Rally født 10.06.11.   August- september >>>  
29.02.2012      november desember og januar..
 
 
29.02.12
I går var eg i Ørsta til fysikalskbehandling  og eg er så heldig og ha kjekke kvalpekjøparar i Ørsta ;) det blei både kaffi og mat, tusen takk Nina ;) ÅÅ eg fekk ta bilde av fine Raisa, det er hund med både vett og musklar eg seier ikkje meir.. dei som vil sjå bilda klikk inn på fotosida å sjå bilde av Raisa.

Eg hadde med Rally og for eit emne eg har, generalisering er ting for  henne, jau vi utfordra og eg kan smile, planke planke, på den biten i Ørsta. Rett ut av bilen, snuse litt på søstera i "band" og over i sitt, Raisa som tilskodar ganske tett på.
Jobben eg gav Rally var sitt og eg gjekk nokre få meter og kasta ein dummy bak ein vedahaug, tilbake til Rally sikta henne inn og trykte av ;) eller sakt med riktige ord..sende henne ut etter markeringa, etter boka.

I dag har ho hatt trening i å ligge i bilen i nærområdet, jau det fungerar, eit par tre markeringar har ho fått og det på nye plassar for henne ;) det går riktig veg. I kveld planlegg eg litt lineføringstrening med henne og fram med pølser og klikk, Rally kan glede seg på mange gode godbitar.
 
26.02.12
Raxo var innom i dag for litt trening av ring i lag med Anne Lene og Rally, Raxo og Rally skal på kvalpeshow neste søndag, og då må det trenast litt på tannvisning og litt ta på trening pluss springe litt i ring... siste frist no for kvalpeshow ;)
Vi tok også litt bilde av Raxo, nå var det komet litt snø i natt så det var ikkje det beste forhold for bilde, men skitt Raxo er flott og blir berre flottare etter kvart som han veks til, sjå bilde her>>>>>
 
25.02.12
Rally og Arwen har hatt tur i skogen i lag med meg, Rally er fartsfull og det går unna i stort tempo med henne. Det er viktig med tur også ikkje berre alvor og trening, vi var heldig med været og fekk tur i mellom snøbyene;) Det minkar på snøen i skogen også og det blir fort bare flekker som det er mulig å nytte til trening.
Eg kjem nok til å prioritere Rally og legg dei to andre på hylla ei stund, ungehundar må prioriterast det har ein igjen for, men eg er litt usikker på kor mykje eg skal lære i frå meg ;) til Rally.  Håper å komme med på eit par kurs i år med henne slik eg kan få litt innputt i frå andre enn meg sjølv ;)
Elles så blir ho lita og snerta har ikkje nådd igjen sin mamma i storleik og Arwen er heller ikkje av det store slaget. Om ei veke skal vi på kvalpeshow, vi må derfor trene litt på å stå pent, tannvisning og at dommar skal kjenne på henne her og der.. springe litt rundt i ring må vi også trene på, det skal vi gjere i morgon, håper på bra ver og at det ikkje snøvêr i natt.

Elles så skal Rally ikkje stillast på utstilling før eg kan stille i "bruksklassa etter vi har vore på jaktprøve", ho treng tid på å utvikle seg, med Arwen tok det fleire år før ho starta å bli "fin " slik til utstilling ;) men som hund for meg har ho alltid vore fin !!  Flatter er vanleg vis seine før dei er ferdig for utstilling og treng litt tid på utviklinga ;) men det blir;))
Eg har forresten lagt ut litt bilde frå Sandsøyturen vår på fotosida, berre å klikke inn for å myse..
 
24.02.12
Tuppa trena litt i går, det vil sei eg trenar nok litt kvar dag, men ikkje apportering/jaktlydighet kvar dag!
Trene litt må ein kvar dag og det kan være noko så elementært som innsitt ved foring ;)) alt hjelper på og det tar ikkje tid, men stor gevinst. I går trena eg meg på føring igjen, og det er å lese hund og etablere gode vanar og eit kjent mønster for Rally. Vi er på rett veg og det blir bra, ho fekk eit par markeringar elles var det føring treninga gjekk gjekk ut på, eg skundar meg sakte.
I dag måtte ho være igjen heime medan eg drog i veg og trena dei vakse hundane, Anne Lene sa Rally var rar ho var formeleg glad for å være heime åleine !! jippi slik skal det være. Momentet være heime, ja når dei andre er med på tur/trening :)
 
20.02.12
Det blei faktisk litt trening på handling av hund i dag også på meg.. Dette med vanar og faste prosedyrar synast eg er viktige å få etablert tidleg, slurv på handlinga kan være avgjerandes i ein stressa situasjon, korleis eg føre hund.

Vi hadde litt hjelp i dag og derfor utfordra eg Rally med to alternativ, to apporter og begge skulle inn, føring utan koppel i alle kast og utleggingsmoment, null knall..
Rally jobba intens med nasa og gav ikkje opp sjølv om oppvinden var vanskeleg og markeringsevna henna er ikkje godt opparbeidt ennå ( dette er gjort med hensikt) vi held igjen på moro jobben. Det positive og det er veldig bra, ho hugsar godt at det er to ute, men ho held seg på den som ho blir sendt på til ho har funn! jau eit godt stykke talent er Rally jenta mi, og vi bygg stein på stein....
 
18.02.12
Trene, ja berre litt og på det vi skal bli god på.
Sitt i ro når eg peikar i retning, repetisjon.. to alternativ, ta det eg peikar på, når eg gir signal, slike enkle ting jobbar vi med, eg vil kalle det føring eller handling av hund.
Rally og Arwen blir som oftast med på tur i lag og eg har med litt av kvart i lomma, små dummy, tennisball osv, "godbitar og fløyte" så klart det følgjar meg alltid.

Arwen for alltid nokre lange rett ut inni mellom tre og krat, skog og bakkar, Rally er tilskodar eg har ho tett på meg og det går fint (i koppel), ho har ingen lyd eller stress adferd i slike situvasjonar.
Enkelte gangar er det ein ekstra til slutt til Rally ;) same avstand som mor si, og Rally går med større fart både ut og heim, ho spring i frå gamlemor Arwen. Rally for aldri hente først når eg har med to hundar, ho som minste mann må nok lære seg til å vente.

Sitt trening er viktig og eg går no ut av syne for å komme tilbake (sitt med skjult førar) ikkje lange stunda, men ut av syne.. rosa Rally med ryggen til henne, sitt skal befestast godt :) så godt at innkalling ikkje fungere frå sitt.. jau ..
Rally 8 mnd
Kvalitet over ein lav sko ;) Rally er rå.. kva? flott og fotogen jente ! og eg klare å feste henne på brikka.. slett ikkje verst det.
13.02.12
Heime igjen etter nokre dagar på Sandsøya med mamma og pappa, å så godt det er å være der ute! Eg fekk tatt nokre bilde og vil legge ein serie på fotosida mi litt etter litt.

Ja kva gjor vi der ute då.. vi kosa oss med tur og litt trening. Rally lære så fort, men det er hund med masse motor som ikkje må trimmast for tidleg. Eg testa nå litt og utfordra til grensa slik eg veit litt om korleis eg bør legge opp treninga.
Rally fekk nokre markeringa med skot, dette for eg ville sjå korleis ho agerte på skot, jau første markering med skot gjekk ho etter skotplassen før ho gjekk etter markeringa. ok ferdig med momentet ;) etter på direkte til markering.
Eg kasta også fleire dummy til same området og sende henne ut for henting, jau, her kunne det ha oppstått problem, men nei ho plukka ein og vende rett heim, og ho gjekk rett ut etter neste, nåja bra bruksblod finst det nok i Rally. Treninga mi var kun testing og eg vil ikkje bruke så vansklige moment på henne i dagleg trening, eg vil heller ikkje trene mykje, men små igjennom tenkte økter blir det.
Rally med fasandummy
8mnd på bilde, og her er det apport av fasandummy til ære for eit bilde;)
 
08.02.12
Rally har trenet markering i dag! og med kaster, ja det må no lærast det også, løyste oppaven bra og heilt utan at ho kokte eller anna unota ;) så flink så, men nytt moment for henne. Det vil sei eg har ikkje trenet markering med henne.. eg spare på "moro jobben" i det lengste, markering er skikkeleg artig for ein hund, derfor overdriv eg ikkje den treninga for tidleg.

Erfaring med vilt er også eit moment som må trenast no og då, Rally fekk litt erfaring med i dag, jau eg er nøgd med henna respons på viltet.
Eg pakkar inn due i strømper, ikkje på grunn av eg er redd ho ikkje plukkar, men på grunn av henna alder og apportering er ikkje befesta godt nok. Momentet blir då som ein dymmi, men med ekte vilt lukt og konsistens, eit større vilt fekk ho apportere originalt utan strømpe, supert arbeid. Rally hadde rolig munn, ingen nykker, rett heim til mor ;)
 
05.02.12
Det blei ein liten stopp i treninga igjen... eg blei litt utslått av influensa og det etter at ryggen hadde vore i ulage, liker ikkje, men eg blir alltid fort bra igjen;)) Det er fot-trening mi eg heng etter med og det er nå som viktig å få på plass. (plager meg litt det...)
I dag har vi leika litt i hagen med dummy og sitt, ein dummy bak og ein framme ;) hente den som blei først utlagd. Dette momentet med to dummy på bakken har eg ikkje gjort før, men vil nå venje henne til at det er eg som bestemmer rekkefølgje på kva ho skal plukke opp, meget kort økt blei det i dag, ikkje på grunn av feil, men på grunn av eg ville inn i varmen igjen til solbærtoddien fortast mulig.
 
02.02.12
Rally og Raxo hadde ei fin økt med trening i kveld, det er verkeleg kjekt å sjå korleis begge to klare å holde på fokus utan å la seg affisere av kvarandre. Det er tydeleg at slik trening hjelper på konsentrasjonen og vi etablere vanen "jobb sjølv om nokon er tett på". Jobb kan i dette tilfeller være "sitt" .
Sidan eg ikkje hadde trenet denne veka var eg ikkje komet lenger med fot/treninga mi, og eg hadde heller ikkje med bra nok godbitar, litt stryk til meg i dag.
Med Rally drar eg strikken seint... og skal ikkje etablere meir unotar enn eg treng, prioriteringa blir då fjellfast sitt, god leik, raske sitter på stopp, raskt inn på fot, småting og brikkar som blir plasert i spelet etterkvart.
Har vi ein fjellfast sitt, blir vi ikkje plaga av knalling og kan konsentrer oss om signalterping, som høgre og venstre bak, venstre- høgre og heim, masse moment som ikkje føre til stressadferd, og fine vinter øvingar.

Elles så er Rally kvikk til tusen ho går ikkje rundt grauten , men over ;) ei hindring er ingen hindring for spenstige Rally, står det noko i vegen går ho ikkje rundt, men flyg over ;) herleg.
 
29.01.12
Rally veks og er snart på høgde med Arwen og det vil sei at ho blir perfekt i størrelse etter min standar ;) yes! litt kortare ennå, men ho er langt frå ferdig utvikla, og søt er ho også..
Lett trena og lite trena, det heng litt samen og trene 5 til 10 minuttar for dag gjer susen og er nok.
Det eg MÅ jobbe med er frived fot, det og gå perfekt, ha raske og rette holtar er grunn øvinga i hundesport, det er faktisk det einase eg treng å terpe på, det andre er medfødt. ;)) må berre settast inn i mønsteret etter kvart som tida går og ein treng brikkane.
 
26.01.12
I går hadde Rally og eg tur i band trening, uff ja jobb har eg framom meg, men vi skal nok klare og få etablere bandvanar etter kvart. I dag har vi hatt åleine tid med tur i skogen, tideleg på dag, Rally kosar seg med alle duftene som ho kjem i kontakt med, hjort tråkk og hjortelort over alt ! mykje å stusse på for ei lita flatthjerne ;)

I kveld hadde vi trening for Ra-kvalpane og det var tre som møtte, vi kosar oss på trening i lag med hundane vår, og eg er så nøgd så langt med det er ser, kvalpekjøparane har gjort ein kjempejobb med kvalpane, rolige, stille og kvalpane har konsentrasjons evne ! så kjekt å oppservere.

Vi trena på sitt, felles sitt på rekke og i firkant sitt i hjørne som gjekk rundt, bra! Vi gjekk litt fot ein og ein tett på dei som var passive og det var utan line, så bra.
 
23.01.12
Den raskaste i klassa ;)
Rally har eg ikkje trena stopp med på ei tid, i dag tok eg å blåste stopp!! skulle vore filma, stoppen var raskare eller lynet i lufta og fast momentant stopp herlege Rally.
Litt fot, litt sitt og litt dekk trena eg i dag og vi skal trene litt kvar dag på slike enkle ting.
 
20.01.12
Rally er litt sånn full av inntrykk for tida, ho bur i lag med to tisper med løpetid, og det vil sei det har vorte innførd ein ny aktivitet..  Arwen er opptatt med å ri på Artemis, og ho har vore Rally sin leikevenn, no har Arwen bestemt at det er ho som skal styre aktiviteten..

Eg håper berre inderleg at ikkje ho blir påverka og kjem med løpetid nå, det er for tideleg ! ho bør vente til ho har passert året ;) men, men tisper kan påverke kvarandre og alt kan skje.
Arwen var 13 mnd før ho fekk si første løpetid, det var også Artemis også, eg håper derfor på at det går den vegen med Rally også, vi venter ikkje løpetid før ho er ca 13 mnd, så ser vi om vi for rett.

Rally ligg no laus om natta i lag med dei to andre, og det fungerar bra ho er still og tørr, hipp hurra ! det går den vegen eg innerst inne vist det gjekk, men likevel det er travelt med kvalp, trøsta er at voksen blir dei, og brikkane fell på plass, yes!

Fot- treninga vår er prioritert, og det er det viktigaste grunntrinna i all hundeaktivitet, hugs på det. Sitt er også ein fin ting og ha god kontroll på, og vi trenar litt no og då, som vil sei  to til tre minuttar for dag, ops ikkje samanhengande, men fleire sitt og litt fot trening til samen, og det skal ikkje så mykje meir til for å lære inn gode sitter og fin fotgåing.
Rally lære fort og ho har svert god konsentrasjonsevne, tydeleg det ho er av gode brukslinjer ;) nokon som ikkje er einig.. kjem det av det eller, sannleg om eg kan bevise det, men eg er godt nøgde med Rally sin respons på trening.
Rally snuppa
Brunegullet mit Rally ;)
Rally er ikkje så drilla på foto, men berre vent det blir litt etter litt ;) og vi som har Ra- kvalpar skal ta eit kvalpetreff der vi har fokus på bilde, knipse gulla vore, kanskje litt tips om hundefotografering kan dukke opp, kjekk hobby det også. Foto av hund er som å trene hund, ein må lese og fange i rett augeblink, bellønn riktig adferd etter knips, Arwen, Ra- kvalpane sin mamma elskar foto og ho kan gjere alt for kameraet. Ho tar det som ein jobb, (og Arwen har høg arbeidsmoral.)
 
15.01.12
Endeleg ein dag utan vind og vi kunne prøve oss på litt jaktlydighet som også faktisk er lydighet i gruppe. Eg vil sei dette handlar om å lære ei adferd som er grunnbefesta heime til å gjelde på andre stader også, og i nærleiken av andre hundar.
I jaktlydighet skal vi ha ro i kroppen og vi skal kunne jobbe side om side med makker hund utan å la seg distrahere av andre. Rally er ikkje komet så langt med fotgåinga og her har vi ein stor jobb framom oss, men eg tar no rev i segla og startar med jobben for fult.

Sitt er vi komet eit stykke på veg med og den øvinga blei testa litt i dag, Rally sitt nokså bra på sitt også i lag med andre og med andre tett på :) eg gir henne eit smil.
Det eg vil jobbe med er meg sjølv, og minne meg på at vi tar tid til hjelp og grunnfestar "godt". Unngå masse halvgjort som må relærast, eller blir til feil vi må slite med lenge, det skal eg prøve å unngå.

Roen er til stede i Rally, berre eg er roleg og i dag var det ikkje mykje stress på den jenta mi, og ho har ikkje vore i nærheita av slik trening før, eg kan glad konstatere at eg er 100% nøgd med henna respons på treninga.
 
tre på trening
Sitt trening og mor tar bilde, nåja det skal ein nå ikkje trene så mykje på, men her er vi Rally frå venstre, engelskmannen Ask i miten og til høgre Raxo.
 
14.01.12
Rally er verden herligaste hund ;) ho er, så snill, så rampete, så glad, og så god !  Sko og tepper går ned på høgkant, vedakassa blir regelmessig tømt, litt tiss her og litt der, når eg eller dei andre ikkje heilt klare å følge med.

Trøsta er at alt går seg til litt etter litt, Rally blir den perfekte hund for meg til slutt, fordi, ho er det allereie ;)
Rally har nesten slutta med å klatre opp på borda og rive ned, ho er nesten husrein, ho har flytta på gange og ligg i lag med Artemis og Arwen om natta, og der ho vill, oppe eller nede. No er det stilt til nokon står opp, når ho låg i bur eller på kjøkkenet blei eg vekt ca kl 5 eller 6 då ville ho stå opp ;) no står ho ikkje opp, det kan hende ho gjer då, men ho vekker ingen !

Trening  blir det lite av og det er ganske viljestyrt frå mi side, ho lære å være vill og gal, trygg og sikker. Leiker masse i lag med Artemis og blir sterk og smidig, Artemis elskar alle pinnar, ballar, kongar, og Rally elskar å terge Artemis, og stel alt Artemis vil ha og stikk. Artemis skal ha det igjen, Artemis spring ennå fortare enn Rally, men eg trur Rally er litt smidigare og raskare i vendingane:) Arwen står kun og ser på ! og synast det er tåpeleg aktivitet..
Inne er dei rolege, litt dragkamp med diverse bamsar, men det føregår i rolige former.( verdens beste venner)

Rally har også evna til å kople heilt av og går då gjerne opp på loftet eller ned i kjellaren for å sove heilt åleine.

Eg tar ei og anna økt inne med sitt, vent, dekk og fot, fot er nok den øvinga eg kjem til å jobbe mykje med, ein god fot er det beste ein lære i frå seg, også sitt til ny kommando giast er også svert vitige øving, ein ting eg ikkje lære i frå meg er innkalling frå sitt, ;) eg skal ha ein fast sitt og det blir derfor ikkje noko innkalling frå sitt medan eg held på med å få ein 99,5% sikker, fast sitt.
Litt rar eg som dei fleste veit, men skitt, likar ikkje dette tullet med at hund reisar seg og kjem før han skall, det vil eg ikkje ha.
Derimot innkalling fritt springandes, dette momentet bellønnar eg sterkt, og vi har fleire signal som blir besfeste, det er fløyta, det er Rally, det er kom, fot, og det er plystring.
For ikkje å gløyme er det funn på dummy osv, skal eg ha fullspiker heim, då helst tempo auke heilt heim og så klart utan at eg gir signal, dette er automat adferd.( mal, men det må jobbast etter mal!!)

Har hatt lit lite fotoånd i år, eg for skulde på styggeværet det har derfor ikkje blidt så mykje bilde, men skal skjerpe meg no når lyset kjem tilbake og forhåpentlig noko bra vær også.

Rally er nydeleg, og har ein flott farge ein topp pelskvalitet, herleg utrykk og flott hovud, lita og snerta ennå, litt mindre enn Arwen, men eg trur ho veks litt til og det blir perfekt, beinstamma hennar er kraftig nok, så det blir bra! Den 4 mars er det kvalpeshow og det skal vi delta på, det er også siste frist, sidan ho blir 9 mnd den 10 mars.
Det skal no blir spennandes å høyre kva dei sei dei som ikkje er så inhabil som eg;) hi hi
 
04.01.12
Det skjer ikkje så mykje her med oss vi ligg på lading "vertifall eg". Litt trening, men ikkje mykje og har tenkt at vi tar tida til hjelp eller skundar oss sakte.
Vi har har lite snø og har derfor tatt oss ein og anna tur i skogen for å springe litt tulling, bra for kropp og sjel. Elles leiker Artemis og Rally ein god del i hagen dei to har stor interesse for same trekjepp og derfor tvillingar, dei heng på kvarandre.
I skogen er det Arwen og Rally som for bli med, Artemis for masse trim med Hans Emil han held på å bygge henne opp i kondis og få henne i riktig vekt( supert og kjempe kjekt at han gjer det!) Artemis og Rally passer ikkje i lag i skogen, på grunn av dette med at Artemis er litt eigen og legg ut på lange turar med kjepp i munnen ;) den vil så klart Rally også ha, derfor passer det betre med Arwen som makker hund. Arwen har full kontroll på meg og kun det, legg ikkje ut på langtur ho utan at det er snakk om dummy henting;)slik vil eg ha Rally også og slik blir ho.
Eg går ein del med Rally åleine dette synast eg er svert viktig, der er nå når alt kjem til stykket eg som skal prege ho.

Rally veks fint og eg vil tru ho blir akkurat passe til vårt formål som brukshund. Stell går fint ho er på bord både ved klipp av klør, børsting og oversyn, flinke jente har ho blidt.
 
Rally fine jenta!
6,5 mnd
I denne posisjon kun for beskuelse, jau kvalpen veks til og snart 7 månadar.
 
Rally i posisjon
Det blir, og skal nok være i denne posisjon Rally bør holde seg i framtida, på fot !! Ho er som Arwen rask som lynet og er derfor lett og å få fyrt opp;) stor arbeidsglede!
 
18.12.11
Jula kjem nok her også snart ;) Vi har snø og det er rent vertifall sjølv om det ikkje er min favoritt når det gjelder veret ;) men men..
Det blir litt trening på Rally inne, og vi jobbar med inn på fot uten hjelp det er kjekt å kunne. Eg liker at hunden tenker og veit kva som forventast utan at eg gir så mykje signal ;)vi driv med tankeoverføring..
Høgre ut og venstre ut, jau kjekt dette å kunne gå bakover, vende bakut til høgre eller venstre er godvane og få etablert.
Roen er det som kjenne teiknar villspika mi ;) ho har sterkt fokus og ventar på signal, så kjem Rally inn.. fort som f :) Her har eg god hund og har eit snev av prestasjonsangst for eg ho til, ja sei det.

Håper på å få trent litt jaktlydighet ute no i vinter, eller la vi sei lydighet, eg skal bruke det både på LP bana og i skogen, det blir derfor perfeksjonering av både ditt og datt, + er når eg kallar det jaktlydighet, då ønskje eg (vil) eg ha gruppelydighet, felles sitt, felles gå på fot "linje" såå berre heng på ingen apportering berre rein lydighet.
Eg håper på å komme i gang på torsdagar etter nyttår, i romjula har eg planar om å få treent eit par økte !
Det vi har lært innom hus må snart ut for test !

Kloklipp oppe på bord går no som ein drøm også det å få sjå på tennar i øyra og på labbar ;) Rally har blidt stor og flink! Det er likevel viktigt i denne fasen å gjør slike ting ofte slik at ikkje det kjem "nykker" som vi ikkje ønskjer, Rally den villspika er blidt letthandterlig.
Dette med stell, skal ein hund finne seg i og aller helst like det i tillegg. Rally var den kvalpen som måtte holdast ved første veterinær besøk, dette var på grunn av at ho ville ikkje la seg undersøke, alle dei seks syskena hennar let seg villig handtere og undersøke, håper det er slik ennå ;)) hi hi. No er vertifall Rally rolig og trygg i slike situvasjonar.
 
godbitleiting
Godbit søk i snøen, ja effektivt og alltid like populært, Artemis, Rally og Arwen finn alle godbitane etter intens bruk av nasa.
 
13.12.11
Tida går, snø is, og elende... det verste eg veit er snø. Rally er den hunden som blir prioritert med meg nå, og trening føregår inne ser ein bort frå tur og lufting. Nåja litt stopp og innkalling med fløyte blir det nok ute;)
Ro og hold posisjon i sitt og dekk, vi har god kontroll på kommandoane her, og både dekk og sitt er utan hjelpekommando som "bli " bli er ein overflødig ord på dette stadie.
Merk dette er inne i gang eller stua ;)

Eg og Rally var på ein snartur til hundetrening i går kveld, og litt test på sitt gjor vi, jau eg er godt nøgde med vår progresjon sidan sist. Eg fekk fokus på meg og ikkje på det som skjedde rundt (hadde med pølse då;)men fokuset var på meg ikkje på pølsa ;) det vil sei augekontakt før forsterkning/bellønning. Dette med å bruke ein skikkeleg god godbit som Rally villig strekker seg etter er bra bruk av resursar.

Har jobba ein del med dette og få henne i utangans posisjon utan hjelpesignal og her er vi på rett veg, rask utgansposisjon før signalet blir besfesta.
Eg jobbar på det viset at eg rask flyttar meg alternativt frå henne og stoppar, eg forventar då ho kjem inn i utgansstilling, det er det eg ønske ho skal utan at eg hjelper på så mykje. ( brukar heler ingen signal) i det ho flyttar seg rakt og målretta inn på posisjon vil signalet bli smelt på litt etter litt. Arbeidslyst har ho og eg må berre passe meg vell for ikkje å gå for fort fram slik eg for for mykje forventningar i kroppen hennar.

Momentet høgre ut og venstre ut, jau det ligg også i trenings sortimentet vårt og her kan ein bruke det ein har matskål med godbit eller berre godbit på gulvet, ball, dummy osv. Rally sitt fast og ser på handa mi om det er noko bevegeles der oppe ;), det er ein kombinasjon av handbevegeles og ordet ut ho skal vende høgre eller venstre på, lett lærd, rask og lydig er rett orda på frøken Rally ;)
 
27.11.11
No har vi faktisk passert ein minepel, i går stelte eg Rally, kloklipp, børsting, klipp med "maskin og saks" blei utført oppe på bord, Rally har blidt stellbar, yes yes!!
Eg fekk til å med sjå på tenna tennar når ho stod oppe på bord, bitte ser perfekt ut, dette hadde eg aldri trudd kunne være mulig å få til, for ca 14 dagar sidan, var ho nemleg heilt rabiat ved undersøking av øyre og når eg skulle sjå på bitte hennar, osv.
(Ps. kloklippen har gått flott heile tida, vell å merke når eg har hatt ho på fange som når ho var lita, men kun då ;) )

Den gullerot farga panneluggen er snart borte og ho er blidt heilbrun på hovudet ;) fin jente. Heilbrun og perfekte tenner, det er ein fin start. Id- korte kom dettandes ned i postkassa denne veka, det er lurt å legge det ved vaksineringskorte slik ein veit kvar det er i tilfelle ein skulle finne på å reise på utstilling el.

Treninga føregår på kjøkkenet ennå.. Fot, sitt og tenker vi jaktlydighet så er dette dei aller viktigaste øvingane ho skal meistre. Sitt generalisere eg på kort avstand, det vil sei ho sitt still både når eg går frå, til side, bak, eller går inn på fot, for augekontakt, kaster godbit på golvet ho sitt tar augekontakt og Rally for versugod, det blir bra ;) Rally liker å trene og lære fort , derfor skundar eg meg sakte, det beste er å ikkje lære inn uvanar, derfor drar eg strikken sakte..

Eg skal gjere det same med dekk, då dekk er ein LP øving og Rally skal også gå LP, men eg stressar ikkje med dette, har ein hund som "Arwen og Rally" er dei villige til å lære heile livet ut, det er derfor viktig og lære inn og ikkje gå for avlæringsvarianten;)

I dekk momentet skal eg også bruke "bli", når momentet er bra befesta, "bli" brukar eg ikkje i jakttrening, "bli" er ein kommando som skal brukast når eg er ute av syne, eller eg veit 100% at eg skal tilbake til hund, (som på ei LP-prøve). "Bli" er ein tillegskommando som eigentleg er overflødig, men eg har likevel mine klare meiningar om når eg skal evt bruke det.

Daglege ord for bli er "vent", sakt med andre enkle ord er "Bli"  frys i den posisjon du er i no.. Vent er så enkel som orde seier vent her, det kan brukast når eg må sleppe ned koppel, ha på kle, sko, går for å hente noko el. I slike situasjonar er bli for meg eit uenga signal då bli tyder frys til mor kjem igjen.

I dag er her snø og Rally fekk oppleve sit først kvite underlag, var litt avventandes før det small laust med runde etter runde og Rally var oppe i skyene av springeglede. Rally har stor glede av berre å springe og springe, det er bra eigenskap. Snø er snø her på sunnmøre, det er nok like fort borte som den kom, håper vi er tilbake på den type vinter ;) den passer oss best og er mykje betre enn langekalde vintrar med mykje snø og lite trening.
 
24.11.11
Skrivetørke;) Det har vore så mykje finevêr at eg har ikkje nytta daten så mykje at eg har tatt meg tid til å skrive ! Liv er det i oss, Rally har vore med i bilen på trening eit par gangar, men eg trenar henne ikkje, ho for springe litt fritt i pausane og tigge smula frå nista som vi puttar innpå, trenar ein hund så må ein også ha mat !
Ho ruslar rundt og oppserverar, tar ei runde å slår på nasa vitra litt hit og ditt, eg passer meg vell på å ikkje mase på henne ho må passe på, gir eg noko teikn til henne så er det i ein situasjon eg veit ho lystrar.
Eg trenar henne litt inne og det går då i fot, sitt, ja  eller ut.. ho e flink !!
I dag har Eg, Arwen og Rally vore på tur opp på heiane og det går unna, Arwen spring full rulle og Rally prøver fange henne ;) trim blir det på dei to, Anne Lene sa i dag at Rally såg ut som ei mini Arwen ho har fått masse musklar og er fast i fisken.

I tillegg er Rally som sin mor, stel alt som kan stelast, vi er no inne i ei travel tid igjen, mat..ho klatre og er den raskaste hunden som finnes. Rally er berre herlig sjølv om ho finn på mykje rart og er i ein travel alder ho er berre topp!  Ps. mor Arwen stel ikkje sakser, knivar og andre nyttige og unyttige ting no, men ho gjor det som kvalp ! Arwen slutta faktisk med det og eg rekne derfor med at det er håp for Rally også.

Øra til Rally er bra igjen, men ho skulle ha medisin i 14 dagar så ho må få medisin til måndag igjen, Artemis har fått regel om å ikkje jakte på Rally og slå henne i bakken, bite henne i øyra, ho har derfor måtte gått tur åleine eller i lag med Arwen.
Jage Rally for Artemis ikkje lov til eg er litt nervøs for at det kan oppstå skade, derfor.

Rally var til å begynne med steike umulig å få gidt dråpar i øre, ho måtte holdast og ein som dropla øyra, dette gjekk ikkje og eg gjor det klinkane klart for henne at ho måtte finne seg i dette og ho skjønte det, no er ho 100% rolig når eg gir dråpane, det handle om å være litt myndig og litt bestemt ho skjønner det.
Alt er såleis bra her og i normalt gjenge..
 
16.11.11
Tur på heiane med Rally og det var eg og ho åleine;) Eg må bruke litt tid på henne utan at Arwen og Artemis er med. Rally er ikkje så langt unna meg og ho held kontroll på kvar eg er. Dette har ho berre måtte lære seg, ho er nemlig ei type som ikkje berre kjem når eg roper, derfor må ho lære å passe på meg, vist eg skal gå å passe på henne blir ho endå meir "ulydig" eller ho trur eg passer på henne heile tida og vil ikkje lystre på grunn av at mor er er der å masser" passer på" oppfatta ho det som;)
Vi hadde ein fin tur og eg la inn litt trening, det som ho synast er moro er stopp trening;) og det med å sitt/stoppe på fløyte må ho kunne og vi jobbar i små bolkar med det.
I kveld var vi ein tur på hundetrening og då trena eg henne litt i gå fint i band, nja dette er nok det vanskligaste eg skal lære ein kvalp, men det er nødvendig og kjekt er det å kunne gå i band.
På kjøkkenet har vi trena "fot" eg har brukt fot kommando for først gang i dag, såå det blir nok før eller seinare skikk på Rally også!
 
15.11.11
Rally er bilhund, kjøre og ligg i bil kvar dag ! Søndag var det dag for kvalpetreff og Rally og gjengen er blidt 5 månadar. Vi var 4 på treff, Rally, Eros, Raxo og Raisa, kjekke gjeng, som alle er like store!! tenk det, snakk om gjevne kvalpar Arwen har fått. Litt info om treffet finn dere her>>>
Rally var 18,5 kg i går då var vi ein tur til veterinær på grunn av ei rød øyre, øyra hadde eit sår som utvikla seg svert raskt til ein rød betenlse og vi måtte ha medesin.

I går var Rally med på hundetrening heilt åleine eg må ta tak i den kvalpen og få starte opplæringa av både ditt og datt, mest det å gå i band for det kan ho ikkje, ingen unnskyldning eg må ta fatt på den jobben no!
Skal "må" prioritere  opplæring av henne no framover då tenke eg på sitt, sitt lenger, dekk, gå på fot og ikkje minst gå i band.
 
09.11.11
Rally har hatt fleire økter med bilsoving denne veka og det går bra, ho er rolig og har ikkje pådratt seg noko form for forventning ennå.. Ho for ut og lufte seg springe litt fritt eller trene kontakt og sitt.
Ho har også vore på skogstur og då er det skikkeleg med trim og springing det storkosar ho seg med, enten heilt åleine eller i lag med enten Arwen eller Artemis aldri alle tre ennå, det kan bli for hardt for henne. (eller meg som må passe på tre i ein gang) hi hi, det er då lettare og ha kontroll på to enn på tre.
Heime er Rally roleg og lager lite styr og eg som trudde eg hadde valt ein så vill kvalp;) kor feil kan ein ta! det kan hende det heng litt på kva eg er vant til også ;) eg er vant til at kvalp er kvalp og då blir det liksom naturleg og legge forholda til rette for det. og styre blir mindre.
Har vore litt slapp med innetreninga vår også og eg står nok på stedevil, både på det eine og det andre. Det har vore meir prioritering av dei vaksne hundane på grunn av dette fine været som vi har og då blir det på vent med Rally, det er sikkert bra også.
Ho veks vertifall og er både kraftig å tung og ikkje minst har ho fin farge;) ho veks snart i frå mor si og det skal ikkje så mykje til for å klare det:)
I dag fekk ho kose seg med litt balleik oppe på heiane medan eg tok litt bilde av henne og Arwen, ball skal være moro og det går ho ofte og bær på heime også og eg har eit avslappa forhold til den.
 
Rally med rosa apport
I dag va kammera med på tur og det var også den rosa dummyen ;) Eg tok berre eit bilde og vi hadde kun ein apportering, dette tar eg så alvorleg at det er ikkje rom for slurv, kammera hamna på bakken og dummyen i hand ! yes yes !
 
06.11.11
 
Vi har i helga besøk av Eros( Rambo) det er noko slikt som cupfinale og folka til Eros er i Oslo, gratulere med seiaren!
Eros er ein kjekk kar, men er litt mammadalt og må ha meg tett på, han veldig snill og har det gode retriever lynne som ein flat skal ha. Han er tjapp på innkalling og sia han var her så måtte eg no prøve hann på ein dummy ;) ja sjå under...

Det første han måtte lære var å gå trappa, Eros lærte fort det med trappa og går no bra både opp og ned. Han har fått leika ein god del med Rally ute i hagen, men i dag var det liksom nok han ville grave i plenen og ho ville ligge til kviling og gadd ikkje springe i lag med han lenger. Dei har heller ikkje leikeslåst synast det er ein vanleg aktivitet på kvalpar, men disse har ikkje sansen for det ;)

Inne er det tvangspasifisering, der er det ikkje lov og springe etter kvarande, det blir derfor bur, grind på kjøkken eller i koppel som her på lofte ved dataen min, Eros må være nær meg elles så er det fole til lyd på han.
Lyd vil vi ikkje ha og eg tolerer ikkje det, unngår det ved å la han då få være der eg er då kjem det ikkje lyd og han får heller verken positiv eller negativ tilbakemelding på ting som ikkje oppstår ;))
Rally er heilt lydfri både inne og ute, men ho lager eit fole til styr med bjeff, lyd morgonen når ho vil ut på do, det er då er det lov for ein kvalp hund å varsku i frå at eg vil på do!
Eros er også lydfri når eg er i nærheita og søv godt om natta i bur tett på senga mi;) koseleg snill fin liten gut. Arwen er litt streng med han(av og til) då respekterar han det, men Arwen er sånn litt små leiken sjølv og svarar fort på all invitasjon til leik.. Artemis derimot synast det var for mykje styr og melde seg ut og flytta ut i yste gangen der har ho tilbrakt mesteparten av helga i fred og mak.
Det var kjemekjekt å bli kjent på nytt med Eros, det er Rally sin bror og derfor er eg nyskjerring på det meste.
Full fokus på dummy som eg har "kasta" , rett ut på med nasa så funn og rett heim ;) så bra PS. dette var test og guten fekk kun to kast og begge to var 100% etter min smak.
Og momentet gjor han med Arwen sittene tett på og Rally tjora i eit tre også rett på, det er guten sin det!
 
Eros
Eros på veg heim med dummy ;) avlevering i var i hand! og det etter fem minuttar trening på kjøkkenet !! ! slå den han har talent!
 
Tur med Eros Rally og Arwen
På lufting med Arwen, Rally og Eros, den beste trim for vi på myra både folk og dyr;)
 
04.11.11
I dag har vi tatt livet med ro, verken vore på tur eller trening det må til det også. Ein retriever må kunne kule ned og sitte på vent av og til så litt variabel aktivitet er bra for alle.
Alle tre var ei lita stund i hundegarden, tempen er så pass høg ute at det går fint, Rally er rolig og still når ho står der til "oppbevaring" elles så er hundane lite der.
No i helga er sikkert halv sunnmøre i Oslo på cupfinalekamp og i det høve er  Eros ( Rambo)komet til oss og skal være her i helga, ja han er ganske gira på hundane våre og må nok både i bur og koppel for at dei skal få litt fred, men det går seg nok til.
Eros var nok litt mindre enn Rally og ein god del lettare i kroppen, men han hadde godt kjønnspreg så vi ser at det er ein hannhund. Skal sjå om eg ikkje klare å få tatt litt bilde av han når han er her.
Eros og Rally har rasa litt i hagen og det går unna, dei for lov, men dei vaksen for ikkje lov dette på grunn av eg er livenedredd det skal oppstå skade på kvalpane.
 
 
03.11.11
Rally og eg med kvalitetstid på tur åleine utan dei svarte;) Dette med å bruke litt åleinetid til tur på kvalpar må til, det er eg som pregar Rally ikkje dei to andre.
Maken til ver som vi hadde i dag, ja det kan vare til jul som plaster på såret for mangel på sommar! Vi var oppe på heiane på tur og eit slik november ver kan eg ikkje huske vi har hatt på lenge.. eller  aldri før ;) og eg hadde ikkje med kamera:( typisk meg..
Lang tur i ulentterreng gjer susen for kvalpar, Rally raser mange gangar lenger enn det eg går og det er ikkje påtvungent for di ho er utan koppel. Lang tur etter asfalt er ikkje tilrådeleg, dette er noko heilt anna ;) frires i skogen er nyttig for kropp og skjel.

Rally fekk faktisk lov til å apportere heile to gangar på turen ! ja- tja, det fungerte det.
I tillegg blei det ballleik og litt stopp trening, det skal være skikkeleg moro å trene, dette skal Rally erfare. Vi har trena litt stopp eller sitt på fløyte i hagen tidlegar og på kjøkkenet har vi trena sitt på fløyte.
Av og til må ein også ta steget lenger ut, stopp er eit viktig moment det, målet brå stopp.
Rally veks fint og er no 18-19 kg kg ;)
01.11.11 valldal tur
Eg og Rally i Valldal, Rally fekk vere ute i pausane, når dei vaksne jobba sov ho i bilen.
 
02.11.11
Rally drar eg på både hit og ditt;) ho for vere med og oppleve miljø både når eg er på reisefot og når eg trenar hund. Rally for som oftast litt ut for å snuse på miljøet rundt omkring og gjer seg trygg. Vi trenar litt sitt og sitt lenger, har prøvd ut å testa om sitt fungerar i diverse miljø ;) Er ikkje heilt fast på den ennå nei, men strikken er tatt i bruk.
Rally er ganske rolig type og eg opplever henne som ein godt sansa kvalp med ro i kroppen. I går var ho i Valldal, eller med meg på trening, i pausane og før vi starta å trene fekk ho sulle rundt og oppservere, rolig og tilfreds har eg inntrykk av. Tida i bilen brukar ho til å sove :) Det same i dag, litt ut i skogen for å gjere seg kjent, trene litt på sitt og sove i bilen medan eg trenar Artemis, jau det fungerar ennå. I kveld var det hundetrening vi tok oss ein tur og trena litt kontakt og sitt. Medan Arwen trent lydighet sov Rally, ho krølla seg saman i buret og sovna ! perfekt.
Når det gjeld lydighet skulla eg eller eg kunna trena henne mykje meir, for grunnleggandes lydighet kjem godt med og kvalpar er lette å forme i denne alderen. Når det er nemnt så er kontakttrening det aller viktigaste og er det på plass så er det ei kurant sak å legg inn diverse moment i treninga. DERFOR kontakttrening er det aller viktigaste.
Heime på plenen skjer det litt av kvart... måndag var her ein flott hannflat, som fekk stussa litt på ører og hale, vi nytta denne karen i til å være statist medan Rally utførde sitt og sitt litt lenger i tillegg fekk ho hente anda si etter eg hadde lagt den ut, yes yes, rett ut og rett heim med avlevering i hand, det er jenta si det.

Fot- trening har vi vore slappe med, enn så lenge trenar vi det momentet kun i gangen, dette på grunn av eg har vegg som hjelpemiddel og for da rask læring når posisjonen er korrekt og eg for belønne rikeleg. Er litt lat eg då...