16.06.2013
Desember 2012 -januar - febuvar 2013
25.02.13
Flott tur i dag, nydelig vær. Vi la ut på litt tidleg og det var stein hardt og ikkje så bra for potane, Rally klarte å få ei sprekk i ein frampote, men med super potesalve gror det fort håper eg.
Vi var på Jarnes skulen i kveld for å trene LP og ho hadde ingen problem med pote- sprekken så grodd har den allereie..
Det blei fellsdekk med mykje forstyrelser, Rally er flink og eg belønner ennå ein god del og det vil eg nok gjere lenge lenge. Variasjon med å strekke strikk blir det og eg vil snart stare med å belønne ein del dekker kun etter endt tid og før eg kommanderer opp, eg må klare å få fram litt progresjon også! I tillegg skal eg plassere motivasjon på meg sjølv, det er der skoen trykker:) trene målretta heiter det vell..
Tur gjengen til oppstilling :)
 
23.02.13
Fin tur til heiane på meg og Anne Lene og hundane våre.
Vi hadde med i sekken både pølser, appelsin og brus, ja og ved så klart.. ein må ha nokke å grille pølser på. Hundane måtte sitte i band slik dei ikkje freste snø utover bålet vårt og vi miste den verifulle elden:)
Bål jau vi fekk fyr :)
Tilskuarar, Arwen, Artemis og Rally, ingen pølser på dei.. kun røyk :)
Ostegrill på meg og Anne Lene
 
Super kjekt med tur, eg storkosar meg på tur med Anne Lene og dei tre hundane våre :)
 
22.02.13
Eg, Anne Lene og Rally har vore ein snartur utover til sandsøya (det er reine syden). Lure rett å slett på å berre flytte ditt ut…
Turen var snar og vi rakk ikkje så mykje trening, men vi hadde det koseleg med foto og få dra litt frisk havluft i lungene. Eg hadde med vilt og tok ei rask vilttrening på Rally, jau gode grep roleg mun og eg er godt nøgd med det. Under eit bitte lite knippe av bilda vi knipsa:)
 
Anne Lene og Rally, mine flotte modeller !
Foto Anne Lene, Rally med vilt.
Oppstilling :)
Trenar med vilt, forto Anne Lene !
 
17.02.13
På den dagleg turen er det mulig å legge inn korte treningsøkter som styrker samholdet med hunden vår, ja vertifall med mine og meg og det er no det dette handler om! Bilde under syner treningsremedie enkelt og ikkje tungt å bære med på tur, men du så nyttig.
Under denne buska og litt omkring legge eg ned tre tennisballer, den første er fersk og lett å huske på for hund, den for i dette tilfelle Rally hente inn som rett ut sending og avstand ca 150 meter.

Etter det går turen vidare og vi finn på litt av kvart, det kan berre være gå på tur eller det kan være ein ny linje med varierende avstand. Linjer eller rett ut, dette momenter kan by på bry trena enn monotont, men eg har lært av erfaring med Artemis, "kjør få rep heller fleire linjer".

(Arwen er/var ein Duracell og kan gå samme linje 10 ganger utan å gå trøtt, hum, nåja no er ho snart ni år, men som ung var det aldri problem.
Rally har masse motor, men ser ingen vits til å løpe fleire ganger samme linje, derfor slepp ho det og eg legg opp treninga av Rally utan for mange rep, Rally bør ikkje ha monoton trening.
Rally trena eg intensivt, korte økte, men i det ho for konkurranse og trøkket øker blir konsentrasjonen betre og ho vil nok gi det som trengs for å løyse tildelt oppgave.

Over til minnepunktet, ball nr 2 blir henta på heimturen, men den blir henta inn på kortere avstand ca 30-40 meter, ball 3 blir henta inn på signal terp i minneområdet. Ja alt dette kan ein liten tennisball brukast til er den med på tur, + masse andre moment og gevinsten er betre samarbeid og lykkelige hund med eigar..
 
minnepunkt
Eit minnepunkt :)
15.02.13
Flott dag med Rally på tur, tuppa var med åleine i dag og som eg har nemnt før aleine tid er nokså viktig. 2,5 timar på tur gjer godt og vi blir nokså sliten av å trakke rundt på truger i snø vertifall blir eg det.
Litt trening blir det og det er linjer som blir prioritert, treningsremedie er tennisball, lett å ta med og suger ikkje så mykje fukt.
Rally må aldri gjer oppatt same linje meir ein ein gang pr. trening og det vil då sei for at skal ho få minst tre- fire apporter må ein bruke beina og fantasien.
Våre linjer er lange frå 50 til 200 meter og aldri noko blindt vi går og legg ut i lag, no i snøen er det ikkje fot- gåing så momentet er eit hakk vanskelegare enn normalt, i hovud har ho anledning til å finne på mykje snuse, springe, ta fertar osv..
Er det barmark trenar eg fot og då er fokuset på jobb og apporten sterkare vil eg tru. Men + er det også med snø, eg trakkar ei nokså rett linje og det skal derfor være enkelt å springe 100 meter rett fram.
Trakka råsa mi var i dag brukt av både to beint med ski på beina + hjort.. eg har ikkje brukt skispora og trakke i, men gått opp linjer med truger :) reknar skispor som hellige :))
 
Her heng trugene mine på vent…til neste gang vi går opp i høgda;)
Bilde under synar ei av dei nyttigaste øvingane ein hund bør lære å beherske, gå bak!! Her går tre hundar bak :) foto, Anne Lene.
 
11.02.13
Dekken til Artemis :)
Etter helgas erfaring har eg funne ut at Artemis ikkje toler kulda så bra og ho skal ikkje utsettast for slik kulde meir, Artemis er opp gradert til sommarhund og skal passe vedomnen når det er kaldt ute!

Dekkenet skal eg bruke på hundane når dei skal ligge i bilen om natta og ellers når det er kaldt og dei ligg i bilen, den vil passe perfekt til Rally også då ho er litt minder og kortare enn Artemis.

Dekkenet er såleis kanskje mest tenkt til Rally i og med at vi skal to helger på treningsleir J i april og må då ho kledast på om natta.

Rally, Arwen og eg var på tur i dag og for eit vær, eg som eigentleg ikkje liker snø synast at det var flott. Truger og snø, linjer og tennisballer, ja vi har det flott.
Trenehund handler om linjer og lange linjer :)
 
Artemis var med på fellestrening i går, det var for kaldt for henne i bilen og eg fekk ubehag på skjela for at eg reiste til trening med henne utan at hadde kledd på henne, det heldt ikkje med masse ullteppe i buret når det var så kaldt. Artemis blei stiv og ho fraus, eg skal kjøpe varmeklede til henne slik eg har å kle på henne i bilen. Artemis er meir var for kulde enn vanleg og det kjem av skaden ho hadde som ung.


Over på treninga, Artemis klarte seg bra i første økta si ser eg bort i frå at ho var kald. I den andre økta var ikkje ting helt på stell med oss, Artemis hadde mist motivasjonen for jobb og hadde mest lyst til og utrende alt det andre av spennande dufter inklusiv etandes ting og tang som ho kunne finne. Dette er ein adferd som kjem på Artemis etter løpetida og det er ikkje heilt nytt for meg at det dukkar opp. Jau jau.. det var det Artemis gjor i andre økta + at ho overhørte signal frå meg, arbeidslysta var berre plutseleg blåst bort..
Uff uff, dei som er feilfri og har feilfri hund må berre heise flagget og rope ut :)

Ingen er lik, Arwen har det og med å overhøyre signal til tider og kan være sjølvstending, men det er på grunn av at ho vil utføre jobben fort.. og litt på sin måte, Artemis går av jobb når ho føler for det, det er såleis to forskjellige adferder som dukkar opp.

Når det er nemnt så trenast Artemis kun for livskvalitet og for at eg trivast med å trene henne :) ho trivast vanlegvis på trening og er som oftast kjempe flink! Eg var også flink i går, tok i mot henne med opne armer uansett kva ho gjor, Artemis er gode snille hunden min.
Problemet med Artemis er nok meir vanleg enn mange innrømmer, dette med etterløpetids- sundrom har mange tisper og det går å tilpasse det, om to månadar er dette bort vekk og Artemis er kanon hund til neste løpetid. (sikraste kort er å kjøpe hannhund skal ei ha hund til bruksarbeid)…

Trene hund består av tilpassing til individet, det er ikkje noko nytt, men ei utfordring og dess fleire hundar ein trenar utan å gi heilt opp dess meir lære vi. Det kjem eit og anna drypp om treninga av andre enn Rally her og ein kan samanlikne individ, men ein kan ikkje trene dei likt, det ein gjær er å hauste erfaring frå problem og løsningar ein har vore innom før, verktøykasse fyll;)

MED Rally er det meir alvor og der ser eg ikkje igjennom fingrane, les hund og eigntrenar med sukksess regelen.. ( det gjor eg også med Artemis før og lukkast bra, det er eg stolt av
)
 
Bilde under syner meg og Artemis og er frå treninga på flø 10.02.13. 
Artemis

 Foto Jan Pål.

Rally er ferdig med løpetida og klar for trening, no er det berre og forsette byggearbeidet der eg slapp, skal bli kjekt og spennande framover. Eg har lova med sjølv detaljtrening og det blir derfor mykje eigentrening på Rally, skal eg få til ein brukanes hund så er det også detaljterp:) Fellestreningar må brukast til generalisering og få fram trøkk og ikkje til av-læring og frustrasjon, det er så enkelt tenkt i hovud, men i praksis blir det ikkje fult så enkelt. Fellestrening er gullverdt og må til skal ein lukkast å klatre i klasser så trengst det gode støttespillarar
Eg og Anne Lene hadde ein nydeleg tur i snø, flott tur og litt minner på brikka det fekk eg. På bilde under ser vi Anne Lene med alle tre hundane våre, fra venstre Artemis, Rally og Arwen til høgre for Anne Lene.
 
09.02 Fotoshoot med Anne Lene
Klar til avfyring, hundane er oppstilt og Anne Lene tar bilde av oss :)
 
03.02.13
Snø blei det på oss også sjølv om eg ikkje liker det må eg berre gota det. Rally har løpetid og då er det ikkje så fali med litt snø:) når den løpetid er over er eg spent på om det blir noko endring i adferd mønstret henna:) ja vi for sjå...

3 nyklipte flattar i huset i dag, Arwen har vore så raggete ei stund at eg nesten har vore skjemde av meg sjølv, stakkars Arwen som har måtte gått uklipt lenge.. No kjem lyset og nye kameraet må nyttast meir og det å få øydelagt evt. gode bilde på grunn av uflidd hund nei det vil eg ikkje:)
 
28.01.13
I dag er eg glad og tilfreds med oppdateringen på dogweb, Ranja har A på hofter og A på alboger ! Gratulere Lill-Ann !! Da er såleis 6 av 7 RA-kvalpar, rønka og alle har A både framme og bak, herleg.

Her på sunnmøre er det flott vinter i år og heilt etter min smak, snøfritt ennå :) I dag blei det sykkeltur på Rally og ingen lausspringing i skogen, løpetid det er fali det ... Vi hadde ein flott tur på sykkelen, litt oppstart problem var det med snusing før vi var i gang, men det gjekk seg til.

Trening, jau eg trenar meg på å blåse riktig i fløya eller Rally skal lære godt nok kva ho skal gjer når den lyden kjem, dette momente skal vi få til. Det er mest i apporteringsmoment det går i, LP bleiknar mykje i forhold jakttreninga, men eg håper eg skal få nok motivasjon til å trene litt LP med Rally slik eg kan starte henne på nytt i år på ei prøve.
 
26.01.13
Rally har fått løpetid og er treningsfri !, Artemis er heldigvis ferdig når det nærmar seg neste helg då for ho åleinetrening..

Når eg skriv treningsfri så tyder det apporteringstrening laus :) det er mykje anna ho kan og skal gjere, sykle, trene litt lydigheit, og trene på å sove litt ekstra, det er også bra trening for ein retriever.
Onsdag var vi ein snartur til Valldal for å trene litt der inne, trening gjekk bra den berre fole kaldt, såleis litt for kaldt for hundane og eg fekk naglebit som første gang sidan eg var lita!!

Når denne løpetida til Rally er over har eg forventningar til meg sjølv at eg klare å byggje vidare på den solide grunnmuren til Rally og eg vil ha eit godt bygg:) har litt planar.

Tross toppvêr har eg ikkje nye bilde :) eg har investert i ny kraftig datamaskin som skal være dugandes til bilde/video, ja men.... det er ikkje oppe og går slik fort.. eg har jobba med den maskina no nokre dagar og det er ikkje berre berre :) det er programvare mi her og der, heimesida mi er nok på den gamle maskina og blir nok der ei stund til den andre maskina er oppe går for fult. Det kan derfor bli lit lite oppdatering her ei stund sidan eg må bruke same skjerm til den nye og den gamle, men oppdatering blir det når det er noko å skrive om, så ikkje gløym å sjå innom korleis det går med Rally, så heilt plutseleg kan det være oppdatering på gang.
 
20.01.13
I dag kom Anita og Benny, Jan Pål og Kari,  Kjersti og Molly kom også ein tur og blei med på treninga, det var kjekt, god treningsvenner er gullverd ! Takk for dere tok turen.
Eg la opp treninga og har eg med Rally så legg eg på henna premissar eg bygg hund. :) så for dei andre berre holde ut med litt plankekjøring eller enkle oppgåver :)
Vi starta med markeringstrening, eg og Kari kasta til Jan Påle og Anita, det var "referanse trening" (etter mit hovud) så bytta vi på det, dei kasta til meg og Kari.

Eg ser på denne treninga som moment trening til min fordel... Forsering av hindringar og gå igjennom tett eine og  kratt, dummy blir kasta opp i tett eine, målet er at Rally skal holde området og ha fått tydelege signal på kvar ho skal søke (markert riktig) trening på å bruke referanse, eg bygg! Benny var fotograf, dette er ein god ting å bruke på trening, ein mann som kjem her og sit der, jau dette var gull verdt.
På bilde under er vi samla etter trening :)
Bilde under kjem frå andre økta.
På andre økta hadde vi rett ut frå midtlinja, her kjørte vi fem hundar i lag, det vil sei vi kjørte to retningar så bytte vi på. Vi gjekk ut på fot la ned dummy gjekk tilbake til midlinja og sende rett ut, Rally og Odin var par hundar i andre økta, i første økta var ho parhund med Fonzy, begge oppgåvar løyste ho flott, ingen knall, ingen lyd og ho fekk gå både som ei og to i dag :) som eg har nemnt før, Rally er rå på passivitet!
Ho er også ganske bra på å gå rett ut, eg var såleis ganske nøgd med arbeidet ho har gjort i dag også :) ein ting eg ikkje er i boks med er fløyte bruken min, her må eg trene, trene, trene... Det er ein bit som skal på plass og ein bit eg skal ta mykje på som eigentrening framover.
Ups..
Her er Rally tjora og eg var ferdig med treninga for i dag.. og plukka fram kameraet for å få eit minne på brikka.
 
18.01.13
Tur i går og lett trening i dag livet er herleg. I går gjekk oss frampå 4-5 menn i kjeldress rett i treningsterrenget vårt, ups.. ja motorsag hadde dei også, rydda under kraftlinja var jobben dei sysla med. Eg, ja Rally var med og stole på Rally må eg jo.. eit par tankar slo meg.
Det er ikkje vanleg å treffe på folk her og ville ho springe mot flokken eller kva skjer, det kan også være farleg med motorsag. Kommandoen bak blei valt og er kopla ikkje, det fungerte mor er trygg og her går eg  bak som eg kan:) Rally flinka, det same gjor vi på tilbaketuren.
Vi hadde ein fin tur, der vi tok litt bilde og leika oss, + eg trena meg sjølv med fløyte signalet søk der :) kan eg spore litt framgang, he he, Rally er vertifall flink.
I dag hadde eg litt hardare skyts til Rally og eg tok med tre dummy i staden for tennisballar og hadde planen for oppgåva før vi reist i veg. 100% vellukka opplegg, Rally gjor ein flott jobb i trengskifte trening, nå var rett ut som var øvinga og den er Rally betre på enn på markering, den blir så styrt av meg og ho er rimeleg trygg på oppgåva.

Eg skal prøve å bygge meg fram til same gode adferden på marekring, dette med avstands beregning må inn programmerast, det er lite å vinne på å gjer oppgåva for vanskeleg for fort, då for vi berre etabler unotar med stor tomme søk og det vil ikkje eg ha. Erlig fortalt er ikkje Rally god på markering ennå :) men det blir ..
 
I går var det berre tur "nesten" utan treningsremedium :) to tennisballar var med og blei brukt til foto + til å trene meg på nærsøkskommando, jepp må trenast eg og.
Sola er tilbake og det er også foto kameret på min rygg:)
 
16.01.13
I dag blei det ein super trening, vi var tre hundar, Tara ein labb, Maiken enn flatt og så Rally då:) tre hundar som fungerte topp. Det er Rally eg vil fortelje om, men opplegget var det eg var i veg å planla etter terenget i går og det fungert bra, eg trur vi alle hadde svert god utbytta av treninga.
Rally er eg kjempe nøgd med og då spesielt ro og passivitet, berre nydeleg, fri kopla under alle øvingar, sit så fast på fot og eg som hadde yngste hunden vil gå som nr tre, det er min regel lære å vente på tur.

Ingen knallforsøk full kontroll på seg sjølv Rally og eg er mykje tryggare på handlingen etter eg gjekk tilbake til å sende, kombi med hand og signal(markering).
Det eg slit litt med er faktisk fløyte signala, dette har dukka opp etter eg la om innkallingssignalet til fleire korte, det kan låte som kom heim når eg meiner søk der:) Dette er faktisk ikkje ein bagatell og her må eg jobbe inn nye betre rutiner.

Eg gleder meg over å jobbe med Rally, ho har fantastisk fart og snur i lufta i det ho nærmar seg meg og direkte inn på fot, herleg eg har fått det som eg ville direkte inn på venstre.
Rally med treningsvenner :)
 
15.01.13
Rally har ennå ikkje fått løpetid og eg har såleis slutta å vente på den, kanskje den kommer då :)
I går kveld var det hundtreningskveld på jarnes skulen, så heldig innelokale og ein del folk var der også.. eg var eigentleg tenk å skofte for di eg var trøtt etter ein lang tre timers tur med Rally (åleinetid)det treng ho, men manne meg opp og kom meg i vei.

Rally har blidt for flink på dekk, så no ville ho berre dekk, eller dekken kjem så fort og før ho for kommando, tja det er nå ikkje ønskeleg, så slik går det når ein trenar for mykje å einsidig og har med pølser i tillegg er trøtt :) trøsta er eg har opplevd verre ting enn det så så..

Rally er ekstremet roleg og eg kan ikkje klage på anna at enn eg ikkje klare å slå på motoren når eg vil og det er ikkje Rally sin feil, men min :) Passivitet øvingar som sit og dekk er vi kløpparar på, det kan vi :) eg reknar likevel med at desse to øvingane ikkje er bortkasta innlæring. Klare å holde seg roleg med så mykje uro og forstyrrelse og i tillegg være flatt på henna alder må være bra, ja eg trøsta meg med det, kanskje ørlite stolt av det også:)

I dag var det tur med Rally og Arwen, "kun tur" ja eg tømde alle lommer for tennisballar og anna remedie kun tur er viktig, det går å trene seg i hel også, Arwen synast ikkje noko om at vi ikkje skulle gjere noko anna enn å gå tur, for Arwen betyr litt jobb alt her i livet og ho er "durasell". Rally har eg ikkje villa lage durasell av ho var født durasell trudde eg, men tok feil.

Mykje rolegare å gå tur med Arwen og Rally enn Artemis og Rally, ingen diskusjon eller konkurranse mellom mor og datter, einig om alt.
Artemis har så mykje konkurranse iver i seg og ho eig alt som kan flyttast på og då blir det mykje fart og springing om det meste som blir plukka opp. Ops... dette er så klart når dei er fri hundar på tur, er det eg som kjøre løpet eller legg ut ein tennisball eller noko liknandes, så er det nok turorning og sit og vent til nærmare ordre kan dei begge to.
I dag var det kun tur og sidan eg har avtale om nokon som vil trene i lag med meg, så tok vi turen for å legge plan og sjå korleis vi kan utnytte terrenget på den beste måten. Terenget vi falt for var terrengskifte og det skal nyttast til markering og rett ut trening, det å gå ned i ei grop for så gå over ein voll og ned i ei ny grop og holde retninga, jau det må nok trenast på.
Rally er for lite trena på slike vanskelege oppgåver, eg har vist oppbevart ho i bomull, tuppa mi, men det er nok fleire faktorar (enn bombull) som spillar inn her no håper eg på vi  er i gang.
 
Arwen og Rally, mor og datter på tur :) flottaste vinteren ein kan ønskje seg...
 
13.01.13
Er ikkje alltid like lurt å bruke hjelpehund eller... eg er så heldig å ha flinke Artermis til å springe opp linjer vist Rally plutseleg ikkje husker at ho skal springe fort som f rett fram :) Artemis er ein kløppar på rett ut:)
I dag var det åleine tid på Rally og det er noko eg må huske på, alleinetid er viktig for alle ungehundar også andre hundar "som vokse hundar". Eg er eigentleg flink til å ta meg av ein og ein hund og ha med berre ein i gangen når eg trenar med andre, men eg er kanskje ikkje like flink til det på eigentrening og tar med to, ho ho...

Nok om det, men litt meir gåing på meg blei det i dag, åleine trening må viast til rakelinjer, legge ut dummyar og kjøre fort og langt. Dette er tidkrevjandes moment som er best eigna til åleinetrening, men når dette momentet er etablert må det generaliserast i lag med andre hundar, miljø og treningskompisar.

Eg kjørte litt med dummyar igjen i dag, men bytta ut til tennisballar når momentet kravde meir energi, Rally har ikkje den gode jaktlysta på dummy som ønskeleg og lar seg lettare slå av og få motivasjons fall når trenings reiskapen er dummy:)

Eg er likevel godt nøgd med sjølve arbeidet ho utførar, det kan nok målast både i Ak og Ek moment så Rally kan sine saker, berre eg klare å legge rett trening til henne. Eg må riste ut litt sagmask og ikkje bry meg om detaljer som er bortkasta å bruke energi på.

Fotogåinga hennar er bra, det same er sit og sjølv om det var fole kaldt i dag -8 og barfrost.. ho fekk problem med ei retning 100 meter rett fram, så sat ho til eg hadde rusla meg fram 100 ny meter og løfta opp dummyen og gjekk tilbake, så satt ho spikra, dette kan ho.( korfor måtte ho ikkje gå i lag med meg, "dette seier jo eg at eg skal") jau ho hadde to andre punkt ho skulle til, derfor gjekk eg som hjelpar og gav ny påverking for å unngå at ho også fekk problem med dei andre punkta, linjene skal være rett..

Har tidlegare i veka også trent litt sit og innkalling med Artemis og Rally, då kallar eg alltid inn Artemis først så Rally til slutt, det funkar kvar gang, Rally sit spikra sjølv om Artemis kjem i full fart heim til meg. Konklusjon ei fast sit er bra og ha og det har eg.
 
10.01.13
Felt var tema i dag, eg har ikkje vill trene så mykje dette momentet, men adferden med å gå ut i søk uendeleg må faktisk etablerast. Har ein tilgang til fleire hundar så er det mykje sjå å lær i dette momentet, og det vil sei at hund påverkar kvarande og går ut annakvar gang i søk.

I dag hadde eg plan for treninga og eg var så super heldig at noko ville være med på trening, Britt og Tara kom frå Valldal og Kjersti kom frå Lyshol :) tusen takk til begge, generalisering opp og i mente. utholdanens trening på Rally, eller ho skal bli treningsvant å kunne konsentrer seg over lenger periode før ho er tom.

Det var eit steintøft opplegg og det gjekk over all forventning, veldig vellukka på oss alle.
Av og til må ein kjøre litt rått skal ei få resultat av treninga, oppskrifta er "nesten hemeleg" eller ein må liksom vite kva eig gjer også kunne lese litt hund, gjer ein slik som oss i dag, kan ei få fram fleire uønska moment, som lyd, knall, søk med apport osv.

Vi hadde ikkje ikkje uønska moment det vil sei det var solid hundar og opplegget var riktig utførd, motivasjonsområdet var stort og bestod av kratt og eine, vi brukte tennis ballar og eg kasta dei ut med tennisball kastar, når ballane var innplukka la vi ut felt med dummy etter system, no tok hundane, to -tre -tre plukk + rest som annakvar  + 1, den siste var i rett linje langt ute, sidan den ikkje kom inn på søk fekk Rally den som ein lang rett ut sending.
Under jobbinga vår kom det ein setter rusandes inn til oss, så litt ekstra piff i treninga :) fekk vi og det er gull av verdi.
 
Molly, Britt, Tara, eg og Rally. Kjersti var her den som tok bilde, ei med vil være med på bilde.
 
08.01.13
I går var det måndag og hundeklubbtrening og det var min dag med gulvest. Rally var derfor mest i bilen sidan, har ein gulvest skal ein være tilgjengeleg for dei andre vist nokon lure på noko, også hjelpe for å få igjennom førd evt. fellesøvingar! Super kveld og mange møtte opp:)

Rally fekk ut av bilen og fekk sin tilmålte tid og nøkkelen til Rally er lite av alt då gir ho gjernet :) full kontakt på fri v/fot eg har faktisk god kontakt på forflytnigane i tillegg er eg godt nøgde med progresjonen vår ho blir minimalt trent.
Ho fekk også ein enkeldekk, mykje styr rundt og eg gjekk ned ein etasje og skrangla med dører, ho låg pent, ein god bolk med generalisering på henne i går.

I dag var det markeringstrening i tåke og eg bygg riktig føler eg, i dag var det 100% vellukka apporter og vi gir oss i tide.  Eg hadde 4 dirigeringar ute slik eg kjørte ein dirigering mellom kvar markering, dette er fordi Rally ikkje skal oppleve markeringane som kjedeleg og starte slurve. Brukte ikkje så lang avstand heller og her gjeld det ikkje å imponere seg sjølv, men å kjøre vellukka trening, det fekk eg til i dag, Takka til min personlege trenar, både for kropp og sjel Hans Emil !
 
På bilde under ser vi ikkje syner, men langt inn i fjellheime 8 januar, herleg treningsvêr, eg trur det er første trening Rally har hatt i tåka og det gjekk så bra.
Tåke og heilt nytt tereng for Rally, Rally skal lære alle moment over alt dette er viktigt for henne, ho treng nemleg litt tid på ein ny plass før full konsentrasjon er etablert, det skal ho ha etterkvart.
 
05.01.13
I dag hadde eg med Rally og Artemis på sykkeltur + lang tur i skogen med turing og innlegg av nyttige moment. Sykkelturen er ein spenningsmoment for seg sjølv eg har to flatter i strekk på styret i tillegg var det botvis med stålis .... jau tøff i trynet er eg, men dette handlar meir om å utsette seg sjølv for psykisk påkjenning med fare for å utsetje seg for fysisk skade :) litt kikk er bra ! Rally og Artemis er så flinke så og eg er ein råtass på sykkel! trivast betre på sykkelen enn på beina.
Eg fant mykje speandes terreng for å bygge moment og vi hadde ein toppers dag.
Bilde over posering etter felt trening.
 
Bilde under syner Artemis gå felt etter tennisball, Rally kjøre makker og sit på vent.
Vi fant eit nydeleg område som eg aldri før har sett mine bein:) ja tenk det og det er min tankegang fortida eg kjøre nesten aldri moment i same trening to dagar på rad, nytt beite kvar dag, krevjandes men nytenking må til og etter råd er eg liksom utan om firkanten i tenkinga ennå.

Artemis er god å ha som makkerhund, ho blei opplært til å springe i Arwen sine spor og det fungerte bra, Artemis er kanon bra på det meste :) ho liker å trene derfor blir det trening på Artemis, livskvalitet både for henne og meg.
Rally og Artemis kjørte kvar sin gang, 6 ballar ute og tre til kvar. Eg gjekk ei djup line rett fram og kasta parvis til høgre og venstre for meg, stort oversiktleg felt, ingen overtrakk, ingen spor å gå i :) her må overvære brukast i lag med sunn fornuft.
På bilde ser vi Artemis komme inn med funn, Rally venter på tur.
Dette er mobilbilde og ikkje mit favoritt verktøy på bilde fronten, men her handlar det om å dokumentere litt kva vi gjer og eg godtar då dette til det bruk.
 
02.01.13
Dinna influensa sit godt :( Eg har likevel i dag brukt krefter og tok meg ein god tur med Rally og Artemis. Artemis har blidt så flott og tynn etter alle denne Rally trimen :)) Artemis spring likefort som Rally når ho skal fange Rally, det er ikkje anna å vente forma blir bra.

I tillegg til å springe 2,5 timar på tur, har vi med tennisballane våre, det er nyttig det. Begge hundane fekk hente 7 apportering kvar totalt og ingen apport var lik, det vil sei par på alle momenta som vil då sei 14 apporter 7 punkt. Fokuset er rett linjer og i dag var alt vellukka, dette med rette linjer kan ein ikkje trene nok på, men eg trur feilen som kan bli gjort, er det er at ein overvurderar hunden sin lyst til å springe same rute igjen og igjen, ( Arwen er slik maskin) men ikkje Rally og Artemis :) derfor har eg godt heilt bort i frå å repetere så mykje, men tenker mykje meir variasjon i treninga. Etter omlegginga, har eg fått mykje mindre slurv frå hundane og dei gir gjerne fult på kvar apport,  så for 2013 sjå om eg lykkast med min nye stratteskji.
Godt Nytt År ! til alle mine lesarar, kvalpekjøparar, treningsvenner og elles alle som ein, vi gleder oss til 2013 ! Håpe det blir mange gode stunder der vi kan trenehund, kose oss og utveksle treningstips, dele erfaringar og hjelpe kvarandre på ein god og måte.
 
Jau vi overlevde i år også, Artemis og Rally toler racketane bra, ingen teikn til redsel, Arwen viser misnøye og er uroleg.
Eg Rally og Artemis tilbringa den siste timen før midnatt  og den første i 2013 i senga til Anne Lene i kjellaren og vi ser på TV, Rally og Artemis søv :) Arwen går opp og ned til loftet og ligg for det meste under bordet der eg har dataen på, men eller annen sit no her i staden for meg.
Konklusjon det gjekk bra med Arwen også, trekke med å være i kjellaren var litt preventivt i forhold til Rally, eg ville ikkje at ho skulle gå å vandre etter mor si.

Eg har så nemn vore sjuk både av influensa og ryggvond i denne jula og det har derfor vore lite med meg tenke eg på tur med hundane :( og når vi har slikt mildt flott være så ergra det meg ekstra mykje..
men men i dag var eg vertifall utom hagen ein tur.
Arwen og Rally blei med på tur, det var godt å få strekke på beina synsast både eg og begge hundane. Nokre tennisballar er alltid med og eg legg alltid inn ei langlinje eller to på mine lufteturar. Rally er ingen Arwen og må trenast med tanke på kvalitet og eg syte for god progresjon :)

Rally lære å funger med god avstand i kroppen, god fart og ingen tid til å drive med andre ting enn å jobbe, jau trene hund er kjekt. Når eg legg opplegg for mine hundar brukar eg diverse områder og passer vell på å ikkje gå igjen i same området for lenge, det blir då monotont for hund og arbeidsoppgåva kan bli betinga med plassen det skjer på :) enkelt forklart eg trenar på enkelte område kanskje kun ein eller to gangar på same område i løpet av ein sesong :)rullere plass er effektivt trening for meg legg det gjerne på hylla for generalisering.

I dag kjørte eg 150 meters innkalling og eg kjørte 150 meters linjer :) moro å sjå ein brun flatt fly :)
 
Barmark 01.01.13
 
30.12.12
Då er det krut røyk, lys, blink, smell over alt og untaktilstand ikkje berre berre å være hunde- eigar i desse dagar og netter :) skal ein lufte så smell og blinkar det før ein veit orde av det, Arwen er blidt skremd tidlegare og liker ikkje nyttårstaften, Artemis bryr seg ikkje, Rally har lite erfaring, det er berre å håpe vi blir skåna mot å blir skremde skikkeleg, ut å do må dei i mellom jul og nyttår, ut mellom kl 18.00 og 02.00 den 31.12 får dei ikkje då oppevarane eg dei inne.
Medan vi ventar på den store smeller ser oss på bilde frå jula..
Her har vi alle tre sitter forventningsfullt å venter på versogod, lydige hundar vi har :) ho ho.. Rally har fokus på Anne lene som styre utdeling, Arwen og Artemis har fokus på sin pakke.
 
Søstrene snuse, Rally og Artemis, ville ikkje opne, berre gå rundt å vise fram pakken sin, Arwen var himla snar og svert skuffa, innhalde var ikkje etandes, men kun ein tøyball :( usj Arwen er vant til å få griseøre, godbitar, tyggebein ol. i pakken til jul, men i år var det kun ein tøyball.. så skuffa stakkars Arwen ho laga småbitar av alle papirbitande på leit etter godbit. ( vi henta godbitar til henne, men det hjelpte ikkje ho huskar frå i fjor jul og var så skuffa, hi hi meneskleg gjor eg det nå :))jau jau, men Arwen har klisterhjerne på slike småting.
Dei to andre var himla begeistra for innhalde, mest Artemis som trudde ho fekk tre nye leiker og trur det ennå:)
 
 
29.12.12
Dagen før dagen....
I jula og romjula har vore ei stille periode lite tur og lite trening, men nok med tid til å reflektere over kva som betyr noko og kva som er uvesentleg.

Familie og barna mine, ja barn og barn 4 flott ungdomar er det eg har og er stolt av dei, eg skulle liksom ta litt bilde av dei i år.. jau litt blei det men langt mindre enn planane var, eg blei både råka av ryggplagar og influensa i jula så litt lite fres var det på meg:)
Lille juleaftan tok eg ein serie av dei alle 4 og utan at nokon av hundane var med, det er vanskeleg å ta bilde av 4 uttrykk i lag og få eit brukbart på alle :) reine plankekjøring å ta bilde av hundar i forhold :)) hi hi, men bilde blei det til julekort til familie og venner..
 
 
Ein herleg gjeng :) og tenk alle er mine, eg er rik:)
 
 
Og begge go jentene mine :)
 
 
11.12.12
Då har eg tinga hundeseng til hundane mine, den tredje Bia bädden ! Ja eg har dei to andre også dei er ikkje utslitt, men eg må ha ein i kvar etasje, ein ny til kjellaren.
Eg tar inn hunden i kjellaren når det trengst og vaskar/tørker dei, det hender at dei må vente litt i kjellaren før dei slepp oppatt det kan då være godt å ha noko bra å ligge i.. Denne senga anbefale eg sterkt, då den er lett og holde rein tørk med fuktig klut, vips rein seng og hundane trivast meget godt i denne senga!!
 
I går hadde Rally og eg lang sykkeltur (ikkje så lang i km, men vi sykla i skogen på bar frosen mark, herleg!) i dag er snøen komet og den muligheita er sikkert eliminert bort ei stund:) Rally er utruleg lett trena og enkel å styre nesten som ho er radiostyret, bak er bak sete og ho må holde seg til venstre for framhjulet :) veldig kjekt med slik hund som det går å ha berre i strekk i styret, Arwen må ha springer elles så tar ho hjulet. (tok hjulet, no er Arwen gammal og kan brukast til lodd i styrketrening, ho heng på sykkelen bak:)
I tillegg til sykkelturen hadde vi ei fin økt med fotgåing og rett ut sending, det må leggast inn i tur/kondistreninga og det gjer vi.
Jarnes skulen på kveldstid, tuppa trivast og er ikkje berre kontrollerbar, men eg har faktisk litt kontakt med henne!! yes yes.
 
08.12.12
Ein ny herleg dag på tur! 2,5 timar i den frie naturen gjor godt, Rally og Artemis stor kosar seg og det gjer eg også. Det er kaldt men å la være å fare på tur av den grunn i slikt vær går ikkje. Det var mest tur og foto i dag, men vi hadde nå med tennisballar, så nokre ut sendingar blei det på tuttene, Artemis er den suverene lære meister :) på godt og vondt.

Artemis har det med ho raser så i veg i tur samanheng, sjølvstendig og på eigen hand, litt for langt frå meg til at eg liker det. Rally er litt flinkare til å skjekke opp meg eller holde kål på kvar eg er.
Det må også nemnast at begge tuttene kan gå bak når det krevjast :) som ein liten pussig sak, så går Artemis perfekt bak når vi går i lag med Rally og litt mindre perfekt når vi går i lag med Arwen :) Rally går perfekt alltid :)
 
Treninga med tennisballane var litt slik som sist vi var på tur, bortsett frå at vi la ned 4 på første punktet og henta kvar vår, såleis to igjen til heimturen.. ho ho, etter to timar, jau nå sende eg Artemis først ho stussa litt og stoppa halvvegs, men fekk eit lite lenger ut signal og så rusa ho heilt ut, Rally gjekk full rulle og fant fort siste ballen i buskase. I dette momentet var Artemis hjelparen for Rally, nyttig. Artemis vinglar sjeldan men går rakt ut derfor god læremeister.

Oppe på heiane gjekk vi trekant og la ned to ballar på to punkt, her fekk eg ein knall på Rally og ho måtte i koppel i dag, men null lyd og etter Artemis gjekk også Rally på punkta i stor fart, raske funn og rett heim, ingen søk på veg ut, men stor fart heilt fram der tennisballane skulle være! stolt av dei flinke hundane mine.
 
Artemis og Rally
Artemis og Rally
 
Punktet med snitselen som vi bruker av og til :) ser du bra så heng der ein snitsel rett under pilen.. eg er avheng i  av å vite eksakt kvar..når eg trenar.
 
Rally med vott
Den nye fotomodellen, stjerna mi :)
 
05.12.12
Topp tur:) ikkje bokstaveleg då, men opp på heiane blei det i dag. Barfrost fint å gå og eg merkar at den personlege trenaren har satt sine spor på kroppen min, styrken er på veg tilbake, vekta held stand, men styrken er på veg inn i kroppen min igjen :), Hans Emil >>>

Rally og Artemis, ja Artemis trimmar Rally, full rull og då er det ingen rusletur, men motbakke og dei to er i topp form. Eg hadde med nokre tennisballer og dei blei litt brukt, det vil sei begge hundane hadde 4 apporteringar kvar, og det var stil og fart over tuttene i dag.

Eg har lært at Rally er ingen Arwen kopi og då går det så mykje betre med treninga vår, eg kjøre "kun" enkel moment (kun tyder i denne samanheng repetisjon, eg bruker gjerne fleire moment på rad, men ikkje ein repetisjon av same oppgåve) slik har eg trenet Artemis med suksess, då gir dei jerne, repetisjons trening passer ikkje for desse to og på ein måte er dei litt like :) tenke då på det positive som bur i begge hundane.

Ingen koppelbruk i dag, begge sat pent og pyntleg 3 meter bak og venta på sin tur, ingen pip, eller stress adferd der i garden. Det var mest tur i dag, men det går å legge inn eit par moment i turen utan at det skal opplevast som ei full trening, det var tur som var hovudfokus.
Eg har ein fast busk som eg trakkar rundt og hiver eit par baller inn under, der i frå går vi "bak" det er ein adferd kommando eg brukar når eg har meir enn ein hund med, vi brukar å gå ca 150 meter og vende.
Dette momentet blir kjørt som rett ut, men søkkssignal i buska, fokuset er rett linje, stor fart, søk konsentrert, finn og fort heim. Rally gjekk først, så repetert Artemis, begge med topp stil.

Turen forsette til vi fant ut at vi søker litt, fritt søk, Rally og Artemis må sitte medan eg kaster ut 4 ballar, kjøre også Rally først no, ho skal hente to ballar og det klare ho fint, Artemis for søke opp dei to andre, området er stort og Artemis jobbar intens å fort og gjer begge funna, bringe mega fort heim og eg er tilfreds, kanskje mest tilfreds over roa og passiviteten til Rally medan Artemis jobbar.

Ny turrunde eller vi bevege oss, på grunn av kulde må vi være i bevegeles ikkje stå sitte stille for lenge. Eit moment til har vi før vi vender nasa heimover, eg har tuer med merker her og der :) Rally og Artemis sit og ser medan eg trampe fram litt fert i området legg igjen to tennisballar og vi går på nytt med komando bak, ca 100 meter, parkere Rally utan koppel og kjøre Artemis først, linja er som ein linjal å farta er stor nok, Artemis blir parkert og Rally blir kommandert på fot og ho utføre også momentet feilfritt og i stor fart :) vi turar heim tilfreds :)
 
03.12.12
Inne trening på Jarnes, Rally var nokså passiv på første trening vi var tilstede.

Etter vi har vore der nokre gangar eller det vil sei trening nr 3 så har det losna, Rally vil trene ikkje berre stå å sjå på dei andre :) Eg trenar på plass adferd ikkje fot (det er eigentlig det same, men eg legg mykje vekt på at i all forflytting skal ho ha 100% fokus på meg og ikkje berre gå å rusle ved sidan av meg :)  det har ho nemleg gjort før for den adferden hadde vi etablert ! Når eg trenar no, så bryt vi ved kvar einaste kontakt glipp, vi kjører kun ved full fokus misser eg konsentrasjonen bryt eg treninga. Både Rally og eg må gi alt skal det fungere slik eg ønskje, gir eg ikkje alt blir det berre rot og halvgjort :)

Vi treent litt på opptak av apportbukk også, eg legg bukken mellom oss og komadere apport, då skal ho forlate plassen sin kome mot meg og plukke apporten på veg heim, det går strykandes, eller ho forstår oppgåve og kommandoen, ingen støyt med labber eller kulebæring så eg liker det eg ser:)