01.05.2008

Mars-april, 10-12 månadar.

Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
 
29.04.08
No er utstillingsdebyen over !! og kritikken er ute under Ar-kullet. Takk til Henriette for flott handling av Artemis, og Arwen.

Artemis får no meir aleinetid med meg, og vi trenar ikkje så mykje på noko, men vi trenar på viktige ting som gå på fot med andre hundar rundt. Kontakt og ro, og gå tur i band, må lære dette med å oppføre seg pent og innføring av kjørereglar må til, og det bør gjerast når ho går åleine i lag med meg, derfor er Arwen nedprioritert enn så lenge.. Hans Emil må gå tur med Arwen, og det likar ho veldig godt.

Vi var på hundetrening i går, og eg brukar line på frøkna når vi trenar, eg har veldig god kontakt med Artemis i fotgåinga, sjølv tett på andre hundar, både dei som bråkar og dei som er still, dette momentet er ho i god trening på, og alle som trenar hund veit at grunnsteinen i hundetrening er gå på fot, alt det andre kjem i andre rekke. Moroa kjem når grunne er godt befesta.

Artemis er ein veldig behagelig hund, utruleg glad og fornøgd med livet, og stiller ikkje så store krav, men ho har blidt meir avhengig av meg, og er dermed treningsklar til ein kvartid. Vi har ikkje kommet oss i gang med sportreninga heller, litt hektisk rundt meg for tida, og eg rekk ikkje alt, men etter konfirmasjonen, skal ting skje trur eg ;-)

 
24.04.08
I dag har eg og Artemis vore på langtur i fleksi, bandtvangen, og løpetid setter avgrensing på bevegelsane. Denne veka har vi trene ring ( utstilling) to gangar, og med innhyra handlar, Artemis går litt alternativ på høgrefoten sin, ikkje halting, men eit eller anna.. Arwen er også i trening for utstilling ho går godt, og fort. Arwen fekk forresten løpetid i dag, og det passer supert vi blir såleis ferdig med løpetida til prøve sesongen startar.
 
20.04.08
Ny helg i bilen for Artemis, ho bli god på dette momentet med å vente i bil :-) Vi var på kurs( hjelpte til på eit kurs) i regi av retrieverklubben, og Artemis har som kjent løpetid, og måtte dermed opphalde seg i bilen, og kunne ikkje brukast til å vise fram øvingar med, den jobben tok Arwen, og det er ein jobb om passar Arwen utmerket. Trøtt blir dei av å være med om dei ikkje gjer anna enn å vente også, og venting må så klart ein retriever kunne.
 
18.04.08
Gratulere med dagen alle Ar- barna, Birk, Bruno, Archie, Aron, Aragorn, Artemis og Arja tenk 1 år allereie.
Pølsetrening gir resultat, og har ein mjukt bit så har ein det, den stolte apportør Artemis på 1 års dagen sin!!

Eg har fått hjelp til å ta desse bilda av sonen min Stig Andre'

I tilegg til å feira dag med bildetaking har Artemis fått trena litt lineføring, sitt og bli, og apportering av pølse. og ho kan naseprøve momentet, kjekt at ho kan litt av kvart klompen min. Naseprøve momentet er ho blitt veldig flink på, snart tid for filming :-)

Ein ting til har ho fått lov til i dag, vi prøvt hopp over hinder for første gang, det var litt klomp å fall, eg hadde hindret lavt, og ho gadd ikkje hoppe så høgt klatra meir eller mindre over, her må eg berre basere på at ho skal hoppe og ikkje klatre :-) vi må ha det høgare neste gang vi trenar.

 
15.04.08
Artemis lever stille og rolig no i løpetida, ho var med på kurs i helga, men fekk trening i å oppservere frå bil, og det er ho rasandes flink til. Elles så består livet av lufting i band, og det liker ho svert lite. Ho vil gjerne springe rundt i hagen laus, men det får ho ikkje, det er nemlig enkelte hannar som går tur på eigen hand, også i min private hage. I går var vi på hundetrening, og trena litt på på -plass, ho blir betre etterkvart på det. På -plass og gå på plass er reine grunnsteinen i treninga, og den må være bra uansett kva ein skal gjere, nyttig  å gjer ein god jobb her, og det har ein igjen for, det kan være kjedeleg terping, med denne øvinga er nødvendig å være god på.
 
10.04.08 
Artemis har i dag bevega seg kun i band, klumpen har fått løpetid. I går derimot trena vi lydigheit, fri ved fot og meir fri ved fot.  Naseprøve pinnesøk hadde vi også i går vi repeterte berre søket, og eg hadde gjømt pinnen i vedaladet, og Artemis demonterte heile ladet for å finne den, uthaldande hund Artemis, og ho fann, vi tok ein ferdig øving også og den gjekk flott.

Litt rett ut etter dymmi trena ho også, dette må lærast, og det er i viktigare å trene dette enn markering, dette momentet kjem i nybegynnar klassa, så det må vi få inn.

 
08.04.08
Artemis, Arwen og eg har vore på sandsøya ein snartripp, det blei lite trening men vi hadde turen. I går var vi på hundetrening, og eg har utrysta Artemis med langline, den brukar vi på på hundetrening og i skogen, fordi det er på tide at eg får litt lydigheit på gullklumpen min.. Sjølvbelønning er som alle veit effektiv trening, og når ho kan gjer som ho vil når ho ikkje er kopla så må eg forhindre det på eit eller anna viset, langline er løysinga for oss. Då kan vi gå fri ved fot utan at eg treng å være redd for at ho stikk til andrehundar, eg har ei muligheit til å forhindre uønska adferd. Det same er i skogen, skal ho sitte i passivitet, eller sitte når ein dymmi blir kasta så kan eg stoppe ho med lina, derfor aldri meir knall, full kontroll :-)

Vi har trena ein del rett ut signal, og ho er blitt flinkare til å vente på signal etter eg starta med langlina, no har ho lina på for eg bruka kort avstand, og vil ha full kontroll på læringa, det er signal læra som er viktig hær, sitte og sjå rett fram, eit lite svakt blås i fløyta betyr klar for rett ut..

I kveld har vi vore å trena utstillingsteknikk, eg har hyra handlar, og eg dirigerar og oppserverar bevegelsane henne frå sidelinja, og eg kan ikkje sjå halting, ho har fine bevegelsar, og ho er fin.

 
04.04.08
I går var det lydighets -trening med Artemis, det går i fri v fot, den øvinga må vi få inn til vi skal stille på kvalifiseringsprøve, og vidare jaktprøve. Eg stiller litt høgare krav både til meg og henne, skal vi få til dette så må eg trene henne riktig. Ein ting er vertifall klart ho går finare og har betre plassering når ho går fri ved fot enn Arwen har.( Arwen dett ikkje bort då, men ho går skeivt)

I dag har vi trena jaktmoment, og det går mykje i passivitet, sitt rolig å sjå, og få lov og hente litt. Langline er på, og den fungerar som ho er laus, men det er ein måte eg kan hindre uønska adferd på. Artemis fekk hente inn 3 apportar frå feltet, elles så var ho berre statist, og den rolla kler ho fole godt.

Ho har også no fått lov eller eg vil at ho hoppar opp i bilen og ut igjen sjølv. Eg har løfta ho opp til no, dette på grunn av skaden som ho fekk, men no har eg bestemt at ho skal hoppe både inn og ut av bilen sjølv :-) det klarar ho flott, ho er både stor og sterk og kan fint hoppe både høgt og langt.

 
02.04.08
Lett lydihetstrening i dag, frived fot, sitt å bli, innkalling frå sitt, og apport, alt dette på ei lita økt. Artemis grå bra fri ved fot, berre ho (vil) og ikkje finn ut at ho skal gjer noko anna, trur nokk det er litt rutine, og unghund fakte som gjer dette..  ho finn berre plutseleg på noko sprell.

Apport av trebukk, og metallbukk, det går som ein rakett, ho er rask og spontan, det virke nesten som arbeidsiveren hennar har stige nokre hak, Artemis er langt frå så intens som Arwen, men ho viser stor vilje til å jobbe enn på ein litt anna måte,  enn denne "Turbo Arwen", ho er eit særsyn for seg sjølv.

Snøen har smelta ganske mykje og fort.. Når det blir bært skal eg begynne å trene Artemis i blodspor, føler verkleg at spor er noko som ho vil ha god kontroll på.

 
01.04.08
Trena litt i både i går og i dag. I går repeterte i vi naseprøve momentet, og det er faktisk i boks med Artemis, ho har skjøna poenget. I tilegg var vi på hundetrening, der var det mest berre å være tilstede i band, eg er ikkje tilhenger i alt for mykje helsing, og leiking med andre hundar, her handlar det om å slappe av sjølv om det er mange hundar tilstede. ( ho slappar fole godt av, sovnar nesten) ikkje stress med henne nei.

I dag har eg, Artemis og Arwen trena jaktmoment i skogen, Artemis har eit stort potensiale, og eg har sett inn litt midlar på LYDIGHEIT i skogen. Vi har montert på langline, og ho må no sitte som fri, men eg har nokk ein fot med i spelet (på lina...) ho må sitte spikra når dymmi blir kasta, og når Arwen kjem inn med dymmi, ho får ikkje flyge på Arwen og ta i frå, eller knalle etter når Arwen spring ut. Det gjekk strålandes i dag, eg tar av lina når det er henna tur, ho slepp å springe ut med den, men må ha den i passivitet. Artemis løyser både markerings oppgåver, og søks oppgåver veldi bra. Det er ikkje noko å utsetje på farta, verken ut eller inn.

 
30.03.08
Mildeveret er komet, og no er det eit håp for at snøen reiser. Vi har gått litt tur i band, og vi har vore ein snartur i skogen både i dag og i går. Bandtrening treng dei, det er som først til mølla, og dei er sterke til tusen. Eg har dei i strekk og då for  dei lov å trekke litt, har eg på retrieverband må dei gå pent i band.

Vi trenar litt lydigheit kvar dag, det går i sitt og bli, frivedfot, og innkalling som er dei mest nødvendige øvingane. Vi har litt moro med å lære inn andre moment også. Som tidlegare nemnt har vi trena på finn din pinne leiken, den har vi trena litt i snø, i vedaladet og i graset. Dagen var no komet til å prøve med fleire enn ein pinne, altso finn din pinne blant fleire. Dette er ofte ein prøvelse når ein har retriever, då alt skal plukkast og bærast på, er det fole lett å ta den første og beste pinnen eg ser..

Artemis fekk prøve to gangar, og eg brukte ikkje fleire enn 4-5 andre pinnar, og dei ligg tett i lag med den med lukt på. ( dei andre har vore i frysaren og er luktfri) Ho slo på nasa, snusa lenge å vel på alle pinnane, plukka opp den med lukt på å flytta den unna, slutta då av jobben og gjekk derifrå. Eg tok det på nytt, denne gangen gjor ho som første gangen, men kom tilbake til meg med rette pinnen :-) ho tok altso momentet på strak arm. Snart tid for filming, vi skal trene litt til på momentet så skal vi filme det, og legge det ut.

Arwen måtte også få prøve, det er lenge... sida eg har trena henne så kor det gjekk for de lese om i lp- dagboka hennar :-)

 
28.03.08
Snø!!!! og lite trening kun turing i band. No er det snart april, og eg vil ha barmark.
 
25.03.08
Snø!!! og atter snø. Det er kommet så mykje snø her med oss, det har meir eller minder snøa i ei veke. Det er derfor umulig å komme seg i skogen for å trene. Laus snø og så mykje er ikkje noko godt for hundane heller sjølv om vi berre skulle gå tur. Vi har derfor no i påska slappa skikkeleg av, og ikkje gjort det slag anna enn rusla litt etter asfalten i fleksi snor..
 
15.03.06
Artemis har vore med på ei apporttrening i lag med litt fleire enn Arwen og eg. Kort og godt ho utførde alle jobbane ho fekk prikkfritt (inhabil eg då). I tilegg sat ho i koppel lenge utan å gi noko form for lyd frå seg. Momenta ho blei prøvd i var markering med skot, og inn -plukking frå feltet.
Artemis på veg heim med dymmi. Foto Hans Emil
 
13.03.08
Artemis har trena jakt to dagar på rad, og ho er blidt dyktig. I går hadde eg med Arwen også, vi starta med å kople Artemis i eit tre, der sitt ho fastast :-) Eg la ut eit felt med 12 dymmi, det eg gjor da var å la Artemis jobbe først. Her gjekk det unna Artemis fekk plukke inn 3 dymmi før ho blei kopla på nytt. Jobben gjor ho utmerket, og med stor fart. Arwen fekk plukke inn resten trudde eg, men Arwen fann ikkje dei to siste, så Artemis fekk prøve på nytt, ho gjekk rett på funn, og eg sende ho ut på nytt, men den siste blei vanskelig mykje søking, og eg lurte ut ein rett framom meg slik ho skulle gjere eit positiv funn, før ho fekk avslutt. Eg viste kva for ein vi ikkje hadde fått inn, og tok inn den siste. Nokre markeringar fekk ho også, eg kasta to sende Arwen på den første, og så Artemis på den andre, det fungerar bra, og Arwen må gå først dette for henne kan eg styre til ein bestemt markering, Artemis ville i ein slik situasjon kanskje gå frå det eine til den andre, og det er ikkje ønskeleg adferd å trene på. Derimot å trene på å huske kvar den ho skulle hente landa er ganske lurt, og det var ikkje noko problem ho gjekk rett på den som var igjen, ho har ein fotografisk hukommelse på markeringar.

I dag var vi åleine Artemis og eg. Ho fekk også eit felt i dag, då med 4 dymmia, det gjekk som ein drøm. I tilegg sat ho ukopla når eg la ut feltet :-) det går framover med oss... momentet på plass trena vi i skogen, og ho var flink gjekk og perfekt på plass, og pang med rumpa ned på holtar ( merk eg trena kort og intensivt). Masse innkalling med fløyte terpa vi, og det betyr kom og få noko godt. (det betyr ikkje kom og få på band), dette er viktig med all innkallings -trening, at det å komme betyr noko ekstra som hunden setter pris på.

Rett ut er eit signal vi jobbar med, det same er nærsøk signalet, men kanskje det aller viktigaste er at Artemis kjem rett heime med dymmi, og ho har stor fart.

 
10.03.08
I dag har det vore eit nydelig vær her med oss, varmt, og tørt( altso opplett). Eg har trena fri ved fot med Artemis, ho går ganske bra utan forstyrring, men kjem det andre moment inn dett ho ut. Vi var ein tur til hundeklubben der er ho vertifall ikkje nokon resar på fri ved fot. Ho er likevel rolig og eg oppnår ein form for kontakt, men det er vanskelig å gå lineføring med henne der, vi står litt i stampe, og det kjem nokk av trening som ikkje er nokk målretta med forstyrring..

Tidlegare på dag trena vi ikkje berre fri ved fot, sitt og bli, men vi trena også rett ut, og eg starta med å lære henne klokka :-) litt no og då så kjem det etterkvart.

 
09.03.08
I skogen for å trene apportering i dag, og i dag var Artemis veldig flink. Vi starta med å sitte i koppel medan eg la ut 12 dymmia. Arwen fekk ta inn 7 dymmia, då skulle det være igjen 5 til Artemis.

Artemis plukka alle 5, og kom rett heim utan å legge ut på langtur eller søke med dymmi i munnen, eg brukte vell å merke fløyta for å minne henne om no var det tid for rett heim. Artemis har eit kjempe godt søksarbeid, når eg veit  kor lite ho er trenet på søk, så blir eg varm og imponert av henne arbeid. ( dette ligg i genane det er eg sikker på). Vi har avlevering i front, så er det rundt og sitte på plass før neste utsending. Ei markering fekk ho også, då la eg koppel rundt henne, skal ikkje gi ho lov å knalle noko meir. Nok er Nok.. Artemis er straks 11 månadar, og sprek som berre det i terrenget.

 
Her sitt Artemis, og slappar av etter felt jobben.
 
08.03.08
Har trena lydigheit med Artemis i dag, lp øvingar. Det ho er super god på er apportøvingane, det vil sei.. eg går å legg ut apportbukkane, elles knallar ho. Eg må nokk legge meg i tøylane å lære henne litt grunnleggandes "sit og bli "til du får apportere. Ho har eit supert tempo på både på tre og metall, og det er utan kast, eg legg apporten på bakken. (ho får kun hente ein gong) Artemis er heilt utan mengdetrening. På plass, og fri ved fot hadde vi også ei runde med, her går ho bra, og med god kontakt inntil eit vist punkt, så blir ho leid, derfor trenar eg henne i små mengder, og prøver å få henne litt meir utoldanes, altso holde på litt lenger før vi bryt. ( det ho vil gjere er snuse i bakken ete pinnar, eller springe tulling). Søk på neseprøve pinne trena vi litt, her brukte eg snøen som gjøymestad.

Vi har også trena litt avlevering av dymmi, rypevingar, ho sitt og held, og eg held godbiten fram om henne Dette momentet trenar eg fordi eg vil aldri ha noko levert på bakken, eg vil ha alt i hand. Min måte å trene dette på er godbit trening, aldri goteri vist noko hamnar på bakken, og dette er effektivt vist ein beherskar beløningsmetoden. Denne metoden kan også skape hundar som legg alt på bakken, så ikkje prøv vist du ikkje veit korleis du skal bruke den. Har dessverre sett mange hundar som spyttar ut alt dei har i munnen berre dei høyrar lyden av godbit, så dette må lærast!!

 
07.03.08
I dag har begge både Artemis og Arwen fått kvar si dose med ormemiddel, tida var komen for ein omgang med markemiddel, dette for å forsikre meg om at dei ikkje går med snyltarar i seg. Vi har også i dag våre ut og spasert i band :-) store snømengder er komet igjen, og vi gjekk derfor ein tur etter gang og sykkelstien. ( her må det trenast på å gå i band)
 
05.03.08
Då har vi vore på vekta, hum.. at det går å ta så feil.. Arwen er så klart tyngst ennå, ho har nokk mykje musklar, om ho er mindre så har ho knallharde muskulatur, og den veg litt. Arwen 25 kg Artemis 23 kg og eg vog dei i dag.
 
04.03.08
 
Lite som skjer her rundt omkring med oss, vi trenar passivitet, viktig det også. Det har vore eit fole ver nokre dagar og då held vi oss i ro, snø og vind er ikkje det kjekkaste vi veit.

I dag tok vi  klippedag. Arwen gjekk det greitt å klippe ho står i ro, og har enkel pels å klippe, ho blei så fin så... når det sluttar å snøe skal eg prøve meg på nye bilde. Artemis har så tjukk og mjuk pels, pelsen henna er så mjuk og god, ein kan nesten sitte kun og kose... Når det kjem til klippinga blir det straks verre, pelsen er ikkje så enkelt å klippe som Arwen sin, men litt fekk vi jo vekk. Vi får ta resten ein annen dag, eg klippa  ikkje halen heller, og vi tar den og ein anna dag.

Seinare på dag etter at hundane hadde ete mat, reiste Artemis ned i kjellaren det er ikkje noko uvanleg sida vi går ut der, og vi har vatnet ståandes der, men eg sende ned ein av gutane for å sjå etter henne, ho blei nemleg lenge der nede. Når karen kom ned starta han å stor flire, Artemis hadde nemleg klatra opp på bordet, og sto der å logra når han kom ned i kjellaren, korleis ho har komet seg opp på det anar eg ikkje, men der stod ho, og eg måtte komme ned å sjå, og så klart lyfte henne ned på golvet igjen. Artemis har enten klatra eller hoppa opp, så sprek er ho iallfall. Større og kraftigare enn Arwen er ho også, men ikkje så mykje større, men litt, det er ein fin størrelse på henne. Skal ta å vege dei ein dag, så får eg sjå kven som er tyngst, men eg antar det er Artemis.

 
01.03.08
Artemis og Arwen har kviledag i dag, aktiviteten dei har fått er ein tur kvar i fleksiline, og det var Hans Emil som gjekk tur i dag.

Tidlegare i veka har vi vore ein tur i skogen kvar dag, ikkje så lange turen men lit laus springing har det vore. Artemis har fått igjen apporteringslysta, og eg har igjennom tatt innlæringa av felt, ho har god nase, god fart. Problema som dukkar opp i felt treninga vår er er byting, og vidare søk med dymmi i munnen.

Eg må derfor ha godt skjult dymmi, og få dymmia ute. Søkslysta er stor det same er lysta til å gå ut fleire gangar å søke, men ho er ikkje noko særleg lydig, ho gjer nærmast som ho sjølv vil (eg tenker då på å komme når eg bles i fløyta, ho kjem når ho har funn, men ikkje når ho søker).  Her må eg nokk planlegge treninga mi meir nøyaktig. Momentet  må leggast opp slik ho ikkje får anledning til å feile, men må  lykkast, eg vil ikkje gå inn med for mykje autoritet, dette fordi eg vil ha stor fart i jobben, Artemis er også ei lettlærd frøken så det står ikkje på henne. No må det kvalitet til i treninga av Artemis, dette på grunn av at ho tåler nokk ikkje altfor stor belastning på hofta si, og at ho går fortare lei enn Arwen, Arwen kan gjere same jobben i dagevis utan å bli lei ;-)

Ser eg på eigenskapane som Artemis er utstyrt med så er eg kjempenøgd, men vi ligg etter i treninga på dei fleste frontar, dette heng saman med at vi kunn har prioritert muskel masse og styrketrening og når det vårast meir, så får vi gå over på symjetrening det er svert god mosjon, og lite belastande på alle ledd. Vi skal også ta å sjå litt på reglane for kvalifiserings- prøva, vi må prøve på den i år om ikkje anna.

 
Artemis 10 månadar, her på vinterferie på sandsøya.