28.08.2020 |
NY !Treningsbok Plask og Bjørk |
Planar 2020>>> |
28.08.2020 |
I år blei det ikkje som vi hadde håpa på, hadde jo så store planar
for både Plask og Bjørk, men slik skulle det ikkje bli i år
dessverre. Vi måtte droppe alt og for meg er det ikkje så lett., det
eg har lært i år er ta ingen
ting for gidt. |
Vi som trena apportering er opptatt av detaljer og detaljer finn ein i
alle moment. Vi har jo lært Pynte og holdefast apporten i munnen, er jo
rimelig nøgd med at vi er kommet dit med henne. Mynte er jo Anne Lene
sin treningsvenn, men vi har ein avtale om at ho stiller ut, trener
rally med henne og eg for gulerota nemlig jakttrening
:)
. Dette å trene i flokk tidlige gjer eg
alltid med hundane, dei skal kunne vente på tur, ja vente ikkje pipe,
stresse, mase om at no er det min tur osv.. ja er det innlært eller er
det medfødt. Siste steget på
ei apportering er jo avleveringa, så den kan eg lære frå meg sittande.
|
02.01.2020 |
Då har vi justert litt på planane kva vi skal, litt betre tid til å
forberede oss til Lp.. to stevner
er avlyst så det blir ingen tur til Averøya i januar.
Men vi forsette å trene mot lp likevel, neste stevne er kun ein
månad seinare Eide og Fræna, så vi har noko å stekke oss etter. Bjørk fekk i går prøve seg på uoffisiell rallysteven i kl 3, yes moro, hiv dokke på rallytrening alle som kan, kun eit ord moro ! |
02.01.2020 |
Det blei litt nye bilde til jul, mange av bilda blei så fine at eg vil
vise dei fram sjølv om det er litt juleprega med huer som staffasje :)
Kunsten til å få hundane til å posere, og knipse i rette
øyeblikk det kan ein samanlikne med det å trene hund, sjå når du er nøgd
og knipse då, ja som ved klikkar trening ein markerar den adferden ein
vil ha, så enkelt å så lett er det. Plask har løpetid så no er det bandtvang på henne, ikkje noko paring på denne løpetida, eg har ikkje funne den perfekte make til henne ennå, men ho er no ung også, blir berre tre år i mars. |
Vi trenar litt av og til eller lite ofte, kan
eg røpe. Skal ein bli god så må det til, eg har funnet ut ved diverse
testar at det går lang tid frå vi trur hund kan til den faktisk kan. Vi
er himla flink til å legge til rett slik hund kan og gjer rett det den
ikkje kan :) no når eg har oppdaga det trur eg vi skal få framgang
på det meste! La det være mine første ord i 2020 |
Godt nytt år fra Bjørk og Plask ! |
14.11.2019 |
Bjørk er fem år i dag, og her med kongen ho vant på rallystemnet på
Averøy, Bjørk har også fått seg
mellomtittel i kl 2 rally :) det kan ein søke om når ein har 3 x 1 pr i
den klassa ein søke for. |
27.10.2019 |
Vi lykkast på rallystevne så litt rett har vi trena !
Rallylydigheit er for alle, men pass på :)
ein kan fort bli hekta på
sporten. Så no kan både Plask og
Bjørk stille i kl 3, Bjørk kan søke om mellomtittel i kl 2. Vi skal
trene inn kl 3 i vinter og eg glede meg til terminlista over rallystevne
i 2020 dukkar opp. I tillegg
skal vi trene vanleg LP- målet er å stille på konkurransar i februar, så
trening blir det. |
Fine flinke Bjørk med nokre av premiane ho fekk i helga :) |
17.10.2019 |
Her skjer det ikkje så mykje, vi koser oss med litt hundetrening og
flott haustvær. Vi var ein snartur til Bergen på WT, det var berre Plask
som blei med sidan Bjørk har ein skade i ein fot og trenge å ta det med
ro. Veldig moro med WT, å så lærerikt, sjølv om vi fekk ein dårleg start
med 0 på første post er eg likevel nøgd
med Plask, det er verre å være nøgd med seg sjølv, sidan det er der 0 en
kom frå :) ekstrem dumt av meg å
pådra oss den nullen. Plask hadde berre eit fattig poeng under den som
fekk 1 WT så tenk på det, hadde vi ikkje hatt null :) så her har eg også
ein god hund som vil sanke høge poengsummar i framtida, ja etter som vi
blir kjent eg og Plask. Vi er fole glad i kvarandre Plask og eg, så ho
gir meg så mykje, herleg hund, alltid ved min side. |
Fine, snilde, flinke Plasken min :) |
06.10.2019 |
Fint kald vær har vi no, kjekt å være ute i det fri litt, og hundesjuka er avblåst så endeleg litt trening i lag med andre, tenker på hundeklubben med lp og rallytrening, og må ha med litt av det sosiale. På fellestreninga for vi fellesøvingar som felles sit og felles dekk, ja det må ein holde ved like og spisse opp momenta mot konkurranse. Sjølv om det ikkje blir noko meir konkurranse før i 2020 så må vi trene litt på alt. Jakt delen trenar eg mest åleine her går eg for progresjon på Plask og då passer det meg bra med mykje åleine trening, sjølv om eg kunne ønskje litt meir trening i lag med andre der også. Ja, eg koser meg i skogen med jakttrening, ingen ting er som det |
26.09.2019 |
Det er ikkje komet noko endring i råd frå mattilsynet om trening i lag
med andre, no drar det ut synast eg. Eg
trenar derfor åleine endå mine hundar, men saknar fellesskapet med andre
som trenar og håper det rettar seg snart. |
Eg trenar litt hundane teknisk for tida og då er det heilt ok å trene
åleine, men sankar litt markeringstrening, det treng eg spesielt på
Plask og håper å få med noko av og til for å kaste litt til meg. |
Mine tre hundar var med meg og Anne Lene for foto av produkter til
drople, moro å være modell, ja i sjølstrikka gensar så klart :) |
18.09.2019 |
Det er hundesjuke i Norge, så stevne på stevne blir avlyst på grunn av at
vi skal passe oss for å ikkje blir smita av den aggressive diareen.
Både Plask og Bjørk har vore bra forberedt på rallystevne så vi
er jo litt skuffa for at vi ikkje for stille når vi er på topp, som vi
veit er trening ferskvare å det må toppast før stevne slik vi stiller
med gode kort. Også LP skulle vi på, her har eg også forbered oss godt,
og Bjørk er i perioden som ho fungere best i, så litt skuffa er eg for at
vi ikkje for stilt no når vi var bra topp trena for dette. Passe seg for
sjukdom er det vitigaste så dette veit vi er best for oss alle. Plask for no ekstra timer i jakttrening, ja med meg og Bjørk, Bjørk er tilskodar, det er bra å ha det også. Eg har fokusert alt for lite på Plask og regelrett gløymt henne når eg har trena, fokuset har ikkje vore nok på progresjon. Heldigvis oppdaga eg det sjølv før det er for seint. Vi er i gang med notatar og kva vi trena og kva vi skal bygge vidare på i neste økt. Plask har dei to siste vekene flytta fjell, så eg ser lyst på det. |
Hausten er ei fin tid her er alle tre på tur. |
29.08.2019 |
Vi har vore på jaktprøve og der blei det eine overraskelsen etter den
andre. |
Vi tar ei pause i jaktprøver til neste år og har sett
oss i rallymodustrening, no er det som gjelder.
Rallytrening er moro, men ein må være våken der også, lett å
diske på den sporten, så ein kan ikkje sove i timen der heller.
All trening er bra for hundane og oss, fokus, samarbeid og bygge
opp treningskondisen (den mentale) (den må eg også bygge opp :) ) Fokus på rallytrening er gå heile baner og gå feilfritt, les godt skilta og hund, bruk alle komadoen som er låv. Repeter skjer det feil, ikkje belønn feil i bana, ikkje belønn før etter heile bana. Jaktmoment er litt meir krevjande å trene, men kommer nok til på gjevne å trene dirigering med mine dogs som eigentrening, målet her å bli rå på lange linjer uansett lengde og overgangar, vann, gjerder, skog, høgt kratt. Blir det noko fellestrening der eg blir med så vil eg nok prioritere/ ønskje meg lange vanskelege markeringar, så her blir det nok tatt litt på sparket. |
27.07.2019 |
Lenge sidan det har vore oppdatering her, ikkje
så mykje trening på meg, eller jau litt er det, men i dag er det så
varmt at eg må holde meg inne og derfor tar eg meg tida til eit par ord. Trening er også å etablere gode vanar, det å kunne være roleg er noko som eg setter stor pris på. Kunne ligge å vente medan eg legg eit opplegg til hundane min, jau det må dei kunne. Har ein hund med medfødt ro i kroppen er det veldig enkelte å få dette til, har ein ikkje det så må ein jobbe meir med det. Ingen individ er lik, ingen trenar er lik, derfor må ein trene den hunden ein har på den rette måten for den ekvipasjen. Plask og Bjørk er litt like, men ikkje alt er likt på dei heller, Plask er meir mjuk i treningssituasjonar enn Bjørk. Bjørk gjer det ho kan, men er ikkje føramjuk på same måten. Ho gå lei ved lange trøttande fot- trening og «ikkje hent dummy trening» Plask toler det mykje betre og går ikkje ikkje så fort lei. Likevell er det moment til å holde fokus som vi må trene, vi treng ikkje trene det for å få meir kontroll på dogsa, men på grunn av betre fokus. Eg vil ha ein god fot og ein hund som er på og det har eg når Bjørk for litt trøkk og veit ho for oppgåver. Bjørk har den beste passiviteten ein kan ønskje seg, ingen lyd eller stress i arbeid der ho veit at ho skal være på. Eg har jobba ein del med linjer over vann/elv, både med Plask og Bjørk. I situasjonen for Plask som er ung og lovandes er det bra å ha Bjørk som kan gå først og vise veg. Bjørk er flink også på blinde, det er bonus for Plask, eg kjøre Bjørk og Plask går etter på. Derfor er det så kjekt for meg at dei er så rolege, eg trenar mest åleine og det er derfor bra med to hundar som kan vente på tur. Plask for nok gå først ho også, men då er linja ikkje blind, men ei som vi har gått ut på fot, minne. Etablere gode rette linjer gjer ein ikkje med å hendle at og fram på blindt, derfor kjøre eg lite blinde linjer. |
07.06.2019 |
Plask på sportrening :) flinke hund! Kjekke dag på fjellet i lag med Lill–Iren og Sol. Bjørk og Sol er så glade, snille og flinke begge to, dette kullet gav hundar med eit eksellent gemytt, dei er så gode på det. Ja i tillegg er dei også bra som arbeidshundar med tilpassa trening som passar individet. |
Plask trenar spor fortiden, det er både moro å lærerikt for meg, dette
med å lese hund er ikkje alltid like lett og ein hund er ikkje lik den
andre igjen, så så.. her lære eg Plask å kjenne.
Jakttrening av Plask er på pause,
grunn,
eg må fokusere på Bjørk i
jaktbiten. Plask er av og til
med, men er då mest i bilen eller tjora i eit tre, AK er som EK
vanskeleg. AK er blidt så
vanskeleg at det vil ta litt tid før vi er der og skal eg trene mot AK
så må eg gjer det grundig, derfor har eg lagt Plask på is ei tid.
Ein plan med treninga det har eg og Plask har ein solid grunnmur,
så plutseleg er vi i rute igjen. Plask er ikkje heit og er ofte med og
ser både på dit og datt :) ho har ikkje så store forventningar om at det
blir henna tur, ho fokusera ikkje så mykje på andre hundar som jobbar,
om det er bra eller ei det veit eg ikkje, men ho har vertifall ikkje lyd
der ho ligg å ventar og det er bra. |
Bjørk, Sol og meg :) |
Bjørk, vi fokusera på at vi skal bli god i EK og det blir vi før eller
seinare, spenninga med jaktprøve er at ingen prøve er lik, ingen plass
er kjent, ingen hund til makker som ho kjenner( som oftast). Vi kommer
nok til å bruke litt pengar på å bli kjent med type EK prøver no til
dags. Måle må bli å være med på heile prøva ikkje bli sendt ut på første
apport. Hjerte mit slår som oftast så sterkt at Bjørk føler det, det er
ikkje berre berre å være hund, og Bjørk gjer alltid så godt ho kan. |
Sol fekk prøve ut til øy og søk der :) moro å sjå, flott søk til ho fant og rett heim, gjekk i vannet og ikkje antydning til å finne/leite etter snarvei ! Sol var litt makker til Bjørk og det likte både eg og Bjørk :) |
16.05.2019 |
Vi trener, Bjørk er den som for mest trening akkurat no, vi forberede
oss til jaktprøver, Plask er inne for modning ho ligg i mellom to
klasser i jakt og har litt pause frå jakttrening. Plask har grunntinga
inn for AK, men vi manglar ein god del på dirigeringsmomenta derfor
haster det ikkje med prøve for henna del, ikkje trening i jaktmoment
heller. Plask for LP trening, rallytrening og vi trenar spor,
vi har meir enn nok å fokuser på, men det er moro! |
01.05.2019 |
Trene hund no og då eller titt og ofte. Hundetrening er gøy og skal være
det, eg har to(tre) veldig gode individ som eg kosar meg med. Trenehund
gir så masse tilbake og etter min mal så liker eg å ha lydige glade
hundar og det blir hundane av trening. Ein treng no ikkje være like
hundegal som eg,
ein treng ikkje trene alt, men eg
ser på det frå ein annen vinkel, det er mykje ein kan klare å lære ein
hund utan at det går utover verken det ein eller det andre. Som td,
trene jakt kombinert med rallylp
–trening, dette handlar om samarbeid ikkje noko annet. Eg
veit kva som skal til for å bli god, det er ein hund med rikeleg
arbeidslyst som er villige til å høre på oss, ja gi gjerne til siste
slutt. Eg ser derfor litt igjen i Plask der, ho er også veldig flinke på fot og eg liker å få det til og jobbar kvar dag med fot på Plask, Plask har ikkje det trøkke i seg som Rally så ho er enklare å handtere, eg kan sakne trøkke også, men det kommer litt etter litt etter som Plask bli meir trygg på korleis jobben skal utøvast. Vi har også våre på jaktkurs, her var Plask ein dag og Bjørk to dagar, Instruktør var Åse Tøfte. Plask har starta i LP kl 2, ho blir flinke, ho har talent for LP, men ikkje alltid vi klare å få inn poeng over alt, så vi nulla på avstands kommandering, men mange premiar og pallplass blei det . 10 på felles sit, endå hunden ved sidan reiste seg og sto å såg både på Plask og sin eigar med litt fanteskap i blikket. Plask berre snudde hode og såg bort. |
01.04.2019 |
To pall plassar på oss på rallystevne, kjempemoro. Bjørk nummer 1 og
Plask nummer 3. direkte opprykk på begge. |
26.03.2019 |
Eg og Bjørk har vore i Bergen på jaktprøve, no kan vi glede oss til å
starte i Elite, vi tok den sist 1 pr. i AK som vi trengte for å hoppe
opp i ny klasse. |
Vi hadde også ein flat til makker som vist fram mykje bra arbeid, kjekke
å gå i par med. Her er eit bilde vi har fått låne som er av meg og
makker, etter at første del av prøva var over, vi la frå oss vilte før
vi skal gå vidare til felt og meir dirigerings arbeid. Hjerte mit banka
hardt, det hadde gått veldig bra til no. Bjørk hadde nettopp løyst ei
litt vanskeleg vann dirigering, men den var ikkje vanskeleg for henne,
ho tok den på strak arm. Resten av prøve gjekk også greitt, eg var nok
nervøs, men eg klarte meg bra. Eg viste at Bjørk kan, eg måtte berre
føre trygt og sikkert slik ho ikkje ville ta over roret å styre meg :)
vist ho følte at her må eg gripe inn. Mentaltrening er tingen når ein driv med sport også hundesport, hundar blir berre betre og betre med alderen, moment blir igjennom trena og ein veit at ein kan være tygg på at dette klare oss. Treningskondis blir berre større og større etter meir den bli brukt. Ungehundar bli fortare trøtte og går på overslag enn meir satte hundar, dette tenker eg mykje på i treninga av Plask. Ein må bygge opp treningskondisjon og kjøre lenge økter, men ikkje så lange at vi for mange smellar på konsentrasjonen, ingen hund er lik ein må berre lære å kjenne sin hund. |
19.03.2019 |
Vi fekk snø igjen så jakttrening blei på nytt sett på vent,
så no venter eg på meir vår. Vi har derfor trena ein del LP- i
staden og det er jo kjekt det også. Vi skal på nytt stevne 27 og 28
april, glede meg til. |
05.03.2019 |
Deby i LP for
Plask blei til suksess vi klarte oss ein 1 pr i kl 1, så stolt av flinke
Plask. Blod på tann for LP-trening, her skal det jobbas fram mot neste
stevne. Eg har
nemt
eg skal bli i kl 1 dette året, men eg er allerede i dag starta å
finpusse på kl 2 :) |
Her er Plask
neddekka og vi skal gå i fra, hundane skal ligge i ro, ja så rolig som
råd :)
2 minutter i kl 1,
i kl 3 er det også 2 minutter,
men då er vi i skjul for hundane. |
I går trena eg ei økt på Bjørk
der vi kjørte rått med leik og tempo trening, repeterte, neseprøve,
innkalling, hopp over hinder og rundt kloss.
Skal mengde trene til alt er så igjennom trena at det meste blir
på auto, kun då er ein sikker på å sleppe unna dobbel kommando.
|
23.02.2019 |
Det går mot vår bokstavli talt i februar,
15 grader og snøfritt.
Trena noko gjer vi kvar dag og det har gått mest i LP momenta på
Bjørk. Litt
dirigeringstrening også på henne til tenkt jaktprøver. Plask var endelig ferdige med løpetida og fikk i dag være med på jakttrening, Bjørk måtte bli heime. Markeringstrening og litt oppbygging av huske dummy var oppgavene i dag. Etter trening i dag sitter eg igjen med ein del tanka i hode, og det er eg må jobbe meir med markering, få litt meir opp dampen på frøken Plask. Eg kommer til å kaste litt sjølv har eg ikkje disponible kaster. Plask er nemleg veldig flinke på passivitet og fotarbeid, men eg må få opp treningskondisjonen, gi meir gjerne når ho skal jobbe. Det var ein god del vind i dag og Plask fekk oppgåver som var veldig vanskeleg i slike oppvind, men vi rodde oss inn på det meste. Heilt greitt å få bekrefata kvar eg må sette inn resursar for å få betre progresjon på erfaringa. Oppvind er ikkje enkelt, det er ikkje vitring, den forsvinner rett opp og langt ut, så ei markering kan være svert vanskeleg sjølv om den blir markert, vertifall på dei lange avstandane vi kjørte i dag. |
Livet på trening er
utruleg bra og eg liker veldig godt å kaste dummy til andre, her er
utsikta mi når eg stod som kaster på Flø. Dette med å lese hund, vind og
korleis hundar nyttar dei med fødde eigenskapane på ei markeringsøkt er
lærerikt. Min Plask ligg i
bilen og glede seg til sin tur :) Bli god på lange markeringar skal vi
og det tyder ut å jobb. |
Måle er å få meir fokus på oppgåva, men
det er eigentleg heilt
fantastisk å ha hund som tåler så bra både trøkk og passivitet, Plask er
gullverdt i dei eigenskapane ho viser fram.
No er det berre å bygge å bygge rett, Plask er lydhør, ærleg og
veldig førermjuk som ein god hund skal være. Plask har også etablert fine avleveringar, her har eg jobba med meg sjølv og Plask i lag. Plask er litt lik sin mamma Rally i diverse momentet og det er at ho er raske i vendingane og «eg» har derfor etablert skunde meg å ta i mot avlevering.. ja som vi veit er det ikkje bra. No er vi i boks med fine avleveringar utan at eg er redd vilte dette på bakken i avleveringspunkte. Rally har heilt korrekt vilt handtering og vilt avlevering, men ho jobbar så mykje raskare enn Bjørk, det er det som er forskjellen og det er derfor meir krevjande å lære seg å ta rett i mot utan å miste på bakken :) ho slepper raskare og kan sleppe før eg har eit godt grep,«kunne» (eg skolerte og vi blei kjent med kvarande i situasjonen) Både Bjørk og Plask er spontane og tar alt vilt, dei blir også varmare og raskare i trøya når vilte dukkar opp. Det er derfor med alt av vilt arbeid viktig å ikkje dra strikken for langt, ikkje repeter for mange gangar på same økt. Kjør heller vanskelege moment, til dømes gir hoppe hindringar automatisk gode grep, ingen klare hoppe eit gjerde med kun vilte i vingespissen, eg tenker alltid på ting i treninga som gir ein tryggare sikrare klokare hund. Det kan også være vanskeleg terreng over ei grøft osv. Eg er derfor i konklusjonen, ikkje mengdetrening på vilt, som med all trening, litt regelmessigt ikkje for lenge mellom kvar trening er betre enn mengdetrening. Her ser vi Bjørk vise seg fram på hoppe teknikken, ho hoppa litt for lavt første gangen, Bjørk er uredd alt av hindringar, men det er viktig å merke godt kvar toppen av gjerde er slik at dette ikkje skjer for ofte. Desse grindene er ufarleg for hundane dei heng ikkje fast, berre ramlar over, derfor brukar eg dei i trening. Her gjer Plask same momentet som Bjørk. Vi ser på filmen at Plask regarte lit på berøring av grinda, men ho avreagerte raskt og forsette jobben momentant. No er det ut i naturen å leite opp trygge hindringar å forsette dirigeringstrening/ markering og kva vi må erfare for å bli superhund på jaktprøver :) |
10.02.2019 |
Trene hund er moro og det gjer eg ofte, det gir meg energi og
hundetrening er ein fin måte å koble av på, ja for meg. I går var eg å trenet litt jakt ut på Flø i Ulstein, å så kjekt med barmark og treningsvenner som liker det same, flotte dag for meg og Bjørk. Plask har løpetid, å det tyder ei lite pause frå fellesaktivitetar. |
03.02.2019 |
Det har blidt ein god del LP-trening på oss i det siste, Plask og Bjørk
er påmeldt dobbelstevne 2 og 3 mars, så vi har mål å trene mot. No er det apportdirigering som har vore nytt moment for Bjørk, dirigering kan ho, så det er ut til kloss å stå å vent. Her må eg hjernevaske henne på kloss og kva det tyder (eg må legge ut apportane som lokke fugl) ho går nemleg rett på kloss når apportane ikkje ligg ute. Når apportane ligg ute, tenker ho apport som er belønning og vil ta ein snarveg rett på, ja dette er ikkje ullydigheit, men mangel på forståelse av oppgåva. Dette blir bra det veit eg, det gjelde berre å trene masse på det slik Bjørk bli igjennom trena. Bjørk skal være i klasse 3 resten av livet så vi har tida føre oss, no er det å jobbe mot å bli rå bra slik vi kan like oss i kl 3 og håve inn topp gevinsten før eller seinare, å ei glede meg til å kjøre henne. Bjørk er ein slik type som liker godt å vise seg fram at ho er "flink", her har eg eit problem med henne, ho kommer ikkje raskt inn på fot ho logre å viser seg fram foran meg når ho har apporter i munnen, ho har det sikkert frå jakttrening, der har vi bydande og veldig gode avleveringar foran, å ja det skal ikkje endrast, men Bjørk må lære å komme fort inn på fot med alt på lp-bana. Her har eg også eit tema eg må legge arbeid i, forbetre alle innkomstar og innesittar. |
23.01.2019 |
Vi trenar mest lp og rallylydighet fortida,
jakt treninga er «litt» på kvil i ei periode.
Vi har ikkje lagt det på hylla, men både Plask og Bjørk er veldig
bra på dette med jakttrening og dei treng utfordringar og høgare
oppgåver enn det eg klare å gi dei åleine.
Vi hadde ei fin jakttrening på
søndag, der vi var samla ein gjeng med felles interesse, Plasken fekk ei
trening med markering og jaktlydigheit, Plasken lover
bra, tross lange markeringa på to
sider, markerte ho svert bra og ho er utruleg bra på å bruke nasen sin,
legg seg opp i vind i perfekt avstand frå kaster og veit korleis ho skal
finn apporter fort. Kjempe kjekt å sjå korleis eigenskapane i ein god hund kommer fram med bra trening. Bjørk er eit råskinn på markering, men Plask blir ikkje noko dårlegare med litt meir erfaring. I lp er det fellesdekken med Bjørk eg må legge litt meir jobb i for å få henne til å ikkje legge seg på skinka i det eg går inn å rundt henne tilbake. Elles så helde eg på å lære henne apportdirigerings momentet i kl 3 lp. Bjørk er flinke å liker å vise seg fram så slike moment er topp for henne. Lite bilde og film for tida, men mørkt og regn er nok grunnen for mangel på det.. |
01.01.2019 |
Ønskjer alle eit riktig godt nyttår, så
håper eg at det går fint med alle i 2019 og vi kan sjåast til trening og
møtast på diverse prøver/stevner rundt
omkring i landet ! Plask og Bjørk debuterte i uoffisielt rally lydighet i romjula, å så moro det var :) Bjørk, 1pr. med 198 poeng og ho vant klassen, Plask nummer 2 med 1 pr. og 192 poeng. Bjørk vant også kl 2 med 197 poeng og blei også klassevinner i den klassen. Dette trigga konkurranse lyst mi til å kjøre nokre mil til rallystevne i år og det blir. Rally er ein sport for alle, berre meld på kurs å prøv. Eller sjå på youtube, ein kan lære mykje av det og lese reglane som finnast på nettet, pugg/lær skita, og tren fot i tillegg, så er det berre å pugge og lære seg diskreglane :) |
27.12.2018 |
I går var det rally trening
på dag og det synast eg er veldig kjekt, ein må faktisk være flinke skal
ein bli flinke med stil i rally også, ikkje berre i LP ein treng ein fin
fot. Fot er nå min kjerneøving og det må berre være bra. Det var litt
skilttrening for kl 2 eg jobba med og det er faktisk mykje kjekkare å
jobbe med enn det eg hadde drøymt om, ja eg kosa meg på trening i går. I dag var det jakttrening og her har eg endra meg litt, eg stiller mykje større krav til kva hundane for lov til når dei ikkje trenar (ja også når dei er passive ved fot) ingen snusing, graseting, hjortelort eting osv. Eg har vore litt perfeksjonist «før, tidlegare hundar» med å ta hundane i sit når dei slepp ut av bilen fri, Bjørk og Plask har fått rusa for mykje som dei har ville, sprunge å leika seg, lete igjen øyra for.. ja leik er moro. osv. her har eg ikkje vore flinke, eg har tulla det til for meg sjølv. No er eg tilbake til gode gamle vanar, det er tøft, men det må til. Enkelt er det å få det til, men når ein anne vane er etablert, så må det ny inn lærast. Eg tar no alltid på kobbel, slepper ut å kommanderer sit, hæ seier Plask dette skjønnar eg ikkje :) stakkaren har ikkje fått lære korleis ho skal oppføre seg. Eg brukar no kobbel til ho lystra adferden sit, så kommer eg til å sleppe ho ut utan kobbel med kommandoen sit og det betyr sit til ny kommando kommer. Når eg bestemmer at dei for lov å leike så er det ok, eg må bestemme litt meir over fritida deira, knipe inn på fritid og fri leik. Til slutt fekk ho gå eit felt med makker, hundane ligg i bilen medan felte blir utplassert, felte bestod av 16 dummy, djupt, og breitt felt, vi kunne ikkje sjå alt av arbeid sidan ein del dummy låg bak ein stor haug i ein skog. Bjørk gjekk veldig bra felt i dag og lot seg ikkje påverka av makker hund, ho jobba bra, ingen fløyte eller dirigerings teikn blei brukt. Dette momentet med felt og jobbe i lag med annen hund har eg ikkje fått trent så mykje med Bjørk, skal ein trene dette så må vi ha hundar som kan momentet og kan jobbe i lag utan å uroe kvarandre. No ser det ut til at Bjørk har knekt koda om å ikkje bry seg med andre hundar, berre å jobbe på, Bjørk har tidlegare stoppa litt opp for å sjå på den andre hunden som jobba, liksom ikkje heilt vore trygg på kva ho skulle når den andre jobba. Trening hjelper på alt ! |
20.12.2018 |
Eg oppdaterer litt på
planlista vår om kva vi skal gjer til neste år, ja ja det er mykje eg
vil og har lyst til å delta på, men ein rekk ikkje alt når det blir på
same helg. Hadde tenkt å få med meg sporpøver også, men her trur eg må
legge inn noko på beveglege prøver og dei kan ei få liksom utan om helg. |
12.12.2018 |
I tillegg til snøen kom har
frosten glasert heile Sykkylven, sikkert rundt omkring også, støvlane er
pigget og piggskoa er oppleita, så ingen ting står på. MEN det er eit
men det er så hardt og glatt at ikkje noko bra for hundepotane heller,
er litt redd for at dei skal skade seg på det skarpe føre så eg lure på
å bruke potesokkar for å unngå skade, er ikkje noko problem når dei går
ein og ein berre på tur, men trening og springe i lag er nok i tøffaste
laget. I går trena eg kl 2 bane med Bjørk, å ja det må lærast momenta av meg først, då går det lettare, eg falt for fristelsen å prøve med Rally også og fekk eit lite hakeslepp Rally var mykje flinkare enn både Plask og Bjørk, så slik er det, flinke Rally gulle mit. Så medan det er så kaldt og vi ventar på mildevære/solsnuing og alt det gode som vi har føre oss, så trena vi innerally Oppmodar alle til å trene appell og bli god på det, så hoppe på rallykurs, då er ein rett i konkurranse modus med ein gang. Har ein brukbar fot/på plass adferd på hunden og kan trene, sitt, dekk osv, så kan ein det som skal til for gå rett inn i konkurransar og det er moro, lett å bli hekta J så berre prøv. Det er så kjekt å ha noko å gjer på i lag med hunden sin, og det styrker både samhald, kontakt og forventning til no skal vi ha det moro. |
09.12.2018 |
Pause endå på jakttrening,
trur det er bra for oss slik vi for trene litt andre ting også. Lp er
ikkje så lett når ein kommer til kl 3, og eg er over i vurdering dropp
det til fordel for rally, eller starte fleire gangar i kl 2. Det finst
ikkje igjen miljø for lp trening og det er ikkje så lett å greie alt
utan hjelp. Det som hjelpe meg er at eg like å trene lp, så då for det
bli som det blir, må legge litt lenger tid inn i treninga for LP,
det er muleg eg utsetje debyen
til Bjørk i kl 3 og kjøre på med rallytrening i staden i eit par år. Eg puggar rallyskilt reglar, og eg har sett litt på elte oppgåvene til rally om det er noko eg kan klare og utføre med mine hundar, så muleg eg prøver meg på dette igjen. Det som er vanskeleg for meg er å lese skilta rett å utføre det som står der, momenta kan ei kjøre med så mykje hjelp at det klare vi. Vi vil helst ha gode treningsforhold for jakt, då det er det som betyr mest for meg og vi skal til Bergen i mars på prøve, vertifall eg og Bjørk, Plask treng nok meir tid på å bli klar til AK, men eg for sjå korleis ho utviklar seg vidare. Det som er greitt er det ikkje treningsforhold så for eg trene meir kondis på hundane, meir berre tur det må også til, bygge seg sterk til sesong start i mars. (passe vekta J) |
04.12.2018 |
No kom snøen også :) håper det ikkje bli så langvarig eg liker best tørt
ver.. På måndag tok eg ei økt med kl 3- LP trening på Bjørk og eg fokuserte på apport dirigering momentet. Bjørk lære fort og er ein topp hund å jobbe med. Plask fekk også prøve rallyskilta, men henne er eg litt forsiktig ennå, grunnen er at vi også skal starte i lp, i rally legg vi oss til så mange fine doble kommandoar osv.. og i innlæring kan det derfor bli etablering av for mykje hjelp til LP-debyen vår :) hi hi.. men den konkurranse galningen eg er så så er både Plask og Bjørk påmeldt uoffisiell rallystemne 4 juledag. I dag har eg trena avstandskommando med Bjørk og vi skal trene mykje for å bli sikker å god på dette momentet, det er siste momentet og forventning til belønning kan bygge seg høgt opp på ei konkurranse og vi kan fort få slurv og bevegelse derfor må momentet være veldig godt befesta. Både Plask og Bjørk har bra konsentrasjon og de hjelper på, dette med å holde posisjon over tid er moment eg er bevist på. Det kan være i avstands kommandering eller sitte på fot med kontakt lenge, også sitte når andre kommanderer sin hund :) Snart kurs med Siv Svendsen, fokuset er å oppdatere oss på instruktør gjerningen og eg glede meg til det |
02.12.2018 |
I dag var dei ei lita
samling der fleire treffast for å trene litt i lag, eg valte å ta med
kun Bjørk på trening i dag. Den første markeringa gjekk veldig bra, den andre fullfart i riktig retning, men ho hoppet rett i vantet som ho ikkje såg, muleg ho slo seg litt også, ho kom seg oppatt og henta dummyen nummer to, nå kom ho ikkje rett linje heim, men ein stor sving rundt diket. Så starta problema for oss, eg skulle sende rett fram til diket for å stoppe med nærsøk, Bjørk ville ikkje springe rett fram, ho vinkla til høgre for å unngå grøfta som sikkert kjipte henne litt. Ja og ho fekk ikkje springe til høgre, så eg vant, men eg måtte være tøff for å få det til, eg godtar ikkje at ho skulle få lov til å springe rundt, Bjørk er mykje tøffare enn ho gir seg ut for å være, så det blei ein kamp med meg om korleis ho skulle utføre oppgåva. Kampen måtte eg ta, sjølv om det ikkje såg rettferdigt ut, men vi er på genraliserings nivå.. (Eg gav meg ikkje på kva retning ho skulle springe, her hadde ho med å høyre på meg å gjer som eg ville ho skulle. Bjørk kan momentet og då må ho utføre det som eg vil, fire eg på dette vil ho bruke det, unngå hindringar som våte dike osv, det er ikkje tillat. Del to på trening i dag var felt og det har vi jo prioritert ei tid, «makkerjobb» Bjørk har endeleg skjønt det, i dag bringa ho inn dummy med bra fart også. Eg skal bli litt flinkare på å les trafikken og sende litt til sides for den som kommer inn, det er bra eg etablera gode vaner på meg sjølv, ikkje berre på hund. Etter eg kom heim var det rett ut på plenen og trene Plask på fot, ja vi trena fot i ca 10 minuttar, "så mørkna vi ute" Fot er det momentet ein ikkje slurvar med, Plask er flinke, men trening er ferskvare og dette momentet bør trenast fem minuttar fem gangar i veka minst på ein unghund. |
28.11.2018 |
Blir ei og anna kort økt
med trening på Plask og Bjørk. I ei periode no har eg prioritert
felttrening med både Bjørk og Plask. Eg har innført dei i makkerjobb
begge to, dei må jobbe i lag ute i feltet. Vi trena også LP-moment og ja det er bonus, til jakttreninga, det meinar eg. Bjørk og Plask perfeksjonerer eg ikkje innan Lp- men eg trenar dei for å trigge dei i holde på konsentrasjonen lenge, den biten trenge vi også innan apportering, holde fokus over tid. |
20.11.2018 |
Plask vente på tur :) eller sin tur. Eg trene Plask og Bjørk i lag, så eg har derfor privat makkertrening ;) hi hi det treng eg. |
Trene hund er både moro og
ikkje minst så gir det eit flott forhold og samarbeid oss i mellom. Både
hundane og eg har stor glede av denne trening. Og bonus ein hund som går
å vente på vi skal finne på noko i lag
:) samarbeid og bestevenn blir det. Både Plask og Bjørk blir
trena mot AK, Bjørk i tillegg til å bli klar til EK, når vi kommer oss
dit, ja målet er å komme oss dit å klare å hevde oss på prøver. Det er likevell Bjørk som for mest trening fortida, henne kjøre eg no for å komme vidare å bli god til vi havnar i EK. Det eg manglar med Bjørk er makkerarbeid så her må berre Plask moden så eg kan nytte henne :) Plusset vårt er at dei veit kva det vil sei å vente på tur, så for meg i år har det vore mest singeltrening og det har fungert bra, hundane er trygg og rolege sjølv om vi er på ei trening med mange fleire. Eg rullerer plassen eg trenar på, dette for at momenta skal bli generalisert. Dirigeringstrening eller lystre signal er det eg jobbar med for tida på Bjørk. Det virke som ho blir tryggare på kva ho skal/ eller ho lære å bruke ting i kjeder som vi har lært inn frå sit. Min jobb er å bli flinkare til å handle hund, ein hund gjer alltid sit beste å så godt han kan. Største utfordringa er å få hund til å springe mot eit mål, lære hund å sikte rett å lære meg å finne eit riktige punkt å sende mot, å kvalitetsikre at vi sender rett. Perfeksjoner meg sjølv og ikkje hund, dirigering er det eg som styre ikkje hund. Målet er å alltid kjøre rett linje på første forsøk ikkje på tredje. Eg har kjørt ein del blinde linjer på Bjørk, det vil eg ikkje gjer så mykje av lenger, eg vil heller bruke meir minne. Bjørk går fint blinde linje, det skal vi gå flott på prøver, klart ei og anna blid skal vi kjøre, men det ingen vits å kjøre blinde tre forsøks linjer på trening, det skaper adels feil innlæring sett med mine auge. Handling blir til førstehjelp går ei linje på prøve feil, ein kan også få oppgåver på ei prøve der vi skjal stoppe hund å kjøre den i ei annen retning, eller stoppe før ein skog for så kjøre rett inn, eller vi kan stopp for eit nærsøk, alt dette er handling, men målet er å sleppe å handle så mykje på ei lang rett linje. For dei som vil sjå Bjørk på film der vi setter samen diverse momenta som vi har trena inn frå sit til kjede, her var alt plassert ut blindt medan Bjørk ligg i bilen, avstanden er også mykje lenger enn filmen viser intrykk av, dette er på grunn av optikken eg brukte på kameraet, sjå film her >>> Etter slike terpe økter, kjøre vi alltid lange rette linjer uten stopp. Dette er eit minne punkt og hundane var der for ei veke sida også, og vi sette ut dummy før vi gjekk tur (tre timar tidlegare) vi gjekk ikkje same vegen tilbake, vi gjekk framover og kom igjen på ein annen stad. Optikken på kameraet lure oss, men linja er ca 280 meter og hundane brukar neste eit minutt på fram og tilbake. Bjørk tar ei lita pause på veg ut, ja ho stopper litt og ser seg tilbake og ser eg vil ha ho lenger ut, dette burde ho ikkje gjer, men eg ser igjennom fingrane her, målet er at ho helde retninga og ikkje stopper opp for lenge. Plask tar linja som nummer 2, henna linje er lekker mildt sakt, det vi ser på filmen ser eg ikkje med auga når eg ser utover, tenker på då på apport opptaket og vendinga tilbake, lekkert, sjå film >>> |
15.11.2018 |
I går var bjørk 4 år, tida
flyge så fort. Gårsdagen var aktiv vi både trena litt jakt og vi var på
litt lp-trening. Det er så kjekt å trene hund, å samarbeid for ein som
bonus når ein aktiviser hundane med noko som dei likar og ikkje minst vi
likar. Bjørk er ein herleg hund å jobbe i lag med, ser dokke på filmane
så logra ho alltid, like glad, ja sjølv når ho er litt usikker på
arbeids oppgåve gjeng halen på henne. Bjørk vil være 100% sikker på arbeidsoppgåva og konsentrera seg godt om kva ho skulle og er det rett det ho gjer, her har Bjørk eit ekstra gen :) Dei fleste andre hundar prøver og feilar i eit sett, Bjørk kvalitet sikrar arbeidet sit og det kan være litt krevjande med hund som alltid vil gjere alt heilt rett. Det positive er at når Bjørk er skolert så blir ho best i klassa på grunn av dette med god fokus og gjennomtenking av vi gjer alt rett. Usikkertheit blir blåst bort når ho veit og er sikker på at ting går rett føre seg. Være hundetrenar handlar mykje om å tilpasse trening til den hunden ein trenar I går trena vi litt teikn igjen, målet er ho skal ta teikn å signal godt på 100 meters avstand, det er årets treningsmål. Vi tar av og til litt film for å analysere treninga og forbetre treninga til neste gang også for å huske på korleis vi trena sist. I går var det store utfordringar, men Bjørk slepte taket fort idet ho hengte seg på, å eg er derfor veldig tilfreds med det, her er det berre å stå på vidare med å gi forskjellige oppgåver nært på og etter kvarandre. |
Etter denne treninga der
det blei mange stopp for å få ny kommando, måtte eg låse opp igjen å
kjøre lang linje utan at eg skulle blande meg. |
Ei lita dose på Plask med
momenttrening, både sideteikn og nærsøke frå sit. Plask trenar eg aldri stopp på i arbeid, ho skal kunne fleire ting av det som skjer etter ein stopp før eg montere stopp inn i arbeidet. Her er ein liten nærsøk film av Plask, mini dummyen er dekt med gras ikkje synlege mål, Sjå filmen her >>> |
13.11.2018 |
I går var vi å trena LP,
både Bjørk og Plask.
Målet er å starte
på lp-konkurranse til neste sesong. Etter eg hadde trena Plask tok eg henne inn igjen og prøvde henne i tunnel, dette med tanke på at rekk vi det så kjøre vi litt rallytrening også, eller blir LP litt vanskli i kl 3 tar vi rally som erstatning :) |
11.11.2018 |
Fin fellestrening i dag med
5-6 deltakarar. Hund var Bjørk, Plask måtte trene på å være heime. Over til treninga så er Bjørk fantastisk behageleg hund å ha med, ho stressar ikkje, ho held seg roleg på fot uansett kva det er som skjer. Vi rakk ein del på denne trening, så kvar sin markering i skogen blei det, det var moment med ei djup grøft som måtte passerast. Etter på tok vi momentet med å kjøre til grøfta, stoppe hund likefør og la hund nærsøke i grøfta. Ei god økt med generalisering for Bjørk sin del. |
09.11.2018 |
Litt trening blir det på oss (i går hadde
hundane heilt fri) det er også viktig. Onsdag
var vi i veg for å ta oppstillingsbilde til den nye flatboka, men vi
må ta nye vi er ikkje nøgd med kvaliteten på bilda, hundane ser ok ut,
men bilda har for dårleg kvalitet til at eg vil bruke dei i boka, så
neste veka må vi prøve på nytt. |
Etter fotograferinga, blei det ei korte økt med
trening, det blei litt markering og eg prøvde Plask på litt nærsøk
signal. Ho reagere lyn kjapt på signal, men litt problem med å holde
henne i det området som eg vil ho skal søke, det er ikkje så rart ho må
no lære korleis ho skal leite. Så her skal vi jobbe litt framover med
skjulte apportar og søksignal. I dag sette eg av tid til å trene linjer og det blei ei fin veldig vellykka økt. Måle med treninga er at hund skal lære å springe rett å langt utan å søke seg fram til apporter. Når dette er på plass er det handling og styring kommer inn, men delemomentet spring rett og langt er veldig viktig for meg og mine hundar. Her er det nøkkelen min ligg for at eg skal lykkast med hund, eg må tørrtrene opp og i mente på dette å sende hund i rett linje mot målet. Både Plask og Bjørk er veldig roleg i passiviteten og dei finn seg i å vente medan eg kjøre Bjørk og omvendt, dei legg seg berre ned utan noko som helst beskjed, ja for å vente på sin tur ! Herlege hundar eg er stolt av. |
06.11.2018 |
I går var både Plask og Bjørk med på tur og litt
trening. Bjørk har jo hatt løpetid og fritid ingen trening når ho har
hatt løpetid. Bjørk skein som ei
sol når ho oppdaga at ho fekk være med meg og Plask på tur. Sidan det er lenge sida eg har trena Bjørk starta eg med linje, korte og lange + eg kjørte litt nærsøk. Plask var også å trena Lp i går, det like vi. No er det fokus på å bli klar i kl 1. til deby, 2 og 3 mars 2019 då skal vi til Fræna på LP-prøve. I går trena eg fellesdekk med henne, masse urolege hundar rundt henne, ho ligg fast som fjell. Mål må ein sette seg, då går det så mykje enklare framover med treninga, det å strekke seg etter noko hjelpe på. Trening er ferskvare, om det er apportering eller lydigheit, og eg oppleve det som det går litt hand i hanske dette med å trene litt av kvart. Jakttrening består også av mykje lydigheit og eit godt samarbeid, det vil då sei eg meinare at det kun er bonus å trene litt av kvart. |
04.11.2018 |
Ein fine dag ute
med veldig bra temperatur for å være 4. november, fin trening var det. Vi forsette så med ei lita økt der vi hadde alle 6 hundane i jobb/passivitet, linje og ut sending langs linja, det fungerte bra for alle. Plask fikk sjå når dummy blei droppa, ho sprang rake linje fort, griper dummyen fort og vender rett heim i stor nok fart. Vi starta med markering på linje to enkle og avstander var stor, men vi hadde god oversikt så momentet skulle være løselig for oss. Så ei økt som kaster, og på igjen med ein nye markerings økt, her hadde eg heldigvis landa og framsto som trygg og handlingsfør. Dei to rett ut, tok eg inn i mellom og linja var rak og rask, så dagen blei fin og kjekk for oss :) Bygge unghund er moro, grunnmuren er ikkje ferdig enda og eg kan love den blir solid, Plask har talent. |
Vi er ferdige med treninga i dag og Plask er
plasert i buret sit, gode fine Plasken min :) Neste veke blir det også trening på Bjørk, då kommer vi til og forsetta der vi slapp, og då blir det vell litt om Bjørk også her. |
02.11.2018 |
Vi eg og Plask, grunnsteine skal ligge fast og
fin, det eg veit som ikkje er så bra med oss når eg tenker på det nivå
vi er på, er ro ved holt, her har eg etablert ein mase adferd på Plask
som eg må få bort. Plask er rask og eg er rask på å svare på henne mas
eller vi makker i lag uroleg rundt fot. Her må eg ta tak, dette går
ikkje. Eg veit om feilen vår og eg har ikkje tatt skikkeleg tak i det
endå, men no er tida kommen. Vi tok ei lita økt i skogen i dag der
fokuset var fot og ro ved holt her må eg jobbe og eg har starta, eg
filma meg også for å sjå korleis det ser ut når eg fokusera på
dette momentet >>>> |
31.10.2018 |
To dagar med kvile på Plask, men i dag klarte eg
ikkje å dy meg måtte trene litt.. mildare i lufta og bra meldingar utan
kulde nokre dagar til, det liker eg. |
Det blei ei lita korte økt med linjetag på
Plask, Plask er litt som Arwen var ho kan springe fem gangar langt utan
å tenke så mykje over kva ho gjer, Plask gjer det med den same farta
utan å tvile så mykje. Likevell går ho ikkje opp i stress, Plask er
roleg når ho ventar på å få neste ut, dette liker eg godt. I dag la eg ut 5 dummy til Plask, brukte ikkje altfor lang linje, vil ikkje bruke for lang når hund spring så mange gangar, men bruker eg 2 eller 1 vil eg kjøre mykje lenger, dette er mine tankar for å holde oppe tempoet og intensiteten. På den femte dummyen nøla ho litt og då gjekk eg eit par meter fram og gav ho litt tid. Film har eg for spesielt interesserte >>> |
29.10.2018 |
To flotte dagar med sol og hundetrening, hund
Plask, Bjørk har løpetid ennå og ligg på lading. Å ja eg har det i bakhovudet når eg legg opp trening for Plask, fellestrening er til for å befeste adferd i alle miljø og i lag med andre hundar. Her som vi var desse to dagane har Plask aldri vore før, det er som å komme på ei prøve, der har vi heller aldri vore før. På søndag var det start med jaktlydighet fot på linje, litt innkalling, bra opplegg og fin oppvarming. Så blei det ei økt som kaster og kaste liker eg så det er også moro på ei fellestrening få gi litt!! I dag måndag, starta vi med eit stort felt, vi sette hundane på sitt ( 4 eller det var 5) vi la ut 28 dummye i diverse størrelsar. Ja og etter min logestikk, den er eg nøyen på, det hjelper veldig på når vi har igjen ein eller to dummy og skal sende ein hund etter siste apportane. Neste par plukka inn 6 kvar veldig flott arbeid av dei også, så tok ein flinke elite hund, resten .. utruleg kjekt å sjå så mykje flott hundearbeid av alle. Siste økta var det markeringstrening, her kasta vi også til kvarandre, veldig kjekt å være kaster å sjå korleis hundane løyser apportane, markerar og søker og gjer funn for så å dra rett heim. Retrieverane er ein fasinerandes rase når den for lov å gjer det den er avla for. Hund er individ, ingen er like ! |
25.10.2018 |
Det å bygge vidaregåande hund er moro,
eg har fokus på det no når eg trenar Plask og gjer så godt eg kan
for å få det som eg vil. Trene hund er moro og for meg er det ein god del perfeksjonisme med i vidaregåande trening, men målet er å komme så lang som råd, og då er det perfeksjonisme som teller, avlæring føre sjelden fram, det føre til frustrasjon og usikker hund. Med Plask trena eg alle momenta som vil komme på ein elite prøve, det vil sei det er små byggeklosser som blir montert i åra framover. (Med Bjørk er eg monterings nivå.) |
23.10.2018 |
Eit par dagar med treningsfri må til inn i
mellom, i dag var det tur på Plask og vi hadde med Rally som springe
kompis, trene litt kondisjon for vi kalle det. Bjørk har løpetid og lyt
berre kvile seg til ho er ferdige
med det, det vil sei ho for ikkje være med å springe laus på tur. |
20.10.2018 |
Bjørk har fått løpetid og
ho for såleis ei pause i treninga, det trenge ho :) I dag blei Rally
veldig glade ho fekk nemleg være med i staden for Bjørk. I dag sette eg opp kameraet for å sjå korleis Plask klare å løyse ei oppgåve der eg kasta vilte skjult inn i ei busk, Plask såg ikkje kvar eg kasta, ho sitter ca 50 meter frå meg i lag med Rally. På filmen ser vi først når eg kaster, så Plask som leitar lenge og vell etter noko, så Rally og tilslutt Plask igjen, no går Plask mykje raskare direkte i buska for å leite, så ho lære fort >>> Dette med å bruke skjulte kast eller vanskelege kast inn i kratt må vi bli flinkare på, det er dette som for opp intensiteten og evna til å gi raske funn, ikkje berre spring å hent på ei mark. Og i verstefall blåse i fløyta og be hund plukke opp :) det er enkelt å få til på hundane mine som er så villige til å jobbe i lag med meg, men eg lure meg sjølv ved å hjelpe dei i hel :) hi hi.. |
19.10.2018 |
I dag har Plask og Bjørk trena litt med vilt,
har plutseleg full frysar med vilt så no kan ein ikkje skulde på
viltmangel :) Bjørk har veldig
fine avleveringar og legg aldri ned vilt det veit eg og eg er derfor
trygg og roleg når ho kommer mot meg med eit vilt. Eg brukar å filme meg
sjølv ein del når eg trenar, dette gjer eg for å rette på mine feil og
det har eg stor utbytte av. Eg ser på filmane at eg har ein liten
tendens til å fange vilte under avlevering med Plask, det hadde eg ikkje
lagt merke til hadde eg ikkje filma Bjørk også, der er vi så rolege og
har så fine gode avleveringar. Eg har derfor sett meg mål om å skolere
fine avleveringar på Plask også, det kan være litt vanskelegare enn på
Bjørk, Plask er nemleg så mykje raskare i alt ho gjer og det blir ho
også på avlevering, derfor må eg jobbe mest med meg sjølv korleis tar eg
i mot frå Plask og ikkje forsterke henne skunde seg adferd ! Linjetag det var ein øving eg trena ein del for mage år siden, la det litt på hylla fordi eg ikkje ville ha søk framover, kun søk ute i området og har derfor brukt mykje mål å springe til, sløyfe i tre/ pinne med sløyfe på, kvit bytte som var synleg på lang avstand. Det har fungert fint og Bjørk har lange fine linjer. No har eg derimot vore på kurs med Åse .. då var det kvite dummy og linjetag på nytt og eg prøvde det på kurset på Bjørk og den funka fint, hund ser neste dummy i det han hentar dummy, derfor lett å få til å springe på nytt. |
15.10.2018 |
Oppdatering fra
Bergen, 1.plass Flatcoat-Arwen's Plask, Ann-Olaug Toftesund /
16-19-20-20-19 Totalt 94 poeng. Det vil sei vi vant WT !
1 WT- BK på Plask,
Yes! Vi har vore i Bergen på WT, Plask i BK og Bjørk i AK, Plask var rå flinke, post 1 var ein lang enkel markering i ein unnabakke, landa i eit område med stritt gras, Plask jobba veldig bra og fort, det tok litt tid for henne å finne den, men 16 poeng fekk vi inn på den posten. Resten av postane spikra ho, post nummer 2, litt fot gåing, så ein enkle markering, her trekte dommar 1 poeng på grunn av vi kunne gått litt betre fot :) 19 poeng. Post 3 enkelmarkering, Plask spikra perfekt 20 sa dommar ( men vi har fått 10 poeng på det som ligg ute, merkeleg) men men.. post 4 og 5, 20 og 19. Plasken plaska i veg i skikkelig plaske vær i Bergen. Nummer 3 av 20 i BK er ikkje verst det heller, men med 10 poeng som eg sakna ville ho truleg vore nærmare toppen :) Det er moro å oppleve at brikkane dett på plass etter målretta trening. Ein må berre være tolmodige og derfor gir eg ikkje opp om ikkje alt går på skinner. Trene hund er live for meg og det å få reise på ei og anna prøve for å sjå om vi har trena rett gir glede til meg. |
Plask med den fine premien fra Bergen. |
06.10.208 |
Plask og Bjørk er gode venner og nokså like i adferd :) |
Bjørk mengde trenar eg på det eg vil ho skal bli god på, Bjørk er ingen duracell hund :) og må trenast på kvalitet og ikkje mengde, det vil då sei eg må repetere over fleire dagar i staden for fleire gangar på same økt. Målet er raske reaksjonar og holde oppe farta i tillegg spikre inn forståelse av momenta når eg gir henne beskjed om å gå rett til venstre eller høgre. Bjørk er flinke på lange rett linjer og det skal eg gå tilbake til å trene mykje av utan å drive og stoppe å vinkle av. Likevell er vi på generaliseringa av dette og det skal også sitte når eg har bruk for det, derfor må det på plass. Bjørk terpar på teikn >>>> I Plask er det masse ungesprell, av og til litt brist på konsentrasjonen, dette blir bedre ettersom ho blir treningsvant, små økter, byte av treningsplass ofte er litt av den metoden eg nytta på henne. Eg synast ho er flinke og ein herleg hund å jobbe med, gir mykje glede til meg. |