Jakt moment
|
Jakt moment.. |
|
Frå
(01.11.04) av har eg notere ned kva vi trenar,
og kva vi skal trene neste økt. Målsetning er komme til elite.. Første
del mål er å bli klar til ein uk start i 2005. Første delemål er i
boks.. andre delemål er også i boks 2 x1 pr i AK . Og vi er klar til EK |
|
|
|
Dato |
Hugs til neste
trening, motto er; tren enkelt så Arwen må lykkast, og hugs planlegg treninga i detalj. |
| |
|
| |
|
| |
|
| 27.08.08 |
Ja då er
kritikken frå helgas jaktprøver ute... den finnast under resultata, og
link under nytt. Dette med at Arwen markerte
dårlig på jaktprøva bekymra meg litt, sida ho eigentlig har vore god på
markeringar, så her må det trenast, og det må trenast på vanskelige
markeringar ikkje berre enkle, men i forskjellig miljø, terreng, diverse
lys, det er berre fantasien og treningsplassar som kan sette grenser.
I dag trena vi altso markeringar, og ho fekk 15
stykkar, avstandane var lange og terrenget var myr, dei markeringane som
gjekk høgt tok ho, dei som gjekk lavt og langt hadde ho problem med.
Tungt terreng men ho held stor fart i heile arbeidsperiode, søker og
søker gir ikkje opp så lett, den er grei, men eg vil ha meir nøyaktig
spikring i minnet. |
| 25.08.08 |
Ja, då er vi
i boks med årets mål som var 2 x 1 i AK jakt, vi kan med andre ord
starte på EK ved neste prøve .. herleg følelse.
I Bergen på Laurdag den 23.08 blei det ein 3 pr i AK
og søndag 24.08 klarte Arwen å få seg ein 1 pr. Kritikkane kjem ut etter
som eg for oppdatert resultat sidene. |
| 21.08.08 |
Trening med
vilt, i dag brukte vi vilt i dirigeringstrening på land, lange og rette,
ho behandla vilt bra synast eg, og ho var rimelig rett i linja, fart har
ho alltid på ut og inn. Og vi gjer oss klar til å reise til Bergen for å
prøve på nytt på ein 1pr i AK. |
| 20.08.08 |
Arwen og eg tok ei økt med vilt -trening i dag, og vi
oppsøkte ein plass der vi har høve til å trene vanndirigering, eller
symje frå punk A til punkt B. I tilegg provoserte eg fram den
situasjonen som vi fekk på Elverum, og akkurat det same skjedde ho nekta
å symje over ville ha den markeringa i vasskanten. No har det seg slik
at dette er ting eg ikkje ser igjenom fingrane med, men arbeidsmoralen
er alltid gjer som mor gir beskjed om i dirigeringsoppgåver, her er det
ikkje lov å gjer som ein sjølv tenker,... vi vart einige, og ho fekk til
slutt hente markeringa i vasskanten, men det var etter at ho hadde henta
to over på andre sida av vannet.. ja og ho henta nr 3 etter ho hadde
henta inn markeringa. |
| 17.08.08 |
Tja.. Arwen har igjen, sett inn lyd -kortet sit, vi
starta på ei jaktprøve i helga, og det gjekk ikkje så bra.. Det starta
dårlig, og vi avslutta dårlig, dette var ikkje noko å skryte av, men vi
har ein smultring i samlinga til, og ei erfaring rikare i tilegg eit
prøveopplegg spikra i minnet, så her lærer ein, sjølv om det ikkje gjekk
vår veg. Noko forklaring vil eg ikkje gi, kun at det var ikkje vårast
dag i går. No får Arwen pause til neste prøve, ho skal få sove seg fram
på etter ei halv veke på reisefot. |
| 06.08.08 |
Vann -arbeid blei det i dag også, og vanndirigering, i
dag var Arwen ikkje fult så lydhør som eg ønsket, ho svømte ikkje
tilbake slik eg ønsket det, men sprang rundt.. det var ein del folk i
terrenget og eg ville ikkje skremme nokon :-) med stemma mi, og holt
derfor kjeft. Artemis var med som tittar, og ho måtte trene på å være
tilskodar, og skal ein bli god må ein også kunne det. |
| 01.08.08 |
Blei vann -arbeid på Arwen i dag,
vanndirigering har vore ei svakheit med oss. Og det har samanheng med
mangel på vatten å trene på. I går fann vi oss ein brukbar plass til
dette momentet, og vi hadde også med ein treningskompis, vi trena i lag
med. Eit vatten der adgangen var enkel, ein spiss på vatnet i enden blei
til ei fin og passeleg bukt å trene på. Eg la ut to gangar to dymmies,
Arwen svømte over og ho svømte tilbake, her er henna sterke side
svøm tilbake også, det vil sei, ho prøver på å ta landevegen, men
innkalling med fløyte styrar henne i vatnet, og ho velgar altso å høyre
på meg. Ganske vellukka vandirigeringstrening vil eg sei. Arwen fekk
også ei dobbel markering på vatten, den løyste ho perfekt. |
| 31.07.08 |
Varmt og
flott ver, og Arwen tar litt treningsfri :-) Litt tur, og leiking med
Artemis er moro det også.. Jaktmoment kan være så mangt, treng
nødvendigvis ikkje være så komplisert, og det å måtte sitte still medan
Artemis trenar på signal, apport på vann er ein prøvelse for Arwen, men
dette klarer ho lyd -fridt og flott. Ho er heilt innforstått med at det
ikkje er ho som skal jobbe, og dette med å vente på tur er nokk eit must
for alle hundar, det må dei berre takle.
Forventningar, og oppskruing i arbeids -situasjonar er
moment som nøye må takast med i all trening. Korleis vi får fram riktig
type.. stress og uønska stress, korleis skal vår hund ager i dei
forskjellige settingar. Vi vil ha ein hund som har av og på brytar med
full gass og full ro, brems, og stopp. Er dette alltid medfødt ? Nei men
anlegg for å bli slik er medfødt, derfor må vi ikkje gløyme å trene på
den passive delen også.
Når Arwen var yngre var vi ofte i fjøra for kunn å
være passiv, ikkje på død og liv hente dymmi i vann, vi brukte tid på
passivitet. Vann blir dei fleste hundar heite på, og vi kan også få
hylandes hundar er vi ikkje "litt" sta og bestemt i treninga vår.
No er vi altso eit steg vidare, Arwen må sjå på
Artemis, og Artemis må sjå på Arwen. Dette går bra, dei skjønar godt at
det ikkje hjelper å hyle seg fram i køa. Her er det kunn tolmod som
hjelper, og begge taklar det utmerket. Eg har ikkje lyd på desse når dei
trenar i lag, og eg førar begge, derimot går dette ikkje på
fellestreningar, då er Arwen heilt min, og kan ikkje tenke seg å dele
meg med Artemis :-) ennå... |
| 29.07.08 |
Endelig
våken igjen etter ei veke i Hemsedal med masse jakttrening, vi var så
heldige og fekk ein instruktør som verken trengde våt eller tørt, men
står på som berre det utan pause.. fantastisk kar Johnny. Mange gode og
nye innpulsar til trening har eg fått i bagasjen.
Arwen var ein bra hund fekk eg høyre :-) det har eg sjølv
også påstått, he he.. godt å få litt støtte der. Det skjedde mykje på
denne veka, og eg har resonnert litt på papiret i ettertid, og kjem
etter kvart til å skrive om tipsa etter som eg tar dei i bruk i
treninga. Eg har teikna opp mala for trenings situasjonar, og kjem også
til å plante dei inn i ps-en min på enten Adobe eller liknande
hjelpemiddel, og eg kan då letter ta dei fram å dele dei med andre.
Det blei også nyttige tips å få frå andre røynde som
kjører hund i denne ekstremsporten som jakttrening er. Været var også
flott "varmt" og det var i grunne artig å verkleg sjå kor godt hundane
takla varmen, hundane som var i AK gruppene var hundar med god
arbeidslyst, og det var ingen sinking på grunn av varmen :-) flotte
arbeidsvilligehundar.
Laurdagen avslutta vi med post-arbeid som på ein WT,
vi hadde 4 postar, og Arwen løyste postane med stil( synast eg) siste
posten var ein valfri post på vatten.
På den posten surra eg litt.... det var ei lita øy i
vatne som eg ville ha ei markering på, og eg ville ha ei markering i
vatnet når Arwen var på veg heim. Rein planke trening må til, her skjer
det at ute på øya ligg ein synlig dymmi vankante frå før, den finn ho så
klart først, med den nasa som ho har. Her er det eg sovnar, Arwen har så
klart også markeringa i hovudet, og går på den etter ho har plukka den
dymmien ho vitrar når ho kom til øya, men Arwen byter ikkje, men ville
nok berre sjå den markeriga ho eigentlig skulle hente :-) her er det eg
var borte eit sekund, har vane at ho brå snur ved funn, men i denne
situasjonen gjor ho det ikkje, her skulle eg så klart fløyta momentant,
og eg fløta etter som eg kom til meg sjølv igjen, då gjekk ho fort i
vatnet og rett heim, den andre fiksa ho lett. Konklusjon føring og atter
føring..
Eg tok ikkje så mykje bilde i Hemsedal, og av Arwen
ingen :-) Eg har prøvt å få redigert nokre av bilda og plassert dei i
album.
http://hemsedal08.hundebilde.com/#home
|
| 16.07.08 |
Trening,
endelig heime etter ei veke på sandsøya.. Litt trening blei det,
men ikkje så mykje dette pågrun av at det var mykje måseungar over alt,
til å med på sjøen !! og dei ville eg ikkje forstyrre meir enn måteleg.
Likevel trening blei det, og det gjekk mykje i
dirigeringstrening, rett ut, stopp og lenger ut, terp må til skal dette
sitte. Og eg kan ikkje anna enn å skryte av Arwen ho var utruleg lydhør
på signala mine, endå eg skaut med skott langt unna det ho eigentlig
skulle, dette er ein form for å genrialisere signal, ho skal gå dit eg
vil ha ho same kvar skotet kjem ifrå.
Eg vart også meir vis på at raudeklede skal ein ikkje
hapå når signal skal terpast, (handsignal, høgre, venstre og rett ut..)
vertifall såg Arwen ingen ting når eg hadde raudjakke :-)ho satt i ro,
eller blei usikker til dei grader og vist tydelig at ho ikkje ser
handsignala mine, never raudjakke på trening eller prøve. Eg tok av
jakka, og plutselig var ho tilbake. |
| |
 |
| 16.07.08 |
Eit unnatak
bilde i treningsboka til Arwen, jaktmoment er så mangt. Her ser vi Arwen
i det ho trenar rett ut med innlagd hindring i form av eit gjerde. |
| |
|
| 03.07.08 |
Trening i
går i lag med ein gjeng flinke folk, og for ikkje å gløyme hundar. Det
er moro å trene når miljøet er der, vi kjørte walkupp Fire hundar Chilli,
Arwen, Libra og Bono på rekke, det var to svert gode kastarar
Grete og Are, som gjekk framom å kasta markeringar.
Arwen markerar sikkert, ho har stor fart, og brukar vind
og vitring bra. Det positive som også må nemnast ho er still og
oppmerksam på det meste.
Grete lurte på kvifor eg brukte fløyta på Arwen når ho
stoppa opp for å markere på veg heim, dette var oppservert på helgas
prøver.. Dette er eg takknemlig for at ho sa ifrå om, for det er jo ein
uting å avbryte hunden sin i det den markerar så klart. På kveldens
trening fløyta eg ikkje på ho i det heile, i absolutt alle markeringane
tok ho beina fatt i Arwen tempo rett heim utan å nøle. Tusen takk Grete
for dette innspillet. (gull verdt)
Målet mit er å bli betre på å føre hund, og alt som
kan gjere meg betre syg eg til meg, eg har jo mine eigne tankar om det
meste, men er open for alle nye tankar om trening. Arwen er ein hund med
meget stor søkslyst, og særdeles arbeidsvillig. Og dette med signalet
ein gir hunden, og spesielt dette med å bruke litt tid til å rette inn
hunden både i tilvist markering, og ikkje mins utseding på dirigering er
noko eg må hugse godt på, ikkje noko stress ta meg litt tid, eg har no
ein knall fast hund så dette skal eigentlig ikkje by på problem.
Stopp å høyr etter, her er problemet har ho fått ein
vitringa i nasa, så tar ho den :-) Her er Arwen flink når eg trenar
åleine, men i treningssamahenger virke stopp dårlig, derimot er ho blidt
bra på å komme heim på signal sjølv om ho må avbryte søket sitt, det går
derfor rette vegen.
VI skal til Hemsedal på jaktkurs i sommar, og eg håper
det blir nokre gode føringsråd, og treningstips i bagasjen. |
| 30.06.08 |
Vilt trening
gav resultat, gode som sådan.... Arwen behandla viltet pent, rolig i
munnen som eg hadde forventa, vi hadde to kjekke dagar på prøve og
dagane blir ekstra kjekke når resultata blir gode. Eg har lagt ut
kritikkane frå prøva, og dei som likar slik lesestoff får lese..
Det er
også gode bilde av Arwen ute i arbeid, som Stig Brathaug har tatt, sjå å
nyt synet av ein pen hund som er flink i jobben sin>>>>> |
| 26.06.08 |
Vilt trening
i dag også på Arwen, no bær ho fint, og det er ikkje teikn til uro i
bæremomentet henna. Vi har trena med kråke og and, anda var ho litt
ekstra nysgjerrig på, men det gjekk seg til etterkvart. Anda brukte vi
også på vann. Mjølk i pattane har ho så om ho
plutseleg finn ut at viltet er mat så står eg der.. å gape, då blir det
utskifting til hannhund :-) he he det var litt spøkefullt sakt men det
problemet slepp ein med hannhund. |
| 25.06.08 |
Det blei
vilt trening på Arwen i går, Vidar og Libra og Arwen og eg trena vilt i
forkant av den ordinære jakttreninga. Arwen har ikkje fått anna enn vilt
å trene på sida vi var på fosen, dymmi er bort pakka for henna del,
dette for å omprogrammere Arwen til å tenke vilt i jaktmomenta. Arwen
har stort sett bært vilt rolig i all treninga, og eg håper ho gjer det i
helga også, men ein veit no aldri, no når ho er innbilt drektig med melk
i pattane, så får vi berre krysse fingrane. |
| 19.06.08 |
Arwen har
fått mjølk i pattane så det kan nokk ha ei medvirka årsak til henna
dårlige prestasjon oppe på fosen, tja.. Men vi har trena på kråke i to
dagar på rad, kråka blir fint behandla, ikkje noko knussel, beløning er
grillpølse. Det blir derfor spennandes nestehelg når vi skal på ny
jaktprøve. Vi trenar heilt utan dymmi, no er det kun vilt som gjelder,
og det skal bærast pent. |
| 16.06.08 |
Det blei
nokk lite vilttrening i forkant av jaktprøva på fosen, og vi kom heim
med to nullar... Det kan ikkje hund belastast for med trenar slik
er det. Har gitt trenaren sparken, og startar med nye ark. Vi fekk to
fine dagar på fosen pent vær å kjekke folk, og prøveerfaring ikkje lite
det. Arwen var usikker på laurdag, (to år sida
førige prøve ho var på) men på søndag gjekk ho bra, ho går bra på fot
har 0 lyd, og er til å stole på rundt foten, det er verre når nasa er på
då er ho i døvaste laget. I alle moment er Arwen rask, og effektiv, og
hadde det berre ikkje vore beinskjøre gås ;-)
Dagen i dag er kun tenkt til å sove ut |
| 11.06.08 |
I dag blei
det måse, eller avlevering frå sjø vi prioriterte, Arwen var så dyktig
ein skulle tru ho ikkje ha gjort noko anna, perfekt hund i dag( veldig
bra med perfekt hund på trening) he he.. eg må berre få det til på prøve
også. Det må bli konkurranse psykologi resten av
veka til prøva på laurdag, det bli ikkje meir trening av Arwen no skal
ho lade opp. |
| 10.06.08 |
Jakttrening,
eller vilttrening, i dag har Arwen fått ei økt med kråke både på
formiddag og i kveld, begge gangane går ho som ein kanon, spontan til
tusen, rolig i munnen og det ser lovandes ut, denne viltbehandlinga ho
viste fram i dag. |
| 10.06.08 |
Jakttrening
med vilt i går, og det var nok på tide for min og Arwen sin del.. Starta
tragisk, ho stoppa opp på vei inn og lurte fælt på kva ho skulle finne
på av fan med kråka :-) ikkje likt Arwen, men ein får stadig nye
overraskingar.. Det var ikkje anna å gjere enn å ta eit par alvors ord
med henne, at vilte skulle eg ha, og i god stand.
Det er kanskje to år sida vi trena med vilt sist, og
eg burde brukt litt meir vilt i treninga, ikkje venta til siste liten
før prøve :-( det er nokk å være nervøs for på prøve om ein ikkje skal
være redd for nye påfunn !! Etter denne innkjøringsfasa løyste det seg
opp å Arwen fungerte tålig bra.
Treninga bestod i utsending, med først kanin og så
kråke, steg to var markering med måse på vann, her la ho ned i vankant
for å riste seg, ikkje lurt, men det skjedde likevel. Eit felt blei
innhenta, her var vi 4 på linje, ein og ein hund ut, og vi tok inn to
vilt kvar, denne øvinga gjekk flott.
Så blei det ei tilbakesending etter kanin medan vi
rusla på fot til eit eigna sted for utsending på vann, utsendinga var vi
heldige med, Arwen gjekk snor rett og med stor fart rett på kaninen
(flaks hevda vi)
Tilslutt blei det ei rimeleg lang utsending på vann,
kort forklart Arwen kan symje langt sjølv i kaldt vatn, det
beviste ho i dag. |
| 02.06.08 |
Fiasko
trening på Arwen, og eg hadde skulda for det. Hadde planar sida vi
skulle ta vatn arbeid i dag, og prøve litt Artemis på vatnet, men planen
blei endra på grunn av pent vær og badeturistar så måtte vi velje ein
alternativ plass å trene :-( på grunn av varmen og det var eit godt
stykke å gå frå bilen måtte eg ta med to hundar ( det skal eg aldri
gjere) resultatet blei opera på Arwen når eg skulle prøve Artemis.
Det er ein ting med hyling, men eg takla det ikkje og tok
ganske hardt i Arwen på grunn av dette tullet med opera, men det hjelpte
no ikkje i det heile tatt. Vi har ikkje hat noko form for lyd på
treningane våre og dette blei ein nedtur av dimensjoner. Har aldri hørt
Arwen slik før, så dette var nokk sterke greier ja.
Litt positive ting må eg dra fram, ho sit spikra i
marka og vike ikkje frå plassen sin sjølv om ho er laus. Aldri forsøk på
knall så eg stoler på henne her, elles så har ho fin fart ut og inn fine
avlevringar lar seg ikkje distrahere av andre hundar.
Eg er likevel usikker på om eg drar til Fosen vi er
for ustabile, og alt av dirigering fungerar ikkje på trening i lag med
andre, desse momenta er ho god på når ho er åleine, men kva hjelper det
når det ikkje fungerar når det skal, går Arwen heit så er det vanskelig
å nå til botnen av henne, enorm jakt, og søkslyst på denne kjella mi. |
| 28.05.08 |
Måndag var
det jakttrening på oss, Arwen var også som ho var på lp treninga
ukonsentrert, med ikkje passiv. Vi var også innom den fella å kjøre for
vanskelig, dette er ikkje bra, verken for hund eller førar. Heldigvis
fekk vi ein positiv avslutning, og hadde opplegg som Arwen klarte å
løyse flott.
Walkup var det vi trena, og veldig bra og nyttig
trening, dette får vi på prøve, og det er slik trening hundane må
drillast på også. Vi var tre hundar, Libra, Chilli og Arwen.
Passiviteten, og fotgåinga var eg rimeleg nøgd med, men avstande blei
for stor for Arwen, ho klarte ikkje å marker bra nokk dette førde henne
over i søk, og... med bevis for meg at ho ikkje lystrar fløyta når ho er
langt ute og i søk.
Innkalling på store avstandar når ho er i søk er eit
problem, søkslysta henna er ekstrem stor og ho vil gjerne ha eit funn
før ho kjem heim til mor. Derfor er det viktig for Arwen, som eigentlig
er ein meget god markør at ikkje markeringane blir så langt frå henne at
ho ikkje har lokalisert område tilsterklig og søker av store område.
Ikkje alltid lett heller dette å gå forsiktig fram i
aukinga til meir krevjande oppgåver, dette med å lære inn at Arwen får
lukkast på feil igjen og igjen er eg ikkje tilhengar av. ( finn dymmien
etter at ho har søkt som eit felt, og får 10 heimkallingar utan å høyre)
uff.. Markeringstrening er spikring av hukommelse, derfor kanskje tenke
grundig også i trening av dette momentet. |
| 18.05.08 |
Ei kort
treningsøkt i lag med Bodil og Chili, Arwen og Chili, fekk eit djupt
felt, begge hundane jobba litt i lag, og litt åleine, dei utførde feltet
med stil. Det er likevel tydeleg at dette må trenast meir, bli trygg i
jobben når andre hunda er like rundt same tua.. Passivitet på Arwen er
god, ho er meget trygg på signala ho får, rolig og avbalansert i
passivitet. |
| 12.05.08 |
Ei lenger
pause sida førige trening, men i dag blei det litt trening på Arwen, og
eg merka godt at ho ikkje er i topp kondisjon, her må det trenast. Det
nærmar seg fosen prøva med stormskritt, og korleis det skal gå .... veit
eg ikkje. Det som var bra i dag var at eg trena i lag med fleire røynde
folk, og det er fleire hundar og stor aktivitet som skal til, slik at
passiviteten blir sett på test. Det positive er at Arwen er rimeleg
rolig i passivitet, og ikkje noko lyd som kan sjenere. Eg ville ha enkle
og lette markering til Arwen det er lenge sida vi har trena det, og eg
vil starte med å lukkast. Ho tok markeringsoppgåvene bra. God fart, lik
ut og inn, gode avleveringar ikkje noko slurv.
På felte gjekk Arwen stort, men ho gjekk dessverre tom. Dirigerings
oppgåve blei berre rot, her var det øyrevoks eller eit eller anna i
tilegg var det vist ein sving springing, og det går ikkje, rettut skal
være rett-ut overalt eg ser derfor for meg å måtte repetere og repeter
på ALT !! Oppsummering, nyttig trening og takk til dei andre for ei fin
treningsøkt i flott vær. |
| 20.04.08 |
Arwen fekk
trene litt enkelmarkeringa, det blei ei markeringsøkt etter kurset på
Arwen og Chilli. Arwen bomma litt på markerigane, så klart dette
momentet må trenast ein god del, det positivet er at Arwen sine snart 4
år på baken har gjort henne til ein stabil rolig hund i passivitet, god
fot gåing har ho, og eg er godt nøgd med henna arbeid i dag.
Eg er som kjent flink til å kaste dymmiar og konger
opp i trær, så no har vi ein dymmi i eit tre i brusdalen også :-) den
ligg godt og heng høgt.. |
| 14.04.08 |
Arwen fekk
ei knall økt med terp på å gå fot, på ein veldig pirkete måte, eg og
Arwen var heilt åleine på jakttrening i ca 20 minuttar. Prøvesesongen
nærmar seg, og ein perfekt fot er eit av momenta som skal sitte. Terp på
dirigering var det også, og eg tilet ikkje slurv den minste fråvik frå
rettlinje, blir stansa. Vi har starta pølsetrening også no, kanskje eg
filmar det så skal de får sjå, he he.. tenkte eg skulle legge eit felt
med grillpølser, og så la ho plukke det inn.. |
|
04.04.08 |
Ny knalløkt,
Arwen gjor jobben riktig i dag og, men ho har store ønske om å ta uro
-dymmien vår, og stiller seg i retning, men ho får så klart ikkje gå
etter den, men må gå rett ut, dette er terping og terping. I tilegg
kjørte eg ein del høgre- venstre og rett ut, 5 punkts trening. |
|
03.04.08 |
I dag var Arwen fole flink, og ho fekk ei knalløkt med
arbeid. Vi hadde ute eit stort felt både i mengde dymmiar, og i areal.
Lange utsendingar med irritasjons markering på sida.. I dag gjekk
turboen heilt normalt, ikkje noko unødige stopp.
Passiviteten hennar må også trenast dvs., stress
trening med andre hundar + vilt er ting eg må få organisert. Dette er
veldig viktige moment, og nødvendige for oss som skal stille på prøve
med slik turbo hund.
Likevel er al trening nødvendig dette at momenta blir
skikkeleg drilla inn utan at stresset er der, dette ser eg på som eit
godt og viktig moment, slik er det med alt, lære riktig og godt momenta
åleine først, det er då lettare å få det til under stressa situasjonar.
Sist trening i lag med andre var Arwen ikkje
konsentrert, ho var høgt oppe, og er ein for høgt oppe blir arbeidet
slurvete. |
|
01.04.08 |
Det blei litt moment på Arwen i dag, eg braut ho og
apportert for ho i dag. Ho hadde nemleg fått det føre seg at forstyreles
markeringa skulle inn først, Arwen stoppar på utsendinga der ho ville
vinkle av, og ville ikkje lenger ut, men det blei to heimkallingar, så
gjekk eg etter ut dymmiane sjølv, og Artemis fekk hente dymmien som
skulle være til forstyrring. Arwen hadde mykje
bra arbeid før dette hende.. Og eg gjor det slik for å minne henne på at
det tross alt er eg som bestemmer kva som skal inn først som sist, ho er
så glad i å apportere så dette at eg henta dymmiane er ein stor straff
for Arwen, og ho kjem ikkje over det så lett. Vi har gjort dette før, og
i morgon finn ho ikkje på å prøve seg på å ta denne dymmien først, ho
går ut som ei kule, for momentet kan ho, det er berre så freistandes å
få ta inn ei markering på linja i staden :-) gjer ho slik på ei
jaktprøve er det 0 det veit ikkje ho, men eg veit det :-)
|
|
15.03.08 |
Arwen var på ei trening i lag med andre,
og ho var heit og ukonsentrert :-( Det positiv var at ho
forholdet seg rolig i lag med sekken min, og laus heil ykta utan om når
ho var i jobb. Ho stressa i feltet, farta var upåklagelig, men det er
ikkje nokk ein må ha med seg nasa også. |
| 10.03.08 |
Lett trening av jaktmoment på Arwen i dag,
eg og Arwen var åleine i skogen i dag. nærsøk signalet var eit moment vi
repeterte, det skal eg repetere og programmere henne grundig i ei
periode. I tilegg blei det lange rett ut, og Arwen gjor jobben sin ho,
ikkje noko nøling berre fullspid. |
| 09.03.08 |
Enkel feltjobb for Arwen i dag, og masse
passivitet, dette er ho blidt veldi flink til, sitter heilt spikra fast
i bakken medan eg jobbar med Artemis, og så klart utan koppel. Venting
er eit viktig moment i retriever- trening. |
|
01.03.08 |
Litt jakt moment har det
blidt på Arwen siste dagane, eg har prioritert Artemis, og Arwen må
sitte og sjå på, og det er ho kjempe flink til, still, og rolig, og så
klart utan koppel. I tilegg så har Arwen fått kjørt seg på lange
utsendingar, ho går fort, og ho er også svert flink til å stoppe på
signal. ( reknar med at ho blir meir døv på prøve hi hi...) Felt har ho
også fått trena litt, plukka inn litt før og etter Artemis, Arwen finn
alt, det blir mykje skryt dette..... men vi får no testa det på Fosen
der går dei første prøvene vi skal stille på i år. Trening og prøve blir
aldri det same, då er både førar og hund i hundrede, men moro er det
likevel. |
|
23.02.08 |
Jakttrening i dag, vi hadde
fokus på markeringar, i dag hadde vi kastar og vi var i nytt terreng, eg
valte kun enkelt markeringar, hovudfokus med treninga var trening på å
bedømme avstand, det gjekk rimeleg bra, Arwen har god fokus, stor fart
og lar seg ikkje påverke av noko slag. Vi avslutta med eit felt, Arwen
plukkar raskt som vanlig. På denne treninga sat Arwen ein del berre i
passivitet medan eg kasta til andre, og ho sat også i passivitet når ein
av dei andre søkte felt. 100% still lovar godt. |
|
20.02.08 |
Det har ikkje vorte så mykje
jakt -moment trening på Arwen i det siste, litt felt trening er det
einaste, og det har vi trena no og då, det er enkelt å få lagt opp til
når ein trenar åleine, og det er ein god øving både for kropp og sjel.
Derimot har det blitt ein del kondisjons trening, og det kjem godt med.
Stor fart og god uthalden- heit er det Arwen har. |
|
32.01.08 |
Kjørte Arwen knallhardt på
lange utsendingar i snø og motbakke, dette blir ein sterk av, og ho går
som ei kule. Nøler ikkje i det heile, veldig flink Arwen. |
|
26.01.08 |
Det har vore ein del
ruskevêr, og motivasjon eller forhold har ikkje vore til stede til dei
store treningsykter. I dag trena vi derimot passivitet det er Arwen
blitt rå på, trur nesten ho har fått ein porsjon lim i rumpa.
Det blei litt felt søk på henne i dag, og ho er systematisk i søket
sitt lover bra, og god nes som nesten alltid. Lange rett ut med stopp
fekk ho også, farta henna må berre opplevast den er rå.
No er det markeringstrening vi må få trene, i tilegg må det trenast
meir passivitet under stress, det vil sei fleire hundar mange kast og
skott, venter berre på betre ver så får eg tromme saman nokre til
markeringstrening. I tillegg må eg tenke på å planlegge ein del
viltrening. |
|
15.01.08 |
Vi var i skogen i dag,
felt, passivitet og rett ut var på programmet. Arwen ingen
over og ingen ved sida, dette er turbo hund av beste merke.
Vi startar med passivitet, eg kastar ut 13 dymmi, begge to sitter og
ser, Artemis får hente 4, og eg koplar Artemis, og legg ut dei 4 som
Artemis har henta inn. Arwen sit fri, ikkje ein lyd, og ser behageleg
roleg ut, og så slepp eg ho til, dei 13 dymmiane er inne på rekord tid.
Arwen må så sitte igjen, og eg kastar eit par markeringar til Artemis,
dei kastar eg over hovudet på Arwen slik at ho må spring rett forbi
Arwen, og hente dymmien tilbake til meg, Arwen sitt som ei statue, ho
skjønar så klart at Artemis må opplærast.
Tilslutt er det utsending Arwen får, eg legg igjen 6 dymmi koplar
Artemis, og komaderar Arwen på fot, og vi ruslar eit stykke Arwen få sit
kommando, og vi ruslar vidare til vi finn oss ein egna plass å stå.
Dette momentet går i motbakke, Arwen får lenger ut signal, og gjer
jobben sin, på dei neste varierar eg med at ho får gå heilt ut
eller eg stoppar ho, og sender lenger ut, upåklageleg brå stopp i dag. |
|
11.01.08 |
To gagar på rad har vi trena
passivitet, Arwen må sitte og sjå på denne Artemis som skal lære seg
felt, ho ser ganske mødd ut, og har heilt sikkert lyst til å hjelpe til,
men ho sitt spikra still, og følgjer med på opplæringa.
Ho har dermed
fått tatt seg ut på utseningar, rett ut, med stopp og lenger ut, og det
er knall fart på henne. |
|
06.01.08 |
Arwen fekk eit felt i dag
som bestod av 6 dymmi + 3 micro. Målet med treninga var å gjere det litt
vanskelig for henne, ho var ikkje klar over at eg hadde dei små dymmiane
i lomma. Dei seks stor blei kasta til høgre og venstre + ein opp i eit
tre, lengda på feltet ca 70 -80 meter djupt, ca 50 bredt. Dei tre små
blei lagde i groper i terrenget.
Felt trening er viktig, hundane blir vanlegvis betre og betre med
alderen, og av erfaring skal dei lære og ikkje søke seg bort på same
plassen som dei har søkt tidelage, men søke seg bakover og frå side til
side til heile området er finkjemma. Arwen er rimeleg god på denne
rutinejobben, og først når heile området er finkjemma går ho over til å
søke på nytt der ho har vore før, vist eg sender ho ut på nytt.
Arwen kan gå ut på nytt søk i det uendeleige vist ho må, ho er av ein
type hund som er vanskelig å trøtte ut når ho jobbar, men det må sjåast
på som ein positiv ting, ho er nemleg snar til å legge seg til å
kvile heime, også når ho ikkje har vore verken på tur eller har trena,
ho har såleis dei rette retriever eigenskapane synsast eg.
Ho i litt godt hold og vi må få det omgjort til rein muskelmasse før
vi startar på første prøve i år. Vi må derfor gå ein god del tur i
terrenget for å brenne feitt til musklar( både eg og ho). Skal vi nulle,
så skal det ikkje være på kondis, og ikkje vil vi miste noko premie på
grunn av dårleg kondis. |
|
02.01.08 |
Kondisjonen på Arwen må opp
og vekta må ned, det blir eit prioritert område, god fysisk form er
regel nr 1 når ein stiller til jaktprøve. Lang tur i dag, motebakke og
snø, dette bygger musklar. Hadde med nokre micro dymmiar som vi brukte
til utsending, jobbe, jobbe då er Arwen på topp, ho blir så glad av ein
liten treningsøkt, og i dag gjekk ho som ei kule, ho brå stoppar på
signal, og ho går vidare ut på signal med eit herleg tempo. |
|
30.12.07 |
Vekte kastaren min, og fekk
han med ei lita økt, snøen hadde smelta bort i strandsona. Det blei
derfor markeringar på Arwen i dag, på open mark. Arwen sleit litt med
avstanden, lange markeringar bommer ho på, så her må det trenast mykje
markeringar, vell å merke må eg ha kastar, det går ikkje å kaste sjølv,
ho har då mykje betre fokus når eg kastar enn når vi brukar annen
kastar. |
|
29.12.07 |
Det nærmar seg års -slutt,
og noko oppsummering trengst ikkje, i år har vi ikkje starta på noko som
helst, vi har mål om å komme sterkt tilbake i 2008, og går utviklinga
greitt med Arwen kjem vi til å stille på ein del prøver i 2008, og målet
treng eg ikkje nemne det veit dei fleste.
I dag kom snøen igjen, hadde
avtalt at eg skulle få med ein av sønna mine til å kaste markeringar til
Arwen, men det blei det ikkje noko av, i tett snøkave er det dårleg
vitring, og sikt.
I går trena vi derimot felt, og det er ein av Arwen sine gode sider,
ho jobbar svert fort og meget effektivt, eg kasta ut feltet, og rusla
inn i skogen, og sende ho frå ein 70 meter til feltet, ikkje mykje
sommel med henne, ho er så stolt og glad i jobben sin at ho skin som ei
sol når ho jobbar. Det er ein hund eg blir meir og meir imponert over,
hadde ikkje bytt ho bort mot alt i verda. |
|
25.12.07 |
Arwen fekk eit lite felt i
dag, elles så trenar ho berre passivitet går roleg rundt foten min og
ser på alt gale Artemis finn på. Eg skulle hatt nokon til å trene
markeringa i lag med, er det nokon som meldar seg frivillig så er det
berre å ta kontakt. |
|
09.12.07 |
Arwen fekk 6 markeringar i
dag, og vi hadde med kastar.. Ho søkte ein del på den første, men
ho søkte ikkje stort så eg bles ho ikkje av, ho søkte faktisk målrett,
dei andre fem var spikra. Vi trena kunn dette i dag.
Eg må alliere meg
med kastar til markeringstrening, eg kjem ikkje til å kaste til Arwen
sjølv når vi trenar, det må i så fall være enkle markeringar i
forbindelse med dirigeringsmoment. |
|
02.12.07 |
Arwen fekk litt trening i
dag, rett ut etter dymmi, ho går som ei kule. Vinteren er spikra fast og
her er skaresnø den er ikkje egna til trening, det er for hardt til å
sette i fart ein hund av type Arwen det kan ende med skade av labbar og
det som verre er. Vi ventar på regn og mildever, og det kjem heilt
sikkert før eller seinare. |
|
25.11.07 |
Endeleg ferdig med løpetid,
og vi er i gang med treninga til det store målet vårt som er å få seg
eit par 1pr i AK. I dag var det terping på fløytesignal, handsignal,
innkalling. Her skal ting sitte, og eg vil tru at det sitter betre
etterkvart som ho blir eldre, no er det påvirkning utafrå vi må
prioritere, og vi må såleis trene der ting skjer, vi må trene opp det å
konsentrere seg om jobben uansett kva som skjer rundt henne/oss. Moro å
trene igjen.. |
|
05.11.07 |
Arwen har løpetid, men vi
trena likevel litt i dag, ho har nettopp starta og terrenget var fritt
for hannhundar :-) her gjelder det å passe på, så det blir nokk turing i
band med Arwen også no i ei periode.
Vi trena litt av kvart i dag, vi
var innom både felt og dirigering, det er slike øvinga ein kan gjere når
ein trenar åleine, i markeringstrening må eg få nokon til å hjelpe til
slik at Arwen held fokus, og ikkje blir god på markeringar når eg
kastar, og ikkje klarar å markere godt nokk når situasjonen er med
kastar, og skyttar.
Fart er nokk Arwens varemerke, den kan nokk som oftast ikkje
beskrivast den må opplevast.
Vi hadde eit uhell med byting i dag, kvifor ho bytta kan eg ikkje
analysere, skulde på at dymmiane låg for tett er ikkje grunn for byting,
det vil alltid oppstå at ein finn to dymmi/ vilt nært. Dette var på
feltet også.
På utsendinga eller rett ut treninga la eg alle dymmiane i ein sirkel
nær ca 30 cm mellom kvar, dette for å repetere dette med å stole på at
ho plukkar kunn ein inn, utan å bruke tid på å vurdere om ho tar med den
rette. Eg stolar på ho, og rusla mine 100 meter, og det var riktig tenkt
av meg, ho gjekk rett ut plukka ein utan å stusse på å byte, kom rett
heim. Flink jente Arwen |
|
01.11.07 |
I dag prioritere vi felt.
Tok ein ny vri i treninga i dag, variasjon er som kjent nyttig. Vi gjekk
rett igjennom skogen på fot, og kasta dymmi vekselvis til høgre og
venstre, tok heilomvending og gjekk tilbake til utgangsposisjon. Sende
så derifrå etter ei lita vente pause i passivitet. Dymmiane blei plukka
effektivt inn, og i stort tempo som vanlig. Kunn godbit på siste dymmi i
dag, Arwen må ned i vekt.. hi hi.. nei det er variasjon belønninga også.
Ein voksen hund som kan sine ting, og har eit tempo som Arwen treng
ikkje belønning etter kvar apport, har ein derimot hund i opplæring så
er det heilt andre reglar som gjeld. Her er det trenings filosofien til
kvar einskild trenar som gjeld, og det kan like gjerne være heilt utan
godbit, sjølv hadde eg aldri valt å trene utan forsterkar. Gevinsten ved
å bruke belønning som hunden liker, og vil jobbe hardt for, er så stor
at den hadde eg aldri villa unnvera. ;-) |
|
24.10.07 |
Ei lett treningsøkt i dag,
her går det unna vi kjørar på med lange utsendingar ca 250 meter rett ut
i motbakke. I dag gjor eg det litt vanskelig for henne på første
utsending, eg plasserte ut eit par dymmi, og tok ho på plass og gjekk ca
70 meter, kasta så ein dymmi på skrå framover, gjekk så vidare utan
Arwen ein 150 meter. Snudde meg og sende henne med lenger ut signal, no
måtte ho konsentrere seg, eg såg det på henne at ho hadde mest lyst
framover for å ta markeringa, ho kom også ca 10 meter framover før eg
fekk sukk for meg :-) her stansa ho og eg fekk opplyse henne på nytt at
det var lenger ut ho skulle. Her såg ho lyset, og rusa rett bak i Arwens
tempo, og oppgåva vart løyst med stor fart. Den neste gjekk rett ut i
stor fart, her måtte ho over ei lita grøft ca 150 meter ute, oppgåva
blei løyst utan problem Topp, herleg hund å jobbe med. |
|
21.10.07 |
Milt fin haustver og vi
valte symjetrening i dag. Det var så stilt at eg kaste fleire dymmia på
vatnet i ein gong, vi kunne då sende ut fleire gonger utan å måtte kaste
på nytt. det ble som som utsending på vatn, og ikkje markerings trening.
I tilegg kasta eg dobbelmarkeringar på vatnet, med tydeleg retningar. Eg
valte konsekvent å sende henne på den eg kast først. Vi lykkast fint med
denne øvinga, her gjelder det å være tydeleg og snu seg i riktig retning
før ein sender, og bruke tid på ro. Arwen likar seg godt i vatn, og i
dag var ho kjempeflink og gjekk villig i den retning eg sende henne, i
tilegg var ho heilt still. |
|
19.10.07 |
Knalltrening i dag, Arwen
for kjørt seg hardt, og ho er god. Ser godt ut gjer ho også, blank i
pelsen og litt for tjukk, vekta må vi få litt ned så ho ikkje pådrar seg
belastningsskader, Arwen er hund som ikkje sparer seg, og då er det også
viktig at vekta er riktig. I dag kjøte vi eit lite komprimert felt, og
lange utsedingar på ca 200 m i motbakke, dette er både for kondisjon og
signal, og så klart at ho kan gå langt fleire gongar på rad. Ho
imponerar meg, og er er svert stolt av Arwen. |
|
16.10.07 |
Lett tur på Arwen med
innlagd, ut trening. Vi gjor som sist, men la no igjen 6 stykkar dymmia.
Vi gjekk ei lita rute og kom igjen frå ein anna kant enn der vi la ut
dymmiane. No er Arwen slik laga at ho kan jobbe både fysisk og kjedelig
i masse utan å gå tom, dette er øvinga berre for slike arbeidsjern. Har
ein hund som går tom så er dette ikkje måten å trene på.
Seks gongar løp ut på ca 100 m til same jobben, utan at farta blir
redusert verken ut eller inn, det kan Arwen. Løpet ligg også i motbakke
så dette er krevjandes, det eg har trena på no er å stanse henne nær
dymminae i eit av løpa, dette med å stanse på lang avstand frå meg er
mykje vanskeligare enn nært, stopp på 80 meter i staden for 40 eller 50,
er eit moment som er mykje meir krevjandes. Variasjon i treninga, kan
ein gjer på mange måtar, så klart tilpasse det til den hunden ein har.
Går hunden tom etter to løp, så veit vi det, har ein ein hund som ikkje
går tom kan ein trene slik, men kunn då. |
|
14.10.07 |
Vi var å symja litt i dag,
og så klart etter dymmi, eit par smell med 6 mm. Det var mest leik i
dag, men dymmien er hellig med oss så den blir fint bringa heim uansett
forhold. Vi hadde selskap av Kjersti og Molly også, Molly er ein
fin flatt og knakandeskjekk ho fekk også prøve litt, og Molly likte så
klart å apportere frå vann. |
|
13.10.07 |
Ei pittelita treningsøkt i
dag.. I dag rusla eg og Arwen i veg med nokre dymmia, vi la frå oss tre
stykkar som vi skulle ha inn som dirigeringar etter tur. Vi gjekk ei
runde og vi tok ei trippel markering, det vil sei eg kasta tre dymmia, i
tre forskjellige retningar, her måtte ho hente nr 1 først så nr 3, og
til slutt nr 2, eg gjor det såre enkelt for henne, her skal eg ikkje
tulle med Arwen, ho skal lykkast.
Til slutt måtte ho hente inn tre
dirigeringar alle på ca 100meter, vi kom igjen frå ein annan kant slik
momentet skulle være rimeleg vanskelig, men ikkje for Arwen, dette takla
ho veldi bra. Og vi rusla stolt på fot tilbake til bilen vår :-) Arwen
er kanskje eit kilo for tung, dette NP foret har gjort Arwen til ei
kanonkule, og eg må nokk prøve på å regulere ned litt på mengda slik ho
ikkje blir for tjukk. Det er godt å ha noko å gå på, men tjukk kan ho
ikkje være... |
|
29.09.07 |
Apport -konkurranse i regi
av NRK av Sunnmøre. Delt 2.plass. Arwen var god på det meste, men
markeringar på ca 200 m blei i lengste laget, trur faktisk det var
kondisjonen hennar som kanskje ikkje strakk til, (synsing). Ho
hadde svert god allmennoppførsel, gjekk brukbart på fot. Meg sjølv og
føringa var eg godt nøgd med i dag, eg var rolig, Arwen fekk berre
positiv tilbakemelding. Momentet med å jobbe bevist med seg sjølv når
ein førar hund er ein viktig del, det er nokk ikkje berre hund som skal
yte. |
|
25.09.07 |
Trening i dag, surt kaldt og
med vind... Enkelt dagar burde eg berre holde meg heime. Eg førte
dårleg, og Arwen var høgt oppe, dette er ingen god kombinasjon,
samarbeidet var ikkje som det burde, og det tar eg på mi kappe. Eg er
ukonsentrert og markerar dårleg det fører til at eg sender Arwen i feil
retning det er ikkje bra. Sterk vind gjer vitring vanskelig, i tilegg
dårleg lys, hundane ser ikkje allverda i skyming, og det å sjå
markeringane kan by på problem. Arwen fekk nokk litt dårleg
tilbakemelding frå meg i dag :-( Eg må skjerpe meg.. |
|
24.09.07 |
Litt markeringstrening på
Arwen i dag, doble apportar, med mitt val. Ho feila nokk ein gong i dag,
men eg sytte for at ho måtte ta opp at øvinga slik den blei rett, og vi
blei einige der også. Arwen er god på passivitet, ho sitt fjellfast
laus, og ser på dei andre jobbar. Her blir ho berre betre og betre, og
har ingen lyd, verken i passivitet eller i jobb. |
|
21.09.07 |
Ei lita treningsøkt på Arwen
og meg i dag, terping på detaljer handlar treninga vår om.. Linje eller
rett legg eg inn som hovudoppgåva vår, dette er eit viktig moment å
beherske. Hadde ikkje allverda med lengde å ta av, og i dag trena vi
veikryss momentet mit på ei mark. Tre snorrette linje 180 grade og 90
grade. Gå snorrett er det viktigaste med denne øvinga. Dobbel
markeringar 60 grader ut frå oss, det blir då tydelege og lett og
styre ho på riktig retning, og eg velgjer dymmi som skal inn, øvinga
blir kunn gjort ein gong, og då riktig utøvd. |
|
18.09.07 |
I dag har vi også trena
dirigering, og ho går som ei kule i riktig retning, rask på stopp. Arwen
er nokso trygg på signala mine, håper berre vi klarar å få generalisert
det til å gjelde under press/ stress/ prøvesituasjon. Her er det at eg
også må være topp konsentrert, og framstå trygg som fjell. Dette må eg
jobbe bevist på når eg trenar i lag med fleire. dei to siste treningane
har vi trena åleine. Maken til raskt arbeidsjern skal ein leite lenge
etter. |
|
16.09.07 |
Hadde ei fin treningsøkt med
Arwen i dag, vi trena kunn rett ut, stopp og lenger ut, og det i tre
retningar. Vi hadde ein fin tone og Arwen var svert lydhør i dag,
reagerte kjapt på stopp signal, og gjekk ganske snorrett endå det var
lange avstandar. :-) |
|
11.09.09 |
Jobb på linje med skudd og
kast til trehundar, slik trening er bra for oss. Arwen har i mine auge
blitt betre til å konsentrere seg, vi har trena fleire gangar i lag med
andre, og eg har merka at ho er på veg tilbake ditt ho var. Eg har også
ein del stress relatert adferd når eg går på linje som gir seg utslag i
dårleg føring, så her må det jobbast med føring også. Arwen tok dei
fleste markeringane bra, men ho bomma på nokre og eg valte då å kalle ho
heim fort, noko som eg lukkast bra med i dag. Rein lydighets -trening på
fløyta, få ho heim før ho søker felt etter markeringar. Vi avslutta med
felt her gjekk vi par, og det var ein del springing, Arwen
har bra kondis, og søker villig. |
|
10.09.07 |
Litt marketing trening i
passivitet, sitte laus å sjå på at eg kastar til andre.. Arwen er blitt
ganske flink til dette, ho markera bra, men ho får ikkje hente, berre
sitte å sjå på. Ho fekk hente eit par stykkar.. så litt fekk ho lov å
jobbe ho også... |
|
09.09.07 |
Lite grann trening i dag,
passivitetstrening, det å sitte i ro på ei grusbane å sjå på ein
arbeidsglad jaktlabrador er tingen... Konsentrere seg gjer Arwen når ho
sitt slik å ser, og passivitet går veldi bra med henne no, ho sitt godt
fast i bakken og er knyst still. Når ho endelig får lov å jobbe så er
tempoet som det brukar å være stort.. Eg gir ho kunn enkle moment ennå,
dette er viktig både for meg og henne, det at ho opplever å lukkast er
nokså viktig for meg, og sjølvtiliten min og Arwen dett så på plass
igjen. Litt vann markeringar blei det også i dag, Arven er våken og
markerar presist, rask i alle delmoment. |
|
05.09.07 |
Jakttrening i går kveld,
Arwen er på veg tilbake,.. ho jobba effektivt spesielt merka eg dette i
felt i arbeidet henna. Ho søker greitt med langsgåande slag, ho utredar
fort og er konsentrert i jobben i dag. Markeringane tok ho også mykje
betre i dag, vi la opp til litt kortare markeringar og enkle, dette for
at eg vi ha tilbake full konsentrasjon på jobben før avstanden blir
større. Det blei brukt skudd, og andre hundar som også apporterte, Arwen
var knyst still i passiviteten på markeringane på land. Til slutt fekk
ho to markeringar på vann, her sto vi godt inn på land, arbeidet utførde
ho bra, stort tempo i alle moment. |
|
27.08.07 |
I dag har vi trena
markeringar med hagleskudd, doble men korte, her er tempoet mykje høgare
enn behovet, dette synast Arwen er så moro at ho nølar aldri verken ut
eller inn. Slik trening har vi hatt alt for lite av, men kanskje det kan
bli litt meir i haust og vinter, her er nemleg eit par stykkar her inne
som også vil trene og som i tilegg har kjempe gode hundar. Vi vil då
kunne hjelpe kvarandre i markeringstrening, og Arwen sin konsentrasjonen
kjem tilbake. Ho er nokk litt høgt oppe, men markeringstrening må ho ha,
slik har eg oppfatta henne no, ho markerte bra i dag. Vi hadde nokk
minst eit par markeringar ho bomma på, og ho vingla lite grann.
Avstanden var grei å begynne med.. vi skal kjøre enkelt også, det er
dumt å trene slik vi mislukkast for mykje, det skaper frustrasjon hos
meg, og slik er som kjent overførbart til hund. |
|
23.08.07 |
Arwen er ikkje på topp no,
virke ukonsentrert, markar dårlig, dette skjønar eg ikkje, men det er
ikkje alt eg skal skjøne. Vi får trene meir markering, og gjer det
enklare, for så gå tilbake til større lengder. Fordelen til Arwen er at
ho blir ikkje trøtt, men springe eit helt felt på markerigane er sløsing
med krefter, her er det ikkje snakk om å hjelpe henne, her er det ho som
må markere betre, om ho lar seg dirigere, så kjem det på eit ut, ho skal
markere, og konsentrere seg, det er målet, og ikkje at eg skal dirigere
ho på alle markeringar. Tempo og uthaldenheit er ikkje påklageleg,
men...
Det var det same når vi skulle gå spor, ho konsentrer seg ikkje godt
nokk på jobben, vi må nokk ta tida til hjelp for å komme tilbake der vi
var, ikkje alt som er gjort i ei handevending. |
|
19.08.07 |
Eg leggopp vanskelig, og
stoppar ho før ho feilar, har med andre ord kommet tilbake der vi var(
nesten). Har kjørt knallhardt på dirigering, no er det ikkje rom for
noko feiling, stopp momentant. Eg hentar ho inn på alle feil også små
feil, ser ikkje igjennom fingrane på noko slag. |
|
16.08.07 |
Terpinga er starta, har starta med dirigeringstrening,
starta der vi slapp i vinter, ho hører på meg og det er sannsynlig mykje
lettare for henne å konsentrere seg når vi er åleine. Eg må ha fleire
hundar, folk, smell, kast oftare skal vi komme oss vidare, og det skal
vi så vi kan ikkje gå glipp av ei einaste trening. |
|
15.08.07 |
He.. ny fellestrening i går,
ja etter denne treninga er eg bombesikker på at eg ikkje skal starte på
noko prøve i år. Arwen treng mykje trening i gruppe før vi skal melde på
noko ny prøve.
Det positiv var at ho går på linje med andre hundar og er still,
ikkje pip i det heile, tempoet hennar er stort. Det er hund med så stor
motor at eg må til å gå inn med mykje terping på lydigheit eller hør på
meg trening, så her kjem eg nokk til å måtte legge meir i føringa mi. Eg
må jobbe meir med meg sjølv og føringa her kan vi forandre på ein del
ting, dette med å stanse henne når ho feilar er blant ting eg må få
gjort noko med.
I treninga skal eg også lære ho kva ho skal, ikkje vere så dum at eg
bed ho gjere ein jobb ho ikkje kan. Det er dømt til å mislukkast. |
|
08.08.07 |
Fellestrening i går, dette
trengte vi. Ein god og fornuftig trening hadde vi, og i treninga blei
det det lagt vekt på markeringsarbeid. Arwen er den same motoren som ho
alltid har vore, men vi er ikkje god nokk til 1 pr i Ak, og det skal vi
vere før vi startar, vi reiser ikkje land og strand rundt for 2 premiar,
derfor melder vi ikkje på prøver i haust. Når det er nemnt så går vi
over på alt det positive, ho har enorm fart like snar ut som inn, har
opparbeid seg god kondisjon etter kvalpepermen, viser ingen trøttheit i
trening alltid villig. Ho er fast til tusen, gode innkomst, fine
avleveringar 0 risting av vann før avleveringar. Det inntrykk eg sitter
tilbake med etter årets første fellestrening, og årets første
markeringar er, her må det trenast markering også ikkje berre
dirigering. Arwen er i bunne og grunn ein god markør, men i går sleit
Arwen, ho vil så gjerne, og slår då over på kjempestor slag og søker alt
for vidt, men nøye. Dette er situasjonar som Arwen kan gå ut av hand, og
rett å slett søke av eit gigant område før ein får somme seg. I ein
prøve samanheng kan dette føre til at både dirigerings vilt og felt kan
komme inn før det skal ;-) I tilegg på ei fellestrening får ein også
tilbakemelding på førarfeil som andre enn du sjølv legg merke til, dette
er også bra, for då kan ein også kanskje endre seg til det betre.
Korleis eg skal handtere Arwen når ho evt. bommar på ei markering, må eg
også tenke igjennom, ho er både lydhør og sjølvstendig. Er viltet
skadeskutt så kan det flytte seg fort, men er viltet ein daud kråke
eller ein dymmi så ligg det i ro, og har eg gjort jobben så skal eg også
ha markert sånn sirka, skal eg då berre stoppe ho og sende ho til
området, dette vil eg tenke igjennom, her er det mest sannsynlig eg som
må handle, og ikkje la ho søke i store områder utanfor der markeringa
ligg. I trening er det berre å avbryte og ta oppatt øvinga. ( Arwen kan
gjerne ta opp at same øvinga i det uendelige utan å gå trøtt)
Det er ei stor sjølvbeløning når ho då finn noko, kanskje på ein
annan plass enn der markering hadde landa, dette vil då forsterke henna
til å forsette med å søke stort og vidt.
Er mottakeleg for gode tips, er det noko som har ein super løysing så
er det berre å maile meg...
|
|
31.07.07 |
Vi har trena litt rett ut
linje på Arwen, og tempoet henna på 10 dymmi er likt ut og inn, også nr
10, denne hunden er makelaus ;-) Eg må komme meg i gang med å trene i
lag med andre, slik ho får sin del med passivitets trening, når Artemis
veks til så må ho sjå ganske mykje på henne, det vil nokk få henne ned
på jorda tenker eg. Passivitet er som sakt eit meget viktig moment i
jakttrening, og det må trenast på også. |
|
26.07.07 |
Når vi var på Sandsøya trena
vi ein litt jaktmoment, Arwen må repetere grundig dirigeringssignal, ho
er ein hund med enorm arbeidskapasitet derfor fart og søkslyst meget
stor og utmerket nase, så ligg det noko som ho ynskjer å ta med heim må
vi nokk jobbe med at snu på flekken, og ta det som eg bestemmer skal
inn.. Dette er ting som må jobbast bevist med utan at det går utover
sjølvstendig søk, i dei fleste tilfelle skal oppgåvene løysast utan at
eg blandar meg inn. Vanndirigering trena vi og eit par gonger, den
jobben utførde ho bra, det er også eit vanskelig moment som må
igjennomtrenast i mange situasjonar, eg har litt lite tilgang på
godeplassar å trene vanndirigering på her som eg bur.
På sandsøya har eg ein svert fin plass;-) å trene dette på. Det
krevjast gjerne at eg har eit vann som ein kan symje over, eller ein
liten holme å symje ut til, utan at det blir kasta eller det blir gitt
noko hjelpande signal.
Totalsett så var Arwen ikkje verst, når vi tar i betraktning at vi
har vore utan trening ganske lenge, har veldi lyst å starte henne på ei
prøve, men starar ikkje før ho er så god at vi må ha uflaks for å ikkje
få 1pr, det er det vi vil starte for å få, målet er komme seg opp i EK
OG JAKTE PÅ 1PR.Målet er ikkje uoppnåeleg med ein slik hund som Arwen. |
|
06.07.07 |
Hadde med Hans Emil for å
kaste litt dymmi på vann, Arwen får symje seg oppatt i kondisjon før vi
startar med sykkeltrening. Ho symjar som ein fisk og det er bra trening
for kondisjon og muskelbygging. Når det gjelder sjølve apporterings
momentet i vann så er det bra på markeringar. Det blei to
dobbelmarkeringar, og eg bestemmer kva som skal inn først, vi nyt også
stillheita ei stund før ho får lov å gå i vannet. Dette med ro trening
skal ikkje gløymast, Arwen har talent og er så konsentrert på jobben at
det er ei sann glede å jobbe med henne. Arbeidslysta er som kjent stor,
og den har ikkje blidt noko mindre etter ho blei mamma. |
|
21.01.07 |
Fellesjakttrening i dag.
Kaldt bra vær. Det blei litt markeringstrening på oss i dag,
rimeleg bra gjekk det, ho spikra ikkje, men søkt seg fram effektivt til
dymmien. Vi fekk ei dobbel, her gjekk vi nærmare kaster slik oppgåva
skulle være enkel, den var spikra, og eg bestemte kva som skal inn
først. Masse motor har vi. Godt fornøgd med treninga. |
|
06.01.07 |
Årets første felles
jakttrening er overstått. Godt oppmøte var det også Været var vått og
mildt, supert med andre ord, blir ikkje vinter i år. (Håper eg) Arwen
tok fellesøvinga med knusandes ro, rolig og still. Arbeidstempo,
tja.. ho kan danke ut ein kvar jakt labrador ;-) .... Vi trena
litt markeringar, og det var greitt, dette med kast og at andre
apporterar er bra trening, for Arwen, ho er still og rolig i passivitet
og det er supert. Enkelt moment trena vi ein del åleine regelmessig., og
ho er råbra, dette at ho klarer å konsentrere seg og slappe av i
fellestreningar er jo gull verdt.. |
|
01.01.07 |
Denne Jula - romjula, og
Nytt - års helga, har vi vore mykje på tur, 2-3 timar i fjellet kvar
dag, bortsett frå ein dag då hadde vi kviledag (besøk av mamma og
Pappa). Ein del jakt moment har vi trena innimellom, vi har vore på
tur å leine ..så det har ikkje vorte nok markeringstrening, meste
dirigerings trening, lange rett ut, og veldi varierandes moment. Dei to
siste dagane, har eg hatt med ein ekstra dymmi i tilegg til desse små
snertne dirigerings dingsane mine. Vi har derfor hatt forstyrrings
markering ved dirigeringslina vår. Ho har skjøna reglane, ikkje ta
markering, men springe rett ut !!!
Og vi ventar på løpetid, vi som skulle få i frå oss dette
kvalpestyret til våren, men... ikkje noko løpetid på gang ennå. |
|
25..12.06 |
Lange turar blir det.. lite
trening, vi bygger musklar og trener kondisjon.. Super ver, bart å fint,
også i høgda, og mildt. Litt trening blir det inni mellom, vi tar
lange rett ut, og her går det unna, eit par hundrede meter, for så ta
med heim ein dymmi på 2 x 10 cm. RÅSKINN!! Vi varierer dette momentet,
med å sette ho med front mot meg gå ca 100 meter enten kalle inn eller
sende bakut.. aldri heilt lik oppgåve, men vi går for gull kvar gong. |
|
10.12.06 |
Laurdag, trena vi felt og
markeringar. Eg hadde med Hans Emil til å kaste, vi varierte terreng
avstand, og dobbel markeringar. Tempoet må opplevast, det kan ikkje
beskrivast. Presisjon på å finne markeringane er god, også dette med å
ta den som eg vil ha inn, når vi trena dobbel.
Tidlegare i veka har vi
gått turar i skogen, og lagt inn litt dirigeringstrening, presisjons
arbeid.
I dag har det blese så sterkt at vi har hold oss inne.
|
|
28.11.06 |
Lang tur i dag og, som i går
legg ut tre dymmi før oss fer på tur.
Nydeleg mild ver utan snø, på innerlomma hadde eg med 4 små dymmi som
vanleg, og vi la inn litt terping på turen vår. Målet mitt er at vi skal
bli rå bra på dirigering, og eg prioriterar rett ut, og langt ut, i
tilegg søk kommando når ho er på rett plass. Vi trena på ei open myr,
stor og rett, og med hinder i form av grøfter. Her får eg verkeleg brynt
Arwen på å springe snorrett, og det går unna, 100 meter rett ut går
glatt, tempo kan eg ikkje klage på ;-) Ho går aldri lei, veldig kjekk
hund å trene med.
Når vi var ferdige med turen vår tok vi inn dei tre dymmiane som vi
la ut eit par timar tidlegare, ca 100meter ute, 3 x 100 m full fart,
etter dette får ho ein neve med frolic på bakken, før vi går fri ved fot
til bilen. Og søv som ein stein, i god stolen sin resten av dagen. |
|
27.11.06 |
I dag la vi ut tre dymmi til
dirigering som skule inn etter endt tur. Vi var på tur ca 2,5 timar, når
vi kom tilbake til utgangspunktet tok Arwen inn desse tre, og i dag
gjekk ho fort, og ho stansa ikkje for å få lenger ut signal, det var
positivt, farta var stor tross over to timar med fri springing. Avstand
ca 80 meter. 3 x 80 meter i full fart ;-) supert. |
|
26.11.06 |
Vi går mykje tur, ca eit par
timar for dag. Trening litt innimellom, men ikkje så mykje. Det blir fri
ved fot til og frå bil, det er eg nøyen på. Ein del dirigeringsmoment
tar eg av og til, brukar då bitte små dymmiar( lett å bære med seg på
tur), og søk signalet blir testa skikkeleg. Ho kan ikkje ta desse
små dymmiane på synet, men må bruke nasen sin aktivt. Og då er det eit
must å høre på meg ;-) Hadde med meg kamera og ein gut som skulle ta
bilde når Arwen henta inn eit felt, Dette var ein felt på frossen myr,
skog, musestilt, hum vanskelig. dei som tar ein titt på bilda kan sjå
ein sliten hund, men ho jobbar til den bitter end, utruleg til kondis og
uthalden heit, super hund. SKRYT men det er sant.
Sjå bilda her >>> |
|
13.11.06 |
No har vi ikkje trena Jakt
på fleire dagar, kunn gått tur i skogen. Vi trenar litt fri ved fot, ser
vi folk, eller når vi forlèt bilen, og når vi nærmar oss bilen igjen går
vi fri ved fot, dette er knakandes lurt å trene på.
Vi venter på løpetid, så vi er spent kvar dag, når kjem den..
|
|
09.11.06 |
Lett trening i dag, eg la ut
to dymmi på ca 100 meter, før vi gjekk på tur. Eg hadde med 5stykker 200
grams dymmiar i sekken, dei er lette å bære med seg, og turen vår går
til supre treningsområde då er det klokt å ha med litt dymmia.
Dei
brukte vi til to felt etter kvarandre, Arwen sitter eg går ein
50meter, og kaster tre dymmiar i ein stor bue, går så inn over
igjen, og kaster to ein til kvar side, dette er enorm påverking det
treng eg ikkje, men eg vil ha søk utan at ho sporar etter meg, når ho
skal finne desse fem dymmiane,
Ho søker seg ifrå side til side veldi bra dekking av terrenget, ho
stoppar ikkje opp, og ho går seg ikkje fast i spesielle plasser, ho
jobbar frå kant til kant effektivt. Når vi har fått inn desse fem, snur
vi oss 180 grader, og tar det saman andre vegen.
Konsentrasjon, sitte stille å sjå meg kaste ut feltet gjer ho, og ho
sitter musestille også,. luftar ikkje på ein labb. Dette felte går også
strålande, ho må jobbe meir med dette feltet enn om det berre var
utlagt, har ein føling av vitringshjelp i slike felt. Ho dekkjer område
veldi bra jobbar, og jobbar, og oppnår resultat. Dette er ein super felt
hund.
Etter ca to timar på tur er vi tilbake, tid for å ta dirigeringane.
Den første utsendinga stoppar ho og lurer på om eg bles eller ?? det
gjer ho av og til. DET SKAL HO IKKJE GJERE. Eg gav ho lenger ut signal
og ho rusar resten i stor fart. ( det eg skulle ha gjort var å kalle ho
inn for så å sende rett ut igjen, altso var det ein trenar feil i dag).
Den andre gjekk i hundre rett ut hundrede meter, og i hundrede rett inn.
Grunnen til stoppen kan være korttids hukommelse frå dagen før, då
terpa vi på stopp å gå lenger ut, eller gå til høgre. Signal terping. |
|
05.11.06 |
I dag har snøen regna vekk,
hipp hurra.. Vi tok oss ein tur hadde med dymmiane, og kjørte dirigering
i dag med, i tillegg eit vanskelig felt, vanskelig terreng og oppgåve.
Arwen er knall bra, ho liker vist godt å jobbe i klask regn.
Når eg
trenar dirigering legg eg dymmiane nært kvarandre, dette for å styre ho
til ein plass, altso ikkje søk på vegen ut. Dette kan eg gjær for di eg
har hund som ikkje bytter veit at kun 1 inn i gangen og det er den
første som blir plukka opp. ( dette må lærast, og det er ikkje noko som
eg anbefaler andre gjære når dei trenar.) Eg brukar knapt "Nei" når vi
jobbar med slike øvingar, klart må eg så gjær eg det, feil blir ikkje
tolerert, vi unngår å legge feller, vi har med andre ord lært inn
tidlegare kor det skal være. Svært viktig å ha sikker hund, som veit
korleis det skal være og ikkje tvilar.
Felte la vi over eit kjempe område, vi gjekk i motbakke på ein brei
skogsveg, kasta 4 dymmi på kvar side i løpet av ca 60 meter. Her var det
ikkje vitring av meg som utlegger, men ein del hukommelse som følgje av
lange kast til kvar side. Ho starta rått plukka inn dei to siste som vi
kasta ganske raskt, ein på kvar side av vegen, så måtte nasearbeide
starte, terrenget var bratt, kratt, rusk av felte trær osv. vanskelig.
Alle dei 6 andre blei plukka inn etter eit godt søks arbeid. |
|
04.11.06 |
Tok oss ei treningsøkt med
dymmi i dag, det har vore snø her nokre dagar, og vi har berre gått
turar( spring opp og ned i stort tempo) bygg gode musklar. Har ikkje
trena på lenge.. Arwen elskar å trene, i dag blei det også dirigering,
vi valte innmark( attelege) eg liker det best til dirigeringstrening,
vil ha rette linjer. Vi( eg og Arwen) stilte oss mitt på marka,. ho
måtte sitte, eg går å legg ut, rett fram 3 dymmi, til venstre 2 dymmi
til høgre 3 dymmi, avstand ca 60meter i alle retningar.
No må ho hente inn dymmi, frå forskjellige retningar, men linja skal
være rett. Dette er ei øving for å få ho til å springe heilt snorrett i
den retninga som ho sitter og ser.. Og denne Arwen, ho spring sååå fort
at får vi starta ho rett.. så går metrane fort unna. denne øvinga, er
utan stier kantar, men dymmiane ligg ved jord kant ende, når ho kjem
fram får ho stopp og søk signal. Øvinga er i grunnen det momentet
springe rettframm.
Vi avslutta med eit dobbelkast, tydeleg, dette for at eg skal velje
kva som skal hentast først. Det stri regna i heile treningsøkta vår, men
det gjor ingen ting vi elskar regn ;-) og ikkje snø. |
|
23.10.06 |
I dag, på starten av turen
vår la eg ut dirigering( 3 dymmi) ca 70 m. Vi var ei ruslerunde i skogen
for å ta bilde, i tillegg til det trena vi eit lite felt, kompakt, det
gjelde å variere, eg har hund som lett spring svert stort i søket,
derfor skal eg trene små og kompakte felt også.
Etter eit par timar var turen unnagjord, det var då å tenke på
dirigeringane som vi hadde lagt ut i starten. Supert, ho gjekk som
ei kanon 0 problem, og rett med stor fart ;-) Dette er det vi kalla
variere i treninga, det var ikkje skjult sida ho satt og såg når eg la
den ut, men tida var etter to timer, enkel form for genrialisering av
øving ;-) og at momentan gradvis blir vanskeligare. |
|
22.10.06 |
Vi hadde ei økt med
dirigeringstrening i dag, det vil sei terping på signal. Det er nokk på
tide og auke vanskeligheitsgrada ein del, her må eg tenke før eg
handlar. I åleine trening er det ikkje så vanskelig og auke
vanskeligheitsgrada, og likevel lukkast, det er verre når vi trener i
lag med andre.
No handlar jakttrening om svert mykje lydighetstrening, og likevel
behalde motivasjon, og sjølvstendigarbeid der det trengst. Det er derfor
ein veldig spennande hobby, det slår ut vanleg lp trening.(det blir så
kjedeleg i forhold til jakttrening) at eg har lagt det på hylla inn til
vidare.
Lange rett ut trena vi i dag, det at lina ut er rett og lang er det
eg legg vekt på. Vi trena litt klokke også, dette er ein meir terping på
at ho går ditt ho skal, og ikkje tar berre etter så ho synast sjølv, det
handlar også om å sitt i ro, og rask gå i arbeid når ho får riktig
signal.
I tillegg kasta eg ein dobbel der eg valte dymmi for henne. Her er eg
tydeleg snur litt Arwen slik ho sitter i retning dymmi som skal inn.
Det blir berre alt for lite trening i lag med andre hundar, det å
sitte passiv kunn å sjå på ein anna i arbeid er noko som Arwen skal
kunne takle, det momentet blir det for lite trening på. Er det nokon som
vill vere med på ei trening på dagtid er det berre å ta kontakt, og har
ein hund som kan jobbe eller vil lære å jobbe... |
|
15.10.06 |
I staden for tur i dag tok
vi, ei stund med terping på signal.
Dirigeringsmoment kan trenast på
ufatteleg mange kombinasjonar, vi skal bli bra på signal når vi trenar
åleine, eg er av den oppfatning blir vi god åleine, blir vi med tida god
under andre forhold også ( jaktprøve ).
Legg ein på sidelinja, kastar slik ho blir litt tend på den. Ho skal
ikkje bestemme når ho vil hente inn den, men det skal eg. Eg er veldig
nøyen på rettvinkla, det at vi trenar 90 grandar og ikkje 60 grandars
vinklar. Derfor setter eg ho på klokke, og går unna no er det rett ut,
og kanskje 90grader vist eg finn på det. Ho får det inn med teskje, men
eg opplever henne som arbeidsglad med stort tempo, berre ho får
apportere så er ho 100% konsentrert, elskar å jobbe. Stopper eg ho med
fløta så kan vinkelen bli 60 grader, derfor setter eg ho på klokke.
terping....
Dirigeringsbiten trur eg er den delen som for oss er viktig å
konsentrere oss om, blir vi god der blir også premiane god,
markeringsemne, og fart har ho rikeleg mon av.
Planlegging av genrialiseringa er og viktig for oss no, ikkje berre
hopp i kva som helst men tenke nøye over kor eg skal unngå feile slik at
ho sjølvbelønar seg med ein apport ho ikkje skal ha. eller går over i
frittsøk.
Eg har slutta med å legge dymmiane i linje, legg dei heller i
ein omkrets på 60.100 cm, dette på grunn av at eg ikkje vil ha søk på
vegen ut men søk når eg gir signal. Beveger meg i frå dymmiane i staden,
dette blir det same med avstanden som linjetag, "men berre betre
for oss", for di ho går til eit etablert område, og får søk
signal, eller stopp signal, og søk. |
|
13.10.06 |
Tilbake etter haustferie...
Vi har trena litt, og det har i hovudtrekk våre dirigering, då nøye
planlagt kva eg skal trene på. Vi har brukte skudd, dette for å venje
Arwen til at det nødvendigvis ikkje er noko kast på skudd, og ho skal
lytte til meg, fordi eg veit best på dirigering ;-) Mykje bra trening,
og vi har feila svert lite, det er rein terping på signal.
To storefelt har vi trena, her hadde vi to- tre -fire - linje, i
trapp, og eg har det oppover ein bakke derfor lett å sjå kor ho jobbar
med nasa det er imponerandes å sjå. Skulle berre ha hatt ein hund til
slik eg fekk kjøre ein del par, og annakvar hund. Arwen har eit tempo i
jobben som er lov å skryte av, ganske systematisk er ho i søket allereie
tross henna unge alder. |
|
07.10.06 |
I dag trena vi felt, det er
noko som vi ikkje har gjort på lang tid.. Arwen synast det var stor stas
å få søke fritt, ikkje dette maset med rett ut, og kunn gjer som ho mor
befaler.. Kjempestort felt med 9 dymmi, blei plukka inn i høgt tempo. |
|
03.10.06 |
Lange rett ut var vår
trening i dag, no er det kunn rettlinje eg trener, vil ha ein hund som
kan gå 200 m rett ut, utan å forandre retning. I dag hadde vi 150 m og
det går fort unna, forstå eigentlig ikkje kor ho tar det frå, men farta
er så imponerandes god. Ho trefte punktet i dag, punktet der
dymmiane ligg er ca70 cm bredt. I tilegg tok eg ein enkel
dobbelmarkering, dvs, det kan gjerast vanskelig sjølv om den er enkel.
Eg kasta ein til kvar side, gjekk og la dei andre dymmiane i bilen.
Tilbake til hunden, og sender ho på den ho ikkje fokuserer på, snur ho
eit kvart tørn, og lar ho fokusere i retning av dymmi. Sender Arwen og
ho henter den eg valte, så setter ho seg i retninga av den andre sjølv,
og ho hentar inn den andre tilslutt. |
|
01.10.06 |
Fellesjakttrening, det er
passivitettrening og gull verdt. Arwen var flink låg stort sett ved sida
av sekken min, eg hadde med kamera og sat å kika inn i det.
Tilbake
til treninga, innkalling frå sitt på fløyte har eg klart å lære inn NO.
( treng ikkje rope påplass eller kom) Ho kjem som eit lyn, og eg kan stå
med fløyta i munnen lenge før eg bles, ho ventar på signal.
Fri ved fot, her vil ho gå fort... dette momentet må trenast masse.
Eg bruker minimalt med kommando under fri ved fot, ho hentar seg inn
sjølv, men det er ikkje fint å sjå på 1meter fram, og 1 meter rygge
tilbake, her må vi finne ei løysing som fungerar langsiktig. |
|
30.09.06 |
Moment i dirigering er det
vi jobbar med ennå.... det trur eg er noko som må terpast, repeterast
ofte. Arwen er så full av drifter at ho går som ein torpedo. DÅ må
ho kunne alt på rams skal vi unngå noko utredning på eigen hand ;-) når
ho ikkje skal det då. Vi deler det opp i moment, i dag har vi repetert
nærsøk kommando. Her blir ho sendt til eit punkt ikkje langt frå meg, og
får nærsøk kommando fløytesignal, ho skal på dette punktet nytte nasa
til å finne noko, ikkje syne, det er eit viktig moment. Dette skal
terpast slik ho skjønar at ved det signalet skal ho søke, og ho skal
også ha lært at ho finn noko på dette signalet, berre ho brukar nasa si.
I tillegg har eg kjørt ho på snorrette langt ut, 150m, eg har tatt ei
pause frå linjetag, legg heller dymmyane på ein plass, som blir eit
kjent punkt. Startar på ca 70 m og beveger meg lenger i frå til eg har
150 m. Ved å bruke denne metoden så er det kunn rettut vi trenar og ikkje
søk på veg ut som ofte blir når dymmyane ligg etter kvarandre. I dag
brukte vi ikkje stige/skogkant/veg, men på åpen mark.. eg er godt nøgd
med treninga, ho trefte punktet på 0.50 cm på 150 m det er BRA!! Og det
tyder at ho spring rett ut, langt. Eg har tru på at å trene på denne
måten, får ho lengda i kroppen, og ikkje skjær ut i ei bue, før eg evt.
stopper ho. Skal prøve å få med ein hjelper som kan skyte eit knall, på
20-50 meter unna, og bruke same framgangs metode.
Stopptreninga skal vi ta som eige moment, og ikkje på slike lange ut
sendingstreningar. Vi tar det på korte, grunnene er ikkje at ho ikkje
stopper, men ho reduserar farta i ei bue og stopper, då kjem ho 5 m frå
linja ut. Øvinga dirigering, består av mange moment, akkurat som ein
anna øving, derfor er det lurt å trene enkle moment, sette dei saman til
ei heil øving av og til, som på ei jaktprøve. |
|
23.09.06 |
Aktivitetsdag i Nrk avd
Sunnmøre. Workingtest opplegg 5 poster. 4 x 20 poeng. 0 på ein post
;-) den var ikkje enkel, min hund var så snar at eg rakk knapt å få fram
fløyta før feil dymmi var plukka opp. Dymmi var plassert på ein haug, vi
skulle passere ut mot dirigerings dymmien, sterk vind og langt frå meg,
ho slo på dymmien vips så var den oppplukka og 0. Det positive var at
linja ut var heilt rett, og ho går fort. Markeringane var spikra, her er
ho rå, trur ho kan konkurrere med kven som helst når det gjeld
markeringar og fart ut og inn. |
|
18.09.06 |
Småting ennå her,
bokstavelig talt, bittesmå dymmies, nærsøk kommandoen er det vi skal
lære oss, og vi skal bli rå bra på det. Små dymmi, kvifor hum.. no kan
du lure. Det er kun det vi trenar no for tida, momentet skal lærast, og
eg har funne meg ein metode som eg prøver ut. Vi trenar det annakvar
dag, og det er 4-6 søk på kvar trening. Eg får vertifall blåsetrening,
små korte, lave blås er mine signal når ho er i nærsøk... |
|
11.09.06 |
Det er små ting vi trenar på
no... ting som vi har slurva med før. Har starta heilt på bar bakke med
nærsøk kommando trening. Der er eit moment som er viktig, her skal søket
være av liten radius eg trener på 1-2 meter i diameter. Går ho ut av
området skal også innkallinga sitte, då er det rett heim.( kjem ho ikkje
blir ho henta.) Desse momenta er delemoment i dirigeringa. I dirigerings
-trening skal Arwen "ALDRI" meir få bruke frittsøk for å finne noko som
ho tar med heim ;-) Dirigering er kun gå ditt mor peiker.
Ei anna sak
som og handlar om å gå ditt mor seier er, val av markeringar som skal
hentast inn, dette har vi trena på ein god del før så vi er ikkje så
aller verst på det, vi skall berre bli endå sikrare. Eg bestemmer alltid
kva som skal inn først. Problemet bruker dukke opp når ho ikkje finn
noko der ho markerte, og går over i feltsøk, gjerne tilbake der ho
allereie har henta inn ein. Her er det då viktig at vi klarer å bryte
søk adferden, og få Arwen heim. Fritt søk( stortsøk ute av hand) skal
aldri være lovelig på ei trening. Det handlar mykje om å ha tankar om
kva eg skal gjær når det skjær seg, og handle deretter. Tenkt på kva
problem som kan dukke opp. Det skal då være så gjennomtenkt at det skal
løysast når problemet oppstår og ikkje på neste trening, handlingsplan
må ein ha. Nøkkelen er lydigheit kombinert med god arbeidslyst, då kjem
vi langt. ( vi manglar litt av lydigheita ennå, men den kjem) |
|
27.08.06 |
I dag var det Arwen sin
tur... Vi blei klubbmeister i jakt åpenklasse. Det var opplegge som ein
WT, 5 poster + ein finalepost med Walkup eg skal prøve og legge
ut nærmare beskriving av postane når eg får poengsummane.
Poengsummane er no ute på egen
side>>>
Dommer var
Kirsten Norberg, prøveleder var Jurjen, begge to gjor ein utmerket jobb.
Kjempemoro. |
|
23.08.06 |
Var ein tur til eit vatn..
Arwen fekk hente inn tre kast. Eller så trener vi ikkje apportering. |
|
20.08.06 |
Vi var på ei felles
jakttrening i dag, Arwen utfører jobben sin med stil, full fart ut, og
like fort inn, 0 lyd. Ein god del passivitet trening, og det ser vi på
som eit viktig moment. |
|
16.08.06 |
Ps. vi melder på
klubbmeisterskapet, det må vi få med oss. |
|
10.08.06 |
Jakttreninga har vi lagt på
hylla. Vi skal trene svert lite, det meste grunnleggandes sitter godt.
Vi tar ei pause, og skal kome sterkt tilbake neste år. |
|
27.07.06 |
Er på Sandsøya på ferie,
litt trening blir det. No legg eg vekt på dirigeringsbiten... både på
vann og på land. Terping om igjen, på ting eg trudde ho kunne så godt
;-) ho kan det faktisk.. ikkje tilstrekeleg heiter det når ho ikkje kan
på prøver ;-), på prøve koplar ho av (ein form for blokkering) av mine
signal.
Eit punkt eg ikkje har vore flink nokk til å trene på er.. innkalling
med fløyte når ho feilar, eg har trena mykje planke med opplagt at ho
lykkast, og nesten aldri hatt behov for å kalle inn, ho kjem fort
tilbake når dymmi er plukka opp. Har ho feila så har eg bråte, 0
belønning. Planen er å terpe mykje innkalling med fløyte, få innkallings-
biten like bra som på appellbana ? er det mulig, så er det mitt nye
delemål.
Signal terping, her er ho rimelig sikker og det varmar godt å sjå at
det fungerer ganske bra på trening, og at ho går ditt eg vil ha ho.
Vanndirigeringa trena vi over på ein holme, legg bort dymmies på
fjøresjø, og brukar floda til å hente dei i land igjen.
Anne har filma litt vann -dirigering, så vist eg får henne til å
redigere filmen, kjem den ut før eller seinare, no er det berre
fint ver og sommarferie og ikkje så mykje data på henne og.
|
|
21.07.06 |
Fellestrening i går, ja
sikra vart eg på at det blir ikkje fleire startar i år på jaktprøve. Vi
må få orden på den dirigeringsbiten vår, den er ikkje bra. Det ho skal
lære er å stoppe på fløyta!! Terping og atter terping, men vi har
rimeleg god tid å få orden på dette, neste år skal Arwen være rå bra på
dirigering ;-) det får være målet vårt. |
|
12.07.06 |
No har vi starta på skudd-
trening ved dirigeringar, no skal vi ha ladd start- pistol
klar.. kvar gong vi trenar, dette skal bli plankekjøring med tida.
Vi
startar på nytt, og lærer det heilt i frå grunnen av, men no skal vi
bruke skudd i treninga. Signaltrening er noko som vi må trene separat og
ofte, dette er ting som må repeterast omigjen skal det sitte, alt som
ikkje blir vedlikehaldt forfell. |
|
08.07.06 |
NLM - rein trening på prøve,
vi synest det var topp. Arwen var som vanleg bra på det ho kunne,
markeringar- dobbele, fot gåing, fast og konsentrert, men når vi kom til
dirigeringar, flippa ho ut !! Her har eg gjort ei stor tabbe, har
ikkje generalisert øvinga med skudd som forstyrelsar. Ho spring på skudd
plassen med lukka ører ;-) Arwen koplar ikkje at det er
dirigering, men det skal vi klare å løyse.
Målet mitt om ein 1pr i AK
i år har eg skrinlagt, vi stiller ikkje på fleire prøver i år.
Neste år skal vi kome sterkt, og eg vil tru at vi får dirigeringsbiten
på plass til neste år. |
|
04.07.06 |
Gjennomtenkte prøver,
søndagens "bortreist" kan komme av væskemangel, ho ligg mykje i bilen og
drikk lite, når Arwen legg frå seg kanin for å drikke så er det noko som
ikkje stemmer. Her må eg få i ho rikeleg med væske, før vi
startar.. korleis? Dirigeringsmomentet er litt pussigt at ho flippa så
ut på, og eg veit at ho kann dette rimeleg bra. Ein grunn kan være
at vi ikkje har trena dette momentet med skudd, slik ho koplar ikkje
situasjonen rett, men dette er ting vi skal finne ei løysing på, og vi
skal kome sterkare igjen neste sesong, vi stiller ikkje på fleire prøver
i år.
Eg ser på det positive, ho er heilt fast, ikkje noko lyd, og ho har
ikkje skada vilt, utgangspunktet vårt er godt å jobbe ut i frå. |
|
03.07.06 |
To nye AK prøver har vi vore
igjennom i helga.... Laurdag blei det ein 2 AK og eg er nøgd med det vi
gjor, feilen vår var på dirigeringa, her er Arwen ikkje lydhør på prøve,
det har eg erfart skikkeleg no.
AK kritikken
frå laurdag>>
Søndag blei det 0 noko av det same som hende på fosen, ho er mentalt
tom på dag to. Ikkje lydhør på dirigeringa, mangel på motivasjon i
feltet. |
|
26.06.06 |
Vi har vore på ei samling
med fellestrening av jaktmoment, etter jaktprøva ..då med fokus på
dirigering, ho hadde litt det same som på prøve, på avstand blir ho meir
sjølvstendig, og mindre lydhør. Vi har terpa litt på kloss hold dette
med retningar, då kan ho det, som plankekjøring, men når avstanden blir
stor, og nasa slår inn med vitring vill ho løyse, vitre ut før ho tar
kontakt ;-) dette må eg nokk jobbe med. |
|
19.06.06
Prøve, tankar..
|
Vi
stilte i AK på fosen
>>> To dagar med prøve setter sine spor, Arwen vist seg fram frå ei heilt
ukjent side på desse prøvene ho lukka ørene.
Fullstendig døv. Det ho kan på trening kan ho ikkje på prøve, så
her må vi gå grundig til verks for å komme til buns i dette. Vist ikkje
tør eg ikkje stille ho meir. Det går ikkje ann å flippe heilt ut på
prøve, dette må løysast.
Laurdag fekk vi premie, og ho løyse oppgåva etter kvart, men eg er
lagt frå nøgd med arbeide henne, det var ikkje i nærheita av det Arwen
kan på trening.
Søndag blei det 0. Her var ho bortreis på dagen. Denne oppvisninga
kunne vi godt ha vore forutan. Prøva var grei og vi burde løyste dei
fleste oppgåvene rimeleg bra, men Arwen klarte ikkje det enklaste ein
gong, markeringane ho gjekk over i felt søk .. sprang, og
sprang, utan å stoppe på signal, når ho endeleg fann ein dymmi plukka ho
den opp, for så å legge den ned igjen og drikke vann ;-) heilt på tryne.
|
|
06.06.06 |
I går var det fellestrening
med vilt. Arwen har ikkje trena med vilt sida tideleg i haust, men ingen
grunn til uro ho var super spontan som vanleg. Problemet var heller ho
var heit. Vi starta med litt slurv, det legg eg ikkje vekt på, momentet
i går var vilt, og det satt. Det blei også ein del vannarbeid, symje
over vatnet, og gå i land etter måse for så å symje over igjen. Her var
ho arbeidsvillig, rask heim, og fine avleveringar. |
|
04.06.06 |
Ei bra treningsøkt i dag.
Par trening blei det på Arwen, og det fungerte bra, ho var flink. Ein
del vannarbeid, det bestod av å symje over ei elv og så gå i land for og
ta med ein dymmi heim, passivitet medan den andre hunden gjor som vi.
Dette gjekk bra, ikkje noko problem, bra trening. Vi avslutta med eit
nokso djupt felt, anna kvar hund henta dymmi. Dette med gjekk rimeleg
bra. |
|
31.05.06 |
Fellestrening, heile 8
hundar.. Arwen var så å sei heilt still ikkje ein lyd, det var positivt.
Det starta med ei dobbel markering som vi var heilt på bærtur med, ho
fann ikkje det første og gjekk til den andre, den var på ei open mark,
her blei det felt springing, og eg bles ho av og ville ha ho heim, no
brukar eg vanlig vis ha ein bra lydhør hund, men i dag, synast ho det
var no måte på å ikkje få kome heim med noko. ;-(
På neste økt tok vi
to enkle for å få ein lykkeleg slutt, her løyste Arwen oppgåva si som
vanleg raskt og ganske perfekt ut i frå min målestokk.
Vi avslutta treningsøkta med jakt lydigheit, den gjekk brukbart
bra, nokre feil hadde vi den eine større enn den burde være, får kunn
skulde på meg sjølv eg var ikkje nokk våken. Som konklusjon ei svært
nyttig trening. |
|
29.05.06 |
Vi har vore heime på
sandsøya.. litt ferie må ein ha, men trena har vi gjort likevel, litt
kvar dag. Det vi har jobba ein del med er dirigering. Arwen er svert
lydhør, og reagera raskt på signal. Derfor må stopp nyttast varsamt vist
ikkje stopper ho utan signal. Ho skal oppretthalde svert stort tempo,
men stoppe vist ho får signal, og då evt. gå ei anna retning etter
teikn.
Det eg prioriterar er å gå rett ut sjølv om det ligg dymmi både på
venstre og høgre sida som ho veit om. No har vi nytta open mark ikkje
stiar, dette for å gjer momentet sikrare. Går ho skeivt må ho stoppe og
starte på nytt, det er lett ho drar mot side apportane, men skal vi ha
rett line ut må vi berre terpe på riktig moment, ikkje sjå gjennom
fingrane. Eg stoppar ho med fløyte går tilbake og hentar ho plasserar ho
på lina igjen, startar på nytt, rein terping.
Ein del symje turar har det også blitt, ho er ein svert god symjar og
symjar langt utan å nøle. Avlevringane er framme ståandes når ho kjem
frå vatn, alle andre er no "på plass" avleviringar med sitt. |
|
22.05.06 |
Litt enkel
dirigeringstrening, men vanskelig vist du ikkje trener riktig, det går
på lydigheit, og presisjon. |
|
21.05.06 |
Arwen har fått litt pause i
treninga si, det gjer berre godt. I dag trena vi i vatn, dobble og enkle
markeringar. Stille ikkje ein lyd medan ho ventar på å få gå i vatnet,
det er bra. |
|
12.05.06 |
Fellestrening i går..
Passiviteten var bra, ho var brukbart roleg. Fotgåinga var her IKKJE
bra, eg gjentok kommando fleire gonger, ho gjekk framom meg , åt gras
osv... Ho har løpetid, og eg veit ikkje heilt kor det virke inn på
henne. Momenta som blei brukt i går var litt i vanskeligaste laget for
henne, vi feila for mykje, og det er ikkje bra. |
|
02.05.06 |
Trening på fotgåing i
skogen, lange strekningar, og no vil eg ha ein perfekt fotgåing, så det
er målet med treninga i dag. |
|
01.05.06 |
Tre apporter på sjø i dag,
på sjø går ho fort ut i vannet, vi starta frå tre forskjellige utgangar,
dette er for at det ikkje skal være noko hindringar som hemmar henne, vi
skal trene på det meste. Det var det heile i dag.... bortsett frå
fotgåing det er eit viktig moment og skal trenast ofte. |
|
17.04.06 |
Snøkave i dag og... Felt i
dag. Tok 9 dymmy kasta i ein U dette gjer eg vanlegvis ikkje, men i dag
gjor eg det. Arwen sitter og ser, eg går ca 20 meter i frå ho og kastar
9 dymmy. Rundt oss er det ei 2 meter lang og ca 2 meter høg grøft på
alle kantar. No er det ikkje vitring frå meg i feltet så eg trur det er
litt vanskeligare enn normalt. Nei.... tempoet er upåklageleg og ho
løyser oppgåva kjapt. Etterpå var der programmering i dirigering. Det er
vanskelige moment eg køyrer på ho, men sikkert Arwen får ikkje så mykje
anledning til å feile. Og vi har alltid kasta ei markering under
dirigeringa som skal hentast inn før vi er ferdige. I dag var den godt
spikra etter vi hadde jobba ca 7-10 min med dirigering. |
|
15.04.06 |
Årets første sjø apport. 2
dymmy fekk Arwen apportere frå sjø, det var kaldt så det held med
2. Ho nøler ikkje, stor fart rett på dymmy, kastar seg i vatne med stor
iver, symjar godt som ho gjor i fjor. I tillegg trena vi dirigering, her
er det terp på detaljer, ho skal gå snorrett, og går ho ikkje snorrett
så må vi starte på nytt. ( Arwen er lydhør, går ho feil og eg stoppar
ho.. så stoppar ho) Og vi startar på nytt, snarveg påskrå tillet eg
ikkje, her skal vi være firkanta. Legg inn kantar i linja, eller
over veg, gjennom busk, prøver bruke litt fantasi for å få generalisere
dette. |
|
11.04.06 |
I dag har trena vi
dirigering igjen, Arwen er topp motivert til å jobbe. Lange rett
ut trena vi, stoppa på fløyte og i dag, lenger ut signalet er godt
befesta. Gjekk ein del fri ved fot, stoppar og berre venter, ser på
sjøen og fuglane som flyg. Dette med å være passiv går bra, det er noko
som eg vil prioritere og trene også når eg trenar åleine. Ho er heilt
still når vi trenar, og når vi stoppar for å sjå ut i lufta. |
|
06.04.06 |
Litt trening i dag. Felt
komprimert, masse dymmi i liten omkrets, dette er å trene på å springe
over dymmi, når ho har ein i munnen. Ikkje søke med dymmi i munnen men
rett heim, Arwen lokaliserar, men byter ikkje. I tillegg hadde vi
markering bak felte, den tok ho inn etter 4 felt dymmia, og så ut igjen
for å plukke inn 4 til. Rettut trena vi, eg kjører på med ca 100m vil
ha hund som går langt ut, ikkje problem med å stoppe ho, så det trena vi
ikkje. Snorrett skal ho gå, så gjer ho ikkje det så må ho nokk stoppe,
og starte på nytt ;-) dette litt av koden for å få til dette. Stopp er
på fløyte eg brukar ikkje nei i treninga, det er kunn i dei situasjonar
ho kan komme til å øydelegge for andre då bruker eg Nei !! vist eg må. |
|
03.04.06 |
Ei god ygt med trening i
dag. Vi var innom felt, markering og dirigeringstrening. Starta med
felt, sette Arwen i sitt, kasta ei markering bak feltet, la så ut 8
dymmi i felt, gjekk tilbake til Arwen, vi snudde mot markeringa og ho
hadde den spikra. Felte gjekk upåklagelig bra!! Bevega oss litt til ein
plass der vi trenar dirigering, her er det full rulle, eg prioriterar
linja, men vi hadde mange vanskelige moment, rett ut er ca 100m. Eg
brukte ein L, 3 stykkar på 75 -100m, 3stykker i andre enden av L her på
ca 40- 60 m. Vi starta med å kaste ei markering før eg la ut
dirigeringane. Eg kalla ho mot meg i det eg hadde lagt ut lengste
markeringane, sette ho i sitt på gjekk tilbake til stamplass, sende
ho på den fyrste på lenger ut signal. Når den var inne fekk ho hente
markeringa, så var det rett ut i den kortaste enden av L. Rett ut på den
lengste, så rett ut på den kortaste, og tilbake og rett ut på den
lengste, for til slutt hende det siste i den kortaste enden av L en. Vi
avslutta med ei dobbelmarkering, dei satt spikra begge to.
Konklusjon av denne treninga, Arwen er super Arwen!! Farta er like
stor ut som inn, og ho går rett ut, endå vi har fleire alternativ dymmia
ute, signala våre er med andre ord ganske faste ;-) Eg brukar, nesten
aldri fløyte, treng det ikkje, i dag sprang ho over dymmi på linja inn.
|
|
31.03.06 |
Under turen vår i dag blei
det ei linje, 4 dymmi, rett ut, den fyste som kom inn kasta eg som eg
markering bak. Arwen henta så 2 til frå linja, etter det fekk ho
hente markeringa, og tilslutt rett-ut på den som var igjen på linja, og
det var også den som var lengst ute. Alt perfekt.
Vi hadde mykje moro
med tennisball og leik i dag, prøvde oss på litt bilde, men fekk ikkje
noko blink der i dag nei.. venter på snøen skal forsvinne. Ta bilde er
vanskeligare enn å trene jakt.. men moro når vi treffer. |
|
30.03.06 |
Dirigeringstrening i dag,
super Arwen, fart.... rå og lydhør og går som ei kanon akkurat ditt ho
skal. Dette er eg sikker på henger samane med min trenings måte, ho er
sikker. Eg prioriterar linja ut den må sitte, og eg trenar ikkje blinde.
Stopp skal vere stoppmomentant, men her er eg måteholdig i treninga,
dette er moment som kan redusere farta vist vi trenar for mykje av det.
Eg varierte ein god del moment i dag, lenger ut, kom mot med stopp, og
gå rett vinkel til sides igjen. Det er ei glede å jobbe med Arwen, no
venter vi på mildvêr, slik vi får starte med trening i vann. Der er eg
meir usikker, vi har sikkert ein del jobb med vanndirigeringa før vi er
klar for AK. |
|
27.03.06 |
I skogen for å løyse
"innkallings problemet" vårt, Arwen har berre aldri fått prøvt dette her
før. Ho har ei super innkalling i alle andre situasjonar, berre ikkje
når eg har bedt ho sitte, då sitter ho trykt ;-) På appell innkalling
frå sitt har ho kanon tempo. Det skal ho ha frå sitt også når eg brukar
fløyte, det skal ny innlærast, reknar med at vi skal klare det. Vi er i
gang med treninga vertifall. |
|
26.03.06 |
Organisert jakttrening i
dag, med fokus på dirigering. "Min hund er for spontan var den
mangellappen ho fekk i dag". Rå fart ut, raskt opptak og rå fart inn.
Tempo til Arwen er eg stolt av, det må opplevast. Veldig god og
planlagt trening i dag, så takk til Jurjen.
Det var ei svært nyttig trening, eg fekk med meg ein del ting som
skal lærast inn "fort".. Eg erfarte nemleg det at Arwen sat fjellfast
sjølv om eg ropar bles i fløyta osv. Eg har ikkje trena på dette
momentet, ho er ung og ikkje alt er lært, eg går varsamt i døra... men
vi er påmeldt i AK så innkalling frå sitt må ho kunne. Ho er spikar fast
i underlage når eg har kommandert ho til å sitte ;-) Ikkje noko problem
med innkalling når ho er i arbeid eller.. fritt springandes. Eg hadde
altso eit innkallings problem i dag. |
|
16.03.06 |
Felt i dag. Arwen fekk
kommando "sitt" og eg la ut felt 8 dymmi, og 1 dirigerings apport bak
feltet. Feltet la eg kompakt i to område, oppe på stein og tett inn til
røter. All trening skal ha ein plan, og grunnen til at eg la feltet tett
er, at rett heim om ho vitrar "meir" skulle testast. Dette momentet
skall sitte fjellfast, aldri meir enn ein apport i munnen. ;-) Ho fekk
hente inn 2 feltapporter, ( ein i gongen) vi snudde og tok dirigerings
apporten. Til slutt fekk ho hente inn resten av feltet, og det i Arwens
vanlige store fart. |
|
15.03.06 |
I går kveld var det
fellesjakttrening. Vi starta med felles sitt, under denne øvinga kom det
ein skottserie frå skytebanna, Arwen satt fjellfast. Det vart vente
trening på oss, når det er godt oppmøte på trening, blir det derfor
passivtrening, og det er det mest nødvendige momentet for oss, den biten
klarte ho bra.
Arwen har super fart i alle moment, gode avlevringar, eg har
omskolert ho til at ho setter seg på sida i staden for framme, kvifor
kan i grunngi vist nokon lurar, men ikkje her. Fot gåinga var bra i
går. Eg er godt nøgd med trening. |
|
13.03.06 |
Nydeleg ver her no, vi har
hatt vår faste time i skogen.. To - ti min går av og til til trening, og
det blei det i dag også. To dymmi hadde vi med, desse200 grams dymmiane
er fine og ha i lomma. Vi jobbar med avansert dirigeringsmoment, dette
med å ha mage val, og likevel ta det som eg vil ho skal ta. Måtte vente
før eg bestemmer kva som skal hentast først, dette er eit momentet som
kan framskaffe lyd, men eg har det ikkje. Det er faktisk det aller
viktigaste, har vi lyd, så får vi ingen god premie. ;-) og det vil vi
ha. |
|
11.03.06 |
Hadde med hjelp i dag, og vi
fekk ei vellukka jakttrening. 10 apporteringar blei utført med
stil, og det var mykje innretta mot dirigering og lydigheit, markering
blei kasta før utsending. Kasta også markering når ho var på veg heim.
Ei dobbel markering fekk ho også. Vi kjører berre ein av kvar øving.
Alle moment satt spikra, og ho reagerar momentant på stopp signal, i
svert stor fart, eg blåser av kunn når ho har stor fart, dette får å
unngå ho ventar på å bli stoppa. |
|
09.03.06 |
|