<<<

Treningsdagbok. Oktober

30.10.04
Oppsummering av Oktober; kva har vi fått erfare . Arwen kan bli ein treningsnarkoman vist eg tilet det. Arwen blir holt igjen i trening, eg stressar ikkje med henne. Lp treninga går seint, det er triveligare, og trene spor, og apportering. Sosialt fungerar ho svert bra, helsetrening held vi på med, den består av sitte når nokon skal klappe, det å få ein flatt i fleisen er det ikkje alle som likar.

Miljø trening ho er trygg på det meste, ho er til å med starta jakt på støvsugaren når eg brukar den. Det var det einaste som ho har vore litt usikkar på, no bryr ho seg ikkje lenger.

Har no  rette treninga inn mot konkurranse, og kjem til å føre logg over treningane. Og dette er no finne på heimesida mi. Oppdatering på denne sida som eg kallar trening vil famleis vere, men det vil bli litt meir om dagligdagse ting, og om eg har oppdatert noko i loggen.

 
29.10.04
I går var Arwen utan mat, ho hadde laus mage, og derfor valte eg å la ver å gi ho mat.Laus mage fekk ho av at ho hadde starta ete på ein forsekk kor mykje ho hadde fått i seg veit ikkje eg, men ho drakk og drakk kvelden før, og var nokså rund. I dag er ho normal igjen og har fått sin porsjon med mat.

Eg kokte egg til frukost i dag, ho får litt egg. Det er ei god ubehandla protein kilde som eg nytta til mine hundar. Arwen er ein klikkar hund som dei fleste kanskje veit, og mine barn har lov å trene med henne. Anne Lene held på lære henne danse... i dag når eg satt å åt frukost med egg, det ser ho. Arwen starta  å danse rundt og sitt, rundt og sitt....

Det var eit forsøk på at eg skulle få opp fart slik ho fekk egget sitt... fort. Ho fekk egget sitt etter eg hadde ete, men det var nokk utan bruk av klikkaren, ja. Hadde eg villa lært inn underholdning til maten kunna eg nytta dette å klikka for dansen, og kunna då fått dans til frukost J kvar dag vist det var ønskjeleg.

Spor skjema er no tatt i bruk.. Og eg vil dele det med heile verda korleis det går med sporinga. Har gått eit spor i dag og notert på treningsskjema.

 
27.10.04
I dag har vi kunn trenet spor, ikkje eit einast klikk, har ikkje hatt tid.

Sporet var i krattskog med framandes sporleggar, tett kratt, to mattskåler. Eg hadde nok med å sjå kor eg skulle gå. Hadde to bak på som skulle sjå og oppservere. Det blei litt knas i kratt, men Arwen klarte å løyse oppgåva på ein fin måte, stoppet ein gong får å sjå kva som kom i skogen bak henne.

 
26.10.04
I går var vi på hunde trening utan at det var kurs!! Ho var svert spesiell i går, sto å halsa, (det er noko som vi ikkje skal lære) eg har ikkje bruk for det. Veit ikkje kva som går av ho, men i går skrudde ho seg opp på alt og alle. Ho fekk ikkje noko respons på det, så eg håper det er noko adferd som vil dø ut fort... Eg har prøvt å ikkje trene inn noko forventnings press på ho. Vi trena ingen ting kunn var til stede. Ikkje noko springing med andre hundar heller.

Før på dag i går var vi i skogen. Vi skal starte trene felt har venta med det, men no skal eg starte i det små. Vi trena litt apportering, og litt ”fot” det skal det heite i skogen. På appellbana skal det heite på plass.

I dag har vi klippet ører og klør. Ho ser no litt naken ut som nyklippet, men pen. Det måtte til... ho var nokså tafset på ørene, det er einast plassen som pelsen hadde litt lengde. Haletippen med har eg klippet, og den har vore klipt før.

 
24.10.04
I går var det litt trening, og ikkje tur. Vi trena litt apportering i hagen, når eg trenar apportering så er eg særs nøya på utførselen av slutt momentet, sitt og vent til eg seier takk. Arwen skal oppleve dette som det aller kjekkast som er, og då er planlegging viktig . Trene slik at vi må lukkast, og kvar apport er ein unik oppleving for henne.

I dag har vi godt spor, og det gikk bra.. Dette med spor har ho talent for, og eg synast det er ein svert trivlig å gå bak når Arwen er på sporet.

Etter sporet... Gjekk vi tur, trena litt fløyte innkalling, i tilegg trena vi litt apportering. Når eg seier litt, så meinar eg litt... Ein rett utsending, og to markeringar, sitt fungerte fint når eg gjekk for å legge ut apporten... til rett ut, sitt fungerte også utmerket på markeringane, ho er stabil i hovudet, finst ikkje stressa, men når ho spring ut for å apportere går det unna, og tempo inn er like bra, ikkje noko nøling her nei.. Akkurat slik eg ønskjer henne, måtte det vare J lenge.

 
22.10.04
Apportering og lp øving, no skal eg ta og starte forme heile øvingar.. Alt til sin tid. No kan Arwen sitte litt, og eg vil starte med å late Arwen sitte litt lenger, dette er sitt utan å blande inn bli. Dette treng eg i dirigeringstrening ( jaktmoment) skal vi få til dette må eg trene, og koppel må av. Trener det i små "moment" no først på plenen, og så vidare i skogen, på fjellet, i lag med andre hundar, alt må sitte etter kvart. Målsetning er å vere prøveklar til nestesesong.

Ho sitter på sitt kommando no når eg går å legg ut ein dymmi, men kor langt eg kan gå, før ho kann komme på å røyse seg ? Skal gå forsiktig fram, då eg skal trene utan å brøle nei !! Så må eg gå varsam fram ..ja. Trur det skal gå ann å få til. Vil eg erfare at det ikkje går må eg bruke "bli" eller fysisk kople henne til ho sitter. Noko “nei” brøl skal eg prøve å unngå. Eg kjem nokk til å bruke “nei”, men ikkje i innlæring der passar det ikkje mitt trenings opplegg. Feil bruk av “nei” er hemandes. Det er eg som er ein dårlig trenar vist ikkje eg får det til, og ikkje hunden som er umulig, den har berre ikkje tilstrekkelig lært det den skal..

 
21.10.04
I går var vi i veg, og gikk spor, det lika ho, og ho er særsdyktig, synast eg då J kombinasjonsspor litt mold, gras, grus, vinkel, skogbotn, krattskog og to mattskåler med mat.. besto sporet vårt av.

I dag har Arwen fått tatt det med ro.. Vi har ikkje vore på tur, men vi har trenet litt apportering, lp har vi og trena. Eg må vel no ta og planlegge litt treninga korleis vi skal kome vidare.

Har tenkt å sette opp eit momentskjema mot lp øvingane, men eg har ikkje komet så langt enno., men det kjem nokk.

 
20.10.04
Måndag var det tur i skogen, vi kontakt trenar, og vi trener fot gåing med kontakt når noko dukkar opp. Vi går langs ein grussvei som er mykje nytta til tur både for eldre, og barn frå småskulen og barnehagar. Og då skal du ha god kontroll på hunden din før du slepp den laus... Arwen er glad for alle vi treff for då får ho klikk og godbit for å gå fot. Eg nytta ikkje noko kommando eller inn draging i lina, men vi har bevist trena på dette når vi har vore på tur. Ho har ei ca 5 m line som ligg på vegen, eg bellønnar henne ofte berre for at ho ser på meg, og det gjer ho mesta heile tida. Er det lenge mellom kvar gong eg bellønnar blir ho ganske gira på å få meg til å klikke J Når vi treff nokon vi kjenner så tar vi ein prat, ho hoppar ein del rett opp, og vil helse. Vi har trenet ein del på dette med figurant at ho skal la seg klappe utan at ho hoppar opp. Figurant bellønnar henne når ho er rolig, ho gjer alt for rett bellønning. Men i skogen er det svert få figuranten å treffe så då må vi nokk løyse det på ein praktisk måte. Ho får ikkje helse når ho gjer slik. Eg held ho berre tilbake ho er då rask til å sette seg får å sjå på meg, og ho er helt rolig medan vi snakkar.

Måndags kvelden var siste kurs dagen vår... Etter kurs klikka vi litt, eg satt på sekken min og ho sitter ved sida, og ho er rolig kan hende eg er litt i bakventland, men eg vil ikkje ha nokon hund som skrur seg opp berre den veit at det er fleire hundar på trening, leik ,ball, springlaus alt dette er der, og ho får lov til det meste. Eg har derfor den erfaring med rasa at riktig passivt trening er sundt.

Det vart plukka fram frå sekken apportbukk, og i dag kunne ho apporter. Plukka opp og sette seg ned rett framfor meg.... Når eg brukar orde plukke opp betyr det at eg trena helt nær eg kastar ikkje berre legg den framfor fotande eller like i nærheita. Momentet med å ruse etter ein apport kan alle det treng vi lite trening på... ( mine hundar treng lite trening på det.) I tilegg trena vi helsing med figurant, og var figurant for ein (BC) som trena i nærheita.

I går var det også tur med det same treningsopplegget som måndag. I tillegg trena vi bakpartskontroll, sitt, dekk frå på plass, og så trena vi litt apportering.

 
17.10.04
I dag har eg og Arwen vore i veg til Strandafjellet. Kvalpe/grunnkurset vårt hadde praktisk bruksarbeid på menyen i dag... Verklig triveleg, og sjå at vêrgudane var med oss også.. Strålande sol og paktfullt haustvêr.

Arwen fekk vise( skulle) litt retrieverarbeid; Det var ein Labrador blant kursdeltakarane som skulle få nokre råd, og trenings tips om apportering.

Arwen var  litt på bærtuer i dag ho var ikkje noko særlig til apportør i dag.... Sånn er det berre, kan fint å plukke opp og supre avleveringa heime, men på fjellet kunne ho ikkje det i dag, og ho kunne ikkje sitte heller. ( Generalisering) har eg hørt om så eg tar det ikkje tungt nei....

Tilslutt fekk ho eit enkelt spor, og det kann ho. To matskåler ein vinkel... ho går svert fint med eit behaglig tempo. Det at eg har klart å få eit tempo som eg er svert nøgd med takkar eg spontan metoden får...

 
15.10.04
I dag har eg vore ute og arbeidt, Arwen har måtta stått i band, og sett på meg. Det har vore eit nydelig vær og ho har kosa seg i sola... Det er trening av henne dette, ho kunne gjerne vore inne eller laus i det store inn gjerdet hagen vår, men ho må lære og stå fast og berre vente. I dag var ho svert flink J
 
14.10.04
I dag har vi vore ute og reist, måtte til Moa og hente meg nye sko. Arwen fekk vere med ho ligg fint, og søv i bilen når eg er på slike oppdrag J . Når ho skal vente i bilen når eg evt. legg eit spor har ho litt av ei stemme. Vi rusla litt rundt på fergje kaia, og der var både trailer, og andre lydar, men ho er like rolig som ho skulla gått i stua å tusla. Har trenet litt klikk med henne i stua, og gangen i dag. Det er bakpartskontroll vi held på med. Det er å rygge på fot vist nokon ikkje veit kva det tyder.

Vi var ein tur på Stranda fjellet, og fekk ein av dei som trenar redningshund til å legge spor til oss, to matskåler, 90 graders vinkel kryssa ein grusveg. Arwen løyste oppgåva bra, vinkelen gjekk svert bra.

 
13.10.04
Flott vær og tur vær, i går var vi ein snar tur utover og trena litt jakt passivitet, det er moment som eg må trene i lag med andre, det at Arwen får sjå andre jobbe, apportere vil eg trene på. No har eg ikkje trenet henne i mykje apportering, og ho har ikkje så stort forventningspress på seg. Passivitets testen gjekk fint ho fekk sjå på at to andre hundar fekk apportere, testen bestod ho med glans. Ho var i passivitet, det blei ikkje noko lyd eller rykk i bandet. Vi sto berre og såg på.

I dag har vi vore i skogen, og berre gått tur ikkje noko trening anna enn frisk luft J

Susann kom for å trene klikk vi trena. Ho trena helsetrening med Arwen klikka når ho er rolig. Vi trena litt bakpartskontroll i gangen, og ute på terrassen. Og Arwen fekk leike seg litt med BC til Susann.

 
12.10.04
I går sportrena vi litt.. Har starta trene 90 graders vinkel.. Dette med å trene meg sjølv i lesing av Arwen er ein del av sportrening vår. No er det vinklar vi skal trene. Eg brukar framleis mat skåler med godbitar i sporet. Gjenstand i sporet har eg ikkje noko hastverk med å trene inn.

Vi gjekk tur i skogen, der trefte vi litt av kvart. Mann som saget tømmer, motorsag lyd, mann med hjelm, traktor som heisa tømmer, folk etter vegen,  vi fekk oppleve litt av kvart. Arwen reagerar med å  senke litt kroppen når noko nytt dykkar opp, men ho er ikkje redd, eg tykkjer ho virke solid. Når vi nærmar oss det nye er ho i hopp å dans modus, og finst ikkje redd.

Før vi skulle ha kurs. Trene vi litt helsing med Susann, vi brukar klikk når ho setter seg og Susann får ta på ho utan at ho hopper ein meter rett opp ... ho er (flatt glad).

Under kurset måtte ho ligge i bilen, trene på det er serdeles viktig. Lære at det ikkje skal skje noko heile tida. Etter på var det hinna tur til å ha det gøy... Fekk vise litt korleis vi skal plukke opp og avlevar.. Og korleis vi skal trene apportering. Det blir løyst nokre skåt medan ho ligg i bilen. Eg tar ho ut og det er ingen reaksjon, til slutt får ho to skåt i samband med apportering, reagerar men positivt, ingen unormal reaksjon kan merkast på henne. Eg brukar litt avstand det skal vere positivt og ufarlig.

 
10.10.04
Tur i skogen... det er alt i dag. Ho trena på  å ligge og sove når eg sitter her på dataen min.
 
09.10.04

I dag har eg trenet litt apport med Arwen (dymmi). To rett ut sending og ein markering. Virker  som innkomst er godt befesta, rett til meg utan nokon avstikkar. Så då er det generalisering som skal til, tren dette med fleire hundar til stede. Eg brukar klikk etter avlevering.

Har trenet litt klikk inne i dag sitt, dekk, på plass, det er adferdane som eg har sett ord på.

 
  Arwen er her i "kamu" ikkje lett å sjå blant ein haug av kler. Her legg ho seg i ein haug med kle, varmt og mjukt. ( ikkje akkurat så ryddig på badet då J )
 
08.10.04
Ho sov i natt så det røkte beinet, fekk ikkje dei konsekvensane at ho måtte ut.. Når det gjeld det med ut på do, og bli reinslig, har ikkje det vore noko som har bekymra meg. Vi har vore flittige til å lufte, det skjer nok eit å anna uhell endå, men ho er stort sett tett. Kanskje vi legg inn att teppa til Jul J  Det er ein del av forminga av “Arwen” dette at ho skal bli reinslig. Alle hundar blir det før eller seinare, berre vi er bevist på det, men kor lang tid det tar, det kan no vere so ymse.
 
07.10.04
No er det nokre dagar sia eg har notert noko, det har vore knapt med tid. Eg har vore opptatt, må gjer litt anna enn trene Arwen J og sitte med dataa, sjølv om eg tykkjer det er svert kjekt begge deler.

Arwen blir trenet litt inni mellom , har prioritert at ho har måtta vore heime og blitt trena litt av andre enn meg. Det har eg igjen for, det skal vere kjekt å måtte vere igjen heime sjølv om eg er ute og fer. Dette er ein del av planlagt forming.

Når det gjeld mi trening av henne, er eg i ferd med å lære ho orde “på plass“, synast eg må gjere det, trur eg gjer rett i det. Vi trena litt spor, avlevering av apport, det er ikkje så mykje nytt vi held på med,  har ikkje hastverk, vi tar tida til hjelp.

Ho har i dag fått seg eit stort røkt bein,  håper på at ho skal gnage ut eit par hjørne tenner. Ho har ikkje hatt tid til å gå ut av buret på kjøkkenet, men ligger å gnagar i eit sett, beinet er så stort at ho ikkje har bert det med seg. Bella har vore inn i buret eit par gongar for å prøvesmake, når Arwen har vore eit nødvendig eiend ut. Det blir vell nokre nødvendige ertent ut i natt kanskje J

Trening i store mengder er eg redd kan påføre stress, så det er nokk derfor vi tar det litt med ro, spesielt med Apport trening, eller jakt trening. Eg prioriterar tredje siste, nest siste og siste leddet i kjeda; godt tempo inn, sitte og vente med apport, og fine avleveringar.. Kan no røpe at ho har eit fantastisk tempo inn, og det vil eg tru dykk som får sjå ho i framtida får oppleve.

 
04.10.04
I dag har vi ikkje gjort det slag, men Arwen har trenet med Anne Lene og Pernille, dei har klikk trena henne, det er ein del av forminga. Eg vil at ho ikkje skal vere så opptatt av berre meg, lur måte det med å sette fleire til å trene henne, då blir ho opptatt med noko triveleg. Har gjort det same når Hans Emil har passe henne, dei har trena sitt med klikkar, og då er det Ok å vere heime med dei andre, det kan skje noko triveleg der sjølv om eg ikkje er der.
 
03.10.04
Har vore på tur i dag, trena på det og gå forbi folk som vi treffer, Arwen skal ha kontakt med meg på frivillig vis, eg er så...... opptatt av Arwen, at eg passere kjenningar utan å merke det. Dei som ikkje forstår kva eg held på med trur sikkert eg har blitt  meir sprø enn det eg allereie er.. Det å klikke for god kontakt ved passering av folk synast ho no er helt ok. Og fin sin plass, ho går mase lineføring når vi går tur... Helt frivillig.

I kveld var eg i veg og gjekk spor; 3 spor totalt, 2 la eg sjølv og eit la Anne Lene. Eg brukar mat framleis i sporet, har ikkje starta med noko gjenstand i sporet, tykkjer det er tidleg. I dag ringa ho, mykje sportap, det var på grus og eg trur det var fleire spor som var årsaka, kryssande spor. To av spora hadde i tilegg skog/plenmark, på det momenta gjekk ho betre, minder kryssande spor ?? Vi må repetere og trene meir grus. Ho løyste spor oppgåva i dag.

 
02.10.04
Vi har vore på skogstur i dag, berre kosa oss og gått tur. Klikka har vi gjort på turen, held på å forme at ho skal av seg sjølv gå inn på plass, og gå lineføring med kontakt når vi passere folk. Ho lærer fort, det er ikkje noko form får kommando på dette. Ikkje smatt eller plystring heller, ho tar kontakt med meg, eg styrer ho litt med lina, men prøver i lengst mulig grad at ho ikkje skal merkar det, ho her 5 m line og eg tar tak nær ho, skal eg unngå at ho flyg ut og hoppar på folk må eg det, men brukar ikkje lina til å dra ho inn, det har eg gjort, men målsetninga er at eg slepp det. Det er det eg held på å forme.
 
  Sitt og bli, fotografert av; Pernille.

Bilete er teke i dag, og ho er 21 veker.

Arwen har fått kommando sitt og bli, på dette bilete. 

Fokus har ho på ein apportbukk.

 

 

 
01.10.04
I går var det, ein liten tur i skogen, ein del klikk trening heime på plenen, Vi gjekk eit spor, det var eit kombinert grus- gras.. Gras delen gjekk fint, men overgangen til grus var vanskelig, var tenkt å bryte men gjor det ikkje. Om ho oververa og ville fort fram, eller det var noko anna dei skjøna eg ikkje. Ho tok sporet til slutt, bestemte seg i vertifall for å starte spore igjen å då gjekk det bra. 

Kviledag i dag, ho har kunn sove, ete gått på do, sett på når eg arbeider. Eg synast det er vansekli å la ver å trene henne, men det er mi plikt å lære henne at enkelte dagar gidd eg ikkje trene, og ho skal berre ta det rolig. Det kjem dagar då eg ikkje har tid, det kan vere at eg er sjuk, borte eller, et eller anna, som gjer at ho må vere passiv. Ho er ein ekte retriever, og dei skal kunne vente eit par dagar, før dei får gjere noko som helst J . Innlærd passivitet eller på trena stress ? Begge deler er fult mulig. Det er viktig at hundane er klare til å yte når du ber om det, og dei arbeidar  med glede. Retrieveren er ein apporterandes fuglehundrase, opprimelige bruksområde er å bringe heim felt vilt. Kunn arbeide etter skott, og det er då viktig at denne eigenskapen fungerer. Trening må til, det er ikkje alt som er medfødt heller, ein del ting må settast i system.

Eg brukar også klikkartrening på min hund, som bygger på hundens eigeninitiativ. Og eg er ikkje redd for at den startar å tilby meg ei menge adferder, i ein situasjon når ho ikkje skal. Når vi trenar er ho våken, kvikk og klar til både prøve nytt og utføre det ho kan. Når ho veit kva ho skal, så vil eg tru at det er så godt befesta, at ho gjer det ho skal og ikkje noko anna