<<<

Treningsdagbok. Juli..

Arwen har vore på sandsøya får første gong, der var det mykje nytt å spennandes. Reisa ut gjekk fint 3 fergjar å fergje køar alt utan teikn til syting J . Arwen var også ut på dekk på siste fergja, og det gikk fint, ikkje teikn til redsel like glad og fornøgd. På Sandsøya var der spennandes ting, i fjøre var, måseskit, fiskebein, tare alt var like godt, vasse litt i sjøen, gå på kai prøvde ho også, smake på tørrfisk det var nam nam.... Heime på Sandsøya har dei ein Cairn terrier tispe ved namn Dakita, henne gjekk det fint å veri i lag med, ho var passande streng, blei ho lei fekk Arwen klar beskjed om å kutte ut. Ho fekk også helse på to store hundar, (leonberger og ein stor blandingskvalp). Det var ikkje støv skummelt dei store hundane blei holt rolige i band, og Arwen fekk snuse på dei.

No i helga har eg vore på Standal, hjelpe til på NRK avd. Sunnmøre sin jaktprøve, ho har vore heime med familien og det gjekk fint, ho har til å med sova til kl 6.30. Når eg kom heim frå Standal hadde eg med noko med fjør på, som ho fekk lov til å plukke opp, og springe etter meg med, ... det gikk svert spontant J

27.07.04
I dag sto Arwen opp kl 4.30 ho er morgon fugl...... Var i går på hundetrening for å treffe litt hund kompisar, og ho fekk helse på ei terv tispe med namn Emmi, Emmi er 3.5 år og er er godkjent redningshund. Vil du sjå bildar av Emmi kan du ta ein tur innom, avd. Sykkylven sin heimeside, nytt bilde.

I tilegg fekk ho treffe Mira (Golden) som er 1 md. elder enn henne, men mykje større... ho fekk ikkje leike så masse med henne på grunn av vekt forskjell. Arwen veks nokk til ho og... tenkjer eg, det å treffe snille vaksne hundar er og sundt for utviklinga av væremåte til ho blir voksen, det er perioden før ho er 4 md. som er særs viktig, for rett sosialisering på til andre hundar.

 
26.07.04
Søndag i går, då var vi på biletur rusla litt i sentrum. Trene på innkalling gjær vi kvar dag, det er viktig skjønt ho ikkje er å få frå fotande, så lyt det trenast på likevel. Ho skall komme når vi gir signal i alle situasjonar, og då må det innelærast. Arwen har fått laus mage igjen... trur kanskje ho har fått for mykje mat( godbitar frolic), skal prøve å reduser på fôrmengda..
 
23.07.04
Hipp hurra i dag sov ho til kl 6.00. Har også i dag trenet litt sporing, brukte fiskebollar i dag... Vi skal ha rusle tempo :-)
Dette er klikk treningsbilde tatt i dag, vi skal lære å apportere( plukke opp), springe etter apport kan alle... det trena vi ikkje på. Alt ligg stille på bakken og eg brukar klikkar for å få henne til å plukke opp og holde fast, dette må ho finne ut, eg skal hjelpe minst mulig. ( kaste er eit hjelpetiltak).  Treninga er korte økter 2-3 min.

Bilete er noko uskarpt.

Foto; Pernille.

22.07.04
Nettene har blitt litt kort for meg i det siste, lite søvn. Arwen blir sendt lufta, men vil forsett stå opp kl 4-5 og det er litt tidleg synast eg. Eg har no begynt å ikkje gi henne mat før kl 8.00 for å sjå om ho kan sove litt lenger.

I går var ho i skogen og oppdaga noko som var snadder...... nam sauelort., prøvde å fjølge med so ho ikkje åt meir enn høgst nødvendig...

Vi har gått det først fiskepudding sporet også. Skal prøve sportrene etter pølsemetoden for å sjå om eg kan få ein flatt, med moderat fart og nasen godt planta i sporet.

Klikkaren har no vorte fast inventar i lomma, brukar den også i innkalling. Ho har skjøna kva klikk går ut på no. Så dette blir spennandes framover.

  Arwen sit å venter i band, i høve det at Bella er på benken for stelling, klipp og børsting. Det blir ein god del hår og ull etter ein slik omgang, då er det ikkje lurt at Arwen et hår og ull..... Ho må lære seg å vente, det er ikkje kjekt å sitte i band... ho hyler.

 Etter på var den Arwens tur ho fekk og litt børsting, og klo-klipp. Det er viktig å stelle litt ein kvalp også, om den ikkje direkte treng det så må den lære å bli stelt.

Foto; Anne Lene.

20.07.04
I går var Arwen i veg for å treffe hundekompisar, og leike seg litt med kvalpar på hennes egen alder. No må Arwen også trene litt på å sitte i koppel og kunn sjå på dei andre hundane. Dette var ikkje noko problem, og eg skal forsette å trene på det slik det ikkje blir noko problem med å sjå andre i aktivitet. Eg føler det ho har ein god av og på knapp, men den må vellikeholdast med rett trening. Anna trening har vi ikkje starta med. Sitte å sjå på meg før maten har ho lært, og versugod. Skal ikkje vere noko stress her med opplæring, vi skal ta det etterkvart alt skal lærast med leik og utan bruke av nokon kommando.

 Ho kan eit ord og det er Nei ! Lyder fælt kanskje, men det er i bruk kunn når ho gjær noko som ho ikkje skal, og eg ser det som lite hensiktmesig  med byte til ball, t.d. Eg er av den formeining at ”nei” betyr hold opp med det du held på med. Dei gongane eg bruka det er; når ho angrip leidningar det kan være farlig, blomster i krokker, et skit( hund og kattebæsj) klatrar opp etter kjøkkenbenken og skal ha tak i noko mat, el. Det er aldri i bruk når ho plukkar opp ting til å bære på, sko, kle, og det aller meste som kan berast på, då er det kunn byte til noko av hennar ting, eller vi tar det berre stilt og rolig frå henne.

Ho søv godt i buret sitt på kjøkkenet no, våkner litt tidleg i 5 -6 tida, men eg trur det går seg til over tid. Ho får ikkje mat før kl 7.00,  eg luftar henne og legg ho tilbake i buret.

 
17.07.04
Full fart med rypevinger.....

I dag sov Arwen til kl 6.30 og er er storfornøgd med det, no er ho blitt trygg på at buret på kjøkkene, er hennes soveplass om natta.

Rype vinger fast tape på ein mini dymmi, her kjen eg i full fart :-) det har eg også fått prøve.

Foto; Pernille

 
16.07.04
Sovet  åleine på kjøkken .til kl 05.30 det er bra!! 10 veker også i dag. Vi har i dag vore til Moa og handla litt, Arwen har reist med fergje, ligge i bur i bilen utan ein lyd!! helt utrulig kor bra det gikk. Det har og vore ned saga nokre tre på tomta vår, motorsag bråk har det vore, Arwen er ubberørt og det er fint. Trener litt på å gå i band der som det kjem biler.... Magen hennar er litt betre i dag, så det blir ris, fiskepudding og cultura i morgon også.
 

Arwen i leik med ein vannslange, dette bilete ligg også på Canis sin fotokonkurranse.

Foto; Ann-Olaug

15.07.04
Bil kjøringa i bur går betre, har og trippa litt rundt i sentrum.... virke som det meste er ufarlig for henne. Ho har sove på kjøkkenet åleine i natt (vertifall til kl 3.30) men då var det slutt på det, men vi er i gang med å lære sove åleine. Arwen har hatt for laus mage, er i gang med ris cultura, fiskepudding, diett for å sjå om ho blir betre. Ho har måtta være i band rundt beina mine, på grunn av at det blei litt mykje skit her og der....... Håpar no det hjelper så lyt vi prøve på eit nytt formerke, i tilfelle det var forbyte som utløyste den alt for lause magen. Har ikkje gitt henne godbitar heller, håper det blir bra no, slik vi kan trene litt klikk og... eller fløyte innkalling, innkalling brukar eg 100% belløning, og ein liten godbit som ekstra påskjønning er lurt å bruke. Eg skal ha rå snar innkalling utan nøling, og då er rett trening viktig.
 
12.07.04
I dag gjekk det fint med bil kjøringa i bur... Arwen var i veg for å treffe huder som har for vane å treffast til miljøtrening. Ho fekk helse på to golden kvalpar som var 10 og 15 veke gamle. Ein ung boxer hanne som er super snill, det var helt ok... Arwen var nysgjerrig på det meste, trygg og uredd. Godbitar er godt... Og det var det i alle lommar.
 
11.07.04
Vi har trenet på bil kjøring i bur.... det er reit fole å være i bur. Må nokk berre hyle til ho skjøna at ho ikkje slepp ut berre for di ho hyler, ja ho skjønar det nokk snart verkar til å vere ein klok liten kvalp. Ho har vore på små turar i band, i fjøra har vi også vore, masse spennandes.... I natt har ho sove i bur på kjøkkenet heile natta, heilt til kl 7.15 . No er det for meg å flytte ut av kjøkkenet, og tilbake til  mi seng.
 
11.07.04
Anne Lene og Arwen et is.

Arwen har funne seg til rette, det har vore fint vær slik ho har  vore ein del ute i hagen. Ho er så smått begynt å utforske hagen litt på egenhånd.... men er forfarande ikkje langt eller lenge unna oss.

Vil helst ligge under ein stol der det sit nokon eller like i nærheita, og det får ho,( ho får det som ho vil).

Eg ligg også fortsatt på kjøkkenet om natta ho vil ikkje være åleine enno.

 Bella får gjennom gå, ho kjeftar litt på henne vist Arwen er hardfør med tenna, men ho er nokk i snillaste laget går rundt med ein fast hengande kvalp i pelsen.

Klippet klør har vi også gjort ei par gongar allereie og det går fint, ho har faste fine potar, men når ho kunn går på gras slit ho ikkje klør. Klo klippet er høgst nødvendig ho må lære å like klippe klør. Klikkar og godbitar har ho også fått litt erfaring med.... berre litt e grann då. Arwen virke som å være ein kvalp som klarer å slå fort på og av motoren, og det er bra.

 
08.07.04
Eg har sove på kjøkkenet golvet i 5 netter no,  Arwen skal  ligge i bur der om natta, men eg veit ikkje når eg kan flytte tilbake til senga. Ho hyler, så snart eg går frå kjøkkenet. Ho hyler så høgt at ho vekker heile huset, så eg må nokk sove der ei stund til ja. Ho er still og sovar bra berre eg er nær, starta ho å pipe legg eg handa i buret, og ho legg seg då rolig tilbake og sover.  Innkalling med fløyte har vi så smått starta litt å trene. Vi skal ta det rolig med trening, det blir mest miljøtrening, det å få lære å fungere i dei aller fleste miljø er det aller viktigaste no framover  I dag har vi vore ein liten tur ut å kjørt med bil, og sitte i bur bak i bilen det likar ho ikkje, hyler og hyler.............. Sitte i baksetet det vil ho helst, men ho må lære å være i bur og vi må nokk trene på det.

 

  Når ein ny kvalp har flyttet inn til oss, har den rikelig tilgang på egne leiker. Det blir då byttet til egen leiker, så snart kvalpen held på med noko som den ikkje skal gjere. Detter er spesielt viktig for apportørar som retrieverane er, då det er naturleg å plukke opp å bere rundt på alt mulig.