26.09.2012
August- september
26.09.12
Jau nå er det på dogweb, A på både hofter og albugar ! Det er godt å fått det overstått eg som ville vente til første løpetid var over, men Rally for vist ikkje løpetid, kan no være ok det då :) derfor klarte eg ikkje å vente meir, nå er det gjort.. og avlest på NKK.
Då er både Raisa og Rally ferdig, no er det berre å vente på dei andre i RA- gjengen tar og får det unnagjort !
 
I går kveld var Rally med meg på kvalpekurs, jepp kvalpekurs det må til for alle, men Rally heldigegris er berre tilskodar og brifehund, e det noko ho kan så er det sit :) og denne viktige øvinga skal vi lære i frå oss og i det høve må ho vise fram korleis det skal være, korleis vi skal belønne, korleis vi skal dra strikken, lære adferden over alt, eller såkalla generalisere.
Eg har lært grundig inn den øvinga brukt mykje tid på det, eller eigentleg ikkje så mykje tid, eg har trena rett og brukt min metode og har lykkast bra med den.
Det er ikkje berre sit som fungerar bra på Rally, andre vente, fryse posisjonar fungerar også, og dette er gulladferder til meg som vil ha ein stødig fotomodell, ho er litt som sin mor, men Rally kan brife med brun farge og betre utrykk enn sin mor, derfor betre egna som fotomodell enn sin mor (sjølv om Arwen har har vore topp for meg) tar Rally seg betre ut på bilde. Det lover bra berre eg for skrape saman penge til nytt kamera:)
Ein liten snartur på strandafjellet for å ta bilde, men sola reiste når vi kom opp.. eg for nok berre vent på meir sol :) skal det bli fartsfylde bilde i vatten.
sit
Sit det kan tuppa ja!
 
rally  
Ja og stå kan ho også :)
 
 
24.09.12
Måndag og ny veke, det har vore eit flottvêr i helga og Anne Lene har vore heime i helga, ho har høg arbeidsmoral :) og gjort lekser..men eit par små turar i lag med meg blei det på henne. Vi har tatt litt bilde og kosa oss.
Anne Lene Rally og Artemis
Anne Lene, Rally og Artemis. Rally er akkurat som sin mor linselus, ser alltid i kameraet super fotogen hund. Artemis er berre god :) ho ser på alt anna eller ruslar ut av bilde før eg for sukk for meg..

Eg har planar om å få fatt i eit betre kammera og ta opp at hobbyen med bilde, det eg har er utgått på dato, eller eg kan få bra bilde med det kameraet eg har også, men det har vore ein ruvandes utvikling på kamera og no går ting fort ut på dato.
eg artemis og rally
Eg, Artemis og Rally, Anne Lene tar bilde, her fokuser vi på vatnet og Artemis på Anne lene :) Artemis lar seg ikkje lure. hi hi..
 
Anne Lene og Arwen
Anne Lene er flink til å trene hund!! her er Anne Lene og Arwen, det er ho som har lært Arwen alt av sirkuskunstar :)) dead dog, give me five, high ten.. osv.
PÅ bilde gir Arwen give me five til Anne Lene i bytte mot dummy (Dymmy er den sterkaste belønning Arwen for, det er den einaste som er starkare enn godbitar) Arwen for i tillegg med at vi tar bilde, og eit glimt i kamera må til! superhunden vår:)
 
Vi gratulere Nina og Raisa som godkjent ettersøk ekvipasje på skadeskotedyr, no kan både Robert og Nina føre Raisa på ettersøk, så flott og så flinke dei er med Rally søster Raisa !!
 
Dogweben er oppdatert med A- hofter på Rally så nå ventar vi berre på albugane, slik eg kan senke skuldrande litt :))
 
18.09.12
Snart onsdag igjen.... og eg venter og venter, ei veke side vi tok bilde og eg har ikkje fått NKK oppdatering, og det sjølv om eg betalte på forskot! jau ting kan vist ta sin tid:) nok om det!

Søndag var det "kvalpetreff" ungehundtreff for Ra-gjengen, og Nina i Ørsta stilt heimegarden sin til rådigheitt til oss!! TUSEN takk eg er så glad for at du var villig til det!

Her fekk Ra- gjengen boltre seg lause i trygge omgivingar og dei var så fine og så trygge, kjekke med kvarandre, ingen knuffing eller konflikt, berre velstand. Hundetoleransen kan ein derfor sei var heit utan merknad.

Test blei det også på både skot og markering, alle bestod med glans. Eg var så heldig at mannen min Atle blei med, då blei han også brukt :) tusen takk, gode kastarar veks ikkje på trær seier vi, det er ein veldig viktig jobb, Atle kasta og eg skaut, pang!! !!

Begge gutta + Raisa markerte flott, og dei jobbar svert godt i området! i tillegg har dei svert gode spontane grep på dummyen, jobbar raskt og er godt utrusta frå naturen sin side.
Rally er litt meir slik slurve høne, ho har ikkje bra nok opptak og grep, eg har nok ein jobb og gjere ennå med henne ja. :) Elles ho markerar veldig bra og er god på retning, jobbar med svert høg fart, men så er det stopp.. ho klare ikkje å holde så godt området, men spring også ut av områder utan utført jobb. Vi legger derfor opp i ein periode og konsentrerar oss om andre ting.
treff
Den sprekaste eller den med mest spenst i er Arwen
 
treff
Her er gjengen samla, Robert og Raisa, Anita og Raxo, Ann-Olaug og Rally + Arwen, Kristin og Eros.
treff
Frå venstre, Raisa, Raxo, Rally, Arwen og Eros
kaffikos
Supert kaffiskjul :) Her fekk vi servert både kaffi, bollar og kake.
Nina var fotograf for dagen sidan eg hadde gløymt kamera heime og ho skjøtta jobben perfekt, gode bilde og minner blei det.
 
09.09.12
Rally har debutert på LP- prøve  utan premie !!! ja tenkt det i kl 1 !!!
Det var likevel som forventa, eg har sterkt prioritert å få Rally roleg i miljø der det skjer ting når ho er under kommando, det har eg faktisk lukkast godt med :)DETTE passer ikkje i ein lp- ring, men godt i skogen på jakttrening.

Det vil sei Rally kan klasse 1 øvingane, men ikkje godt nok sidan vi fekk to nullar.
For å ta nullane først, fellesdekk null, når eg hadde gått i frå og vende meg mot Rally sto ho, "ja stod" eg spurte dommaren om eg skulle går tilbake, men nei berre stå, Rally stod i to minuttar på same plass. Ein fin godtagelig null :) den andre nullen var tilbakehopp over hinder, jau ho hoppet, men stansa like etter hindret for å snuse i bakken, kom ikkje direkte inn på fot, eg gjekk eit steg fram og komadert ho inn på fot, dermed null. :) det var min bevegeles framover som førte til null, hadde eg berre brukt dobbelkommando utan og gått mot Rally hadde eg fått godkjent, men men... det lærte eg vertifall.

Resten av øvinga var ikkje noko å skryte av, saktefart, ho hang og rusla seg igjennom heile prøva, var konsentrert om det som var utanfor ringen og eg måtte bruke ein god del ekstra komandoar..

Eg vist på forhand om dette og det kom ikkje som nokon overrasking på meg, lineføring utan kontakt er det vi serverar og det heng på min trening :) SÅ korleis skal eg agere for å få henne til å like gå rundt inn i ein liten ring og gjer ditt og datt, Rally som liker det å springe rundt og rase som det kjekkaste ho veit. Rally er lydig og passiv, ingen LP - hund. (ennå)

Fellesdekk har ho vore god og sikker på, men eg oppdagar nå det med våt grus då og det momentet ser eg ikkje så svart på, det rettar seg.  Det er nok mulig å få det til og vi satsar til neste sesong ja det gjer vi !
Anita og Raxo
Anita og Raxo, flott kontakt ! Raxo og Anita fekk seg premi i LP-debyen og det er berre små ting som skal stemme før høg premie er på plass.
 
06.09.12
Rally har nå fått hengt opp turboen og går i eit med stor fart rundt og rundt i tillegg har ho gløymt det meste av det ho kunne :) ja det må no være noko spinn ruskandes gale med treninga mi. Vi var på brusdalbana i går kveld og trena på våt grus :) våt grus eller kva.. ho skulle verken dekke eller sitte, har eit nyss om det er grus i Ørsta, jau det blir shov. Rally modnar seint vil eg påstå, men vi stressar ikkje.

Øvingar som har vore spikra var som blåst bort, dekk frå holt, borte bort.. ho spratt raskt opp igjen og det var etter eg måtte bruke masse energi på å få ho ned (ho som har vore så rask ned) Rally var rett å slett ikkje til å kjenne igjen i går.

I dagmorgon ville ho ikkje sitte før maten skulle serverast heller og eg tenkte eller tenkte ikkje, skjøner ikkje ;) kva ho tullar med, Rally brukar hoppe inn på fot, rask som lynet sit der spikra til eg seier versogod og det er heilt utan kommando, det er kun mattboksa med mat i som utløysar adferden, ingen kommando.
IDAG måtte eg sei sit ! tenker ein klart så skjønner ein at det må være ein grunn, ja eg lufta henne på nytt tok så og tømte analkjertlane hennar og vips så kunne ho sitte fort som.. ja det er ofte ein grunn til det meste. Disse kjertlane til Rally har eg tømt eit par gangar før, men det har vore på grunn av at ho har drive og aka seg innadørs, ikkje på grunn av at ho ikkje ville sitte. Første flatten min eg har gjort dette på, men eg hadde ein golden som måtte tømmast av og til og eg kan derfor kunsten, det er fort å smertefritt gjort :)
Det var nok ikkje dette som gjor at ho ikkje ville dekke i går, då var det heilt andre grunnar.. då skulle ho berre sitte:) eller var det så at ho helst berre ville stå :) eg veit ikkje.

Laurdag skal vi på LP-prøve og eg håpe Rally for løpetid slik eg slepp å starte :) eg har blidt så forbaska nervøs på mine gamle dagar, det er nesten så eg lure på å legge opp. Ingen teikn til løpetid så trekke henne på grunn av det er lik null muligheit. Skal no til Ørsta om eg startar eller ei, Raxo skal starte og han er mykje flinkare enn Rally når det gjeld LP-øvingar. Raxo sin LP- deby skal eg få med meg.

I dag har eg også bestilt time til HD og AD- bilde + ny vaksine + rabbis vaksine på Rally, eg klare ikkje vente lenger, onsdag blir det.
 
03.09.12
Det blei ikkje så mange bilde som eg hadde tenkt, men det beror ikkje på motiv eller lys, det beror mest på at eg har stein fokus på Rally og då må eg få med det som er å få med, bilde kjem i anne rekke. Har nå litt bilde av trening med ingen av Rally så den forblir nok på PC en inntil videre.

Treninga var super, som eg har nemnt må eg utom boksen for å komme vidare både med tankar og metodar omkring trening, nå er eg i ei samlefase der eg arkiverar og lagrar for seinare bruk. Eg har skunda meg  sakte og ikkje etablere direkte uvanar, eg er derfor nøgd.
Eg har heller ikkje stilt for store krav til Rally, men passer på å gjer rett det vi gjer, såleis koplar eg når eg ikkje er 100% på. Rally var mykje laus på fot og det gjekk ein god del markeringa, ingen knallforsøk verken på sine eigne eller ander sine apportar :))

Treninga var ein god oppleving både for sinn og skin ;) vindfullt og det vil sei masse oppvind. Rally holt bra, sjølv om vi av og til var 7 hundar i jobb eller ute på ein gang let ho seg ikkje stresse av den grunn. Positivt overraska var eg over dei markeringane Rally tok, ho brukte nasa bra og heldt bra området. HER fekk eg også gode nye tips til korleis få gode og betre søk på markeringsområdet, faktisk eit nytt godt innputt.

Det blir nok til å legge opp ein god del markeringstrening ++ rette linjer skal eg jobbe mykje med i vinter. Gode nye innfalls vinkler til å trene dette med linjer på har eg fått fylt opp i verktøykassa mi!

Rally som har så stor motor har eg vore veldig bevist på å ikkje trigge for mykje jaktlysta, det trur eg er det til beste for henne (sjølv om ho då har utvikla seg seint som markør) men som eg veit må eg tenke nytt. Eit stor pluss gir eg Rally vertifall, ho taklar passivitet bra, roleg tyst, er kjempeglad for det. Litt fart har ho i jobben så eg gir ho eit + for det også!

Tusen takk til Anita og Elin for at eg fekk være med på trening!!
 
 
ku
Kuer ute på flø.. utsikten frå huset vi budde i når vi var på treningshelg ute på Flø.
 
Rally
Rally venter her medan eg knipsar eit par bilde ! flinke Rally. Rally var så uheldig og stikke nasa bort elektrisgjerde også, det var skikkeleg AU AU og ho hylte til, men heldig vis gjekk det fort over.
 
flott
Vakre flø !
 
30.08.12
Det er ikkje så mykje på gang med meg og Rally :)men ei lita økt med lydigheit gir eg Rally kvar dag og fokuset nå er,  utvide bruken av avstandsbellønning, eller sakt på ein annen måte eg har ikkje på meg godbit, den står i ei lita matskål som Rally får gå til og få belønning.
Eg har så vidt starta med å bruke det på lineføring og vi skal nok få det til litt etter litt. Berre ei veke til LP-deby nå så eg kjenner konkurranse nervane brer seg i kroppen. Neste veke blir såleis via til full LP- trening.

Jaktdelen vår eller treninga vidare der må eg over i tenkeboksen, eller så som ho Anne Lene seier, mamma du må tenke utafor boksen og det blir nå gjort. Vi må ha inn litt eksperthjelp for å komme vidare det har balla litt på seg med problem.

Gleder meg til helga for då skal det bli litt innputt veit eg, god mat å drikke, hundeprat og treningstips, skal bli kjekt;) fin temp bra med lys sjølv i regn, lade kamera og få tatt litt bilde.

Det skal derfor "håper" bli oppdatering etter helga med bilde og kva bra eller gale Rally fant på, hi hi hi... det er no ikkje skog på Flø så eg ser vell kvar ho blir av:) !
 
29.08.12
I går var det jaktcup og Rally er eg nøgd med :) eg veit at eg har trena for lite på ein del moment og Rally tuppa kan ikkje alt;)  men eg hadde vertifall kontroll:) det er nok det eg har prioritert.
 
23.08.12
Ny oppdatering på dogweb og i dag kom resultatet albugar, Raisa har A,.. ho var først ut og resultatet var topp, det er A både framme og bak :)
 
22.08.12
Først Ra-hund ut var Raisa med A på HD yes, då venter vi på albuge oppdatering på dogweb. Raisa er også godkjent ettersøkshund på skadeskot vilt og klar til jakta.

Rally venter ennå på løpetid og eg hadde tenkt å ta bilde av Hofter + albugar ca ein månad etter løpetida, men dukkar ikkje løpetid opp i løpet av ein månad kjem eg til å bestille time og få det gjort likevel.. har ikkje tolmodigheit til å vente lenger.
I dag blei det tur på oss, Arwen og Rally fekk seg fin tur med løpeløs tur, herleg. Vann... Rally har vorte ein resar på vann uansett type vann, trygg uredd og fantastisk god symjar er ho.
 
21.08.12
Rally er hormonell, eller brukar nasa på masse ting ho ikkje skal... håper dinna løpetid kjem og vi for på plass brikkane :)
Det er ingen fysiske teikn på at løpetid er på gang heller:) og eg behandle ho som normalt å kan dermed glede meg til ein superhund litt etter litt!
Vi rakk ein liten svipptur innom hundetrening i går kveld og fekk ei tannvisning + ein fellesdekk som eg synast var ganske vellykka. Vi prøvde oss på lineføring, men der har eg tabba meg godt ut, ho går flott og bra plassert frived fot, men lineførin det kan ho ikkje (dette momentet er i kl 1 og ho er påmeldt stemne 8 september....) må nok gripefatt i problemet nu, i tillegg skal lina være i venstre handa, berre og hive seg rundt å trene på det. Gleder meg til kl 2 :)))
 
15.08.12
Sol og varmt i dag, lang dag på Rally ;) vi starta i dagtidleg med å leite opp egna plassar til momentet vann av diverse sortar, gå igjennom hindringar av tjukk myr og vanliljer, det skal ikkje være enkelt, men trenar ein hund og vil ha god premie må slik trening til. Utruleg bra arbeid var det av tutta mi !
Eg har derimot lært at repetisjon av eit moment nødvendigvis ikkje bør takast opp at og opp at på Rally ho er ikkje Arwen, men Rally :)derfor det var få apportar på henne, men kvalitet.

I kveld var det innom hundtreninga for tannvisning, fellesdekk, det gjekk bra, men å trene LP-moment i dag gjekk trekt, vi skuldar på varmen, eller eg var litt inaktiv skal ikkje meir til.
 
Ja så har eg somma meg og fått til ei side av Raisa, hode og oppstilling, Raisa ca 14 mnd >>>>>>
 
14.08.12
I dag som vi gjer kvar dag, trenar vi fot og atter fot, det momentet trenar eg nesten kvar dag, men meir spesifikk venstre og høgre vendingar med holt la eg vekt på i dag..
Målet er at Rally skal være tett på holde god posisjon i vendingar og sette seg svert raskt på holtar etter vendinga og i riktig posisjon.

Eit anna moment er bruk av belønning bak Rally ved forflytting av posisjon sitt/dekk. Avstandsbelløning er eit svert godt hjelpemiddel i all hundetrening. (hi hi derfor eg trenar så mykje apportering) det består av kun belønning !)
 
 
Foto, ja eg er glad i å ta bilde, men eg er gladare i å trene hund det fekk eg erfare i går :( super lettskya, perfekt fotover og eg skulle ta bilde av Raisa... ka trur.. eg drog ikkje fram kamera før sola kom, dermed dårlegare kvalitet på bilda. ja ja slik er det. Eg tok derimot bilde og eg vil lage side til Raisa litt etter litt, både portrett og oppstilling.
Fine Rally ;) ca 14 mnd.
Rally 14mnd
 
I går var det Ørsta tur, flott være og fin trening på Rally og Raisa. Artemis var med sidan ho skulle gå eit blodspor på kveldstid og ho sov i bilen, vi trena tett på gjekk det flott;) Artemis var godt utkvilt til blodsporet som ho gjekk i 18.00 tida til ein flott 1pr, dermed kom den tredje 1 pr og tittel N VCH.

No prioriterar eg LP-trening på Rally og som vi veit må vi ha god grunnlydigheit på ein god jakthund, som skall nyttast til apportering og har mål om å klatre klasser! LP-trening er såleis eit ++, pirk er det som funkar i apporteringssporten også nemleg.

Fellesdekk mit i enga kan være vanskeleg :) Rally ligg i ro, yes jenta til mor, Rally er veldig god på sit og sit spikra, men etter vi starta med dekk å bli hender det at ho legg seg når ho sit, her har eg ikkje stressa, det er eigentleg betre ho legg seg enn at ho setter seg opp på dekk :) i denne fasen som vi er i nå.
Rally er påmeld LP- Prøve 8 september og korleis det går vil tida vise, eg gleder meg vertifall til å gå Lp med Rally tuppa mi.
 
Rally og Raisa
Etter ei lett LP-økt i Ørsta, flinke jenter.
 
06.08.12
Ranja og Lill- Ann har vore i Hemsedal på jaktkurs, lært masse og vist fram dyktige Ranja, Tusen takk til Aud Grete Hansen for flotte bilde som eg har fått lov å bruke på heimesida. Disse bilde ligg på fjesboka, men eg synast at dei er så flotte at dere som ikkje lid av den last om opphaldplass på fjesboka kan få sjå bilda.
Sjå bilde her>>>>

Neste år vil eg og Rally også til Hemsedal, kurs der til neste år jau det går eg for.. kanskje fleire av Ra-kullet bokkar dit !
 
05.08.12
Økt nr to vann!
Vann og nytt vann, det var vårt hovudmoment. Vanlilje, jau nytt moment og kan være ei utfordring, eller ein terskel til undring, vegring, eller kvar er dummyen.. Eg fekk ein dummy på blankt vann, Rally stoppa opp i vanlilje feltet, og sumde rundt ein del, fekk ny dummy og ny dummy osv. fant nå ein som ho plukka opp og tok heim.
Jurjen og Bono var flinke hjelparar plukka inn alle som Rally ikkje tok inn. Rally fekk nye kast, no over til ei øy, supert Rally sumde fort igjennom liljefeltet rett til øya og fant dummy kom heim + ein rep som også funka. Yes yes!  super trening og vi lukkast heilt utan konflikt.
Passiviteten, roleg ho for med alt som skjer og heilt avslått både før og etter det var henna tur, måtte det vare lenge:) 
Jakttrening
Bilde over syner Rally etter ho har hat ei økt på vann
 
Passivitet det er eit viktig moment er ein hund:) og skal kunne delta på jaktprøver.  Rally har koppel rundt halsen, men det er ikkje tjora ho sit roleg eller ho forlatar ikkje plassen som ho har fått tildelt, heilt tyst på heile treninga.
Rally som er så spinn vil til tider er så avslått i situasjonar som dette! litt merkeleg, men eg er mega glad for det då, uansett kva som skjer forhold ho seg roleg.
I henna arbeidsdel er ho litt lite tend for tida, ho kan finne på å snuse litt eller la seg fascinere av froskar som dukkar opp som i dag.. :) i staden for å springe fort som f rett ut... Eg har med vetandes vilje ikkje stressa med det, her er passiviteten, stopp osv. prioritert opp, trigge jaktlysta er fort gjort, men her er eg litt på vent og trur den fart å galskap som Rally eigentleg har går over i ekstrem arbeidstempo av seg sjølv litt etter litt.

Trene konfliktløyst er beste medisin, lære å bli trygg i fleire miljø så skal dette bli bra, ho kjem no vertifall rett heim etter ho har plukka opp dummy. LYDIG og avstikkar tendensen er det slutt på.
Vi trena rett ut.. på første økta, Rally gjekk bra på to første utsendingane, nr 3 over i snusmodus eller lokalisere ting og tang med nasa, jau grunnen kan være større avstand :) men eg kjenner tuppa mi og trur "to rett ut" var nok, eg vil undersøke litt lukta rundt her, (hormon, modning osv. alt har sin grunn) eg gjekk tettare på og same adferd er tilstede, eg går då tett på dummyen og gir henne kraftig påverknad slik ho plukkar den opp, så gir vi oss. (Snuse seg ut til dummy er uønska adferd og det tillatar eg ikkje).

Bilde under er frå første økta i dag, her ser ho på meg som tar bilde, men ho sat nok og så på meg når eg tok mange bilde av dei andre også, kjekk hund Rally, og aldri tendens til knall på andre hundar uasett kva dei styra med!
 
Jakttrening
Rally må på bilde ho med:)