vore nærmare toppen :) 

Bjørk var råbra ho også, dei to første postane henne var vanskelege og vi hadde ikkje flaksen på vår side med kasta :) og Bjørk måtte jobb for å finne dummyen, men ho held område veldig bra, godt jobba av henne. Dei tre neste postane viste Bjørk fram kor bra ho er ! Veldig flinke! (eg kunne kanskje vore litt flinkare på post 1 og 2.) vi blei nummer 5 med godkjent WT i AK så nøgd er eg !

Det er moro å oppleve at brikkane dett på plass etter målretta trening.  Ein må berre være tolmodige og derfor  gir eg ikkje opp om ikkje alt går på skinner. Trene hund er live for meg og det å få reise på ei og anna prøve for å sjå om vi har trena rett gir glede til meg. Eg har reist mykje med Plask i år og vi har  oppnådd  det å bli reisevant, lært seg kva som skjer på ei prøve og no føle eg at vi er på rett veg. Plask toler reise, miljøet som er på ei prøve osv. ja det er ein berre topp.

Bjørk liker å vise seg fram og skjønnar når det er alvor, og ho er berre topp å dra på :) Bjørk er på skolerings stadiet, alt i grunntreninga har ho veldig godt befesta.  Framtida ligg der for Bjørk og i vinter skal vi skolere, film og korleis vi trenar blir å finne her og på youtube kanalen min.
 
Plask med den fine premien fra Bergen. 
 
 
06.10.208 
Plask og Bjørk er gode venner og nokså like i adferd :)
 
No er eg og Bjørk starta å terpe på signal, vi har tidlegare kjørt på lange linjer og trena mest signal frå sit, no monterer vi og generaliserer, det er ein jobb, men vi er i gang. Dette må vi faktisk bli flinkare på, men den som jobbar blir flink!
Bjørk mengde trenar eg på det eg vil ho skal bli god på, Bjørk er ingen duracell hund
  :) og må trenast på kvalitet og ikkje mengde, det vil då sei eg må repetere over fleire dagar i staden for fleire gangar på same økt. Målet er raske reaksjonar og holde oppe farta i tillegg spikre inn forståelse av momenta når eg gir henne beskjed om å gå rett til venstre eller høgre. Bjørk er flinke på lange rett linjer og det skal eg gå tilbake til å trene mykje av utan å drive og stoppe å vinkle av. Likevell er vi på generaliseringa av dette og det skal også sitte når eg har bruk for det, derfor må det på plass. Bjørk terpar på teikn >>>>


Være kaster sjølv er eg blidt gode på, ei dobbel til Plask, Bjørk sitt i passivitet. Her brukar eg tydleg referanse for å lære hund å bruke ting i miljøet som ein hjelpar i dybde og retning. Skal vi bli betre på noko så må eg være flinke også på detaljer. Her er ein film der eg kasta sjølv >>> 
I Plask er det masse ungesprell, av og til litt brist på konsentrasjonen, dette blir bedre ettersom ho blir treningsvant, små økter, byte av treningsplass ofte er litt av den metoden eg nytta på henne. Eg synast ho er flinke og ein herleg hund å jobbe med, gir mykje glede til meg.