23.06.2009
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve med premie:)...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen. den 20.06.09 kan eg oppheve Artemisboka som tenkt:) Endelig fekk ho seg ein premie på Jaktprøve!!!
Mai,juni
 
 
21.06.09
20.06.09 kan eg oppheve Artemisboka som tenkt:) Endelig fekk ho seg ein premie på Jaktprøve!!! Vemodig men sant, Artemis er ikkje bebis lenger:) stor pie med jaktpremie:)
Jakthunden Artemis:))
 
16.06.09 
Litt vemodig å slutte med denne Artemisdagboka, men det har i det siste vorte mykje dreiing mot trening, og det er enklast å få ført det enkel på ein plass no synast eg. Artemis har ikkje oppnådd så mykje, men for ordensskyld så står det ikkje på henne ho er spekka med eigenskapar, og har eit langt liv framom seg, og det skal nyttast maksimalt:)

Kor langt ein kjem med ein god hund er opp til den som fører den, og det er alltid ein del å hente i føring, kva tid vi klare oss ein premi står igjen å sjå, uansett så kjem det før eller sidan når ting klaffar.

I går fekk ho ny frisyre, altso ein klipp, og det går bra, ho står i ro på bordet, ikkje fult så enkel som Arwen, men det blir ho nokk:)

 

Artemis finn seg alltid til rette og beste plassen blir alltid upekt raskt av henne, og ho tvilar aldri :)
 
10.06.09 
I går gjekk (sumde) Artemis over streken og belasta mi psyke litt:)))) Eg brukar å trene hundane både ved hav i eit stort vann, som nesten er som havet!! Artemis slit med å snu etter ho har plukka opp dummyen, og eg skjønar ikkje dette, men.. det er eit problem som må løysast.

Artemis tok ein tur på ca 1500 meter etter kart å målestokk, ingen pingle tur, symje kan storsymjar minn, fart til tusen, men etter sin eigen radar, og den stoler ikkje eg på lenger. Eg tør ikkje dette meir med henne, og må finne tak i småvatten til slik ho ikkje symjar seg bort meir, eg blei no redd for henne.

Ho fekk ikkje være med på fellesjakttrening heller i går, fordi eg tenkte ho måtte kvile seg frampå etter denne symjeknapp oppvisninga.  I dag har det kunn vore ro eg har blidt sjuk, og maktar lite stiv i nakken, og skikkeleg nedsylta.

 
08.06.09 
Artemis har i dag vore å fått påfyll på vaksinen si, det må til ein gong i året:) elles så fekk ho ein enkel skjekk, og ho var frisk som ein fisk, Artemis har aldri vore sjuk ho, det var kunn det brotet i hofta som lita. Artemis  har hatt kanon helse, ingen øre, auge eller mage plager, berre frisk:)

Eg har klipt klørne hennar også i helga, Artemis er litt urolig når eg skal klippe, og v står ikkje i ro oppe på bordet, eg må derfor klippe henne nede på golvet:( det uvane blei etablert i den perioden ho var skada, eg var blaut hjerta, og torde ikkje holde og være bestemt, på grunn av at eg var redd for å skade henne. ( Brotet grodde seint) altso vi etablerte unoten, som vi slit med ennå, protester så slepp vi, ha ha.. ho slepp ikkje no, men ho protesterar, og demonstrer at ho kanskje slepp :) lura:) derfor ein liten kamp under kloklippen av Artemis.

Når det gjeld klipp av pels, og børsting står ho i ro på bordet utan problem, så det er tydeleg at ho er litt engstelig for kloklippen.

Trening, tja, ho er litt på og av. Likevel om to år er Artemis ein kanon hund, vi treng berre tid på å lære inn ting og tang. Ho har mykje ungdomssprell igjen i kroppen, og er på langt nær lydig på fløyte, innkalling, stopp, slit vi med, dette med å få utrede ting å tang, før ho kjem heim.

Alt det positiv er bra, ho har gode evner til å klare konsentrere seg, og ho er rask( rask til tusen, og det er mykje raskare enn Arwen) både på vann og land. Markerings evna er topp, det same er det frie søket, det er utruleg systematisk. Det flyt av eigenskapar i disse linjene det er berre å forvalte bra. Det vil sei trene jakt lydigheit for min del, stopp å kom heim :))

I går trena vi litt jaktlydighet med ein del av jaktgjengen på sunnmøre, eg har no kontroll på henne ikkje slik å forstå at ho er ute av hand, men vi har mykje å jobbe med, derfor kunn BK i år. målet er at ho skal bli betre enn Arwen, så då veit vi at det skal god hund til , ha ha...

 
02.06.09 
Artemis var på jakttrening, i dag fekk ho ikkje anledning til å knalle, eg brukte koppel når vi stod i passivitet (vi skal kunn gå BK -prøver i år) og vi har derfor tid til skikkeleg arbeid, Artemis er ei type eg ikkje vil være for grov med, men eg vil ha ho rask og lydig, derfor skal vi alltid lære riktig adferd ikkje skremme henne til passivitet:) skjønte det den?? Når det er nemnt så skal eg kunne stoppe henne med eit nei! så klart, så dette kunne ho, men hadde gløymt det:) her må alt repeterast.

Arbeide ho gjor har eg ingen ting å utsetje på, rask, god markør, god passivitetshund. Vi trena litt markeringar, og vi avslutta med felt, felte var ei lita nøtt, fordi dummyane låg så tett på oss, at der hundane søkte var det ingen ting:) altso dette med å ikkje måtte gå så langt ut i feltet for å gjere funn, he he.. dette må så klart trenast. Artemis har eit fint søksmønster dekker godt, men søkte litt langt ute på denne treninga, her må det trenast med dummy nært også:)

 
31.05.09 
Heime igjen etter gullbryllaups fest:) Arwen og Artemis har tolmodig venta i bil eller ved bilen i helga då vi har vore på tur heim og feira mamma og Pappa:) Arwen har hatt ein kraftig formstigning i det siste, og ho er så klar til jobbe, og eg må/ bør nytte det til noko matnyttig trening.

Prioriteringa er likevel å få premiert opp Artemis, og få ho betre grunntreent, det vil sei raskare innkallingar, og teikn terp. Arwen skal opp i kondisjon  og ned i vekt, slik ho blir klar til bergenesprøve på jakt.

Arwen skal også startast i lp i haust har eg tenkt, eg skal derfor terpe masse lydighet innimellom ander økter med henne, Artemis er ikkje så godt egna til L P(vertifall ikkje ennå) ho skal trene kun jakt og blodspor til prøveformål, og lp til hobby aktivitet:) så ser vi kva det blir av henne:) klompen min:)

 
27.05.09
Artemis er ein  meister i passivitet:) men i går knalla ho:( og ho lodt seg ikkje stoppe eg måtte faktisk gå å hente henne 2 gangar. he he.. rampete Artemis i går. Derimot har eg sett ein del hundar, og Artemis har kvalitetar som ligg høgt oppe, (dagens sjølvskryt av eigen hund). Passivitetsdelen er kanskje den aller viktigaste ho klare holde hovudet kaldt når det skjer ting rund, og ikkje ein lyd!!

Fart har ho, men vi manglar ein del på lydighet, der har vi nokre hull ennå, innkalling utan at jobben er gjort?? tomhendt heim, nei det er ting ho ikkje synast om:) Elles så er det ro rundt foten, ho går bra på fot, ho markerar bra.. Og ho søker stort, vi har framtida framom oss, og vi stressar oss ikkje opp, men legge stei på stein og då skal det bli bra til slutt:)

På treninga i går var det markeringsarbeid, og vi var fire hundar på linje, Artemis tok alle sine på strak arm, men prøvde seg på to andre også, og "knallinga" hennar er litt spesiell, den kjem etter ei tid når vi liksom har sett på kvarandre og lurt på kven det var sin tur, då smellar Artemis til å tar den først, men sia ho ikkje lar seg stoppe så ruslar eg etter henne, litt markering om at det var feil får ho. Det er liksom eg som slappa av, og stolar på at ho sitt, og sidan ho er så rask, rekk å komme 30 meter før eg får opp munnen, er det ikkje råd å nå inn til henne å få stoppa ho (her må det repeterast litt småting) i tilegg bør ein ikkje skremme livet av andre sine hundar:)

Vi avslutta med felt, tre på linje, og hente kvar sin gong, ein del av felte var skjult. Artemis jobba bra, er ikkje redd for å gå stort. Det eg opplevde i går var at ho søkte ein del med dummy i munnen, det synast eg ikkje om. Det blir litt sjau ut av det med ekstra mas om å komme seg heim, utrede vitring skal ikkje gjerast med dummy i munnen, så basta bom, det er ei adferd som må brytast, og ikkje etablerast. Ting ein må tenke på i trening, og være ops på.

 
23.05.09
I dag skulle eigentlig Artemis vore på utstiling, men på grunn av at alle dekkhår plutselig blei borte blei vale lett, vi er heime.

Artemis har vore på dei faste jakttreningane og eg er nøgd med henne arbeidslyst, ein del minder intensitet enn Arwen i nokre moment, men så har ho mykje betre konsentrasjon, og passivitet, og det oppvegar det heile. Utgangar på vatten kan by på litt problem, problem dukkar opp der ho sig ned i underlaget, eller føtene syg seg fast, dette har eg sett ved fleire høver, derimot kantar som gjer at ho må hoppe går flott.

Signal, og lydigheit skal vi prøve å få treent litt meir no når kvalpane er flytta ut, og eg skal bruke meir tid på mine hundar. Stopp kan ho ikkje, derimot signal kan ho litt på kort avstand, men dette er terp trening som må byggast litt etter litt, og momenta må være enkle å lære, ikkje for vanskelig slik at ho startar med tvile eller låse seg, for det skal nemlig ikkje ein hund gjere. Jakttrening er moro!! husk det, og det skal være moro både for hund og eigar:)

 
13.05.09
I går var det felles jakttrening, og det er ting er har prioritert å få med meg med Artemis. Eg er nøgd med klompen min, men klart vi har mange ting som må lærast.

Ho kann ikkje så mykje, men har ein medfødt ballast, og det er det viktigaste. Ho er sterk fysisk, mentalt modnar ho, og eg kan ikkje klage. No har eg ikkje vore flink til å treent i det siste, og det heng samen med tidspress, mykje å henge fingrane i. Prioriteringa på eigentreninga blir lydighet, innkalling, og signal. Skal ein hevde seg på prøve så er dette viktig, det medfødde med markeringsevne, og stor søkslyst har ho, det er berre å styre det riktig.

Eg er så heldig å ha ein god hund med potensiale til å bli super bra:) det står kunn på forvaltning:)

 
06.05.09
Stakkars Artemis, eg kan ikkje skjøne kvifor ho ikkje vender 180 grader etter ho har plukka opp dummyen, men kunn 90 grader og svøm til høgre i det uendelige. Langt i det kalde vatnet, dårlig gjort av meg i dag å sende ho på lange apporter på kaldt vatn. Ho symje ganske målretta mot markering, på grunn av at ho gjer det har eg sett bort i frå at det har noko med musklane henna å gjer, men at ho regelrett ikkje kan å vende 180 grader ennå?? teit eller.

Kanskje eg skal trene momentet 180 grader nært land for å prøve å lære det inn, eg må få bryte denne adferden. Ho vil heim så fort som råd og symje utrolig fort, men i feil retning :) når ho er i land opptil 100meter frå meg, så er det ingen ting med tempoet, og riste seg det gjer ho ikkje før ho er komen til meg og avlevere. (flink Artemis, men..)

 
05.05.09
Jakttrening med litt fantestrekar:) Artemis tok innersvingen på meg i dag:) Rask og full av ungdomssprell... Ho såg seg ut ein GUL LAB som ho tenkte måtte være med på litt leik, kvifor dette dukka opp:) ja ja, ungdom er ungdom, tar gjerne litt ris for litt leven, he he..

Etter dette fall kroppen på plass, og utførde eit arbeid som eg ikkje kan klage på, men er stolt av:) Her er alt, fart, bra spikring av markering, og ein herlig passivitet.