|
Bishop - Bjørk kullet. Kvalpane kom
4 tisper og 2 hannar
29.03.2018 og dei blir leveringsklare 26.05.2018, alle er bokket. |
|
|
|
kl |
Kjønn |
Merke |
Vekt/v fødsel. |
02.04 |
04.04 |
07.04 |
11.04 |
17.04 |
21.04 |
27.04 |
06.05 |
17.05 |
24.05 |
19.11 |
Tispe |
Nakke |
535g |
770 |
870 |
1058 |
1310 |
1800 |
2350 |
3200 |
4.4 |
5.7 |
6.6 |
19.51 |
Tispe |
Kryss |
447g |
639 |
764 |
984 |
1160 |
1470 |
1850 |
2700 |
3.85 |
5.2 |
5.8 |
20.20 |
Hann |
Nakke |
455g |
610 |
710 |
890 |
1100 |
1460 |
1900 |
2800 |
4.0 |
5.2 |
6.2 |
21.03 |
Hann |
Kryss |
465g |
560 |
700 |
890 |
1070 |
1430 |
1850 |
2670 |
4.0 |
5.2 |
6.2 |
21.32 |
Tispe |
HB |
475g |
660 |
800 |
950 |
1160 |
1520 |
2000 |
2700 |
3.9 |
4.9 |
5.8 |
22.46 |
Tispe |
VB |
433g |
669 |
795 |
960 |
1215 |
1590 |
1980 |
2760 |
3.97 |
4.9 |
5.8 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Pinnekullet |
Tisper
|
Hanner |
Flatcoat-arwen's
Kvae(Nakke) |
Flatcoat-arwen's Bark
(Nakke) |
Flatcoat-arwen's
Kvast
(Kryss) |
Flatcoat-arwen's
Bork
(Kryss) |
Flatcoat-arwen's
Knopp
(Høgre bak) |
|
Flatcoat-arwen's
Kvist(venstre bak) |
|
|
|
|
|
|
29.05.2018
Vekttabellen er oppdatert, kvalpane var veiet den dagen dei var 8 veker
og så gjevne dei har vore, med felles matfat, dette tyder «gjevne
kvalpar». |
No er
kvalpane på veg ut i den store verden, alle er reist utan den tispa som
skal flytte til Tromsø. Vell framme i sine nye heimar og
etter som eg har skjønt så har det gått rimeleg bra å kjøre/reise til
sin nye heim og eg veit at alle har fått gode heimar.
Dette er ein fine gjeng som eg så langt var veldig nøgd med,
kvalpane har slik god ro, dei har fått utlevert god konsentrasjon og den
er god å ha i framtida. :) Alle kvalpane er rå på innkalling, dei kommer
på innlærte signaler fort, i tillegg søker dei kontakt, setter seg og
ser etter øye kontakt. Lett trenet og samarbeids villige og
eg følte at alle kvalpane kunne bli min stjerne !!
Den tispa som vi har igjen her har våre på lang biltur, ho har
vore i sentrum på miljøtrening, gått i kobbel, helsa på mange nye
personar, kjørt personbil, vore på butikk og ho er trygg på det meste,
roleg å avslappa. Ho saknar
flokken sin og vil ha ein person i nærheita, det er ikkje negativt, men
positivt, ho trivast i lag med folk og er roleg i lag med folk.
Miljøtrening kan ein ikkje hoppe over så
det er ikkje noko ein skal utsetje, men tenke på kor viktig det
er, ta kvalpen med på ein naturleg måte overalt.
Eg kommer til å lage til ei side med namn og bilde av alla kvalpane litt
etter litt, er berre litt dataleide for tida, så ting tar litt lenger
tid en vanleg med heimesida mi. :)
|
|
Nakke hann 7 veker,
koseklomp er han :)
|
06.05.2018 |
Kvalpane har passert fem veker og er ein herlige
små mini flatter :) vog dei i dag og dei er veldig gjevne, dei ete i lag
og for ete det dei vil så dette er heilt utruleg, heilt like.
Kvalpane må ut på do fleire gangar pr dag, også maten blir servert ute
er det ver til det. I går var det kjempefint ute vær og vi var mykje
ute. I dag er det regn og det blei
det heile dagen så inne dag i dag. Vi har også denne helga
hat besøk av kvalpekjøparar som har vore her å mysa litt på kvalpane,
det var stas for både oss og kvalpane, kjekt å vise fram slike fine
trygge kvalpar.
Kvalpane har også fått namn og er registrerte i NKK :)
|
|
|
|
17.04.2018 |
Kvalpane vokse og er berre så herlege, alle har
fått utdelt logre hale og dei er så søte der dei sveiver i gang og viser
glede :) Kvalpane har fått
ormemiddel 2 gange og det var
ikkje mistanke om orm og ikkje såg eg noko i avføringa etter behandling
heller, ingen snyltarar på denne gjengen og det er bra.
Kloklippe for dei av og til og dette skal dei forsette med livet ut,
dette må kvalpekjøparane forsette
med (og ikkje utsetje) dei må klippast ofte og lite, mest for at
kvalpane skal bli fortruleg med kloklipp, hjernevaska på kva dei, må
finne seg i. Blir det litt varme i været no så for dei ut etter helga,
kvalpar skal ikkje fryse så det blir derfor ikkje så lange stunda ute,
men tid for litt frisk luft er her, så vi håper vêrgudane er med oss.
Kvalpane er komet opp i 4 faste måltider for dag og nok mat for dei,
trillandes runde og gode.
Om morgne for dei hundemat & Vom, så blir det oppbløyt tørrfôr kl
12-16-20 med Bjørkemjølk etter på.
|
Dei to hannane 29 dager på bilde. |
|
|
11.04.2018 |
I
dag har det vore veging igjen, og kvalpane har fått smakt på litt graut
av tørrfôr, vi i gang med mating, kvalpane er blidt så store så no er
tida der for fast føde. |
|
Kvalp 19 dager :)
Vi har også tatt bilder i dag, så på fjesboka er eit bile av kvar kvalp. |
|
|
11.04.2018 |
Ein herleg gjeng med rolege gode kvalpar, blir
speandes å sjå desse vekse til. Dei virke så trygge og tilfreds, no
reagera dei på stemma mi, det bli fult av liv når eg snakkar og koser
med dei.. Eg ser og opp serverar dei mykje og like er dei.
Når dei flyttar ut er det om å gjere å tenke på miljø, ja kva er det, ut
på tur i by, park, skog, sjø, brygger, båt, tog, buss, bil, hundeklubbar
og sett dokke ned å sjå på livet, kos dokke i lag, kvalpane skal lære å
leve livet ute å la seg stresse opp, dei skal kunne sjå andre hundar
utan å bry seg osv. Hundane skal bli trygge og stole på at
dokke tar ansvaret for fare som oppstår. Dette med miljø går ikkje å
utsette til neste år el. det må ein ta fatt på med ein gang.
Kvalpekurs er obligatorisk, dette er ikkje for å lære kvalpane leike seg
med andre hundar, det kan dei, men lære dei å trene kontakt med sin
eigar når andre hundar er tilstade( leke med sin eigar :). |
|
Hundane mine har orde på seg for å være bra i
stand .. no ser eg at Bjørk fora godt kvalpane også, alle er runde og
gode i hold. |
|
|
Bjørk fekk tilsendt i posten fin pokal som ho
har vunnen fordi vi samlar og sender inn resultat vi oppnår på
forskjellege greiner innan hundesport, Bjørk blei nummer 2 og søster Sol
blei nummer 1, ja ho vant ! Moro å samle resultatet synast eg, og det må
være med eit utstillingsresultat skal vi kunne sende inn. Det
viser at vi har ein allsidig rase som kan brukast til det meste. I år
har eg planar om å gå blodspor med Bjørk i tillegg til å debutere i kl 3
lp og vi skal på WT og jaktprøver, det vi kanskje vil få problem med er
utstilling :) etter eit kvalpekull reiser nemleg alt som er pels og
naken hund stiller vi ikkje på utstilling. |
|
07.04.2018 |
I dag har kvalpane fått sin første kur mot orm,
og eg gav dei banminth, mamma Bjørk fekk også. Dette er
viktig sidan alle kvalpar seies å vær fødde med orm, det kommer igjennom
morsmjølka, kvalpane er ikkje angripne, det ser eg med det blotte auge,
blanke, runde og fine i magane, så ingen snyltarar i store mengder her.
Eg har også klippt klørne på dei, det gjekk greitt,
kvalpane er verkelege sterke
individer, kjente det når dei stritta i mot kloklippen, eg for lyst på
alle samen :)
Stritte i mot kloklippen gjer alle friske kvalpar er dei våken, så
normale er dei, ingen trøtingar dette ! Ein merkar tidleg på eit kull
korleis kvalpane er, og her er det mykje bra! Dei har gode av brytarae,
søv tungt, stormar til matfatet, kjenner dei lukta av mor Bjørk, vakna
og nasa går opp og dei lokalisera for å legge seg å sove ganske kjapt,
lite lyd i kvalpane, dei har det topp tyder det, og dei har fått utdelt
medfødt ro
J |
|
8 dager gamle på bilde. |
|
04.04.2018 |
Bjørk blir kun lufta i band ennå, vi skulle det
til stinga var ute fekk vi beskjed med veterinære om. Vi
passer henne så godt vi kan, ho hadde krage på i ca 2 sek, den tok ho
rett av med ein gang, så det slapp ho, så sett vi på, siglet, ja Bjørk
tok fort av den også, det blei derfor vår oppgåve å passe på henne 100%
så ho ikkje røyre stinga etter keisarsnittet. I dag tok ho så
klart å hoppa opp på bordet for å undersøke om eg hadde rota når eg laga
til maten deira .. eg har passa på henne kvar dag, men i dag i det eg
snudde meg stod ho oppe på bordet å logra som vanleg. Bjørk har ein
fantastisk god spenst, det er bra å ha, ho kvier seg ikkje for å hoppe,
full kontroll på høgda. |
Her går det bra, kvalpane er veldig rolege og
ganske på når dei kjenner lukta av mamma Bjørk. Bjørk er så
roleg å behageleg i sin omgang med kvalpane og det er beste. Ei trygg
mor gi trygge kvalpar, her er ikkje noko som stressar Bjørk.
Mor til kvalpane er den som føre vidare ein god del av adferd,
har du ei stressa mor som ikkje klare å slappe av kan dei før dette lett
vidare. Eg veit kor viktig det er med trygge kvalpar og
trygge mødre, kvalpane skal bli trygge på miljø og sosialt fungere bra i
alle miljø. Og det bli dei som overtar kvalpane her som må sørgje for
det vidare arbeidet, vi legg
eit godt grunnlag, « 24 timars dag i ca 8 veker». Kvalpane
blir også masse handhandtert og det er bra, elles så for dei heilt fred
når dei søv. Vi er mange her i huset, så vant med oss blir dei, men
ingen utanfrå kommer inn til kvalpen før dei har passert tre veker.
Etter det er det positivt for kvalpane å få ein del inntrykk, men ein
skal ikkje overdrive dette, det
viktigaste er å la kvalpane få fred når dei legg seg, dette gjeld
faktisk i heile kvalpen og hundens liv, kvile dei så skal dei ikkje
uroast. |
Ein av gulla 6 dager :) |
|
|
01.04.2018 |
|
Kvalpane har god matlyst og er veldig
sjølvgåande, så det lover bra, glede meg til å følgje dei opp og
framover. |
|
|
|
|
30.03.2018 |
Kvalpane er komet og alle har det bra, Bjørk
fekk store fine kvalpar, vi miste diverre ein kvalp som stod fast i
fødselvegen og den måtte ut med keisarsnitt. Bjørk er flinke
som mamma, men eg må passe på såret hennar og det vil då sei at ho ikkje
for ligge i lag med kvalpane heile tida, men ho gir dei ofte mat og
stellar dei fint. |
|
|
25.03.2018 |
Her ligg dronninga å kvile seg, ja i senga til
Rally. Bjørk er roleg, god matlyst, søv og venter på å bli mamma.
Ute i hagen passe vi på når ho er ut ein tur, her er det mange oppgrevne
holer som ho meiner bør utvidast før ho føder.. så ho veit nok kva som
skal skje. |
|
|
15.03.2018 |
Bjørk har vore på fin rusle runde i lag med Anne
Lene i dag, ho går ikkje så fort, men tar livet med ro som normalt er,
Bjørk er runde og det blir spennandes om ca 14 dagar kva kommer, ho er
nemleg dryge allereie. |
|
|
14.03.2018 |
Ta også ein tur innom treningsboka til Plask,
der kan du lese korleis eg jobbar med henne. Les gjerne også gamle
kvalpedagbøker, eg kan ikkje repetere alt eg har skrive før, det har eg
ikkje tid til, men det kan være ting av interesse eg har skrive før der
.. |
Eg og Bjørk på jakttrening, Bjørk har heilt
sidan ho va lita liksom vist korleis ho oppføre seg, ho har vore ein
svert enkel hund å lære opp. Ho liker å vinne, ho liker å gjere ting
rett, ein slik hund som Bjørk er moro å trene med. Garantien
for at henner kvalpar blir slik gir eg ikkje, men eg opp fordrar alle
som for kjøpe kvalp om å vite korleis dei vil ha sin hund tidleg, og
jobbe ut i frå det. Ikkje starte å jobbe etter ein masse unotar er
etablert og dermed starte med avlæring
J
J dette er ein enkel
nøkkel. Gå gjerne på mange kurs, kunnskap er lett å bære, og
vell instruktør og kurs etter kvalitet og ønskje.
Eg går som oftast frå 1 til 3 kurs kvart år, alltid kjekt å være
elev på eit kurs. Kunnskap er lett å bære, det same er nye kjennskap som
ein ofte for ved å gå på kurs. |
|
Eg og Bjørk på jakttrening, her er ho ca 5 mnd,
sitte på fot kunne ho :) |
Under, mamma til Bjørk "Ranja", og hennar søster
Rally, tanta til Bjørk :) to herleg hundar som er forskjellige i
væremåte, men begge to med det beste gemytt. I eit kull kan
det være litt forskjell på kvalpane, og når eg plassera kvalpane rundt
til dei som er så heldige å få, så blir det etter bruksområde og kvar eg
meine dei passer best. |
|
Eg
opplever
at kvalpar som eg har beholdt heime her med meg,
har dei
utvikla seg heilt rett,
den medfødte ballast som apportør sitter godt fast i genene.
Dei alle
fleste retrievere elskar å apportere, med her tenker eg på samarbeidet
mellom oss. Kva er det ? det
er å forholde seg rolig på fot, rusle i mit tempo, ikkje pipe, stresse
eller legge seg opp i annen hund
sit
arbeid
:)
Hum seier dei fleste, dette er skolering, nei det er ikkje det, det er
forvaltning av medfødt ballast..
Bjørk har aldri
tenkt noko annet enn forholde seg rolig ved min fot, henter
fort og raskt heim det som ho skal, ja dette gjor ho på sin aller første
apport som ca 6 veker og ho gjer det ennå :)
Bilde,
Bjørk som 9 veker
gammel kvalp. |
|
|
I dag er Bjørk målt og 68 cm er ho, og virke no
litt tregare enn normalt :)
Vi passe godt på henne, små rusletur blir det + å lufte seg litt i
hagen, Bjørk har også starter å tenke på bolig.. hagen er full av
tidligere huler som hundane lager seg etter løpetid
J
bra er det.
No er det så hardt og frosset og ingen lett jobb er det å grave, så det
passer vi litt på at ho ikkje øydelegg seg på fast grunn. |
|
10.03.2018 |
6 veker og her er det ikkje muleg å lure seg
unna :) tydleg preg på at det er ein gjeng sorte skatter i Bjørk. |
|
|
05.03.2018 |
Eg passer godt på Plask slik ho ikkje springe på
Bjørk, eller er for hardfør i vendingane når dei er ute. Plask er stor,
ung, stekt og fulle med fart. Her ligg Bjørk på ryggen og kosar seg
med beina rett opp, Plask prøver å få henne til å leike litt, men eg er
ganske påpasseleg og styre dei. Det var vist godt å gni ryggen litt ned
i snøen synast Bjørk. |
|
|
Bjørk vokse så det knakar :) det lover bra. God
matlyst har ho, så ho hiver innpå det ho for og vil gjerne ha meir.
Det er kaldt ute endå og eg nyttar tida til å male litt i gangen min,
Bjørk for små turar ut i hagen og elles rusle turar, ho er vist nøgd
berre ho for mat og søvnen sin. Spreke er ho, men er no
faktisk litt meir forsiktige med seg sjølv, ja eg passer også veldig
godt på henne, ho har slike uvanare/vanar med å hoppe over grinder og
opp på bordet i kjellaren (der eg lagar til maten deira) Bjørk har ein
veldig god spenst, ja det liker eg og det kommer godt med for meg som
brukar henne til sport, hinder, steingardar, andre grinder og gjerer
hopper ho lett over på kommando, hindringar
er ho veldig trygge på og det er bra. |
|
Magen vekse :) |
01.03.2018 |
Tida flyge, her skulle /skal eg fylle på med
info, men vi tar det litt etter litt. |
Bjørk er ikkje så pelsrike, men ho har ein
fintype pels som alltid er glatt, ingen krøll topp, lett stelt. Bishop
har bra med pels, det har også mor til Bjørk, eg trur derfor at vi for
hundar med bra pels og fint eksteriør, ikkje store hundar, men
passelege. Alle kvalpane blir svarte, sjølv om Bjørk også
bære ein fin brunfarge etter sin mor, så har Bishop dna til kun svarte
kvalpar, og då blir det kun svart. |
Bjørk, ligg å kvile og brukar bytte på ligge i Stressless til
sofa, og no har ho også fått låne senga til Rally, trur ikkje ho spurte
om lov :) Rally fekk denne senga
i gåve med ei dame, senga fekk ho av di Rally fant igjen hennar hund som
hadde stukke av i det dei skulle gå tur. Lita var ute i kulda i to døgn
og mange hadde leita etter henne, før Rally starta..( Rally er tante til
Bjørk) Rally fekk på sporline og søkte i 1,5 time og fant Lita som er
ein cairn terrier. Rally er trena på spor, og ho liker også å følgje
hjortetråkk, og det var det ho blei sett på når ho leita etter Lita.
Bjørk skal trene spor i år og vi har planar om å starte på
sporprøve til hausten. Bishop som Bjørk venter kvalpar med er veldig god
sporhund, så desse kvalpane vil bli gode også til spor.
Dette med å jobbe med den mentale biten er viktige for alle også hundar,
mine hundar er rolege når dei kvile og dei skal kunne ligge på vent utan
å la seg stresse for mykje, men men det tyder også at dei må få sin
tilmålte tid med aktivitet . Flatten er ein hund som fortena eit liv med
aktivitet, ikkje stressandes dummy/ball/pinne- kasting, men jobbe med
apport, spor, eller lydighet på
ein måte som gir ein roleg og godt tilpassa hund. Ein hund som blir
trene litt er enkel å fole kjekke å leve med, tur, fjellturar osv, er
også flotte aktivtetar, det skaper god kondisjon som også er viktig.
Så ja takk begge delar og tilpassa mosjon til alderen.
Her er ein lite film av Bjørk, ho ca 12 veker på filmen, denne adferden
er medfødt berre sett i system>>>>>
Mine hundar for også lære å slappe av over alt, ikkje berre i bur, det
er så mange som trur bur er eit universal middel som skal brukast for å
passivisere hund i mange timar i døgnet.. Mine hundar lære å
ligge i bur, vi brukar bur på reiser, når vi besøker nokon, hotellrom
osv. HEIME derimot er det ikkje bur, her skal hundane kunne ligge der
dei vil, kunne flytte på seg, strekke seg ut, skifte ligge stilling og
plass. Eg begrensar plassen med dørgrinder er det behov for å stenge av
kvalpar unghundar slik dei ikkje skadar seg eller et opp ting dei ikkje
skal :) |
Bjørk blei målt i dag og då var ho 57cm, ja så
vekse gjer ho. |
|
|
26.02.2018 |
I dag har Bjørk vore på tur med Anne Lene,
ja i vinterland :) |
|
|
Eg kommer heim igjen og måler Bjørk, yes ho har
vokse, og ho har rosa pupper !! ! |
|
21.02.2018 |
Eg reiser heim
til mamma og pappa på vinterferie og måler midja på Bjørk, 54 cm, Bjørk
er heime og koser seg i lag med Rally, for små turar med Anne lene,
elles for ho ligge og kose seg i sofaen. |
27.01.2018 |
Begge desse hundane kan dokumentere også at dei
duger, ikkje berre dei to, men stamboka deira er full av gode hundar som
også har vore på jakt/jaktprøver/bruks/spor/ utstilling og kan
dokumentere eit bra ekstiør. |
|
Og her er Bishop, Bjørk sin utvalt, ein
rett å slett herleg type eg blir berre så glad når eg ser at turen vår
vil gi kvalpar frå denne flotte, snille, flinke, hunden.
Måtte det bli mange! Det var masse snø så mulighetene for å få gode
bilde
av
Bishop var minimal. |
|
|
|
22.01.2018 |
Her er Bjørk på veg heim etter ho var å
tok blodprøve, blodprøve tok vi mest for å finne ut kor langt ho var
komet i løpetida.. slik eg ikkje skulle bli lurt av at ho hadde starta
før eg oppdaga det. Eg fekk også rimeleg sjokk av prisen det
kosta å sende prøva til Oslo… 730 kr for å sende med posten, (ja kun
porto) himmel og hav seier eg.
Bjørk er apportør og må berre ha noko i munnen, dette er genetisk og ein
god eigenskap, vil tru at alle desse kvalpane blir av prima kvalitet som
apportørar. Bjørk har i tillegg ein meget god ro på fot, ho
legg seg ikkje i andres hundar arbeid, er meget
lydhør lett å få skolert med enkle middel.
Ho er 100% tyst i alt arbeid, både i
når ho sitter i passivitet og så klart når ho jobbar sjølv. Bjørk er ein
drøm å trene med.
|
|
|