© Ann-Olaug Toftesund.

Definerbare mål. Spontan oppplukk, rett heim, og avlevring i hand.
 
  •  Apport er alltid, plukke spontant opp det den får apport signal på.
  •  Apport er alltid, komme rett heim i stor fart med apporten, utan at eg må gi ekstra signal.
Mine tips for nå eit slikt definerbart ynskjemål..
Foto av Arwen sin innlæring av apport. Ca 11veker, og har lært å plukke opp og sette seg.  Bilda er mørke, men eg synast dei får vist fram litt av metoden vi brukar. 
 
  • Start med å lær kvalpen eller den vaksne hund spontant opptak av apporter, dymmi og vilt.

 

Sitt med kontakt.

 

Pinne lagt ned, merk eg kastar ikkje når eg lære inn apport.

 
 
  • Kvalpen skal no lære å holde fast utan å tygge/ bølle med apporten.
  • Siste steg er avlevering i hand.

 

Plukkar opp.

 

Sitt og ventar til eg tar i mot pinnen.

  
 
Desse to momenta må stemme skal denne metoden nyttast.
  • Du har forstålese for riktig taiming.
  • Kvalpen/ hunden er inn klikka for betinga forsterkar, og at den forstår at belønning er på veg etter" bra" eller klikk. (Det er klikk eller "bra" som utløyser forsterkar)
Del 1. opptak.
  • Eg brukar klikk, som er betinga forsterkar til dette.
  • Apporten ligg alltid i ro på bakken, det er ikkje kasting.
  • Spontan opptak sjølv om apporten ligg i ro.
  • Klikk eller sei bra, når kvalpen/ hunden tar apporten i munnen, kast godbit, kvalpen spyttar no apporten raskt ut, og får sin godbit, ball er kva som er forsterkar/ belønning.
  • Dette momentet er for å få  eit raskt opptak, det er mange som har spontant opptak, og vel å ikkje trene på dette.
  • Målet er spontant opptak utan at du må bruke jaktlysta som ein hjelpar for å få fram opptak.
  • Når spontan opptak er i boks startar vi og bruke ordet apport i det hunden plukkar opp apporten, og vi får då betinga handlinga med ordet apport..
  • Dette momentet har eg trena på vilt, dymmi, tre apport, metall apport.
No vil nok mange tru at du lærar inn å spytte ut, for det ser slik ut om dei ikkje skjønar prinsippet for betinga forsterkar. Eg har  fått  utdelt 2 pr. og 3 pr, på grunn av mangel på spontanitet på tidlegare hund. Og trena bevist på å isolere sjølve opptaket for å få det så raskt som råd, og lukkast med det.
 
Del 2. opptak, avlevering
  • Vi går fort over på neste moment som er å få avlevert i hand.
  • Her nølar vi ikkje, no skal vi ikkje klikke eller sei bra, før vi har det i handa.
  • Ved å nytte denne type innlæring slepp vi som oftast unna tygging, og bølling med apporten då målet blir å avlever raskt slik at belønninga kjem.
  • Siste steg er signalet "takk" blir ein betinga forsterkar.
  • Sei takk, og belønn med ball, eller godbit.
 
Del 3. opptak avlevering.
  • Vi trenar dette  på nedlagde apportar på marka, ikkje noko kasting enno. Gi aldri beløning når apporten hamnar på marka.
  • Når du går eit steg vidare og hunden skal springe ut etter apport, går du å legg den ut - IKKJE KAST.
  • Det som skjer( kan skje) vist du kastar er at hunden stikk med apporten, og du må til å være apekatt for å få fatt i apporten, du kan då dette i den fella at du belønnar hunden for å komme til deg, og gir godbit, når hunden spyttar ut apporten, du belønnar innkomst utan apport.
Del 4. Innkomst.
  • Du skal alltid ha god innkalling utan apport før du kastar apportar.
  • Tren innkalling separat, slik du får belønne rask innkomst utan apport.
  • Når tida er inne for å prøve å kaste, kan variere, men den bør sitte godt inn om hus, (tren i gangen, garasje, stova) før du tenker på å prøve ute.
  • Det å komme når du berre har lagt ut apporten er ein god start.
  • Dett ikkje i den fella at du startar med å springe frå hunden når han ikkje har tenkt seg heim med apporte. Du belønnar då momentet nøling før heimkomst.
  • Gå då eit steg tilbake og tren innkalling, og apport inne, du har fart for fort fram.

Arwen i trening med avleviring av kanin, her brukar eg klikkar og godbit.
 
Del 5. Problem.
  • Hunden stikk med apporten.    -  Ikkje tilstrekeleg lært. -  Her har vi fart for fort fram, og hunden vil springe og leike i staden for å komme inn med apport.
  • Hunden tygger på apporten.   -   Ikkje lært å bære utan å tygge.
  • Hunden spyttar ut apporten.    -  Her er det alltid at ein har belønna feil moment.
Til slutt.
  • Unngå å trene inn feil.
  • Gi deg tid til å tenke nøye igjennom korleis du vil, at din hund skal apportere.
  • Sett planane ut i livet med riktig trening.
  • Tren sikkert legg ikkje feller for deg eller hunden
  • Gå sakte fram.
  • Nøl ikkje med å søk råd.
  • Diskutere løysingar med andre.
Her er nok mange meiningar om dette og korleis vi trenar apport. Det eg har skrevet er korleis eg går fram med ein standar hund, som ikkje har etablert noko problem, har vi eit problem, må vi løyse det, og sån sett er det nokk fleire alternativ til denne treninga.

Konklusjon; Dette er metodar som eg beherskar og får til, det er mange fleire vegar til rom. Og alle som har trena dette har sin metode, og eg vil ikkje generalisere at min metode er best, men det er denne metoden som har fungert for mine hundar.