Mars - april - mai2013
 16.06.2013
 
29.05.13
Så går det rundt for Rally og meg igjen..

Eg er så heldig at eg har hund som er still i passivitet, ikkje eit pip kjem det frå Rally når ho er tjora i dei situasjonar eg hjelper mine treningsvenner i treninga, td. med kaste markeringar osv.
Sjølv om det forgår på vann sit ho helt roleg og berre betraktar det som skjer, så herleg.

Eg liker godt å hjelpe andre med trening passer det seg slik, då for eg også hjelp tilbake som eg treng for å bygge opp Rally, tuppa mi.

Stor glede har eg av den opplevelsen av å sjå hundar lykkas enten det er min enn andre sin hund, og at dei tips eg har delt med andre har gjort nytte :)


Jobbe med handling og eliminere bort negative tankar..

Masse generalisering treng vi, nøkkelen til å få opp låsen ligg kanskje i min psyke, er eg trygg går Rally bra, er eg litt berørt låser ho seg.
jau jau arbeidsplan har eg og ikkje minst ein meget god hund blir Rally over tid.

Rally fekk også ei og anna oppgåve sist vi trena i Valldalen, Elin filma oss og "jau" som ein fotogen hund ho er må nok den som filma få litt ekstra oppmerksamheit, gull tuppa mi.

Men dei som veit korleis ein vil ha hunden i apportøyeblikke må være nøgd med den adferden Rally viser her.. rask!! sjå film>>>>
 
22.05.13
Bare lei meg i dag :(
 
19.05.13
Først fellesbad i år :) Artemis, Rally og Arwen.. ja bilde er etter at dei er ferdigbadet :)
Arwen med sine to døtre :)
 
Kjempeflott treningsøkt på Rally i går, ei god trening og kan ikkje klage verken på hund, eller vær eller treningsplass Topp!

Vi fekk med oss det meste av moment og eg har ein flink hund!

Problemet med å kjøre Rally singel har eg, kjøre eg henne som makkerhund er det MYKJE enklare for oss..

Rally brukar då tid til å vente ut og ho har aldri knalla på annen hund og er mykje meir konsentrert når det skjer meir og ho slepp å innbille seg at ho skal gjere alt. Rally veit at når ho trenar singel skal ho gå:) eg kan ikkje sjå på det som noko stort problem, men eg må lære henne at ho også må vente ut og konsentrer seg når det berre er ho på arenaen.. Rally er rally:)

I tillegg til å trene i går fekk ho leike seg i vatten i lag med annen hund og ho oppføre seg kjempebra, roleg og beherska og heilt utan stress.
Rally er kjempglad i vatten og symjar som ein fisk.
I alle passivitet var ho still :)
 
Trening i Valldalen :) her sender eg Rally ut på ei lang dirigering og ho går fort og rakt både ut og inn.
 
17.05.13
Pustut, Rally tuppa er i rute (nesten i rute) og er flink.

I morgen skal vi trene litt i Valldalen, såkalla generalisering er det vi styre med, eg må finne den metoden som passer Rally best, dette for å få ut det beste resultatet. Ingen hund er lik, men stå i den samme myra med Rally er nyttelaust ho treng masse utfordringer og vil eg vidare med henne skal kjøre dit nokon vil trene i lag med meg. Rally er nemlig ein veldig bra hund som nok vil vise seg fram med åra.

Korleis eg best skal kjøre henne, hum, ja dette med å sende hund uten at eg bruker handa passer dessverre ikkje oss, eg misser kontrollen og ho går når ho vil :(

Knalling vil eg ikkje ha, då for ho heller miste ein apport… Rally er ein svert rask hund i vendingane og det går ikkje å sove i timen:)

Rally er også ein svert lydig hund :) men men litt for mykje av dit og datt er ho plutseleg ganske heit! Og då er det faktisk bra at eg har såpass lydigheit på henne JA, tusen råd er gode å ha, men ingen hund er heilt lik så av og til kan det by på litt hovudbry for å finne den rette oppskrifta.
 
15.05.13
Konkurransetrening på Eid, Bra trening og treningsvenner i frå fleire krinsa deltok.

Måle med trening var for min del å få Rally til å bli like god på bortebane som ho er på heimebane, og for meg finne ut korleis eg skal bli betre på å kjøre henne..

I går kokte det både med meg og Rally, det å bli «ledsaga igjennom ei prøve» blei vell mykje for oss og dermed ei meget nyttig trening..

Eg fekk fram det som vil dukke opp og det eg må jobbe meir med.. føre betre. YES YES Pernille gjor ein fantastisk jobb for oss, takk!

Dette med å bygge opp eller ned, forberede seg mentalt før ein går inn i området, var også med i treninga.

Rally viste stor iver for å finne dummyen og knallet på 90%  og fant 100 % fort som f heim :) men slik kan eg ikkje kjøre henne på prøve det veit eg no, må i tenkeboksen igjen !
 
Pernille og Rally :)
 
13.05.13
Konkurransenervene og prestasjonsangsten henta meg sterkt inn….

No har eg to mulige måtar å klare dette på.

Nr 1. Trene meir meg sjølv på å handle Rally.
Nr 2. Leggeopp.

Hund har eg så det står ikkje på det, eg har også ein bra hund med (fin farge og eksellent på utstilling), fri lyst på auga HD og AD fri:) Ein stambok det står respekt av, ja vi Gratulere pappa Røkke og Torbjørn med Njch !

Det skal ikkje mangle på noko..

Nr 2 kan eg ikkje gå for..

Nr 1. Eg må derfor bli mykje betre på å kjøre hund, men korleis skal eg klare det.

Mentaltrening, eliminere bort alt det negative sjå på det positive, jobb med detaljer og innsjå at eg må tilpassast trening til individ. Det har eg også gjort til ein vis grad, tilpassar treninga til Rally. 

Nøklar, men ingen som passer perfekt heilt ennå til Rally, snur vi på flisa er det eg som ikkje brukar nøkkelen rett ?
Det positive, er at mykje fungera kjempebra på heimebane!

Eg har jobba med tende Rally ein del meir på Dummy, ho har fått knalle ein del blidt litt ulydig.

Ops dette er ting eg klare å hente inn igjen fordi eg har bra grunnlydigheit.

Eg har mulig feilbergna litt dette med redselen for å få ein heit og ustyrbar hund, men eg har ei forneming av kor det hadde vorte hadde eg ikkje holdet litt igjen, mulig eg tar feil, men eg jobbar jo med nøkkelen ennå.

Meir positive ting, Rally har ein ekstrem bra vannpasje og symje som ein fisk, ho er lydfri ved vatten ennå… :)
I dag har vi trena vanndirigering og ho tar signala mine så fort, så mykje bra i dinna lille kroppen ja.

Eit anna moment eg liker bra med Rally er, ho er som mor si ved markering på veg heim, Rally stopper opp i full fokus og for med det som ho skulle for så spurte raskt heim:)

Ein vakker dag er løysinga der for oss og brikkane raser på plass..
 
07.05.13
Arwen er 9 år i dag!!
 
Arwen er 9 år i dag og er ennå frisk, rask og full av apportlyst!!
 
 
06.05.13
Det har vore ei helg med utstilling og fullrulle på oss..

På Retrieverklubbens utstilling i Valldal stilte Raxo, Raisa og Rally i unghund klassen, TAKK for at dere stilte hundane i UK, det er godt å få vist fram ein del av eit kull slik vi veit litt på papiret korleis det står til med eksteriøret også;)

Eg har Vore kjempeheldige med kvalpekjøparane, her er dei som stiller/trener til både utstilling, spor, lp og jaktprøver!!! Så kjekt.

Heile kullet har bra anatomi og ser ut som fine velbygde flatter, litt mindre enn dei såkalla utstillingslinjene, men det vil også sei at vi ligg godt innan for standaren i størrelse, Raxo er 60 cm Rally er 57 cm, Raisa er som ca Rally.

Standaren er for hannhundar 59-61,5 for tisper 55-59 ;) eg hadde ønsket at dommarane brukte litt meir målestaven sin!

Det blei Verry good på Raxo og Raisa og excellent på Rally, det er eg godt nøgde med, krittikkane var god
e.
No blir det ingen utstilling før vi kan starte i bruksklassen..

Rally blei også øyenlyst utan merknadar i går, herleg. Gonioskopi skal eg ta i august då blir det øyenlysning hos Ålesund dyreklinikk.
Har mange bilder frå utstillinga som kjem litt etter litt..................
 
Anne Lene og Rally i utstillingsringen!
Raxo, Raisa, og Rally
Anita og Raxo
 
Raxo
Nina & Raisa, Anne Lene & Rally
Nina og Raisa
Anne Lene og Rally
 
02.05.13
Då er det vist lenge siden eg har skrive noko her i Rally dagboka vår..

Vi er litt aktive, men opplever ein del stagnasjon så det er ikkje så mykje å skrive om, Rally treng tid på å bli god, men det blir ho.

Eg har prioritert ro og jaktlydigheit og det har eg også fått merke.

No har eg alliert meg med fast kaster og vi har starta bygge meir opp under jaktlysta for å få henne meir uthalden i markeringsarbeidet søke sterkare og kraftigare utan at ho dette ut på grunn av tilfeldige lukter og andre påverknadar frå miljøet.

Hjortelort, kattamøkk osv.. kan være konkurrenter og det finn ho over alt. Det å gjære henne litt gal etter dummy er fort gjort og eg vil vell kanskje tenker over om eg bør gjere det eller..

Når galskapen etter apporter er på plass bør lydigheta sitte, kan berre nemne at eg veit godt kva det vil sei og ha ein apportgal hund!
Stopp, kom heim, ikkje den apporte osv.. kan være kjekt å kunne styre sinn hund ja:)

Vi har vore på Moltufjellet og trena i lag med kjekke treningsvenner og Jonny frå Danmark som trenings inspirator..

For Rally og min sin del så er det generaliseringa som var det aller vitigaste momentet for oss. Rally treng trening i at andre enn kjenningar kaster, då ho av ein eller annen grunn er glad i folk:) og kan finne på å ta ei helse runde på speandes folk, dette er også noko som eg håper forsvinn etter kvart som ho modnast.

Har også vore eit par dagar heime på Sandsøya og prøvde oss  både på apportar på land og sjø, sjøarbeidet var råbra, ho er ein veldig god symjar og var fullstendig uredd havet, levert også i hand utan å riste seg, endå det var svert kaldt i lufta.

Eg kan derfor med sikkerheit sei at eg har ein apportør eg kan bruke til måsejakt i tøffsjø.
Rally kjem i land med apporten, først gang for henne i sjøvann !! og flink var ho.
 
Dei to bilda under er frå treningshelga på moltufjellet..
Raxo og Rally poserar, dei fekk springe laus på tur i lag og hadde det veldig bra.
Rally på treningshelg på moltufjellet:)
 
23.04.13
Sykkeltur på Rally i dag igjen, vi må tyne ned litt vekta ho er for feit til utstillinga er eg redd for! 
Forma og farta er bra, det blei også ei ny økt med handling på meg, her er det berre å stå på, Rally er toppen på kransekaka:) kjempebra hund berre eg lære å kjøre henne.

Arwen var rask, men Rally er raskare i vendingane, eller skal vi sei litt meir ustabil..
 

Eg veit ikkje alltid kva ho finn på, derfor må eg være flink til å lære henne betre å kjenne og det vil sei kjøre henne betre.
 Pernille hjelpe meg i dag og ho dømde meg eller det vil sei at ho førde ann kva moment eg skulle ta, såkalla konkurranse trening. 

Ein blir litt på tuppa, når nokon velje moment for ein og det er utruleg flott måte å generalisere handling på.

Rally gjor ikkje på seg ho levert knall bra, mico på feltet, to dirigeringar, alt ute før ho blei plukka fram. 2 felt -1 dir-2 felt-1 dir, 2- felt til slutt, svert effektiv og eg er knall nøgd med oss..
hi hi eg skriv oss!!
 
21.04.13
Det blei ei super eigentrening på meg og Rally i dag!

Eg har endelege fått på sommardekka på den lettaste sykkelen og vi kunne ta oss ein tur i skogen med sykkel utan pigg, herleg! Jau eg fylte opp lommene med små dummys og måtte trene meg på handling i dag også, fading må til.

Har også starta å lære Rally markering på gamlemåten, ho skal bli varm i trøya, ho skal markere bra og dette er mi oppgåve å få fram.
Eg lar Rally sitte så går eg og kaster sjølv dummy til henne, eg les Rally og eg ser flott kor ho fokuserer på dummyen til den landar og då bør ho også klare å hente den inn fort, eg vil ha ho litt varm.

Kjørte også 6 små dummy på felt, jau ho plukka inn alle, men er litt uryddige og søket litt her å litt der, men ho kjem seg nok med erfaring, poenget er at ho går villig ut i nytt søk utan at eg må trykke henne ut..

Det handlar litt om å blir varm nok her også, men det er viktig for meg å passe grensa.

I går og i dag har Anne Lene trena utstilling med tuppa og dei blir flinke, Anne Lene er litt frustrert for at ho har fått så mange forskjellege råd om korleis ho skal gjere ditt og datt:) I går filma ho seg og det ser kjempebra ut synast eg, Anne Lene har fått Rally ganske samarbeidsvilling i utstillingslina
 
20.04.13
Blei vinter igjen ja:) men den blir forhåpentlig ikkje langvarig!

Eg har nemlig starta å glede meg til neste helg då er det Moltufjellet som gjeld! Og det er ein av dei beste treningsmarkane/plass eg har trenapå her på Sunnmøre, der skal vi treffast igjen for trening. 

Stor takk til, Anita Johansen som har fiksa instruktør/treningsleder, dyktige kar frå Danmark og dei gjestfri trenings kompisane ute på søre Kari og Jan Pål som skaffar hytte og terreng. 

Har justert litt på planleggaren til Rally for 2013 og dette er ting vi deltar på>>
 
18.04.13
I dag har vi gått oss ned igjen, strekk å sele på Rally, stavar på meg.. Musklar har vi nytte av begge to og det er berre å bygge på, fette bort og musklar fram :)

Eg prøvde også ei av rettut løypen frå snøtrakka :) yes 150 meter på barmark er noko anna enn tråkk i snø :) det går fort unna og tempoet kan nytast, Rally går i eit med terenget og det går fort unna.. Tur og 4 apportar, eller var det 5, Rally gav gjerne og leverte prikkfritt.

No er det generalisering som står på planen og det må vi ha skal Rally klare å hevde seg og det skal vi fikse:)
Skal kjøre nokre runder dit eg finn nokon som vil trene. For Rally sin del betyr andre miljø og plasser mykje, ein skal trene mykje eigentrening skal ein lukkast, men det held ikkje berre med det, ein må få fram andre miljø og trøkk.
 

Rally var steikegal når vi kom heim igjen frå treningshelga i Førde og har ikkje landa skikkeleg ennå og i går kveld var Rally på utstillingstrening i lag med Anne Lene og dei er flinke!  Rally var litt vill i det vi annkom (uvant for oss, for Rally er som oftast svert roleg i slike settingar)..

Eg er så glad for prioriteringa eg har gjort i henne utdanning, det er så mykje galskap i den hunden slepper eg det ut av posen:), planen er at eg slepp litt og litt og til slutt håper på eit svert bra resultat.

Har også oppdaga at no er vi ikkje heilt der vi var i fotgåinga i fjorvår og her må eg stramme meg opp mykje,  i fotplasering skal det ikkje være slurv er det slurv her, kan eg få frustrasjon og det er som vi kjenner negativt. Dette er alt førastyrt og det vil sei meg, er ein flink til å trene så etablera ein ikkje feil… Føre bra er nøkkel til alt!

Tidleg på dag i går var eg også i skogen å trene litt på føring, det er her eg kan hente ein del før eg slepp alt ut av sekken.
 
 
15.04.13
Eg og Rally har det bra:) Tusen takk til alle for ei super helg !! blir så gjerne med neste år!

I helga var vi i lag med treningsvenner frå rundt omkring her og der..
Eg var på ei kjekk gruppe som passet oss godt og vi hadde gode hjelparar.

Målet mit med Rally er å få generalisert ting ho kan .. og forsett trening på ting ho ikkje kan:)

Eg kjenner både pluss og minusa hennar, men fokuserer ikkje ennå for mykje på minus, då kan det forplante seg tilbake til Rally.

Vi har ein god dialog og Rally er både lydig, flink og lett- tent.
Likevel har eg noko som eg skal trigge meir og jobbe hardt med framover og det er markering, dummygrep..

Rally har masse motor og eg angrar ikkje eit sekund på at eg har heldt igjen litt på den biten, alle som har varm hund veit kva eg tenker.

Kullbror Raxo, han var kjempeflink og slo Rally ned i støvlane på WT treninga som vi hadde, tre poster, jau ingen null og superbra trening.

Vi prøvde oss i BK, Jon frå Bergen var dommar.
Tre enkelmarkeringar, skulle inn:) moro å få litt pirrande nervar.

Ann-Olaug- Rally         20          16          16          52

Anita H -  Raxo            19          19          18          56
 
Eselet, på ein gard som Fosseheimen er det dyr både i bur og frittgåandes, kjempebra miljøtrening for alle!
Her er Raxo i fart rett fram for å hente ei markering.
Dette er treningsgruppa Rally var på i Førde, frå venstre, hjelpar Maria, Benny og BO, Anita og Raxo, eg og Rally, ja Rally har fokus på eselet som gjekk og rusla rundt oss..
 
Kullbror Raxo er også på utstillingstrening:) her oppstilt, Anita er kjempeflink med Raxo og her står fine Raxo pent!
Utstillingtrening i Brusdalen, Anne Lene trener med Rally, så kjekt for meg at ho vil dette, er så glad i dei begge:)
 
09.04.13
Rally tuppa er på farta, søndag var det utstillingskurs og Rally, Anne Lene og eg var der ein snartur, vi har betalt for kurset og då vil vi også ha valuta for pengane, vi e no sunnmøringer. :)
Det var Barbro som var kursinstruktør på søndag og det var kjekt, ho e no ei dreva hundedame og også på rasen retriever. Anne Lene er flink og ho blir ein bra handler, Rally er i dei beste hender i ringen.
Før vi drog på kurs så klippet vi klør, når det er innetrening på glatte golv så er det viktig med velpleide klør, dei skal ikkje være for lange. Rally er svert enkel å stelle, inklusiv klo klipp.. heldigvis.

I går var det hundetrening på samme plassen, Rally liker å trene LP-moment, eg  liker litt, så det skal derfor bli bra til hausten.

I dag var det tur på Arwen og Rally, eg og Pernille, vi hadde ein flott tur til heiane, traska litt i snø, trakka rås og kjørte rett ut… ein gang :)

Vi hadde med video kamera og filma litt, dette gjer eg for å gjerer meg sjølv oppmerksam på mine mindre bra sider. Føring er eit moment som eg kan hente mykje på og av og til gjer eg ting som ikkje er heilt bra og kanskje lit lite gjennomtenkt.

Eit anne ops.. ser eg i dag, i det eg veit at vi blir filma blir det mykje slurv, Rally oppføre seg på ein anna måte og det kjem av min føring, eg blir litt opptatt av Pernille, filming og mindre konsentrert om føringa, det betyr at Rally agerar litt forskjelleg i slike situasjonar enn når det er berre vi to..

Det vil då sei at det blir slik i andre situasjonar også, som ei prøve td, eller i lag med andre på fellestrening usja… her må eg skjerpe meg.

Arwen er ei dame som har blidt litt sær med alderen eller, det vil sei når ho var ung så var det ingen tennisball i treninga, det var kun vilt og dummy, derfor trur ho at det skal være det når vi trenar, ein ball er til å leike med ikkje til å jobbe med..
Vi gamle er sære, her er eit lite filmklipp så må sjåast, her ser vi den hyper spontane apportør Arwen markere perfekt for å stå å henge litt på tennisballe, vende heim utan tennisball, jau jau, tuppa fekk hente den etter på.

Dette er Arwen tennisball i treninga er ho ikkje heilt med på.
Ps. Arwen er pensjonist og blir ikkje trena ho er statist/hjelpar i treninga for Rally!! Rally må kunne vente på tur, ho må kunne sjå andre jobbe osv.. det er jobben til Arwen ;) Sjå på bloggen min>>>
 
06.04.13
Været i dag, ja slik startar dei fleste dagar og eg hadde tenkt å ta ein inne dag i dag, men eg klarte å få på meg klede for vinterbruk og tok ei runde med Rally.
Rally er det beste som har hendt meg ho er snuppa nr 1, litt farleg å bli så glad i hundane sine, nei, det er berre gamaldags over tru.

Vi trenar og tråkker linjer i snøen til vi ser nesten rødt… det er berre det at no kan ho å springe rett fram etter ei trakka rås.. og sidan ein heiter Rally og har intelligens til ein gjennomsnittleg flat er det andre moment vi må få inn i treningsopplegget.

Springe rett fram utan at det er ei rås der kanskje?, jau kor langt og rett skal ein flat av type Rally springe då 100, 150, 200, 250 eller lenger.. har ein jaktlyst etter det som ligg i enden så kan det fort blir 300 meter:)
Men no er det ikkje konkurranse i å springe lengs og rettast, men springe så lang mor ber deg springe også om det er rett igjennom ein skog, hindringar, ute av syne.

Rally ja eg har nemnt det før, ho har spesielt tilpassa opplæring, ho skal løyse tiltenkt oppgåve og komme fole fort heim. Rally gir eg aldri reprise oppgåver ho for alltid nytt moment aldri to like oppgåver pr trening.

I dag i snøstorm, var vi innom 200 meter tråkka rås, rett ut, vi var innom markering med ballkaster, vi var innom rett ut over hindring og vi hadde bak-ut med kun kommando utan av vi ser kvarandre.
Rally har ein fantastisk sterk og god sit og det å få henne til å gå rett bak i frå denne sitten når ho ikkje ser meg, tutta mi klare det meste også det.
 
03.04.13
I dag tok vi ein liten tur ikkje tur for å gå, men for å finne nokre bare bøter til trening..
Kun Rally blei med, dette for å kjøre felt åleine og nokre få markeringar. Rally er flink til å markere tennisballer fra tennisball kaster, men vi har for liten erfaring i å markere når vi har med kaster..
Dette blir det nok ei ordning på no når Pernille blir heime ei stund i tillegg har eg min gode og trufaste Hans Emil, så berre det blir bart så ornar det seg..

Vi filma litt Rally på motivasjonstrening, her må det ikkje sjåast på detaljer, kjøre eg motivasjon så drep eg ikkje med detaljstyring.
 Her er det spontane grep, raskt heim med apporten uten å søke vidare, i tillegg gå raskt ut igjen ;) merk eg kjøre heilt utan å bruke fløyta, eg vil derfor sei meg nøgd med motivasjons økta.
Sjå filmen lang og kjedeleg kun for spesielt hekta... Sjå på bloggen min>>>
 
 
01.04.13
I går var det utstillingstrening igjen, Anne Lene og Rally blir eit fint team i utstillingsringen, Rally er så enkel og lett handterlig at det er ei fryd for øyet.  Så langt er eg veldig nøgd med denne kombinasjonen og då tenker eg på heilheit.
Håper verkeleg det finst ein bra nok hannhund til henne, eg kjem ikkje til å vente til ho er full merittert og gå i fella med tidsnød. ;)

Kaldt ennå, mykje snø... fysj no vil eg ha mildvær slik eg kan få trene Rally litt hardt og komme i gang med sesongens delemål, føler det ho er moden for litt trøkk nå.
 
30.03.13
Flott tur i kjempe flott ver var det i dag, snø og ingen skikkelig trening ennå tenker vi jakt det er her for mykje snø til, men det blir nok forhold til det etterkvart.

Då er påmeldingane til prøver under behandling, jaktprøve blir det på Rally i år og vi tar sikte på Fosen, det gleder eg meg til:)

Elles så er vi påmelde på utstilling i mai og tar sikte på å få med LP prøver i september. Filming, Anne Lene tok film av oss i frå verandaen her ein dag, Rally tuppa er flink! Sjå på bloggen min>>>
Lure på om eg har vorte hekta på filter….
29.03.13
Sol å ta det litt med ro dag, det må også til.
Anne Lene filma litt Rally i det ho leika litt med meg på plenen, Rally er så herlig og konsentrert i arbeidet at det er herlig. No når eg lære henne betre å kjenne blir eg meir og meir nøgde med henne måte å være på. Min lille fantastiske eksemplar av ein flat :) sjå film… Sjå på bloggen min>>>
 
26.03.13
Eg og Rally fekk låne noko heimestrikka påskepynt med Pernille, ja ho er ein kløppar til det meste også  å strikke ho Pernille :) Påskebilde med kvikklynsj, solo, og appelsin har vi frå før å no måtte vi ha noko nytt til staffasje på påskebilda, jau det blei no ein del fine bilde av Rally tuppa mi :)
 
Fotogen ja det går det også  å ha tilegna seg, men med somme er det berre der.. Rally er så perfekt som modell ho gjer alt for kamera så lik sin mamma der!
 
25.03.13
Dagane går og ennå er det kaldt, stygg kaldt og glatt hadde håper på litt mildare dagar slik snøen smelta, men… Uansett er det fint og stabilt vær til tur og vi har vore mykje på tur i fine været og har nåte sola.
Rally har vore med på flest turar åleine, men Arwen har også vore med ein del i lag med oss, Artemis har det vore mindre med i det Hans Emil går tur med henne så ho er ein heldiggris:) Forma til hundane er det ikkje så mykje å klage på topp kondisjon..  Trening, nåja litt LP-moment trenar eg med Rally og eg føler det eg har vekket henne skikkeleg, farta er på veg inn i LP momenta hennar jippi, Rally blir bra! Knalle for ho på apporteringa, dette er for å tende henne spesielt på metall apporten. Metall apporten er vi langt frå i boks med, men ingen ting kjem av seg sjølv.
Neseprøve trening, jau søksmomentet trenar vi ganske jamt, men vi er ikkje moden for fleire pinnar ennå, det må i tilfelle bli syltetøyglas metoden !
Her har vi leika oss litt med bilde, men det er kongen på hauen Rally som poserar for kamera :) litt sort kvit kan være greit av og til..
 
24.03.13
Anne Lene og Rally på utstillingskurs.. her er det oppstillings trening.
 
Anne Lene og Rally på utstillingskurs.. her er det full konsentrasjon om kva Tove seir til den ekvipasjen som er til bedømming. Rally er meget avslappa uasett kva som skjer :)
 
 
19.03.13
I går var vi på hundetrening igjen, jau det er moro og trene LP- når ein har inntrening!
Eg og Rally hadde salen for oss sjølv ei tid før det kom fleire, og eg kjørte rutetrening som eg gjor førige måndag. Har prøvd ein del med musematta, og det gjekk bra til ho plutseleg har fått det for seg at ho ikkje berre skal trampe på, men plukke den opp også. Eg gjekk derfor over til matboks i ruta, variasjon er jo berre bra.  Rally tar ting fort og måle er at ruta skal være eit punkt mit i ruta og ho skal ruse ut dit og eg skal kaste belønning til henne etter kvart.
Eg har liksom planen at Rally skal snu seg mot meg og forvente belønning eller kommando :) begge deler skal gi belønning, det er kun ein ting som kan hemme oss og det er mangel på motivasjon på meg. Rally er liksom på stadiet at eg trenar litt av alle 4 klassane i LP og ho treng det, ho er ei tutte som liker å trene. Den største hindringa er min motivasjon for jakttrening er så stor at den overskygger lysta til å trene LP. Rally skal klare det meste og eg skal jaggu henge med ei tid til:) Film tatt i hagen av rutetreninga vår.. Ja og reglane for kl 2 momenta, ut til ruta ligg der også i bloggen. Sjå på bloggen min>>>
 
18.03.13
Bilde under, her står vi og er klare for å sende på den første tennisballen. Momentet her er nok søksignalet for felt og at Rally skal gå ut igjen utan å tappe motivasjon, begge momenta lukkast vi bra med i dag og eg gir leik som belønning etter kvart funn :) korfor det då, ja jau eg vil ha ein topp hund og av og til må ein nytte den hjelparen som passer for den hunden ein har.
Og ja dette lille kamraet som eg dra på for å lage dokumentarbilde har også video funksjon. hi hi.. ny film på bloggen  Sjå på bloggen min>>>
 
Bilde under, her sit Rally spikra og venter på at eg kjem igjen etter ein tur i skogen. Ein god sit er ikkje å forkaste, her skryte eg av riktig trening i tilleg så har eg også ein svert bra hund.
Eg har tatt ei runde og plasert ut nokre tennisballer under nokre tre, under trea er det snøfriebøter og vi prøvar oss på feltsøk.
Snøen ligg godt :)
 
13.03.13
Video kan være kjekt det også og no har eg lagt ein og annen video på fjesboka, men det trivast eg ikkje med, bloggen må være ein betre plass, jau no prøve eg meg på det.
Eg la ut ein liten video snutt som eg tok for eit par dagar sidan, det var fole kaldt ute og eg var super snar. Sette kameraet på stativ og starta, kan berre skryte av meg sjølv (det er å anbefale skryt av deg sjølv).
Her har eg trent mine hundar sjølv, her har eg filma resultatet og no forsyne med klare eg og legge det ut også ! Sjå på bloggen min>>>
 
 
11.03.13
Her er vi på kappspringing, Artemis spring fort ho når forma er på topp, og det blir ho av den her lille tuppa Rally som ho til ein kvar tid vil holde tritt med.
Artemis tåler dessverre ikkje så mykje kulde lenger og eg må ta mine forholdsreglar, ho skal ikkje bli for kald og djup snø er også eit lite dilemma for henne. Alle som har lest her med meg nokre år veit at Artemis har fått mykje og variert trim for holde seg i topp form, bladt anna med symjing..
Kappspringing på Artemis og Rally.
 
10.03.13
I dag var vi tidlig på, og grunnen var eg hadde så stort ønske om å sykle litt i skogen, kaldt med kjekt. Bilde under, ja her er vi klar for dagens firkant:), hum det blei ikkje firkant i dag, men V x 2, det vil sei to V ein på kvar plass, tuppa er rå bra!
I ettermiddag var det tur med alle tre og då i sol, må starte å samle på brunfargen eg også ;) 
Sykketuppa mi, du stor hendelse vatnet fraus og det var ikkje råd å få seg ein skvet ut av drikkeflaska..
08.03.13
Flott, men kaldt vær.

Har også vore utan internett siden mandag og du beire for eit styr, men no er det fart i linja igjen, nytt modem til ingen nytte, feilen lå hos leverandøren, det er ikkje til å tru.

Eg tok turen etter kl 12 og det var ca -1 grad og kaldt, men sol og flott tur. No har eg med eit lite gamalt lommekamera berre for å dokumentere litt kvar vi fartar til bruk i ra-dagbok. På bilde ser vi Arwen og Rally sitte vent i frå kamera, mine hundar kan sit og det er akkurat sit der du har fått ordre om å sitte:) flinke og lydige er disse to. Ser vi i retning fram så er der ein vegg av gran/fureskog bak ei brei grøft.

Ein markering på kvar frå denne avstand, eg går mot kanten og kaster så høgt og lang som eg greier (bruke ei lita plast and og ho er veldig god å kaste) så høgt og langt blir det.
Arwen går først, Rally trenar passivitet, eller lære at ho skal være klar uansett nr i rekka, men gå når det er henna tur, ingen problem, ingen syting på henne, men våken og klar. I tillegg blei det linjer som vi brukar og då var det kun Rally som kjørte, såleis ingen passivitets trening på linjene i dag, 6 apportar på Rally i dag, sukksess :)
Mine lykkkeleg lydige hundar sitter på vent:)
 
06.03.13
Det går mot vår og lenger dager og meir trening skal det bli! Eg skal trene ein del LP-moment med Rally:) det blir spennande og sjå om eg for det til, eller ho skal forsette med denne slow mosjon adferden på fri ved fot..
Første prioritet eg jaktprøve start og ein god premie, men som den glade hundetrenar eg er så må eg no få til noko meir med Rally.
Håper snøen reiser slik eg for trent litt markering med henne, det er eit moment som vi manglar mykje erfaring i frå, då det er nedprioritert..
I dag blei det tur på alle tre og eg la inn litt trening på Rally som vanleg, 5 apportar av tennisball og det er akkurat passe for henne, suksessmodellen er oppskrifta. Momenta var rake linjer i dag også med forsering av hinder, i tillegg hundre meters linje med huskeapporter, sukksess. Og sidan eg hadde med dei to andre kjørte eg Rally som nr to på grunn av passivitets moment, her må eg berre skryte ho er rå flink!! ( Arwen er kun med som selskapsdame
)
 
 
03.03.13
Arwen og Rally oppe på heiane i dag.
Alle linjen våre var borte... då er det berre å gå oppat på nytt!
 
Fin tur i dag og været var bra, det blei Rally og Arwen som var med på tur, Artemis måtte bli heime, men ho fekk tur med Hans Emil i staden. Det er komt ein del nysnø opp på den gamle, derfor var alle linjene våre igjen snødd vi må derfor gå opp at nye linjer.

Korfor linjer då, enkel forklart Rally skal springe rakt og rett fram, snø kan være ein god hjelper her.
I løpet av den to timers lange turen, fekk ho jo litt av kvart av moment med tennisballene som eg alltid har med. Totalt 7 apporteringer blei det og ingen var lik. To apporter kan ein sei var litt lik, men avstanden var ikkje den samme, men momentet var også rak linje med hopp over eit rotvelt tre. (sjå bilde.) Hindringa i rett ut løpa skal forserast, eg er derfor ops på dette og legg opp enkelt, suksessmodellen er eg 100 % tilhenger av.

Jau jau, dette var dagens ord.
 
Dagen øvelse
 
01.03.13
Ny månad på dagboka og nytt blad! Reknar med at det blir ein del bilde og kanskje litt tekst inni mellom og då må nok ny side til. Mål har vi, jobbe skal vi for å oppnå det vi har sett oss for året og det er ikkje småting hi hi.. så korta må ligge tett:) sjå positivt og tenke positivt skal eg framover.
 
Fotogen og er fole glad i å posere for kamra!