2015- 2016-2017
 
 
 
11.04.2017
I helga var eg og Bjørk på WT- konkurranse og vi var på jaktkurs. Begge delar var topp for oss. Bjørk var ikkje verre på det enn ho blei prøven beste hund, flinke var ho, så dette kan ho. På kurset fekk eg også ein pekepinn på kva eg bør jobbe med vidare framover. Slik er det å være på WT, sitte på sekken og vente på tur, sosialt og ein sport som ein kvar retriever vil elske høgt.
Slik er Bjørk som arbeidshund, roleg venter på tur, og det finst ikkje stress eller ulydigheit i henne, ho er berre så følsom for kva ho skal gjere legg seg aldri opp i annen huns arbeid, lager aldri ein lyd... gullfugel som er vert sin vekt i gull :) korleis få ein hund slik, ja dette er resultat av valgte genar og riktig forvaltning av det eg har i hendene. Bjørk er veldig lik sin mamma Ranja også, og eg er så fornøgde og glad eg valgte å ta denne kombinasjone, og er kjempetaknemelg for at eg fekk lov til det!
24.03.2017
Snø :(
Det har blidt to avlyste jakttreningar denne veka på grunn av snø… i dag tok eg snøen til bruk for å trene markering/utholdheit med Bjørk og eg brukte Artemis for å holde oppe intensiteten i søket. Ballkaster og tennisball var verktøyet. (det var vanskeleg og eg vil ikkje at Bjørk gir opp) Artemis gir ikkje opp. Ho står på til ho stupe J og er det noko finn ho det alltid, eg har ved fleire høve kjørt heim for å hente Artemis når ein dummy har vore sakna… ja slik er det. Bjørk er svert flink til å markere og holde rett område, i dag var det snø og dette er for spesielt interesserte. Eg må tenke på, referanse til hund, hund skal fotograferer av eit område og springe ditt og holde seg der til den finn noko, dette må lærast og trenast. Tenker ein snø på ein halvmeter ++ og ein tennisball som blir kasta ca 60 meter ut, så veit vi at her må det være mange elementær som skal stemme skal det gå bra.
Vi mista ingen ball, tre plassar kasta eg, det blei 6 ballar og tre apporter på kvar hund. Og her må det søkast for å finne, det tar tid opp til lang tid, gevinsten er at hundane ikkje gir opp, held seg til avgrensa område, begge fekk leite i lag og det gjer eg i dette høvet for å trene Bjørk på å jobbe i lag med annen hund. + at ho ikkje skal gi opp å søke.
 
21.03.2017
Trening blir det, men eg trenar ikkje så mykje som eg har gjort før. Trena litt LP-moment  inni mellom ei og anna økt med apportering. Vi har samlast no og då for å trena litt markering i det siste, tidlegare har det vore mykje fokus på linjer og spring rett ut.. no er det slik at ein retriever skal kunne markere og springe rask ut å bruke eit lite område for å få funn, dette handle også om å lære trene hund til å bli ein god markør. Bjørk kan trene mykje slik, ho blir nemleg ikkje heit i toppen, andre kan gå av skaftet av mykje slike trening, en må derfor kjenne sin hund for å kunne gi den rett trening.  Feil markeringstrening kan stress hund.

Måle mit er å  starte på nokre AK prøver i år med Bjørk, oppkjøringa og trening kan det bli litt lite av no når eg skal fokuser mykje på Rally og kvalpar, men det er det viktigaste akkurat no, Bjørk er ung, sterk, flinke hund, ho skal  vise seg godt fram i år, men eg stressar ikkje med det.  Bjørk er svert godt grunntrena så dette går hennar veg litt etter lit.

 
12.03.2017
Bjørk har trena med vilt i dag, felt og rett ut, skulle så gjerne ha hatt ein frysar full med vilt, men det har eg ikkje. Dette med  trene regelmessigt med vilt er faktisk viktig, mine hundar har alltid vore veldig spontane som unghundar på vilt, men eg har sett at når dei blir eldre og vilt ikkje har vore på trening på eit par år, så må det faktisk friskast opp igjen. Bjørk er spontan og flinke med vilt, men vi må faktisk ikkje gløyme å trene ofte likevell for at dette kadavervilte skal kunne plukkast spontant utan nøling. Det er noko anna med fersk ny skote vilt, det er nok meir fristandes for alle :) Oppsummert ei fin trening, alle vilta blei plukka inn spontant og søke var heilt ok.
 
05.03.2017
Deby i kl 2 LP er over eg er nøgd med oss, det er ikkje så lenge sidan eg bestemte meg for å starte i kl 2. og fleire av momenta er innlærte siste 14 dagane. Bjørk gjor så godt ho kunne og det ho kunne gjor ho svert bra, det synast eg. Høge karakterar, men dessverre to nullar og dei kom fordi Bjørk ikkje kunne momenta bra nok, her er det mit ansvar å lære henne det ho skal kunne.. 3 pr. blei det, og det er mykje rom for forbetringar. Det nye prøve programmet fristar til meir satsing på LP og det blir det med meg, kjekke sport der vi er sosiale rundt ringen og på trening.
Som eg skriv her i boka til Bjørk så trenar vi litt no og då på det meste, det som er viktig er å være strukturert med seg sjølv når ein trenar. Vi må legge opplegg for vår hund og ikkje hund legge opplegg for oss.  Hum den satt langt inne….
Vi kan godt trene alt med ein hund og bli god på mykje og det er det mange hundar og førere som mestrer.
La vi ta apportering eller jaktteing med retriever som eit eksempel, det er ingen grunn til og ikkje trene verken LP- eller spor med hund sjølv om ein vil vise fram hunden innen apportering på eit høgt nivå. Det er likevel ein del faktorer vi bør ha i bakhodet. La vi ta pluss først,( «lydighetstrening» er positivt for jakttreningsekvipasjer) det er kun vin vin å ha ein lydigehund. I overføring ser vi at dei som kan litt lydighet klare seg svert bra på jaktprøver.
Jakttrening/prøver på høgere nivå er lydighet uansett kor ein snur og vender på det.. Og det er vanskelige momenter og derfor ein svert fasinerende hundesport, jaktprøver, WT vil alltid legge mitt hjerte nærmest tenker eg retriever.
Negative ting kan vi også få vist vi ikkje tenker på jaktdelen eller er ops på kor stor belønning vi har å jobbe med der, dette med ro over lenger tid, alle belønninger er som oftest ganske sterke, hente ein kasta dummy (tenke BC, retriever, pinnekasting) så veit ein kor stor belønninga er for ein retriever å få jobbe
med det den er avlet for… det er derfor ein sport der vi lett kan få stress i. Stresse kjem ikkje av LP- trening, det kjem av genar, feil handtering osv. og korleis vi utvikla ro i hunden, kva den skal tole av stress.
Utvikle ein god ro, ein naturleg god kontakt som nødvendigvis ikkje er berre å få dra noko ut av lomma på oss for å kampe, men eit venleg blikk og ein viftane hale her er eg skal vi gjere noko i lag. Ps. Eg brukar også draleik/ ball/ i trening og er ikkje i mot det ;) vi skal ha det moro i lag med hunden. Vi skal berre kjenne grensene og kva vårt individ toler. Bjørk toler alt!! unikum.. Så kjør på trene LP-jakt-spor- redning, det er oss som er begrensinga ikkje hund.
 
19.02.2017
Eg og Bjørk egentrenar på det meste, Bjørk er no etter løpetid blidt litt tyngre og rolegare i kroppen sin. (som sist, og det var venta) Eg har derfor bestemt meg for ikkje å reise til Bergen på jaktprøve, ein startar hund på prøve når hund kan yte best derfor ventar eg. Vi skal på LP-prøve den 4 mars og vi fokuser heller på den prøva.  Vinteren vår er mild og fin i år så vi har så vidt starta å tenke på sportreninga, det er berre å hive seg rundt å trene,  i år skal eg starte Bjørk på sporkonkurranse og då er det trening som skal til.
Bjørk har funnet skanken på sin første blodsportrening i år.
 
09.02.2017
Ny fin trening i lag med Lill Iren og Sol. Begge søstrene har løpetid, men oppføre seg så fint likevel, hundetolleransen på dette kullet er bra, utrulige gode snille hundar. Det var ei kalde trening,  vi trena derfor ein god del fot og bevegelse, ein god fot er ein av dei viktigaste brikkane skal vi bli god oppover i klassane.I tillegg trena vi rett ut,  her legg vi vekt på rake linjer ikkje søke seg fram til punktet, men gi full gass framover.
Det er moro når søstrene gir gass i lag, Sol har også stor fart i arbeidet og er ein flinke hund.
Bjørk  er påmeldt på LP-prøve den 4 mars,  eg vil  prioritere ein del Lp-trening framover med henne og vi skal starte i kl 2, så ein del nytt må vi trene på. Ja, eg var så glad ho fekk løpetid så tidleg at ho blir ferdige og klar til prøve!
I helga som var, var eg og Bjørk på LP-kurs med Monica Kvernberg. Ein del tips fekk vi og ein del tankar og tenke over. Kjekt kurs der eg fekk sjå ein del alternativ løysningar på diverse problema ein kan støyte på i LP-treninga.  Kunnskap ein for av å gå på vidaregåande kurs kan ein bruke på fleire typar hundesporter ikkje berre LP, sjølv om det dreier seg om det.
Her er tre treningsvenniner, Bjørk, Hedda og Sol ! trening 08.02
02.01.2017
Lenge sida eg har skrive her, det er så lett å sleppe eit og anna bilde ut på fjesboka med ei lita historie,  men eg har tenkt å bruke dette til minnebok, så det blir påfyll av og til!Bjørk svare til forventningane ho har det bra, litt luksus hund som er så flink at eg må passe meg for ikkje gå i fella. Dette med å ha ein hund full av gode eigenskaper er bra  kjekt , men ein må huske på at etter eigenskap bedømming kjem skolering og grundig skolering.  Det er her fella kan komme, vi trur hunden kan alt fordi dei er så flinke, men i verkelegheita gjer dei berre det dei er avla til.. Slik er det..
Bjørk har fin progresjon i treninga eg tar alt stille og roleg utan noko form for stress, her bygger eg med god sement. Eg lar ho heller ikkje sjå på andre som trenar, eller eg tar meg alltid til rette å kjøre henne først trenar eg i lag med andre. Hundar lære enormt fort ved syne av andre hundar, dei gjer som den andre og i tillegg blir dei påverka av den andre sin føring. Litt spesi er det lov å være når ein trenar ungehundar. Vilt kjøre eg på av og til, men må bli flinkare kjøre ofte no fram mot våren. Vilt ( tint vilt som har vore frose skal hundane være spontan på i AK ) og derfor må det trenast det også. Eg har no vore heldige å fått litt besøk av nokre som har same interesse som eg, så eg har fått kjørt Bjørk litt i makker arbeid, det setter eg stor pris på.
Her er bilde frå trening i Sykkylven, her er alle nivå, men mest ungehundar. Flinke gjeng som vil bli bra og trenar målretta.
 
 
Og det var vist noko som kjørte/reiste 3,5 time for å komme til oss på trening, og vi hadde ei gode økt med trening. Til å med ei gode vannøkt mit i januar.
 
06.11.2016
Så avslutta vi turen heim med ein stopp på moltu og tok ei trening i lag med treningsvenner der og søster Sol. Det var ei kort økt, men eg fekk likevell tid til å trene fellesdekk med Bjørk, dette prioritetar eg kvar som helst. Bjørk skal kunne alle moment uavhengig av miljø, snur vi det litt på hovud ser vi at enkelte kan han ein fabelaktig fri ved fot på ei bane, flyttar dei det ut i skogen, kan dei ikkje eingong kommandoen..
Det vil då sei at mine hundar skal hjernevaskas på verbale ord, sit, dekk, fot, skal også kunne utførast over alt. Nesten alle hundar er miljøhundar og kan ting fordi det skjer der, slik er Bjørk også ennå ho er fantastisk flinke på diverse jaktmoment på spesielle plassar og når ho er åleine i lag med meg, andre plassar forstår ho ikkje signala eingong. Det seiar litt om kor viktig det er med mengdetrening på rette tinga for så å generaliser dei same tinga ved andreplassar, andre hundar, kjente og ukjente.

Kort forklart kan ein lære inn enkle gode adferder på ein trygg roleg plass som vi ikkje stressa i eller føle oss pressa til å prestere, mengdetrene til vi for god prosent med riktig adferd, så flytte ut i vanskelegare miljø for å generalisere, nedtura kjem, men vi må også mengdetrene i vanskelegare miljø for å bli god på det, det er då den mentale treningsbitener er god å ha.

Treninga i går, Bjørk var rå flinke på alt av markering, men alt vi har jobba med stopp og retningar, søk der osv. ja det hadde ho ikkje hørt om ein gang :) eg fekk derfor tydleg inn kva som må jobbast med. Vi er i AK modus og tenker på kva vi skal kunne når den tid kjem, no er eg ganske rå på å hjernevaske meg sjølv på at eg skal ikkje sjå igjennom fingrane med nokon feil verken når eg trenar jakt eller LP, det vi då sei oppdagar eg feil, blir dei rette med ein gang..

Eg må trene med progresjon og gjer eg eller hund feil, skal det rettast med ein gang. Eg må tenke igjennom mi trening og eg må ha det 100% moro og fokus i  treninga der eg skikkeleg stråler og ikkje er sur og vanskeleg for min hund :)
 
 
Heime på sandsøya, berre kosa oss utan trening, tur og kos, ja her med tennisballen som alltid er i lomma i tilfelle eg skulle finne på noko moro :)
 
Eg og Bjørk har vore på kurs med Monica Wikstrøm,  var på kurs i fjor også med Monica og hadde veldig mykje igjen for kurset. I år har eg også fått ny inspirasjon og påfyll av motivasjon for vidare LP-trening, det vi lære er også lett å overføre til ande hundesportar. Bjørk er ein alltiders hund å ha med på kurs, så Bjørk for nok oppleve mange kurs i sin karriere vil eg tru. ( la meg sei være med meg, det er eg som lære) Ein kan ikkje kopiere alt frå alle kurs, det er både farleg og uklokt, men det er det lille ekstra som eg alltid med meg frå eit kurs og måle mit er å bli flinkare til å handle hund. Kunnskap er lett å bære og kjem alltid til nytte.
På bilda ser vi frå slutten av kurset der vi hadde inn alle hundane for nokre fellesmoment trening. Eg fekk ein del gode tips til trening av fellesøvingar, som td. kvalitetsikre /trene på at hunden legg seg eller setter seg på min kommando og ikkje når andre seier sit eller dekk, osv.. også kor viktig det er å hjelpe kvarander også i dette momentet. Her ser vi ikkje to like hundar, Bjørk var litt på tuppa på avdelings mesterskapet fordi ho fekk ein hund ved sida som ho aldri før hadde sett, nemleg ei stor briard, den var på kurset og då var han ikkje meir speandes enn vilken som helst annen hund. Moro med kurs!
 
 
26.10.2016
Så blei det heldigvis tid til litt trening i lag med søstrene Sol og Alfa og det var so kjekt ! Begge to har så fine eigenskapar, så god nase og så flink til å bruke den effektiv, fart og stil i arbeids situasjonar. Vi fokusert litt på heimelekse eller eigentrening på kva som var lurt å prioritere ved trening. Trening er ferskvare og alle blir betre av trening uansett utgangspunkt,  det gjeld å trene lurt, være kreativ, perfeksjonist,  tenke detaljer og tenke sluttmål, som kan være målbart, td.  ein jaktprøve, ein WT eller først ein trenings- prøve/WT.  og det lager oss til :) Desse hundane har så mykje fart og jaktlyst at ein kan tenke meir på detaljer, enn motivasjon for å få utført arbeidet. Det er nemleg hundar som er villig til å yte mykje med enkle midlar.

Bjørk var mest med for den sosiale biten, ho fekk kose seg litt i lag med søstrene og leike seg.  Eg fekk også anledning til å sjå korleis dei oppføre seg i lag når tre stykkar som ikkje helsar så ofte på kvarandre spring og leikar.  Hundar som er like gamle og rundt to år kan ha nykka, men på desse er hundetoleransen perfekt dei er så hensynsfulle mot kvarandre og det er så kjekt å slik det bør være. Endå det var snakk om ressursar, Bjørk elskar å finne seg ein pinne og den er ho glad i og spring gjerne ein lang tur med den før ho finn på noko anna. Pinnen blei nok bytta på nokre gangar, men det kom ikkje ein lyd eller knufling, berre lekkert :)
Tre på trening :)
 
24.10.2016
Det har ikkje vore så mykje oppdatering her, eg kvi meg litt å skrive for mykje om kor lett ting og tang er, ting kan være lett og det kan være vanskeleg, eg har derfor ikkje skrive så mykje om treninga vår. Det eg vil skrive er at Bjørk har klart seg bra, vi har prioriter LP-trening og det kjem vi til å forsette med,  skal vi få til noko der må ein trene og det veit eg. Resultata kjem av trening, LP-skal være tempo, det skal være glede, med det skal ikkje være stress med treninga, det er mange som klare godt å kombinere mange sportar og gjer det bra, eg trur faktisk veit ein kva ein gjer og kva modus ein har hunden i kan ein gjer det bra på mange felt, det  er min plan med Bjørk.

Sjølv om eg synast jakttrening er det kjekkaste, kan eg ikkje berre holde på med det, jakttrening blir ikkje lagd på hylla, men det har ikkje første prioritet.  Vi sit også så langt ut i distriktet og miljøet er så lite nesten ikkje eksisterande, så skal ein bli god på jakt til konkurranse må ein kunne mykje og det kan eg også og vil bruke det på meg sjølv og kvalpekjøparar som viser vilje til å ville lære og jobbar med eigntrening. Til neste sesong har vi planar om å gjere det svert bra på AK nivå eg og Bjørk :)  og håper også at fleire frå vårt oppdrett trenar målretta for start i BK evt. WT. Og eg vil alltid hjelpe dei som tenker mål innan trening…

Bjørk og eg var i Bergen på WT, ja det var så kjekt, måle mit var å bestå ein WT på BK-nivå i år, og det greidde eg bra. Det var høg kvalitet på deltakarane og poengsummane var gjevne i toppen. Bjørk rauk ut med 11 poeng på post 4, det var eg som tok litt lett på den posten, eg tenkte ikkje når eg sende Bjørk ut, posten bestod av ei markering, så gjekk skyttar og kaster ein 30 meter og fyrte av eit skot i motsett retning, det skulle indikere eit bom skot. Bjørk hadde fin retning mot markeringa med braut retning og sprang for å utrende bomskotet… ja då rasa poenga ut :) handlinga har mykje å sei, den må tørrtrenast opp å i mente! Håper på å få ein slik trening på nytt før snøen kjem, og då skal Bjørk kjøre AK nivå :) hi hi…

Håper fleire avdelinga har søkt om WT til neste sesong, det er nemleg svert kjek konkurranseform, og kan passe alle som har kontroll på sit og kom heim :) Vi hadde ein trenings -WT med nokre treningsvenner og nokre kvalpekjøparar før vi reiste til Bergen, på ei slik trening blir det svert realistisk og lærerikt og ein møter derfor betre forberedt til konkurranse.

Oppsummert så langt i år, er vi i mål med årets mål + litt til.

Vi hadde ikkje tenkt å starte i LP- før neste sesong, så det er bonus resultatet, 1 pr. og klasse vinst, klubbmeister i kl 1 ved SHK, superhunden min Bjørk !
Det er ein glede å ha to så flotte hundar Bjørk og Rally, eg kosar meg på tur og trening i lag med mine hundar og det skal ein!
 
 
04.09.2016
Bjørk har debutert i LP- ringen, det gjekk no ikkje så alleverst, vi fekk merke, men eg trur  vi slit litt med etter løpetid periode akkurat no. Bjørk har ikkje så mykje fart og sprut som ho eigentleg brukar å ha, dette er også så normalt som det kan bil. Det er berre oss som hendler som må huske på dette med hund og modus. Stille hund når det passer best for hund :) og ikkje omvendt.. I jakttrening har det også vore ei lang pause, Bjørk har hatt løpetid og eg har valgt å la henne kvil litt på jakttrening, men no er det på igjen.
Måle blir å jobbe mykje med vann og eg må sleppe opp ein del på lydigheita, la ho springe å leike mykje meir, vi kan ikkje ha det så alvorleg, trening skal være moro ikkje berre prestisje og resultat, då går ein seg fast. Bilde under, Bjørk på jakttrening :)
01.09.2016
Trening av hund SKAL være moro, det skal være veiene til betre samarbeid og vi skal kose oss i lag med hunden vår. Vi skal bruke tid og ikkje hoppe på snarveier og innbille oss at hunden kan meir enn den kan. Vi har mål om at hunden skal oppføre seg fint på tur i byen, skog og fjellturer, andre igjen har mål om å konkurrere enten på LP-bana, spor/ettersøkshund på skadavilt, WT/ jaktprøver, eller utdanne til redningshund..
Min filosofi er og ikkje lære inn så mange feil,
 feiler hunden ein gang så går eg  inn og legg bedre opp trening slik at feil adferd ikkje blir befesta. (enkle norske ord, legge seg til uvane og det gjeld oss, ja det er vi som føre hund og legg opp treninga)


Trener ein hund så vis med alt at detter liker eg og ikkje stå anonymt og heng og vent på at hunden tilfeldig vis td. dukker innom med apporten.
Det er så fort gjort å sjå på erfaren trenarar/ handlerar og kopiere den anonyme handlinga som dei viser fram, det ein gløymer er at dei kanskje har programert inn denne adferden når kvalpen var 12 veker og veit at hunden kommer som eit lyn utan ekstra påverking.
 
11.07.2016
Bjørk, ja ho er gullskatten min :) talent, lære fort, mentalt sterk, trygg, liker å vise seg fram, sjå meg:)
Eg og Bjørk på LP-stevne, ja Bjørk er kun tilskuar, men neste år er det henne tur og det glede eg meg til!
Bjørk trenar eg litt no og då, ho e flink på det ho kan, og ho lære fort, men eg vil gi henne tid til å modnast det vil sei eg har ikkje hastverk med å starte på diverse prøver om det er jaktprøve eller LP. Om det er rett tenkt, det for no tida vise, eg liker vertifall svert godt å trene henne og ho har eit så behageleg stressnivå at ho er ei fryd å jobbe med.

Bjørk har eg lært både fellesdekk og eg har lært henne naseprøvesøk  momentet, ja ho kan det og ho lærte fort, fellesdekke tar eg også skjult i lag md Rally, kall det målretta.

Jakttreninga av henne står litt i stampe eg må nok ta nokre skritt oppover i læringskurva, men forholda er ikkje der for det og akkurat no eg har ingen plan. Ja eg tek sommarferie :) og tenker ut ein plan.
 
18.06.2016
Trene hund er livstil og det gir masse sjølv om det kan være hektisk å få trena bra og godt nok til at vi vil oppnår resultat. Det skal være moro på veiene fram mot målet og dette å kunne glede seg til trening i lag med hund og treningsvenner og verkeleg oppleve at trening gir gode resultat over tid.

No føler eg at eg har lukkast bra med Bjørk og har derfor bestemt meg for at eg tar det med ro og legg tid til vidare trening i staden for å ta eit stort hopp vi ikkje er klar for, eg tenker kvalitet på treninga av Bjørk.
For å starte i AK må ein ha ein dirigerbar hund og der er ikkje Bjørk ennå, eg vil derfor prioritere dette i treninga av henne framover( jakttrenig/apportering). Eg vil være svert nøyen og presis i treninga utan at det skal gå utover motivasjonen hennar, eg vil praktisere perfeksjonisme, så for vi ta den tida vi treng.

Eg vil i ei periode på tvers av jakttreninga trene litt LP- med Bjørk, eg vil starte med å lære inn fellesdekk, det momenta gjer at eg har kontroll på ein evt start på LP :) Då er eg trygg når eg startar å konkurrere med henne, etter som eg planlegg vil eg gå klubbmeisterskapa og appllekuppen til klubben i haust som innføring til  LP- sporten med Bjørk, litt planar må ein ha, men her vil eg også bruke tid, muleg eg vil trene litt spor med henne også, det er eg ikkje heilt sikker på ennå, men vi for sjå på det.
 
Eg og Bjørk har også deltatt på jaktkurs med Heidi Kvam no i juni, kjekt og lærerikt. Eg fekk no nokre ting å tenke "på" og det er kva eg ikkje skal sjå igjennom fingrane med osv.. litt på bolken perfeksjonisme, jau vi lære litt av alle kurs det er mi erfaring, sjølv om vi brukar litt tid og penge på kurs,  er vi så heldige at vi for kurse oss utan å reise langt så hive vi oss med !

 
Trening med treningskompis :) berre kjekt og vi trenar roleg og enkelt, Bjørk er så flink.
 
 
Bjørk, foto heime på sandsøya no i juni :)
21.05.2016
Bjørk har vore på jaktkurs, vi har vore i Oslo/ Skarnes på rase arrangementet, ja det blei ein fin bolk med miljø. Bjørk oppføre seg så bra, ho er heilt herleg å være ute og reise med og trygg på det meste.
Som konkurranse hund er ho ennå ikkje utvikla, men det kommer nok litt etter litt.
Ho har vore i Oslo på ei trening i lag med Tone og  co.
Bjørk på Jaktkurs, ho her kan pasiivitet :) det er verre med meg :)

Anne Lene og Bjørk i Frogneparken


Eg og Bjørk ventet på post 1 under WT på Skarnes, og vi nullet på ein post, så den blei ikkje godkjent, men slik er det å konkurrere ikkje alltid det blir klaff :) men more er det!

 
Eg har starta henne på ein  BK, der hadde vi litt lite spontanitet til å gå i vatnet ;) for å få 1 pr., så vi må nok berre trene meir på det, elles så var det andre bra. Bjørk var roleg og ein herleg hund å stille på prøve.
Tidlegare i år var vi også ein tur til Trøndelag på utstilling, då med var ho berre topp å ha med på tur, eg er derfor veldig glad for at eg har ein hund som er enkel å handtere og liker å reise, er roleg over alt.

Det lover godt.

Eg kjenner henne no litt betre og veit korleis ho oppføre seg i fleire situasjonar og eg har forhåpningar til at dette blir bra. Det er ein hund eg ser fram til å stille på fleire prøver, forsette treninga av, eg vil nok no kanskje trene henne mykje på eigenhand,  sette samen ein del ting i treninga, eg vil der etter kjøre Rally inn i treningane hennar for å auke trykket/gjer det tøffare for henne.

Bjørk toler masse og det skal eg no utsetje henne for. Eigentrene henne  å invitere til trening med trøkk og bygge hunden min stor og sterk på både miljø og kunnskap, ekvipasjar med unotar, pusekattar og alt som kan dukke opp.!

Skal ikkje være redd for noko eg og Bjørk ;)

 
28.02.2016
Bjørk, ja lite eller ingen ting på oppdatering, det er ikkje så mykje som skjer.
Mykje snø har vi fått, litt trening, men berre litt.

Eg bør kjøre motivasjon på henne i dei fleste moment, litt høgare intensiteten i søk, dette er lurt slik ein ungår å etablere frustrasjon for dårleg utført jobb :) det funker også bra når det blir utført rett.

Vanskelege oppgåver og opplegg som ein lukkast på, er verktøy for å få å utvikle ein god hund..

Vi har vore ein tur ut til Flø og trena litt i lag med treningsvennane med golden gutta, + nokre kvalpetreningar med flatcoat-arwen hundar. Bjørk er sansa og roleg, gode grep har ho, men ho har i ei periode brukt nasa … det finst dufter som «må» skjekkast først, det er derfor eg må ha opp intensiteten på jaktlysta, vilje til å gå på jobb drite i alt anna.

Eg regnar med at det heng litt på løpetida som ho har vore igjennom, og etter løpetid syndrom.. Vi hadde tenkt å starte konkurransesesongen i Bergen, men det slo vi frå oss, vi er langt frå gode nok til det ennå, vi har nøling før vi går i vatnet. Lite lite trening på feltarbeid, trening på markering bør vi også ha litt meir av, og då i settingar med skytar og kaster, ja då må vi berre vente, slik vi har litt kontroll på kva vi kan forvente og ikkje berre starte å håpe på flaks :)...  eg har mista nesten alt av sjølvtillit når det gjeld jakttrening/prøver, så den sit nok langt inne å komme seg i gang igjen.

På Flø hadde vi ikkje været med oss, men vi hadde det kjekt og ei gode trening for oss alle, det er litt langt å reise for ei trening, minst  4 timar med reisetid, og 3 timar med trening med pause.. vi liker det så det blir fleire turar ut til det flotte flø.

Vi har også hat ein del bjeffing på ting og tang reknar med at det heng på alderen og håper det er noko som forsvinn litt etter litt. Løpetid er over og hofter og albuger er rønka no venter vi berre spent på resultatet.

Nokre av søskena har allereie fått resultatet og det blir oppdatert på "NYTT" etter kvart som dogweb kjem med resultat, sjå gjerne innom der, bilde også Bjørkesøsken. Bjørk og Anne Lene skal på utstillingskurs i mars for å lære korleis ein kan vise henne best på utstilling, ja eg skal også følgje kurset som observatør.
Bjørk i dag :) tok meg tid til å ta eit bilde av Bjørk, vi var å trena litt fot i koppel + oss jobba litt med avlevering av treapport..
 
15.01.2016
Bjørk har endelig fått løpetid, eller eg meinare at den kom til normal tid. Når ho ferdige med løpetid og etter ein månad då skal eg få ta rønken av hofter og alboger, det er alltid ei spenning med det og eg glede meg til å få det overstått.

Trening av Bjørk, nåja, eg veit ikkje kva eg skal sei, eg tar litt pause no i løpetida, så for eg etter det ta og eigentrene litt tøffare, eller legge lista lit høgare på kva eg skal forvente av henne. Eg har så lite peiling på progresjon og trening, eg veit korleis eg vil ha ho, men eg er litt forsiktig med å lære frå meg for mykje ennå. Bjørk er litt forsiktige i ein del situasjonar og eg må bli flinkare med å trøkke på med utfordringar.

Det vil sei eg skal trene meir, eg har trena lite, for eg er usikker på om ho kan bli hjernevaska, dritlei trening, eller :) ja eg vil sei det så enkelt eg kjenner ikkje min hund godt nok. Riktig trening tilpassa hund, Bjørk er litt liksom slik hund som er proppa med medfødde gode eigenskaper og treng ikkje lære det, men når ho ikkje skal flyte på eigenskapane er skolering også viktig..

Det med løpetid er ei historie for seg sjølv, som eg har nemnt før, er det ikkje hindringar som grinder, eller dører som stopper Bjørk, eg har grind som kan latast igjen på kjøkkenet, og når det har vore løpetid, har det vore plassen deira, kjøkkenet, og bak ei grind.. Bjørk, ja ho lar seg ikkje stoppe av ei grind. Truser bruker ikkje eg på mine hundar, men Anne Lene har vore i veg å kjøpt nye flispledd til møblane, ja ja, denne Bjørka er så god :)

Eg har vore ein tur til Volda og trena i lag med Bjørk sine slektningar, søster og tantebarn..
Vi hadde fokus på markering, det er noko som vi skal fokusere meir på, både avstand, terrengskifte, fleire folk i terrenget, kast  og skot osv. Dette med å lære seg å markere, eller markere vanskelege apporter skal vi ha på dagsorden, når vi skal trene i lag med andre. 

Bjørk er ikkje varm i trøya så ho tåler mykje slik trening vil eg tru. Snøen er komet, så det kan bli litt vinterpause også, då for vi ture og bygge musklar, det har vi også behov for til prøvesesongen startar.
Bjørk og Rally, ein ting har desse to felles godhaleføring ;) Bjørk er slik må ha pinne hund, Rally er ikkje det, men Bjørk lære Rally og like pinner.. hi hi, kan være nyttigt det.
05.01

Godt Nytt år!!

Bjørk er ei godjenta nr 1, men ho må passast på, ho er fole flinke til å stele ting og ete det opp , kvifor ja det skjønner eg ikkje, ja ho sveller ikkje ting, men ete det berre i småbitar. Ho har bra med energi, for nok tur, er full av flotte musklar, søv som ein stein.
Blir trena litt, men som med Rally vi prioritetar musklar og tur. Vi må få trena litt meir markering med Bjørk, her er ho ikkje der ho burde, eg må få henne litt meir varm og eg må få henne meir erfaren på markering, her har eg ein jobb, men eg treng kaster og eg eg treng skyter og eg treng miljø det må være full pakke skal det være effektivt og bra trening. Så eg må nok berre trampe samen trening og fokusere på det momentert.
 
Litt miljøtrening i jula, vi hadde ein dag til småbåthavna, ellers så var vi i skogen kvar dag!
 
29.11
Eg tura litt og trenar veldig lite, eg vil ha ein uslipt diamant lenge.. Bjørk er ein hund eg ikkje har hat før og eg vil ta ting litt etter litt. Før eg har stilt henne på prøve er det vanskeleg for meg å tenke så mykje trening, eg er så redd for å skolere for mykje,  eg lar heller  vær å trene henne og då gjer eg ikkje noko gale, sjølv gamle hundar kan lære, det er verre å avlære unotar.
Bjørk og Rally er svert gode venner, dei er som hand i hanske, Bjørk pinnegal og Rally tende ikkje på invitasjonen hennar til å springe etter for å prøve og ta i frå, det er eg så glad for (Artemis er også slik pinnehund som berre må ha alle pinnar for seg sjølv) Derfor passer Rally og Bjørk svert bra i kvarandres selskap.

Rally bryr seg ikkje og Bjørk for ha alle pinnar for seg sjølv :)
Bjørk er ennå veldig roleg og avslappa i alle treningssituasjonar, ho manglar heller lit driv, det vil sei at eg i grunnen skulla ha kjørt litt meir trøkk til henne på trening, men eg har valt å ligge lavt i staden for å gjer noko som eg ikkje burde.

Tenker litt LP- trening, eg skal gjere henne klar til kl 1 til våren og vil nok ha eit bein i den sporten også, jaktprøver vil eg så klart stille på og vil være hovudfokuset med Bjørk.
Ranja- Nacho kvalpane har no fylt 1 år og du kor fort tida går !
Det har ikkje vore oppdatering her på heimesida om kullet, det beror mykje på facebook, kennel gruppa er proppa med blider og litt info om heile gjengen (to som ikkje er der, men eg har fått både bilde og info så eg veit at det er berre bra) Det er kun Bjørk frå 7 søstrer som ikkje har fått løpetid ennå og den ventar eg på, det er på grunn av at eg vil ta HD-og AA blider av Bjørk, men eg liker å vente til ca ein mnd etter første løpetid, om eg klare det :) dette er så speandes.

Alle 11 har det bra, dei er tilpassa sosiale og kjekke kvalpar( no 1 åringar) heile gjengen, det er så kjekt, og at dei fungera bra i det daglege er det som er viktigast, alt det andre er bonus.
 
08.11
Lenge sidan eg har notert noko, men vi er i live :) Trening og tur for Bjørk litt av begge deler, men eg trenar ikkje Bjørk så mykje men litt no og då. Hausten har vore mild og fin, utmarka fri for husdyr og til rådigheit for oss med hund.

Eg har prioritert litt arbeid i vatten med Bjørk, dette for å få ho trygg på utgangar, Bjørk er svert flink til å symje, men nøler litt når ho skal gå ut i vatnet og eg vil ha ho ut spontant og der eg bestemmer.

Kvalifiseringskurs har vi også deltatt på og der var ogso søster Sol, vi bestod kvalifiseringsprøva begge to, og det blir no for Bjørk sin del satsing på jaktprøve til våren!

I går kom treningsvenane mine frå søre ein tur innover og Bjørk fekk trene litt i lag med golden gutta,  Bjørk er råflink og eg endå flinkare og lar ho utvikle seg rett, det vil sei, utnytte medfødde eigeskap ikkje styre.

Eg er likevell starta med  moment innlæring  på signal, men kun lære signala ikkje bruke det, vi lagar modular som blir plassert samen til våren. Bjørk er fin og grei i lag med andre hundar,  kan springe fritt i lag med alle utan problem, for så finne ro og gå raskt over i jobb modus.

I går jobba vi med felt, ja det var skjultfelt ingen synsinntrykk på at vi hadde plassert ut felt i tillegg var det nokre få enkemarkeringar og litt utsending til eint punkt vi hadde pepra med dummy og krytt lukt, det momentet kunne bli vanskeleg, men Bjørk var kanon på det.

Ein sterk spenstige kropp har ho fått, godt egna til sport/ jaktprøver no er det berre nokre få dagar til ho er eit år, eg regner derfor med at utvoksen er ho.
Bjørk på ein av turane våre !
18.10
Eg og Bjørk har i helga vore på kvalifiseringskurs, ja vi liker å gå på kurs om vi treng det eller ei det kan eg vell ikkje kommentere, men uansett så er det lærerikt på miljø for oss.

Nye ekvipasjar, nytt mykje, det er ein form for generalisering ein må ta  med  seg har ein unghund. Bjørk skal bruke tid på å bli klar og eg vil ikkje stresse med verken det eller det, men det eg kan sei er at denne hunden tåler miljø, lar seg ikkje påverke av andre hundar, stressar ikkje, slappar lett av når eg tar på koppelet og liksom legg opp til at det er fritid.

Eg styre henne ikkje slike eg gjor med Rally, Rally hjernevaska eg med linjer og spring dit og dit, med Bjørk tenke eg mest eigenskapar, gjer  det du er født til, finn og hent heim apporter, eg veit ikkje kvar dei er :) :)
 
06.10
Bjørk trenar på utgangar i vann, ja i dag hadde vi springetur i lag med Rally langs elva, og det er heilt greitt at ho ikkje hopper i elva og badar slik som Rally, det er ein uvane eg ikkje vil ha.

Arwen mormor, er ein kløppar til å symje, men å bade utan at ho skal hente noko gjer ho ikkje, dette er ein bra eigenskap synast eg. Det kan fort bli konflikt og problema skal ein bade på jobb, så at hundane prioritetar er ein god eigenskap.

Etter vi har tura litt legg eg Rally i bilen og tar ei økt med Bjørk, ho er blidt ganske flink til å gå ut der som også er kantar, sjølv om ho vente litt (les nøle). Vi har likevell etablert rake linjer ut, og rake linjer inn, ingen risting før ho plukkar opp og nesten 100% bra avleveringar frå vatten.

Eg er over lykkeleg over å eige eit slik eksemplar av ein flat :)
 
04.10
Trenehund like eg, det gir meg mykje ny energi, hovudbry og ei og anna vakenatt, tenker korleis skal eg få til dette.

Bjørk er roligheita sjølv, ho er som ein drøm, men dette med å være roleg og usedvanleg roleg har sine pluss og minus. Eg har ikkje så mykje å fortelje om treninga hennar, eg veit ikkje kva eg skal trene på, Bjørk ligg mest på vent til modning.
Vi har haust og det blir kaldare i været, eg vil no i ei periode trene litt moment i vann før frosten kjem, grunne er enkel, Bjørk er forsiktig ved utegangar i vatten og eg vil prøve bli kvit det.  

Vil nødig ha ein hund som står på kanten og venter på å gå i vatnet. Elles så eigentrene eg åleine, Bjørk skal ikkje utsetjast for mykje syns intrykk trening, her er eg striks. Hund lære fort av å sjå på annen hund, Bjørk for ikkje sjå på noko som er feil, ho skal være rein i hovudet og lære inn det meste perfekt.  
 
Trening i vann, symje er Bjørk flink til, no jobber vi med retteutganger fra uasett kant eller hindring, det vil sei gå ut der mor peiker.
 
16.09
Bjørk har hatt ei aktiv periode, vi har vore på Sandsøya, på tre jakttreningar sidan sist eg noterte noko, det vil sei litt over normalt aktiv.

Til  Sandsøya hadde eg med litt vilt for treninga, spontan utan å tenke, heilt kanon vilt apporteringslyst på henne, ja dette er eg så klart glad for, men det var også venta at ho skulle være slik. mormor Arwen har aldri tenkt å snuse på eit vilt før ho plukka det opp, og mamma Ranja var også svert spontan på vilt, tante Rally er også det, bror Raxo blir heilt i hundrede når vilt kjem fram, så genetisk har dei det som trengs for vilt spontanitet og det burde ikkje være uventa at Bjørk er bra på det. (no nemner eg berre dei hundane eg personleg kjenner godt) dei har mange andre gode spontane hundar i stamboka si!!

Bjørk er still roleg og ikkje av dei raskaste i klassen, ho er ikkje varm i trøya nei, det kan eg trygt sei, ho utføre apporteringsmomentet med stil og sikkerheit, men ikkje med full gass.. fart er ikkje alt her i livert.
Eg har heller ikkje lært henne noko uvanleg, Bjørk gjer det som er medfødt plukkar opp og vender heim. Eg passar så klart på at ho kan det grunnleggande rundt fot,  ho kan sit, ho kan gå litt på fot, ho kan komme heim når eg kallar henne heim.
 
 
03.09
Bjørk har vore med på ei ny fellestrening jakt på tirsdag, Bjørk er talent og treng ikkje trening for å vise fram eigenskapane sine, eg lære henne derfor ikkje noko.

Bjørk har ein naturleg ro rundt fot, ein naturleg sit, hold seg på fot, det er nesten for mykje av det gode og eg trenar henne ikkje og har ikkje tenkt noko meir enn BK, har heller ingen fleire planar enn det.

I dag har ho vore på tur, eller ho har vore med meg og to andre på tur, det er ikkje eg som har hatt ho med, men Anne Lene og Jon, eg har berre vore med dei, Bjørk er også Anne Lene sin hund.

Eg hadde ikkje med verken godbit eller fløyte, Bjørk skal ikkje bli avhengig av verken meg, fløyte eller trening, ho skal være ein heilt alminneleg hund. I går var ho med meg på LP- trening, ho trenar litt fellesdekk, fot og det å ligge i bilen medan eg trenar Rally, kanskje det aller vitigaste, ho må være stille når Rally trenar.

I etter middag tok vi litt symjetrening for mosjonen og tryggheita i vann sin del, eg har med ein pose med tennisballar, går å kaster ut 10 stykkar med tennisballekaster, ja medan ho og Rally ligg i bilen. (dei for ikkje sjå at eg kaster ut)
Hentar så både Rally og Bjørk og dei for feltsøk på vann, ja dei  jobbe i lag, det er om å gjer å hente inn fleste baler mest effektivt. 10 baller kjem svert rast inn og ingen legg seg opp i annen hunds jobb, det er vell det viktigaste skal ein gjer det på denne måten.

God mosjon, ja eg kan å kaste med tennisball kaster, ballane ligg langt frå land 50 til 70 meter ute. Bjørk er svert flik til å symje, symjar effektivt og roleg og svert fort.
28.08
Bjørk, ho er ei lita kjekke snelle, ho har også hat ei lita treningspause, dette med ungehundar og jakttrening er nok ikkje så enkelt, eg skal ha hund som eg skal klatre med då lære eg ikkje henne for mykje for tidleg, dess mindre ho kan dess betre. Varm jakthund er eit herk, då er det takk for i dag og god tur heim.

Her med meg er det full avslapping, ful av fanteskap er ho, understimulert ??, nei det trur eg ikkje, eg vil berre ikkje bygge stress og forventning i henne for tidleg. No har det vore ein naturleg pause for di eg har vore opptatt med Rally kvalpane, men det er no historie og eg kan plukke litt forsiktig fram Bjørk. Bjørk kan å apportere, ho er flink til å holde området på ei markering, ho har søkslyst til å gjere funn, det er eg nøgd med.
Eg skal framover trene fot med henne, relære den også, trene lydighetsfotplassering  siden det er nok den mest nyttige ein kan lære frå seg, grunnøving nr 1 uansett bruksgrein.

Eg har heller ikkje lært henne stopp eller søk signal, dette på grunn av at eg vil være sikker på at ho jobbar sjølvstendig før eg startar med noko styring av jobben, og eg vil ha minimalt med stress på henne.

Kun godbitar som belønning, vil ha mest muleg ro rundt fot, skal eg skru ho litt opp så for ho spring litt ekstra etter etter ein dummy eller ein tennisball. Bjørk har ein heilt anna iver etter leik enn Rally og ho tar gjerne ein kamp med meg  tilbyr eg, men i jakttrening vil eg ha ro, her kan ho ikkje bruke krefter på å kjempe med meg, då skal ho bruke krefter på å holde fokus og  bringe heim alt ho for lov å hente.

Vi har vore i veg på ei fellestrening etter kvalpane drog, Bjørk var flink ho imponert meg med å holde bra fokus, ho la seg også ned når den andre hunden jobba, ho skjønte at det ikkje var henna tur, dette er bra eigneskap og slik eg vil ha min hund. Ho fekk nokre markeringar, alle kom inn og ho brukte både markeringsevna og søksiveren for å finne fort og bringe rett heim.
 
24.06
Tida flyge, Bjørk veks og er no neste like stor som dei andre flattane her i huset. Bjørk er den som er villast som naturleg er, ho har bra med pågangsmot og er ikkje råd å stenge inne på normal måte.
Ho forserar nesten låste dører :)
Bjørk for lite trening, nesten som eg lengtar etter å trene henne, men eg tar alt med ro vi har eit hav av tid. Det eg ser eg må ta fatt i no er fot, eg har kun  i det siste trena/ brukt det når eg har trene i lag med andre.
Det held ikkje, då ser ein igjennom fingrane med mykje, eigntrening med full fokus skal eg ta fatt på litt etter litt. Ein god fot motverkar frustrasjon, stress, såleis er ein god fot rota til alt bra!! Gevinsten er ein roleg, avslappa hund, vist ein vil ha det og treng det.

I dag har eg badet henne, ja eg brukar kun «optima produkt» på henne også som eg gjer på dei andre, blank og fin blei ho. Bjørk har ikkje mykje pels, og den ho har er tynn, fordelen må være at pelsen er like glatt rett etter at ho er badet.. Bjørk skal på kvalpeshow på Vestnes 12 juli.

Elles så har eg  flytta buret  til Bjørk ut på gangen, såleis litt lenger ein 30 cm i frå meg om natta. Ho har sove to netter på gangen, framsteg. Vi har vore i veg og trena litt i lag med Raxo og Raisa, tante og onkel til Bjørk, Bjørk tok livet med ro, veldig roleg og behageleg vesen og ha med å trene tett på andre hundar, måtte denne gode eigenskapen vare.

Fellestrening i lag med klubben har Bjørk også vore denne veka :) vi tenker miljø når vi fartar rundt, kunne yte bra overalt blir Bjørk sit varemerke :)he he, det er målet vårt.
 
15.06
Eg er heldige har kvalpekjøparar som dukkar opp og vil trene eller sanke kunnskap om trening og være litt sosiale i lag med kvalpen sine søsken og eigarar. I går var det tredje gangen eg trefte alle 4 samla, vi har hat to treff tidlegare, eit på Ørskogfjellet før og eit på kvalpeutstillinga i sunnmørshallen. I går hadde vi ein flott dag, sjølv om det ikkje var juni temp, så blei eg vertifall ikkje kald.

Kjempeflinke har alle vore med kvalpane sine, dei har innkalling og kontakt, det aller viktigaste. Kvalpane er sosiale med kvarandre utan å stresse, sjølv når vi koplar frå ein kvalp og jobbar med den og dei andre er i passivitet, så har kvalpen fokus på sin eigar og lar seg ikkje forstyrre av miljøet.

Det som eg vil er å hjelpe dei  med fornuftige treningsråd tilpassa kvalp og eigar, ikkje alle har same utfordringa og kvalpar kan være litt ulike. Felles med desse kvalpane er at dei har stor søkslyst til å finne ein apport, dei held området og gjer funn, har stor apporteringslyst, og arbeider med stor fart.

Vilt var alle litt overgira på :) tru ingen vil bli hengar på vilt her…  apporteringsdelen må berre bli litt betre befesta.

Vidare fekk dei tips om korleis dei skulle få stor fart heim med apporter, eit delemoment å trene før dei kopla på apporten, eller vedlikehalde stor fart heim, etablere eit mønster for heimkomst, både med og utan apport.

Over til Bjørk, Anne Lene var med å hjelpe meg med henne, ho fekk vist litt av momenta, elles så var ho mykje i passivitet, den biten er bra, ho forhold seg roleg, når eg hjelpe dei andre. Er så stolt av denne Bjørka mi:)
Tusen takk for ein flott dag!
 
Gjengen av såkalla lokale kvalpar er samla til trening på Ørskofjellet på den dagen dei er 7 mnd.
 
11.06
I dag har eg trena i lag med Nina og Lill- Iren, to kvalpar og to voksen , ja kva skal eg sei, Sol og Bjørk, er søstrer dei er nok litt forskjellige, men begge er arbeidsivrige og må utviklast vidare frå der dei er. Raisa har eigenskaper i søkk og kav, men dei kan ta overhand, så med henne er det  lydigheit som også må stå på treningane framover.

Bjørk er hund som treng litt motivasjon, ho lar seg ikkje stresse opp,  slik hund er ho, derfor må eg på ein måte ikkje kvile for mykje, eg vil ha hund med litt fart i. Men balanse gangen med å stresse opp eller motivere opp, kan være hårfin, derfor tar eg ting rolig og med fatning. Eg skal ha hund uten lyd og med rolig munn, som kjem til direkte til meg med dummy uten å stresse.

I dag tok vi litt symjetrening, det kan være greitt å kunne kunsten å symje ikkje berre spring etter dummy, eg stressar ikkje med vann.

Felt var det som stod på treningslista vår, Bjørk, går djupt, ho dekker i bredde og eg ser at i henne bur det ein feltarbeider. Det var tredje felte ho gjekk i dag.

Eg brukte fløyta etter ho hadde funn, dette er ikkje sikkert eg hadde trengt, men farta heim var stor. Bjørk jobbar veldig bra og i felte har ho full kontroll på vind og vitring, det er faktisk veldig kjekt å sjå korleis ho jobbar.
Tante Raisa, Bjørk og Sol ! Her kosa dei seg i lag på trening oppe på Standal!
Foto Lill- Iren
 
Tysdag var eg og Bjørk ein tur utover og vi hadde ei kjekk trening i lag med dei to labbane som er like gamle som ho. Bjørk var litt dempa på den treninga, trur ho synast underlaget ikkje var heilt slik som ho var vant til, derfor generalisering, står på arbeidsplanen vår, tøff karar med solbriller og lyselabbar, må vi vist trene meir i lag med.

Uansett om ho opptredde litt sakte kino, gjor ho på det meste det ho skulle, men eg veit det er kvalp og kvalpar handlar om bygging. Eg prioritetar utvikling av eigenskapar og legg ikkje så stor vekt på lydigheit som eg har gjort tidlegare. Eg har nok endra adferd og trenar ikkje lenger med mål om EK, no er det BK eller eigenskaps bedømming eg tenker.
 
07.06
Bjørk for ikkje så mykje trening,  eg har bestemt meg for å ikkje lære henne noko, ho skal kun utvikle eigenskaper, eller det vil sei ho skal eigenskapsbedømmast i BK og eg vil ha ein hund som er teknisk fri for spør om hjelp syndromet, ho skal kun vise fram eigenskaper og ikkje innlært lydigheit.

Det vil sei markere, slå på vitring, vitre ut, gjer funn vende heim. Eit par ting lære eg henne, det er sit, gå på fot, gå ut og apporter på kommando, går ut og søk, altså, gå ut fleire gangar etter kvarandre.

Vilt apportering ein gang i månaden skal vi også få med oss, det er også moment som er nyttig og viktig. Og sist men ikkje minst, kom heim så fort som du klare, her er det ikkje rom for pausar, eller eg kjem om litt!

Feltsøk, eller plukk inn fleire, eit fritt søk, eg har prøvd henne på dette momentet to gangar og ja ho har dei eigenskapane som ho treng, dette skal Bjørk bli flink på.  Litt skal vi trene felt, dette for å få fram effektivt arbeid.

Eg har slutta å tru på at alt kjem av seg sjølv, skal ikkje bli tatt på senga igjen nei..  her er det hund som skal jobbe og ikkje eg, kort fortalt, eigenskap bedømming.
Oppstilling :)
Pasivitet :) ja no er Bjørk på trening :)
Tur med mormor, langline må ein ha no når det er bandtvang :)
 
01.06
Bjørk er ei lita villspike og gjer som ho vil, men triveleg med hund det er litt tak i! Vi har trena på å gå i band i dag eg og Bjørk, det er nyttig og eg har sett meg mål om at det skal ho vertifall kunne.

Eg har ikkje treningsiver for tida, så det blir ikkje så mykje ta noko.

I helga var eg borte både laurdag og søndag, avd Sunnmøre hadde jaktprøve og då er det litt obligatorisk at ein må hjelpe til litt vi som trenar jakt. Eg var ein brikke i AK prøva og kasta litt ender som skulle apporterast, heilt greit å være medhjelpar det er lærerikt og ein ser ganske mykje av hundearbeidet, også kva dommarane legg vekt på. Kort fortalt skal ein stille i AK må ein ha hund som er spontan på vilt, er lydhør og lystra alle signal rett og er still.

Korleis for ein ein slik hund, ja sei det :)
27.05
I går var vi til Volda for å trene litt ekvipasjer fra oss og ein god treningsvenn som stilt med nytt terreng for anledningen.Sol og Bjørk er passert 6 måneder som resten av gjengen fra naturkullet, etter som eg veit har alle det bra, dei vokser fort og blir folkelig hundar heile gjengen.

Vi har ein kennelside på fjesboka som dei fleste fra dette kullet er med på, vi har derfor tett med opplysninger og bilde om korleis dei veks og kva dei styre med.
Det har derfor ikkje blidt så mykje oppdatering om kullet her.
I går var Sol og Bjørk på trening, dei må lære seg å vente i bil, medan dei voksen hundane trena, ja det var eit av momenta, litt gnål er det ta begge slik er stoda, men dei såg også at vi jobba med andre hundar og det trigger slike ung til å rope at eg også vil…

Når dei er ute er det ingen lyd på dei, dei oppføre seg avbalansert utan stress, det vil sei litt stress må ein ha for å yte, så stress er nødvendigvis ikkje negativt.

Vi skulle prioritere vilt, dette med vilt og viltspontanitet er litt viktig for oss som skal satse oppover i klassen på jaktprøver, det er også viktig for avlen sin del og ha hundar som tar vilt med eit godt fast roleg grep utan å være hard. ( ja utan at ein treng å lære dei det)

Sol fekk prøve and for første gang, og ho fekk prøve kanin for første gang, kanin fekk Bjørk også prøve for første gang. Spontan utan å nøle, så bra. Eg la opp til lang avstand frå oss, putta ut kanina i eit kratt, og vi sendet hund ut i kratte, apportert kjapt både Sol og Bjørk og heim kom dei og avleverte i hand!, ja eg har det på film så klart
Arwen over og Sol under :) Arwen og Sol er litt like både i kropp og sinn ! Bilde av Arwen har Lill- Iren tatt, fin gammel hund Arwen, 11 år og fekk være med å hjelpe til på trening i går.
Sol, fekk prøve vilt for første gang, ja og ho var spontan som også Bjørk er ! Slik er Ranja også, så dette har nok mamma Ranja ført vidare, ein verifull eigenskap.
 
 
21.05
I kveld var eg i veg å la blodspor til Rally, og Bjørk og Anne Lene var med, det heite seg eg måtte gjenreise litt tillit til meg sjølv i kveld og det gjor eg.

Alt er normalt i kveld.

Anne Lene blei plassert inn ein skog, eg gjekk på fot ei linje og la ut dummy, Anne Lene stod i skogen, men eg sende Bjørk på ut dummyen.
Rett ut, nesten rett heim, stoppa opp ser i skogen om det skal skje noko eg blåser henne heim.
To enkelt markeringar inn i skogen, først lang jobb med å finne, men holde området svert bra, og gav ikkje opp.. den andre spikra ho.
 
20.05
Første fellestrening er unnagjort, kva skal eg sei, Bjørk er roleg, utan noko form for stress, men ho har ei nase som ho kan nytte til det ho ønskjer… det var så mange godelukter at det tok henne i dag, dummy var uinteressant. Framande plass, mange framande hundar og eit terreng med sikkert så mykje speandes, eg treng derfor ikkje utdype noko nærmare kva ho gjor med nasen sin.

Vi trena litt fot, litt sit og vi sat litt på sekken, og det finst ikkje stress i Bjørk, men det veit eg, Bjørk er hund som må motiverast litt til arbeidet. Fot treninga er vi i rute med og det vil eg forsette å terpe på, det er ein av grunnsteinane i det meste.

Vi hadde eit kvarter i ventetid på ferga heim, det blei også brukt til trening av fot i eit anna miljø, Bjørk var motivert til å trene på ferjekaia, jau eg er nøgd. Og det allerbeste ! "Inge spøk i dag, ingen bjeff.."
 
20.05
Bjørk og eg var på hundetrening på måndag, ho treng miljøtrening og trening av både dit og datt, det er ikkje så lurt av meg og berre la alt gå seg til, eg forsette å forme henne slik eg ønskjer.

Bjørk trur eg er inne i ei fase det spøka tar litt energi, ho ser ting( les folk) som ho synast det er fornuftig å bjeffe litt på, kvifor ja sei det.

Det er normalt og det er noko som ikkje skal forsterkast med verken straff eller ros, la vi sei vi gir det ikkje noko oppmerksamheit, vi er fjellfast og trygge sjølv utan å hive oss på konserten. (vi skal gå føre som eit trygt eksemplar,  fjellfast utan ein lyd)

Bjørk og eg trena lineføring , det å få til ein god fot er fornuftig trening, og det er jobb, men ein av dei viktigaste grunnsteinane innen hundesport, uansett grein, inklusiv jakttrening.

Bjørk fekk også ei lita innføring i fellesdekk, det vil sei ligge på linje der det ligg andre hundar, no vil eg ikkje trene det så mykje ennå, kvalpar legg seg på skinka, dei har ikkje styrke til å ligg rette ennå, og etablere ein skinke dekk treng eg ikkje, men forståing for momentet kan eg lære frå meg og det har eg gjort.

Elles så er Bjørk fole flink til å stele det meste som ho finn eller nårtaki :) det er også normalt, det gjor «mormor Arwen»  også og ho blei verdens snillaste, og flinkaste hund til slutt, det er håp for alle.

 
16.05
Spor er ikkje trening, men sysselsetting av nasa….
Alle hundar kan gå spor og det er ein svert fin sysselsetting , eg brukar trene litt spor med alle mine hundar så det er ganske normalt at Bjørk også for gå litt spor. Skanken falt i smak og Bjørk gjekk blodspor utan å synast blodet var skummelt, roleg jobba ho ser framover, over ein liten bekk og ho fant skanken!! Flink.
Bjørk har vore med heim på Sandsøya, ei dose med miljøtrening var det. Det trengst, Bjørk er inne i ei fase der mykje skal bjeffast på, skjønner meg ikkje heilt på det, men prøver å lage minst muleg styr av det så håper eg det forsvinn.
Det er ei periode eg no legg trening på hylla, og venter til ho fell litt meir på plass. Miljøtrening åleine er nok det viktigaste vi prioriterar.
Bjørk likte seg godt på sandsøya( som eg gjer) vi kunne nok berre tatt pikkpakke vårt og flytta ut.
10.05
Bjørk kan lære fort som dei fleste kvalpar, men eg lære henne ikkje for mykje av gangen, det skal også fordøyast og fortøyast i ein ung kropp. Vilt, ein And hadde eg opptina eit par dagar, dette med vilt er litt viktig, eller la vi sei har ein tilgang og tenkte jaktprøver skader det ikkje å prøve/trene med vilt ein gang i blant. Bjørk er spontan på vilt, det for ein godfølesen av og eg slepp å terpe på det momentet, det er berre der.
Symjing er det tida for, dette å bli trygg i vatten, er kjekt å kunne, sleppe å stresse med det momentet synast eg også er greitt å ha kontroll på. Bjørk har derfor fått prøve seg på vatten, og eg reknar med at det skal gå greitt å lære henne å symje.

På kvalpeshow har ho også vore, Anne Lene hendler henne fint og ho ser fin ut i ringen, så dette skal bli bra, det var 4 tispekvalper frå dette kullet på kvalpeshow, så kjekt, og så flinke kvalpekjøparar eg har! Kjempestolt av dei.

I dag har Bjørk vore med på Lp-prøve med Rally, vi sat ved ringen på sekken vår, Bjørk hadde med teppe å ligge på, ho ligg still, eller sit roleg og iaktar det som skjer, god økt med passivitet på Bjørk, god ballast til henne.
 
 
02.05
Tur for å gå i band i dag også, Bjørk er flink, det er verre med meg…

Dette med å lære frå seg nyttige ting er eg ikkje så flinkt til, men eg bit i det sure eple og held ut. Bjørk skal bli flink til å gå i band ho også.

Mormor Arwen er suveren til det, ho er også suveren på jaktfot, gå på plass osv.. arbeidsnarkoman og svert pliktoppfyllande, det ligg til Arwen og være slik. Håper Bjørk også bli litt slik, som individ er vi litt forskjellig både hundar og folk, tilpassing av trening  til både  to og firbeint må til.

Bjørk er full av pågangsmot og har mange påfunn som mine andre hundar ikkje har, om morgonen spring ho frå rom til rom for å hoppe opp i sengene til alle, og tar ei runde og vekker dei sovnande før eg rekk å stanse henne, jau jau :) slik er det å ha kvalp. Bjørk let opp alle dører og gjer som ho vil, såleis har ho masse ståpå vilje, det liker eg, ho stopper ikkje ved ein hindring, men brøyter seg veg igjennom.

I tillegg har ho plutseleg starte å bjeffe på folk som dukkar opp, det kom litt overraskande på meg, men vil tru det er noko med alderen ho er i for tida, og at det forsvinn litt etter litt.
 
30.04
Bjørk har vore med på biltur til Sørlandet, vi var ein snartur nedover og Bjørk måtte jo være med, litt miljøtrening for henne, det må til. Bjørk liker godt å kjørebil og ho søv godt i bilen, det er bra.  Det å ha ein  kvalp er krevjande eller la vi sei utfordrande, det er så mykje som må opplevast og bli trygt.  Såleis er miljøtrening svert viktig dette første året, så lang biltur kan være godt å ha som barlast, kanskje blir Bjørk så bra at eg kan reise rundt på prøve med henne, kven veit ??

Det er nødvendigvis ikkje slik at alle hundar blir som ein trur av seg sjølv, men opplevelse i miljøet kan ein ikkje sjå lett på, det er like viktig så trening eller kanskje mykje viktigare. Bjørk hadde tisse pausar på mange Statoil stasjonar, påfyll av tankar og kaffi, det var ikkje så enkelt å tisse på framande plassar, men strekke på beina måtte ho og det gjekk bra.

Gulltur på oss, langt å kjøre, men vi fekk utretta ærendet vårt, Rally fekk treffe Nestor som vi har venta på i to år. Rally fekk løpetid etter to og to månadar, ganske overraskande då vi trudde den aldri kom til å komme igjen, slik er det, slutt å vent så dukkar den opp :)

Elles så har det vore treningstørke på Bjørk, eg må prioritere miljø og gå i bandtrening, den andre kan ho og eg er flink til å få til det eg vil og må berre huske å konsentrer meg om det andre som også e viktig.

I går var vi utover til Brusdal skulen, det var eit info møte på skulen verørande kursopplegg inne jakttrening.

Bjørk og eg kom litt tidlegare og for litt seinare heim, slik vi fekk treffe Sol og Lill Iren, Sol veks like fort som Bjørk, og er ei fin lita flattispe som det bor mykje hund i.

Når vi kom tilbake til Magerholm  blei det litt ventetid på ferga, då tok eg Bjørk ut og trena gå i band, ja det gjor eg,  vi var flinke både eg og Bjørk. I dag har vi trena litt i skogen, tenk eg har ikkje trena på 1,5 veke, rekord.
Målet med treninga var gå fot i skogen, vi gjekk nokre hundrede meter på fot, det må til. I tillegg fekk ho  4 litt vanskelege markeringar som gjekk i skjul, dette vil eg trene litt inn i mellom alle desse linjene, utvikle bruk nasa for å finn, trene opp markeringsevna og det å holde området eigenskapen ser eg på som svert viktig.
Bjørk sit tjora :) og slapper godt av, roleg og vill på samme tid denne Bjørk, ho er roleg når eg trenar henne og spinn vill elles som fri hund. :)
 
22.04
Bjørk har vore på helgatur og trena hund, frå torsdag til søndag var ho og Mormor Arwen på Moltufjellet. Bjørk var ein god del i bilen, ingen bråk, still og tolmodig var ho, det var ikkje så mykje ho var ute til trening, men eg gjekk fleire småturar med henne så ho hadde det fint.

Sov inne i bur i lag med Arwen. Det var positivt ho sov heile natta,  etter ho kom heim har ho ikkje blidt lufta på natta, berre fått lov til å syte litt i staden, uvane skal bort. Det viktigaste var miljøet, og når det var kvalpetrening var det mange som såg på, + mange kamera som sikta på oss. Dette er faktisk viktigare enn treninga, miljøet, støy, folk som ser på går litt i vegen osv. På eigentrening er det ikkje slike moment, når vi samlast så er det gull verdt når noko siktar med  kameraet på oss, ikkje for minnet, men for å generalisere diverse miljø på kvalpane.

Bjørk toler dette og eg er tilhengar av å trene under slike forhold. Kvalpar skal ikkje kunne så mykje, eller vi skal ikkje lære frå oss alt vi kan til smårollingane, betre å lære godt det som er viktig og under mange forhold. Sit, sit lenge, gå på fot, springe rett fram over stokk å stein, innkalling, finne ein og annen dummy og bringe den heim.

Det er det vi treng av jaktlege moment, tenker vi innlæring første året, det andre tar vi etter som vi modnast i hovud. Lang rett linje kan varierast mykje, så momenta, spring rett fram der mor peikar skal bli bra. Pause i treninga no, er ikkje så lurt å bruke opp hjernekapasiteten ho for bruke det på fanteskap i staden.

Bjørk er inne i ei periode no som er travel, ho let opp alle dører, og er overalt, plukkar med og flytter på alt flyttbart, til å med blider på veggen flytter ho på..  eg har aldri før vore borti  slik tiltakslyst på kvalpar, Arwen hadde mykje jaktlyst, men Bjørk har masse plukkelyst, eller flytte og rive lyst..  :)

Ho blir nok eit lam før eller seinare, men det med dører er eg ikkje så glad i, ingen av dei vaksne hundane mine gjer dette. Bjørk viser veg :) og plutseleg er alle på matbuda, eller tatt seg inn der dei ikkje skal være...
 
Bilde fra, kvalpetrening på Moltufjellet og vi hadde gjestetrenarar, Torbjørn og Tone.
 
10.04
Liten økt med apportering, og fot i skogen med Bjørk + å ligge i bilen når eg trena Rally i lydighet. Bjørk må gå på fot i skogen, eller må? eg hjelper henne til å gå på fot når eg går og sett ut, matskål, eller legg igjen ein dummy. Eg har aldri brukt så lange lengder på ein så liten kvalp før og eg har heller aldri kjørt så få rep. Avstandene er heller ikkje etter naturlege stier, det er over stokk og stein, åpne lende, ja der eg finn ein egna plass.

Signalet ut, der er noko der mor peikar skal programmerast og linja ho spring er rett og i god fart, ingen nøling, er kan derfor sei eg føler eg gjer ting rett, for Bjørk. Ho må også no sitte og sjå i rettut før eg sender ut. Ja som det stabeistet eg er så er det litt rart, men eg har endra meg til å kalle alt ut, sjølv om det er ei markering, Ut er ut å hent.

Eg kastet eit par markeringar også for å trene litt på dette momentet, ny plass, kun ein markering pr. ny plass, med meg dett ikkje markeringa på same plass  i opplæringa. Når Bjørk blir ein resar på markering og har lært, kjem ho nok til å få hente markering på same plass, men  eg er litt forsiktige med det  i opplæringa. I dag var Bjørk kun flink.
 
09.04
I går blei det ei lite dose miljø, det var årsmøte i klubben og eg tok med Bjørk og Rally for litt trening på bana til retrieverklubben i  Brusdalen. Bjørk for ikkje være med meg kvar gang eg reise til trening, det er eit bevist val eg må ta, dette er viktig med tanke på korleis Bjørk blir, når eg forlèt henne heime. Enkel grunn har ein fleire hundar, så må ein prioritere, i dag er du heim og i morgon er det din tur.

Når kvalpar/unghundar formast må eg ta hensyn til dette, tar eg ho meg kvar gang kan det bli til at det å være heime blir ein kamp/ stress/ mas og det vil eg ikkje ha :) ho for være med 20 % av dei gangane eg kjøre, om det er tur, trening, eller til butikken. Eg ser stor forskjell på kva kle eg har på, den faktoren er sterk. Eg brukar å trene på stamina, ca  tre gangar pr veke, og har då ikkje på hundeklede, det er null uro, når eg forlèt huse, har eg på hundeklede og reise med Rally, så er det Baluba ja :) då let eg berre igjen øyra :)
Bjørk liker å trene, kanskje det blir slik eg kan får ein hund å trene LP med igjen, ei som liker det. Hund som er lett å motivere til trening er ein drøm, og no håper eg at eg har det. Eg er ganske modig med Bjørk og trenar tett på andre, ja hundar og folk som ho ikkje tidlegare har sett og ho prioritetar meg :) eg er litt letta for det, ja !

Elles går det i fot- trening, ut til matboks, og ut til dummy, eg er flink til å kjøre momentet på mange forskjellige plassar, og på forskjellege avstandar.

Eg les Bjørk godt og vi kjøre aldri mange rep, eg har aldri dratt strikk til vi for feil adferd, i grunnapporten er det viktig å få det ein vil utan å feile for mykje. Når ein startar med høgare utdanning er det rom for å feile litt skal ein få progresjon, men der er vi ikkje ennå.

Hovudfokus er faktisk at ho skal være effektiv, ha tunellsyn for jobben til jobben er utførd. Ikkje være redd for hindringar eller la seg distrahere av det, (ei hindring kan være folk i terrenget, ein annen hund, ei jakke på ei grein, ein stol sekk, osv) trene med hindringar kan være litt lurt, men eg føler det tunnelsynet faktisk er der for jobben.

Erfaringar som instruktør på kvalpekurs, der  brukara eg alltid og mane om kor viktig det er dei første månadane med miljø, det er berre å dra parallellar til grunnapporten, overalt og med hindringar. (miljø påverknad).
 
 
05.04
I går blei det også litt trening på Bjørk, litt som dagen før, men på ei fotballbane.
Matkopp og linje.

Vi gjekk ut i lag med ein matkopp, eg fylte på med godbitar, vende og gjekk tilbake, ca 40 meter, dette er enkelt for Bjørk,  i dag var momentet  heilt nytt, eg hadde ein hjelpar ca 10 meter til sides som skulle fylle oppatt mat koppen til meg, når Bjørk var heime for ny utsending.

Denne treninga består av rett ut, og innkalling.

Det er såleis ei teikninnlæring, og at min hund skal stole på meg,  det finnast alltid noko der ute og det finnast alltid noko der heim når ein kjem heim. Vi brukte miten på bana altså ikkje langs sidelinja, dette er for å generaliser linje, og ikkje dette som vi av og til trena etter ein sti ein sidelinje osv.


Vi fekk oppfylt koppen med mat igjen og hadde bevega oss ca 10 meter lenger ut, no var eg litt spent, 50 meter rett ut, og utan at eg hadde vore tilbake og fylt opp matboksa, og i tillegg ein person på sidelinja ca 10 meter frå matboksa.

Bra eg ikkje hadde filma dette, då hadde eg blidt for høg.

Bjørk gjor alt perfekt, rett ut, et opp og startar i full fart rett heim, no blåser eg signalet for å programmere fart heim. Vi repeterte med 10 meter lenger bak, sånn ca 60 meter, alt etter min plan, sterkt imponert. 

Det at vi har så lang lende, ein person  eit godt stykke unna matboksen er eit moment som er vanskeleg, Bjørk brukte ikkje søk seg fram metoden, men spring fort.. rett fram og rett heim og det utan å ofre eit blikk på andre detaljer.

Her er ein av nøklane til god grunnapport :)
 
 
 
 
 
03.04
Bjørk fekk eit par linjer ut til matboksa i dag, ho er flink, enkelt å greitt. Mine to fanesaker er grunnapport, og rett linje ut, det er noko der som mor peikar. I dag var det ikkje så lange linjer, men ny plass, med forstyrrelse, ut til matboks.

Eg er veldig nøgd med Bjørk sin prioritering. Ei markering som vi gjekk ut å kasta i ein kvisthaug med snø rundt, ein sjæfer med eigar på sida og med mykje lyd frå begge var plassert der for å generaliser bråk på sidelinja, og bråk var det, frå begge to :).

Bjørk og eg gjekk tilbake til utgangspunkt og eg sende henne ut, grundig søk og ho holdt svert godt området, gjor funn vende heim og passert hund og førar utan å tenke på noko anna enn heim for avlevering. Det er jenta si det. Og som tidlegare nemnt, er det kun ein apport til same plass, og det blei kun ein apport på henne i dag.
 
02.04
Skrivetørke… Vi har hat besøk av Sol nokre dagar, og då var det Sol heile dagen, pent både ute og inne, bokstavleg talt, Sol og Bjørk hadde det supert i lag ute, men inne måtte eg skilje dei på grunn av det blei vell mykje leik.. Eg var også fram til Susann for å vise fram kvalpane no, og kva ho synast om valet vi tok, både Sol og Bjørk gjor ikkje skam på flatten, rolege og fine kvalpar for å være flatcoat, sa dei :) så slik er stoda.

Avbalansert når det trengs, og ein god motor når det er ønskeleg, trur faktisk både Sol og Bjørk skal klare seg bra, berre vi som styre dei, klare å følgje opp turbo hundar i riktig tempo. Bjørk hadde litt respekt for ein katt, elles så greidde ho miljøet med BC, barn i aktivitet svert bra.

Det har også vore treningstørke, sidan eg hadde Sol, då tok vi det litt med ro, eg prioritert at dei fekk være kvalpar, kose seg i lag med kvarandre. Ein kvalp skal ikkje trenast, men formast på mange måtar, eg er litt slik at retrieversporten som jakt ligg mit hjerte nærmast og eg tenker stort sett på dei momenta som eg treng der.
Eg må vell no starte å tenke litt meir trening, Bjørk passerar snart 5 mnd og då er det lurt å legge litt solide grunnsteinar, min grunnstein er grunnapport.

I tillegg må eg nok startre med jaktfot, sit på jaktfot, roleg over litt tid, dette er lydighets moment til jakttrening og kanskje det aller viktigaste for uerfarne, men veldig viktig for meg som har holt på med dette ein generasjon også. Innkalling, med og utan dummy er vell det vitigaste for alle, eg tenker aldri innkalling  etter ei apportering, det er ein refleks, kjem ikkje hunden heim etter funn av dummy, må du stikke fingren i jorda og revurdere skikkeleg grunnapporten.

Noko anna er å avbryte søk for å få kvalpen heim, er kvalpen på jobb « leit» etter noko, så må ein kvalp få jobb uforstyrra og ikkje blåast, masast på, er kvalpen på eit anna område, er henting det beste tipset, etablere mas skal ikkje gjerast. Kvalpetrening består av å gjer dei rette ting i rett rekkefølgje.
 
Ja her for Sol og Bjørk helse på ein BC kvalp av hannkjønn
 
Han er nokre månadar gamlare enn Bjørk og Sol
 
30.03
Vi gratulere så mykje pappa, Nacho og Tone med  N jch !!
Dette er så flott og så bra at vi kan ta av oss hatten for det resultatet, skal ein oppnå det så må ein ha ein bra hund, og være litt flink til å føre den! Gratulere Tone!!

Vi er heldig og stolte som har ein kvalp etter Nacho !!
28.03.15
Då blei det eit lite kvalpetreff på oss, eg valte å legge det sentralt oppe på Ørskogfjellet, slik eg fekk litt innsyn i korleis kvalpane regerte på litt støy og miljø rundt seg, og vi kunne gå inn og ta oss ein kopp kaffi og få prate litt hund. Eg er så glad for at alle har det bra og eg har så flotte kvalpekjøparar, alle tar svert godt vare på sin kvalp, alle var like trygg og sosiale som når dei forlèt kvalpekasse her heime.

Fine var dei også, dei fekk utdelt kvarsin utstillingsline og fekk litt innføring i bruken, i tilfelle dei vil trene litt til kvalpeshow. Alle fekk springe litt i lag lause, og det var lite stress, veldig fine med kvarandre, så langt ein flott gjeng.

Sol har eg treft før, henne kjenner eg litt.

Eg var veldig spent på Tina, ho var liksom tett før ho blei igjen her ho,  Søta som eg kalla henne, ja ho hadde det supert med Harald og familien, det var kjekt å sjå henne igjen, herleg lita frøken :)


Alfa var flott og flottare har ho blidt, pen, snill, roleg og intelligent hund, det med intelligensen hadde ho her, og vi viste korleis ho kunne tenke ut løysningar på det meste. Alfa veks opp i lag med ein annen flat og det merkar vi, roleg i forbindelse med andre hundar er ofte bonusen har ein fleire hundar. Sissel ønskjer å lære å trene jakt og eg håper vi kan få til litt hjelp for å komme i gang med det grunnleggandes i løpet av våren.

Sol har bloggen, så ho er Norgeskjent, og ei snartenkt frøken med mykje fart.

Bjørk er tung og eit sikkert kort, ho har nok litt meir masse og er ikkje den raskaste i klassa, men min gullfugl.
Lill- Iren og Sol, Sissel og Alfa, Anne Lene og Bjørk, Harald og Tina.
Her ser vi litt på Sol, kjenner på holdet, Sol ser tynn ut, men er det ikkje, ho er skapt slik og ser berre tynn ut, ho vil nok få masse med åra, slik var Arwen også som liten.
Sol har kraftige potar like store som Rally sine nå, Sol vil nok bli kraftigare i heile hunden etter kvart.
Alfa hadde også lang flott hals, bygget svert bra, og ho er fin og blir nok berre endå finare.
Tina, lograr og var så pen, så det var pen, penare , penast :) alle 4 har svert mørke øyne !! og bra uttrykk.
 
26.03
Her har det ikkje vore så mykje oppdatering å skryte på seg, været har vore fint, vi har hat mange fine turar, og sidan eg har ein flokk, så har eg alltid selskap.

Bjørk for mest tur åleine, men av og til er Arwen med, Arwen er flink, trygg, lydig og roleg på tur, dette pregar Bjørk bra. Når det gjeld trening, så trenar eg Bjørk lite, men eg former henne slik eg vil, og nytter denne tida til å prege henne litt på sit, gå ved sidan av meg og grunnapporten, er grei å få inn tidleg,  eg liker ikkje å etablere uvane  og former Bjørk etter min mal.

Bjørk for være kvalp, er ikkje under trening, men eg har observert kva som bor i hunden og er nøgd med det.

Kan sei at to ting gjer eg ikkje med Bjørk  og det er å kaste pinnar, ball, el  til henne for å aktivisere henne, ho for aktivisere seg sjølv, eller sove.

Det eg gjer litt av er,
bruker ei matboks og sender henne ut, etablere ei rak linje og det blir programert, det finnast alltid noko der eg peikar.

Eg gjer ikkje dette kvar dag, men berre føler på arbeidslysta/matlysta hennar. Av og til brukar eg ein og annen dummy, på dette momentet, men dummy er ekstra verdifull, det er som ein skikkeleg gullskatt å få hente den.

Eg vekker og observere også dette at det er krevjande å finne ein dummy, eg brukar alltid ein ny plass, ein ny eine, eit nytt tre å kaste den bak eller i skjul, vi gjer aldri oppatt same øving på same plass.

Bjørk skal alltid finne  apporten etter eit grundig arbeid, ikkje berre springe å hente.. trene markering med springe å hente metoden er ikkje bra på ein liten kvalp, og bør ikkje forkomme.

Den daglege rutinar til Bjørk er, ho søv lett om natta, masar ein del om ut på do tidleg, er ikkje 100% reinsleg ennå, det forkomme eit og anna uhell, ja. Men det kommer seg. Ho er snill  og liker seg godt i ein Stressless, liker kos, og er berre god.
Tur med mormor :)
18.03
Fintvær betyr mykje ute og at det er godt å være ute, både for kropp og skjel, vi hundefolk er ute uansett vær, men det er alltid litt ekstra stas å få drikke kaffien på sekken i finevær og ta maten på terrassen når ein kjem heim.
Tysdag i dag, laurdag var eg åleinetur med Bjørk, tur i skogen, vi vandra oss ein god tur, vi trefte på traktor, folk og motorsag, Bjørk var like kul ho. 
Bjørk på sin førstetrening ute på moltu, sit her i bilen så nøgd så :)
Søndag var vi på Moltu for å trene litt Jakt, det var Rally som skulle trene, men Bjørk var med for å lære å erfare miljøet på jakttrening, dette  å ligge i bilen for å vente på tur, ja dette må ein lære seg. Bjørk var to snarturar ut av bilen for trening, veldig korte økter med kvalitet og eg viste på forhand kva eg skulle gjere med henne.

Ho var ute fleire gangar, men det var i pausar, ho sullar berre rundt for å observere  miljøet, TRYGG.

Momenta som eg presenterte henne for var utsending, det eg lære henne er å springe rett fram for der finn du noko. I tillegg prøvde eg på to markeringa der ho fekk Skud i samanheng med kast. Eg er veldig nøgd korleis ho agera i dei forskjellege situasjonar.

Grunnapporten som vi jobbar med består som vi veit av at momenta skal utførast uansett situasjon, derfor bruker eg forskjellege forstyrelsar har eg det tilgjengeleg.

I går var Bjørk på fin skogsstur i lag med mormor Arwen og meg, ingen trening kun tur. I dag var vi også ut ein tur for trening av Rally i passivitet, Bjørk fekk være med å trene litt, merk eg er svert pinete på apporter, den skal være verdifull, for ikkje hente for mange.

I dag fekk ho hente tre apporatar, og alle tre var når vi skulle trene firkant, Bjørk starta med å gå frå hjørne til hjørne med matboks, på henne fungera det bra, eg kan også då gi ho heimsignal når ho kjem fort heim, når eg sender kun til matboks, når eg sender til dummy brukar eg ikkje heimsignal, fordi eg er sta. Bjørk fekk prøve firkant i dag for første gang også med dummy :) stort smil!
 
12.03
Då har eg tatt med øvinga sit ut i skogen på Bjørk, har tjuvtrena litt i stova og litt på plenen ikkje mykje, men prøvde det, ja og på hundeklubben har eg og trena det litt.

I går fekk eg melding om at det var ei dame som hadde fri og ville trene litt i skogen med sin hund, også hund utan erfaring, men ein god del eldre enn Bjørk. For meg er dette gull, tenker eg Bjørk, andre hundar og for generalisert, sit i lag med, andre hundar som ho ikkje skal la seg distrahere av, men være like roleg. Yes.. for Bjørk var dette vinn vinn :)

Bjørk gjekk laus rett bak meg til området, den voksen hunden sprang hit og dit, Bjørk rusla i lag med meg utan å ofre den ande anna enn eit og anna blikk. Øvinga sit i lag med ein annen hund på myra, jau vi trena det, og Bjørk klarte det eg la opp til, topp for Bjørk sin cv. ( presisere at det er kvalpetrening og ikkje vanskeleg )


Elles så fekk ho sitte litt i eit tre, og eg sat ein god del på sekken og drakk kaffi i det fine været, naut syne av ein skikkelege flink og fin golden. Kasta nokre få enkle markeringar og Bjørk fekk sjå på det også.

Bjørk fekk også to markringar som ho løyste veldig bra, i tillegg viste ho fram at ein skal prioritert trening av linjer, vertifall på eigenrådige hundar. Eg trenar linjer på alle, men overprioritera det ikkje på Bjørk ennå..
Bjørk fekk ein linje eg gjekk med henne i koppel droppa ned ein dummy gjekk tilbake og sende med ut signal, vellukka oppvisning  for Bjørk og min sin del :) For meg og Bjørk er dette så bra, Bjørk har ein hund som ho ikkje kjenner tett på, men utfører likevell momentet etter boka.

Eigentrening er gullvert, men dette å få generalisert eigentrening litt er også gullvert.
Ja eg er faktisk litt glad for at folk tar kontakt å vil ha litt selskap i treninga, for meg er det eit +.
Vi avslutta med å kjøre til hundeklubben og der fekk Bjørk litt sit trening + eg trena lang linje ut til matboks :) ja så var det Rally som måtte i elden og trene LP, lang kjekk dag, ute i fineveret.
10.03
Søndag var eg og Bjørk på åleine tur i skogen, å som vi kosar oss !  Vi gjekk ei god runde og eg hadde på forhand bestemt meg for å ha med ein dummy med lang stor på, ikkje den som er på bilde, men med ei kule på. To kast fekk ho på turen på to forskjellige plassar, fokuset mit er både god avstand og vanskeleg tilgjengelege plassar. Det er her eg vil ha ein god del fokus, utholdheit i søket, behalde området til funn, altså ikkje gi opp.

Bjørk har eit godt grep og ein roleg munn, vender heim spontant etter funn, eg treng derfor ikkje jobbe med den biten, den er der og vil ikkje forsvinne. Derfor kun to apporter på ein lang tur, det skal være litt luksus å få hente ein markering. Eg jobbar derfor med sjølve funnstede at det skal være komplisert og at Bjørk også erfara å lukkast, utholdeheit, stå på til funn i alle område. Ja også skal alle apportar (vilt, dummytyper nyttast) kvifor, kun for moro skuld :)

I går var det ein tur til eit anna terreng for å finne andre miljø, lukter, utfordringar i funnstader. Vi avslutta med, trening på hundeklubben og vi kom først, derfor trena vi litt rett ut til matboks med noko godt i.
Her kjem Bjørk med ein apport :) skal nok bli flink den Bjørkepinnen.
Bjørk bilde under, her fekk eg henne litt på avstand, ho er så flink å gå roleg i lag med meg, gull eigenskap, men få ho på brikka er ikkje så lett då :)
08.03
I går fekk Bjørk oppleve noko nytt,  ho skulle på jakttrening, men vêrgudane var ikkje med oss og gav oss eit skikkeleg dritvær. Det skulle være Bjørk sin intro til jaktrening og treninga skulle være her inne i Sykkylven, det vil då sei at, eg hadde planar om å ringe heim når Bjørk sin tur var omme for henting av henne, men ho blei med meg heile dagen, og det gjekk fint. Planen var trening i svert «vanskeleg terreng» les.. topp terreng, men det baud på ekstra utfordringar i går.

Sidan Sol og Lill- Iren skull være med måtte eg ha ein plan for Bjørk og Sol, eg har heldigvis treningsvenner som skjønner mit språk og vi avtalte, at Bjørk og Sol skulle bevege seg utan koppel inn i terrenget og dei andre skulle gå i koppel, dei fekk også beskjed tok kvalpane kontakt oversjå gå som vanleg.

Både Bjørk og Sol, gjekk villig igjennom dette krevjande terrenget forserte elv og svert våt vanskeleg myr, utan å bli oppmoda ein einaste gang, trygge rolege følgde dei følgjet, utan noko form for stress adferd. Godkjent.
Vinden og regn, kan være ganske friskt og tøft for slike små kryp, med du så godt å oppleve den roen og gode konsertrasjonen på kvalpane..

Bjørk skulle for første gang få hente ein dummy som nokon andre kasta, 500 grams, eg setter meg ned på kne og held roleg i halsbandet, Bjørk for eit kast, eg passer på at Bjørk ser i rett retning og peiker ut og seir ut, ja resten er etter boka.
Det som eg blir mest imponert av er at det står 3 vokse hundar framendes, som Bjørk aldri har sett før + Sol rundt oss, 2 – 3 meter nært. Bjørk kommer rett inn litt raskare enn ho for ut, rett i fanget på meg med ein super avlevering. Ho ensa altså ikkje miljøet.


Dummy nr 2, surra ho litt på og eg løyste det med å springe ut og kaste dummyen mykje lenger ut, ho rusa då rett ut og henta medan eg hadde bevega meg tilbake til utgangspunkt, det same gode grepe og den same gode heimkomsten og avleveringa som på dummy nr 1, herleg. Så fekk Sol prøve det same, og Bjørk hjelpe eg til å følgje med, såkalla passivitets jobb, ho hadde full fokus, roleg, lyd fri, avslappa, herlig kvalp.

Deretter bevega Sol og Bjørk seg tilbake til bilane i dette våte element, over elva hoppar Bjørk litt feil og kom seg ikkje over, eg observerte med lot ikkje Bjørk sjå at eg såg.., ho berre rygga seg i land igjen, sprang norkre meter lenger opp, hopp på nytt over utan å vise noko form for redsel. Vi tørka kvalpane og tok med dei vaksen hundane til trening, men sidan være var så pass tøft tok vi berre ei økt med dei vaksne, kjørte så til hundeklubben sine lokale, tok kaffipause og trenet både kvalpane og dei vaksen inn.

Bjørk har full fokus på meg, og godt avslappa når vi legg opp til det.  MEN la meg sei at dette kjem ikkje berre av seg sjølv, det blir forma fram av målretta trening.

Ein må jobbe med kvalpen for at fokuset skal være på meg i aktivitet, same som fokuset skal være roleg når vi trenar på den biten.
Foto Lill Iren, Her er Bjørk og Sol på sin første fellestrening :)
 
04.03
I dag blei det tur på Arwen og Bjørk, Arwen er sprek, men fole opptatt av meg så det går kjempefint og ha med henne også i lag med Bjørk, ho held seg rundt meg og er svert ofte innom for å sjå om det kan finnast noko i lommene mine. Om eg er eit par timar i skogen, så kallar eg nesten aldri inn hundane, dei held kål på meg, og det er slik eg gjer det med Bjørk også, ho må lære å passe på meg.

I dag kom ho innom mange gangar og fekk litt kos og godbit, innkalling treng eg, men i slike situasjonar masar eg aldri på hundane, dei må passe på meg. Er terrenget uoversiktleg slik eg ikkje ser, gir eg berre beskjed om å gå bak, slik eg kan kommandere sit i tilfelle noko dukkar opp, Bjørk skal også lære dette, men det haster ikkje.

Bjørk, fekk derimot trene linjer i dag også, eg brukte to forskjellege plassar, boks med godbitar, 2 x 2 + på ein av plassane gjekk eg ut og tok opp matskåla og la ned ein dummy som ho ikkje oppdaga, ho trudde nok eg fylte opp matboksa :) ho sat tjora medan eg gjekk ut den.

Tok i halsbandet og  sikta ho inn og sa ut, full fart, spontan på dummy, gode grep, og rett heim i hand :) så flink. Og kun ein dummy, dette er eg pinete på, elles så var det tur resten, Bjørk og Arwen hadde ein fin tur, ja eg også. Når vi kom heim prøvde ho alle stolane i stova før ho fant seg til rette i ein av dei og sovna tvert, er ho skikkeleg trøtt så finn ho seg ein godstol, men sidan eg har bevega meg opp på loftet til datane min, ser eg at no ligg ho i buret bak meg og søv, med open dør.
03.03
Tur opp på heiane, eg tok turen for å sjå kor mykje snø der var og det er mulig å trakke nokre firkantar med truger :) tenker på Bjørk, eg har no starta å forme fram litt jaktmoment på henne, og då er firkant i snø svert godt hjelpemiddel, i går var det fri dag på hundane.
Litt leik for bilde må til :), Rally er ingen kamphund, men ho prøver å gi bjørk litt motstand, men det er ikkje henne store lideskap. Bjørk derimot liker drakamp..
I går var Bjørk og Rally på tur i lag, storkos på begge, glade triveleg hundar som har det så kjekt.
 
02.03

Bjørk har hatt ein travel dag i dag, no sprang ho i buret og sovna. Mit på dag var ho på skogstur i lag med meg, prioritetar ein god del åleine tur med henne no, det trengst, har vi med nokon av dei andre er det vanskeleg å prege henne som eg vil, då blir ho berre prega av flokken. No vil eg sette mit preg på henne og ho blir prioritert :)

 

Vi var ca 1,5 time i skogen, rusla rundt og kosa oss, ho er retriever går ikkje frå føtene (på heim veg er ho litt meir ivirig).

 

Det eg trena var linje, rett-ut til matskåla med godbitar i, eg kjøre på med terrengskifte, for ei fart, dette er eit råskin. Med dummy tør eg ikkje, og vil ikkje, mat er ho veldig glad i og måle med treninga er at, der eg peikar fin du noko.

 

Eg vil nok legge igjen ein og annen dummy der boksa har stått, også litt etter litt.

 

I kveld var vi på hundetrening, Rally og Bjørk, eg kjørte tidleg for å rekke,  å sjå på eit terreng eg kan trene linje/felt på med Rally og eg la eit felt til Rally, Bjørk låg då i bilen åleine i 35 minuttar og sov trur eg, ho var vertifall still, de er bra trening på henne.

 

Når vi kom på hundetrening var det Bjørk sin tur først, lyset er på veg tilbake og vi fekk ei lita økt ute, Bjørk trena på kontakt, leik, og sit, litt bevegelse med kontakt tok vi også, flink!!

Etter på var dert Rally og då var det i bilen igjen med Bjørk, det fungera meget bra. Vi var også inne ei økt, då trena eg også på sit, sit litt lenger, dekk, og dekk litt lenger, flinke Bjørk.

 

Det var fleire hundar/kvalpar som var på trening, og eg er imponert av at Bjørk klare alt dette når det er så mykje rundt oss. Eg hadde litt problem med å få ho skikkeleg i leik, ho var veldig opptatt med teppet, trur det var mykje godbitar ho kjenner lukta av, og nasa planta ho i underlaget når vi skulle leike.

Bjørk veks så fort, ei som ville ha liten kvalp lenge.. ho er så vill, så snill, så rampete, så flink, så fulle med påfunn, ja ein kvalp er alt.

 

Bjørk ryddar bord og benker, alt går å rivast ned, så følgje med på denne  rampa er ikkje så lett :) men eg er så glad at ho har så pass guds at ho står på å vill jobbe sjølvstendig med å rydde ditt og datt, alt dette for eg bruk for når eg no startar  å trene henne.

 

Eg og Bjørk har installert oss på eige rom, ja ho ligg i bur, men ein meter frå senga mi. Eg har hatt ei periode med alt for lite søvn og no må eg prøve å ta det igjen så eg ikkje blir sjuk, konsentrasjonen er ikkje der den bør være.

Skal ikkje skulde berre på Bjørk, det er andre ting også så held meg våken, men  det er lettare å sovne når eg har ho i lag med meg i staden for å ligge å lytte etter om ho er våken. Bjørk står også opp ganske tideleg kanskje kl 05 og då står eg opp å lufter henne, og evt legg meg igjen, det går fint.

 

Måndag, onsdag, og fredag legg eg meg ikkje igjen, då stor eg skikkeleg opp å lufter alle 4 pluss forar, et sjølv, så stikk eg på stamina. Ja, ein må tenke litt på sin eigen kropp også, eg må holde vedlike fysikken slik eg klare min hobby som er å trene hund. Det er heilt greit å få trena tidleg på morgonen, før har eg starta ca kl 08, men no blir det tidlegare og då er eg også tidlegare ferdig  :)

 

Eg har gått over til 3 måltider på Bjørk denne veka, det var ein lettelse, på grunn av at eg forar 4 stk hund i ein gang to gangar pr. dag, og Bjørk for eit måltid i ca 12 tida.

Før eg gjekk over  til 3 måltider var det, forskjelleig tider og alle trudd dei skulle få mat når Bjørk fekk mat :) Bjørk er i eit godt hold, og veks fint, hadde ho vore tynn og puslete hadde eg forsett med å gi 4 måtider… men ho er bra i hold har aldri vore laus i magen, så næringa går ikkje tapt nei.

 

I går var det også åleine tid på Bjørk i skogen, vi rusla litt etter skogsvegen, og så trena vi litt «ut», eg føler at det går greit å gjer det som eg gjer det, i går brukte eg også litt terrengskifte, så klart mat i enden.

 

Avstanden er eigentleg lange for å nettopp ha starta med dette momentet, men så lenge ho gir gass og spring rett linje er det heilt ok synast eg.

 

Dette er ein av grunnøvinga spring rett fram der vi peikar, der finst alltid noko. Innkallinga, ja ho snur og spring veldig fort mot meg etter ho har ete opp godbitane i boksa, då blåser eg i fløya når ho er på veg mot meg.

 

Dette gjer eg lett, (blåser etter ut til matkopp) men hadde det vore ein dummy i enden hadde eg ikkje blåst i fløyta, då skal nemleg signalet være bring heim så fort du orker, her legg eg ikkje på signal.

Så klart kan ein nytte signal her også til tider, men det skal ikkje være obligatorisk, eg brukar det aldri i innlæring. (eg legg ikkje på signal på bringe heim, det skal kun være i tankane til kvalpen «så fort som du kan klare å komme heim»)