20.06.2011

Blodspor.

<<<
Vi startar med spontan metoden når vi lærte inn spor, ein god metode eg er tilhenger av!!
 
19.06.11
Endelig fekk Artemis vise at ho kan! 1 pr på fast blodspor prøve, Arrangør Nord Vest Dachshundklubb, Sted Fiksdal.
Artemis fekk kryss på utmerket på alle moment!
Vi fekk også fin kritikk av dommar!
 
14.06.11
Eit vellukka motivasjons spor og Artemis kan gå spor!
 
04.06.11
Vi var til Stryn på bærtur :) he he ingen kommentar, men eg gir ikkje opp!!
 
15.05.11
Vi gjekk eit prøvespor på Eid i dag:)
Artemis gjor eit utmerket spor jobba ivrig i heile sporet hadde drag i lina og god arbeidslyst. Vi fekk ein 2 pr. og den kom på min manglande kunnskap om føring, hundeførar tabbar finst no det også..
Eg stolte ikkje på henne tok ho litt tilbake og det førde til at ho hoppa over ein vinkel som ho var på veg mot:) ja det har ingen betydnig for min oppfatning av henna sporarbeid.. Artemis sporet så bra og hadde ikkje problem med å finne fram, flinke jenta mi, elles trygg og målretta sporarbeid. Vi bretter opp erma og forsette treninga til det går vår veg.
 
13.05.11
Nattgamalt spor, vær regn. Artemis gjekk bra, tok vinklane fint og markerte avhopp. Eg førte henne i litt kortare line enn vanlig, eller eg gir ikkje så mykje spillerom for å gå seg av sporet:) tempo rolig. Eg jobbar med lesinga og bør derfor være på vakt om når ho er på blodet eller når ho er på viltspor.
 
08.05.11
Vi gjekk eit nattgammalt spor med tre vinklar, i tredje vinkel hadde eg ein tennisball ballen blei markert men ikkje apportert:) det er den same adferde som eg fekk på pipedyr, godbitar ol. i sårleie berre drag mot slutten.
Sporet gjekk bra, på enkelte partier var det høg nase eller overver søk, men veldig lite avvik i sporgata, målretta sporarbeid på Artemis og etter funn av hjortefot er det kampleik med foten!! kjemperespons på den og det er positivt. ++
 
04.05.11
Artemis gjekk eit nytt kort motivasjonsspor, i dag litt lenger og i tillegg fleire vinklar. Jau ho gjekk bra og hadde litt drag i lina, liker!!
 
29.04.11
Motivasjonsspor, kort ca 100 meter ein vinkel og så skank mykje blod og umulig å gå feil! ja ho fant fram.
 
22.09.10
Artemis gjekk eit 22 timers gammalt blodspor i dag, og det var skikkeleg drag i lina, hipp hurra... Det hadde regna bra i natt, og området var ganske vått, men klompen fann fram og det var i raskaste laget, men eg likte tempoet hennar i dag, sporet hadde 4 vinklar og ikkje så kjempelangt, men langt nok. TOPP:
 
30.08.10
Vare teljing i frysaren, ja vi har igjen litt blod så treningsspor til Artemis er planlagt:)
 
29.08.10
Litt tregt med oppdatering her, men vi er kom i mål med Arwen, Arwen har no tittel N VCH og det er eg stolt av. Blodspor var jo litt moro når ein lukkast så Arwen skal også få gleda av å gå spor til neste år. Ein allround hund skal kunne mykje, og Arwen synast at spor er toppers, og har redusert farta si slik eg klare å følgje henne:)
 
Artemis har betre sporadferd enn Arwen, mykje grundigare i sin analyse av sporet, går med eit langt roligare tempo, og på trening går ho utmerket. Som nemnt tidlegare har vi vore uheldige på prøve, og det har ikkje gått vår veg i år kun 2*2 pr. og ein 3 pr. Eg har heller ikkje prioritert å trene henne så mykje i spor på grunn av at eg har prioritert jakttrening med henne. No er eg komet på andre tankar, og Artemis skal gå masse spor i framtida. Ho skal bli god!!
 
27.07.10
Nytt treningsspor med Arwen, det har gått opp eit lys for Arwen, ned i bakken med nasa. Likevel Arwen har ein enorm god overver nase, og det kan by på problem med lukt sterke skankar og godt vitrings -vêr:) I dette sporet dryste eg godbitar i oppsparket, eg hadde to oppspark i sporet begge tok ho, bra! Derimot prøvde ho seg på snarveg etter å ha vitra reting på skanken, men her måtte eg berre holde igjen lina til ho tok til betre vet og gjekk sporet fult ut. øving har vi tru på, no er det på ein måte re innlæring av gammal kunnskap på henne.
 
15.07.10

Her har det vore pause lenge..

No tar vi opp igjen tråden og legg oss på sportreninga av Arwen igjen. Arwen har ikkje vore treent i spor på fleire år, eg har ikkje har prioritert det. Vi trena litt og eg starta ho som ung før ho gjekk i avl, og oppnådde 1 pr, og bevis for at dette kunne Arwen :) dette var for å teste eigneskapar. No har eg tenkt at eg kanskje skulle ta å trene litt meir og starte henne på nytt.

Arwen er ein resar i sporet, men går med litt høg nase, dette må eg jobbe med då eg ønskje ei nasa litt nærmare bakken. Arwen har gått eit par treningsspor i år, og eg gir meg ikkje, no skal ho trenast til eg føle tida er moden for prøve, og det tyder vi har mål om spor championat :) tida vil vise..

Artemis har eg også trena spor med både i år og i fjor, Artemis er ingen open bok men veldig spornøya, vil kvalitetsikre sporet sit og bruker moderat fart. Ikkje lik Arwen i det heile tatt:)) Artemis har starta på prøve i år, og det gjekk ikkje vår veg :( ho har kun fått 2 x 2 pr) i år, og det er eg ikkje nøgde med så klart.. alt anna enn 1pr er ikkje premie..

Artemis har mottatt god kritikk av domarane, men eg har fått stryk for dårlig lesing!! Eg er ikkje kjent for å gi meg og i mål skal eg både med Arwen og Artemis og vi bruke den tida vi treng.

Om eg trenar dei på blodspor så er det eit spor hunden blir sett på, og skal ikkje bladast med viltspor, sporadferden er som på mennesketråkk hundane skal følgje det sporte dei blir sett på, og ikkje gå over på ferskspor.

Grunnen til at eg har fått 2 pr. på Artemis i år er nettopp dette at ho har vore over på ferskspor.. Jobben med Artemis for meg er å lære å lese henne grundig, når eg har klart det skal resultata kome som perler på ei snor. Artemis er nemlig ein kjempegod sporhund, og eg må lære å føre henne som dommarane seiar:) hi hi, men eg skal klare det.. så klart:)

Dato. Spor. Ver. Terreng. Alder. Tid Slutt.
15.07.10          
           

4 vinklar med av hopp ( Arwen)

Lettskya, pent Strandafjellet 16t Bra Hjortefot
15.07.10          

4 vinklar med av hopp ( Artemis)

Lettskya, pent Strandafjellet 16.5t Bra Hjortefot
I dag gjekk begge både Artemis og Arwen treningsspor, og begge gjor eit godt arbeid i alle ledd. Går dei slik på prøve må det gå veldig bra:) Konklusjonen er grei, begge mine hundar har veldig bra sporadferd, og med minimaltrening går dei utruleg bra.
 

 

 

 

14.07.09          
 

700-800 m 3 vinklar ( mykje godt arbeid)

Pent Blindheimsbakkane 14t Passeleg Hjortefot.
12.08.07

Vi gjekk eit prøvespor i dag og 0 et ;-) med glans.

Flatcoat på bærtuer er ein fin beskriving av sporarbeidet vårt i dag

 :-) Elles ingen kometar.

         
01.08.07

ca 800 m par vinklar

Regn Strandafjellet 14t God fart i dag Hjortefot.
I dag gjekk Arwen rimeleg fort, men kjempebra, alt av vinklar og avhopp gjekk knirkefritt, bestesporet henna i år.
21.07.07

Ca 500 m eit par vinklar

pent Strandafjellet 14 t  ok fart Hjortefot.
Veldi bra.
21.07.07

Ca 200 m rett spor

pent Strandafjellet 14 t ok fart Hjortefot.
Krysset råsa med masse folketråkk perfekt.
06.07.07

Ca 400m ein vinkel

Varmt, tørt. Strandafjellet 14t Bra Hjortefot.
Gjekk av i vinkel, blei ledet tilbake.
06.07.07

Enkel momentspor på 150m

Varmt, tørt. Strandafjellet 14t Bra Hjortefot.
Spora pent
23.09.06

Aktivitetsdag i Nrk avd Sunnmøre. spor ca 400m

Vind, varmt  Myr, våt, tørt ? ca 2-4 timer Fint tempo Hjortefot.
Arwen gjekk bra, vi fekk 100 poeng av 100 mulige. Spor er topp.
05.09.06

Prøvespor Ca 600m

Regn, masse regn myr, kratt Veit ikkje 20min Hjortefot ( 2 pr.)
Vi var litt usike i starten( eg) og eg trur det smitte over på Arwen, ho blei litt nølene, men så losna det og ho jobba intens men roleg, mista sporet to gangar, jobba seg inn att på sporet etter ein del fram og tilbake. Masse regn, og det var vått, eg er nøgd. Vi skal trene ein del spor og starte på nokre prøver neste sesong, mål Nvch.
24.08.06

ca 300m, ca 2dl blod

opphald, tåke lyng, skogsgras-høgt 12t. trekt Hjortefot
Det hadde regna i bøtter og spann, så om det var igjen blodspor eller ei?? I det miljøet som eg la sporet går der mykje hjortetråkk. Eg gjekk ganske nær hund, og eg viste eksakt kor sporet gjekk, ho vil opp med nasa, eg stoppa opp og sto i ro til ho spora på nytt med låg nase, derfor tok det tid. Ho prøva seg heile tida med oververssøk, og det var heilt sikkert på ferskar hjortetråkk enn vårt blodspor. Vi fann slutten, og hjotefoten blei brukt til dragkamp, eg vil prøve dra opp litt motivasjonen på sporslutt.
19.08.06

ca 600, ca 2dl blod

varmt, sol, stilt fjell 15t fint tempo Hjortefot
Her datt oss av i ein vinkel, men vi rodde oss inn igjen med litt hjelp, trur ho tok eit fersks spor ca 20 meter før den riktige vinkelen. Litt høg nase hadde ho også. Ein del positivt var det, over elv på to plasser der ho skulle, spor i elvekant, berg, veldi bra.
16.08.06

ca700m 1dl blod

Sol, varmt, tørt myr, skog 16 t bra tempo Hjortefot
Løyse oppgåva rimelig bra, men ho gjekk med for høg nase.  Tre avhopp, eit i vinkel. Eg er ikkje nøgd med at ho gjekk med høg nase.
19.07.06

ca 400m, 3 vinklar

Sol Skog 8t Roleg Hjortefot.
Som i går, ho går spor som ein maskin, vinklane var veldi bra, perfekt og behagleg tempo. Sporet i dag og i går har lege på dagtid i sol. Trur det er like vanskelig som nattgamle spor, bestemmer  eg meg for å melde på nokre beveglige -sporprøve så må eg nokk legge nokre nattgamle treningsspor. (Skal sjå over terminlista) Lyng og skog er ho bra på, det var ho i fjor også. Må nokk opp på strandafjellet for å få noko fjellvegetasjon å trene på, her er ikkje lyng i den grad som er her i nærområdet. Og variabel vegetasjon er nokk eit vesentleg moment i sportrening.
18.07.06

500m, 2 vinklar

Sol skog 5 t Roleg Hjortefot
Ca 2månada sida sist vi gjekk blodspor, men det viste ikkje Arwen, ho gjekk 100% perfekt ;-)
03.05.06

500m, 3 vinklar

vind skog 14t Roleg Hjortefot.
Sporet i dag var eg ikkje nøgd med, det var altfor mykje fersk tråkk, så her kan eg ikkje legge spor no.. To første vinklane gjekk bra, men so kom motvind, og høg nase ( høg nase liker eg ikkje) tredje vinkel tok ho fersk spor, og ville andre vegen, det fekk ho no ikkje lov til så ho stussa litt før eg på ein diskré måte losar henne på rett spor.
02.05.06

200-300 m 2 vinklar eit avhopp

varmt, og vind skog ca13t Roleg tempo Hjortefot.
02.05.06

100 m rett spor

varmt, og vind skog ca13t Roleg tempo Hjortefot.
Utføring.

Årets første blodspor er unnagjort, og det gjekk fint. Det var momentspor, ikkje lang, eit rett, og eit med to vinklar. Sporet med vinklar tok vi som først. Første vinkel gjekk perfekt, den andre gjekk ho over på ferskspor, eg vist kvar sporet gjekk så eg stod stille, ho fekk gå heilt ut i lina men ikkje lenger, tok så til vettet og ringa seg inn at på sporet, avhoppet gjekk supert, her spora ho normalt. Fann slutten, og fekk gnage litt på skanken før vi rusla vidare til neste moment spor. Det var rett fram ca 100m, det gjekk ho problem fritt, men på grunn av sterk motvind var nasa i høgaste laget, det er eg ikkje så glad i, den bør være som ein støvsugar. Moderat tempo har ho.

24.08.05

500-600m4 vinklar eit avhopp i vinkel

Varmvind Lav fjell vegetasjon. ca 3t. fint tempo. Hjortefot.
Utføring.

Vinden var sterk, men Arwen gjekk verkleg nøye i dag, tross sterk vind. Nasa var lav og ho formleg støvsuga seg fram, både i side, og motvind.  Eg ville med dette sporet sjå kva som var det svakaste punktet slik vi kan plukke ut moment for å trene på det, men i dag var ho perfekt. Det blir nokk spiss vinklar, og avhopp i vinklar  vi skal moment trene. Heile prøvespor er til for prøver, og kunn det.

14.08.05

Prøvespor>>>

Sol Gras, skog, berg, tørt. ca 20 t fint tempo. Hjortefot.
10.08.05

 2 slepe spor korte 60m

Fint Gras, lyng, grus. 0 min  fort. Hjortefot.
Utføring.

Dette var kunn får å få opp motivasjonen, men her gjekk ho forbi hjortefoten, ho ville meir.

10.08.05

300m 1 spiss vinkel, 1 rettvinkel

Fint Grus skogs bil veg, lyng. 18 t Seint Hjortefot
Utføring.

Svert dårleg på grus vegen, eg stoppar på grunn av høg nase,  då stoppar ho og. Tok ho av sporet sett ho på i lyngen der gjekk ho perfekt.

28.07.05

Nr 20

V - spor kort 50 x 50

Sterk vind Lyng 5 t. Fort. Hjortefot
Utføring.

Bra sporarbeid.

26.07.05

Nr 19

To spor nr1. rett.ca 130m  Nr 2.to vinklar..ca 325

Sterk vind Lyng 4 t. Fort Hjortefot
Utføring.

Flott spor arbeid på desse spora.

25.07.05

Nr 18

To rette korte spor nr.1 50 m nr 2. 30m

Sterk vind. Lyng 3 t. Fort... Hjortefot.
Utføring.

Måle var med desse spora, ned med nasa vist ikkje fekk ho ikkje gå. Vi lykkast med det.

18.07.05

Nr 17

500 m 2 vinklar

Fint Lyng, lauvtre 19t, natt 9-10 min. Hjortefoten, og servering av godbitar.
Utføring.

 Litt eldre spor. Har same problem no, når terrenget blir lyng kratt går ho fint, men på det vanlege fjell vegetasjonen rusar ho rundt eller stopper får å være. :-(

18.07.05

Nr 16

600 m 4 vinklar

Fint Lyng, lavt voksanes underlag litt kratt. 15 t, natt 16min Hjortefoten, og servering av godbitar.
Utføring.

Misser sporet for ofte, spring då med høg nase vilkårleg, og værar. Stoppar og i sporet for å værar. Fann eit kjeks som ho kom til meg med ;-) Lyng, og kratt skog går ho svert bra i, men når underlage blir slett  har ho problem. spring då rundt å leitar etter sporet. Eg stoppar og held fast i lina vil ha ho ned med nasa.

14.07.05

Nr 14

Ca 300 m 3 vinklar

Fint, stilt Lyng, skog 15 t, natt 10m Hjortefot, men fekk godbitar det er betre enn hjortefoten til Arwen.
Starta trekt, er litt usikker. Eg såg helt ferske hjortetråkk i starten på sporet. Helt ho igjen slik ho ikkje spora ferske tråkk. Når dei første 50 m var over spora ho svert bra resten av sporet.
13.07.05

Nr 15

Ca 600m 4 vinklar 2 pinnar eit avhopp.

Litt vind. Lyng, gras, skog, kratt 7 t, dag. 15min. Hjortefot.
Starta bra, datt av i fyrste vinkel, rota ein del då. Tok seg bra inn igjen etter at eg sette ho på sporet igjen. To siste vinklane og strekka gjekk ho bra.
06.07.05

Nr 14

Ca 400m 2 vinklar

Litt regn om natta. opphald under sporing lett skya. Innmark, lyng i utmark. 12 t, natt. Ca 10 min. Hjortefot.
Mykje bra sporarbeid ;-)
05.07.05

Nr 13

ca 500m 2 vinklar

Steikande varme og Sol Lyng. 6t dagtid. Ca 30 min. Hjortefot
Ikkje helt bra. Mista sporet opp til fleire gongar .Eg tok ho attende sett ho på sporet det var svert varmt og Arwen var heilt ferdig.
30.06.05

Nr 12

ca 400m

Sol Våt, myr, flatt 12 t --- Hjortefot.
Fiasko !! Stressa, merkeleg sporing i dag, grunnen veit eg ikkje, ho gjekk berre ikkje spor, men sprang frå side til side... :-(  Eg er oppgitt. i dag.
28.06.05

Nr 11

Ca 250 1 vinkel

Regn Skogsveg - skog 16 t ca 8min. Hjortefot, leik, kast bytte med god bit, litt gnaging på foten.
Er treg i starten, blod lukta er litt.. veit ikkje helt. Kom i gang gjekk ho svert bra, i dag tok ho vinkel flott, og spora elles snorrett.
26.06.05

Nr.10

400-500m, 2 pinnar, 4vinklar, 1 avhopp.

Skyet, rått.

Vind stille.

Skog, myr 6 t. ca 10-15 min. Hjortefot, litt leik, og så fekk ho tygge, gnage litt på den.
Starta svert roleg undersøker nøye lav haleføring fyrste metrane, blod lukta litt skummel, men so låsar det, og tempo aukar litt grann. Eg viste nøyaktig kar sporte gjekk i dag, hadde med sløyfe plukkar, og  som skulle observere meg og hund. Vinklane går ho ut, og eg held ho kanskje for knapt igjen i lina.. Ho tar seg inn og finn vinkel går strekka ganske snorrett, pinnane i sporet plukka ho, og avleverte fint. Eit blod av hopp gjekk og fint det var i forbindelse med vinkel, er litt i tvil om eg hjelpte for mykje med å holde igjen lina.
31.05.05

Nr.9

 

500m, med 1 trepinne. 4 vinklar.

Sol, lett vind. Skog, myr, blaut. 12 t. 15-20 min. Hjorte fot, godbit, masse leik med hjorte foten i dag. Vi har også tatt bilete av det, så ta ein tur innom foto sida, der er ho i hjorte fot leik.
Starta bra, tok første vinkel flott, fann spor pinne, forsette 15 m, og mista sporet, eller gjekk over på fersk tråkk.( no er det eg som feilar) terrenget er ganske likt, og eg var litt usikker på om ho var på sporet. Etter 50 m oppdagar eg at ho sporar fersk tråkk. Tok ho tilbake der ho miste sporet, ller gjekk over på vilt, og ho tok nytt spor oppsøk, denne gongen gjekk ho rett. No gjekk ho rimeleg snor rett dei siste 200 m.
27.04.05

Nr.8

ca 300m 2 vinklar

sol, litt trekk Plantefelt, smågran. 30min. 6-7min hjorte-foten, men det eg har i lomma er best.;-)
Snorrett, men lav nase der ho ikkje hadde mottrekk, der oververa ho litt.
26.04.05

Nr.7

ca 600m 5 vinklar

Sol, litt trekk Vått, skog, myr 3 t. 15m Hjorte- foten, er ikkje så ... godbitar best, men vi finn foten, og det er målet.
Stoppa eit par gonger, lytta, elles sporar ho fint,  tykkjer  ho oververa litt i dag, tempo er roleg
20.04.05

Nr 6.

400-500m 2vinklar

Sol, vindstille Vått, skog, myr, 5min og påsett   Hjorte- foten, leika litt, men pølser er best ved sporslutt.
Snorrett, i dag og, spor nøyen, fint tempo
19.04.05

Nr 5.

Ca 300m 2 vinklar, framan leggar.

Sol, vind stille. Langt dødt gras, 5min og påsett.   Leika med hjorte-foten, og ho bar den til å med tilbake til sekken ;-)
Ho gjekk snorrett første strekke, og første vinkel, men i andre vinkel gjekk ho seg av, og rota litt før ho igjen var på sporet. Fint tempo, kl var ikkje kontrolert.
18.04.05

Nr 4.

Ca 500m  3 vinklar, eit av hopp.

still, lett overskya   5 min og påsett.   Litt kjekkare å leike med hjorte-foten i dag.
Ho gjekk snorrett.
11.04.05

Nr 3.

Rett spor ca 60 m, vinkel og 30m.

Snø, regn, vind. Kratt, skog 45 min.  

30 min

Fann hjorte-foten, fekk godbitar, og eg leikar med ho med hjorte-foten, men den er ikkje helt topp. Godbitar er best.
Seint, dette var skumelt, gjekk snusa i alle fotefara mine, snorrett utføring, til å med i vinkel. men det tok si tid.
07.04.05

Nr 2.

Rett spor ca 70 m, blod stopp 10m, rett vinkel, og 30m.

Vindstill Kratt, skog 5 min og påsett.   Fann hjorte- foten, og fekk godbitar med meg.
Gjekk fortare, og sikrare no, blode var ikkje så skummelt, avhoppe merka eg ikkje, ho fylgde mitt spor. Vinkelen tok ho fint.
07.04.05

Nr 1.

 

Rett spor, 60-70m

Vindstille Kratt, skog 5 min og påsett   Fann hjorte- foten, og fekk godbitar med meg.
Tok det ok, brukte lang tid på å utrede sporet, hadde ein litt avventande holdning, blod lukta var kanskje litt skremmande.