07.03.2008

Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Atremis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve... det er mit mål, etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.

31.07.07
No er ny data maskin på veg, og då får eg så smått starte med å redigere litt meir bilde... skal likevel prioriter hundetrening føre dataa,
Artemis er inne i ei periode som er fornuftig og nytte godt til å få læret inn mange adferder.  Når eg seier mange så er det ikkje snakk om å lære mange ord, ho har  ikkje læret fleire ord enn desse to , versogod og takk, + namnet sitt då, det kan ho. Target som eg vil styre ho med har eg lært inn, den brukar oss på bakparts kontroll, og vi skal ta utgangstilling, i tilegg bevege oss langs ein vegg.
I går var vi på hundetrening i pøsandes regn, vi vart nokk skikkeleg våte, hadde kledd oss lit feil :-) Andre hunda var Artemis litt nysgjerrig på, men trygg og uredd, ho får helse på fleire rasar og det er positivt. Når det er nemnt må eg også nemne at vi også trena kontakt med litt avstand til dei andre hundane, dette med laust koppel på bakken, ho skal då ønskeleg vere opptatt med meg og leiken vår, og ikkje ruse til dei andre, eg styre med andre ord heile prosessen, når koppel ligg på bakken er det enkelt å tråkke på det vist noko anna skulle friste for mykje, her kjem sjølv beløningsfaktoren inn, det er viktig at ho ikkje forsterkar seg sjølv for ofte, det er eg som styrer dette og ikkje ho, men det skal ho ikkje vite så mykje om ;-) ho skal gjere det som fører til belønning.

Sportrening har vi dessverre ikkje komet oss i gang med ennå, men må skjerpar meg og få prøve henne på litt spor. Spor er ein ein fin avveksling til anna trening og Artemis skal så klart få lov å lære spore ho også,( lære) alle hundar kan å spore det må bere settast i system og nyttast.

Søndag var vi ute og reiste igjen, og det er topp Artemis ligg på ryggen og søv, dette med bil er trykt, det same er fergjer, tunnelar, ho lag seg ikkje stresse, og eg er så langt meget godt nøgd med Artemis.
 
27.07.07
Artemis er ein veldi enkel kvalp og ha med å gjere synest eg. Enkel og snill, ein god del lik Arwen, men ho har ein stor porsjon meir ro enn Arwen har. Eg kan derfor ikkje trene Artemis som eg gjor med Arwen.

Artemis treng mykje meir leik enn det Arwen får, eller fekk, dette på grunn av at ho toler det bra, og eg vil ha ein god forsterkar som eg kan bruke på henne. Arwen er ein stor maskin som kan gå kunn på gammal frolik ;-) Ho jobbar like intens uansett.

Når det er sakt så er Arwen også ein enkel hund å ha med å gjera, lettrena, lydhør, kjempesnill, men tempoet henna er så stort at ein må være nokså våken når ho blir kjørt, men som kosehund turhund er ho verdast enklaste, svært lydhør. I jobb kan ho slå dei fleste.
Artemis vil bli ein enkel hund og styre, og det var det eg ville oppnå også med denne kombinasjonen, få ein hund som kan nå langt utan at ein treng å være spesialtrenar ;-)

Alle hundar kan nå langt med riktig trenar, men ein del hundar har det i genane meir enn andre, dette kjenner vi frå alle jakt/ bruksraser, viktige ting som, hardmunn, piping, stress, dårleg hundetoleranse, skottredd, mentalt svak osv.  slepp vi og plagast med desse faktorane så er også hunden enklare å trene.

 
Artemis er konsentrert og trygg, i tilegg så elskar ho å plukke opp ;-) det er = ein god hund. Elles så skal eg bruke same sikre trenings metode på henne som eg gjor på Arwen, fokusere på at ho skal lukkast, legge list lavt, unngå sjølvforsterkning. Ennå har eg ikkje lært ho sitt eller bli, i ord form, ho kann nå så klart sitte, og bli, men utan kommando, dette er på grunn av at når eg føre inn orde "sitt" så skal ho sitte til neste ordre( altså ikkje gå ut av "sitt" før noko anna signal blir gitt, det kan også være "bra" eller "klikk"). Eg kjem ikkje til å trene slik at eg må sei "NEI" når ho sprett opp, dette er ein kommando som er så viktig for ein hund å lystre, at "nei" betyr holdopp momentant,  med det du gjer no, og i mi trening skal "nei" fungere, men ikkje misbrukast som ein mase kommando.

På plass, fot, eller utgangsstilling bør eg også tenke på å trene, dette har eg ikkje trenet ennå, men skal begynne så smått å trene på det.

I går var vi i veg og symjetrena Arwen, Artemis likte best å sjå på som bilde på startsida viser, Artemis følgjar spent med på at Arwen er ute og symjar ;-) ho sjølv held seg i vasskanten. bilda som ligg på start sida blir flytta inn her etter som eg byter så sant dei blir godtatt etter eit par dagar.
 
26.07.07
I går var vi ute og reiste ein liten dagstur, Artemis likar godt å være ute og reise, trivast godt i bilen, og det er supert, ho var ut av bilen også så klart så vi får ta dette i skuffen for miljøtrening.
No har eg ikkje vore så flink til å oppdatere her som eg burde, litt av grunnen er at eg er utan pc, denne mikrohjernen av ein pc som eg oppdaterar på her, er berre ikkje alltid på bølgje lengde med meg. 
 
Viktige ting som kloklipp gjer vi ein gong i veka, Artemis er ei litt bestemt lita tutte, så eg må nokk vere litt bestemt eg og, når klør skal klippast, men det går bra, eg klipper alle klør og så får ho ein godbit, ikkje dilling her. Eg har ho på fanget, har ikkje klart å lære henne å stå på borde å bli kloklippet, derimot børstar vi oppe på bordet. Stell er vinktig på kvalpar, dette for at dei skal like å bli handtert, også er det viktig å gå nøye igjennom heile hunden for å oppdage tideleg evt. rifter, sår, flått. osv. Ligge i fanget og slappe av er også slikt som Artemis må gjere av og til.
Når det gjelder steling så er ho sin mor oppavdage, alt som kan bærast flyttast på tar ho, dette er positivt ho er såleis ein spontan apportør.. men travelt er det, stolt som berre ein apportør kan være spring ho med sitt trofé rundt eller i buret til Arwen. Denne eigenskapen overfører eg til praktisk trening etter kvart, ho blir like stolt når ho får ruse i veg etter ein apport, når vi kjem i gang med den treninga. Apport treninga tar vi baklengst, avleveringane skal sitte 100% før vi kastar, i tilegg så skal ho lære å hente utlagd apport, før kast kjem inn i bilde.
 
24.07.07
Vi trener litt kvar dag, og vi har endå ikkje starta å lære inn kommando ennå( to ord kan ho) versogod og takk, to nyttige kommandoar. Sitt, stå, og bli trenar vi utan kommando, vil ikkje føre inn ord ennå. Har jobba litt med apport, ho skal holde så pass fast at eg kan dra litt i apporten utan at ho slepp, men takk så slepper ho momentant (takk er ein betinga forsterkar som føre til godbit)Vi har komet godt i gang med denne treninga, ho tar apporten i munnen rygger setter seg, og slappar av med rolig munn til eg seier takk, då byter vi med godbiten, denne leiken liker Artemis godt.
Bevegelse med kontakt har eg trappa litt ned på, skal trene det meir bevist i lag med ein vegg, dette for å unngå at ho går med bakenden ut.
Vi har farta litt rundt på tur, og ho liker godt å ligge i bilen, kjøre bil har blidt ganske kjekt.
Har dei siste dagane sett opp ei stor grind i stova, dette for å prøve unngå tissing overalt, eg plasserar ho i grinda eller i koppel på kjøkkenet eller puttar ho i buret til Arwen som står på kjøkkenet.( Arwen har nærmast flytta inn i buret sitt permanent, trur ho er litt tutta fordi det blir okkupert av lille Artemis) Arwen har ein stol i stova der ho kan ligge, men men vil nokk helst ha buret sitt no ;-) Når eg passer på Artemis på denne måten tissar ho ikkje inne, ho har i tilegg starta sove til kl 07-08 og ho søv som ein stein heile natta, det er godt. Artemis har blitt ein superhund som eg ikkje villa bytta ut for alt i væra, snill og klok.
 
Artemis med dymmi :-)
 
19.07.07
Tilbake ;-).. Utan PC, maskina mi er havarert og eg må nokk kjøpe ny :-( Denne maskin taklar ikkje noko av programvare, og startar berre når det passer henne.. Det blir derfor lite med nye bilde ei tid framover.
Vi har vore ei veke på Sandsøya, der hadde vi det fint og Artemis fekk oppleve litt av kvart og eg opplever henne som bra  miljøsikker. Hoppa på sjøen ein gong gjor ho for å prøvde symjekunsten, og den funka. Elles så måtte ho berre sjå på Arwen.
Vi var ei heil veke der ute, og Artemis tissa ikkje inne ein einaste gong, derimot no når vi kom heim har ho tissa i eit over alt, no må eg avgrense friheita henna ein del og sjå om det hjelper på å få ho husrein.
Veks gjer ho også i kanofart, 8,4 kg var ho på 13 vekersdagen sin, ho ser tynn ut på grunn av at beina har vokse frå kroppen ;-) Vi har også gått ned til tre måltid pr dag, og eg vil auke matmengda litt, eg vil ha ho i godt hold. Treninga går det smått med, vi forhastar oss ikkje men tar ting med ro.
 
10.07.07
Litt tregt med oppdatering her.. har vore litt småsjuk nokre dagar i tilegg har datamaskina mi tatt seg ein pause, det var vifta i skjermkortet som streika, og eg må ha meg eit nytt før eg kan starte den igjen. No reiser eg på tur nokre dagar, og håper når eg kjem heim at nytt skjermkort ligg på posten, så eg berre kan hente og putte det i maskina mi.
I går var eg hos veterinær med Artemis, og vi fekk teke vaksine, ho skal ikkje ha noko ny vaksine før om eit år. Frisk og fin var ho, og eg vog ho vekta synte 7,8 kg. ( eg hadde tippa ho til 8) det er ei fin vekt, og Artemis har fint hold etter størrelse og vekt.
Ho er også veldi lik Arwen i adferd ;-)når det gjelder steling, ho stel alt som kan bærast, alt frå mobiltelefonar, fjernkontrollar. osv. og når ein skatt er funnet har ho ei resar fart, med stolt hale å rakk rygg, nydelig kvalp Artemis.  Eg har lært ho takk med godbit så vi byter berre når eg ser ho, Artemis prøver på beste måte å komme unna med skattane sine, men eg tar dei frå ho, med takk og godbit, og gir ho ein bamse eller ne anna leike, desse er på langt nær så kjekke som det som er stelt, men ho må nokk lære at dette ikkje er lov.
Har ikkje lært ho noko ho anna enn versogod ennå, men den kann ho skikkeleg bra, godbit i open hand. Her har vi augekontakt til eg seier versogod og ho tar godbiten. Det same gjer vi med maten, matskål blir sett på golvet, og augekontakt til eg seier versogod, dette med å vente er ein eigenskap som eg vil prioritere, og ein nødvendig eigenskap i jakttrening. Eg skal likevel ha ein hund med stort tempo så eg leikar ein god del med henne med kong i snøre. Artemis har Arwen sit tempo, og Arwen sin spontanitet på ting som kan plukkast opp. I tilegg har Artemis fått utdelt ein naturleg ro når vi slappar av. Innkalling er så naturleg at eg gløymer å nemne det, men den blir trent regelmessig kvar dag, det er tross alt den viktigaste adferden ein hund skal ha vist du skal kunne ha den laus.
 
 
06.07.07
I går kveld var Artemis med til strandafjellet for å legge blodspor til Arwen, ho rusla seg ein liten tur i lag med Atle medan eg la ut to korte spor. I dag kjørte vi opp på fjellet for å gå desse blodspora våre, Artemis skulle ligge i bilen medan vi gjekk spor, og det gjekk supert ikkje ein lyd medan ho låg der å venta på oss. Dette er eit viktig moment for oss å trene inn.
Når hjortefotane var funnet og tilbake båret til bilen, så fekk Artemis vere med på ein liten tur, her er saudebæsj, og det er delikatesse for kvalpar har alltid vore det, ho får ikkje lov å ete det så det blir pent plukka ut av munnen hennar ved kvart forsøk på å sluke den, men slik er det... Vi hadde no oss ein fin rusle runde likevel, det var tideleg på dag før den store varmen settinn, i dag har her vore drepandes heit her med oss, vi har holt oss inne resten av dagen.
Artemis veks og veks snart er ho 12 veker allereie, måndag skal vi til veterinær å ta ny vaksine då er det 4 veker sida ho fekk den første, og eg vil nytte høvet til å vege ho på den flotte vekta som står hoss veterinæren, tipper på at ho har passert 8 kg, det blir speandes å sjå, ho er vertifall god og rund.
 
05.07.07
I dag stod vi ikkje opp før kl var 06.30, mat kl 8.00 ;-) Artemis et fort, nesten som eg har fått tilbake ein golden hi hi, slik var Bella  også, alt gjekk ned på høgkant. Mine flatter har før ete i moderat tempo, men her er det tempo.. Ikkje noko galt med det, ho har fin mage, det er berre å passe på at ho ikkje et opp Arwen sin mat også, ho er så snar at i dag lurte ho meg, tok seg eit par bitar av Arwen sin NP mat, før eg fekk snu meg.
Dette er det eg vil kalle sjølvbelløning, ho belønnar seg sjølv, og den er så stor at det er einaste er å passe på at ho ikkje får ta hennar mat. Ho vil lære at så lenge eg passar på får ho ikkje, men vist eg er opptatt ser bort, eller på annen måte ikkje passar på vil ho ta den.
Arwen og Artemis fekk kvar sin griseøre og kose seg med i dag medan eg kjørte på butikken for å handla, dei var heime åleine. Griseøre kan være god tidtrøyte for sånne små med kunn kvalpetenner, på ein voksen hund går det raskt å fortære ei griseøre ;-) Når eg kom heim, låg Artemis og tygg på si øre, medan Arwen ligg og ser på, ho har så klart spist opp si for lengst. Sist dei åt griseøre så åt Arwen opp Artemis sin også, men i dag klarte ho det ikkje, Artemis har blitt stor :-)
Vi har tatt litt oppstillingsbilde av henne i dag, ikkje lett å ta, og ikkje lett å stille opp, no skal flatten stillast fri, så her får vi berre starte å trene. Eg stilte inn kamera, klar gjor til Anne Lene ho skulle trykke av, og eg skulle stilleopp, og som apportørar flest så trivst dei best med noko i munnen, resultatet kan du sjå på Artemis sin side, under Ar- kullet.
 
04.07.07
Opp til fasttid i dag også ;-) Leika med kong i to økter har vi gjot i dag, trenar litt på bevegelse med kontakt. I tilegg har ho sitte i koppel å sett på Arwen trene, det må ho lære. Ho har også vore med å sett på når Arwen var på kondisjonstrening (symje trening) .I vatten hadde Artemis vertifall ikkje tenkt seg, og det er greitt det, lære å sjå på når Arwen apporterar i vatten er nokk best å gjere først ;-) Vatten er som oftast sterke saker, og moment som kan føre til lyd. Det er derfor best at ho lære passiviteten først. Sitt å berre sjå er ein god start på vannarbeid ;-)
Vi har kjørt ein del bil, den biten er i boks, Artemis liker seg så godt i bilen, at der kan ho gjerne tenke seg å være. Det er berre å tenke den ander vegen, at ho også ikkje får være med alltid når eg kjører, slik ho ikkje blir avhengig av å være med når Artemis ser eg tar i bilnøklane. (det er eit signal) som kan føre til at no er eg klar, og eg skal så klart være med. Dette var eg svert ops på når Arwen var lita, ho fekk kunn være med i 10 % av turane på grunn av dette. Artemis skal også like seg heime åleine etter som ho veks til.
Og veks det gjer ho, Artemis et fort og mykje, ho er svolta støtt, maten hennar går ned på høgkant, ho ete dobbelt så fort som Arwen, eg gir dei mat i lag, devilsei Arwen får kunn to måltid, men det er når Artemis får mat. Kl 8.00 og kl 16.00 ( Artemis får også mat kl 12.00 og kl 20.00)
Artemis var/ er snar å ta av Arwen sin mat vist eg ikkje er våken, no har eg tatt Artemis bort så mange gange frå Arwen sin mat, at ho har skjønt poenget at dette får ho ikkje lov til. Artemis har lært å sjå på meg og få versogod når ho skal ha mat, no stoppar ho før ho angrip maten til Arwen og ser på meg, ho har omsider skjønt at dette er ikkje henna mat. Vi har heldivis 0 matforsvar, og det er bra, men Artemis et mykje fortare enn Arwen, så her må eg berre passe på at ho ikkje tar henna porsjon også for då blir ho stor ;-) om ikkje det blir laus mage av det... 7 kg vog ho for fleire dagar sida, kva ho veg no veit eg ikkje, men mykje meir enn det vil eg tru..
 
03.07.07
Tideleg oppe.. kl 06.15 er det opp ;-) vanedyr. Artemis søv godt om natta, men når ho vil opp så vil ho opp ikkje noko å diskutere ein gong. Buret er tørt så ho tissar ikkje om natta. Der i mot om dagen tissar ho ofte inne( kanskje det er eg som er sløv)
I går var vi på hundetrening, her fekk ho helse på fleire hundar store og små, ligge bil, vere med på styremøte, ho er avbalansert lett å handtere. Kontakten med meg når vi er blant andre hundar er topp. Ho får helse på dei hundane som eg har klarert er ok, og den andre hundeeigar seiar det er ok !! (det er dei fleste) og så får ho valet om ho vil helse, dette skal være frivillig frå kvalpen sin side, her skal den ha muligheit til å trekke seg unna.
Vi leikar litt med kong, trenar kontakt, bevegelse med kontakt, trena vi. Dette med å kunne bevege seg ved fri ved fot er grunnsteinen i all hundesport. Denne adferden forsterkar eg når den dukkar opp. (vår trening er målretta leik) vi brukar ikkje kommandoar ennå, Artemis skal kunne masse ting før eg i dei heiletatt lærer ho ein einaste kommando. Ho sitter fint før maten, men eg seier ikkje sitt, det blir ei øving med kjent adferd i dei adferdene bruke eg ikkje kommando, derimot har eg lært ho versogod.
Miljøtrening er det aller vittigaste når ein har kvalp, det at kvalpen blir vand med at den skal holde fokus på meg sjølv om det er andrehundar til stede, er mit mål med miljø trening blant andre hundar. Det er eg som er denne kvalpens flokk og den skal ikkje la seg distrahere av at andre hundar. Dette kjem ikkje av seg sjølv, og må opplevast, formast inn tideleg, og då frivillig men likevel på mine premissar og ikkje kvalpen sine (men det veit så klart ikkje Artemis, ho gjer det som førar til forsterkning ho )
Det er utruleg kjekt å spennandes å starte jobben med eit nytt individ av ein flattkvalp. Det som er ekstra med denne kvalpen er at det er av eiget oppdrett, og eg er så nysgjerrig på kva kombinasjon gav, dette med at ein kvalp er ein kvalp uansett kor den kjem frå er sant, og alle kvalpar kan formast til ein superhund, berre ein er dyktig nokk. Her gjelder det meir å tilpasse trening etter det individ som ein har enda opp med.
Min Artemis, skal trenast med tanke på å nå langt på jaktprøve, det er målet. Det som då er viktig for meg er å få ein hund som kan rolig, men konsentrert følgje ein annen hund får sidelinja utan å bråke( pipe i det heile), men sitte fast, "fri ved fot" dukkar det då opp ein situasjon som den andre hunden ikkje greier, skal min hund kunne gå inn å løyse oppgåva. Det betyr du må ha ein våken konsentrert  hund som i passivitet kan konsentrer seg, og ikkje opptre forstyrrandes.
Dette med å trene jakt( apportering) er ein sport som du får super lydige hundar av, og ikkje minst glade. ( nesten alle som trear apportering i dag, brukar positive treningsmetodar)
 
01.07.07
Her går det unna 1 juli alt ;-) tida går rasandes fort.. Artemis har søve tre netter på soverommet, og det var behaglig ikkje noko bråk ho søv som ein stein. Ho har også inntatt heile huset og reiser på oppdagelseferd overalt, og ho finn på det meste, i kjellarstua er det masse speandes og finne, og finn vi ikkje Artemis igjen er ho der. I går hadde ho till åmed opna sluken på badet !! Føretaksom type dette, men ho er rolig og avbalansert.
Eg er vertifall kjempe nøgd med Artemis så langt, behaglig kvalp. Ho finn nå på litt ramp men det er normalt.
 
Leik er nokså kjekt å kunne, her poserar Artemis med leika si. ( denne leika er mest i mi lomme, og alltid når ikkje Artemis og eg leika med den)
 
Artemis har ein meget tjukk kvalpepels og den virke tett, no er det blitt sommar temperatur her hoss oss igjen, og eg skal ta å bade Artemis, og bruke hundesjampo i dag. Tenkte eg skulle gjere det før eg har på ho ekspot, det er eit middel mot flått. (her har vi så mykje flått, og når ho har sånn tettpels så kan flåtten være vanskelig å oppdage) Bader vi etter at middelet er komet på blir effekten bort ganske fort.
 
Artemis med sin mamma Arwen..
Artemis skal også lære å sjå inn i kamera her er ho i gang med treninga.... Ser Arwen eit kamera så gjer ho seg klar, kanskje eg får Artemis slik også?? hadde vore kjekt det.
To nybadet, søte til tusen :-) Arwen fekk seg også ein omgang med saksa, ho har minimalt med pels, og var temmeleg bustete på ører å hals, blei litt beder med kort over det heile ;-)
 
Når det gjelder kvalpebitne så er det ikkje noko problem med Artemis ho bit litt av og til, men det er nesten heilt slutt, buksebein har ho ikkje vore så gira på, heller litt nakne tær, men det ikkje gale, og her er berre vokse + store ungdommar som er hundevante, så vi har ikkje problem med det. No veit eg at det er ganske mange som stikk inn om denne heimesida mi både for å lære, og også for å følgje med på Artemis, og eg veit av erfaring at mange er bekymra for kvalpebiting. (det har eg erfart frå mange år som instruktør) No kom eg over denne artikkelen  i "Canis" som omhandlar dette med kvalpebiting, nyttig lesing...
Du finner den ved å følgje denne linken: http://www.canis.no/bibliotek/artikler.php?id=145
 
29.06.07
I natt har eg hatt Artemis i bur på soverommet, der var det ikkje bjeff, men litt pistring i 4 tida, det var det heile, vi stod likevel opp kl 06.15 dette fordi ho er vant til å bli luft då. Eg vil dryge det med ei fem min pr. dag, slik vi kan ligge til kl er 7 om ikkje alt for lenge.
Fester ho i koppel her med meg ved dataen, buret står på soverommet, og eg gidd ikkje gå å flytte på det, så vi fåi trene på å være fast i koppel. Ho har eit mål det er å erobre stolen til Arwen, oppditt  klarer ho ikkje å klatre ennå, men... ho veks fort.
Mykje som skal erfarast når ein er liten, dette med å ligge i koppel å vente er noko eg skal lære ho, når eg sitt på dataen er det ein anledning til å trene litt.
Ein kvalp er som eit lite barn det må passat for farar, ledingar er slik fare, og når eg er opptatt med noko så må Artemis sikrast. straumen ho kan få ved å sette tenna i ein leding kan være dødelig, og det kan skje. Artemis har også komet over terskelen for å gå trapper, no går ho opp å ned som ho vil, når maten i kjellaren står til oppbløyting er ho mest der, og lure på kva tid skal eg få den. Til frukost kl 08.00 får både Arwen og Artemis NP, det er det beste dei kan få synest både eg og hundane. Artemis får vidar tre måltid med valpefor, og ei teskje med omega 3 olje. Arwen får kunn NP, og omega 3 olje, har kuttet heilt ut tørrfôr på henne. Ho har lagt litt på seg igjen, og spensten er på veg tilbake.
Eg er stor nøgd med dette foret, Arwen hadde store problem med å klare å nyttegjere seg den mengda med tørrfôr som ho trengde når ho amma, NP blei godt fordøya uansett kor mykje ho fekk. Det er sterkt å anbefale for alle som treng nokre gram ekstra, eller slit med å holde vekta oppe.
Tur til Aursnesodden for å miljøtren, vi skulle eigentlig ta bilde av Artemis, men det klarte eg ikkje ho er ikkje fotogen ennå. Tok i staden nokre bilde heime på plenen når vi kom heim. Har også i dag leika med  Artemis, vi brukte kong i snøre, leikelysta henna skal eg jobbe med, vil ha litt høgare intensitet.
Artemis 10,5 veker, ekje ei fin vell??
Godbit søk er tingen  når vi skal fange nokon med kamera., her er nasa på.
 
28.06.07
Tideleg opp i dag og, ikkje nokk med det, her i huset er det 4 ungdommar som kjem heim i forskjellige tider, og Arwen bruker så klart stå opp å ønskje dei velkomen heim. ( Artemis ligg i bur) og kjem seg ikkje ut av det, men gir utrykk med høg stemme at ho vil også vere med, i natt var det kl 2,. eg står opp å setter meg her eit par min så blir ho still, Arwen får beskjed om å gå å legge seg. Her kan det være eg må finne på noko lurt, alle må være inne før eg legg meg?  det går nokk ikkje ;-)
Kl 6 står første mann opp, og det er det som utløyser bråket frå Artemis no vil eg og stå opp. Eg står opp å luftar henne så er det rett opp i buret og søve igjen, eg kan om dette ikkje snur ta buret inn på soverommet ( men det er praktisk også å komme seg tideleg opp) så eg veit ikkje heilt om det er så lurt. For meg er dette ein bagatell, men for dei andre som søv og skal opp på jobb er det ikkje så kjekt å bli vekt sjølv om dei slepp å stå opp. Buret er vertifall tørt ho tissar ikkje i buret ;-) Eg legg ho i 23 tida, og vi luftar ca kl 06.15.
Kan også stenge inne Arwen, men det vil eg eigentlig ikkje synest det er greitt å ha ein hund som passar på at alle kjem heim. og er laus i alle gangane, skulle det oppstå noko så vil ho vekke oss.( ho bjeffar ikkje på det normale, men er det noko unormalt så kan ho lage lyd) Det kan likevel vere det at eg vel denne løysinga til ting roar seg.
Matlysta er på topp, maten går ned på rekord tid, og Artemis veks fort.. I dag har vi trena litt på versogod, det kan være lurt å kunne når vi skal starte med avstandsbelløning. Eg brukar ein godbit i lukka hand, og vil ha ho til å sjå på meg før eg opnar handa og seier versogod, neste steg blir med opa hand med godbit i. Dette skal oss trene litt kvar dag, og vidare skal vi over til å bruke ei matskål, med same prosedyre. Leika har vi gjort litt i dag, Artemis må trene jaktlyst, og eg vil leike ein del med henne, det virke som ho har mindre jaktlyst enn Arwen, tar ting litt meir med ro, og det er bra.. håper på det skal bli ein god passivitets hund ;-)
Arwen har så stor jaktlyst at eg har leika veldi lite med henne, motivasjon for å jobbe har Arwen i rikeleg mon) Ho har aldri sinka på farta sjølv om det kunn var ein kvart frolic i vente, slike arbeidshundar som Arwen er det ikkje mange av.
No håper eg at i denne kombinasjonen etter Arwen og Arthur, får begge deler, lette å motivere, og tar ting med ro når dei er i passivitet. Artemis har fart og kjem som ei kule på innkalling, men ho har lett for å berre setje seg ned å ta vera med ro, derfor skal eg leike ho opp, og stimulere leikelysta henna ein god del.
Kjørt bil har vi gjort i dag også, og det virke som bjeffa i bilen er heilt borte, og det hadde eg også forventa slike ting har eg opplevd før og det ornar seg alltid.
No er det kanskje somme så synest at nytt bilde av Artemis burde komme, og det synast eg også, men eg har ikkje nytt bilde ennå, hadde tenkt eg skulle ta litt i dag, men det blei ikkje, kanskje i morgon ? skal det bli bilde håper eg på.
Har redigert litt fleire bilde av Arthur og lagt ut på fotosida, brukbare synast eg, kanskje nokon har synspunkt på det, synest han ser flott ut der han søker i veg etter ein dymmi. Det bilde er eg godt nøgd med, det er ikkje like lett å få til slike aktive søksbilde, men dette blei bra.
 
27.06.07
Bilkjøring har vi prioritert nokre dagar, Artemis bjeffet så intens at dette måtte eg få ei orning på. No er det slutt på bjeff, kjøre bil er blitt ok. I dag kjøte vi til Moa mest fordi vi skulle trene på å kjøre bil, ligg i bil, og reise med ferga. Det er ikkje til å tru, ho sov heile tida, løfta ikkje på hovudet eingong før vi var komet heim i garasje vår ;-)
Om natta har ho søve bra, men ho står opp litt tideleg ;-)  kl 06.00 Buret er tørt så ho tissar ikkje om natta, og det er bra, men det blir ein god del søledammar inne på dagtid, men ;-) det blir nokk betre med alderen. Elles så har det vore lite aktivisering på oss, har rusla litt i band i byggefeltet her som vi bur. Syklar og ting som kjem fort, er litt skumelt, vi får være ops på det og la slike ting være naturlege. Ikkje lage noko nummer av det. Vi skal prioritere miljøtrening  framover, her må det meste opplevast.
 
 
25.06.07
På hundetrening i kveld, Artemis brukte bilen som eit trykt sted, under bilen sprang ho så snart ho fekk ein kjangs, så var det berre å setje på koppel ho kunne ikkje sitje der.. Birk( kullbroren hennar) var der også, staseleg og trygg kar det, uredd alt. Artemis er ikkje redd ho heller, men litt i skjul for bråket hundar er ganske lurt det. Vi trena på spontan kontakt her går det på klikker, eg skal prøve å ikkje klikke for mykje på sit, bevegelse med kontakt skal vi trene no heime, ho søker augekontakt for å få klikk og det er bra. Der var ganske mange hundar/ ungehundar i dag for å sosialisere så det var bjeffekor, enkelte rasar har lettare for å stå å halse enn andre. Artemis bjeffet når ho skulle ligge i bilen, derfor må ho lære det også, ligge i bilen medan Arwen trenar, Arwen var heilt still når eg trena med Artemis, det er positivt det!! Det blir ein spennandes tid framover, Artemis er ein klok hund. ;-)  Arwen skjult i masse pels ? føler det allereie at det blir ein hund med tempo.
 
25.06.07
Artemis har søve to netter oppe på loftet, her som eg har min data.. Hadde tenkt at eit bur skulle stå her, slik eg kan putte ho inn her vist eg vil ha arbeidsro ei stund. Arwen ligg her men ho ligg ikkje i bur. Artemis har søve godt om natta, stilt til kl er 06.00 då startar ho å bråke, det er då kunn ein ting å gjere det er å stå opp å lufte henne. Kvalpane har vore vant til å stå opp i halv sju tida, og då har dei også fått mat. I dag tok eg berre med Artemis opp på loftet igjen, putta ho i buret, og tenke vi startar frå i dag av med mat ikkje før kl 8.00
0 tiss eller bæsj i buret, så ho er rein om natta ;-) det er bra!! Om dagen er det ikkje så enkelt nei, då kjem både dei eine og det andre, og det kjøm spontant ikkje alltid så godt å sjå når det skjer, men ut etter mat, leik, og etter å ha søve litt hjelper nokk på. Blærekapasiteten blir større med alderen.
I går var vi både på gå tur og kjøretur, opppå fjellsetra ein liten snartur, Artemis var ut av bilen for å rusle litt i eit anna miljø, over ei lita lav enkel bru, som går over elva, dette er slike enkle ting som er ganske lurt å utsetje kvalpen sin for mens den ennå er liten og uredd ;-) Det hender ikkje reint sjeldan at hundar som er voksen ikkje tør å gå her eller der fordi dei synest det er skummelt.
Eg hadde så klart lagt igjen kamera heime, har alt for mykje bilde som må redigerast kastas allereie ;- ) hi hi, nei dette var berre tull, eg hadde gløymt det, får aldri nokk av bilde.
Miljøtrening er altså er ein nyttig og nødvendig ting, Artemis opptrer veldi miljøsikker, uredd, trygg, og avbalansert. Ein skal også huske på å la kvalpen løyse ting på eigen hand du er berre til stede, ikkje press den til å prøve noko den ser på som litt skumelt, her er det vi påverkar kvalpen negativt med å opplyse den om at det kan være skummelt, oversjå og ikkje lag noko nummer av slike bagatellar.
Om eg no har to hundar igjen, så kjem Artemis til å få oppleve masse på eigenhand, ho skal ikkje pregast av Arwen, men av meg. Målet er å kunne kople ein og ein hund og trene dei medan den andre ventar passivt, ikkje berre putte dei i bilen, men lære dette med passivitet som er så viktig. Det er målet !! Også dette når dei leikar så skal Artemis velje meg framfor å forsette leiken i lag med Arwen, når eg kallar på ho, aller helst spontant, men ho er også ein kvalp og blir ein  hund ikkje ein ting, og skal få lov til masse leik og kos med Arwen, men det skal ikkje være noko som styrar livet deira, men aktiviteten som eg tilbyr dei skal være så kjekk at dei hoppar over sin egen sjølvaktiviseringsleik.
 
23.06.07
Ja, då er det plutseleg veldi stilt og rolig her med oss, Arja blei henta i dag, og ho reiste også nordover til Trondheim. Artemis har leita og eg trur ho saknar søstera si, dei to hadde det som plomma i egget, der dei for ute i den store hagen vår å rusa rund alle buskene i stor fart. Når eg lufta Artemis så går ho i føtene mine ser seg rundt etter Arja ;-) Arwen sprang litt tulling i lag med ho, men det blir i mestelaget med tempo for Artemis ;-) som då velgjer å stå stille og kunn ser på gale Arwen spring litt/ søse litt..
Arwen åtopp maten til Artemis også no i kveld, eg måtte lage til ein ny porsjon til oppbløyting, maten til Artemis står høgt oppe, men Arwen er visst lang når ho strekker seg..
No skal Artemis sitte stille på golvet før eg setter ned matskåla, tiden er komet for lett forming av godevanar. Eg skal ikkje lære henne ordet sitt ennå, ho skal sitt utan kommando i denne situasjonen likevel.
Her skal det meste lærast før ord blir sett på adferden. Kontakttrening, innkalling, og bevege oss med kontakt, er ting vi startar med. Artemis er innklikka så ho jobbar med blikket for å oppnå kontakt og klikk, som utløyser godbit. Spontaniteten på apporteringa har ho så den vil eg ikkje prioritere eller trene på, ho plukkar opp og bær alt. Vi har leita fram sporselen så det blir sporopplæring først, vi startar med mennesketråkk, det er det beste å starte med synest eg, blodspor skal eg trene med Arwen no framover, vi har mål om å få med oss nokre prøver i år. Artemis skal lære å gå spor før ho får trene på blodspor.
Håper på å få redigert litt meir bilde og å få plassert både på fotosida mi, og på kvalpane sin "personlige bildeside" som eg vil lage til etterkvart som eg kjem meg i gang, og får ting i normalgjenge igjen.
 
21.06.07
Kvalpane Arja og Artemis har bada i dag, det har Arwen også fått gjere. I dag plasserte eg innat buret til Arwen på kjøkkenet, ho blei så glad skal eg endelig få igjen plassen min tenkte ho sikkert, men nei det varte ikkje lenge før kvalpane hadde tatt buret ;-) Eg skal ha eit bur oppe på loftet også der skal Artemis ligge no når Arja reiser, då er det slutt på binge i kjellaren den blir nedtatt;-) No skal eg endelig få sleppe å vaske golv før frukost, og stå opp kl 06.00 no skal Artemis opppå loftet til meg, og då får eg berre be henne sove litt til ;-) enkelt å greitt. Ligg kvalpane i bur er dei lette å få tørre om natta, har dei eit større område å bevege seg på så har dei lett for å gå å tisse.
Desse to "søstrene snuse" har BLITT veldi avheng i av kvarander,  dei leikar seg, slæst, søv om ein annen, dei kan slost noko innmari kraftig berre så håra fyk, og dei spring å fangar alle nakne føter, bit og slit i sko og bukse ;-) dei to har topp jakt og kamplysta, så dette må dei nokk slutte med, dei blir avbrotne, dei får ikkje holde på slik, men fristelsen blir fort stor når nokon beveger seg. Kvalpane har sylskarpe kvalpetenner og det er pyton og bli bitt av kvalpetenna. Her må vi berre ikkje la dei få ture på, slutt med dette øyeblikeleg, eit kraftig "au" brukar å hjelpe, men det må seiast skarpt eller lyst og høgt.
Litt knurr er også effektivt, uansett så skal ikkje kvalpen bite, ta den bort med eit skarpt NEI vis ikkje noko av det andre hjelper. Så er det dette med å la kvalpen ha god tilgang på ting som kan bitast på, jaktast på, bærast på. Desse to "søstrene snuse" er svert lett å fa avbrote med anna aktivitet, dei er no innklikka så her er det meir augekontakt for å oppnå godis, og då er det gløymt bitinga i fotane. Bitinga går bort etterkvart... dei jobbar for å få godbit, men så gløymer dei seg, og tar ei å anna tåa, men det er normalt, og går heldigvis over , slik er alle kvalpar..
Biting i fingrar når vi skal kose er heller ikkje lov, ikkje la den få lov, gi den eit alternativ og bite eller bere på. Hjelper det ikkje så kos ikkje, tren kontakt, få kvalpen til å tigge om augekontakt, bruk bra og  gi "liten" godbit. Dette er tida då alle kvalpar er lærevillige bruk den...(det ska være ein leik å lære)
 
 
19.06.07
Har endelig redigert litt av oppstillingsbilda, kvalpane er ca 7 veker, bilda ligg under Ar- kullet.>>
 
I går kveld var vi på hundetrening Arja og Artemis, det gjekk bra. Ligge i bilen i buret går flott med begge to, bråkar litt så søv dei. To super trivelege små nøste. Møtet med fleire hundar gjekk fint, det var ein liten shelti valp på 12 veker som var i skumlast laget synest søstrene snuse ;-)den bråket/ bjeffet så intens at dei trekte seg litt bakover, men det er normalt. Dei møtte også på ein flat, det var kjent farge og den var vertifall ikkje skummelt, elles så fekk dei helse frivillig på den dei ville, både BC og ein terv, blei snusa på, ein del såg vi på kunn på litt avstand, her skal vi huske på at det ikkje er om å gjere å helse på alt, det er eg som er flokken og det må kvalpane lære. Tar vi det frå dag 1 så har vi eit mønster, og regelen er såleis laga. Min kvalp skal lære å trene tett på andre hundar utan at den skal miste konsentrasjonen, og dette må på ein måte også lærast eller formast inn, og det startar vi kjapt med, ventar ikkje til vi har etablert uvanar.
Kvalpane kjem som små kanokular på innkalling så den sit super bra, fløyte innkalling brukar eg i forbindelse med mat, og det er eit signal som formeleg gir dei støyt, dei sprett rett opp og snur i lufta. Eller så lyder dei namnet sitt og plystring.
Artemis og Arja på godbit søk, ein aktivitet dei blir aktivisert med ofte.
 
Artemis er født apportør...
 
18.06.07
I dag når her er kunn to kvalpar, Arja og Artemis  er rutinane endra, eg lufta begge to først, Arwen måtte vere inne til slutt, dette på grunn av at kvalpane kunn syg seg fast i henne, og ho likar det på grunn av at mjølkeproduksjonen hennar er stor ennå, dette må eg få slutt på. Arwen er så tynn, og eg vil ha ho oppatt i vekt. No setter eg ned foten, og vil forhindre at kvalpane syg meir enn høgst nødvendig, evt. ta av for litt mjølkespreng ut på dagen.
Begge kvalpane gjor frå seg ute, og eg tok dei inn å gav dei mat, så var det ut igjen for ny tisse pause, oppatt i kjøkkenet og herje på til dei sovna, no søv dei tungt.
 
17.06.07
Flatcoat-Arwen's Artemis er namnet til det lille underverk av ein flatt kvalp, ho likna mest på ein liten bamse, hårfager ho er, men Artemis har gått rett inn i våre hjerter, det er ei lita kul til hund, full av fart og humør, og det skal vi utvikle vidare på vår måte.
Målet er å holde Artemis glad og super arbeidsvillig, så her blir ros til riktig adferd. Når vi trenar slik som eg gjer det så må ting planleggast litt, her skal ting stemme slik eg slepp å blåse ut for at Ho forsterkar seg sjølv med uønska handlig, eg fokuserar ikkje på å få fram noko uønska adferd, kunn det som eg vil ha. Alt det andre forsøker eg å hindre at det oppstår ;-) dette er ikkje enklaste trenings metoden, men ein effektiv metode for å få hundar som yter maksimalt, og det vil eg ha.
I går hadde Artemis på halsband for første gang, det var Hans Emil som ville ha henne med opp på vegen, dei rusla litt rundt. Halsband er pyton, klør.. uff a mei, men halsband slepp mine hundar å gå med, det er kunn i forbindelse med tur i band, då må dei ha det på. (men kunn då) Kvalpar skal ikkje gå tur ennå, mosjon får dei nokk av med å søse rund i hagen og stova. Dei er født apportørar, store bamsar er det beste dei veit, desse går dei å bærer på og storkosar seg, dette får alle som har kjøpt hund med meg oppleve, alle utan unntak elska å bære rundt på ting, og her er det veldi viktig at kvalpen har sine ting den kan gå å bære på. (vi skal ikkje kaste ball, bamse,  berre la dei få gå rundt å kose seg.. plukke opp å bære litt, sjølv aktivisering)
Treninga med å få Artemis husrein er også i gang frå i dag av, to kvalpar er meir enn ein, så det er ikkje like lett, men den tispa som skal reise den 23 juni får lik behandling der, ut etter mat, og ut etter dei har sovet..