Mars

<<<
30.03.05
Tur i band i dag, litt trening i hagen.
 
29.03.05
No er det snart 1. April, og då er det bandtvang også, vi kjem då ikkje til å trene laus i skogen. Då må vi bruke skogen til å gå spor i, og det skal oss også gjære. Og tur i langline, vi må holde oss til reglane det har vore så mykje uvettig hunde hold, at det er ei heil masse folk som kunn er ute etter å ta lovbrytara. ;-(    går klar med børsa.. huff a mei,  men slik er det.

Men spor er viktig det og. Og vi skal flytte apporteringa til sjø, der har vi mykje å lære i år. Lp trening blir det også ein del av, så vi ser lyst på våren tross bandtvang.

 
Fin har Arwen blitt, mange bilete av Arwen på foto sida. Det å ta bilete er krevjande både for hund og oppstillar, og den som tar bilete. Dette bilete har Anne Lene tatt, og eg stillar opp Arwen.
 
26.03.05
Arwen har som tidlegare nemnt fått løpe tid, eg hadde tenkt å lære Arwen til å gå i vatn, men  eg ventar til løpetida er over, er redd ho kan dra på seg noko.. Ho har fått litt mindre fri heilt plutseleg, må ligge i band på kjøkkenet, og i tilegg får ho ikkje fylje Anne Lene opp i senga. ;-) Vi har truse, men ho skal lære seg å gjær seg rein, og eg tørkar heller opp nokre flekkar.

Vi går tur i band, og i dag har Anne Lene vore på tur med Arwen. Og vi trenar likevel, synast ikkje ho er noko annleis, men løpetida er no nett starta. Eg kjem til å ta omsyn til det, merkar eg at ho har motvilje eller protesterar på noko, skal eg ikkje trene med ho.

 
24.03.05
God påske
Arwen har no fått løpe tid, og den oppdaga eg, 22.03.05...
 
21.03.05
Var ein snar tur på hundtrening i dag, trena litt, men ikkje mykje. Ho har vore i ro i dag, ikkje noko tur, masse soving har det blitt, lurt med litt kvile inn i mellom.
 
20.03.05
I dag har vi badet, i badekaret såpa inn to gongar.. Etter på var det klo klipp, skal klippe henne når pelsen legg seg igjen det tar kanskje ei veke eg får sjå, må holde frisyren i orden skal ho på utstilling i vår. Det gjekk bra og bade henne i badekaret, eg brukte ei skli sikker matte i karet, og ho var svert rolig, hadde koppel som ei sikring, prøver ho hoppe kan ho gli og skade seg, så koppel er mest for henna sikkerheit.
 
19.03.05
Nye bilete frå utstilling kurset, i dag har vi vore på kurs, og vi fekk hjelp til å ta litt bilete. Arwen er 10md. Treng du ei god utstillings line så ta ein tur inn om denne sida,>>> eg syr koppel til utstilling. Har endra litt på utførselen, og eg brukar line, og tykjar ho er god. På bilete ser du Arwen med 6 mm lina.
 
 
14.03.05
Det kan virke som eg trenar Arwen  mykje, det gjer eg ikkje, når eg noterar i lp eller jakt loggen, er det snakk om berre 3-10 min. trening, men eg trenar lite, og ofte.

Lp- loggen, og jaktboka blir nokk notert i ofte, det blir også spor boka, etter kvart som snøen forsvinn.

Denne md. boka, kjem eg til å skriv eit samandrag, over fleire dagar, og vist det skjer noko nytt eller uvanleg.

Arwen har blitt så stor, og opplevd masse... det blir daglige ting, som å gå tur. osv. Arwen har so å sei  slutta å stele også ;-) og då kan det bli gørr kjedelig lesestoff.

 
13.03.05
Gå tur på tørr asfalt blei det i dag, ho er litt travel i band så der må vi nokk trene meir, er ikkje utlærd nei. Eg hadde med Anne Lene ein tur, eg trengt hjelp til å kaste dymmi. Eg kastar nesten alltid sjølv.. dvs eg kastar lite trenar mest dirigering, og då treng eg ikkje kastar.

På ein av markeringane, blei det krøll, vi opplevde at ho vitra noko ca. 1m frå dymmien, det plukka ho opp, og eg blåste innkalling signal med ein gong tenkte det var noko mat, alt frå mus, til fisk, eller noko anna etandes, ho kom rett heim til meg i like stort tempo som ho plar ha, men ei stor brød skive i munnen ;-) ja.. eg handla spontant bytta med godbit som eg plar gjære når ho kjem inn for å avlevrar, bad Anne Lene gå å ta opp at dymmi, og kaste på nytt. Sterkt gjort av ein mat gal flatt som Arwen, men no er ho jaggu flink til å apporter også.

 
12.03.05
Lang tur i snø i dag.. vi er drita lei den snøen.... men den reiser vell no snart, og  då skal vi forsette treninga vår av spor, vi skal også starte med blod, og skank. Målsetting om nokre viltspor prøver i år. Vi hadde med kamera i dag, og vi tok nokre nye bilete når Arven apporterte ein dymmy. Bileta er å sjå på fotosida.
 
10.03.05
Arwen har slutta å gå opp på benken å stele ;-) trur eg, ho har ikkje gjort det på ei god stund, og vi har ikkje tatt bort brød, og skalkar alltid.. Det er håp for henne også. Ho ligg no i Anne Lene sin seng, der ligg ho ofte, trivast vist godt i senga hinna. Men når eg legg meg, kjem ho og går  til kjøkkenet der ho har buret sitt. Ho er ein veldig snill hund, enkel å ha med å gjære likar å bli kosa med. Er hoppande glad når nokon kjem heim. Ein veldig glad flatt, men det er no helt vanleg. Ho er nokk heilt normal ja.
 
09.03.5
I dag var det konkurranse trening, ei tenkte vi ventar litt før vi startar, dei to fyrste øvingane som tannvisning, og felles dekk kan ho ikkje. Og då ventar vi med å sette i hop til prøve. Vi planlegg å prøve ved neste konkurransetrening.

Vi har og vore i skogen å treent litt, og så lenge eg tykkjar at det er så mykje kjekkare å trene jakt blir vi ikkje god på lp. Der ligg nokk grunnen for at det går sakte med oss, vi trenar ikkje nokk. ;-) Og eg stressar ikkje med bagatellar, eg har ein svert god hund så vår tid kjem helt sikkert.

 
07.03.05
I dag har vi hatt oss ein tur til hundetrening.. der trena vi på kontakt, og ho fekk snuse og helse litt på enkelte av dei andre hundane. No får ikkje Arwen helse  med det same, og det er ikkje alltid ho får helse i det heile tatt.. Ho er så super sosial, og snill at det er ikkje noko problem sånn då, men eg vil ikkje at ho skal prioritere det fram for meg ;-) Vi skal no bli ein konkurranse team ein gong. Eg har erfart at vi treng tid, når vi trenar etter klikkarmetoden, no er mitt mål å kome til elite med kunn klikkar trening, men det tar tid. Store krav til meg som trenar, det er no kriteria i staden for krav. Målet mitt er å lukkast.

Vi har vore ute, og godt tur på snøfri asfalt i dag, det var trening på å gå i band. Vi droppa skogstur til fordel for asfalt i dag.

 
06.03.05
Vi er på¨ kurs, no skal vi gå på utstillingskurs.. det var ikkje helt enkelt, stå i ro når nokon skal sjå på tenna eller kjenne på ho er det som er vanskeligast. Ho var elles ikkje berørt av at vi var inne i hall, og golvet var litt glatt. Første økta var ho helt av kula, men etter 1 time blei ho uroleg, eg trur faktisk ho var tyst, og lei denne oppstillinga. 2 timar er lenge det, men ei utstilling varar neste ein heil dag, så... to timar er ikkje noko då. Susann har tatt bilete av Arwen og meg.
 
03.03.05
Snerten tur i skogen med litt i lagt trening. Det er mykje snø enno, så det er ikkje så mykje vi får treent på, men litt blei det.
 
02.03.05
Tur i dag, ikkje så mykje trening. Vi prøvar utstillingslina, på og  stå fint sjå på tennar osv. Vi skal gå kurs i ringtrening og det startar på Laurdag, det må no lærast alt, ikkje berre spor, lp, og jakt, men utstilling skal vi på også.

Har planar om å legg opp ei side med planar, men det får vente, eg veit ikkje når eg får starte på noko lp eller jaktprøve. Når det gjelder jaktprøve er det meste i boks, men ho går ikkje i vatn, eller ho går i vatn, men symjar ikkje. Og då må det naturleg nokk vente med det til det er i boks. LP veit eg heller ikkje. Utstilling er det litt klarare, der skall eg stille 21-22.05 og  har tenkt meg på flatt mesterskapet 15-16.05, men eg reiser ikkje ditt vist eg ikkje har fått til symjinga. Det er WT som fristar.

Det blir nokk ei side med resultat når det lid på, men kva tid det får vi sjå. Skal ikkje på noko i Mars, men kanskje i april.