04.11.2013
September -oktober
31.10.2013
Torsdag var det ørstatur til fysi med meg..
Og heldige meg så var Nina fri frå jobb og eg tok med Rally slik ho or Raisa skulle få kose seg litt i lag. Kosa seg i lag det gjor dei også, fekk brent litt kaloriar i tillegg fekk vi ta litt bilde, drikke litt kaffi og ete svele, tusen takk Nina, du er topp!!
Rally poserer villig på bilde det er såkalla innlært adferd.
Bilde ja, det tar tid, eg har trappa ned på bearbeidingstid på bilde, eller bruker no ein del uredigerte jpg bilder, men ser vi her så er det øverste bilde ein kopi av eit redigert, eller såkalla framkalle fra Raw fil, kun til info til dei som ser forskjell på fargane.
Og her er det timeout.. Rally er utkjørt etter Rally raser adferd i lag med Raisa, og legg seg på landing.
Raisa poserer,  Raisa har ei flott rygglinje og ein god front.
 
28.10.2013
Ørskogfjellet i går :) flott dag på jaktcup!!
I går var det avslutning på jaktcupen, fint opplegg som eg var nøgd med.

Det var som ein WT bestående av 4 poster. Post 1 var fotgåing til post 2. post 2 var enkel markering, kopling av hund bevegelse til post 3, ny enkelmarkering, post 4 dirigering.

Momenta var også super for meg og Rally, tre hundar på linje, eller vi stod så tett at eg var ekstremet imponert over oss alle.. Post 2, Rally start nr 3, det vil sei ho skulle sitte ukopla, meget tett på dei to andre, det vil då sei at to markringar to knallforsøk, litt styr rundt dei andre, før det var henna tur.

Markeringa gjekk bak kaster og fullstendig usynleg for hund og meg.

Rally sat spikra og fullstendig ubrørt av makkerhundane sin adferd, Rally henta inn sin markering når ho skulle, perfekt grep og avlevering. Poeng ukjent, men eg er nøgd uansett.

Post  3, svert lang avstand på markering, men no god oversikt over området så vi fekk litt hundelesing på kjøpet, gullkunnskap :) Rally gjekk også nr tre her, og ho forholdet seg perfekt roleg i dette momentet.

På denne posten, kom hund nr 1 inn tom, hund nr 2 perfekt, og Rally var perfekt for meg, sidan eg las korleis ho agerte der ute, ho gjekk til høgre for kastet og litt bak kastaren, men jobba seg rundt til framsida av kastaren, tok så vitring gjor raskt funn med eit spontant opptak, fart heim er optimalt det er også
grep og avlevering. Poeng ukjent, men eg er nøgd.

Post 4, dirigering blei null :)  Her skjønte Rally ikkje bæra, det blei litt spiringing hit og dit, eg braut  kom ikkje skikkeleg i gang.

Vi blei nr 2 av 5 og det
er eg så klart stolt av, Gratulere til Are og Nala som slo meg:) det skuldast nok nullen på dirigeringa, så berre vent vi ligg rett bak :)

Oppsummert vi er på rett veg.
 
26.10.2013 
Vakkert fire flatt sit som spikra :) frå venstre Ask, Rally, Lone, og Rembrandt.
Min lidenskap er å trene på flest mulige plasser slik min hund kan bli god overalt om eg lykkas står igjen og sjå.
Om eg klare å stable flest mulige treningsvenner med meg er også viktig, eg gir litt og tar igjen på generaliseringa av Rally.

På denne treninga var eg nøgd med Rally om det har med at treninga var forutsigbar og eg var mentalt overlegen på grunn av indre kontroll, ja sjå det, Rally gjorde jobben bra. Kva vi gjor på treninga er ikkje så nøye, men  vi var nøgde alle som deltok,  det viktigeste for meg var miljø, generalisere påbegynt jobb med sjølvstendigarbeid på Rally, altså ikkje trening, eller ny innlæring av moment.
Bilde over er frå ei trening på laurdag, god opplevelse for meg og Rally, bilde er tatt av Grete. Takk, takk for at dere kom og vi sammen hadde ein flott dag!
 
21.10.2013
Raxo på veg heim med funn!
I går hadde vi ei kjekk lita fellestrening, Raxo, Raisa, og Rally fra Ra-kullet+ vi hadde med nokre treningsvenner som kunne trene i lag med oss denne helga.
6 ekvipasjer, passe gjeng og alle fungerte så bra!

Raxo har ikkje det største tempoet ut, men når han er på markeringsstedet var han desidert best, dette var referert til meg i billen på veg heim.

Hans Emil var nemlig med å kasta dummy og han jobber jo som personlig trenar og kan nok les adferd både på folk og hund, det er mykje den samme teknikken for å lese. I tillegg har han godt ein hard skule i opplæring av å «MÅTTE» les adferd i det eg vil ha referat korleis mine hundar opptrer i diverse søksoppgåver.

Vi lære i frå oss eit og anna tips også på trening, i går var det viktige momentet med å markere på veg heim for så vende rett heim med den apporten som er i munnen. Og eg hadde med min spesialtrena hjelpar som les når kaste skal gå :) tusen takk Hans Emil.

Eller på ein litt meir spekulativ måte frå mi side eg ville sjå om utrena hundar som Raxo og Raisa gjor som sin mamma
(Arwen er kjempeflink på dette) no tenker eg arv og anlegg med født ballast. Eit stort smil, begge markert og kom også heim utan ekstra kommando, Ulært!

Det var momentet stoppe opp og markere eg var interessert i å sjå om dei gjor, det som skjer i etterkant har litt med læring å gjer, men ennå imponert.
 Raisa og Raxo er lydige hundar som ikkje lar seg stress sjølv om det er masse kast og 6 hundar i aktivitet,  dei er svert lite trena på dette området «Jakt», men fungera svert godt i lag med ei gruppe på trening. :)

Takk takk til dokke alle for at det blei ein koseleg kjekk dag med hundetrening i strålande oktoberver !
 
16.10.2013
Rally er ein kjekk turhund og i dag var det eg og ho som var på tur med kameraet..
Eg som er blidt så avhengig av lesebriller, dummet meg ut i dag, stilt inn kamerat før eg forlet bilen, men etter mange ganger nedpå bakken og opp på skuldra med kameraet, så hadde det nok stilt seg sjøl, og eg har glømte å kontrollere…. Ja ja slik går det av og til med meg.

Det var derfor med skrekk eg såg på bilda mine etter turen, så mange gode posisjoner og fine bilde rett i bosset, berre god nok grunn til å dra på fotojakt på nytt, drite i jakttrening og tenke foto.
 
15.10.2013
Meir snakk i bilder her med meg, vi utvider horisonten og reiser til treningskompiser med samme interesser litt her og litt der! I helga var vi i Ørsta, då var det litt komigang trening med det fri arbeidet, vi hadde det supert, Raisa, Raxo og Rally frå Ra-kullet + nokre til !! 
Ein fin gjeng å trene i lag med er det,  vi hadde med karar og sjokoladekake!!
Topp, og det varmar eit oppdretterhjerte at både Raisa og Raxo har planer om å starte på jaktprøve til neste sesong.

Treningskompisar i Ørsta, berikar miljøet, fleire stader å trene, andre hunder, andre personer, andre miljø, akkurat det vi trenger for å bli betre, andre som kan sjå ting utanom firkanten, det er til stor hjelp for meg.
 
Nina og Raisa går flott fot i skogen,  Raisa var og er ein ganske tend og samla hund!
 
Raisa på veg heim til Nina, Raisa jobba veldig bra, brukas nasen sin efektivt.
 
Venting på tur høyre med på jakttrening, i haustver av denne sorten er det nok ganske behagelig:)
 
Raxo avlevarar
Passivtethunden Rally, er det noko ho kan så er det vertifall det!
 
10.10.2013
Under, eit og anna paradis fin eg :)
Meir sjølv profilering, i dag var det Hans Emil som var med å bar kameret for meg.
Bilde over, ja bokstaveleg "over trening" var det, men her er det kom hjem:))) Rally er rå på det ho liker, det samme er eg!
Tur med Anne Lene, Rally og Artemis, bilde under har eg tatt og det over har Anne Lene tatt, det er sikker ein form for galskap på gang siden eg har starta å legge ut bilde av meg sjølv:)hum, nåja det er kanskje ei logisk forklaring også, men det forblir nøtta..
 
04.10.2013
Eg med verdens herlegaste hund, nemleg Rally !!
Rally er den lydigaste, den enklaste hund i verden ! Går på fot, kan sit og bli og kjem som ein kanon heim på innkalling.
Ønske hund for dei aller fleste, lett til beins, perfekt i størrelse, snill og god, lett trena og den perfekte familiehund.

Tenk kor bra ho blir når eg blir flinkar å trene henne riktig, eg føler det no at eg er på god veg til å finne den beste metode for akkurat Rally.

Kvalitet, modning, repeter utan å gjenta seg sjølv, det er mange  utfordringar med hundetrening på mit nivå.
Eg har heldigvis hund som vil hevde seg i EK om litt, beheld vi motet opp og for holde oss friske, det er ikkje alle som kan skilte med.
JA korleis veit eg det då, no kan dere berre spekulere, ho har no berre ein 3 pr i BK korleis kan eg hevde noko slikt, he he he… eg har kjørt hund i mange år og veit kva hund ein må ha skal den kunne brukast i dei høgaste klassane!

Det var dagens kvote med seriøst pjatt, det er vell ikkje berre eg som skryte av eigne avkom.


I dag har vi hat ei økt med fritt arbeid, Takk til min snille flinke Hans Emil for hjelpa !! 100% sukksess trening. Eg har starta ny innlæring av felt, og eg har starta med ny innlæring av markering. Arbeidsmetoden held eg privat og det fungerte i dag, Rally fekk vitring og vitra heldt ut til funn!! Herleg å sjå leve godt ei no.
Dette bilde er fra turen eg og Anne Lene hadde på onsdag, då trena vi ikkje kun tur og foto, eller :) Bilde har sin forklaring, det er 200 meters innkalling, la vi sei temporitt, Rally sit bak dummyen og eg kallar inn med fløyte. Mål, gode grep stor fart, dette høyre med når ein er på tur. ( Anne Lene fanga henne i det eg bles i fløyta)
 
01.10.2013
Anne Lene var fotograf og ho tok litt bilde av oss i dag som ein ser så har vi det heilt ok når vi trena hund i slik vær, ho sette også bilda litt samen og resultatet blir topp!
Vi trena litt av kvart og ikkje mange rep pr hund, men likevel ser eg kor viktig det er å kjenne hunden ein trenar med. Bryte før ein for slurv, stoppe i tide og her er nok ein nøkkel for dei fleste hundar.
Artemis, ja ho er ein kanon god hund på dummy, markerar så bra, spikra uansett avstand, i tillegg er ho mit sikraste kort for å få inn tapte dummy i felt.

I dag var også Rally flink, ho spikra avstand og ho brukte nasa si!! Konkurranse er sikkert bra for henne også.
Dei aller fleste grepa var svert gode, det vil såleis sei at eg har fått betaling for jobben eg legg i det momentet.

Rally er den raskaste både ut og inn og når ho er på er det  stor fart.
Arwen er gammal, tunghørt og lett til beins, muleg ho ser dårleg også :)men ho elskar dummy henting og må få gjer det litt til husbruk.

Rally avslutta med ein super.. super.. dir, rett ut stopp signal, klaska rompa i bakken 2 meter frå dummy som ligg bak ein busk, får søk der, super spontan og full rulle rett heim, herleg. Det er så flott å sjå henne når ho gir gass og går for fult og også høre på fløyta, dette var siste apporten hennar i dag og den lever eg mange dagar på.
 
Skikkelig flott vær i dag og vi tok ei lita fin trening med alle tre hundane, godt hjelpte i dag var eg, kjekt å få dra med seg ungdommar ut i frisk norsk natur :)
Rally, Artemis, Hans Emil, Arwen, Jon og Anne Lene.
 
26.09.2013
Etter eg kom heim frå Sandsøya har eg tenkt.. Rally.
Trur kanskje eg har gjort mykje rett med henne tidlegare, eg kjenner tross alt hunden min litt. Rally e ei type hund som skal styrast skal eg i det heile få ho til, eg vil derfor gå tilbake å finne fram fjernkontrollen igjen. Dummy grepet hennar blir betre og betre, det jobbar eg litt med og har komet til den konklusjonen at det må eg , det er ikkje alt som rettar seg av seg sjølv.

Når eg skriv det slik så meine eg at eg må jobbe med dirigering og sjølvstendig arbeid.
(begge deler) Rally blir ulydig og eg misser kontrollen utan at ho blir betre på å bruke nasa si av den grunn, eg kan derfor ikkje stå å sjå på at alt eg har bygd opp forsvinn og eg står igjen med ein hund som verken lar seg dirigere enn klare å få på nasa si. Derfor ja takk begge deler.
Så til dere som les dette, Rally er nok svert lydig og mykje lydigare enn gjennomsnittet .. så få ikkje panikk, men eg har planar som ligg mykje høgre enn gjennomsnittet. Det finst eit og anna problem når ein trenar hund, eg er berre så ærleg å sei som det er, Rally er ikkje plankekjøring.
Ingen løpetid ennå heller, det er vell best å slutte å vente, den kjem vell ikkje dette året heller
:)
 
Eg, Anne Lene og Rally & Artemis har vore på Sandsøya ei vekes tid, kjekt, braver, masse avslapning, foto og litt hundetrening,

utrykke seg i bilde er for meg  det beste måten å formidle opplevelse på :)

Artemis elsker å bli spylt, ja her blei det spyling etter kvart sjøbad, stor kos for henne.
 
Flathand, ja då kan eg røpe det er felt trening på gang, kan også nemne at det er mykje springing på denne Rally hunden.
Her kjem Artemis, ja ho har svert god nase og ho er flink !! Anne Lene som trenar Artemis i agility var imponert kor lydig og flink ho var på såkall jakttrening :) Artemis treng Rally som motivasjonsfaktor for å yte bra :)) he he.
Her er det nye radarpar, snille gode Artemis, ja eg har så mange fine bilde av desse to at eg trur eg må få bestille meg ei fotobok.
Flinke vannhunden Rally :)
Eg, mamma, Rally og Artemis på tur i lag.
Anne Lene leikar med Artemis!
Tennisball, jau her er Rally og Artemis like, dei er tennisballgall begge to, det er eit stort pluss!! god belønning.
 
Sprek hund :)
Anne Lene sender Rally ut, Rally er svert flink til å gå rett ut i retning uasett hindring.
 
15.09.2013
I dag var dagen for jaktkurs dag to med Jurjen.. eg har vore litt i tvil om eg skulle møte opp på grunn av at eg er trass alt ny opererte i knet.  I tillegg har ein hund som sovnar ved sekken blir det «kjedeleg»  skal eg sitte ved sekken i ein dag i lag med henne :) men som sunnmøring eg er så har eg betalt og møter opp likevel.

Rally har sine sterke sider og det er eg stolt av.
Eg kjenner Rally litt og veit at med rette trigging kan ho bli fole varm, derfor er Rally på ein knivsegg. 

Etter ein del fram og tilbake veit eg at litt for mykje kan slå gale ut begge vegar og eg er så heldig at det gale har slått riktig veg av kniven og hunden kan bergast.
;)

Super hunden min blir bra berre vent..
I dag fekk eg det litt som eg ville, Jurjen er snill, flink og forstår kva eg meine med mine tankar, han gjor alt rett for oss, TAKK. Rally henta ein del dummy og dei aller fleste apportane hadde ho gode grep på.
I tillegg kunne eg ikkje sjå at ho spurte meg om ho skulle plukke opp, det vil sei at eg har neste
n fadet bort alt som heiter dirigering….. eg må komme til livs det med spør om det er ok å plukke opp.
Eg ser at treninga eg har begynt på ber frukter, innkalling på lenger avstandar der ho skal plukke opp dummyen på veg heim er eit av tiltak eg brukar for å få bedre grep heilt heim.

Rally har også slutta å stikke av (ta kjempeslag på markeringar) ho held no på området bra utan at eg blandar meg inn HERLEG. Så brikkane rusar nok inn på plass litt etter litt.

Kan også skryte av meg sjølv som har løyst av og på med koppelet, Rally sit no alltid spikra utan noko ekstra kommando, når, under og etter at eg tar av koppelet.
Ein god følelse dette med å få til ting sjølv om ein kan anse det som plukk.. for det er det, men ikkje i mine augo, der var det nødvendig å få justert på dette.

Rally lære fort ho er påliteleg eigentleg ein topp hund, eg har berre ikkje vore ein god nok trenar i alle moment.  Rally har andre måtar å agere på e
nn mine tidlegare hundar har hatt, derfor kjørte vi vell i grøfta.
Det blei nokre timar ved sekken i dag :) Rally hadden ingen lyd, men vi hadde god lyd som underholdning rundt oss :) ho blei heldivis ikkje påverka av det.
 
11.09.2013
I går var det jaktcup, eg var ikkje i det sprekaste hjørne, men klarte meg bra. Menisken er  operert og knet er på bedring. Kjekt med konkurransetrening som jaktcupen er, for meg er det vertifall nyttig.

Det var to øvingar i går det var sideteikn og nærsøk. Øving nr 1 gjekk knirkefritt og vi håva inn 20 poeng og blei rangert som vinnar, bra Rally.

Øving nr 2, måtte på do, blei fole ukonsentrert etter det og eg klarte ikkje å hente innat fokus, enkelt og greitt.
At ho måtte på do, er berre å ta på min kappe, dårleg lufta og slik går det når ein ikkje klargjer og stiller bra nok førebudd..

Dessutan, kjenner eg Rally sine svakheiter, så litt av at vi nullar kom derifrå, det er ting eg kjenner og jobbar med.

4 dummy på same plass, såkalla nærsøke passer ikkje henne, om ho kan øvinga så briste ho på at nok er nok hente tre for være bra.
Konkurransetrening, litt alvor som jaktcupen er for vi sett litt på prøve ting vi både kan og veit vi kan briste på.
Rally er ingen plankehund og det veit eg, men skal ein vekse og sanke kunnskap om hundetrening går det ikkje berre med plankehundar.
Rally er ein artig, superbra hund på det ho er bra på, men ho treng litt tid på å modnast arbeids messig.

Eg har brukbar kontroll på henne, og det må eg også ha, dei som seiar noko anna har ikkje slik hund som Rally.
Rally kjem svert fort på innkalling, ho held område meget bra, ho stopper fort alt dette er innlært adferd, vi er på god veg med treninga og det bør bli bra til slutt.
Eg veit også av erfaring at når hundane nærmar seg tre år skjer det ting i hovuda på dei fleste og eg ser derfor fram til neste sesong.
No ser eg fram til å bli bra i kne mit slik eg kan komme meg i gang med både dit og datt. Løpetid venter vi også på, vi vil ut og kjøre før vinteren kjem, men venter ein på løpetid så for ein vist berre vente.
 
11.09.2013
Vi er stolt av Rally søster «Raisa» som i år har premie, både i LP, blodspor og utstilling, godt jobba Nina og Robert.
Det er veldig triveleg
oppdatering når ein for fine tilbakemeldingar og at kvalpekjøparane har fått «håva inn resultatet» la vi heller sei betaling for den treninga som dei nedlegg.
Bilde frå 2 årsdagen til Rally og Raisa, Raisa til venstre, mamma Arwen og Rally til høgre.
Raisa stilte på LP prøve i Ørsta, Nina var nøgde med debyen og dei likte seg i ringen!! det er so kjekt å få slike tilbakemeldingar.