15.03.2012
Jaktcup 2011
Post 1.26.02 Fot 2.01.05 Sitt 3. Markering 4.  Minne 5.  Linjet/dirigering 6.16.09
Nærsøk
7. 17.10
Søk/finale 
Sum
Arwen (EK) 20 Vinner IM IM 0 0 IM IM  
Artemis (EK) 19 16 16 0 0 10 16  77
Artemis blei nr 2 av EK hundane ;) ikkje så gale det.
 
17.10.11
 
Jaktcupen for i år er over og dei to siste omgangane nr 6 og 7, hadde eg med kun Artemis ho treng konkurransetrening (det treng eg også med henne). Jaktcupen er ei flott form for å trene seg på og kjøre hund, "takle nederlag" og begge disse momenta har eg i år blidt drilla på.

Oppgåvene i år har vore både vanskelige og lette på same tid, men vi har mykje igjen som skal stemme før vi kan ta alle utfordringar på strak arm ;) Artemis er fole bra på det ho er flink til, men ho er dønn erlig også, er det nok så stopper ho, derfor må eg lese og føre henne på den måten som passar henne.

Cup 6 var nærsøk, på grunn av den lange avstand ut, blei det ikkje kjørt med meg som stopp og sett i jobb, på det punktet er ikkje Artemis ennå, Artemis blei ført som ei rettut sending og fekk bruke bruk vind ved vitring.
Det var ein kjempeflott post og eit opplegg Artemis takla bra, momentet bestod av V med tre punkt å sende frå, vi fekk eit skot på kvar plass og skyttar kom heim til standplass før vi starta.
Gå langt er Artemis flink til, vi fekk inn  5 av 6 dymmy. Artemis brukte vind og fekk inn dei 5 første rimeleg fort, den 6 var ho tom på, det vil sei vi ho stopp opp og drakk, og motivasjonen dala, eg fekk likevel "pressa" kjørte ho ut i område etter ho hadde drukke litt vatn som ho fant, men ho kopla ikkje på søke der ute og det blei derfor ein del tomt mas til slutt som dessverre ikkje gav utteljing. Dette er litt typisk henne når ho er tom, nasa er heller ikkje heilt på. Oppsummert er eg nøgd med post 6 Artemis hadde stor fart både ut og inn og medan ho heldt jobba ho utmerket !!


Post 7 felt.
Tre hundar ute og 10 min til rådigheitt, det som gjor mest inntrykk på meg her var Artemis sin stødige, trygg oppførsel både ut og inn. Gjor sitt beste på sin måte, jobba djupt i felte og bringa dummy fort inn etter funn, la seg ikkje i annens hund jobb og vika fint både ut og inn.
Ho tok ei pause med litt drikking/ bading og eg let ho berre ta den tida ho trengte utan å mase på henne, ho gjekk rett tilbake til jobb og jobba effektivt etter litt på fyll av energi.

Artemis var svert flink sett i frå mine øyne og eg førte henne heilt rolig utan noko form for mas, fløyting ;) Poenga vi fekk var vell ikkje allverda og eg veit ennå ikkje poengsummen våre.

Artemis har litt dårleg kondis fortida og litt for tung, dette forklare litt at ho gjekk tom og kan ikkje belastast hund, men røkting ;) ho legg alltid på seg etter løpetid og det må eg berre leve med, tisper har sine sterke og svaksider dei også.

Oppsummert for 2011, jau vi har fått påfyll av konkurransetrening og for min del er eg nøgd.

Og endeleg blei det bilde, takk Benny !
 
 
 
Bilda viser Artemis ut til ein av nærsøka post 6, Foto, Benny Johansen
 
27.09.11
5 runde i jaktcupen, ja ja, blei to nye nullar på oss, vi har for lite trening mørkekjøring og eg ville ikkje presse så mykje. Arwen hørte ikkje etter, øra er tette! Artemis hørte og var lydhør, men i mørke trur eg ikkje ho såg meg og eg valte å bryte ville ikkje presse henne for mykje.
Eg fekk trening i å takle nederlag;) kjem godt med det også. Vi var rette å slett ikkje god nok i dag heller.
 
06.09.11
4 runde i jaktcupen Uff... ikkje mykje bra arbeid frå mi side her :( ingen kommentar, men gir meg sjølv også ein stor null for ekstremt dårlig føring.
 
02.06.11
Tredje runde i jaktcupen, trippel markering med forhandsbestemt rekke følge på kva som skal inn:) det blei ein andre plass på Artemis i dag! slett ikkje verst. Oppgåva var ikkje enkel og det var  mykje oppvind og god avstand ut til markeringane.  Artemis gjekk fort og rakt på den første ho blei sendt på, men så slo det vitring i nasa av ein annen dummy og eg måtte derfor inn med litt fløyting hit og ditt:) vi fekk tilslutt inn den vi skulle, og kunne puste letta ut, dei to andre markeringane kom inn utan fløyting. Artemis har meget god fart både ut og inn og eg liker det eg ser.. God trening på å føre hund under press, topp:)
 
01.05.11
Jaktcup i eit strålandes vær og Arwen var heime:) Artemis erobra 3 plassen av tre deltakarar:), øvinga i dag var sitt ( eller her var det dobbelmarkering også) passiviteten er Artemis rå på !! det kan ho. Artemis tok første markering på strak arm, rett ut spontan fin apport, nr 2 sleit Artemis litt med å finne og vi brukte litt tid på å få inn nr 2, men inn kom den til slutt.
 
26.02.11
Flott start på jaktcupen for oss!! Arwen vant med 20 poeng, Artemis delt andre med 19 poeng!

Opplegget var kjempebra, fotgåing fram til dommar for der etter å få ei markering ca 100 meter ute.
Eg kjørte Arwen først og maken til våken hund, Arwen fekk med alt på eit tidleg stadium, det vil sei ho såg kastaren før vi starta på fot gåinga. Vi gjekk ca 50 meter inn til dommar og fekk der etter ein markering, Arwen løyste oppgåve bra og eg opplevde henna iver i fotgåinga fram til dommaren.. klar til tusen:)
Artemis er meir sansa, men i dag var ho over i snuse modus og heng litt igjen på fotgåinga, Markeringa løyste ho bra, god fart ut og rask heim, eg komaderte henne inn på fot for avleveringa, vil ha ho tett på meg og ikkje eit steg framom, nåja detaljer, men mit omskoleringsval.
Toppers moro å delta på jaktcupen og dette tiltaket er det beste som har hent oss konkurranse galne, vi for knivast og trene oss mentalt på å blir betre på å føre hund. Ein kjekk dag!

Har dessverre ikkje bilde frå i dag...