Mars-april-mai
03.06.2012
31.05.12
No har eg både litt skrivesperre og treningstørke, men håper det rettar seg slik eg klare å få litt progresjon i Rally treninga mi. Rally har stagnert og det kjem av min mangel på  trening av henne, mat, luft og tur har ho fått :)

I dag var vi ein tur til Valldal for å sjå myse på eit flott område som er godt egna til konkurranse/moment trening, då området har alt på ein plass.

Vatn med myrkantar, men det var ikkje så lett som eg hadde trudd, Rally gjekk ikkje i vatnet og eg stressa meg ikkje opp av den grunn, Rally valte å rase rundt vatnet for å finne snarvegar eg la derfor det "vannarbeidet" til sides litt. Rally fekk nokre få markeringar som gjekk etter referanse, det gjekk no tålig bra og i dag let ho seg ikkje affisere av annen hund, kaster. Blir nok flink Rally med ein vakker dag, Mora til Rally  "Arwen" var med også for å trene litt vannarbeid, og når Arwen går bra er det ein fryd for øyet.

Ranja, den brune kullsøstera til Rally har deltatt på flatmesterskapet både på utstilling og WT( litt misuneleg eg på dei som bur lenger sørafor) alt innan rekkevidd ;) men men, neste år skal eg og Rally også delta og vi rekk og starte som unghund !! det har eg lovet meg sjølv. Eg har også fått nye bilde av Ranja og takk til Kathrine N. Gunstad for foto, sjå bilde her>>>
 
23.05.12
Rally kan ! yes ho har lært seg kunsten i vatten, symjar langt med sine plasket nybyrjar symjetak.  I går var det dagen ho regelrett hoppa i det og la på vei :) langt nok for å være det første symjetaka. I dag prøvde vi igjen berre for å få det trygt i kroppen no i startfasa.
Eg kasta ein dummy to gangar  ca 10 meter frå land, jau det funka flott, rett ut og inn mot land igjen, e no litt vågal eg også då, og tok tennisballkastaren og kasta ein ca 40 meter ut, ingen problem, tøff som toget ho lille snertne Rally gull tuppa mi.
 
Rally symjer
Rally symjar for første gang og heldigvis hadde eg det lille kamera i lomma.
22.05.12
Rally med kaninen, sola rett i mot og det er aldri eit godt utganspunkt for "augefargen" alle for ekstra lyse auge i sola!
kanin apport nr 1
Her er Rally med sin første kaninapport! Kanin var ikkje så verst synast Rally og var nokså spontan på den.
 
20.05.12
Klar for markeringstrening, Anita og Raxo, kastaren "min" Hans Emil og Rally, kjempe flinke.
Anita Raxo  Hans emil og Rally
Rally og Raxo fekk ei økt med markeringstrening i dag, og vi må bygge litt hund får å besfeste korleis momentet skal utførast. Vi "både" Anita og Raxo og Eg og Rally har med vitande vilje holdt igjen på markeringstrening og det ikkje utan grunn.
No er nemleg tida komet for å få lært dei det momentet skikkeleg og få starta med å bygge avstand i kroppane og det blir..

Rally har meir energi enn ho har bruk for og må ha tilpassa oppgåver den vegen, Rally har veldig bra markeringsevne, spikrar lett, men ho må springe ta seg både det eine og det andre (litt slik spinnvill som eg veit ho er). Dette momentet med kastar gjer at ho kan springe rett på kaster etter ho har plukka opp og vidare ein god runde før ho tar reting heim.
Dette skal så klart bort og det blir vaska vekk litt etter litt håper eg, må Rally jobbe for apporten er det rett heim, energien blei brukt ;) farta henne er ekstrem stor, både ut og inn.

Det plusset som betyr mest for meg er at ho er heilt still og lydfri, sjølv om eg tjorar ho i eit tre og hjelper til med annen hund. Jau vi skal nok få ein bra hund ut av ditta emne..

Bror Raxo er ein  herleg hund. Han må gå gradane i å bygge avstand på markering og lykkast, "lykkast fort", "det tyder at apporten skal ikkje være så vanskeleg at han gløymer seg bort og vi startar å stresse".

Raxo kjem rett heim etter funn, utan å måtte bruke opp energi (som sin søster må.. hi hi), men det er adelsviktig og bygge markering som grunndressuren steg for steg med suksess meter for meter, gjer vi ikkje det kan vi få frustrasjon som kan fører til unota og eg er tilhenger av å førebygge .. ps, dette gjeld ikkje berre Raxo, men dei fleste andre hundar som byggast opp inklusiv Rally!

Raxo skal også ha vanskelige oppgåver, men han skal bruke gode referanse i bygginga, nok om Raxo :)

Rally bør ha både referanse og at apportane bør går i skjul, dei kan også være vanskelege og eg bør bruke kaster når det er tilgjengeleg, etter meir energi ho for brukt dess betre, no vil eg kjøre henne på ein del markering for å sjå om eg kan få plukka bort overskot energien på markering. Grunnen til at eg har holt igjen denne type trening er fordi ho har nok energi og ved for mykje stimuli av energibunta kan føre til stress og uønska adferd.
Takk til Hans Emil for du er så flink til å hjelpe til:) og til Anita og Raxo, tusen takk for at du vil trene litt i lag med meg og Rally.
Raxo og Rally markeringstrening
Ferdig med markeringsøkta sitte tett på kvarandre ingen problem, veldig flinke hundar og litt fotogene som sin mamma Arwen!
 
15.05.12
Fellestrening i går :)) moro, men som eg viste  ..  Ingen ting å klage for når det galdt opplegget det var topp. Rally derimot boblar av energi og er på eit stadiet som er kjent for jyplingar, nyskjerring.
Jobben som apportør er ikkje godt nok befesta på henne ennå og i situasjonar som pirrar nyskjerringheita hennar så må ho berre skjekke ut. Tre kastar på tre forskjellige punkt blei noko heilt nytt for henne, vi skulle hent inn tre enkel markeringar, ein i frå kvart punkt.

I starten las eg ho og tenkte mit og fekk heilt rett) kunne lese hund er viktig.(huske å bruke det er ikkje alltid så lett) Rally hadde fokus på kaster nr to, eller den som skulle kaste markering nr 2, vi vende om til kaster nr 1, Rally fekk fint fokus, dette kan ho :)markerte fint, nr 1, "men ho hadde ennå fokuset på kaster nr 2 i sitt pene hovud ", og ho tok vegen om kaster nr 2, helse litt så legge i veg i retning til kaster nr 3, legge ned dummy under veis, helse på kaster nr 3, så vende tilbake til meg utan dummy, avstanden til kastarane var så lang at eg ikkje klarte å avbryte henne, avstanden var nok rundt 60 til 80 meter.

Vi forsett med markering frå kaster nr 2, og etter som eg hugsa gjekk det bra og det same på markering nr 3. markeringsevna hennar las eg som svert god, det var terrengskifte, myr, hau, vått.. markering frå kaster 2 gjekk i skjul, her hadde Rally ingen problem med å spikra, stor fart og ganske sikker i sin opptreden.
I all passivitet var ho tyst og det finst ikkje lyd på henne, ho hørte dei fleste skota i tillegg såg mange av dei andre sine markeringar, vi var 7 nybegynnar hundar og eg var i rekka nr 5, eg ser på dette med at ho klare å vente så bra som eit mega stort pluss! Farta som ho arbeider med er av type rask nok til Rally! Runde to var utan helsing på kastarane;) konklusjon meget god trening og dette med å bruke fleire hjelparar er genialt, og vil berre gjere hundane vår betre å sikrare i alle moment. Topp!
 
14.05.12
Det blir ikkje så mykje trening på Rally, eg er litt tom for idear :))energi nivået går opp og ned med meg og med Rally berre opp! Det er så mykje liv og fart i den hunden at eg har ikkje skikkeleg klart treningsopplegget mit ennå, eller korleis få riktig progresjon i treninga...

Grunnapporten må finslipast og eg har gidt henne ei pause utan å mase med dette, eg vil ikkje setter henne i vanskelege situasjonar, no når ho boblar over av energi. Eg liker nemleg ikkje når feil adferd blir resultatet og vi "kan" få ei utidig konflikt, min filosofi er alltid riktig adferd og då må energien tilpassat arbeidsoppgåva. "enkel formel, rett ut - rett inn" slik skal det være og slik for eg det alltid! også med Rally gull tuppa!

Vi avspaserar med turar, gå tur og snuse litt gjer godt i denne alderen + miljø oppleve andre hundar utan å skulle gjer så mykje anna enn eksistere. Vi har i kveld vore ein tur om hundetreninga, då med gulvest så Rally var bilhund:) så var vi ein tur innom kvalp/grunnkurset for å ta litt bilde til klubbsida vår, jau litt miljø blei det i dag også.

I morgen er det jakttrening og då spørs det om eg tar henne med eller det blir ei av dei "gamle" som for bli med.
Fot trening vår har også leie på hylla ei heil veke!! ( det er ikkje så bra) på ein unghund må det repeterast til det kjedsommeleg, det må ein også på ein gamling, men det sitt då litt betre og det er lettare å få repetert. Repetere må ein, som eit døme kan eg sei at i går gjekk Artemis ca 1 km med fot- trening i myr, søleputtar ujamtterreng !! ja det må ein gidde skal ein starte på jaktprøve..

Gå på fot er såleis eit viktigare moment enn det å kaste dummy!! springe ut etter noko som blir kasta, ja det trenar vi ikkje, skal Rally apportere spring eg ut nesten alt ennå sjølv, Rally må også plukke ein del på veg heim, innkalling, plukk opp og forsett heim fort som f.
 
04.05.12
Rally terpar på "fot" og som vi veit er det ein av grunnsteinane i all hundesport inklusiv kvardags dressur! Har vi ein god fot til vår hund kan vi berre erobre arenan;) grunnsteine er på plass og vi kan finne på mykje moro.
Rally kommer seg på dette momentet og det er eit moment som eg er svert nøyen på og eg vil ha klisterfot, og no er det slik vi for det vi bellønner:) fole enkelt. Rally kan gå på fot med kraftig forstyrrelse, vell å merke har ho fått varma opp litt.. andre hundar tett på eller folk, kjent øving gir "trygg hund", det same er sitten hennar kanon bra, det kjem også av riktig trening og at eg drar strikken slik den ikkje slitnar.

Sitt og fot er dei to momenta som er aller viktigast, (ser eg bort ifrå komme heim) det tar eg som ei selfølgeligheit, alltid fort heim og kortaste veg heim. Alltid våken og ikkje tren inn uvanar, det vil sei, les hund opp og i mente! Sjølvbellønning er ein god måte og trene inn uvanar på og det stekker eg meg langt for å unngå.
Fottrening
Rally og eg trenar fot:)
 
30.04.12
Rally har i helga blidt tura av ein av mine.. medan eg og Arwen har vore på kurs. I dag har eg vore på tur med Rally og ho går i sele og strikk, drar i bandet og eg heng på slep.. trenar musklar eg ;)
Eg har også vore ein tur for å sjå om Rally kan tenke seg å symje, men nei botnar ho ikkje med beina trekker ho seg. Eg stressar ikkje med det og lar ho bruke den tida ho treng, eg har ein dummy i ei langline slik ho for nå den utan at det reiser i frå oss. Jau litt klok er Rally ;) ho tar og dra inn lina og så plukkar ho opp dummyen ;)) ho lære fort.
Det er kaldt i vannet ennå så vi held ikkje på lenge, ho e rimeleg trygg i vatnet og liker det godt berre ho har kontroll med underlaget.
I kveld var eg og Rally på hundetrening, ikkje det heilt store oppmøte, men vi tok vårt treningsprogram, som består av fri ved fot, sitt og dekk + eg jobbar med tre apporten.

Rally er bra flink, ho går bra på fot(laus) andre hundar er der, men ho tenker kun jobb når ho er i det modusen ingen teikn til å stikke eller gjer ting ho ikkje skal. Det blei felles sitt, og dekk trening.
Vi trente eit par oppplukk av treapporten, eg jobbar ikkje med kasting, men Rally sitt og eg legg apporten mellom oss og ho for ordre om å plukke den opp på veg mot meg. Rally er litt laus i munnen og derfor trene vi dette, eg vil ha pene opptak og i tillegg mjuke fine grep, det vil eg ha på alt som kan flyttast og bærast på, ho må også sette seg inn på plass med apporten i munnen.
 
25.04.12
Måndag var eg og Rally i Ørsta og trena i lag med Raisa, så moro! Rally og Raisa trivast godt i lag og dei fungerte både som leike kameratar og makker hundar ;) Vi starta med litt fot trening + litt utsending etter utlagd dummy, så skulle vi prøve oss på markering over ei grøft..
Eg sto på grøftekanten på første kaste for å hjelpe Rally mest mulig, trengskifte er vanskelig, og det fekk eg erfare, men det var ikkje hovudproblemet terrengskifte, Rally markerte, men ho lèt seg distrahere av grøfta, den kunne ho nemleg følgje ned til elva, og det var mykje meir speandes å utforske lukter enn å plukke opp og komme heim;) ja ja, slik var det. Raisa plukka betre enn Rally når ho fant noko, men ho er heilt utrena på den biten så det var terengskifte Raisa sleit mest med. Raisa har eit flott opptak og ho kjem heim med dummy, perfekt utgangangspunkt.

Rally var mest på bærtur denne dagen, men vi tok ei pause der dei fekk strekke ut med å springe i lag og dei fekk bade i lag i elva, kjempekjekt var det. Vi avslutta med å trene litt felles sit og felles dekk, det gjekk flott og tuttene var over i arbeidsmodus igjen.
På kveld mandag var det hundetrening her, Rally var trøtt av dagen og hadde ikkje så mykje å gi, men det blei fellesdekk trening og det er nok det.
Raisa 10 mnd
Raisa 10 ,5 mnd.
 
I dag var det brusdal dag og vi tok turen ditt, det er miljø og ro som blir prioritert med oss, fart og aktivitet tar vi når grunnsteinen er på plass. Eg drar på Rally åleine for at ho skal bli prega utan at nokon voksen hund hjelpe meg ;) det skal leggast jobb på ein kvalp og denne Rally vil eg ha litt som Arwen, futt og fart, men likevel rask og lydig, mål er lov å ha..
I brusdalen i dag dukka bror Eros opp, jau han er også blidt "stor" og fin. Han er på Rally sin storleik, men har fått litt lenger kropp og vi kallar det snerten hannhund.
Eros
Eros 10,5 mnd
 
21.04.12
Symjing nåja vi prøver, men det er ikkje så enkelt og tørre legg seg av heller synast Rally.
Rally og Anne Lene har hatt det litt moro i vasskanten,  litt balleik seier Rally ikkje nei til, men symje etter ball det gjer ho ikkje ennå, det blir nok ;) litt kaldt i vatnet ennå.

I dag hadde eg med Arwen og Rally, eg var så korttenkt at eg ville la ho ruse etter Arwen for å få Rally på svøm, men nei det var ikkje lurt i det heile, berre mykje enklare for Rally, då var det berre å vente til Arwen hadde tatt verste jobben så overtok ho dummyen ved land, uff.

Det positive var at Rally lagar ikkje lyd, ho måtte sitte medan Arwen hentar eit par dummy, Rally hakka tenner på grunn av at det var kaldt, men var heilt lydfri og fast i bakken ;) veldig bra. Derimot når ho var fri så gjor ho det ho ikkje skulle tok dummy frå Arwen.

Var fram med saksa i dag igjen, fekk klippet litt meir sveis på ører og hals, hale, det må til regelmessig skal dei ikkje gro igjen, det verste er å klippe for lang pels utan forma frysyre det liker eg ikkje så sveisen må holdast kort ved ører .. kloklipp blei det også på Rally, ho er enkel å stelle og det er kjekt.

I hagen trenar eg av og til med alle tre i lag, det blir felles sitt og felles dekk. Rally sitt i lag med Arwen og Artemis, eg kallar inn ein og ein og alltid Rally sist vist eg kallar henne inn, men som oftast går eg og hentar henne og vi forflyttar oss på fot til ny utgangsposisjon, det vil då tyde at eg legg mest vekt på ro omkring sitt. Rally sitt spikra medan eg kallar inn Arwen og Artemis, Rally er rett å slett eit unikum på det ho har lært.  Dette er eigenskapar eg vil tru vi vise seg som positive når det gjeld stabilitet i all adferd eg vil lære henne, kort fortalt Rally har meir enn nok av motor og ingen enkel hund å trene, men maken til av og på brytar, herleg.
To gull jenter Anne Lene og Rally
 
19.04.12
Ja ja, eg er kjempeglad fordi eg ikkje har trigga jaktlyst meir enn måteleg til vi har bitte litt lydighet inne.... I DAG har eg merka det Rally har meir enn nok sjølv utan trigging, her er det berre å ise meir, og trene endå meir fot og sitt.

Vi har starta med litt symjetrening, eller vi kallar det vassing, hente dummy i vatten må også gulljenta kunne, Arwen måtte være den hjelpandes munn og den jobben klare ho utmerket. Rally vart vell ivrig av dette, men det må til ho er glad i vatten det veit eg i små elver og søleputtar har ho alltid tatt ei ekstra springe runde har ho hat muligheit til det.
Det blir eit moment som kan bli tøft, men vi må igjennom det og lære hente på vatten utan å skru seg opp og etablere knall og fall ;) vi går varsomt.

I går var eg på innlæringsstadiet på felt, eg skal lære Rally og gå ut i søk etter fleire dummy, men eg skal ikkje trene mykje på dette, kun  til ho villig går ut fleire gangar på signal.
Dette er eit moment som bygg opp sjølvstendig arbeid og hund av "type Rally/ Arwen"  har innebygga søk i genane og kan bli "LITT" for sjølvstendige med for mykje slik trening. Innkalling når nasa er på kan bli vanskeleg vist eg trenar for mykje på dette, derfor lite felttrening.
Likevel det er eit moment som Rally skal kunne og Rally finn det ho skal, dekker godt og går ikkje igjen i gammal vitring:) eg lære derfor i frå meg det eg må og ikkje meir.
16.04.12
Det blei ein tur til Førde, nærmare bestemt Fosseheimen, flott plass for all trening. Rally fekk "bu i bilen erfaring" og sin første overnatting i bil, jau den gjekk fint.. trur ho sov meir enn eg som tenkte på korleis dette skulle gå.

Dette stede er på eit gardsbruk med allslags dyr, hundar, kvalpar, hestar, sauer, høner, haner og fuglar av diverse typer ++, såleis topp miljø og drille Rally på ;) det gjekk så bra og ho tok alt på nesten strak arm, sjølv om det kunne være tøft for eit lite hode.
Det eg ser og både viste og fekk bekrefeta er kor viktig det med ein god og 100% sitt, yes, god betaling for sta treninga mi, det samme riktig posisjon på fot og god fot plassering.
Rally er på veg til å få etablert godt disse to "grunn momenta"  som sitt og fot, eg har ikkje trigga apportering lysta så mykje ennå, men snart.. blir det også.
Perfeksjonering av grunnapporten er vårt arbeidstrinn nå, det vil sei betre opptak, og betre avleveringar. Og så moro å jobbe med villhunden min Rally for vill er ho til tider, og ho var spinnvill og galen i går når vi kom heim, les så "ekstremtglad", i dag derimot har ho tatt kviledagen sin og sover.
Arwen og Rally i front
Rally på sin første store trening, her må det også takast gruppebilde ;) Så klart må eg sette opp Rally framom alle andre! Topp jenta og gulljenta mi!
 
01.04.12
Rally har laget årets påskebilde til Ra-kullet! GOD PÅSKE til mine søsken frå Rally.
Rally tar paaske
Rally apporterar appelsin ;) flink jente
 
Når kvalpane reiste til sine nye heimar var eg frampå og snakket litt om når dummyen som blei med RA-kvalpane heim skulle nyttast.

Er grunndressuren inne  så.. må det vere fritt fram vil eg tru ;) og har ein god innkalling, sitt å bli og går sånn litt på fot, ja då kan nok dei fleste ta i bruk dummyen.
Har dere ikkje treent "litt"  er det best å starte inne eller i ein garasje el. Ikkje kast men gå på fot legg ned dummy, snu gå ca 20 meter tilbake på fot (med eller "helst utan koppel"),  (Sjå bilde litt lenger nede, her går Nina og Raisa ut for å legge ned dummy)
Snu og peik retning dummy, bruk, ja eller ut, og la hund spring rett fram etter apporten, sett deg ned på huk og ta i mot hund og dummy, bytt med godbit når du for dummyen i hand, enkelt og kjekt! Gjenta eit par gangar, så er det slutt på leiken.

Går dette bra inne (og om gangen var berre to -tre meter eller garasje berre sju meter) er det på tide å prøve ute! Alle retriever skal elske dette og Ra-kvalpane er ingen unntak!
Eg veit nokre av Ra-kvalpane er kløpparar på dette allereie !

Fungerar det og hunden kjem rett heim i 100% av tilfella med apporten.. er det også tid for å prøve eit og anna kast ("sitt" til det er lov å hente ! høre her med)

Apportere litt hører med til ein retrievers daglige liv, og satt litt i system for ein svert lydhøre hundar, også til kvardagsbruk, nyttig aktivitet!

Prøve gjerne med alternative ting, som ein appelsin, ein vott, ein tennisball eller ein tre-apport, (slik vi brukar i appellydigheit) osv. I tilfelle nokon har bilde av sin Ra-kvalp og vil dele det her i Rally dagboka så send gjerne til meg på e-post :)

Rally reknar eg med veks ikkje så mykje meir no og ho er ingen kjempe, som vi på forhand vist ville kvalpane bli normale og ligge slik mit i standaren på skulderhøgde. Rally er ca ein halv cm mindre enn Arwen og Arwen er 57,5, Rally er 57 cm opp på skuldra og 24,5 kg, perfekt!!

Når eg skriv normale så er dei det etter standaren, men hundane som blir avla på "prioritert eksteriør" er oftast mykje større og kraftigare og kan ligge over standaren i skulderhøgde og vi kan opplever at vår Ra- kvalp kan virke liten i lag med andre flattar.

Eg har opplevd at "Mor Arwen" har blidt målt på utstilling og då er ho perfekt etter standaren 57,5, (55 - 59) er stadar skulderhøgd på tisper, dei tispene ho konkurrerte i mot blei ikkje målt, eg har til dagsdato ikkje skjønt dette. Standaren på hannhund er (59-62,5) nok om det.

Rally er hjerteknusar, mjuk, god, liker kos, er super god på å apportere "alt", er sterk mentalt, gir ikkje opp har ho bestemt seg for noko, er ikkje komet i spøk alder ennå, er lyd fri :) har ekstrem bra konsentrasjon, er letttrena, kva meir kan ein ønskje seg. DET er berre å utvikle henne til det eg vil, potensiale er der og det står kun på meg kva vi skal få til.
 
 
29.03.12
Det har vore litt tur på Rally, og då er det full rulle, sjølvtrimming (ho går ikkje frå  A til B) men er som vanlig raske Rally i vendingane.  I tillegg tar vi ei og anna pause til å trene "fot" og det momentet kjøre (trene) eg over alt, skog, veg, treningsplass, hagen. osv.
Og litt "fot" alltid i sambande med apportering, om det er berre er ei enkel forflytting på eit til to meter så er Rally over i arbeidsmodus, rask på og rask av alt på RA her:)
Apporteringsdelen prøve eg og ikkje gjer for mykje av, då eg veit at det kjem år med mykje apporteringsmoro...., derfor grunndressur om igjen til det kjedesommelege.

Den dagelige Rally er berre topp, ho er faktisk roleg heime.. som oftast, men.. sine rampesterker har ho nok, eg legg berre ikkje merke til det, er vant med slikt ;) Stell og kloklipp er ein drøm, Rally står på borde heilt still ingen problem verken med pelsklipp, eller kloklipp.
 
26.03.12
Det går framover med fot-treninga vår !! yes,  det er det momentet vi trenar på mest og målet er at vi skal få det til over tid. I kveld har vi vore på hundetrening ein tur, ikkje så mange men nokre var der, Rally trena eg litt for å befsete treninga i miljøet med folk, andre hundar som ikkje er retriever ;), ho kan både sitte og ho kan trene laus, med forstyrrelse :)ein god start på junior tilværeselen..
Tidlegare på dag var vi i Ørsta ein tur og trefte Nina og Raisa, Raisa og Nina har fått litt rettleiing korleis dei skal trene framover(og då tenke vi på jaktmoment). Dei viktige momenta er ro og atter ro, sitt, gå på fot, og hente ein og anna utlagd dummy, "merk utlagd ikkje kasta" ;)
Rally var med og ho var litt ut av bilen for at ho skulle få miljøtrening og utføre eit par enkle moment med forstyrrelse. Eg er så nøgd med det ho utretta og eg føler på at ho har talent og det er berre å tøye strikken sakte..
Nina og Raisa
Raisa
Her er Nina og Raisa, dette er fot trening tiltenk jaktmoment, dette momentet er såå viktig !
 
20.03.12
Rally tuppa har vore ute for å trene fot.... og vi trenar, skal bli bra tilslutt dette momentet.
 
20.03.12
Trur eg har starta på nedteljinga, sist eg drog ut for å trene hadde eg gløymt dummyane, og i dag hadde eg jaggu gløymt fløyta.
Ja ka skal ein gjer når ein står i skogen og hadde planlagt nærsøk og oppdagar at fløya ikkje er med.. må no finne på eit kvart så eg dristar meg til på dette feltsøk greine som eg ikkje har kontroll på korleis eg vi ha det.
Arwen var med, eg kunne derfor sleppe å tenke på at eg måtte leite oppatt dummyane sjølv. Eg hadde to store og fire små dummy, felte blei pella ut på ca 15 meter framom oss og ein vifte på 20 meter i djupne. Rally sitt heilt fast i bakken medan eg legg/kasta ut seks dummy.

Rally startar og plukkar to, Arwen hentar to og Rally hentar dei to siste, ja det meste er medfødt på alle individ berre vi brukar det rett, dette må eg berre tru på.. Blei litt blod på tann av at det gjekk så himla bra, eg gjekk litt lenger opp i skogen og sette begge to i sitt og la eit litt meir komprimert søk, gjekk så tilbake ca 50 meter.
No måtte Rally trene på å gå fot tilbake, Rally gjekk først og kom heim med den dummyen eg hadde planta høgt opp på ein stein, med skogsunderlag, gras, måse kvist. osv.. Eg såg ho jobba intens i terrenget rundt steinen, slo på vitring, gjekk rundt og rundt før ho plutseleg slo oppover og hopp opp på steinen, herleg, farta og gleda på veg heim er berre herleg :) Det same er roen i sitten,  medan ho ser Arwen hente dei to neste, Rally hentar så to til raskt og Arwen hentar den siste. Yes eg tørte meg til :)
 
18.03.12
Rally tuppa bestod testen av Jaktkurs med glans ! Det var litt travelt, eller litt vanskeleg for meg sidan eg ikkje har fått lært henne bra fotgåing ennå, og eg følte meg litt klossete her, men skitt det kjem i anne rekke. ( det momentet "fot"er eg tilhenger av å ha perfekt og jobbar bevist med den biten.)

Rally klarte to dagar på kurs utan å vise noko form for stress adferd, hipp hurra Rally !! ikkje eit pip eller noko form for syting... eg gir Rally topp karakter.
Vi fekk masse med trening i å vente både i sol, regn og litt vindkast ;) likevel vi var kjempeheldige med været.
Nokre nye maningar om dette med korleis vi brukar hender i kjøringa, her må eg sjå på meg sjølv ja, kanskje prøve å endre handbruken til det betre. Elles så var øvingane kjente, men eg må bygge lengde og linjer lenger.
Eg ser at for Rally sin del har det ingen betyding kvar ho trenar, miljøet takla ho til hundrede og ho blei ikkje påverka verken folk eller andre hundar, dette var første trening ho har vore på i lag med fleire hundar.
Raxo bror :) var også på kurs, og med han gjekk det som med Rally flott!, og eg kryssar fingra for at det blir to flotte arbeidshundar etter kvart.
Rally sitt første jaktkurs
Rally på jaktkurs!
 
15.03.12
I dag var det toppvêr og eg hadde med kamera (heldigvis) og eg fekk ta eit par nye bilde av tuppa. Vi var å trena markering med Arwen og Artemis, og ho her ( Rally)fekk ligge tid i bilen, berre litt ut for å prøvehente litt;) og litt foto.
På ettermiddag blei det turing og litt trening av Rally, og treninga bestod av fottrening på myr, litt markering som eg kasta, fottrening er nok det viktigaste øvinga vår og som eg har mana tidlegare, er det eit moment som skal trenast til det kjedsommelige, då blir det bra.
 
9 mnd og 24,5 kg, flott jente Rally.
Rally 9 mnd
 
13.03.12
I går var Rally på hundetrening og vi trena kontakt, og litt fot, her var det nokre småhundar, det blei derfor ikkje så lite vanskeleg for Rally, slike små hundar på to bein i fleksi var noko nytt :) jau det var meget nyttig trening, genrialisere det meste må til..
I dag tok vi steget ut i det kjekke, markeringstrening med kaster.. fart, fart , fart, stil... eg seier ikkje meir.
 
11.03.12
Flott tur med Rally åleine i dag! Åleine tid er viktig skal eg klare og fokusere bra berre på henne, ho skal kunne fungere fint laus åleine i skogen utan støtte frå andre enn meg.
Ho raser rundt i alt som er av gjørmete konsistens og stor trivast med det, ho er brun og gjørma er også brun ! eg er såleis heldig.. ser ikkje korleis ho ser ut ;)

Ei grillpølse og oppskåra hadde vi med også i dag .. den blir brukt til fot- trening, VI skal ha ein bra fot og vi trenar over alt, myr, snø, kupert terreng og ho sitt til å med i søyleputtane ;) ein holt er ein holt og skal det bli pølse så må det nok til ;))

Nærsøk med skjult dummy, jobba vi litt med, og så moro å trene henne, ho sprudlar å flyg fort rundt, så mykje ho skal lære, men eg må ta meg sjølv i nakken og ikkje lære frå meg for mykje ennå, vi skal bruke tid og vi skal bli flinke.
Føremiddag var Rally heime åleine, Rally klare det flott eg tar på treningsklede og tar med Arwen og Artemis, Rally er heilt roleg når vi reise og så herleg og håper det vare lenge, lenge.. eg og Hans Emil i veg å trena markering og dirigering med Arwen (Artemis var med for å sjå på og miljøtrene seg litt;))
 
10.03.12
Rally har hoppet inn i dei vaksne sin verden, JUNIOR ! 9mnd i dag. Trening, kort trening på Rally i dag etter eg hadde turet Arwen og Artemis og meg sjølv;) Rally måtte være heime medan eg var på tur, det er ein del av forminga av henne, takle og være igjen heime når eg reise i veg med tur/treningsklede med dei andre hundane...
Rally fekk fot trening i dag også, og det må til, tillatar ikkje meg sjølv å slurve med det momentet. Vi gjekk på fot la ned to dummy gjekk på fot tillbake og sende på ut signal etter dummy, raske Rally løyser oppgåva til 100 i stil.
Eg kastar også ei enkel markering og ei dobbelmarkering som blei henta, dei doble er veldig overvinkla slik vi skal få god vinkel dermed unngå vi å mislukkast med og hente inn feil først, sidan det er eg som velje for henne.
Ein sitt i skogen blei det også, Rally sitter og eg går å legg ut ein dummy, for så å gå tilbake for å sende ut, jau Rally er rett å slett flink!
 
09.03.12
Regn regn.. ,og det er bra, i dag tar vi det litt med ro, men i går hadde vi ein flott dag med mykje aktivitet.

Lang tur med innlagte pausar for fot- trening i skogen, dette med å kunne gå på fot er grunnpilar i all hundesport, til kvardags er det "gå fint i band det heiter" ;( og her er eg ikkje flink.. 
Desse to adferden er heilt ulike sett frå mi side, eg blandar ikkje disse, i fot- trening handlar det om å gå klistra til venstre fot (slik kan vi ikkje gå på tur!) Gå på tur handlar om å gå med slakt koppel utan å dra i bandet, jau jau, her ligge eg langt etter i treninga, men det blir nok det også før eller seinare. På fot er hund under kommando og skal være der til den for ordre om noko anna.
På tur kan den sulle litt rund, snuse..osv. ikkje under kommando, men fri som fuglen om i koppel.
I skogen var Arwen med og ho er grei å ha med på tur, Arwen er for det meste opptatt av meg ho då, men ho kan både sitt og sitt til du for beskjed om å røyse deg. Derfor kan ho sitte pent og still utan noko form for forstyrrelse medan eg trenar Rally.

Rally kan også sitte still og heilt fast, (utan koppel) medan Arwen for hente både kast og løyse dirigeringar, dette er bra, men eg gjer dette med måte og det er ikkje noko ein sånn utan vidare skal eksprentere med, ein må kjenne sin hund godt og ein må vite korleis ein vil ha sin hund.

Eg hadde også ei økt på plenen heime med fot-trening, pølser og klikk.. det går seg til, dette er eit moment ein aldri skal bli heilt nøgd med, men repetere og repetere til det kjedsomme.
Ja, Arwen og Artemis er bortgløymt dei no ;) Arwen har godtatt at ho ikkje lenger er førsteval, Artemis skjønner det aldri! Vi avslutta treninga på plenen, med felles sitt og fells dekk med alle tre, Artemis sitt både på dekk og sitt sidan ho ennå ikkje har heilt forstått vitsen med dekk ;) med Rally passer eg på at det blir heilt riktigt.
 
06.03.12
Lang tur med litt innlegg av trening;) Rally er tuppe nr 1..
Vi hadde med to dummy på tur, men dei blir ikkje nytta til å få fram stress, lite kast og hent. Eg brukar alltid to dummy når eg trenar med Rally no og det er på grunn av at det er noko som heiter val og byttig osv..det vil eg ikkje ha problem med.

Pølser og klikkar er alltid med + andre typar godbitar, eg brukar dei midlane som eg treng for å få  Rally slik eg vil! Eg trena på fot, på sitt, vi har gått på fot langt ut dummy, gått på fot tilbake og sendt rett ut for å få heim dei planta dummyane.
Vi har også hatt sitt og eg har planta ut dummyane medan Rally sitt og ventar, eg går å legger ut og går tilbake til henne og variasjon av opplegg og terreng er ein av nøkklane.
Eit par kast, eller såkalla markering blei det, og her kjøre eg også to moment, Rally sitt eg går nokre meter og kaster, tilbake og sender på markering og på veg heim blir det kast som forstyrlse, dette for å besfeste det du har i munnen skal først heim før du tenker på den der ;) jau jau.. litt slik er programmet for Flinke Rally! Sterkt variabelt kan ein sei.
 
04.03.12
Kvalpeshow 04.03.12
 
"Rally " 8mnd. gml tispe, nydeleg farge, korrekt bitt, øynefarge står til hunden elles, ok front, god brystdybde, ok kryss, godt vinkla bak, herleg gemytt, pent hode, gode bev foran og bak.
"Raxo "8 mnd gml hannhund. Korrekt saksebitt. Nyd. hode med nyd. mørke øyne, fine ører. Fint lagt skulder, god front. Fine vinkler bak, litt fallende kryss. Fin hale og helhet. Ok bev. bak og gode bev. forann. Herlig gemytt
 
BIR og BIM :) då har vi prøvt kvalpeshow også, Rally og Raxo vart skeina til utstilling, litt trening hadde vi i forkant, Anne Lene har trenet to gangar med Rally! Ho var så flink så, og Rally var grei, blei nok noko sliten av trykket som var i hallen, men ho oppførte seg uredd og trygg. Det var ein god dag for miljøtrening både for Rally og Raxo.
 
Rally og Raxo
Oppstilt til foto etter bedømming ;)
 
03.03.12
Rally er lett badet, det vil sei litt spyling og varmtvatn + litt såpe her og der, tørrblåsing med føne...... jau jau utstilling har eg ikkje så mykje grei på, men svært god pels har vertifall Rally;) Anne Lene som skal handle Rally har treent litt i dag, for skal ei stille ut så må også litt trening til. Vi er såleis litt førebudde på det som skal skje på kvalpeshowet ;)
Og når ho var nybada blei det ikkje tur i skogen på henne i dag av naturleg årsaker, gode moldspa over alt ;) og lukte mold er ikkje tilrådeleg til utstilling og ny vask var eg ikkje hekta på.
Eg har derfor trenet to økter med fot i staden, det har vi gjort på plenen som faktisk nesten er snøfri. Eg skal jobbe minst ei økt kvar dag med fotgåing, det er grunnmomentet i all hundesport og det må på plass ;) det går ei pølse pr økt og eg vil ha det bra, dette er eit moment som skal grundig lærast :)
 
01.03.12
I dag tok vi steget inn i ei ny fase, det blei intro på felt til Rally ;) jau dei som hadde sett Rally hadde vore grøn av misunning :)) hi hi sjølv skryt ja det må til.
Eg, Arwen og Rally hadde tur i skogen,  eg har talt på fingra og tenkt korleis eg skulle og om eg skulle osv. Eg vil ikkje kjøre på med mykje felt trening dette for at eg vil ikkje ha hund som fikser det meste på eigenhand, det kan bli biverknad av for lauslept felttrening.

I dag var dagen for prøving, eg sett Arwen og Rally på sitt( utan koppel så klart..) eg rusla ut med 6 dummy av diverse typar, plastfugel, små og store ingen var heilt like, 4 var diskret nedplanta og to var kasta i lufta, det var de to plastfugeldummyane.

Begge tuttene satt planta fast og venta til eg kom attende, eg sende ut Rally.... jau tre raske funn på rad, ingen problem med å få ho ut, og to av funna var av dei som eg diskret hanne planta, plastfugel vart bringa som nr 2 ( her var det synst påverknad, eller kast) og eg hadde venta ho tok den først, rå fart rett heim etter funn, ingen antyding til søk med dummy i munnen !! flinka :) moment nr to, jau eg hadde planta ut 6 og vi hadde igjen tre, Arwen sin tur, Rally fekk anvist plass bak og sitt (utan koppel)ho sat spikra og heilt rolig og tyst medan Arwen henta inn dei tre siste, det var for meg den største bragda til Rally, yes for eit emne eg har.